Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: Fjell rådhus, Komitesalen Dato: 10.11.2014 Tid: 15:00



Like dokumenter
Handlingsprogram for Fjell kommune Utkast til politisk drøfting: Panoramakonferansen 2015

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2015/ /2016 Sakshandsamar: Lena Svalastog Garnes Dato: SAKSDOKUMENT

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Planstrategi for Ullensvang herad

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Oversyn over økonomiplanperioden

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Kommunedelplan for oppvekst

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Saksframlegg Valle kommune

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Radøy kommune Saksframlegg

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

HARAM KOMMUNE Sakspapir

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Radøy kommune Saksframlegg

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

Skodje kommune Teknisk avdeling

Skodje kommune Teknisk avdeling

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

Jølster kommune Saksutgreiing

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Saksnr Utval Type Dato 088/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fitjar kommune Møteprotokoll

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Skodje kommune Teknisk avdeling

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Saksnr Utval Type Dato 068/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2018/ /2018 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: SAKSDOKUMENT

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Fjell kommune Arkiv: 501 Saksmappe: 2008/ /2009 Sakshandsamar: Alv Terje Fotland Dato: SAKSDOKUMENT

Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Møteprotokoll for Formannskapet

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den


Sakspapir. Arkiv: FE Arkivsaknr: 16/ Sakshandsamar:Jarle Kåre Oen

FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: Vår ref.: 2013/ /2013 Ark.kode:

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Formannskapet Møtestad: Fjell rådhus, Komitesalen Dato: 10.11.2014 Tid: 15:00 Forfall med grunngjeving må meldast snarast til politisk sekretariat på epost politisksekretariat@fjell.kommune.no, tlf. 55 09 70 59 eller sentralbord på tlf 55 09 60 00. Varamedlem møter berre etter særskilt innkalling. Det vert servert brødmat på møterommet. Straume, den 3. november 2014 Eli Årdal Berland (s) Leiar Side1 1

SAKSLISTE Saksnr PS 41/14 PS 42/14 RS 4/14 Innhald Godkjenning av innkalling, saksliste og møteprotokoll Skriv, meldingar og orienteringar Orienteringssak: Avtale om planleggingstilskott til utarbeiding av områdereguleringsplan for område SE2 i KDP for Bildøyna / Sotra Kystby PS 43/14 Kommuneplanen sin handlingsdel 2015, Årsbudsjett 2015, Økonomiplan 2015-2018 og Planstrategi 2015-2018 PS 44/14 Ymse Side2

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/316-23280/2014 Sakshandsamar: Sølvi Fotland Spilde Dato: 03.11.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 41/14 Formannskapet 10.11.2014 Godkjenning av innkalling, saksliste og møteprotokoll Side3

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/317-23283/2014 Sakshandsamar: Sølvi Fotland Spilde Dato: 03.11.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 42/14 Formannskapet 10.11.2014 Skriv, meldingar og orienteringar Orienteringar Informasjon frå ordførar og rådmann Referatsaker Orienteringssak: Avtale om planleggingstilskott til utarbeiding av område-reguleringsplan for område SE2 i KDP for Bildøyna/Sotra Kystby Side4

Fjell kommune Arkiv: 501 Saksmappe: 2014/2244-22643/2014 Sakshandsamar: Lene Takvam Dato: 24.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 4/14 Formannskapet 10.11.2014 Orienteringssak: Avtale om planleggingstilskott til utarbeiding av område-reguleringsplan for område SE2 i KDP for Bildøyna / Sotra Kystby Samandrag av saka: I samband med at det at det er starta opp arbeid med reguleringsplanlegging av Sotra kystby på Nordre Bildøyna har rådmannen forhandla fram ei avtale med Prosjekt Kystby AS om tilskott til innleige av eksterne ressursar for områderegulering av delfelt SE2 i KDP for Bildøyna/Sotra Kystby. Tilskottet er sett til stipulert kostnad for områdereguleringa etter anbod, men uansett ikkje meir enn kr 750 000,-. Rådmannen rår til at avtalen om planleggingstilskott til utarbeiding av områdereguleringsplan for område SE2 i KDP for Bildøyna / Sotra Kystby vert teken til orientering. Innstilling: Formannskapet vedtek: Avtale om planleggingstilskott til utarbeiding av område-reguleringsplan for område SE2 i KDP for Bildøyna / Sotra Kystby vert teken til orientering. Straume, den 24.10.2014 Steinar Nesse Rådmann Berit Karin Rystad Plan- og utbyggingssjef Side5

Dokument vedlagt saka: Utkast til avtale: Saksopplysningar: Kommunedelplan (KDP) for Bildøyna/Sotra Kystby 2013-2024 har krav om at det skal utarbeidast tre områdereguleringsplanar. Dei tre områda er Bildøytangen SE1, Straumsosen SE2 og Branndalsåsen SE3/B1. SE1 og SE2 utgjør planlagt sentrumsområde nord for dagens Rv 555. Område SE3/B1 ligg sør for riksvegen, ned mot Straumssundet. Som ein del av kommunedelplanen vart det også utarbeidd eit overordna kvalitetsprogram. Dette gjev førande hovudprinsipp for den urbane utviklinga av sentrumsområde på Bildøyna, og er eit strategisk dokument som fastset felles kvalitetskrav og overordna grep for å oppnå gode, heilskaplege miljø og kvalitetar innanfor planområdet (ref: KDP s20). I føresegner til KDP for Bildøyna/Sotra Kystby, går det m.a. fram at: - Pkt. 2.3 «Det spesifikke kvalitetsprogrammet for SE1 skal inngå i grunnlaget for områderegulering av SE2. (Pbl. 11-9 nr. 4 og 6)». - 3.4.7 Områderegulering av SE2 skal sikre samanheng med område SE1 gjennom samanhengande byromsstruktur, som fastsett i kvalitetsprogram dagsett 27.05.13. (Pbl. 11-9 nr 1 og 6). - Pkt. 8.1.1 «Områdereguleringsplan for SE1 skal vere godkjent før områderegulering for SE2 kan godkjennast. (Pbl. 11-9 nr.4)». Med bakgrunn i dette store behovet for samordning og parallellitet i utarbeiding av områdeplanane har grunneigarinteressene for delfelt SE1, representert v/ Prosjekt Kystby AS, sett seg tent med å bidra til at områdeplan for SE2 vart starta opp i ein tidlig fase. Rådmannen har difor forhandla fram ei avtale med Prosjekt Kystby AS om tilskott (i framlegget til avtale kalla «anleggsbidrag») til innleige av eksterne ressursar for områderegulering av delfelt SE2 i KDP for Bildøyna/Sotra Kystby. Tilskottet er sett til stipulert kostnad for områdereguleringa etter anbod, men uansett ikkje meir enn kr 750 000,-. Dette vert rekna som fullt og endeleg oppgjer for Prosjekt Kystby AS sine forpliktingar i høve til planlegging av området SE2. Kommunen har starta prosessen med områderegulering av SE2, og Asplan Viak AS er engasjert som plankonsulent etter anbodskonkurranse. I dette arbeidt inngår også mobilitetsplan for alle områda. Kommunen sin samla kostnader til dette planarbeidet vil overstige kr 750 000,-. Dette inneber at heile tilskottet på kr 750 000,- skal overførast til kommunen. Den delen av kostnadene som overstig tilskottet frå Prosjekt Kystby AS har rådmannen til no funne dekning innanfor eigne budsjett. Vurdering: Områderegulering er primært ein plan som kan utarbeidast av kommunen, der det er sett krav om dette i kommuneplanen sin arealdel eller i kommunedelplan, slik som i dette tilfellet. Kommunen har ikkje teke høgde for eller sett av ressursar til utarbeiding av områdereguleringsplan for delfelt SE2 i KDP for Bildøyna/Sotra Kystby i budsjettet for 2014. Side6

