SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkivsaksnr.: 07/2570 Arkiv: F40 Regionalt barnevern - høyring Tilråding: 1. Sogndal kommune ønskjer at det vert etablert ei vertskommuneløysing i høve barnevernet. 2. Ei vertskommuneløysing må utgreiast nærare, anten i regi av Sogn regionråd eller i regi av dei kommunane som måtte ønskje ei slik løysing. 3. Sogndal kommune legg til grunn at ei vertskommuneløysing får tilstrekkeleg tilslutning hos nabokommunane i regionen. Kommunen kan vere vertskommune for ei slik ordning. Prenta vedlegg: 1. Rapport om Interkommunal barnevernteneste i Sogn, team-modellen Fase II/Forprosjektet Mai 07. 2. 25.08.07: Notat om Samarbeid om barnevern. Rådmannsgruppa i Sogn regionråd. Uprenta vedlegg: 1. 01.12.05: Notat Interkommunalt barnevern (rapport etter forprosjekt fase I) 2. 01.05.06: Prosjektplan barnevern 2006-07 3. 30.11.06: Referat frå oppstartsmøte (start av arbeidet med forprosjekt fase II). Saksutgreiing: Bakgrunn: Kommunane i Sogn regionråd har sida juni 2004 arbeidd med å få etablert eit samarbeid innan barnevern. Overordna mål har vore å sikre innbyggjarane i Sogn ei forsvarleg barnevernsteneste i høve til utvikinga i samfunnet. To sentrale delmål har vore samarbeid om kjøp og innføring av felles fagsystem, samt gjennomføring av eit delprosjekt der ein skulle kartleggje om det var mogleg å få til eit interkommunalt tenestesamarbeid. Innføring av felles fagsystem er gjennomført. Prosjektet tenestesamarbeid kalla barnevernsprosjektet har hatt ein prosess delt opp i tre fasar: Forprosjekt fase I Rådmannsgruppa var styringsgruppe, og i prosjektgruppa sat fagpersonar frå kvar kommune. Frå Sogndal kommune deltok tenesteleiar sosiale tenester og barnevernsleiar. Prosjektleiar var Erik Kvåle i regionrådet og dagleg leiar for regionrådet var sekretær. Arbeidet resulterte i eit notat om interkommunal barnevernteneste lagt fram for rådmannsgruppa i desember 2005. Notatet var grunnlag for vurdering av interkommunal barnevernteneste der ulike måtar å organisere samarbeid på vart introdusert. Forprosjekt fase II
Med grunnlag i notatet tilrådde styringsgruppa/rådmannsgruppa vidare arbeid med ein team modell. I møte 12. mai 2006 gjorde rådmannsgruppa vedtak om prosjektplan for gjennomføring av fase II i forprosjektet, og eit hovudprosjekt som fase III. I vedtaket 12. mai 2006 presiserte rådmannsgruppa at modellen måtte gje økonomisk effekt ved at ein reduserte kostnadene ved kjøp av eksterne tenester, og fagleg ved at ein oppnår kompetanse/ spesialisering som kommunane ikkje har høve til åleine. Vedtaksmynde skulle framleis ligge lokalt i kommunane. Vedtaket i rådmannsgruppa vart forankra i regionrådet i møtet 01.09.06 med eit slikt vedtak: Det vert arbeidd vidare med interkommunalt samarbeid om barnevern i Sogn. Kommunal eigendel på inntil 320 000 til planlegging og etablering av interkommunalt barnevernteam i Sogndal vert lagt inn i budsjettet for Sogn regionråd for 2007. Etablering av teamet føreset endeleg vedtak i kvar kommune basert på nærmare utgreiingar og planar som gjev grunnlag for å vurdere kvalitative og kvantitative gevinstar ved ei slik etablering. Årdal kommune reserverte seg mot å vere med i ei interkommunal barnevernteneste. Med grunnlag i vedtaket i regionrådet vart det 30.11.06 gjennomført oppstartmøte i Sogndal med gjennomgang av mandat og etablering av prosjektgruppe. Sidsel T. Natland vart tilsett som prosjektleiar i 50% stilling for fase II av forprosjektet. I denne fasen skulle ein sjå konkret på korleis eit interkommunalt barnevern team kan fungere, med vurdering av arbeidsoppgåver og samansetjing av teamet. Det vart sett ned ei prosjektgruppe med desse medlemane: Hanne Veum (Sogndal), Karen Steingildra (Aurland), Ingrid S. Sunde (Balestrand), Alf Årethun (BUF-etat), Jens Tore Eggum (fylkesmannen i Sogn og Fjordane) og Sidsel T. Natland (prosjektleiar). Prosjektgruppa leverte rapporten sin i mai 2007 (jf. vedlegg 1). Arbeidet og rapporten frå prosjektgruppa tek utgangspunkt i eit mandat som byggjer på at ein i fase I konkluderte med at ein skulle gå vidare med ein team modell. I dette ligg: Kvar kommune held fram med å ha ein administrasjon og ein leiar for dei arbeidsoppgåver som fell inn under Lov om barnevernstenester. Ansvar og mynde for ei sak skal ikkje delegerast vekk til ein annan kommune eller til ei interkommunal teneste. Det vert etablert eit interkommunalt team med minst 3, helst 4 erfarne barnevernsarbeidarar i 100 % fagstillingar. Teamet vert organisert slik at kvar kommune bidreg med ein stillingsressurs. Denne bør vere i høve til storleiken på kommunen når det gjeld innbyggjartal og tal barn. Teamet tek i mot oppdrag frå leiaren av i barnevernet i kommunane. Det er kommunen sjølv som gjer endelege vedtak i saker. Lokalisering er Sogndal. Prosjektgruppa har under dette utgreidd 2 alternative team modellar: I modell 1 gir deltakarkommunane frå seg tilsette i si barnevernsteneste. Om ein kommune gir frå seg 30 % stilling har denne kommunen ein barnevernsarbeidar som arbeider ca 6 dagar pr. md. i teamet. Med denne organiseringa vil kommunen vere fast representert i teamet slik at kommunen ikkje opplever å miste ressursen, samt at kommunen har arbeidsgjevaransvar.
