Pilotprosjekt på Voss - nye lærlingar i reiselivsfaget nytt fagområde som reiselivsmedarbeidar i Hordaland



Like dokumenter
Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i reiselivsfaget Tilhører:...

Læreplan i resepsjonsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Vurderingskriterier i reiselivsfaget

Programområde for reiseliv - Læreplan i felles programfag Vg2

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i resepsjonsfaget Tilhører:...

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3

Lønnsundersøkinga for 2014

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

INFORMASJON TIL BEDRIFTEN OM FAGET UTDANNINGSVALG

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

LOKAL LÆREPLAN FOR PROSJEKT TIL FORDYPNING ved Gjøvik videregående skole, for utdanningsprogrammet Service og samferdsel

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Styresak. Styresak 106/11 B Styremøte

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

POTENSIALET FOR REISELIV PÅ VOSS

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Vurderingskriterier i Resepsjonsfaget

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Internasjonal vidaregåande skule

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tenk framtid Bli lærebedrift

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles programfag Vg2

Pressekonferanse. Utne Hotel 25. Juni 2014

SØKNAD OM TILSKOT HALLINGDAL OPPLÆRINGSKONTOR

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

Kandidaten viser god evne til å tilrettelegge og utnytte brukerens ressurser. Kandidaten har gode holdninger, samarbeidsevner og. ne.

Ny strategiplan for Høgskulen

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Læreplan i sjømathandlarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i hestefaget Vg3 / opplæring i bedrift

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Forslag frå fylkesrådmannen

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Vurderingskriterium resepsjonsfaget Våren 2017

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3

Strategiplan for Apoteka Vest HF

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1006 Marknadsføring og sal

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Transkript:

Pilotprosjekt på Voss - nye lærlingar i reiselivsfaget nytt fagområde som reiselivsmedarbeidar i Hordaland 1. Bakgrunn og grunngjeving for prosjektideen Bakgrunn Hordaland fylke satsar på reiseliv som ei av dei viktigaste næringane i tida framover og tek mål av seg for å verta det leiande fylket i Norge innan natur og kultur opplevingar. I Hordaland Fylkeskommune sitt strateginotat for reiseliv i åra 2006-08 var auka kompetanse innan reiselivet eitt av tre satsingsområde. I arbeidet med den nye strategiplanen for reiseliv i Hordaland 2009-2015 er kompetanse eitt av fleire viktige område under kompetanse er det peika på at det er ein kritisk suksessfaktor for å sikra ei heilskapleg og vellukka reiselivsutvikling. Av tiltak under rekruttering er det spesielt nemnd at det skal jobbast med tiltak for å auka graden av faglærd arbeidskraft. Det er mange ulike behov for faglærd arbeidskraft i reiselivet alt frå kokk/servitør/resepsjonist til alle i dei mange nye natur- og kulturbaserte aktivitetsbedrifter. Næringa har eit stort kompetansebehov og NHO reiseliv sin KAS 2015 rapport om Hvordan dekke kompetanse- og arbeidskraftbehovet i reiselivet mot 2015 underbyggjer dette. Nokre stikkord frå rapporten seier at alt i dag manglar næringa 5700 tilsette på landsbasis og ein annan innfallsvinkel er at 66 % av næringa sine bedrifter meiner at tilgang til kvalifisert arbeidskraft er den viktigaste utfordring dei neste 3-5 år. Dei som kanskje har den største utfordringa i dag for å skaffa faglærd arbeidskraft er dei mange nye aktivitet-/opplevingsbedriftene innan natur og kultur. Den nye reiselivslinja under programområde service og samferdsel i Kunnskapsløftet med lærefaget reiselivsmedarbeidar som nytt fag frå hausten 2008 var tenkt å gje nye lærlingar til næringa. Men det har ikkje skjedd kan vera mange grunnar til det ei er nok at mange bedrifter er for små til å våga å ta på seg ein lærling aleine ei anna kan vera at faget er for lite kjent og mange trur det er det same som reiseservicemedarbeidaren som var det tidlegare tilnærma faget.- ei tredje årsak kan vera at dei private bedriftene tok inn lærlingar innan fagområda kokk, servitør og resepsjonist, medan det tidlegare reiseservicefaget var meir nokre få store halvoffentlege bedrifter som hadde. I Hordaland har resepsjonsfaget ei sterk forankring innan Opplæringskontoret for hotell og næring med om lag 25 godkjende lærebedrifter innan fagområdet i tillegg er nokre frittståande hotell godkjende og Forsvaret v/håkonsvern. I snitt har det i Hordaland vore tatt opp om lag 15 20 lærlingar pr år i resepsjonsfaget. I reiseservicefaget ein lærling(nsb) siste 4 åra i Hordaland. I det nye reiselivsfaget er det for tida ingen godkjende lærebedrifter eller lærlingar i Hordaland. Slik er trenden og i resten av Norge. Bedriftene i det aktivitetsbaserte reiselivet er ofte små og sesongbaserte - dette er ei utfordring for at ei enkeltbedrift skal ta på seg lærlingar i det nye reiselivsfaget. Skal ein få med bedrifter må ein gå breiare ut slik at dei kan ta deler av læreløpet i ulike bedrifter. Dette vil og gje ein mykje breiare kompetanse til lærlingen og han/ho står betre rusta til å møta arbeidslivet etter endt lærlingeløp.

