Høringssvar med fokus på behovet for desentralisert utdanning på Ytre Helgeland

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Høringssvar med fokus på behovet for desentralisert utdanning på Ytre Helgeland"

Transkript

1 1 Høringssvar med fokus på behovet for desentralisert utdanning på Ytre Helgeland I forslag til ny studiestadsstruktur har rektor foreslått at all aktivitet knytt til studiestad Sandnessjøen leggast ned. Dei to punkta som er spesielt trekt fram for Sandnessjøen, utan utfyllande kommentarar, er: 1. Låg forskingsaktivitet blant personalet 2. 0 studentar frå august Dette får utdanninga i Sandnessjøen som å framstå som lita og ubetydeleg. Eg vil vise at utdanninga faktisk er verdifull og av stor betydning i eit distriktsperspektiv, og spesielt for Ytre Helgeland. Fokus på utdanning, men også aukande forskingsaktivitet Når tal skal tolkast og samanliknast er det også viktig kven dei blir samanlikna med. Blir utdanninga samanlikna med andre små utdanningsmiljø eller blir ho samanlikna med studiemiljø ved større universitetscampus med veletablerte forskingsmiljø? Slike omsyn verkar ikkje å vere tatt. Det er likevel liten tvil om at det til no har vore profesjonsutdanning som har hatt hovudprioritet og det er kanskje ikkje så rart med tanke på korleis denne utdanninga vart til. Utdanninga vart til nettopp for å ha fokus på utdanning fordi ein såg at tilgangen på sjukepleiarar var for liten. Regionrådet for Ytre Helgeland var derfor ein viktig pådrivar for at Høgskolen i Nesna skulle starte utdanninga. Sidan vi starta opp i slutten av 2000 med ein fast tilsett høgskolelektor, har det vakse fram eit fagmiljø for utdanning der alle tilsette har gjort kompetanseløft slik at vi no har fleire førstekompetente. Denne utviklinga må sjåast som eit betydeleg kompetanseløft for eit lite fagmiljø, men også som ein kvalitet for ein region med relativt få sjukepleiarar med utdanning på master-, førstelektor eller doktorgradsnivå. Viljen til vidare kompetanseløft er til stades trass i all uro som har vore sidan fusjonen. Og eg seier på trass av, for vi har forstått at vi skulle «bort» og det har prega heile kollegiet og vore krevjande for den enkelte.

2 2 Fokuset på publisering og forsking er aukande. Vidare samarbeid på tvers av studiestader og campusar vil kunne styrke utdanning og forsking også i små fagmiljø. På sikt vil det kunne bidra til ei spreiing og styrking av utviklingsarbeid og praksisnær forskingsaktivitet i heile praksisfeltet, dvs. i alle kommunar i nedslagsfeltet til Nord universitet. Vi er klare til å bidra her vi er! Flest sjukepleiarar til Ytre Helgeland og kommunehelsetenesta Tala fortel at når dei 18 studentane i kull 2015 er uteksaminerte, har 226 studentar fullført sjukepleiarutdanning ved studiestaden i Sandnessjøen. Det gir eit gjennomsnitt på 17 nye sjukepleiarar for kvart kull. Det er ikkje ubetydeleg for vårt distrikt når vi også har tal på at ca. 82 % av dei som har starta studiet har komme frå Helgeland. I tillegg har ca. 100 tatt vidareutdanning ved studiestaden. Mot slutten av 2015 gjorde u.t. ei undersøking for å finne ut kvar sjukepleiarane utdanna ved Høgskolen i Nesna, Sandnessjøen, hadde blitt av, kva for jobbar dei hadde fått, og om korleis dei vurderte betydninga av utdanninga m.m. Undersøkinga omfatta dei 156 sjukepleiarane som hadde fått vitnemål på dette tidspunktet (kull ). Undersøkinga viser at det er Alstahaug kommune som har fått utdanna absolutt flest sjukepleiarar ved utdanninga. På undersøkingstidspunktet budde for eksempel 53 av dei utdanna sjukepleiarane i Alstahaug, 23 i Leirfjord, 20 i Vefsn kommune, seks i Dønna kommune, seks i Nesna kommune og fem i Herøy kommune. Sidan har det komme fleire til. Dette ville vere små tal dersom det for eksempel var snakk om Bodø kommune, men for mindre eller små Helgelandskommunar, har desse tala større betydning. Mange har starta sjukepleiegjerninga si i sjukehus eller spesialisthelsetenesta, men det er gledeleg å sjå at dei aller fleste har begynt å jobbe i kommunehelsetenesta. Utdanninga har dermed gitt solide bidrag både til primærhelsetenesta, som må seiast å vere sjølve ryggrada i helsetenestene både no og i framtida, og til spesialisthelsetenesta. Utdanna til verkelegheita på Helgeland Det er heller ingen grunn til å seie at kvaliteten ikkje er god nok. Studentane er utdanna etter same rammeplan som andre og til sjølvstende i «kvardagen» til helse- og omsorgstenestene på Helgeland. Slik er dei blitt kjente med mange utfordringar dei vil møte som ferdige sjukepleiarar i den same kvardagen, men no som ansvarlege sjukepleiarar. I undersøkinga eg

