Oppsummering etter seglinga med Visundlauget oktober 2007

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Oppsummering etter seglinga med Visundlauget oktober 2007"

Transkript

1 Oppsummering etter seglinga med Visundlauget oktober 2007 Først vil eg takke for dei fine dagane hjå dykk i haust. På grunn av dykk og turen til Kråkerøy har Østfold vorte meg ein kjær stad som får meg til å tenkje på grøderik jord, spanande historie, trivelege folk og ein fin øygard og skjergard. Eg vart også veldig begeistra for båten dykkar. Visund er ei perle, og de hadde gjort rett i å ta dykk lange turar langs kysten for eigen del, og for at fleire av oss kystbuarar skal få sjå og kanskje prøve båten dykkar. I dette skrivet har eg teke med ein del av dei tinga vi gjekk gjennom og somme ting de lurte på. Noko er også heilt sikkert velkjend stoff, men de får berre lese det de tykkjer er nyttig. Skrivet er meint som repetisjon av det vi var gjennom i løpet av kurset. Odd etterlyste mellom anna noko om heising av segl i hardt ver og vedlikehald. Både Odd, Rannveig og Eivind ynskte seg ein bolk om kommunikasjon om bord og standardiserte varsel. Henning, Liv og Per ville lære konkrete handgrep og prosedyrar. Henning ville lære seg fleire omgrep knytt til segling, og Liv hadde særleg ynskje om tips til segling med færing og barlasting. Eivind ville lære meir om trimming av segl, rigg og skrog. Eg har prøvd å skrive noko som femnar alle ynskje, men noko er sikkert litt lettvint behandla. Viss de har spørsmål eller kommentarar er de meir enn velkomne til å ringe eller skrive til kjetil@nynorsk.no Varsel I den norske råsegltradisjonen er hierarkiet viska ut. Vi er i same båt. Vi skal overleve, og lagnaden er lik for alle. Høvedsmannen (mann i dette tilfellet tyder menneskje jmf. manneætta (menneskeheten) og man i skyldspråket engelsk) talar på vegne av livsdrifta i alle. Han kommanderer ikkje. Han varslar. Desse varsla bør vere standardiserte slik at ingen er i tvil om kva som skal gjerast, og korte for at reaksjonen skal kunne kome fort. Då eg var med dykk i haust arbeidde vi oss fram til slike funksjonelle varsel. Her fylgjer ei oversikt over desse varsla. Ta høgde for at eg kan hugse feil. Bli i så fall innbyrdes samde om kva de heller skal bruke. Ro ro. Viss det er naudsynt å presisere kven som skal ro seier vi til dømes: Ro overalt eller Styrbord ro. Slik presisering brukar vi også saman med dei etterfylgjande manøverane viss det ikkje er innlysande kven som skal gjere kva. Skåt skåt. 1 / 8

2 Hvil kvil på åra med bladet over vatnet. Gjerne i same høgd i der folk kan sjå oss. Stryk brems med bladet i vatnet. Godt rodd! Roinga er ferdig, pakk årene og gjer klar til neste steg (segling eller fortøying). Pass på at årene ligg ute av vegen og under alle tau. Vi har ikkje snakka om standardiserte varsel for fortøying. Her gjeld det heller å øve inn ei forståing av praktiske og sannsynlege måtar å fortøye ulike situasjonar. Høvedsmannen må tenkje framover og planleggje fortøyinga i god nok tid. Han må også taka høgde for at mannskapet skal ha tid til å gjere klar fendrar, fortøyingstau og ikkje minst anker/dregg med kjetting og lang nok tamp. Høvedsmannen må vere dyktig til å gjere seg forstått i stressa situasjonar med presise varsel om kva som skal gjerast. Dette gjeld også i andre situasjonar der standardvarsel manglar. Døme på varsel når vi nærmar oss ei ukjend uthavn i frisk bris, men smul sjø mot berget vi planlegg å ligge inntil: Gjer klar anker på styrbord. Klar med landtau og fendrar framme og atte på babord. Klar med to par årer attom mastra til å bremse og manøvrere når seglet kjem ned. Hald utkikk med botn og meld frå til kva retning vil skal styre for å unngå grunnstøyting. Det ser litt ureint ut på kartet. Klar med seilet halskaren som har hovudansvaret framom mastra sit på plassen sin med liket i nevane og svarar klar med seilet når han ser folk er klare. Så sant det er plass skal seglet alltid heisast med vinden frå sida (halvvind) slik at halskaren greier å halde seglet skjelvande ved å styre liket slik at det er lett å heise. Han får hjelp av brasen, slakk priar og skaut (skjøte). Halsen skal alltid vere fast når vi heisar segl. Rev seglet høveleg til vinden før de heisar det. Heis seil seglet skal opp så fort som mogleg og draget festast slik at bras, priar og skaut kan fylle seglet og gi båten fart og stabilitet. Det er viktig å forkorte tida ein ligg i ro. Rev seil draget lausnast og firast samstundes som bras, priar og skaut lausnast til seglet er skjelvande. Halskaren dreg seglet nedåt og set halsen fast, skautkaren (eller nokon som hjelper han) set skautet opp i høveleg klo. Viss priaren også kan hektast opp gjer midtromsmannen dette. Knyt revbanda. Heis seglet til framliket er godt stramt og råa peikar ned framme, set fast draget og fyll seglet med bras, priar og skaut. 2 / 8

