Sakliste til rådsmøte 12. januar 2010.



Like dokumenter
Vest-Telemark sitt nye andlet mot verda. Visuell profil

Referat frå rådsmøte 17. februar 2009.

Forslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet

Innkalling til rådsmøte

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Sakliste til rådsmøte 12. oktober 2010.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Organisering. Prosjekteigar: Kommunane i Vest-Telemark. Styringsgruppe: Rådmennene i Vest- Telemark, ein hovudtillitsvald og eitt hovedvernombod

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsmelding for Vest-Telemarkrådet 2011

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Kviteseid kommune Kontrollutvalet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

VEDTEKT av februar 2007

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Lønnsundersøkinga for 2014

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Til deg som bur i fosterheim år

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

INTERNASJONAL STRATEGI

Innkalling til rådsmøte

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

Forstudie Næringshage i Vinje

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Tilgangskontroll i arbeidslivet

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Strategiplan for Apoteka Vest HF

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fyresdal kommune. Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Fyresdal kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Fyresdal kommunehus, møterom 2.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

Kommunikasjonsstrategi og målsetjing.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: Tid: 12:00-16:30. A.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Transkript:

Vest-Telemarkrådet Sakliste til rådsmøte 12. januar 2010. Sak 01/2010 Referat frå rådsmøte 1. desember 2009 Sak 02/2010 Strategisk Næringsplan 2007 2010, val av representant til arbeidsgruppa Sak 03/2010 Skjønnsmidlar 2010. Drøftingssak Sak 04/2010 Kollektivplan for Telemark, plan for auka kollektivtrafikk? Sak 05/2010 Prostidiakonatet 25 år. Orientering. Sak 06/2010 Vest-Telemarktreff 2010 Sak 07/2010 Felles grafisk profil for Vest-Telemark Sak 08/2010 Med argusøyne på WTO, orientering v/prosjektleiar Helge Christie Sak 09/2010 Ymse

1 Referat frå møte i Vest-Telemarkrådet 1. desember 2009. Tilstades: Regionordførar Olav Urbø, Arne Vinje, Torstein Tveito, Anne-Nora Oma Dahle, Solveig S. Abrahamsen, Bjørn Nome, Therese Hauger, Hans Kristian Lehmann, Hans Bakke, Sverre Sæter, Per Dehli, Ketil Kiland og sekretær Kjell Gunnar Heggenes. I tillegg møtte Rolf Helge Grønås og Frida Sviland frå Telemark fylkeskommune og Haldor Kaasin frå Vest-Telemark Næringsutvikling. Møteinnkalling og sakliste vart godkjent utan merknader. Sak 85/2009 Referat frå rådmøte 10. november 2009. Vedtak: Referat frå rådsmøte 10. november 2009 vert godkjent med merknad til sak 84/2009 gjeldande mogleg felles friluftsforvaltning. I vedtaket skal det føyast til ein setning som går på at Vest-Telemarkrådet vil invitere Midt-Agder Friluftsråd til eit seinare møte for å få nærare orientering om deira organisering og aktivitet. Sak 86/2009 Samhandlingsreformen, vidare arbeid. Ketil Kiland orienterte nærare om saken. Det skal i nær framtid haldast møte i rådmannsutvalet i KS-Telemark og av sakspapira til møtet går det fram at ein ynskjer å legge den eksisterande regioninndelinga til grunn i det vidare arbeidet. Dette inneber også samarbeid på tvers av regiongrensene der dette er naturleg. Det vert engasjert prosjektleiarar i kvar enkelt region, og det skal opprettast styringsgruppe og prosjektgruppe i kvar av desse. I tillegg kjem oppretting av arbeidsgrupper i dei enkelte kommunane. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringa til vitande og sluttar seg til den skisserte arbeidsmåten. Rådet legg til grunn at saken vert handsama i kvar enkelt kommune. Sak 87/2009 Landbruket i Vest-Telemark, vidare arbeid. Det låg føre notat frå rådmannsutvalet med forslag om å kome i gang med offensive tiltak raskare enn det som ligg i vedtak av 13. oktober. Vedtak: Med utgangspunkt i rapporten frå landbruksutvalet i Vest-Telemarkrådet, skal det nedsetjast ei arbeidsgruppe frå landbruksforvaltninga i kommunane som skal utarbeide ein tiltaksretta handlingsplan for landbruket i Vest-Telemark. I tillegg til tiltak retta mot næringa, skal gruppa også sjå på organiseringa av oppgåveløysinga innan landbruksforvaltninga i kommunane. Siktemålet med dette er å styrke arbeidet med utviklingsretta arbeid gjennom etablering av nye samarbeidsformer, der ein tek sikte på utnytte den samla kompetansen i regionen best mogleg, sett i høve til dei utfordringar næringa står overfor i tida framover. Som leiar av gruppa vert valt Hans Bakke og sekretærfunksjonen leggjast til VTNU.