3 3 gjorde svara 88% av respondentane at dei er tilfredse eller svært tilfredse med utdanninga og heile 98 % seier at utdanninga har stor eller svært stor betydning for distriktet. 93 % av Helgelandsstudentane blir her! Heile 93 % av dei studentane som budde i ein Helgelandskommune ved oppstarten av utdanninga (128 av 137), budde framleis på Helgeland på undersøkingstidspunktet (Hov 2018). Det faktum at så mange blir buande i regionen etter fullført utdanning understrekar betydninga av nettopp desentraliserte utdanningstilbod for å sikre tilgangen på kvalifiserte sjukepleiarar der det er særlege behov. Dette samsvarar godt med funn i rapporten: Sykepleiere utdannet i Nord-Norge (Gaski, Abelsen og Lie 2016). Rapporten viser spesielt høg tilbakevendingsprosent knytt til Alstahaug kommune (studiestad Sandnessjøen). Rapporten stadfester vidare at det er «stor regional effekt av desentralisert utdanning i form av høy grad av lokal rekruttering til lokalt arbeidsmarked» (s. 77). Det visast også til at utdanninga i Bodø allereie har ei viss sentraliserande effekt ved at Bodø rekrutterer fleire frå distrikta enn dei som vender tilbake. Dei foreslåtte endringane svekker Ytre Helgeland spesielt Det fungerer m.a.o. ikkje slik som dekan Trine Karlsen gir uttrykk for i Ranablad.no 17. mai d.å. Ho argumenterer for at det skjer ei styrking av sjukepleiarutdanninga på Helgeland og ikkje ei nedlegging. Dekan viser bl.a. til at tilgjengelegheita til nye sjukepleiarar er den same som tidlegare fordi opptakstalet på Mo vart auka med 10 studentar i 2018 og at utdanningskapasiteten vil bli styrka med ytterlegare 10 studentar f.o.m. opptaket i 2019 (ein auke tilsvarande måltalet i Sandnessjøen som har vore 20 studentar). Tala stemmer sikkert isolert sett. Det er berre det at dette vil føre til at særleg område nært utdanningsstaden (Mo) vil få utdanna enno fleire sjukepleiarar, som jo er vel og bra, men det vil i liten grad hjelpe kommunane sør for Korgfjellet og Ytre Helgeland. Vi kan for eksempel sjå på kull 2018 som no er i sin første praksis. Så vidt eg kjenner til er det er for eksempel kun to studentar i praksis som kjem frå ein av HALD-kommunane. Vi har sett tendensen sidan Studentane som kjem i praksis i og rundt Sandnessjøen har oftast ikkje lokal tilhørigheit. Dei kjem gjerne frå Bodø eller andre stader av landet. Dei reiser igjen og får seg jobb i Bodø eller nær heimstaden når dei er ferdig utdanna. Til no har studiestaden i Sandnessjøen kvart år uteksaminert studentar til vår region (med unntak av dei første fire åra da det var opptak annakvart år). Neste år blir det ingen. Det vil merkast! Det er nettopp desse mekanismane som gjorde at utdanninga i