Kvar lærling skal ha ein fagleg leiar - skal dette fungera i dette prøveprosjektet må det vera ein fagleg leiar på kvar av hovudbedriftene som har ansvar, koordinerar, lagar avtalar og følgjer opp lærlingen i samarbeid med dei andre leigebedriftene og Opplæringskontoret for Indre Hordaland. Å utvikla dette fagtilbodet er nypløgd mark som krev ekstra planlegging og arbeid både frå bedriftene og Destinasjon Voss. Voss vidaregaande skule har i dag elevar som ynskjer læreplassar som reiselivsmedarbeidar det hadde dei og i fjor men elevane har same problemet som i fjor at det ikkje var ein einaste læreplass å oppdriva i heile fylket. Dersom det ikkje vert gjort ein ekstrainnsats no vil dette lærefaget døy ut før det har fått starta og det vil vera svært uheldig for utvikling av reiselivsnæringa i Hordaland. I planar for Hordaland Fylke er reiselivet ei næring dei ynskjer å prioritera. 2. Hovudmålsettingar (effektmål og produktmål) Produktmål: 1. Få etablert minst to lærlingeplassar i Hordaland(på Voss) frå 1.juli 2009. 2. Utvikling av samarbeid mellom bedrifter for å laga ein heilårs læreplass basert på vinter og sommaraktivitetar pluss samarbeid med hotell og festivalar. Effektmål : 1. Auka fagkompetansen i næringa gjennom rekruttering 2. Set Voss og Hordaland i fokus for å ta fagopplæring i reiselivsfaget på alvor 3. Utfordringa for reiselivet er samarbeid lærlingeprosjektet kan brukast som ein motor for å skapa betre samarbeid mellom bedriftene. 3. Aktivitetar i prosjektet 1. Knyta kontakt mellom opplæringskontor skule næring(reiselivsbedrifter) Dette er eit viktig basispunkt i prosjektet at det vert skapt eit godt grunnlag for samarbeidsklima mellom desse aktørane - viktig med gode møteplassar der grunnlag for utviklingsprosjektet vert lagd. 2. Laga framlegg til plan for lærlingane Voss vidaregaande skule saman med Opplæringskontoret for Indre Hordaland og Destinasjon Voss lagar utagnagspunkt for ein justert fagplan for lærlingane i reiselivsfaget der samarbeid mellom bedrifter står sentralt for å kunna gjennomføra planen. 3. Arbeida med kontakt og motivera reiselivsbedrifter for å ta imot lærlingar Destinasjon Voss og Opplæringskontoret arbeider med reiselivsbedriftene for å motivaer dei til å ta imot lærlingar, samarbeida om lærlingar, få godkjent hovudbedrifter, avtalar om utleige av lærlingar mellom bedrifter, få på plass korleis den faglege oppfølginga skal gjennomførast. 4. Gjennomføring av planen Opplæringskontoret og bedriftene fylgjer opp at planen vert gjennomført og justerar, evaluerar planen etter kvart som prosjektet skri fram.