Rådmannen har difor forhandla fram ei avtale med Prosjekt Kystby AS om delvis dekning av kommunen sine kostnader til dette planarbeidet. Rådmannen har sett det som heilt naudsynt at arbeidet med områdereguleringsplan for delområde SE2 vart starta opp parallelt med planarbeidet for SE1 slik at det behovet for samordning og parallellitet ved utarbeiding av områdeplanane er ivareteke. Med dette som bakgrunn rår rådmannen til at avtalen om planleggingstilskott til utarbeiding av områdeplan for område SE2 i KDP for Bildøyna / Sotra Kystby vert teken til orientering. Side7

Utkast til avtale Gjeld: Anleggsbidrag for område SE1 i Kommunedelplan (KDP) for Bildøyna/Sotra Kystby Avtalens parter Fjell kommune v/ Rådmannen og Prosjekt Kystby AS v/ Roy-Eddy Lie Bakgrunn for avtale I føresegner til KDP for Bildøyna/Sotra Kystby, går det fram at: - Pkt. 2.3 «Det spesifikke kvalitetsprogrammet for SE1 skal inngå i grunnlaget for områderegulering av SE2. (Pbl. 11-9 nr. 4 og 6)». - 3.4.7 Områderegulering av SE2 skal sikre samanheng med område SE1 gjennom samanhengande byromsstruktur, som fastsett i kvalitetsprogram dagsett 27.05.13. (Pbl. 11-9 nr 1 og 6). - Pkt. 8.1.1 «Områdereguleringsplan for SE1 skal vere godkjent før områderegulering for SE2 kan godkjennast. (Pbl. 11-9 nr.4)». Desse føresegnene sett i lys av at det i brev frå Fylkesmannen i Hordaland datert 27.06.13, vert sett krav til områderegulering for delfelt SE2 i Kommunedelplan for Bildøyna/Sotra Kystby, gjer at det vert utløyst behov for at delfelt SE1 stiller anleggsbidrag til å realisere delfelt SE2 i tråd med føresegnene. Avtalen gjelder Anleggsbidrag for områderegulering av delfelt SE1 i KDP for Bildøyna/Sotra Kystby. Grunneigarinteressene for delfelt SE1, representert v/ Prosjekt Kystby AS, pliktar seg å stille anleggsbidrag til innleiga av eksterne ressursar for områderegulering av delfelt SE2 i KDP for Bildøyna/Sotra Kystby. Anleggsbidraget vert sett til stipulert kostnad for områdereguleringa etter anbod, men uansett ikkje meir enn 750 000 NOK. Ved fastsetjing av sum på anleggsbidraget og innbetaling av dette beløpet frå Prosjekt Kystby AS, skal dette reknast som fullt og endeleg oppgjer, og Prosjekt Kystby AS sine forpliktingar etter denne avtalen skal sjåast som oppfylt og faller vekk. På vegne av Fjell kommune: På vegne av Prosjekt Kystby AS: Steinar Nesse Rådmann Roy-Eddy Lie Dagleg leiar Side8

Fjell kommune Arkiv: 102.1 Saksmappe: 2014/1621-22566/2014 Sakshandsamar: Heine Kleppe Dato: 23.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 55/14 Komité for finans og forvaltning 04.11.2014 30/14 Komité for drift 04.11.2014 43/14 Formannskapet 10.11.2014 Arbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Komité for finans og forvaltning Kommunestyret Kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018, Årsbudsjett 2015, Økonomiplan 2015-2018 og Planstrategi 2015-2018 Samandrag av saka: Saka gjeld Kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018, planstrategi 2015-2018, årsbudsjett 2015, økonomiplan 2015-2018. Saka skal til handsaming i komité for finans og forvaltning 04.11.2014. Formannskapet handsamar saka i møte 10.11.2014 og sender dokumenta på offentleg høyring. Komité for finans og forvaltning handsamar budsjettinnspela i møte 02.12.2014 før endeleg handsaming i kommunestyret 18.12.2014. Driftsbudsjettet er gjort opp med eit overskot på 485.000 utan bruk av fond og er basert på ei vidareføring av aktivitetsnivået etter budsjettkutta i 2014. I tillegg er innsparing på 4 mill vedkomande administrativ organisering innarbeidd i budsjettet. Det er også innarbeidd ikkje lovpålagte tenester i høve framlegg frå komité for drift på budsjettseminaret på Panorama. Veksttilskot på 10,3 mill er innarbeid i budsjettet og bidreg saman med heilårsverknad av budsjettkutta frå 2014 og tidlegare år til at ein oppnår budsjettbalanse i 2015. Det er ikkje budsjettert med avkastning frå det langsiktige kapitalfondet. Investeringsbudsjettet er førebels lagt fram med eit låneopptak som er om lag på nivå med avdraga. Det er førebels ikkje lagt inn midlar til kjøp av ROP-hus på Bildøy og utbyggingsavtale på Straume sentrum. Det har vore krevjande å nå budsjettbalanse dei siste åra med dyr skule og utan eigedomsskatt. I dei komande åra bør den økonomiske handlingsfridomen styrkast gjennom overskot for å kunne møte framtidige utfordringar, særleg innan omsorg og helse. Side9

Innstilling: Saka vert lagt fram utan innstilling. Straume, den 23.10.2014 Steinar Nesse rådmann Steinar Nesse rådmann Handsama i Komité for finans og forvaltning - 04.11.2014: Rådmannen orienterte kort om kva reglar som gjeld for eventuell igjeninnføring av eigedomsskatt. Drøftingssaka som vart lagt fram i førre møte i KFF vil bli behandla i kommunestyret 27. november. Saka vart elles drøfta og rådmannen og servicetorgsjefen svara på spørsmål. Særleg vart tema om kontantstøtte drøfta. Det vart lagt fram to framlegg som vart stemt over utan at nokon vart vedtekne eller stemt ut. Begge framlegga vil følgje saka vidare under handsaminga. Sotralista v/john Kjell Fjeld Sotralista går inn for rådmannen si innstilling. Då viser budsjett eit overskot på ca. 500.000. Dette vil SL setje inn på driftsfond. Framlegget fekk 2 stemmer - SL Framlegg frå Høgre v/gunnar Buvik Framlegget vart stemt over punktvis med avstemming merka med rødt. Innsparingar: BRB 300 000 NOK - samrøystes Vestnorsk Brüsselkontor 95 000 NOK - samrøystes Kontantstøtte 900 000 NOK - 5 stemmer (H + 1 SL) Kulturstipend 50 000 NOK - 9 stemmer (H, V, SL, KrF, FrP) Ambassadørstipend 50 000 NOK - samrøystes Sum 1 395 000 NOK Kommunale avgifter blir auka med 5%. - Samrøystes Nye utgifter: Innføre 1 stillingsheimel for fysioterapeut 400 000 NOK - 7 stemmer (H, V, KrF, FrP) Støttekontaktar 750 000 NOK - 6 stemmer (H, KrF, FrP) Sum 1 150 000 NOK Side10