4 4 Sandnessjøen vart starta opp, og dei er ikkje utgåtte på dato. Derfor oppfattast også dei foreslåtte endringane som ei nedlegging og ikkje ei styrking av sjukepleiarutdanninga på Helgeland! Ingen reell konkurranse med Mo eller Bodø, men eit supplement Når eg meiner sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen har vore ein betydeleg aktør på Ytre Helgeland, har vi da konkurrert ut andre tilbydarar som Mo eller Bodø? Nei, vi har ikkje det. Vi har knapt hatt studentar frå Bodø eller Mo. Mange har søkt til Sandnessjøen nettopp fordi dette var den sjansen dei såg for å kunne ta sjukepleiarutdanning i den livssituasjonen dei har stått i. Mange har vore i jobb ved sidan av studiane og/eller har hatt små barn og familie som har gjort det vanskeleg å flytte eller pendle langt. Ein tidlegare student sa det slik: «Som godt voksen alenemor, hadde det vært umulig å ta utdanningen ved et annet studiested» (Hov 2018, s. 30). Utsegna viser nettopp til at mange av desse studentane ikkje hadde utdanna seg til sjukepleiar utan eit utdanningstilbod i distriktet. Etter at vi ikkje fekk ha fleire opptak i 2016, har vi derfor hørt fleire historier om studentar som har funne eit anna yrke å satse på eller som ikkje har utdanna seg vidare til sjukepleiar. Vi har bruk for alle som vil og kan utdanne seg til dette yrket! Vi treng meir desentralisert utdanning Ja, det uttrykte også statsministeren tydeleg i eit intervju med NRK under besøket i Sandnessjøen 6. mai d.å. Vi har fått mange spørsmål opp igjennom åra om det kunne vere bruk for alle desse sjukepleiarane. Får dei verkeleg jobb alle saman? Ja, det veit vi dei har fått, og mange har sikra seg jobb lenge før dei er ferdig utdanna! Problemet er at vi treng så mange fleire, også ute i distriktet. Søkartalet til dei 20 studieplassane i Sandnessjøen har stige jamt når ein ser på søkartala til dei siste opptaka. I 2013 var det 21 førsteprioritetssøkarar ved hovudopptaket. Ved siste hovudopptak i 2015 var talet 41, dvs. nesten akkurat ei dobling frå i At det er 0 studentar ved studiestad Sandnessjøen frå august 2019, har derfor ikkje med manglande potensielle studentar å gjere. Nei, det er resultatet av ei styrt avvikling frå Nord universitet. Det viste seg at så fort fusjonen var eit faktum var det slutt med opptak til studiestaden. Dette utan nokon prosess der ein i lag prøvde å finne løysingar for ev. justering av studieopplegget eller for å styrke studiestaden slik ein ville forvente ut ifrå Strukturmeldinga og Fusjonsplattforma. I