3 Rev ut knyt laus revbanda. Løys skautet ut av kloa og gjer det klart. Hald seglet skjelvande. Slepp opp halsen samstundes som seglet heisast opp. Sett fast draget og fyll seglet. Ta i hop seglet skal ned. Fri skaut, priar, bras og boline. Halskaren riv seglet ned etter framliket. Midtromsmannen kastar seg på rakketrossa/nedhalaren. Dette skjer på få sekund. Det gjeld å vere klar. Halsen på babord/styrbord halskaren set halsen fast på losida. Viss ikkje høvedsmannen presiserer skal halskaren vurdere kor langt fram halsen skal stå. Viktig å få halsen godt nedåt på fremsten. (Lerretet under stikka) høvedsmannen vil at halsen skal så godt nedåt at ein snipp av sjølve seglduken kjem nedunder seglstikka. Ikkje mogleg på båtar med smett i staden for stikke. Hver til sitt høvedsmannen ser at ikkje alle er årvakne og oppmerksame på kva som snart skal skje. Alle passar oppgåvene sine. Pass på (vi går over) stagvending. Vi styrer opp i vinden medan vi flatar seglet med skaut, priar og bras. Seglet bakkar og legg seg på mastra. Når båten stoppar framdrifta gjennom vatnet legg vi styret om. La gå la gå bolina. Bras rundt. Sett ny hals. Fast halsen er fast. Høvedsmannen kvitterer med same Fast! Fyll seglet. Pass på, vi går under kuvending. Vi dreier unna vinden og fylgjer etter med å fri bolina, stikke i priar, skaut og bras. Når vi står rett unna frir vi halsen og set ny med ein gong. Fast. Vi held fram dreiinga og fylgjer med i bras, priar og skaut til vi er på kursen. 3 / 8

4 Sett stram. Stikk slakk ut. Fri gjer heilt fri (døme: fri bolina eller fri halsen). Signatet høvedsmannens varselom å taka signatet i bruk for å avlaste halsen viss halskar/framromsmann ikkje har tenkt på det sjølv. Stram vant i le ikkje alle vanta på ein gong. Her gjeld det å vere ute i god tid slik at vi slepp å bale mykje med dette når det verkeleg byrjar å røyne på. Arbeid raskt. Viktig at alle vant blir ferdig (jamnt) stramma før vending. Prosedyrer og omgrepsforklaringar Prosedyrer for segl opp, segl ned, reving, stagvending og kuvending er allereie skildra ovanfor. Stramme stag dette gjer vi etter behov ved å henge i det ein staget medan vi strammar det andre. Stram annankvar gong til vi ikkje får meir. Ta ut tvinn dette gjer vi for at taua skal bli enklare å handtere og for å forbygge "kink i taua. Vi kastar tauet ut etter båten og dreg det gjennom sjøen til det er daudt. Tek kort tid. Gjer det heller ofte enn lenge. Telne tau festa langs ein kant for å gjere han sterk. Døme: blytelne og flytetelne i garn, eller telna langs kanten på seglet. Lik å sy telne på seglduken kallast å like (av å gjere lik kortare telne til lengre duk slik at seglet får bus). Liket er difor samanføyinga av telna og duken eller kanten av seglet. Vi snakkar ofte om at framliket skal vere stramt, særleg når vi seglar bidevind. 4 / 8