Komité for finans og forvaltning var vidare samrøystes i å gjere følgjande tilråding til formannskapet i tråd med rådmannen sitt forslag i saksframlegget: 1. Årsbudsjett for drift og investering for 2015 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 3. Økonomiplan 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 4. Planstrategien 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 12.12.2014 Tilråding i Komité for finans og forvaltning - 04.11.2014: 1. Årsbudsjett for drift og investering for 2015 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 3. Økonomiplan 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 4. Planstrategien 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 12.12.2014 Handsama i Komité for drift - 04.11.2014: Sveinung Vethe (AP) viste til ei uheldig formulering i Handlingsplanen, punkt 70, som ikkje samsvarar med politisk vedtak i saka og ber om at punktet vert endra i tråd med vedtak. Fellesframlegg v/ Ernst Einarsen (H) om å sende følgjande oversendingsframlegg frå komité for drift (KD) til formannskapet: Med bakgrunn i melding frå barnevernet om sterkt endra driftstilhøve, ber ein samstemt komité for drift (KD) om at formannskapet finn midlar til å styrke denne tenesta straks. Komité for drift (KD) ber vidare om at rådmannen utarbeider eit notat om tilhøva ved tenesta, og at notatet følgjer med oversendinga. Fellesframlegget om oversendingsframlegg til formannskapet vart samrøystes vedteke. Komiteen var samrøystes i å ta referatsaka til orientering med denne kommentaren og oversendingsframlegget. Vedtak i Komité for drift - 04.11.2014: Referatsaka vart teken til orientering, med kommentarar og oversendingsframlegg attgjeve under handsaminga av saka. Dokument vedlagt saka: Handlingsprogram, planstrategi, årsbudsjett og økonomiplan Budsjettsøknad frå Fjell sokneråd 2015 To vedlegg til budsjettsøknad 2015 - Fjell sokneråd Budsjettsøknad 2015 frå Sotra brannvern Notat frå FjellVAR AS om gebyr 2015 Side11

Økonomiplan FjellVAR 2013-2020 Lokale forskrifter om kommunale gebyr 2014 for saksfelta areal og regulering, byggesak og kart og oppmåling Møtebok KFF 22.10.14 drøftingssak om eigedomsskatt Møtebok KFF 22.10.14 drøftingssak budsjett 2015 drift og investering Møtebok KD 22.10.14 ikkje-lovpålagte oppgåver konsekvensar Møtebok KD 22.10.14 drøftingssak Handlingsprogram 2015 Møtebok KPU 22.10.14 drøftingssak kommunal planstrategi 2015-2018 Saksopplysningar: Kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018 er avstemt med fellespolitiske drøftingar i strategi- og budsjettseminar på Panorama 21-22. oktober 2014. Når det gjeld planstrategien føreslår rådmannen at kommuneplanens arealdel skal ferdigstillast i løpet av 2015. Rett i etterkant av denne planleggjast oppstart av rullering for KDP Straume. I tillegg skjer det ei løpande handsaming av detaljplanar (om lag 130 planar). På temasida foreslår rådmannen at alle planar som omhandlar organisatoriske og strategiske spørsmål får utsatt oppstart i påvente av avklaring av spørsmål knytt til kommunereforma. Det har vore krevjande å nå budsjettbalanse dei siste åra med dyr skule og utan eigedomsskatt. Kostra-tala viser at skulesektoren i Fjell kommune framleis har den høgaste ressursbruken pr. innbyggar uavhengig av kven ein samanliknar seg med. Ressursbruken vert endå høgare når ein målar pr. elev. Anbefalingane frå TBU (Teknisk beregningsutvalg) er at netto driftsresultat bør vere på om lag 2% av driftsinntektene. Det er i årsbudsjettet for 2015 lagt til grunn ei vidareføring av innsparingstiltak på 15 mill vedteke i 2014, samt innsparing på 4 mill vedkomande administrativ organisering. I tillegg er det teke omsyn til forslag komité for drift vedkomande ikkje-lovpålagte tenester. Budsjettet er etter dette gjort opp med eit overskot på kr 485.000. Innsparingane som har vore gjennomført dei siste åra har vore omfattande og naudsynte for at Fjell kommune kan legge fram eit driftsbudsjett i balanse i 2015. I tillegg er det gledeleg at Fjell kommune vert kompensert for den sterke folkeveksten med eit veksttilskot på 10,3 mill. Veksten i dei frie inntektene for 2015 er basert på anslaga i KS sin prognose-modell for budsjettering av skatt- og rammeoverføring. I budsjettet er det og innarbeid 5% auke i gebyr og brukarbetalingar. Gebyr knytt til plansaker er føreslått auka med 25 % medan kostnadsdekningsprosenten er føreslått auka frå 65% til 70%. Dette sjølvkostområdet har framleis negativt fond som må dekkast inn dei komande åra. Det er og føreslege endringar i gebyrregulativet etter drøftingar i gebyrutvalet. Desse endringane er naudsynte for å nærme seg nivået på gebyra som nabokommunane har. Endringane går fram av vedlegg og er merka med rødt. Utrekning av tilskotssatsar for private barnehagar er endra frå budsjett 2015 til rekneskap 2013 oppjustert med deflator (løns- og prisvekst) for 2014 og 2015. I 2015 er det lagt opp til ei brutto investeringsramme på 75,7 mill og eit låneopptak på 37,9 mill eks. formidlingslån. Det er førebels ikkje lagt inn midlar til kjøp av ROP-hus på Bildøy og Utbyggingsavtale på Straume sentrum, og rådmannen vil difor i budsjettprosessen kome Side12

attende med talgrunnlag for desse. Det førebelse låneopptaket vil difor verte endra. I heile økonomiplanperioden er det lagt opp til ei brutto investeringsramme på 443,2 mill med eit låneopptak på 246.0 mill. Målsetjinga over tid er å få redusert dei årlege låneopptaka ned til nivået for betaling av avdrag. Rådmannen har utarbeidd grunnlagsmateriell for kommuneplanen sin handlingsdel 2015, årsbudsjett 2015, økonomiplan 2015-2018 og planstrategien 2015-2018 til behandling i komiteane, formannskapet og kommunestyret. Dokumentet føl saka som vedlegg. Etter at kommunestyret har gjort vedtak i saka, vert dokumentet omarbeidd i tråd med endeleg vedtak. Det same vil gjelda for innspel til investeringar. Planstrategien 2015-2018 vert lagt fram til handsaming og har ei utvida høring i høve dei andre dokumenta i denne saka. Vurdering: Det har dei siste åra vore gjennomført omfattande innsparingstiltak for å betra budsjettbalansen i driftsrekneskapen. Innsparingstiltaka har vore naudsynte for at budsjettet for 2015 er gjort opp i balanse. I dei siste åra har Fjell kommune redusert låneopptaka ned mot nivå for betaling av avdrag for å redusere låneveksten. På investeringssida har det og vore fokus på auke eigenfinansiering og brutto investeringane er finansiert med mva kompensasjon, husbankmidlar, tippemidlar, sal av eigedom og låneopptak. Gjennom mange år har Fjell kommune hatt sterk folkevekst utan å verte tilstrekkeleg kompensert for dette. Dette har medført at Fjell kommune har måtte forskottere utgifter knytt til den raske folkeveksten. Det difor gledeleg å konstatere at Fjell kommune i statsbudsjettet vert kompensert for den sterke folkeveksten med eit veksttilskot på 10,3 mill. I dei komande åra bør den økonomiske handlingsfridomen styrkast gjennom overskot for å kunne møte framtidige utfordringar, særleg innan omsorg og helse. Framlegget til budsjett for 2014 er gjort opp med eit overskot på kr 485.000 med kr 1.463.235.000 på inntektsida og kr 1.462.750.000 på utgiftssida. Saka vert lagt fram utan innstilling, men rådmannen har nedanfor skissert eit forslag til innstilling: Komité for finans og forvaltning skal handsama kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018, årsbudsjett 2015, økonomiplan 2015-2018 og planstrategien 2015-2018 i møte 4. november 2014. Komité for finans og forvaltning gjer følgjande innstilling til formannskapet: 1. Årsbudsjett for drift og investering for 2015 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 3. Økonomiplan 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 28.11.2014 4. Planstrategien 2015-2018 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 12.12.2014 Side13