5. Samarbeid mellom bedriftene Dette er det sentrale punkt for at lærlingane skal få eit godt fagleg løp og her må det fylgjast tett opp av Opplæringskontoret og hovudbedriftene. Prosjektet med lærlingar er ein god motor for å utvikla eit endå betre samarbeid mellom bedriftene som er eit delmål i prosjektet. 6. Oppdatering av planen /evaluering Dette må skje kvart halvår i samarbeid med Voss vidaregaande skule, Opplæringskontor, Destinasjon Voss og bedriftene. 7. Leonardoutplassering Hausten 2009 og januar 2010 må det arbeidast med ein søknad om Leonardo for å få til ei utplassering av lærlingane hausten 2010. Samstundes må det arbeidast med leonardostipend for aktuelle bedrifter som ha læringar. 4. Tids- og ressursplanar 2009 - ferdig prosjektplan - møte m fagopplæring/opplæring - få godkjent prosjektplan med budsjett møte med interesserte bedrifter -. Få elevar til å søkja godkjenning av bedrifter få lærlingar på plass i bedriftene - fagleg oppfølging av lærlingen / samarbeidsmøte - arbeida med søknad leonardo 2010 - arbeida med søknad leonardo - oppfølging/justering av opplæringsmalen - fagleg oppfølging av lærlingen / samarbeidsmøte - lærlingane i leonardoprosjekt 2011 - - repr for lærebedriftene ute i leonardostipend - oppfølging/justering av opplæringsmalen - fagleg oppfølging av lærlingen / samarbeidsmøte - spreia info /ev besøk til andre destinasjonar om prosjektet Slutt 1.juli 2011 5. Organisering rapportering Styringsgruppe for prosjektet: Destinasjon Voss Opplæringskontoret for indre Hordaland Voss vid skule To lærebedrifter på Voss (ev 1 rep) Hordaland Fylkeskommune, arbeidslag reiseliv Rapportering kvart halvår-

6. Budsjett og finansiering Prosjektet er forankra i Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2009. Vil visa til pkt 4 Prioriterte Innsatsområde i 2009 A Næringsretta kompetanse - arbeidskraft, Marknadskraft. Fleire strekpunkt der vil spesielt nemna kulepunkt 2 at innsatsen skal serleg rettast mot utvikla tiltak som aukar samhandlinga mellom næringsliv og kunnskapsinstitusjonane tiltak - og kulepunkt 5 styrkja tilbod til ungdom som ynskjer fagopplæring og lærlingplass. I tillegg vil vi visa til E4 Næringar med særlege føremoner Reiseliv. Serleg gjennom kulepunkt 3 under innsatsen serleg skal rettast mot leggja til rette for at kompetanse og kvalitetsikring skal vera sentralt i heile reiselivsutviklinga. Budsjett: Utvikling av fagtilbodet 30 000 Ekstra kostnad til fagleg leiar i to år(for to bedrifter) 100 000 Koordinering mellom bedrifter 20 000 150 000 2009 50000 kr ; 2010 75000kr; 2011-25000 Finansiering: Eigeninnsats Opplæringskontoret på Voss(arbeidsinnsats) 15 000 Eigeninnsats lærebedriftene (arbeidsinnsats) 30 000 Eigeninnsats Voss vidaregaande skule(arbeidsinnsats) 15 000 Eigeninnsats Destinasjon Voss (arbeidsinnsats) 15 000 Hordaland Fylkeskommune 75 000 150 000 7. Kritiske risikofaktorer Å få nok bedrifter som tek inn lærlingar og kan samarbeida.- få elevar til å søkja lærlingeplass Dato: 12.06.2009 Prosjektansvarleg Anne Grethe Bakke Destinasjon Voss (Signatur)