5 Priar/prier tau festa med ein hanefot til midten av underliket som har fire oppgåver; hjelpe til med å få inn skautet, regulere busen i seglet, halde framste halvdelen av seglet fylt for styring og framdrift når vi slepp skautet i ei rosse og dessutan til å dra underkanten av seglet ned og inn mot mastra i unnavind for å auke seglarealet og minke luftlekkasjen under seglet. Skaut/skjøte tau festa til nedre bakkant av seglet. Rosse felt med sterkare vind. Synleg på grunn av mørkare farge på vatnet. I rossene kan vinden ha ein annan retning Bidevind frå nederlandsk bij de wind ; ved vinden eller tett til vinden. Segle tett til vinden. Halvvind vinden inn frå sida. Slør vinden inn på skrå attanfrå. Rom vind relativt omgrep som seier noko om at vi har manøvermonn i båe retningar. Spiss vind vi har lite å gå på til lo. Nær bidevind. Vi kan snakke om at vinden rommar eller spissar. Logjerrig båten søkjer opp mot vinden. Vanskeleg å få båten til å falle av. Avfeldig båten søkjer vekk frå vinden. Vanskeleg å halde opp mot vinden. Oppgåvefordeling med ulikt store mannskap 5 / 8

6 To kyndige seglar båten med hjelp av ukyndige passasjerar. Dette er ein relevant situasjon for alle båtar/båtlag som vekkjer interesse blant opplevingshungrig publikum. Her gjeld det å lære medseglarane så mykje som mogleg og gjerne raskt sjå kven som er interesserte og handfaste nok til å investere litt ekstra tid til opplæring av dei. Dette vil auke tryggleiken for alle og utbyttet for medseglarane. Dei kyndige deler båten mellom seg med ansvarsområda framom og attom mastra. Høvedsmann og halskar. Høvedsmannen (og dei som hjelper han etter instruksjon) styrer, brasar, ausar, har skautet, draget, nedhalaren/rakketrossa, priaren, navigasjon, vant og fortøying. Halskaren og hjelparane har hals, boline, utkikk og anker/dregg. Tre stykker seglar båten (for ein båt som Visund er dette minste tilrådelege mannskap, og då helst berre i vindstyrker under 10 m/s). Vi har høvedsmann, midtromsmann og halskar. Midtromsmannen hjelper høvedsmannen med draget og fortøying og tek over vant, priar, ausing, nedhalar og navigasjon. Ellers som over. Fire stykker seglar båten (desse fire vil kunne handtere Visund under dei fleste høve, men blir framleis for få til tung roing). Vi har høvedsmann, skautkar, midtromsmann og halskar. Skautkaren tek skautet og hjelper midtromsmannen på draget, med ausing og fortøying. Elles som over. Fem stykker seglar båten. Vi har høvedsmann, skautkar, midromsmann, halskar og framromsmann. Oppgåvefordeling som over bortsett frå at framromsmannen tek seg av bolina, signatet og utkikk og hjelper til med anker og fortøying. Sett (også kalla trim) Barlast (ballast) gjer at båten ligg djupare i vatnet og fribordet blir mindre. Dette gjev fleire effektar: skroget får betre feste i sjøen, blir mindre utsett for vindpress og gjev båten meir stabilitet. I tillegg kan vi manipulere balansen (settet eller trimmen) med plasseringa av barlasta. For dei fleste båtar er rett sett når han hallar om lag ei grad ned i bakkant, altså at båten ligg litt på hælen. Det oppnår vi med å legge hovudtyngda av barlasta i området attom mastra. Få båtar treng barlast framom mastra. I tillegg kan vi også slenge nokre steinar lenger att i båten viss det trengst. Det er viktig at hovudtyngda kjem nær midten av båten slik at skroget lett fylgjer sjøen opp og ned. Tung framskott er gift! Då blir framskotten som hammaren og båten som skaftet. Framskotten slår ned i sjøen, men flyt ikkje opp når neste båre kjem. Folketyngda verkar på same vis som steintyngda inn på settet. Tenk på kor du plasserer deg i båten. Dette er enno viktigare i ein liten båt. Når båten ligg rett på sjøen handlar det om å få båten på sett med segl. Det vanlegaste problemet er at båten er logjerrig. Det kan vi løyse med antan å flytte vekta i båten attover eller å flytte seglsenteret framover. Det er grenser for kor mykje vekt vi vil ha atti båten. Vi bør heller flytte seglsenteret ved å stage mastra fram 6 / 8