I modell 2 gir deltakarkommunane frå seg ein stillingsressurs til teamet, som ikkje er knytt til bestemte tilsette. Stillingane må lysast ut og det må avklarast om barnevernsarbeidarar frå deltakarkommunane skal ha førerett. Ein slik modell vil bety at ein får et team av fast tilsette barnevernsarbeidarar der ein av dei har leiarfunksjonen. Tilsetjingsmynde og arbeidsgjevaransvar vil med denne modellen ligge ein annan stad enn i kommunen. Prosjektgruppa rår til er at det vert arbeidd vidare med team- modell 2 i eit hovudprosjekt med prosjektperiode på 3 år. Notat frå rådmannsgruppa: Etter at rapporten frå fase II kom, utarbeidde rådmannsgruppa eit notat som inngår som vedlegg til prosjektrapporten (jf. vedlegg 2). Det vert i notatet peika på utfordringar med team modellen, mellom anna at etablering av NAV kontor gjer at mange kommunar sit att med småe barnevernseiningar. Rådmannsgruppa ba difor om at eit tredje alternativ med to variantar vart utgreidd. Kommunane kjøper dei tenestene dei ønskjer frå teamet. Det må opprettast avtalar med kommunane med ein viss grad av langsiktigheit. Prisen på tenestene kan ta utgangspunkt i ein timepris basert på kostnadene til løn og administrasjon (reise, kontorhald m.m.). Formelt vedtak vert gjort i den einskilde kommune. Kostnader knytt til tiltak er kommunen sitt ansvar. Kommunane som ønskjer det, kan overføre barnevernstenesta til teamet (vertskommunemodellen). Her vil vedtaksmynde verte delegert frå rådmannen til leiar for teamet, og det vil såleis vere viktig å sikre gode økonomiske rutinar slik at t.d tiltak som får økonomiske konsekvensar ut over budsjettet, må avklarast med rådmannen i forkant. Utgangspunktet for begge desse variantane er eit team med fast tilsette der lokalisering og arbeidsgjevaransvar vert lagt til ein kommune. Fase III Neste fase vil vere detaljplanlegging, etablering og implementering av eit regionalt barnevernssamarbeid. Denne fasen vert eventuelt sett i gang etter at saka har vore på høyring i kommunane og regionrådet har handsama saka. Saka er no til høyring i kommunane med høyringsfrist 31.12.07. Saka skal deretter handsamast i regionrådet. Høyringsdokument er rapport frå Fase II/forprosjektet og notat frå rådmannsgruppa dagsett 25.08.07. Vurdering: Rapporten frå fase II og notatet frå rådmannsgruppa gjev to hovudalternativ: Team modell Vertskommunemodell Hovudskilnaden på dei to modellane er: 1. Ved ein team modell vil det ikkje bli overført mynde frå kommunane til teamet og alle vedtak må gjerast i den einskilde kommune. Dette betyr at kvar kommune må ha ei fullt ut operativ
barnevernsteneste. 2. Ved ein vertskommunemodell vert mynde overført slik at ein ved dette kontoret kan gjennomføre sluttført sakshandsaming, og eventuelt ta saker vidare. Tilsette ved barnevernskontoret i kvar kommune vert ved ein slik modell overført til eit felleskontor (vertskommunen). Vurdering av team modellen Det kan vere ein fordel ved denne modellen at kommunen beheld vedtaksmynde, og dermed større grad av kontroll og nærleik til barnevernsarbeidet. I tillegg vil ein ved å oppretthalde eit lokalt barnevernskontor sikre nærleik og tilgjengelegheit for tenestemottakarar samt lokal kunnskap for tilsette. Samstundes kan nærleik og vere ei ulempe i krevjande saker. Dei viktigaste ulempene ved ein team modell er truleg at småe kommunar, som allereie i dag har småe fagmiljø, vil sitje att med eit særs lite barnevernskontor. Dette fordi ein får både ei overføring av ressursar til NAV-kontora og til det interkommunale teamet. Konsekvensen er at eit allereie lite og sårbart fagmiljø vert ytterlegare svekka. Dette vil vere uheldig, ikkje minst sett i lys av at ein skal handsame særs krevjande saker og at tal saker er aukande. For å unngå dette må det truleg tilførast friske midlar, slik at ein kan etablere eit team utan at dei lokale kontora vert svekka. Dette kan gje auka kostnadar, noko som