5 5 vinter vart endatil praksisavdelinga tømt og avvikla. Det var ikkje ein gong nødvendig å vente på styrevedtak om studiestadsstrukturen. Det var mange som sto på for å få til denne utdanninga. Ho ser ut til å vere langt enklare å fjerne. Til no er det gjort administrativt utan diskusjon. Men det strir i mot sunn fornuft å legge ned velfungerande utdanningar i distriktet når mangelen på sjukepleiarar er aukande. Det er det folk på Helgeland uttrykker når dei no protesterer mot ei ytterlegare sentralisering mot Bodø og Levanger! Konklusjon Sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen har hatt vesentleg betydning for tilgangen på sjukepleiarar både til spesialist- og primærhelsetenesta på Ytre Helgeland. Auke av utdanningsplassar i Bodø eller på Mo vil ikkje åleine sikre rekruttering av dei som ønskjer å studere for å bli sjukepleiarar frå denne regionen. Sandnessjøen bør derfor styrkast og vidareførast som studiestad for desentralisert deltidsutdanning for sjukepleiarar. Utdaningsverksemd i Sandnessjøen er også nødvendig for å sikre oppfølging av alle studentar i dei mange praksisplassane i denne delen av Helgeland, for å vidareutvikle forskings- og utviklingsarbeid og eit godt og nært samarbeid med praksisfeltet. Regionen har også behov for at vidare- og etterutdanningstilbod tilbydast lokalt slik at utdanning lar seg kombinere med arbeids- og familieliv. Dagens situasjon og eit historisk tilbakeblikk viser at vi treng distriktsnære utdanningstilbod. For regionen er det heilt avgjerande at det framleis blir utdanningsveksemd på universitets- og høgskolenivå lokalisert til Sandnessjøen! Sandnessjøen Jorunn Hov Førsteamanuensis, Nord universitet

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta Bygdeforskingdagen, Trondheim 5. november 2013 Finn Ove Båtevik Ein studie av bedrifter og tilsette

Detaljer

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018 Regional samhandling Statleg leiargruppe Januar 2018 + + Høgskulen på Vestlandet 1. januar 2017 slo Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund seg saman til Høgskulen

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område: saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet

Detaljer

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap Høgskolen i Nord-Trøndelag 2013 2016 Nærleik til kunnskap Vedteken av styret i HiNT 7. juni 2012 2 HiNTs rolle og eigenart (Foto: Simon Aldra) Samfunnsoppdraget til Høgskolen i Nord-Trøndelag er å utdanne

Detaljer

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 7.klasse ved Solund barne- og ungdomskule Dei fleste elevar tenker vel på at den og den læraren er streng, og den læraren

Detaljer

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra. Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed

Detaljer

DATO: 20.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

DATO: 20.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 20.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø SAKA GJELD: Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Detaljer

Å bli gamal i eigen heim

Å bli gamal i eigen heim Å bli gamal i eigen heim Eldre sitt syn på og erfaring med å bu i eigen bustad Master i Samhandling innan helse- og sosialtenester Heidi M. Starheim Avdelingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter Oppgåva

Detaljer

Søknad om midlar til start av ny fagskuleklasse etter Stordmodellen

Søknad om midlar til start av ny fagskuleklasse etter Stordmodellen Søknad om midlar til start av ny fagskuleklasse etter Stordmodellen For verksemdene Trond Haga Kværner Stord Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond

Detaljer

Kartlegging av ufrivillig deltid /ønska arbeidstid i pleie - og omsorgstenestene, Vestnes kommune.

Kartlegging av ufrivillig deltid /ønska arbeidstid i pleie - og omsorgstenestene, Vestnes kommune. Kartlegging av ufrivillig deltid /ønska arbeidstid i pleie - og omsorgstenestene, Vestnes kommune. Desember 2012. Bakgrunn for undersøkinga: Arbeids- og velferdsdirektoratet og Vox forvaltar prosjektpengar

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 27.01.2016 Ref. nr.: 15/43233 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 07/16 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte torsdag 21.

Detaljer

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 18.01.2017 SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling STYRESAK: 11/18 O STYREMØTE: 25.01.2018 FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka

Detaljer

Strategifrukost/lunsj

Strategifrukost/lunsj Strategifrukost/lunsj Det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet kva legg vi i det? Mai 2018 Ein kort repetisjon: Kva skal vi lage? Ein overordna strategi for Høgskulen på Vestlandet: Skal gi HVL

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send høyringsinnspel

Detaljer

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring» MEDBORGERNOTAT «Stortingsval 2017 - Veljarvandring» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Januar 2018 Stortingsval 2017 - Veljarvandring Resultat frå Norsk medborgerpanel I dette

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 12.03.2013 Kl.15:30 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding,