7 innimellom. Det er lett å stramme vant i le. Når vi gjer det gong på gong kjem toppen av mastra attover. Styret på Visund og andre råseglbåtar er veldig lite i høve til våt flate. Det er avhenging av god balanse i skroget for å virke. Viss de merkar tendensar til logjerrig båt allereie i lite vind ( 5 m/s) veit de at det kjem til å bli eit problem å styre båten i 10 m/s. Båten blir meir logjerrig ved aukande krenging på grunn av at seglsenteret (punktet for summen av trekkraft) beveger seg lenger til le for senterlinja i båten. Viss båten er avfeldig er det teneleg å flytte vekt fram og stage mastra attover. Båten bør ikkje vere avfeldig. Det tyder som regel at noko er gale antan med masterplasseringa, barlastinga eller styret. Vi skal også vere merksame på groe under båten. Vedlikehald av båt og rigg. Visund er ein staut båt. Ny, velbygd, sterk og med befriande god plass om bord. Difor gjer de vel i å taka godt vare på han. Godt vedlikehald og enkle, men konsekvente rutiner kan auke levetida og bruksverdien mykje. Ikkje sand i båten, og ikkje trakk på tau eller segl Sand i båten legg seg i suene mellom borda og i eventuelle sprekker i borda når desse gisnar i sola. Når dei trutnar att blir dei ikkje heilt tette på grunn av sandkorna som ligg i sprekkene. Dette problemet ballar på seg. Sand i tauverk og segl ligg og slit på desse, ofte utan ytre teikn til skade. Plutseleg, og alltid når det passar veldig dårleg, ryk desse svekka taua. Vi skyl av støvlane/skorne før vi går om bord. Smør med talg der det skal smørjast Skauthol, bolineblokk, priarblokk, hunbora (holet til draget gjennom mastra) og årehol er typiske plassar som slitest veldig mykje saktare viss vi smør med talg. Det gjeld også tauet som glir gjennom holet. Smøring er ein del av det daglege vedlikehaldet. Pass på å smør holet heller enn tauet. Smør ikkje stader der vi treng friksjonen. 7 / 8

8 Barking av løpande rigg, fortøyingstau og segl Tau og seglduk av naturfiber treng vern mot væte og sol. Barking gjev slikt vern. Borken inneheld garvestoff som vernar mot rote, og pigment som vernar mot UV-strålar. Det er likevel ikkje tilrådeleg å lata seglet ligge ute i båten når det ikkje blir brukt på ei stund. Legg segl og tau i barkelóg av sjøvatn, malen/knust bork frå t.d. bjørk, eik og or, kaustisk soda og litt tjære. Tjærebre ståande rigg Ståande rigg av hamp og andre naturfiber treng godt vern mot væte og sol. Tjære gjev slikt vern og inneheld både pigment mot UV-strålar, feittstoff som fortrengjer vatn og stoff som drep sopp og bakteriar. Ein god hamperigg som får godt stell kan vare i år. I september rauk staget på fembøringen Skårungen med eit smell. Det var 13 år gamalt. 8 / 8

Seiling med fembøring

Seiling med fembøring Seiling med fembøring Og tilsvarende råseilbåter 2002 Anders Øgsnes Hvorfor? Spennende friluftsliv med høy adrenalinfaktor Hvorfor? Handverket og teknologien Hvorfor? Historien - Tradisjon og tilhørighet

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

GANGEN I ARBEIDET MED EI PRØVESEGLING. Av Jon Bojer Godal

GANGEN I ARBEIDET MED EI PRØVESEGLING. Av Jon Bojer Godal 1 GANGEN I ARBEIDET MED EI PRØVESEGLING. Av Jon Bojer Godal VI BYGGJER PÅ TRADISJON OG SUPPLERER MED EIGNE RØYNSLER Det har vore mykje spørsmål om prøvesegling av nye båtar. Prøvesegling er viktig for