Formannskapet legg dokumenta formelt ut på høyring 10.11.2014. Komitè for finans og forvaltning handsamar høyringsinnspela i møte 02.12.2014 og gjer deretter innstilling til kommunestyret 18.12.2014. Side14

Fjell kommunestyre vedtek: 1. Ved utskriving av kommuneskatt for inntektsåret 2015 vert det nytta høgaste skattøyre. Det er framlegg om 11,25% for 2015. 2. Driftsutgiftene er på kr 1.462.750.000 medan driftsinntektene er på kr 1.463.235.000 Auke i gebyr og betalingssatsar er lagt inn i budsjettet slik: Eigenbetaling 2014 2 015 Auke %-vis auke Barnehagar (satsar pr. månad) 41 timar og meir 2 405 2 580 175 7,28 % Maks 33 timar 2 168 2 325 158 7,28 % Maks 25 timar 1 863 1 999 136 7,28 % Maks 17 timar 1 548 1 661 113 7,28 % Skulefritidsordinga (satsar pr. månad) Heil plass, frå og med 12 timar pr veke 2 250 2 360 110 5,00 % Delt plass. Til og med 11 timer pr veke 1 690 1 770 80 5,00 % Fjell kulturskule (satsar pr. år) Pris pr. elev 2 780 2 920 140 5,00 % Søsken 2 260 2 370 110 5,00 % Instrumentleige pr år 870 910 40 5,00 % Heimehjelp (satsar pr. månad) 2 til 3 G 660 690 30 5,00 % 3 til 4 G 1 340 1 410 70 5,00 % 4 til 5 G 2 000 2 100 100 5,00 % Over 5 G 2 660 2 790 130 5,00 % Max timesats 240 250 10 5,00 % Betaling for ferdigmat (satsar pr. eining) Suppe/dessert 20 21 1 5,00 % Frossen middag pr. porsjon 70 74 4 5,00 % Varm middag pr. porsjon 80 84 4 5,00 % Institusjonsopphald (satsar pr. dag, jfr statens satsar) Korttidsopphald 142 Ny sats vert fastsett av Helsedep. Dagsopphald 74 Ny sats vert fastsett av Helsedep. Frokost 27 28 2 5,00 % Tryggleiksalarm (satsar pr. månad) Trygleiksalarm lav sats 210 220 10 5,00 % Trygleiksalarm høg sats 240 250 10 5,00 % Husleige Bu & Servicesenter 40 m2 - pr.mnd 6 410 6 730 320 5,00 % 45 m2 - pr mnd 7 320 7 690 370 5,00 % 55 m2 - pr mnd 8 240 8 650 410 5,00 % Mat Bu & Servicesenter Full pakke 3 710 3 900 190 5,00 % Feiing og tilsyn Vanleg hus 540 570 30 5,00 % Industripipe 790 830 40 5,00 % Feiing etter oppdrag 1 060 1 110 50 5,00 % Andre gebyr og betalingssatsar Plansakbehandling + 25% Byggesaksgebyr + 5% Oppmålingsgebyr + 5% Alle andre betalingssatsar + 5% Kostnadsdekningsprosenten knytt til plansaksområdet vert endra frå 65% til 70% Gebyrreglementet vert endra i tråd med føringane frå gebyrutvalet. 3. VAR gebyra vert fastsett som følgjer: Vassavgift (årsavgift) auke med 0% Kloakkavgift (årsavgift) auke med 3% Renovasjonsavgifter auke med 2%, Side15

Tømming av slamavskiljarar kr 1.323 pr. år pr. bueining For fritidsbustader kr 723 pr. år pr. bueining Det vert same tilknytingsgebyr ( vatn og avløp) for næringsbygg og bustader. Vatn Avlaup Næringsdel/bustader til og med 75 m2 kr 6.750 kr 6.750 Næringsdel/bustader over 75 m2 pr. m2 BRA kr 90 kr 90 Gebyr gjenbruksstasjon vert endra til pris pr. m3. Levering av avfall til gjenvinningsstasjon Pris pr. lass inkl. mva. mindre enn 1 m 3 50,- 1 m 3-2 m 3 100,- 2 m 3-3 m 3 150,- 3 m 3-4 m 3 200,- 4 m 3-6 m 3 300,- 6 m 3-8 m 3 400,- 8 m³ - 10 m³ 500,- Kvar m 3 over 10 m 3 100,- For ytterlegare detaljer vert det vist til FjellVar sitt notat om gebyr og økonomiplan 2014-2020. Satsane ovanfor er i tråd med gjeldande forskrift og gebyrreglement i Fjell kommune. FjellVar har mynde til å vedta betalingssatsar for bedriftskundar innanfor renovasjon. Innkrevjing av gebyr skjer 4 gonger pr. år. 4. Innkrevjing av Feieavgift vert endra frå 4 gongar årleg til 2 gongar årleg. 5. Forslag til tilskotssatsar til ordinære private barnehagar vert fastsett slik: - Driftstilskot små born: kr 190.755 - Driftstilskot store born: kr 92.606 - Kapitaltilskot: Etter nasjonal sats. Familiebarnehagar får tilskot etter nasjonale satsar. Endeleg tilskotssatsar vert kunngjort innan 1. februar 2015. 6. Kommunestyret sluttar seg til kommuneplanen sin handlingsdel 2015-2018 7. Kommunestyret sluttar seg til årsbudsjettet for 2015 8. Kommunestyret sluttar seg til Økonomiplan 2015-2018 9. Kommunestyret sluttar seg til Planstrategien 2015-2018 og at Planstrategien vert lagt inn som ein del av den årlege revisjonen av kommuneplanen sin handlingsdel. 10. Kommunestyret gjer vedtak om eit låneopptak for 2015 på kr 37.940.000 eks. ROPhus og utbyggingsavtale Straume sentrum til ordinære investeringar og kr 20.000.000 til vidare utlån (Startlån). Side16

Side17

Handlingsprogram, planstrategi, årsbudsjett og økonomiplan for Fjell kommune 2015-2018 Side18