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s. 19-21, med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s. 19-21, med unntak av kulepunkt 4 på s. 20. Behandling i fylkesutvalet - 15.10.2012 Toril Melheim Strand (Ap) fremma følgjande forslag: Med forventning om en raskere finansiering enn det som det er gitt signaler om i dag, og der Helse Midt-Norge

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 21.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Finansiering av forsking i Helse Vest ARKIVSAK: 2015/1741 STYRESAK: 049/15 STYREMØTE:

Detaljer

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Strategi Ny kunnskap ny praksis Strategi 2024 Ny kunnskap ny praksis Visjon og slagord Visjon Leverer kunnskap som løyser samfunnet sine utfordringar. Slagord Ny kunnskap ny praksis Verdiane våre Lærande I tett samspel med samfunns-

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning navn på profil/kortversjon NORSKE ARBEIDSTAKARAR MED BERRE GRUNNSKOLE BØR TA MEIR UTDANNING 1 Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning Årets Vox-barometer syner at tilsette med

Detaljer

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiat ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Innlandet Forskningsspørsmål Kva funksjon

Detaljer

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER 100 ÅR MED ALLMENN RØYSTERETT FOR KVINNER Partia sine nominasjonar: Kor stor rolle spelar listeplassering og røystetillegg eigentleg? Denne brosjyren har to formål: å setje søkjelyset på nøkkelrolla partia

Detaljer

Deres ref.: Vår ref.: Saksbeh.: Arkivkode: Dato: 2019/553-3 Eva Kristin Nubdal, A

Deres ref.: Vår ref.: Saksbeh.: Arkivkode: Dato: 2019/553-3 Eva Kristin Nubdal, A Nærøy kommune Sentraladministrasjon Melding om vedtak Nord Universitet Deres ref.: Vår ref.: Saksbeh.: Arkivkode: Dato: 2019/553-3 Eva Kristin Nubdal, A61 12.06.2019 Melding om vedtak - Nord Universitet

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018 Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad. Samordna opptak 217: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 4/217 Samordna opptak har publisert søknadstala for studieåret

Detaljer

Sjukepleiarutdanninga på Stord 40-årsjubileum

Sjukepleiarutdanninga på Stord 40-årsjubileum Sjukepleiarutdanninga på Stord 40-årsjubileum Å velje sjukepleiarutdanning er ikkje berre eit studieval, det er òg eit verdival. Evne til å vise empati, omsorg og respekt, ta ansvar, kommunisere og samarbeide

Detaljer

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. 5 2016 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og

Detaljer

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte. Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte. AUD-rapport 09-17 Tittel: Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte AUD-rapport

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? KOMMUNEREFORM KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? Resultat frå spørjegransking mellom innbyggjarane i bygdene 17. januar, 2016 Innbyggjarane i Norddal

Detaljer

2. Oppsummering av innspill Personene: Kompetansealliansen Møre og Romsdal. Sted/dato: Personalledersamling KS, 13.juni 2019

2. Oppsummering av innspill Personene: Kompetansealliansen Møre og Romsdal. Sted/dato: Personalledersamling KS, 13.juni 2019 Kompetansealliansen Møre og Romsdal Sted/dato: Personalledersamling KS, 13.juni 2019 Øyvind Tveten informerte om bakgrunn og formål med Kompetansealliansen. Trygve Grydeland informerte om hvilke funn vi

Detaljer

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Arkivref: 2018/1494-10350/2018 Saksh.: Trygve Dahl Saksnr Utval Møtedato Formannskapet HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Framlegg til vedtak: Stord formannskap vedtek høyringssvar til Utviklingsplan

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER 100 ÅR MED ALLMENN RØYSTERETT FOR KVINNER Partia sine nominasjonar: Kor stor rolle spelar listeplassering og røystetillegg eigentleg? Denne brosjyren har to formål: å setje søkjelyset på nøkkelrolla partia