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 -

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Taubruer Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Forord Dette kompendiet vart skrive då Friluftsrådet for Ålesund og omland vart

Detaljer

Go Pro-opptak frå Oselvar-NM

Go Pro-opptak frå Oselvar-NM Go Pro-opptak frå Oselvar-NM Teiknforklaring Understreka tekst = aktuell for musikkvideo Understreka + feit tekst = bruk dette! Tekst til venstre på linja = tidskoden til venstre Tekst til høgre på linja

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Nybegynnerkurs Teoridel

Nybegynnerkurs Teoridel Nybegynnerkurs Teoridel bsi.no/seiling ved Geir Olav Løken Kpt.Räveline 2003 Geir Olav Løken 2012 Hva inneholder kurset? Teoridel Hva er seiling? Båten, navn på ting og tang Ord og uttrykk Aerodynamikk,

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå? Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 42 REIP OG TAU TAU 1. Har det i Dykkar bygd vore vanleg å laga tau av bast, og kva tre var det i tilfelle ein tok bast frå (lind, alm, barlind, furu e.a.)?

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

Vinterkurs 25/2-2009. Båthåndtering. V/ Jørn-Erik Ruud Marielle / Team Normar & Elling Rishoff Gode Venner.

Vinterkurs 25/2-2009. Båthåndtering. V/ Jørn-Erik Ruud Marielle / Team Normar & Elling Rishoff Gode Venner. Vinterkurs 25/2-2009. Båthåndtering. V/ Jørn-Erik Ruud Marielle / Team Normar & Elling Rishoff Gode Venner. Slag i mye og lite vind Mye vind Genua 3 / > 20 knops vind Raske bevegelser / mannskap. Treffe

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Lynkurs i seiling. Tur & Hav Arendals Seilforening

Lynkurs i seiling. Tur & Hav Arendals Seilforening Lynkurs i seiling Tur & Hav Arendals Seilforening Hvem er vi? Kim Kursholder, seiler en X-119 Feda Organiserer, seiler Fenix og Match Jarle Kaptein, Bavaria 35 Match Magne Kaptein, Maxi 95 Kristian Kaptein,

Detaljer

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com SIGNES VOTTAR Lusevottar med konststrikka kant, middels damestorleik. Strikkinga kan varierast på mange måtar. I denne oppskrifta er det strikka kile til tommelen for å få god passform. Mønsteret er i

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Leseoppdrag Mens du les skal du skrive ned eller gule ut formuleringar om progresjon som du synest er annleis/overraskande i forhold korleis du tidlegare har oppfatta

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE 2012 13 SAMARBEIDSUTVALET Samarbeidsutvalet er samansett av 6 medlemar, 2 valde av foreldre, 2 valde av

Detaljer

Biletbruk på nettet 1 2

Biletbruk på nettet 1 2 Innleiing Denne vesle rettleiinga vil syne deg ein arbeidsflyt for å tilretteleggje bilete for publikasjon på internett. Desse operasjonane fordrar bruk av eit bilethandsamingsprogram. Slike er det mange

Detaljer

På tur i åpen båt med fembøringen Braute - Brautemanualen -

På tur i åpen båt med fembøringen Braute - Brautemanualen - På tur i åpen båt med fembøringen Braute - Brautemanualen - Velkommen om bord i fembøringen Braute! Siden 1994 har Braute vært på tur hver eneste sommer. Turene er åpne for alle som er interessert i friluftsliv

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport vaskehall og sterilsentral - Helse Bergen

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport vaskehall og sterilsentral - Helse Bergen STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.08.2019 SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport vaskehall og sterilsentral - Helse Bergen ARKIVSAK: 2019/7785 STYRESAK:

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Posisjonskort Blåne - 2009

Posisjonskort Blåne - 2009 Blåne - 2009 DRAFT 3- mars 2009 Plassering i båten (fra baug). Navn satt opp med slik jeg mener vi bør seile i 2008 1 Håkon Fordekk 1, rigg 2 Kjetil Mastemann, data / navigasjon 3 Rune Lukemann, forpleining,