Side19 1

Handlingsplan for Fjell kommune 2015-2018 2 Side20

Administrative tiltak i perioden Visjon: Fjell kommune skal bli den mest veldrivne kommunen i landet Rådmannen har starta arbeidet med å implementera ei ny plattform for den administrative verksemda, kalla VP20 (Verksemdsplan 2020). Prosessen mot å realisera visjonen vil involvera alle medarbeidarane i Fjell kommune. Ein samordna struktur for verksemdsplanen vert samkjørt med strukturen i handlingsprogrammet, og vil for første gong bli presentert i årsmelding for 2014 (våren 2015).Kommunen sine planbehov er skildra i Planprogrammet 2015-2018. Desse to handlingsdokumenta må sjåast i samanheng med Årsbudsjett og Økonomiplan. Tiltak 2015 og rapportering av status for 2014 Lesenøkkel: Rapportering 2014 Nye tiltak 2015 Endra tekst i tiltak Stroke tekst i tiltak Status: status Nytt tiltak: nytt tiltak Endra tekst i tiltak Stroke tekst i tiltak Tiltak med anna status enn gjennomført vidareførast. Gjennomførte tiltak utgår. Desse er stroke etter vedtak i KD 22.10.14 (sak 59/14) opphavleg nummerering av tiltaka haldast til etter KS-vedtak i desember 2014. Nye tiltak gjeld frå KS-vedtak i desember 2014. Etter vedtak i KD 04.02.14 (sak 6/14) skal det haldast særskilt fokus på punkt 1, 17, 23, 25, 29, 32, 36, 49, 52, 65 og 68 (dei som er gjennomførte er stroke i dette framlegget). Samfunnsutvikling 1. Ferdigstilla utbyggingsavtalen for Straume sentrum. Status: Pågår 2. Vurdera Fjell kommune si etablering i Straume sentrum, mellom anna ved å leggja til rette for utvikling av offentlege tilbod og ikkje-kommersielle møteplassar i den nye byen. Status: Pågår 3. Vurdera Fjell kommune sitt driftsansvar av offentleg regulerte område i Straume sentrum. Status: Pågår Administrasjons- og organisasjonsutvikling 4. Gjera seg kjend med - og gjennomføra ny statleg politikk. Status: Under arbeid 5. Setja i verk konkurranseutsetjing der det er føremålstenleg i høve til økonomi, leveringsstabilitet og kvalitet. Det skal fortløpande rapporterast til politisk nivå om utviklinga i dette arbeidet. Eventuelt samarbeid med Bergen kommune i høve sakshandsaming skal undersøkjast. Status: Pågår 6. Førebu og leggja til rette for kommunesamanslåing i regionen, med tanke på økonomiske og organisatoriske følgjer av alternative løysingar. Status: Politisk styringsgruppe oppnemnt 7. Gjennomgå arbeidsprosessar i organisasjonen, med tanke på effektivisering, automatisering og kvalitetsheving. Status: Under arbeid 8. Gjennomføra samarbeids- og utviklingsprosjekt med andre kommunar og andre land. Status: under arbeid. Til dømes prosjekt lokal medisinsk senter, ulike prosjekt innan helse og omsorg, samarbeid med danske kommunar og sjef i eige liv. 3 Side21

9. Utvikla samarbeidet med strategiske partnarar innan relevante forskingsmiljø. Status: under arbeid. Samarbeid med Sintef, UIB, HIB, Innomed, Innovasjon Norge, KS, RKBU, NIFES, Universitetet i Tromsø, Høgskulen i Hedmark, Center for framtidsforsking i Danmark. 12. Gjennomføra brukarundersøkingar annakvart år som ein del av kvalitetsutvikling i tenestene. Status: Under arbeid. 14. Oppdatera matrikkelen, for å gje innbyggarar og utbyggarar oppdatert informasjon. Status: Pågår, gjennomført for Kaier og Veger 15. Revidera strategi for handtering av ulovleg bygging. Status: Pågår Samferdsle 17. Fjell kommune skal bidra aktivt i reguleringsarbeidet av nytt Sotrasamband og vegsystema kring Straume sentrum. Dette gjeld sjølve hovudtraseen, sekundærvegar og gang- og sykkelvegar. Status: Pågår 18. Vurdera vidare deltaking i ein ny regional hamneorganisasjon med Bergen kommune som hovudaktør, eller skiping av ein alternativ organisasjon med anna deltaking. Status: Pågår Eigedomsforvalting 22. Leggja fram politiske saker der ein drøftar etterbruk, eventuelt sal, av Ekerhovd skule, og Misje skule etter at eventuell utviding av Landro skule er avklart. Status: fremjast hausten 2014. 23. Kommunen skal gjennomføra eit optimalt sal av eigedomar med sikte på reduserte låneopptak. Knarrevik skule og tidlegare aldersheim med styrarbustad i Knarrevika: Staus: Under førebuing. Gangstøgarden. Status: Ligg ute for sal. Tomt i Solheimfeltet. Status: Under førebuing. Kårtveit skule. Status: Sal utsett (vurderast til eige bruk). 25. Fullføra planlegging av utviding/ombygging av Ågotnes barnehage, Landro skule og eventuelt Bjorøy skule i påvente av prioritering i investeringsprogrammet. Status: Utsett til 2015. 26. Planlegging og gradvis gjennomføring av standardheving for dei eldre kommunale barnehagane, Ulveseth, Bildøy, Tussatjødna og Straume. Eiga årleg fordelingssak vert fremja. Status: Utsett 28. Planleggja utbetring av foajeen og tilkomsten i og ved rådhus/kulturhus i påvente av prioritering i investeringsprogrammet. Status: Utsett 30. På sikt gjennomføra ein gradvis auke i driftspostane for uføresett og planlagt vedlikehald av bygg, frå om lag 90 kr/m2, til om lag 170 kr/m2. Status: Utsett Helse, sosial og omsorg 31. Ferdigstilla planen for nytt lokalmedisinsk senter. Status: under arbeid. Sak til KS hausten 2014 32. Etablera nytt bustadkontor i Fjell kommune. Status: Under arbeid, den første av tre fasar er gjennomført. 33. Utarbeida samarbeidsavtale med Fjell bustadstifting, i tett dialog med stiftinga. Status: under arbeid 35. Planleggja og byggja bustader for personar med store oppfølgingsbehov knytt til rus og psykiatri. Status: under arbeid 36. Byggja fire bustader i tilknyting til eksisterande psykiatribustader på Blombakkane. Status: under planlegging. 37. Byggja sju leilegheiter i bufellesskap for menneske med psykisk liding, i tillegg til vidare utbygging som skildra i kommunedelplan for bustadutvikling. Status: ikkje starta 38. Fullføra etablering og drift av visningshusvære for velferdsteknologi ved Straume bu- og servicesenter. Status: Utført. Vidareutvikling av drifta under arbeid 39. Oppretta eit utviklingsteam på 3-5 personar for å realisera tiltaka skissert i "Sjef i eige liv". Status: ikkje starta 4 Side22