2 Sak 88/2009 Forslag til arbeidsprogram 2010 2011, tilbakemelding frå kommunane. I tråd med vedtaket i rådsmøtet 10. november låg det føre korrigert forslag til arbeidsprogram for 2010 2011. Vedtak: Vest-Telemarkrådet godkjenner det nye forslaget til arbeidsprogram 2010 2011 med dei endringane som kom fram på møtet. Sak 89/2009 Strategisk næringsplan 2007 2010, statusrapport. Val av styringsgruppe. Det låg føre statusrapport pr. 31. oktober 2009. Dagleg leiar Haldor Kaasin i VTNU var tilstades og orienterte nærare om innhaldet i rapporten. Vest-Telemarkrådet har tidlegare vedteke at planen skal rullerast og leggast fram for Tinget for endeleg handsaming i juni 2010. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek den framlagte statusrapporten til vitande og finn det naturleg at landbruksprosjektet under sak 87/2009 Landbruket i Vest-Telemark, vidare arbeid vert knytt opp mot næringsplanen. Når det gjeld rapportens forslag om val av ny styringsgruppe finn Vest-Telemarkrådet det naturleg at gruppa får funksjon som arbeidsgruppe medan Rådet sjølv vert styringsgruppe for planen. Rådet sluttar seg til den foreslegne samansetnaden i arbeidsgruppa og legg til grunn at representanten frå Vest-Telemarkrådet vert valt på rådsmøtet 12. januar 2010 og at vedkomande går inn som leiar av gruppa. Sak 90/2009 Kollektivplan for Telemark høyringsutkast november 2009. Forslag til uttale frå Vest-Telemarkrådet. Trond Haugen frå Vestviken Kollektivtrafikk var tilstades i denne saken Frå Telemark fylkeskommune låg det føre forslag til kollektivplan for Telemark og invitasjon til å kome med uttale til denne. Regionrådsleiar orienterte nærare om planen og gjorde mellom anna greie for eit prinsipielt viktig punkt gjeldande grunnskuleskyssen og forslag om overføring av kostnadsansvar til kommunane. Det låg også føre utkast til uttale i saken. Trond Haugen orienterte nærare om kostnadsutviklinga innan grunnskuleskyssen dei siste 10 åra. Han sette også fram ynskje om å gå over til eit system med fastpris pr elev, noko som i så fall inneber trong for lovendring. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringane til vitande og godkjenner det framlagte forslaget til uttale i saken. Sak 91/2009 Prøveprosjekt med betra tilbod i fellestransporten innan TT-transporten. Olav Norem frå Norem AS var tilstades i denne saken. Det låg føre brev frå Telemark fylkeskommune med ynskje om å prøve ut eit opplegg i Vest-Telemark der fellestransporten i TT-tenesten ikkje går til næraste kommunesenter men til eit større handelssentrum, i prosjektet definert til Seljord. Vedtak: Vest-Telemarkrådet sluttar seg til prosjektet og ynskjer å delta i dette. Rådet ber rådmannsutvalet finne 2 personar frå kommunane til å delta i arbeidsgruppa med tanke på nærare utforming av prosjektet.

3 Sak 92/2009 Orienteringssaker. Talenter for fremtiden ungdom som fell utanfor. Ole Johnny Hansen frå NAV Telemark var tilstades og orienterte nærere om saken. Talet på unge under 25 år som går ut av skulen før avslutta utdanning er krafig aukande. Antal unge som kjem inn i NAV-systemet har såleis auka med 69% på eitt år. Det er ei svært viktig oppgåve å snu denne utviklinga. Vi må bry oss, finne gode tiltak og kome inn tidleg i høve til dei det gjeld. Det er mange tiltak som alt er sett i verk, men tiltaka er ikkje godt nok kjent og er heller ikkje koordinert. Konklusjonen er at vi må tenkje nytt og få til koordinering av tiltaka. Eit tillyst seminar 18. 19. november i regi av NAV, Fylkeskommunen, Fylkesmannen, NHO og KS måtte avlysast grunna dårleg deltaking. Seminaret vert sett opp på nytt i 2010 med von om betre oppslutning. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringa til vitande. Prøvebustader i Vest-Telemark. Prosjektleiar Elisabeth Lid frå VTNU var tilstades og arkitekt Sverre Sondresen deltok gjennom høgttalande telefon. Tiltaket omfattar 6 kommunar med i alt 7 bustadprosjekt. Den fyrste bustaden er no under oppføring i Øyfjell. Finansieringa er sikra gjennom bidrag frå Telemark fylkeskommune, Fellesfondet og andre kjelder. Prosjektet er omfatta med stor interesse frå media si side og er etter kvart kjent også på nasjonalt plan. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringa til vitande. Norsk Skieventyr/Telemark fylkeskommune - orientering og tankar om framtidig samarbeid. Tilstades i denne saken var Tarjei Gjelstad frå Norsk Skieventyr og Bjørn Reisz frå Telemark fylkeskommune. Tarjei Gjelstad orienterte innleiingsvis om samarbeidet mellom fylkeskommunen og Norsk Skieventyr og dei ulike prosjekta dei samarbeider om. Vidare orienterte Bjørn Reisz om det internasjonale arbeidet som Telemark fylkeskommune deltek i. Regionen vart invitert til å melde si interesse for deltaking i aktuelle samarbeidsprosjekt og gjerne inngå formelle samarbeidsavtaler med fylkeskommunen. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringane til vitande. Sak 93/2009 Ymse. Brev frå Fagforbundets hovudtillitsvalde i Vest-Telemark. Det låg føre brev frå Fagforbundets hovudtillitsvalde i Vest-Telemark der det vert vist til del B 1 i Hovudavtala gjeldande samarbeid og medbestemmelse. I brevet vert det mellom anna vist til Vest-Telemarkrådet sine vedtekter og formuleringane omkring Rådet som samarbeidsorgan på alle område og alle plan. Brevet foreslår såleis at Fagforbunda vert representert med 2 hovudtillitsvalde i Vest-Telemarkrådet. Vedtak: Vest-Telemarkrådet kan ikkje sjå at slik representasjon er aktuell problemstilling, og viser til at det er den enkelte kommune som avgjer egen representasjon i Vest-Telemarkrådets organ. Moglege tilleggssaker til møtet i Tinget 15. desember. Vedtak: På bakgrunn av at det ikkje ligg føre nye forslag til saker vert endeleg sakliste til møtet i Tinget 15. desember identisk med utkastet som vart handsama på rådsmøte 10. november.