VEDLEGG Læreplass i reiselivsfaget Reiseliv er eit fagtilbod på vidaregående skole Vg2, studieretning for service og samferdsel. Etter å ha gjennomført Vg2 Reiseliv ved Voss vidaregåande skule kan elevane bli lærling i reiselivsfaget eller resepsjonsfaget. Reiselivsfaget er et nytt lærefag som er meir omfattende og retter seg mot ulike reiselivsbedrifter både innan overnatting, transport, aktivitet, formidling, salg og marknadsføring. Utdrag frå læreplanen: Service- og vertskapsrolla Hovudområdet omfattar det å ta vare på kunden i det heilskaplege reiselivsproduktet. Gjeste- og kundeorientering, produktkunnskap, etikk og samarbeid med andre reiselivsverksemder er sentrale delar av hovudområdet. Tverrkulturell kommunikasjon inngår også. Vidare dreiar det seg om formidling av produkt og tenester frå eiga verksemd og samarbeidande verksemder. Sal og marknadsføring Hovudområdet omfattar sal, meirsal og gjensal av produkt og tenester og vidareutvikling av desse. Vidare dekkjer hovudområdet skriftleg og munnleg kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar ved formidling, presentasjonar og utarbeiding av marknadsføringsmateriell og heimeside. Drift Hovudområdet omfattar organisering av verksemda, samarbeidspartnarar og kjerneprodukta til verksemda. Vidare inngår daglege arbeidsoppgåver knytte til økonomi og rutinar og gjeldande regelverk Læreløp: Lærekontrakt frå 1.juli Læretid: Til vanleg 2 år. For å få eit godt innblikk i korleis heile reiselivsnæringen fungerar er det planlagt læretid i ulike verksemder. Dette betyr og at ulike verksemder kan få nytte av lærlingen sin arbeidsinnsats i eigen høgsesong Lærling år 1. Sommer Høst Vinter Vår Hotell eller overnattingsbedrift Arbeid kan vera: Servering, resepsjon, rom/reinhald, kjøkken Ein kan tenkje seg 4 dagar på vaktliste, 1 dag til andre oppgaver.( eventuelt samle opp dager, til prosjekt / festivalarbeid.) Hotell/ overnattingsbedrift. Begynnende opplæring av sal og markedsføring Arbeidsoppgåver: planlegge utflukter og aktiviteter. I lågsesongen: Jobbe saman med markedssjef Voss Resort, Voss Fjellandsby Arbeidsoppgåver: Service i skianlegg, planlegge utflukter, turaktiviteter, resepsjon, billettsalg, arrangement for grupper, skiskule. Festival Voss. Vossa Jazz, Voss Cup eller Ekstremsportveko Arbeid kan vera: planlegging, marknadsføring, gjennomføring

Lærling år 2. Sommer Høst Vinter Vår Fagprøve i juni. og etterarbeid for ein festival. Her vil eleven vere ein ekstra ressurs for festivalleinga. Hotell eller overnattingsbedrift eller aktivitetsbedrift. Opplæring i guiding. Arbeid kan vera: Servering, resepsjon, planlegging og gjennomføring av utflukter. Ein kan tenkje seg 4 dagar på vaktliste, 1 dag noko friare, så ein får arbeid med forskjellige mål i læreplanen. Praksis i utlandet 1 3 mnd. Leonardo da Vinci. Voss Fjellandsby, Voss Resort. Arbeidsoppgåver: Service i skianlegg, planlegge utflukter, turaktiviteter, resepsjon, arrangement for grupper, skiskule Hotell eller overnattingsbedrift. Førebuing til fagprøve. Jobbe med marknadsføring, heilskapleg reiselivsprodukt. Repetere og sørge for at alle mål i læreplanen er nådd. Kort informasjon om lærlingeordninga: Lærlingen jobbar 100 %, og blir sett i arbeid med ei gong, men skal ha kun 50 % lønn i heile læretida. Lærlingen har rettar og plikter som ein vanleg arbeidstakar. Bedriften mottek lærlingetilskot på ca 2400,- pr mnd for ungdom under 20 år, og ca kr 1350,- for ungdom over 20 år i heile læretida. Lærlingen skal ha ein fagleg leiar som har overordna ansvar for at lærlingen får opplæring. I tillegg skal lærlingen ha instruktør på kvar arbeidsplass. Fagleg leiar og instruktør får gratis instruktørkurs, som går over 2 dagar. Lærlingen skal ha fast veiledning ca 1 time kvar 14. dag. Lærling og fagleg leiar får alt nødvendig materiell (kvar sin perm) samt jamnleg oppfølging (lærlingesamtale minimum kvart halvår) frå Opplæringskontoret for Indre Hordaland. Opplæringskontoret har det formelle ansvaret for lærlingen i heile læretida, og gir veiledning, samt hjelp og støtte ved behov. Lærlingen skal ha utfordringar og få oppgåver som følger læreplanen, men dei skal samstundes vera til nytte for bedriften. Lærlingen skal ha eit utanlandsopphald på 1-3 mnd i løpet av læretida. Midlar til dette er henta frå Leonardo-ordningen. Utenlandsopphaldet blir tilrettelagt av Opplæringskontoret, og planlegginga er i samarbeid med lærebedrifta. Rekruttering til læreplass går gjennom reiselivslinja på Voss vidaregåande skule. Søkjarar er ungdom med kunnskap om og interesse for faget, ofte til stor nytte for bedriften. Kompetansemål i læreplanen for reiselivsfag: Desse måla skal lærlingen jobbe med i læretida:

Service- og vertskapsrolla Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne 1. kommunisere munnleg og skriftleg med kundar og gjester, også på engelsk 2. bruke enkle formuleringar på eit anna framandspråk enn engelsk i møte med kundar og gjester 3. formidle produkt og tenester frå eiga verksemd og samarbeidande verksemder ut frå dei behova kunden har 4. yte service og tilpasse kommunikasjon, åtferd og klesdrakt i møte med kundar og gjester med ulik kulturbakgrunn og nasjonalitet 5. bruke ulike verkemiddel og hjelpemiddel ved formidling av aktivitetar og opplevingar i eiga verksemd og på destinasjonen 6. planleggje og gjennomføre aktivitetar og opplevingar i det heilskaplege reiselivsproduktet 7. formidle informasjon om turistattraksjonar og hovudtrekka i lokal og nasjonal kultur og historie 8. bruke ulike informasjonskjelder og kvalitetssikre informasjon til bruk i service- og vertskapsrolla 9. planleggje og gjennomføre reiselivsopplevingar etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og ut frå omsyn til miljøet og kulturelle verdiar 10. formidle hovudtrekka i det heilskaplege reiselivsproduktet som verksemda inngår i Sal og marknadsføring Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne 1. identifisere og skildre dei viktigaste målgruppene for verksemda og deira behov 2. gjere greie for faktorar som kan påverke produktutviklinga i verksemda 3. gjere greie for hovudtrekka i marknadsplanane til verksemda 4. planleggje, utføre og dokumentere oppgåver i samsvar med aktivitetsplanane til verksemda 5. vurdere, velje og bruke verkemiddel i marknadsføringa av dei produkta bedrifta har, i samsvar med behova i marknaden, profilen til bedrifta og gjeldande regelverk 6. byggje, dokumentere og nytte kunderelasjonar i marknadsføringsarbeidet 7. initiere, gjennomføre og avslutte sal og meirsal 8. gjere greie for digitale tenester i verksemda og for utvikling av heimesida til verksemda 9. opptre i samsvar med etiske normer for sal og marknadsføring 10. bruke digitale hjelpemiddel ved sal og marknadsføring 11. utforme salsbrev og anna kommunikasjonsmateriell Drift Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne 1. fortelje om historia til verksemda, og gjere greie for mål, kjerneverksemd, satsingsområde, økonomi og organisering av verksemda 2. gjere greie for sin eigen arbeidsplass og si eiga rolle i verksemda 3. planleggje arbeidsdagen og utføre og vidareutvikle daglege rutinar i verksemda 4. samarbeide med andre aktørar for å sikre at kunden får ei heilskapleg reiselivsoppleving 5. vurdere korleis ulike faktorar kan påverke dei økonomiske resultata i verksemda 6. bruke kasse og betalingsterminalar, handtere kontantsummar, utføre oppgjersrutinar og gjere enkle valutaoverslag og kalkulasjonar 7. bruke kundehandteringssystema i verksemda ved bestillingar, endringar og avbestillingar 8. føre statistikkar og utarbeide rapportar i samsvar med dei behova verksemda har, og med gjeldande lovverk 9. bestille varer og tenester til verksemda 10. vurdere korleis den tilsette og verksemda kan medverke til ei berekraftig utvikling i eiga verksemd og i samfunnet 11. gjere greie for og arbeide i tråd gjeldande regelverk for reiselivsnæringa 12. vurdere samanhengar mellom eige arbeid, internt arbeidsmiljø, lønnsemd i avdelinga og kvalitet på reiselivsproduktet 13. gjere greie for og arbeide i tråd med rutinar i verksemda som skal sikre tryggleiken til dei tilsette og verdiane i verksemda

14. arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i reiselivsfaget, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har