40. Etablera eit døgnope aksjonssenter som skal vera både ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, samt svara og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen. Aksjonssenteret skal aktivisera eit breitt nettverk av aktørar, både offentlege, private, pårørande, vener og frivillige, som kan aksjonera for å møta både akutte og langsiktige behov. Status: under planlegging 41. Etablera ei teneste for innbyggjarar i akuttsituasjonar knytt til vald, overgrep og andre krisesituasjonar. Status: under arbeid 42. Utvikla samarbeidsavtalar med frivillige lag og organisasjonar om lågterskeltilbod til ulike grupper. Status: 1 samarbeidsavtale er inngått, under arbeid 43. Etablera eige dagtilbod for menneske med demenssjukdom. Status: Etablert nytt tilbod for 5 deltakarar 1 dag i veka 44. Utgreia behov for støttekontakt for menneske med demenssjukdom. Status: ikkje starta 45. Samarbeid med NAV, næringsliv og andre om alternative arbeidsplassar for menneske med utviklingshemming og menneske med nedsett funksjonsevne. Status: under arbeid, fleire avtalar inngått 46. Etablera oppsøkjande verksemd for alle innbyggjarar over 75 år for tidleg identifisering av behov, og gje rettleiing om tiltak. Status: ikkje starta 47. Leggja til rette og sikra bustader med døgnbemanning for unge/vaksne med nedsett funksjonsevne/menneske med utviklingshemming. Status: under planlegging 48. Etablera fleire omsorgsplassar med heildøgnsbemanning ved Kvednatunet. Status: ikkje starta 49. Utgreia behov for interkommunalt samarbeid/bustader, for menneske med særlege behov knytt til psykisk helse. Status: under planlegging 50. Tilby kunnskapsbaserte tiltak i grupper for barn/ungdom med angst (Friends), foreldrerettleiing til familiar som slit med samspelsvanskar (Dei utrulege åra) og utvikla familiestyrkingsprogram for familiar der ein eller fleire av foreldra har psykiske vanskar. Utvikling og evaluering av tiltaka i samarbeid med Regionalt Kunnskapssenter for barn og unge, avdeling vest (RKBU Vest). Status: etablert, under arbeid 51. Vidareføra pilotprosjektet rask psykisk helsehjelp for vaksne, med prosjektmidlar frå departementet. Status: utført, pågår 52. Kjøpa/leasa legevaktbil med akuttmedisinsk utstyr til utrykking for lege og sjukepleiar i team. Status: Kjøpt bil til legevakt. 53. Ny fastlege i Straume-området våren 2014, og ytterlegare fastlegeheimlar i takt med befolkningsauka. Status: utført, pågår 54. Tilsetja fleire lege- og helsesøstre på helsestasjon og i skulehelsetenesta, i samsvar med nasjonale retningsliner. Status: ikkje starta 55. Finna meir eigna lokalar for Helsestasjon for ungdom. Status: ikkje starta 56. Planleggja og setja i verk ein modell for god tverrfagleg samskaping knytt til barn og unge og deira familie. Status: under arbeid. 57. Styrkja stillinga som folkehelsekoordinator i Fjell/regionen. Vurdera stillinga si administrative plassering. Status: under arbeid Barnehage og skule 60. Sikra framtidig barnehagedekning i tråd med vedteken strategi og lokale retningsliner. Status: Prosjektering av utviding av Ågotnes bhg i tråd med KS vedtak er sett på vent. Ikkje avsett investeringsmidlar til utviding av Ågotnes barnehage i 2014. Utviding av kapasiteten i mellombels barnehagetilbod på Ågotnes er sett i verk. Etablert fleire mellombelse kommunale barnehageplassar i Hamramyra på Ågotnes frå 01.08.2014. Lovkrav om full barnehagedekning oppfylt. 61. Utvikla program for systematisk språk- og leseaktivitetar i barnehagen. Status: Pilotprosjekt pågår. Evaluering i 2015 62. Tilby foreldreprogrammet Dei utrulege åra, til foreldre i barnehagen. Status: Grupper er starta opp i regi av Psykiatrisk team hos Helsesjefen. 5 Side23

63. Oppgradera leikeplassane i kommunale barnehagar. Status: Behov er innhenta frå barnehagane. 64. Auka bruk av digital undervisningsform i skulane, med særleg vekt på realfag. Status: Gjennomført opplæring i Moava 1310 (digitalt årshjul), Kikora (matematikk), Textpilot (norsk), Mattemestern (matematikk), Mpluss (matematikk), Music Delta (musikk), Universell-pakken (naturfag, matematikk, engelsk og norsk), Itslearning (læringsplattform), Acos IOP (elektronisk IOP). Skuleåret 2014-2015 vil det bli vidare oppfølging på den enkelte skule i tillegg til felles workshops. 66. Utvikla og implementera ny realfagsplan. Status: Implementering pågår 67. Intensivera arbeidet mot mobbing, inkludert digital mobbing. Eiga sak vert fremja. Status: Kompetansegruppe for Trygg i Fjell er danna. Nettsida er under arbeid samtidig som kompentansegruppa definerer innhaldet i Fjell-modellen. 69. Forsterka samhandlinga og den raude tråden mellom grunnskule og vidaregåande skular, for å motverka fråfallet i vidaregåande utdanning. Status: Pågår. Interkommunalt samarbeid starta med Sotra Vidaregåande skule Fjell, Sund og Øygarden. Gode Sirklar er koordinator og Sintef sikrar saman med HiB forskingsdelen. 70. Avvikla skuledrifta ved Ekerhovd skule og Misje skule. Staus: Ekerhovd skule lagt ned frå hausten 2014. Misje frå hausten 2015. Beredskap 71. Gjennomføra løysing for naudstraum i prioriterte område. Status: under arbeid. Rapport ligg føre Miljø og klima 74. Prøvetaking i forureina område, mellom anna kring festningsområdet. Status: Ikkje starta 75. Gjennomføra tilsyn med private og offentlege avlaupsanlegg, og gi pålegg der det skjer forureining. Status: Under arbeid Informasjonsteknologi 77. Fornya design og innhald i kommuneportal/heimesider. Satus: Retninglinjer og prosjektplan under arbeid. 78. Vidareføra satsing på kart, i samarbeid med stat og region (Geovekst). Status: Under arbeid 79. Styrkja satsinga på arbeidet med geografisk informasjonssystem (GIS). Status: Innført forenkla kartoppslag til bruk på heimesider og som app på mobiltelefonar og nettbrett 81. Etablera digitale tenester og elektronisk kommunikasjonsform som føretrekt kanal mot innbyggjarar og næringsliv (Digitalt førsteval). Status: Gjennomført deltiltak. Elektronisk datautveksling (EDU) mellom offentlege instansar innført. SvarUt etablert: Høve til å motta informasjon og svar frå kommunen på elektronisk form i staden for tradisjonell post. 82. Leggja til rette for og innføra heilelektronisk arkiv. Status: Prosjektgruppe etablert og starta opp i 2014. Prosjektplan utarbeida i 2014. 83. Ta i bruk nye elektroniske dataprogram hjå Kemneren. Eiga orienteringssak vert fremja. Status: Opplæring gjennomført 2014. 84. Tilrettelegga trådlaust nett for tilkopling av privat IT-utstyr i alle kommunale bygg. Status: Under arbeid. Gjennomført for tilsette, tilrettelegging for innbyggarar planlagt til 2015. 85. Etablera skuleadministrativ programvare med kommunikasjon skule/heim og effektiv datafangst. Status: Under arbeid. Samarbeidsprosjekt mellom Askøy, Fjell og Sund. 86. Innføra velferdsteknologi som eit verkty for å auka meistring og eigenomsorg. Status: under arbeid i samband med prosjekt «sjef i eige liv. Visningsbustad etablert. 87. Etablera elektronisk utveksling av pasientdata mellom kommune og sjukehus. Status: utført, vidareutvikling pågår 88. Nytt IT-verktøy i høve Frivilligportal og tilrettelegging av sjølvbeteningsløysingar i bibliotektenesta. Status: Under arbeid. Sjølvbeteningsautomat på plass i Folkeboksamlinga. Forprosjekt «Frivilligportal» gjennomført. Evt vidare arbeid vert vurdert i samband med prosjekt «sjef i eige liv». 6 Side24