4 Interkommunal psykologteneste. Saksdokument var sendt ut separat. Hans Bakke gjorde nærare greie for saken og viste til tidlegare vedtak i Rådet der Kviteseid kommune vart bede om å søkje midlar frå Helsedirektoratet knytt til etablering av interkommunal psykologteneste i regionen. Tilsagn ligg no føre med svært kort tilbakemeldingsfrist. Vedtak: Vest-Telemarkrådet takkar ja til Helsedirektoratets tilsagn om tilskot til modellutprøving psykologar i kommunehelsetenesten. Rådet legg til grunn at naudsynt egenfinansiering kjem på plass i dei enkelte kommunane. Brukar undersøking gjeldande kommunane sitt tilhøve til Telemark fylkeskommune. Fylkesrådmann Rolf Helge Grønås orienterte frå ei nyleg utført brukarundersøking gjeldande kommunane sitt tilhøve til fylkeskommunen. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringa til vitande. Referent: Kjell Gunnar Heggenes

Vest-Telemarkrådet Møte 12. januar 2010 Sak 02/2010 Strategisk næringsplan 2007 2010 val av representant til arbeidsgruppa. Bakgrunn. I møte 1. desember 2009 handsama Vest-Telemarkrådet sak 89/2009 Strategisk næringsplan 2007 2010 statusrapport. Val av styringsgruppe. Det vart gjort slikt vedtak i saken: Vest-Telemarkrådet tek den framlagte statusrapporten til vitande og finn det naturleg at landbruksprosjektet under sak 87/2009 Landbruket i Vest-Telemark, vidare arbeid vert knytt opp mot næringsplanen. Når det gjeld rapportens forslag om val av ny styringsgruppe finn Vest-Telemarkrådet det naturleg at gruppa får funksjon som arbeidsgruppe medan Rådet sjølv vert styringsgruppe for planen. Rådet sluttar seg til den foreslegne samansetnaden i arbeidsgruppa og legg til grunn at representanten frå Vest-Telemarkrådet vert valt på rådsmøtet 12. januar 2010 og at vedkomande går inn som leiar av gruppa. Til møtet 12. januar ligg det føre opplysningar om fylgjande samansetnad av arbeidsgruppa: Anne Aasmundtveit, Kviteseid kommune Nils Gjerde, Tokke kommune Toril Nicolaisen, Vinje kommune Edvard Nesland, Fyresdal kommune Jan Arvid Setane, Nissedal kommune Harriet Slaaen, Seljord kommune Magne Reiersen, Telemark Fylkeskommune Olav Veum, Vest-Telemark Næringsforum ---------------, Vest-Telemarkrådet Forslag til vedtak: Som Vest-Telemarkrådet sin representant i arbeidsgruppa vert valt:

Vest-Telemarkrådet Møte 12. januar 2010 Sak 03/2010 Skjønnsmidlar 2010. Drøftingssak Bakgrunn. I brev av 16. desember 2009 vert regionane invitert til å søkje skjønnsmidlar 2010 til fornyingsog omstillingstiltak. Det vert vist til at fornyingsarbeidet bør ha eit spesielt fokus på kvalitetsutvikling av tenester og effektiv ressursbruk. Såleis vil sektorovergripande prosjekt for å betre planlegging, økonomistyring og effektiviteten i den enkelte kommune, og der igjennom kvaliteten, vera særleg relevant. Vidare ynskjer ein at fornyingsprosjekt fokuserer på god etisk standard og tillitskapande forvaltning. Søknadsfrist er sett til 1. februar 2010. Ordningen med skjønnsmidlar til fornying og omstilling vil bli evaluert i 2010 og det går fram av brevet at resultatet av denne kan medføre endringar i høve til vidare tildeling. Som vedlegg til saken fylgjer ein oversikt over prosjekt i vår region som har fått skjønnsmiddel i perioden 2003 2008. I 2009 vart regionen tildelt 1 710 000 kroner fordelt på fylgjande 7 prosjekt: - Samordning og kvalitetsutvikling av tiltak retta mot barn og ungdom - Kvalitetskommune (Fyresdal). Sluttføring og erfaringsutveksling - Digitalisering av reguleringsplaner - Kommunal tenesteutvikling i det digitale samfunn (Lokal gjennomføring) - Integrert dataflyt: Sak/arkiv, kartsystem og Byggsøk - Forprosjekt uviversell utforming kommunale heimesider - Forprosjekt web-tilgang politiske møter Rådet har tidlegare sett ned ei arbeidsgruppe på 4 personar i samband med dei årlege tildelingane av skjønnsmidlar. Desse er Regionordførar, leiar av rådmannsutvalet, Børge Skårdal og regionrådsleiar. I møte 4. januar drøfta gruppa aktuelle prosjekt for 2010 og resultatet av desse drøftingane vil bli lagt fram for Rådet 12. januar.