ikkje er i tråd med føresetnadane. I tillegg kan team-modellen bli uryddig i høve ansvarsliner, roller og saksgang. Kva saker skal leggast til teamet og når skal sakene leverast attende til lokalt kontor for sluttføring og vedtaksskriving? I dag har ein òg fleire eksterne fagmiljø som arbeider mot lokale barnevernskontor, og eit nytt team kan komplisere bildet. Reint administrativt vil det vere utfordringar knytt til arbeidsgjevaransvar og korleis utgifter skal fordelast til teamet mellom kommunane (tal saker, tal barn under 18 år, regionrådet sin faste fordelingsnøkkel mv). Vurdering av vertskommunemodellen I ein slik modell vil tilsette ved barnevernskontora i kommunane bli overført til eit felleskontor. Fordelar med denne modellen vil vere tydeleg mynde, arbeidsgjevaransvar og roller, samt eit stort fagmiljø. Ein vert mindre sårbar (mindre turnover, kan etablere vaktordningar, enklare ferieavvikling, mindre problem ved sjukefråvær osv) og kan byggje opp kompetanse som kan møte aukande utfordringar i høve tal saker og kompleksitet. Det skal i utgangspunktet ikkje gje auka kostnadar. I dette ligg og at ein i eit kompetent fagmiljø skal kunne handsame vanskelege saker utan å i stor grad måtte nytte ekstern hjelp. Ein viss ulempe kan vere større avstand til tenesta for tenestemottakarane og at sakshandsamarar har mindre lokalkunnskap. Men dette kan også, i nokre tilfelle, vere ein føremon. Dette kan møtast med god planlegging. Arbeidsforma innan barnevern oppsøkande verksemd, heimebesøk m.m. tilseiar at det burde vere mogleg å få til godt kontakt mellom barneversmedarbeidar i vertskommunen og samarbeidspartar i den einskilde kommune. Vest-Telemark og Midt-Telemark har positive erfaringar med slike felleskontor og nyleg har HAFS regionråd tilrådd kommunane å etablere felles barnevernskontor for 4 kommunar med Fjaler som vertskommune. Gjennom KS sitt nettverk har vi òg vore i kontakt med Odda som
er vertskommune for Hardanger barnevern. Dei starta med å planlegge samarbeid rundt ein team modell, men gjekk i løpet av prosessen over til ein vertskommunemodell. Ei ny lovendring gjer det enklare å etablere ei vertskommuneløysing på dette området. Tidlegare måtte ein ha såkalla forsøksstatus. Det er ikkje lenger naudsynt jf. nytt punkt i kommunelova 28a 28 k. Statlege styresmakter har òg peika på at barneverntenesta i små kommunar kan få svært små fagmiljø når delar av sosialtenesta vert overført til NAV kontoret og at eit vertskommunesamarbeid kan vere ei god løysing. Rådmannen si vurdering Barneverntenesta i Sogndal har i dag 3 heile stillingar i tillegg til den tida tenesteleiar nyttar. Ressursane og arbeidsoppgåvene er ikkje påverka av at vi har etablert NAV kontor. Sogndal kommune bør i utgangspunktet vere positiv til eit interkommunalt samarbeid om barnevern. Det vil òg styrke vår eiga teneste. Etter rådmannen si vurdering vil den mest tenlege modellen for Sogndal kommune vere vertskommunemodellen. Ein slik modell vil gje best stabilitet og eintydige rammevilkår og dei beste vilkåra for å byggje opp eit kvalitativ god teneste. Det vil òg vere den mest økonomiske modellen. Det vil nok likevel vere behov for å styrke tenesta fagleg mellom anna for sikre auka kompetanse og spesialisering og slik redusere behovet for kjøp av eksterne tenester. I team modellen var det lagt til grunn at teamet skulle leggjast til Sogndal. Utifrå geografi og storleik er det òg naturleg at Sogndal vert vertskommune. Når det gjeld team modellen er det vanskeleg å sjå at denne modellen gjev monalege forbetringar i høve dagens organisering. Kostnaden ved å etablere eit slikt team vert truleg større enn nytten. Ei vertskommune løysing må greiast ut nærare av Sogn regionråd eller i regi av dei kommunane som måtte ønskje ei slik løysing. Om naudsynt vil Sogndal kommune kunne ta på seg å gjennomføre eit slikt utgreiingsarbeid. Sogndal, 20.11.07 Jostein Aanestad rådmann