Kultur 89. Profilerings- og merkevarebyggingsprosjekt knytt opp mot reiseliv, natur og lokalmat, som t.d. LivOGlyst-prosjektet Springflo. Status: Utsett. 90. Leggja til rette for friluftsliv i strandsona. Status: Utsett. 92. Etablera ungdomsklubb i Ågotnes-området. Status: Gjennomført/Under arbeid 93. Setja i verk drift av Gjerdet kulturminnegard. Status: Under sluttføring. 94. Utvikla og innføra Fjellmodellen for idrettsanlegg i Fjell. Status: Utsett 95. Etablera prosjektet Trygg i sjø for barneskulane. Status: Utsett 97. Turstiar: opna Fjellparken og starta arbeidet i Midtmarka. Status: Fjellparken under sluttføring/midtmarka under arbeid. 98. Inngå innovative partnarskap med utvalde frivillige organisasjonar i høve satsingar knytt til lågterskeltiltak for folkehelse. Status: Gjennomført/Under arbeid. 99. Arrangera Kultur- og idrettsgalla for regionen. Status: Utsett 100. Vidareføring av bygdebokprosjektet, med trykking av band VI, og oppstart av arbeidet med band VII. Status: Band VI under sluttføring/band VII under arbeid. Nye tiltak: 101. Etablera eit MO-senter ( Mottaks-Senter) sentralt lokalisert i kommunen. MO-senteret skal romme: Lågterskel helsetiltak, oppfylging i LAR ( legemiddelassistert rehabilitering) samt lågterskel arbeid og aktivitet. (NAV Fjell) 102. Styrking av fysioterapitenestene snarast for å redusere ventelistene til denne tenesta. 103. Auke satsane for støttekontaktordninga slik at kommunen har satsar på line med omkringliggande kommunar. 104. Etablere bustader for utviklingshemma over 18 år. 105. Lage ein plan for etablering av ein heilskapleg frivilligpolitikk. Tiltak 101 er innstilling frå rådmannen, tiltak 102-105 er vedteken i KD 22.10.14 (sak 59/14). Etter møte i KS desember 2014 vil vedtekne tiltak få ny nummerering. 7 Side25

Planstrategi for Fjell kommune 2015 8 Side26

Innleiing Kommunal planstrategi er eit nytt verktøy i plan og bygningsloven der føremålet er å prioritera kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra, for å leggja til rette for ei ønskja utvikling i kommunen. Planstrategi set fokus på at planlegging skal vera behovsstyrt og ikkje skal gjerast meir omfattande enn naudsynt. Kommunal planstrategi skal utarbeidast og vedtakast seinast eitt år etter konstituering av nytt kommunestyre. Fylkestinget skal i same periode vedta ein regional planstrategi som skal avklara dei regionale planbehova. Miljøverndepartementet tilrår at kommunane og fylkeskommunen etablerar rutinar som sikrar samordning og oppfølging av planoppgåver som går på tvers av kommunegrensene. Hordaland fylkeskommune har i skriv av 23.03.2012; Kommunal planstrategi - synspunkt frå Hordaland fylkeskommune, anbefalt generelle og temavise rammer for kommunale planstrategiar. Den kommunale planstrategien skal òg gjera greie for kva statlege omsyn ein skal innarbeida i planlegginga på alle nivå. Kvart fjerde år vil det difor bli utarbeida eit eige dokument med nasjonale forventningar (føringar) til regional og kommunal planlegging. Gjeldande forventningar blei vedteken ved kongeleg resolusjon 24.06.2011 (T-1497, 2011). Prosess og innhald i kommunal planstrategi Den kommunale planstrategien er ikkje ein plan. Ein skal difor ikkje vedta mål eller strategiar, men drøfta utviklingstrekk i kommunen som samfunn og organisasjon. Planstrategien skal vera retningsgjevande for kommunen si planlegging og har ingen direkte rettsverknad for kommunen sine innbyggjarar. Det kan ikkje fremjast motsegn mot ein planstrategi. Forslag til vedtak av kommunal planstrategi skal gjerast offentleg tilgjengeleg i minimum 30 dagar før kommunestyret si handsaming. Det vert tilrådd at kommunen gjer ei vurdering av behovet for medverknad og allmenn debatt ut over dette høyringskravet, men det er ikkje eit krav. Kommunestyret skal, gjennom vedtaket av kommunal planstrategi, ta stilling til om gjeldande kommuneplan heilt eller delvis skal reviderast. I tillegg kan kommunestyret ta stilling til om det i valperioden er behov for andre planar, anten det er arealplanar eller temaplanar (sektorplanar), eventuelt vurdera om det er naudsynt å revidera eller oppheva slike planar. Kommunal planstrategi kan innarbeidast og vera ein del av oppstartsarbeidet med kommuneplanen. I praksis kan då planstrategien og planprogrammet for kommuneplanen samordnast. I fall det siste vil prosesskrava til planprogram gjerast gjeldande (jf. PBL 11-13). Planstrategien kan elles bli revidert ved behov. Fjell kommune har valt å revidere planstrategien årleg, og slik passa prosessen saman med revidering av økonomiplan, årsbudsjett og handlingsplan. 9 Side27

Plansystemet i Fjell kommune På overordna nivå kan ein dela kommunen sitt plansystem inn i to hovuddelar; ein kortsiktig del som samlar den årvisse planlegginga og rapporteringa, og ein langsiktig del som samlar den planlegginga som har ein fireårig vurderingshorisont. Figur 1: Plansystemet i Fjell kommune Kortsiktig del (1-årig) Langsiktig del (4-årig) PLANSTRATEGI HANDLINGSPROGRAM HANDLINGSDEL Med handlingsprogram, årsbudsjett og økonomiplan PLANPROGRAM ÅRSMELDING KOMMUNEPLAN Arealdel På kommuneplannivået har Fjell kommune ikkje vedteke ein eigen samfunnsdel, men vedtekne kommunedelplanar for alle føremålsområda i kommunen ligg under dette punktet. Utviklinga av Fjell kommune som samfunn og organisasjon a) Eksterne tilhøve Utviklinga i Fjell kommune vert direkte påverka av både lokale, regionale og globale hendingar og tilhøve. Etter andre verdskrig er det særleg den omfattande rasjonaliseringa av næringslivet, med ei opphoping av arbeidsplassar i bysentra, som har vore viktig. Utviklinga av ein god landverts infrastruktur har definert kommunen tett inn i ein regional bustad- og arbeidsmarknad kring storbyen Bergen. Fjell kommune har i dag høgast arbeidsmarknadsintegrasjon i Hordaland. 10 Side28