1 Vest-Telemarkrådet. Oversikt over prosjekt som har fått skjønnsmidlar i perioden 2003-2008. 2003 Entreprenørskap i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, 2-årig prosjekt 400 Regionalt samarbeid om GAB og kart 350 Forprosjekt om barnevernsamarbeid 340 Interkommunalt samarbeid Kviteseid og Nissedal 250 Prosjektstudie elektronisk motorveg i Vest-Telemark 160 1 500 2004 Entreprenørskap i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, 2. året 400 Vest-Telemark Barnevern 500 Breiband i PP-veiledertenesten 300 Utvikling av interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark 200 Lokal forvaltning av Brattefjell/Vindeggen 200 Vest-Telemarkkonferansen 2004, Regionalt samarbeid eller kommunesamanslåing 60 Samordna bruk og drift av administrativt IT-system 490 2 150 2005 Barnevernvakt 300 Elevmønstring, born og unge som ressurs i stads- og næringsutviklinga 120 Lokal forvaltning av Brattefjell/Vindeggen 150 Avlastning funksjonshemma 50 Samordna bruk og drift av IT 800 Brannvernsamarbeid 150 Dataoppdatering kartdata 150 Telemarksvegen, sykkelrute 100 Samarbeid om legetenester 80 1 900 2006 Evaluering av Barnevernsamarbeidet 100 Vest-Telemarkbiblioteka, superbrukar felles datasystem 220 Felles sak/arkiv system 500 Seljord, språkstimulerande arbeid i barnehagane 30 Brattefjell/Vindeggen, fullføring del 2 200 Felles plankompetanse innan landbruket 300 Gjeldsrådgjevingskonsulent (ikkje disponert) 250 Felles pleie- og omsorgsprogram 300 1 900

2 2007 Innføring av nytt sak/arkivsystem 425 IT-system for pleie og omsorg 690 Nytt sosialsystem (velferd) 255 Utviklingsprosjekt betre flyt av medisinske data 170 Vidare utvikling av Vest-Telemark kartportal 85 Nytt verktøy for publisering på internett og intranett 85 1 710 2008 IT-verktøy og opplæring for turnusplanlegging innan helse/omsorg 1 307 Innføring av matrikkel programvare og opplæring (erstatning for GAB) 560 1 867

1 Vest-Telemarkrådet Møte 12. januar 2010 Sak 04/2010 Kollektivplan for Telemark, plan for auka kollektivtrafikk? Bakgrunn. I møte 1. desember 2009 vedtok Vest-Telemarkrådet uttale til kollektivplan for Telemark og slutta seg til planens overordna målsetjing om å få til eit Heilskapleg og miljøvenleg kollektivtransportsystem for alle eit system som skal vera effektivt og bidra til regional utvikling. I uttala peikar regionrådet på viktigheiten av å vidareutvikle dei eksisterande ekspressrutene Haukeliekspressen og Telemarkekspressen og trekke vekslar på den kompetanse og lokalkunnskap som finst i dei lokale kollektivtrafikkselskapa. I møte i KID-gruppa 18. desember der representantar frå dei ulike distriktsregionane var tilstades vart det opplyst at Telemark fylkeskommune i sluttfasen av høyringsprosessen ynskjer å legge sterkare føringar frå stamlinjerapporten inn i kollektivplanen. Vi refererer fylgjande frå stamlinjerapporten: Ekspressbussene utgjør i dag grunnstammen i kollektivtilbudet i Telemark. Det er lagt til rette for korrespondanse mellom de ulike ekspressbusslinjene, og det øvrige rutenettet er i stor grad bygget opp med sikte på mating av disse linjene. I dette arbeidet skal det skisseres et alternativt ruteopplegg som ser på dagens transportmarked med nye øyne. Dette innebærer at vi forutsetter at de rutene som mottar en eller annen form for offentlig støtte vil kunne endres/justeres i stor grad, og at behovet for korrespondanse med de rutene som ikke mottar støtte vurderes på fritt grunnlag opp mot andre behov. I praksis innebærer dette at vi forutsetter at stamlinjenettet også skal dekke de markeder som i dag betjenes av Rjukanekspressen og Telemarkekspressen. På bakgrunn av desse nye signala vart det utarbeidd eit tilleggsbrev der vår region uttrykker bekymring i høve til det etablerte ekspressbusstilbodet i regionen. Vi oppfattar at dei nye signala bryt med med sjølve høyringsintensjonen og er i strid med dei signal som i høyringsprosessen er gjeve frå vår region. Vi peikar i tilleggsbrevet på at vi har som målsetjing å styrkje eksisterande verksemder gjennom ulike tiltak, og at vidareutvikling av næringslivet er høgt prioritert i samband med dei overordna målsetjingane for Vest-Telemark som region. At dette også er sett opp som tema på den komande Vest-Telemarkkonferansen i februar 2010 under temaet: Nye arbeidsplassar i eksisterande bedrifter utnyttar vi potensialet? skulle understreke viktigheiten ytterlegare. Ekspressrutene er ein avgjerande del av livsgrunnlaget til Telemark Bilruter og utgjer saman med tilførselsrutene eit viktig tilbod for alle som er busett i distrikta.

2 På denne bakgrunn melder det seg nokre viktige spørsmål: - Inneber kollektivplanen at fylkeskommunen ynskjer eit konkurrerande ekspressbusnett i regionen? - Er anbod aktuell innkjøpsform for kollektivtrafikktenester også i distrikta? - Er innkjøpsform styrt av EU-reglar, kva for alternativ finst og kva tidsperspektiv har ein? - Gjer ynskjet om mest mogleg kollektivtrafikk for pengane at ein ser på Telemark Bilruter med andre augo enn det ein gjer med andre typer bedrifter der det vert lagt vekt på sysselsetting, lokalt tilhøyre, talet på arbeidsplassar og skatteinntekter til kommunane? - Er tida no inne for eit auka samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og kollektivtrafikkselskapa med tanke på vidareutvikling av eksisterande kollektivtilbod? - Skal kommunane ha tydelegare roller i samband med fastsetjing av kollektivtilboda i distrikta? Vi inviterer Telemark fylkeskommune ved fylkesrådmannen til å delta i desse drøftingane, og vi har også invitert dagleg leiar Svein Olav Straand til å orientere nærare om Telemark Bilruter, ekspressrutene og rutetilboda elles, samt dei utfordringar selskapet står ovanfor.