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE Postboks 74 Sandviken 5812 Bergen www.nla.no Telefon: 55 54 07 00 Telefaks: 55 54 07 01 E-post: post@nla.no Org. nr. 995 189 186 TEKNISK NOTAT KNYTT TIL LÆRARUNDERSØKING VÅREN 2016 Til: Høgskulen Sogn

Detaljer

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004 Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon Årsrapport 2004 2 Utfordringar og resultat 2004 har vore eit år med store utfordringar og gode resultat for Høgskulen i Volda. Dette

Detaljer

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.03.2018 39032/2018 Laila H. T. Nielsen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 22.03.2018 Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret 2018-2019 Bakgrunn

Detaljer

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

SAMLET SAKSFRAMSTILLING LURØY KOMMUNE Side 1 av 6 SAMLET SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 19/371 Klageadgang: Nei FORSLAG TIL NY STUDIESTEDSSTRUKTUR VED NORD UNIVERSITET INVITASJON TIL Å AVGI HØRINGSUTTALELSE Saksbehandler: Eli-Anne

Detaljer

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen. Verdiblink 1. Målsetting Målet med verdiblink er å bevisstgjere medarbeidarar på kva verdiar som styrer arbeidskvardagen og kva verdiar dei sjølve meiner bør få større gjennomslag. Verdiblink handlar om

Detaljer

VEDTAK NR 36/10 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte onsdag 16. juni 2010 i Arbeidstilsynet sine lokale, Torvet 5, Lillestrøm.

VEDTAK NR 36/10 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte onsdag 16. juni 2010 i Arbeidstilsynet sine lokale, Torvet 5, Lillestrøm. Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 17.06.2010 Ref. nr.: 10/7466 Saksbehandlar: Mette Bakkerud Lundeland VEDTAK NR 36/10 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte onsdag

Detaljer

Spørjeskjema Nynorsk

Spørjeskjema Nynorsk Spørjeskjema 2015 Nynorsk Velkommen til Studiebarometeret! Choose language below / velg språk nederst. Takk for at du vil seie kva du meiner om studieprogrammet ditt. Dine svar kan forbetre studiekvaliteten.

Detaljer

Musikk i demensomsorga

Musikk i demensomsorga Musikk i demensomsorga Eit pilotprosjekt Erfaringskonferansen 26.04.12 Attersyn Hausten 2008 starta vi nytt studietilbod Miljøterapi i demensomsorga initiert av Sjustjerna omsorg og utvikla i nært samspel

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar.

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar. Fra: Fremtidens helsetjeneste Sendt: 18. januar 2011 14:54 Til: ahf@nordhordland.net Emne: Ditt høringssvar, Høyringsuttale frå Regionrådet Nordhordland IKS, er mottatt Dette er en bekreftelse på at vi

Detaljer

HØYRINGSUTTALE TIL NASJONAL HELSE OG OMSORGSPLAN

HØYRINGSUTTALE TIL NASJONAL HELSE OG OMSORGSPLAN VÅGSØY SENTERPARTI. HØYRINGSUTTALE TIL NASJONAL HELSE OG OMSORGSPLAN 2011 2015. Bakgrunn for saka / saksopplysningar. Viser til uttale frå Nordfjordkommunane si uttale til ny folkehelselov, og til lov

Detaljer

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013. Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 18.03.2013 Ref. nr.: 12/31482 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den

Detaljer

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 1/2018 Tittel: Innbyggarhøyring

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?» MEDBORGERNOTAT #1 «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Juli 17 Samarbeidspartia i norsk politikk

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR. VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Runa Bakke Arkivsak nr.: 2012/2272 Arkivkode: G27 Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

Detaljer

Kunnskapsdepartementet. Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018

Kunnskapsdepartementet. Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018 Kunnskapsdepartementet Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018 Innhald 1. Hovudinnhaldet i høyringsnotatet... 3 2. Bakgrunn... 3 3. Hovudtrekk i ordningane for tilbakebetaling

Detaljer

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte Side 1 av 6 Retur: Husbanken Postboks 1404, 8002 Bodø Vår dato 0325 Per Soap Persson Pers vei 11 Leilighet 2 1281 OSLO Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte Vi viser til varselet om mogleg