Dei seinare åra har utviklinga av velferdsstaten som eit sosialpolitisk og rettspolitisk prosjekt, i tillegg til auka krav til kompetanse i næringslivet, ført til skjerpa konkurranse om arbeidskraft. For kommunane er det viktigare enn nokon gong å framstå med godt utvikla tenestetilbod og med attraktive bustadområde og arbeidsplassar. Befolkningsauken i verda, krigar og økonomiske nedgangstider har ført til ei sterkare innvandring til Noreg. Den høge nasjonale veksten vert for ein stor del kanalisert til dei store bykommunane. Ein forventa kraftig befolkningsauke i verda, med èin million fleire menneske annankvar dag, vil føra til eit sterkare press på dei landa der levestandarden er høg, deriblant Noreg. Auka mobilitet i global samanheng kan medverka til å oppretthalda det gode velferdstilbodet. Noreg er eit land der levealderen aukar, og velferdspolitikken møter nye utfordringar i høve til gjennomføringskapasitet. Samstundes representerer ei sterkare kulturell differensiering utfordringar i høve til integrasjon og demokrati. Etterspurnad etter energi har auka dramatisk som konsekvens av industrialiseringa og utviklinga av transportteknologi. Tendensen har fått globalt omfang, med tilhøyrande konsekvensar for levemiljø og klima. Mykje av klimautfordringane skuldast den høge forbruksdelen av fossilt brennstoff. b) Interne tilhøve Fjell kommune har tradisjonelt vore ein kommune med høge fødselsratar. Samstundes har kommunen frå 1970-talet vore ein populær kommune å busetja seg i for småbarnsfamiliar som ønskjer betre bustadtilbod enn dei kan få i Bergen. Samanfallet av desse to faktorane har ført til at folkesetnaden i Fjell er mellom dei yngste i landet. Dette gjev særlege utfordringar for tenestene retta mot borgarane i dei yngre aldersstega. Demografiske endringar, saman med nye levemåtar som er påverka av ein vellukka likestillingspolitikk, auka velstand og lengre utdanning, har òg konsekvensar for etterspurnaden etter hensiktsmessige bustader og buområde med mangearta tilbod. I Fjell kommune har ein dei siste førti åra satsa på å tilfredstilla etterspurnaden etter einebustader, og talet på einebustader utgjer i dag om lag 80 % av bustadmassen. Den einsidige bustadstrukturen er ikkje tilpassa dei nye bustadtrendane eller -behova. Auka velstand har fått konsekvensar for folkehelsa. I Fjell representerer livstilsrelaterte sjukdommar hovudutfordringa knytt til dødsraten i alle alderssteg over 30 år. Det er ei særleg utfordring å leggja til rettes for eit endra livsmønster med omsyn til fysisk aktivitet og kosthald. Dei store barnekulla frå 1940-talet og fram til slutten av 1960-åra vil i løpet av dei komande tiåra i større grad gjera seg gjeldande som brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester. Samstundes har betra helseteknologi og auka helsekunnskap i folkesetnaden ført til ei forlenging av levealder. Saman med eit sterkare fokus på individuelle rettar i velferdspolitikken, verkar dette direkte på omfanget av tenesteproduksjonen. I Fjell vil ein frå om lag 2018 få ein merkbar auke i talet på eldre over 80 år. Auken i talet på eldre og i auken i innbyggjartala vil òg ha innverknad på kompleksiteten i tenestespektret, og skapa behov for ei sterkare horisontal spesialisering, med tilhøyrande samordningsutfordringar. 11 Side29

Sentraliseringa av busetnaden i Fjell kommune til dei to sentra Straume og Ågotnes er i tråd med fylkeskommunale føringar om satsing på regionale sentra. Arbeidsplassutviklinga i desse to sentra er sterk. Kommunen legg difor opp til eit utbyggingsmønster som gjev minst mogleg negative effektar på klima og miljø. Endringar i busettingsmønster, sentralisering av service- og tenestetilbod, i tillegg til rasjonaliseringa av næringslivet, har ført til at dei gamle matrikkelgardane i kommunen har mista mykje av si tradisjonelle rolle som arbeids-, leve-, og buområde. Samstundes representerer desse områda, for mange, essensen i bustaddraumen for dei som ønskjer å flytta ut av dei omgjevnadene byen representerer. Kommunen har difor ei utfordring i å redefinera bygdene slik at dei kan inngå som ein del av eit fleirfunksjonelt bustadområde, i tråd med overordna retningsliner. c) Utviklinga av folkesetnaden Fjell kommune har vore ein kommune med høg vekst i folkesetnaden heilt frå dei første samla oversyna blei laga i 1769. Veksten har vore særleg tydeleg dei siste førti åra, og prognosane tilseier at veksten vil halda fram mot 2040. Fjell kommune vil då ha vakse frå 6.798 innbyggjarar i 1970, til om lag 37.600 innbyggjarar i 2040. Dette vil vera ein vekst på formidable 450 %. Figur 2. Endringane i folkesetnaden si storleik frå 1970 til 2040. Innbyggjarar 40000 35000 30000 25000 20000 15000 10000 5000 0 37616 32405 26794 21823 18178 14735 10177 6798 1970 1980 1990 2000 2010 2020 2030 2040 Forklaring: Alternativ med høg nasjonal vekst. Kjelde: SSB Dei ulike aldersgruppene vil òg endra seg i tilhøve til kvarandre. Fjell kommune vil følgja dei nasjonale tendensane med ein vekst i gruppa 67 år +, og ein nedgang i gruppa 20-66 år og gruppa 0-19 år. Verknadene vil likevel avvika noko frå den nasjonale utviklinga, sidan Fjell kommune har hatt ei særs ung befolkning. 12 Side30

Figur 3: Prosentvis endring i tal innbyggjarar etter alderskategoriar 1990-2040 % 0-19 år % 20-66 år % 67 år + 70 60 50 57,01391245 59,65452745 60,09413025 54,60793597 40 30 20 10 0 33,03993839 30,05664993 35,73125212 28,2582077 26,56016129 18,83190274 11,64766205 7,254835426 7,305534162 1990 2000 2010 2020 2030 2040 Forklaring: Framskriving med alternativ høg nasjonal vekst. Kjelde: SSB I aldersgruppa 0-19 år ventar ein at den prosentvise veksten vil vera på om lag 59 % i perioden. Den største prosentvise veksten vil koma i aldersgruppa 1-5 år, som vil auka med om lag 69 %, medan det vil vera minst vekst i gruppa 13-15 år (46 %). I aldersgruppa 6-12 år vil veksten skyta fart rundt 2015, medan for aldersgruppa 16-19 år vil den største veksten koma etter 2025. Figur 4: Forventa endring av folkesetnaden i aldersgruppa 0-19 år, 2011-2040 0 år 1-5 år 6-12 år 13-15 år 16-19 år 4500 4000 3500 3556 4053 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 2512 2379 2747 2472 2183 1634 1626 1547 1471 1590 1732 1453 1190 1103 455 510 305 2011 2015 2020 2025 2030 2035 2040 Forklaring: Framskriving med alternativ høg nasjonal vekst Kjelde: SSB 13 Side31

I aldersgruppa 20-66 år er det venta ein prosentvis vekst på om lag 57 % i perioden. Veksten vil vera størst i gruppa 20-34 år (63 %), medan gruppa 35-66 år vil auka med 54 % frå 2011 til 2040. Figur 5: Forventa endring av folkesetnaden i aldersgruppa 20-66 år, 2011-2040 16000 20-34 år 35-66 år 14000 12940 14352 12000 10819 10000 8000 6000 9311 5373 6025 6573 4000 4028 2000 0 2011 2015 2020 2025 2030 2035 2040 Forklaring: Framskriving med alternativ høg nasjonal vekst Kjelde: SSB I aldersgruppa 67 år + antar ein at den prosentvise veksten vil vera på om lag 250 % i perioden. I gruppa 80 år + vil endringane skyta fart frå om lag 2018, og gå frå om lag 550 innbyggjarar i 2011 til 2.239 innbyggjarar i 2040. Figur 6: Forventa endring av folkesetnaden i aldersgruppa 67 år +, 2011-2040 67-79 år 80 år + 5000 4500 4000 3500 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 4309 2794 2239 1781 943 585 2011 2015 2020 2025 2030 2035 2040 Forklaring: Framskriving med alternativ høg nasjonal vekst Kjelde: SSB 14 Side32