Vest-Telemarkrådet Møte 12. januar 2010 Sak 05/2010 Prostidiakonatet 25 år. Orientering. Bakgrunn. Prostidiakonatet i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom dei kyrkjelege fellesråda i kommunane: Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tokke og Vinje. I 2010 kan dette samarbeidet markere sitt 25 årsjubileum. Prostidiakon Eilev Erikstein har bede om eit snarleg høve til å orientere om samarbeidet og diakonatet er såleis invitert til rådsmøtet 12. januar. I tillegg til Eilev Erikstein møter også nestleiar i styret Solveig Abelone Midtgarden

Vest-Telemarkrådet Møte 12. januar 2010 Sak 06/2010 Vest-Telemarktreff 2010 Bakgrunn. Det vart arrangert Vest-Telemarktreff i Oslo både i 2008 og i 2009. Det fyrste treffet hadde underhaldning av brørne Odd og Aasmund Nordstoga og ei deltaking på heile 300 personar. I det andre treffet vart deltakinga redusert til det halve, noko arrangørane meiner grunnast mangel på trekkplaster. I notat av 4. januar 2010 ber prosjektleiarane Elisabeth Lid og Olav A. Veum om ei prinsipiell avklaring kring mogleg nytt Vest-Telemark Treff i Oslo 6. mai 2010. Prosjektleiarane viser til at tilbakemeldingane er etter måten gode. Verksemdene kjem i kontakt med ei rekkje potensielle heimflyttarar, og deltakarane ser treffet som ein viktig møtestad. Ein viser også til at arrangementet skaper auka samkjensle og har stor indremedisinsk verdi. Næringslivet i regionen har trong for å rekruttere arbeidskraft i eit langsiktig perspektiv, og erfaringane viser at tilflyttarar som kjem heim utgjer ei svært stabil arbeidskraft. Treffet i år vil mellom anna fokusere på bedrifter med relativt mange arbeidstakarar som skal gå av med pensjon dei neste 5 10 åra. Ein vil også nytte høvet til å orientere nærare om prøvebustadsprosjektet som nytt og utradisjonelt prosjekt i vår region. Treffet har eit førebels budsjett på kr. 150 000,-. Dersom Vest-Telemarkrådet gjev tilslutning til planane vil prosjektleiarane søkje Fellesfondet om finansiering. Elisabeth Lid og Olav A. Veum vil på møtet 12. januar gå nærare inn på erfaringane frå dei tidlegare treffa og orientere om planane for det aktuelle treffet 6. mai.

NOTAT: Nytt Vest-Telemark treff, planlagt dato 6. mai 2010 Til: Vest-Telemark Rådet Frå: Prosjekta: Vi snur vinden fleire folk til Vest-Telemark v/ prosjektleiar Elisabeth Lid Rekruttering av arbeidskraft v/ prosjektleiar Olav A. Veum Prosjekta ønskjer med dette ei prinsipiell avklaring kring eit mogleg nytt Vest-Telemark Treff i 2010. Av planleggingsmessige årsaker er mogleg dato fastsett til 6. mai 2010. Ein har i budsjettrammene for prosjekta arbeidsmessig høve til å legge til rette for eit treff, men vi treng økonomsike rammer for å dekke eksterne kostnader. Ein ønskjer difor ei avklaring frå VT Rådet om det er ønskeleg å planlegge eit nytt treff. Konkret søknad om stønad vil eventuelt bli fremja for Fellesfondet i deira møte 16. februar. VT Treffet har no erfaringar frå arrangementa i 2008 og 2009. I 2008 møtte det ca. 300 menneske. Vi fekk mange gode tilbakemeldingar på at folk blei positivt overraska over moglegheitene i regionen, og at Vest-Telemark sto fram som ein attraktivt stad å bu og arbeide. På det fyrste treffet bidrog bl.a. Odd og Aasmund Nordstoga. Dette skapte nok ei ekstra stor interesse, samstundes som det var ein fin måte å marknadsføre kulturen i regionen. På treffet i 2009 blei det tatt omsyn til erfaringane frå 2008. Grunna mange menneske fekk næringslivet for lite plass, og det blei vanskeleg å få ein dialog med ev. tilflyttarar. Dei som kom blei heller ikkje registrert. Det blei difor leigd eit eiget rom for utstillarar. Vi vektla i større grad å informere enn å underhalde, og valde difor å ikkje leige inn eit trekkplaster. Det blei heller ikkje servera mat. På dette treffet kom det i om lag 150 menneske. Færre besøkande må nok til ein viss grad tilskrivast mangel på trekkplaster. Erfaringane frå verkesmeden som deltok er relativt gode. Ein kjem i kontakt med ei rekkje potensielle heimflytterar, og mange meiner dette er ein viktig møteplass. Treffet skapar også ei samkjensle for dei som reiser. Ein møtast med mål om å skape positivt omdøme for regionen sin, noko som gir ein god indremedisinsk verdi. Næringslivet i Vest-Telemark har i mange samanhengar understrekt at dei har eit behov for langsiktig rekruttering. Mange arbeidstakarar skal dei neste 5 10 åra gå ut i pensjon, og behovet for stabil og kvalifisert arbeidskraft er stort. Dei aller fleste meiner det er ein stor fordel å rekruttere arbeidskraft med ein viss tilknyting til Vest-Telemark. Erfaringane tilseier at tilflyttarar som kjem heim er langt meir stabile, noko arbeidsgjevarane ofte verdset. I så måte vil eit arrangement av typen Vest-Telemark treff i Oslo treffe ei svært viktig målgruppe. Tilbakemeldingar frå besøkande er at dei ynskjer eit nytt Vest-Telemark treff. Dette er ein arena kor dei kan halde seg orientert om kva som skjer i Vest-Telemark medan dei studerar/arbeider i Oslo, og møte andre frå regionen i same situasjon. Det er ikkje mange liknande arrangement, så dette har blitt ein viktig møteplass. Framfor eit mogleg VT Treff i 2010, vil ein fokusere vidare på moglegheitane vi har i regionen. Fokus er framleis jobb og bustad: - Jobbprotalen telejobb.no vil vere i drift og klar for lansering. Ein vil også i større grad vise fram arbeidsgjevarar som representerar eit stort potensiale i høve til generasjonsskiftet vi står ovanfor. Vi trur det er særleg viktig å få fram behovet/potensialet i offentleg sektor. - Prøvebustandsprosjektet har kome langt i fleire kommunar, og vil treffe ei viktig målgruppe samstundes som det representerar noko nytt og utradisjonelt frå regionen vår.