Detaljer

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff Inn på tunet Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff Bakgrunn Mange heimebuande personar med demens - flest eldre, men og yngre som sjukdomen Tilpassa

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke? Forskningsrapport Nysgjerrigper-konkurransen 2017 Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke? Forskere: 5. og 6. klasse ved Kvinlog skule (Kvinesdal, Vest-Agder) Nysgjerrigper-konkurransen

Detaljer

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17) saksframlegg Dato: Referanse Vår saksbehandlar: 28.04.2017 54223/2017 Laila H. Tretnes Nielsen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 11.05.2017 Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 25.10.2013 Permisjon ved langtidsfråver Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet Administrasjonssjefen

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde

«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde «Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde Samarbeidsprosjekt Helse- Førde Eid kommune Flora kommune Førde kommune Høgskulen på

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan Skodje kommune `9-e2s-sj i Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7 Dykkar ref: Vår ret.: J.nr. I. Dato. Ark.nr.: 06.12.13 Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan 2014-2017 Samarbeidsutvalet ved Valle

Detaljer

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN Innbyggarhøyring i Bryggja Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 35/2017 Tittel: Innbyggarhøyring i Bryggja

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle! KULTURSKULEPLAN Forsand kommune 2016 2026 - Kulturskulen for alle! Innleiing Mange har som born eller unge stått framføre spegelen med ein hårbørste som mikrofon og vaskekost som gitar, og drøymd om ei

Detaljer

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Seksjon for opptak Vår referanse Vår dato 14/00186-17 01.06.2017 Deres referanse Deres dato 16/7356 09.03.2017 Høyring - Forslag om endringar i forskrift

Detaljer

Strategiplan for FoU

Strategiplan for FoU FoU Strategiplan for FoU 2008-2011 Vedteken av styret for HVO 24. april 2008 FoU ved HVO mål, faglege satsingsområde, kompetanseutvikling og tiltak 1 INNLEIING Arbeidet med strategiplan for FoU for perioden

Detaljer

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar MEDBORGERNOTAT #12 «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar og sympatisørar» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Oktober 2018 Med Krf i sentrum ei analyse

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkinga Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema som omfattar

Detaljer

«Nytt punkt: Fagskulen skal framleis ligge til fylkeskommunen/regionale nivå.»

«Nytt punkt: Fagskulen skal framleis ligge til fylkeskommunen/regionale nivå.» Behandling i Utdanningsutvalet - 05.03.2015 Bjarne Storfold Elde (AP) fremma Fagskolestyret si tilråding til vedtak. Gunn Berit Gjerde (V) fremma følgjande tilleggsforslag: «Nytt punkt: Fagskulen skal

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

Demensavdelinga i heimebaserte tenester

Demensavdelinga i heimebaserte tenester Demensavdelinga i heimebaserte tenester Oppstart Byrja med ei gruppe innanfor ei geografisk inndelt avdeling. I starten ytte ein hjelp berre på dagtid i vekedagane. I 2010 omorganiserte me heimebaserte

Detaljer

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år. Årsmelding FitjarFagskule - 01 Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over år. Årsmeldinga frå Fitjar fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student-, lærar- og sensorvurderingane som vart

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Førde kommune Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkelsen Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet Sak Leiing og fagleg organisering (16/05229) delprosjekt i hovudprosjekt 2 Fagleg og administrativ organisering Dato utsendt på høyring 21.11.16 Høyringsfrist 9.12.16 Send høyringsinnspel til Bakgrunn

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkelsen Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen Høyring skulebruksplan 2013-2024 Fylkesrådmannen «Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med

Detaljer

Organisering for faglig robusthet

Organisering for faglig robusthet Innspill fra Øyvind Steinslett, Økonomi og HR, 13.12.2018 Jeg ønsker å komme med følgende innspill til utredningen om fremtidig studiestedsstruktur. Organisering for faglig robusthet Det kan se ut som

Detaljer