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida Veslefrikk Mai 2018 Den siste tida har me hatt mykje bra vær, og det har me nytta oss av. Å få vera ute og leika og gå i ulendt terreng er bra for motorikken til alle barn. Me ser framgang hos alle, både

Detaljer

Daguerrotypi og visittkortet sin funksjon og oppbygging Håvard Hvoslef Kvalnes, 13HBMEDa,

Daguerrotypi og visittkortet sin funksjon og oppbygging Håvard Hvoslef Kvalnes, 13HBMEDa, Innleiing Daguerrotypiet og visittkortet har spelt ei stor rolle i fotografiet si historie. Den store grad av realisme ein kunne finne i eit daguerrotypi skapte stor begeistring då det første daguerrotypiet

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 -

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Taubruer Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Forord Metoden for å lage til taubruer som blir beskrive i heftet er utarbeida

Detaljer

Kva er poenget? Kvifor har nokon utvikla sånne, her sør i området som har hatt råsegl fram til vår tid.

Kva er poenget? Kvifor har nokon utvikla sånne, her sør i området som har hatt råsegl fram til vår tid. 1 Kva er poenget? Kvifor har nokon utvikla sånne, her sør i området som har hatt råsegl fram til vår tid. Bakgrunnen for at eg tek opp dette er at eg har bakgrunn i råsegl frå Trøndelag og Nord- Noreg,

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Foredrag med Kjell Magnus Økland?

Foredrag med Kjell Magnus Økland? Foredrag med Kjell Magnus Økland? Innhald/tema: (fullt mogleg å blanda fleire element frå denne lista) Oselvar som tradisjonell båt 1. Oselvar den levande båten oversyn over Norges Nasjonalbåts soge 2.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Seilkurs for begynnere- del 4

Seilkurs for begynnere- del 4 Seilkurs for begynnere- del 4 Innhold: Båthåndtering Håndtering av seil Å berge seil Å reve Balanse, logjerrig og avfeldig. Hva skjer hvis du slipper roret under seil? Hvordan driver båten? Håndtering

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Definisjon av ulike ord i standarane.

Definisjon av ulike ord i standarane. Definisjon av ulike ord i standarane. Korleis definerer personalet på Kråkebollen, ei god atmosfære; Måten vi gir barna tryggleik, med grensesetting og ro. Vi er rolege og har ein god væremåte. Det er

Detaljer

1 Algebra og likningar

1 Algebra og likningar Algebra og likningar Repetisjon av gamalt sto Løysingsforslag Oppgåve a) ln( + y) = ln + ln y F b) sin( + y) = sin + sin y F c) k ( + y) = k + ky R d) e +y = e e y R e) cos( + y) = cos cos y sin sin y

Detaljer

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

SJØPOSTEN OKTOBER Hei! SJØPOSTEN OKTOBER 2012 Hei! Nå er me alt kome til oktober månad og me kan merke at hausten er her. Mange ulike ver typar gjere at barna får mange ulike opplevingar med ver og vind på godt og vondt. Haglbyer

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre

Detaljer

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle. Gode landsmøte! Takk for eit år med mykje godt samarbeid og mange gode idear. Norsk Målungdom er i høgste grad ein tenkjande organisasjon, og denne perioden har me nytta mykje tid på å utfordra det etablerte.

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan? Introduksjon av økta Bildet: Klokka er 21.00, kva hender, kven er på bildet og kva er bra? Gruppe: Kva tenkte dei klokka 15.00? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Det er blitt seint og korleis kan

Detaljer

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen. Ung i Kor - Rettleiing til medlemsregister og innsending av årsrapport. Oppdatert 28. januar 2019 Steg 1 - Innlogging Medlemsregisteret til Ung i Kor finn du på nobu.ensembler.no. Ein loggar inn på medlemsregisteret

Detaljer

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 6

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse.  Side 1 / 6 Stillheit i naturen Innholdsfortegnelse http://www.miljostatus.no/tema/stoy/stillheit-i-naturen/ Side 1 / 6 Stillheit i naturen Publisert 04.02.2016 av Miljødirektoratet Stillheita i naturen og fråværet

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Sjekkliste for regatta-ansvarleg på Ran Eintypeserie 2015