På bakgrunn av erfaringar og tilbakemeldingane meiner begge prosjekta det er svært ønskeleg å halde fram med Vest-Telemark Treff. Kampen for å oppretthalde folketalet i Vest-Telemark, bidra til rekruttering og sikre arbeidskraft er kontinuerleg og svært viktig. Vi trur at positiv merksemd gjennom arrangement som VT Treff i Oslo er vesentleg for å skape attraksjon og kunnskap om Vest-Telemark som ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Oversikten under viser førebels budsjett. Som ein ser vil arrangementet ha behov for ei løyving inntil 150.000 kroner. Til samanlikning frå 2009, er det lagt inn eit monaleg større beløp på underhaldning. Post Sum Leige av lokale 15 000 Mat funksjonærar 5 000 Kjøp av namneliste til invitasjon 7 000 Produksjon av invitasjon 8 000 Annonsar 20 000 Leige av konferansier 20 000 Leige av fotograf 3 000 Underhaldning 50 000 Leige av buss 15 000 Uføresette utgiftar 7 000 SUM 150 000 Konklusjon: Prosjekta Vi snur vinden fleire folk til Vest-Telemark og Rekruttering av arbeidskraft, ber om VT Rådet si tilslutning til å jobbe vidare med planane om VT Treff 6. mai 2010. VT Rådet stør med det at ein fremjar søknad til Fellesfondet for å dekke eksterne kostnadane ved arrangementet. -- Vi stiller gjerne i rådets møte 12. januar for ein nærmare presentasjon av erfaringar og planar. Med vennleg helsing Vest-Telemark Næringsutvikling AS Vest-Telemark Næringsforum v/ Elisabeth Lid v/ Olav A. Veum

Vest-Telemarkrådet Møte 12. januar 2010 Sak 07/2010 Felles grafisk profil for Vest-Telemark Bakgrunn. Vest-Telemark Næringsutvikling har stått for utviklinga av felles grafisk profil for Vest- Telemark. Som bakgrunn for arbeidet ligg sentrale målsetjingar om å framstå som eit fellesskap med styrkt identitet og auka medvet omkring dei kvalitetane som finst i regionen. I møte 17. mars 2009 fekk Vest-Telemarkrådet nærare orientering om forslaget til felles profil. Rådet vedtok å sende forslaget vidare for å få synspunkt frå kvar enkelt kommune. I møte 19. mai 2009 handsama Rådet sak 42/2009 Felles grafisk profil for Vest-Telemark og godkjende det framlagte forslaget. Rådet vedtok å kome nærare attende til bruken av denne. Vest-Telemarkrådet kjem no attende til saken og i vedlagte notat Vest-Telemark sitt nye andlet mot verda vert det gjort nærare greie for den grafiske profilen. Notatet fastset rett bruk av profilen og gjeve døme på dette. Det er naturleg at Vest-Telemarkrådet står som eigar av den felles grafiske profilen og det er føremålsteneleg at ein på møtet vel ei gruppe som til ei kvar tid fastset rett bruk av denne. Ein mogleg samansetnad av gruppa kan vera: - Regionordførar Anne-Nora Oma Dahle - Leiar av rådmannsutvalet Ketil Kiland - Leiar av Vest-Telemark Næringsforum Olav A. Veum - Prosjektleiar Ole Dalen På rådsmøtet 12. januar vil Ole Dalen frå Vest-Telemark Næringsutvikling vera tilstades og orientere nærare om saken.

