MØTEINNKALLING Tysnes kommune Utval : ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 27.01.2014 Tid : 11:00 SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 1/14 14/42 ÅRSRAPPORT OVER VERNE- OG MILJØARBEIDET FOR 2013 PS 2/14 14/54 PROSJEKTPLAN - SJUKEFRÅVÆR - LEIAROPPLÆRING - LIVSFASEPOLITIKK PS 3/14 12/351 REFERAT, SKRIV OG MELDINGAR PS 4/14 13/281 U Ofl 13 AVVIKSMELDINGAR Drøftingssaknummer: 1. RAPPORT TYSNES SJUKEHEIM 2. TYSNES SKULE YMSE Tysnes rådmannskontor, 23. januar 2014 Steinar Dalland rådmann Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 53 43 70 00 5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks: 53 43 70 11
SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune ÅRSRAPPORT OVER VERNE- OG MILJØARBEIDET FOR 2013 Sakshandsamar: Lars Trane Arkivsak : Arkivkode: 14/42 030 - Vedlegg: 1. Årsrapport over verne- og miljarbeidet, Arbeidsmiljøutvalet 2014 SAKSUTGREIING: Arbeidsmiljøutvalet skal kvart år laga rapport om si verksemd, jf. arbeidsmiljølova 7-2, nr. 6. Arbeidstilsynet har gjeve ut ein oversikt over kva rapporten bør innehalda, men kvar enkelt verksemd står fritt til å avgjera korleis rapporten skal verta utarbeidd. Me har såleis høve til å skreddarsy årsrapporten slik me føler det høver best for vår verksemd. Rapporten skal sendast til verksemda sitt styrande organ, arbeidstakarorganisasjonane og oppbevarast i verksemda og vera tilgjengeleg for Arbeidstilsynet dersom dei ønskjer det. Eit systematisk HMT arbeid er viktig for å få eit godt og helsefremjande arbeidsmiljø. Årsrapporten over verne- og miljøarbeidet er ein del av eit slikt arbeid. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Arbeidsmiljøutvalet vedtek årsrapporten for verne- og miljøarbeidet for 2013 slik han ligg føre.
SAKSPROTOKOLL HANDSAMING I ARBEIDSMILJØUTVALET 27.01.2014: Fleire i arbeidsmiljøutvalet reagerte på det høge talet på avviksmeldingar som var kommen inn i løpet av 2013. Dette er eit teikn på at rutinane med avviksmeldingar fugerer ute hjå avdelingane. Det kom også eit spørsmål frå arbeidsmiljøutvalet om det var for mange avviksmeldingar, og at dei tilsette skriv avvik på hendingar som ikkje var å rekna som avvik. Personalrådgjevar informerte om at ein hadde sett ned ei gruppe som såg på organiseringa av PU, og korleis ein kan betra arbeidsforholda her. Ein auke av ressursar innanfor området er ikkje aktuelt no. Om lag 90 % av avvika kjem frå to av desse avdelingane. Fagforbundet kommenterte at ein på landbruk- og teknisk etat p.t. manglar verneombod. Dette vert følgt opp i 2014. I rapporten bør likevel Svein Bjørn Høviskeland førast opp som verneombod. VEDTAK I ARBEIDSMILJØUTVALET 27.01.2014: Arbeidsmiljøutvalet vedtek årsrapporten for verne- og miljøarbeidet for 2013 slik han ligg føre.
SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune PROSJEKTPLAN SJUKEFRÅVÆR - LEIAROPPLÆRING - LIVSFASEPOLITIKK Sakshandsamar: Lars Trane Arkivsak : Arkivkode: 14/54 040 - SAKSUTGREIING: Tysnes kommune vedtok hausten 2012 eit prosjekt for å redusere sjukefråværet. Dette vart utsett til hausten 2013 grunna ressurs og bemanningsstoda i administrasjonen. Tysnes kommune er ein IA verksemd, og har difor tilgong til særskilte verkemiddel. Nav Aarbeidslivssenter er ein viktig aktør i arbeidet, både som prosessrettleiar og som tilskotsgjevar. Hausten 2013 tok ein saman med Nav arbeidslivssenter til på ein prosess der målet er å driva målretta leiaropplæring innanfor nokre nødvendige tema. Saman med denne leiaropplæringa skal ein også ha opplæring i livsfasepolitikk, og sjå på kva rutinar Tysnes kommune skal utvikla på dette området Målsetnad: Prosjektet har som mål å auka trivnad, redusera sjukefråværet samt auka kompetanse hjå leiarar og tilsette i kommunen. Dette kan gjerast ved å kartleggja manglar og behov innafor desse tre tema. Gjennom dialog med den einskilde arbeidsplass, samt ei kartleggjing av kva behov dei tilsette tidlegare har uttrykt kan ein spissa opplæringa mot dei ein mest har behov for i vår kommune. Ved å utarbeida ein handlingsplan kan ein setja inn tiltak, samt utarbeida tenlege rutinar mot kartlagde årsakar. Desse tiltaka må verta nedfelt i kommunen sine rutinar, m.a i sjukefråværsoppfølging. Ein reduksjon i sjukefråvær skal vere langsiktig. Ein har videre eit mål om ein heilskapeleg leiarutvikling som skal tydeliggjera forventningar og ansvar for kommunale leiarar. Denne opplæringa skal vera delt opp i ulike emne. Livsfasepolitikk går inn i desse ulike emna. Når planen vert implementert hjå dei tilsette i kommunen vil ein sjå resultat innanfor desse tema.
Prosjekteigar: Arbeidsmiljøutvalet eig prosjektet. Styringsgruppe: Rådmann Steinar Dalland, helse- og sosialsjef Hildur Heie, HVO Yngve Nikolaisen, leiar for Fagforbundet May Britt Aa Skaten og personalrådgjevar Lars Trane Arbeidsgrupper: Denne skal stå for kartleggjing og systematisering av data frå dei ulike avdelingar. Desse skal også følgja opp kursrekka ved tilbakemelding og drøftingar undervegs. (Arbeidsgruppa for dei ulike avd er ansvarlig for framlegg til endringer som vedkjem dei sjølve. Vidareføring av forslag fra desse vert ivareteke av leiarane) Opplegg: Sjølve opplegget vert emnebasert ut ifrå dei innspel som leiarane, dei tilsette, vernetenesta og dei tillitsvalgte har kome med. Her vil ein bruka resultat frå tidlegare undersøkingar samt hente inn nye data der det er naudsynt. Nokre av desse tema kan vera: Sjukefråværsoppfølging, håndtering av personalreglement knytt til permisjonar, medarbeidersamtaler, HMT plan, arbeidsmiljø, avvikshåndtering, psykisk helse, kommunikasjon, medarbeiderundersøking og omstilling. Ein ser føre seg eit opplegg der Nav arbeidslivsseter står for mykje av opplæringa, men der kommunen sjølv bidrar innan nokre av områda. Økonomi: Ein vil søkja tilskot frå Nav. Ein har i budsjettet lagt opp til at det skal leigast inn vikar for dei som er deltek på kurset. Tidsramme/oppstart: Ein ser føre seg oppstart i løpet av mars 2014, og med avslutning innan utgongen av 2014. Evaluering: Evaluering i ettertid skal kommune sjølv stå for med råd og rettleiing frå Nav arbeidslivssenter (Prosjektet starter denne dato, og skal følgast opp gjennom 4 årlige møter i AMU). Neste fase: Etter at prosjektplan er presentert i arbeidsmiljøutvalet skal det lagest ein handlingsplan for det vidare arbeidet. Denne vil være detaljert i høve korleis ein skal gjennomføra desse kursa, kven som skal gjera det, kva tid ein skal gjera det og korleis ein undervegs skal evaluere dette arbeidet. Ein vil også vurdera på kva måte ein kan henta inn eller nytta eksisterande data frå dei ulike avdelingane for å bruke i opplæringa. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:
Prosjektplan for sjukefråvær/leiaropplæring og livsfasepolitikk vert teken til orientering. Handlingsplanen vert å leggja fram for arbeidsmiljøutvalet så snart den ligg føre.
SAKSPROTOKOLL VEDTAK I ARBEIDSMILJØUTVALET 27.01.2014: Prosjektplan for sjukefråvær/leiaropplæring og livsfasepolitikk vert teken til orientering. Handlingsplanen vert å leggja fram for arbeidsmiljøutvalet så snart den ligg føre.
SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune REFERAT, SKRIV OG MELDINGAR Sakshandsamar: Lars Trane Arkivsak : Arkivkode: 12/351 020 - SAKSUTGREIING: INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:
Unntatt offentligheten
Tom side