Sjekkliste for regatta-ansvarleg på Ran Eintypeserie 2015 Sjekkliste for regatta-ansvarleg på Ran Eintypeserie 2015 Dette dokumentet er meint som ei hjelp til deg som skal vera regatta-ansvarleg under Hjeltefjorden Eintypeserie 2015. Dersom du har innspel til

Detaljer

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Tingvoll, 29. april 2016 Møre og Romsdal fylke RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Naturvernforbundet har blitt merksame på at det

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013. Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 18.03.2013 Ref. nr.: 12/31482 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Å prøva å finna hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst er ein god overordna lesestrategi for lesing av slike tekstar. ARTIKKEL SIST

Detaljer

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Ferdsel på vatn kajakk

Ferdsel på vatn kajakk Ferdsel på vatn kajakk Eit undervisningsopplegg for 6.klasse Utarbeida for www.natursekken.no av Torgeir Olsen og Christer Lundberg Nes Undervisningsopplegget er testa ut med klasse 6A og 6B på Hessa barneskule

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

TANKER VED MASTEN. TRIMMING AV RIGGEN.

TANKER VED MASTEN. TRIMMING AV RIGGEN. RIGG ING TANKER VED MASTEN. TRIMMING AV RIGGEN. Vi står foran en ny seilsesong. Kansje er du ikke helt fornøyd med båtfart og trim. Her følger en del tanker basert på foredrag fra North Diamond og Selden,

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen FFA2001 Drift av fartøy. Programområde: Fiske og fangst. Nynorsk/Bokmål

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen FFA2001 Drift av fartøy. Programområde: Fiske og fangst. Nynorsk/Bokmål Fylkeskommunenes landssamarbeid Eksamen 23.05.2019 FFA2001 Drift av fartøy Programområde: Fiske og fangst Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Eksamen varer

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE postmottak@skodje.kommune.no Kva for fasadeendringer er unntatt søknadsplikt og kva må du søkje om? Når du skal gjere noko som endrar fasaden

Detaljer

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. KAPITTEL 13 NATUR, MAT OG HELSE 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne i skogen. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne

Detaljer

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt? Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE postmottak@skodje.kommune.no Gjerde: Levegg: Definisjonar: Innhegning med enkle, lette konstruksjonar som skal hindre ferdsel, til dømes flettverksgjerde

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

SERVIETTBRETTING Visste du at serviettbretting har eksistert i over 500 år? Det finst over 50 forskjellige bretteteknikkar. Du må kunne minst tre av d

SERVIETTBRETTING Visste du at serviettbretting har eksistert i over 500 år? Det finst over 50 forskjellige bretteteknikkar. Du må kunne minst tre av d SERVIETTBRETTING Visste du at serviettbretting har eksistert i over 500 år? Det finst over 50 forskjellige bretteteknikkar. Du må kunne minst tre av dei. SEGLET Brett servietten ut ein gong slik at han

Detaljer

UNIVERSITETET I OSLO

UNIVERSITETET I OSLO UNIVERSITETET I OSLO Side 1 Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Eksamen i: INF1010 Objektorientert programmering Eksamensdag: Tysdag 12. juni 2012 Tid for eksamen: 9:00 15:00 Oppgåvesettet er på

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Radøy kommune KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato: 10.02.2015 Stad: Kommunehuset Kl.: 09.00 12.35 Tilstades: Arild Tveranger leiar, Astrid Nordanger nestleiar, Jan Tore Hvidsten, Oddmund

Detaljer

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk S breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk 1 2 Breivik sementvarer Vårt sementvarespekter består av forskalingsblokk (heil, halv- og hjørneblokk), i tillegg til nopsastein.

Detaljer

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme Den største kjempa Ut over fjorden, ut mot havet der vest stima ei skute langs ein vestlandsfjord rak i ryggen, med eit fast grep om roret sette ei kjempe sjøbein der om bord Der stormar kasta saltråka

Detaljer

Sol, sommer og seiling!

Sol, sommer og seiling! Sol, sommer og seiling! Velkommen til sommerkurs i seiling! I løpet av noen fine sommerdager ved sjøen skal du få prøve å seile sammen med andre og helt alene. Det blir tid til å leke og bade også, men

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt. Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt. LEGGJE OPP MED 1 TRÅ. Legg tråden på pinnen med enkle halvstikklykkjer.

Detaljer