Vest-Telemark sitt nye andlet mot verda Visuell profil

- ei verd av mogeleghetar Dei seks Vest-Telemark kommunane ynskjer å stå fram som eit fellesskap. Målet er å styrke innbyggarane sin identitet og stoltheit, samt å gjere oss og omverda bevisste på omgrepet Vest-Telemark. Kvar einskild av dei seks kommunane som utgjer Vest-Telemark har sine særtrekk og kvalitetar, og saman utgjer dei eit mangfald langt ut over kva den einskilde kommune inneheld. Saman har vi ganske enkelt meir å tilby enn kva vi har kvar for oss. Som eit bidrag til å kunne nå dette målet har vi fått arbeid ut ein logo og grafisk profil som ved konsekvent bruk over tid vil skape attkjenning om kva omgrepet Vest-Telemark står for. I tillegg til logo består profilen av typografi (skrifttypar) og farger. Eigedomsrett til logo og profil tilhøyrer Vest-Telemark Rådet, og bruk forvaltast av Vest-Telemark Næringsutvikling. Logo og profil vil kunne nyttast av forskjellege aktørar med forskjellege behov for å eksponere fellesskap. Det er difor vanskeleg å bestemme eksakt korleis dette skal nyttast for alle aktørar, men det bør vere eit mål at flest mogeleg i det minste brukar logoen der det er naturleg. FELLESINSTITUSJONAR Når det gjeld fellesinstitusjonar som Vest-Telemark Næringsutvikling, Vest-Telemark Rådet, Fellesfondet og andre felles marknadsføringstiltak må den totale profilen med logo, typografi og fargar nyttast gjennomført. Korleis dette vert gjort kan ein lese i denne manualen. KVAR EINSKILD KOMMUNE For kommunane sin del er det viktig at kvar einskild kommune ikkje misser sin eigenart. Difor nøyer vi oss med å nytte Vest-Telemark logo saman med kommunevåpen i flest mogeleg samanhangar som brevark, konvoluttar, visittkort, stilling ledig- og kunngjeringsannonsar m.m. PRIVATE AKTØRAR Det same gjeld for private aktørar som ynskjer å flagge Vest-Telemark. Viktig i denne samanhang er det at profil og logo ikkje vert nytta utan vidare. Dei private aktørane som får bruke element av profilen må sjølv ha og bidra med kvalitetar som kjem fellesskapet sitt omdømme til gode. Logoen skal oppfattast som eit kvalitetsstempel, og då må det kun stemplast på kvalitet! Bruk av logo og andre profil element må i alle tilfelle godkjennast av Vest-Telemark Næringsutvikling. 2 Visuell profil

Logo, fargebruk og typografi Primærfarger C:25 M:40 Y:98 K:15 R: 188 G:138 B:20 C:18 M:30 Y:74 K:2 R: 214 G:176 B:84 Sekundærfarge Farge logotekst Typografi C:51 M:92 Y:0 K:55 R: 86 G:21 B:79 C:25 M:40 Y:98 K:65 R: 90 G:40 B:70 r r, Hovudfargane består av den mørkaste fargen og mellomtonen i logone, samt fargen på teksten. Desse fargane kan nyttast saman med sekundærfargen i brosjyrar, nettsider, presentasjonar, informasjonsmateriell og liknande. Typografi er en vesentlig del av den visuelle Georgia profilen, og på linje med øvrige grafiske elementer Lorum ipsum vil en konsekvent bruk av få utvalgte fonter Ibh elit volorper iritnim vendre min vent non henisi bidra til å styrke vår identitet. enim dolore velendreetum dolessissisi esenim il dolore dolessit conse quip exer secte magnacoreet Skriftsnittene som skal brukes i trykksaker wislea feugiam vendre dolent non hent loborenim. Typografi er ein vesentleg del av den visuelle profilen, og på line med andre element vil ein konsekvent bruk av få utvalte fontar bidra til å styrke er Georgia vår identitet. og YaraMax. I lengre tekster i Sum adignis voloriuscilip. trykksaker og annet skriftlig materiell er det Georgia Skriftsnitta som skal nyttast i trykksaker hensiktsmessig er Georgia å og benytte YaraMax. Georgia på I lengre grunn avtekstar i trykksaker YaraMax og anna Lorum skriftleg ipsum materiale er det hensiktsmessig lesevennligheten. å nytte Georgia YaraMax på kan grunn med fordel av lesevennleghet. Lorum YaraMax ipsumkan med fordel nyttast i overskrifter, ingressar og faktaboksar. Typografi Ibh elit volorper iritnim vendre min vent non henisi benyttes i overskrifter, undertitler, ingresser Ibh elit volorper iritnim vendre min vent non henisi enim dolore velendreetum dolessissisi esenim il og faktabokser. enim dolore velendreetum dolessissisi esenim il På internett, brevtekst, i elektroniske dokument, og i skjermbaserte presentasjonar kan YaraMax erstattast dolore med dolessit Verdana. conse Alle quip variasjonar exer secte magnacoreet (bold, kursiv, normal m.m.) innanfor skriftsnitta kan nyttast. dolore dolessit conse quip exer secte magnacoreet wislea feugiam vendre dolent non hent loborenim. Sum adignis voloriuscilip. På internett, brevtekst, i elektroniske dokumenter, og i skjermbaserte presentasjoner kan YaraMax wislea feugiam vendre dolent non hent loborenim. Sum adignis voloriuscilip. erstattes med Verdana. YaraMax Lorum ipsum Georgia Typografi er en vesentlig del av den visuelle profilen, og på linje med øvrige grafiske elementer Alle variasjonene Lorum ipsum (bold, kursiv, normal m.m.) vil en Ibh konsekvent elit volorper bruk iritnim av få vendre utvalgte min fonter vent non henisiinnenfor Ibh elit skriftsnittene volorper iritnim kan brukes. vendre min vent non henisi bidra enim til å dolore styrke velendreetum vår identitet. dolessissisi esenim il enim dolore velendreetum dolessissisi esenim il dolore dolessit conse quip exer secte magnacoreet dolore dolessit conse quip exer secte magnacoreet Skriftsnittene wislea feugiam som skal vendre brukes dolent i trykksaker non hent loborenim. wislea feugiam vendre dolent non hent loborenim. er Georgia Sum adignis og YaraMax. voloriuscilip. I lengre tekster i Sum adignis voloriuscilip. trykksaker og annet skriftlig materiell er det hensiktsmessig Verdana å benytte Georgia på grunn av YaraMax lesevennligheten. Lorum ipsum YaraMax kan med fordel Lorum ipsum benyttes Ibh elit i overskrifter, volorper iritnim undertitler, vendre ingresser min vent non Ibh elit volorper iritnim vendre min vent non henisi og faktabokser. henisi enim dolore velendreetum dolessissisi enim dolore velendreetum dolessissisi esenim il esenim il dolore dolessit conse quip exer secte dolore dolessit conse quip exer secte magnacoreet På internett, magnacoreet brevtekst, wislea i feugiam elektroniske vendre dokumenter, dolent non wislea feugiam vendre dolent non hent loborenim. og i hent skjermbaserte loborenim presentasjoner veniam. kan YaraMax Sum adignis voloriuscilip. erstattes Sum adignis med Verdana. voloriuscilip. Verdana Verdana Lorum ipsum Ibh elit volorper iritnim vendre min vent non henisi enim dolore velendreetum dolessissisi esenim il dolore dolessit conse quip exer secte magnacoreet wislea feugiam vendre dolent non hent loborenim veniam. Sum adignis voloriuscilip. Visuell profil 3

Døme på bruk av logo og profil Over visast logo. Logoen skal i all hovudsak nyttast i positiv m/skyggeeffekt. Farge undertekst: I nokre tilfelle må ein nytte logoen i svart/kvitt og i andre variantar som vist over C:9 M:98 Y:52 K:55 R: 106 G:10 B:38 4 Visuell profil

Døme på bruk av logo og profil Over visast måtar logoen kan nyttast på bilde. Kva logovariant som nyttast avheng av bildebakgrunn, men i all hovudsak er det positiv logo/m skyggeeffekt som skal nyttast, gjerne på kvitt felt om bildet krev det. Som dekorelement skal logoelementet i all hovudsak vere som kontur. Visuell profil 5

Fyresda Seljo Døme på bruk av logo og profil Næringsutvikling AS Notodden 12.12.2009 Vest-Telemark Næringsutvikling AS Granlivegen 1A 3850 Kviteseid Tlf. sentralbord: 35 06 84 00 post@vtnu.no www.vtnu.no Org.nr: 929.02.029 Navn Etternavn stilling Dir.nr. 35 00 00 00 Mob: 987 65 432 E-post: navn@vtnu.no Navn Mottaker Gateadresse 12 3216 Plassen Næringsutvikling AS Navn stilling Vest-Telemark Næringsutvikling AS Granlivegen 1A, 3850 Kviteseid Tlf. sentralbord: 35068400 post@vtnu.no, www.vtnu.no Dir.nr. 35 0 Mob: 987 6 E-post: nav Fyresdal Kvitseid Nissedal Seljord Tokke Vinje Næringsutvikling AS 3850 Kviteseid Vest-Telem Granlive Tlf. se post@v Fyresdal Kvitseid Nissedal Seljord Tokke Vinje Over visast kontortrykksaker (visittkort, brevark, konvolutt) for til dømes Vest-Telemark Næringsutvikling as 6 Visuell profil

Døme på bruk av logo og profil Næringsutvikling AS Hovedtittel inn her Plass for eventuell undertittel på denne linjen Starte næringsvirksomhet i Vest- Telemark? Duipsuscin er alit volore dolore min ulla facillan henis nulputat augueratie te estie essecte minis num deliquat. Nibh endiam, velessit in euipsustin ute modolor am il ilit prat vel erit accum et auguero od delesenis dolor aci tat, con utat landigna augiam, senim dion velit, commodi gniatie consequam incidunt ut iriustrud dolor sustrud mod ecte feuisis isciduisl eummy nons exero consequ ationse magna feugait, venit, quat. Næringsutvikling AS Granlivegen 1A 3850 Kviteseid Tlf. sentralbord: 35 06 84 00 post@vtnu.no www.vtnu.no Fyresdal Kvitseid Nissedal Seljord Tokke Vinje Over visast powerpointmal og annonse for til dømes Vest-Telemark Næringsutvikling as Visuell profil 7

Vest-Telemarkrådet Møte 12. januar 2010 Sak 08/2010 Med argusøyne på WTO, orientering v/prosjektleiar Helge Christie. Bakgrunn. I februarmøtet i 2008 sa Vest-Telemarkrådet ja til å delta i prosjektet Med argusøyne på WTO under leiing av prosjektleiar Helge Christie. Prosjektet har som målsetjing å fylgje med i WTOforhandlingane, ha påverknad på desse og bidra til best mogleg resultat for regionane. På møtet vart Arne Vinje valt som Vest-Telemark sin representant til ei arbeidsgruppa rundt prosjektleiaren. I møte 21. april 2009 handsama Vest-Telemarkrådet sak 35/2009 Med argusøyne på WTO midlar til vidareføring av prosjektet, der det vart gjort slikt vedtak: Vest-Telemarkrådet seier ja til vidareføring av prosjektet og løyver kr. 20 000,- til føremålet. Rådet legg til grunn at det vert gjeve god informasjon til samarbeidspartane, og at det vert arbeidd systematisk i prosjektgruppa. Ein vil invitere prosjektleiar Helge Christie til eit komande møte i Rådet eller Tinget. Vest-Telemarkrådet har invitert prosjektleiar Helge Christie til møtet 12. januar der han vil gje nærare orientering om sitt arbeid.