1 Bakgrunn. Norrønt språk
|
|
|
- Ella Christensen
- 10 år siden
- Visninger:
Transkript
1 1 Bakgrunn Norrønt språk 1 Avgrensing og inndeling. Norrønt er det språket som vart talt og skrive i Noreg og på Island i mellomalderen, forutan i dei andre norrøne busetnadene (Grønland, Færøyane, Shetland, Orknøyane, og delar av Hebridane, Man, Irland, Skottland og Nordvest-England). Bakover i tid blir grensa trekt rundt år 700 mot det eldre språksteget, urnordisk, og framover i tid mot mellomnorsk rundt år 1350 (svartedauden). Då den nye generasjonen av skriveføre etter svartedauden først overtok rundt 1370, har også dette årstalet vore brukt som grense mellom gammalnorsk og mellomnorsk. På Island, der språket utvikla seg mindre enn i Noreg, blir norrønt rekna like fram til 1500-talet. I vikingtida var det langt på veg eit felles språk i Norden, dǫnsk tunga, eller dansk tungemål, som det er kalla hos Snorre Sturlasson. Enkelte dialektskilnader var det likevel, og vi skil såleis mellom ei austnordisk og ei vestnordisk grein av nordisk språk. Til austnordisk høyrer gammaldansk og gammalsvensk, og til vestnordisk høyrer gammalnorsk og gammalislandsk, som vist i fig. 1:1. Heilt fram til byrjinga på 1400-talet var den språklege og litterære fellesskapen mellom Noreg og Island så klar at det er naturleg å tale om eit felles norrønt språk og ein tilsvarande felles litteratur. Etter kvart auka derimot avstanden til dansk språk, og frå rundt 1100 kan vi truleg rekne med ei ny inndeling av dei nordiske språka. Dansk skilde seg då såpass klart frå dei andre nordiske språka at ein kan skilje mellom ei sørnordisk grein (dansk) og ei nordnordisk grein (islandsk, norsk og svensk), som vist i fig. 1:2. Dette var situasjonen i høgmellomalderen, altså i perioden Det er frå denne tida vi har dei fyldigaste litterære kjeldene. Det er også på denne tida at vi talar om klassisk norrønt språk. 2 Runealfabetet. Vår kjennskap til norrønt språk byggjer på ei rik samling av skriftlege kjelder, særleg etter innføringa av det latinske alfabetet på slutten av 1000-talet. Før ca har vi likevel ikkje overlevert anna enn runeinnskrifter. Det eldre runealfabetet på 24 teikn gjekk av bruk på 700-talet og vart skift ut med
2 10 Kap. 1 Fig. 1:1 Inndeling av dei nordiske språka før ca eit alfabet på berre 16 teikn, det yngre runealfabetet. Dei eldste norrøne tekstane er på få unntak nær skrivne med dette alfabetet. Eggja-steinen, der innskrifta er i eldre runer, medan språket må kallast norrønt, står i ei mellomstilling. Frå 1000talet av vart ein del teikn i det yngre runealfabetet forsynte med punkt (punkterte eller stungne runer), slik at talet på runeteikn auka og på lag fall saman med bokstavteikna i det latinske alfabetet. Det yngre runealfabetet vart brukt gjennom heile den norrøne språkperioden, noko ei rekkje funn frå Bryggen i Bergen viser. 3 Innføringa av det latinske alfabetet. I Noreg vart det latinske alfabetet teke i bruk for å skrive norrønt språk ein gong på 1000-talet, kan hende i styringstida til Olav Kyrre (konge ). Innføringa skjedde truleg noko seinare på Island; vinteren veit vi at islendingane skreiv ned lovene sine, men det kan vere at det latinske alfabetet også her vart teke i bruk noko før Engelsk hadde då vore skriftfest med latinske bokstavar i fleire hundre år. Den norrøne skriftfestinga skjedde under engelsk påverknad i samband med den kristne misjonen. I gammalengelsk vart alfabetet utvida med to teikn, som også vart overtekne i nor-
3 Bakgrunn 11 Fig. 1:2 Inndeling av dei nordiske språka ca rønt. Det første av desse, þ ( thorn ), vart lånt frå runealfabetet. Det var ein ustemt dental frikativ, som i moderne engelsk thing, norrønt þing. Det andre teiknet var ð ( eth eller stungen d ), ein stemt dental frikativ, som i moderne engelsk that, norrønt stað. Både i engelsk og norrønt vart aksentar (lengdestrekar) brukte for å markere lang vokal, t.d. á. I norrøn skrift vart det også innført eit særleg vokalteikn, ǫ ( o med kvist ) for ein låg, bakre, runda vokal med uttale om lag som moderne norsk å. 4 Bruksområde for alfabeta. I høgmellomalderen vart runene hovudsakleg brukte i daglegdagse samanhengar, til å risse inn eigarmerke og korte meldingar på ulike tregjenstandar. I det skriftlege materialet elles er det det latinske alfabetet som er brukt. Dei to alfabeta ser ut til å ha hatt kvart sitt virkefelt runealfabetet til den daglege bruk, der kniven var nærast for hand, og det latinske alfabetet for større og varigare tekstar. Det latinske alfabetet vart skrive med penn og blekk på pergament, slik brev og bøker vart laga i utlandet. Det finst nokre få pergamenthandskrifter som er skrivne med runer, men det var reine unntak.
4 12 Kap. 1 5 Normalisert og unormalisert ortografi. Det fanst ingen instans som la ned strenge normer for skriftspråket i norrøn tid. Skrivekunsten var ikkje allmenn, men avgrensa til enkelte skriftsentra, i tilknyting til kloster og andre kyrkjelege sentra i og utanfor byane, statsapparatet rundt det kongelege kanselliet og ein og annan storgard. Sjølv om kvart skriftsenter heldt oppe ei viss standardisering av skriftspråket, viser likevel handskrifts- og brevmaterialet ortografisk og språkleg variasjon på mange punkt. I dei unormaliserte tekstutgåvene er ortografien i kvart handskrift kopiert nøyaktig. Kjeldekritiske krav gjer at språkforskarar og historikarar gjerne brukar slike utgåver, om dei ikkje då studerer sjølve handskriftet, anten i original eller i fotografi (faksimileutgåve). Ulempa er at desse utgåvene er vanskeleg tilgjengelege og gjev lesarane lita hjelp på vegen. Av praktiske grunnar har det derfor nedfelt seg ein normalisert ortografi for norrønt språk. Dette skjedde på og 1800-talet under påverknad av nyare islandsk ortografi, og det er denne ortografien vi møter i grammatikkar, ordbøker og dei fleste tekstar. 6 Uttale. På Island og i fleire andre land er det tradisjon for å lese norrønt med nyislandsk uttale. I Noreg har det vore vanleg å bruke ein tilpassa moderne norsk uttale. Det er faktisk slik at vokalsystemet i norsk har endra seg mindre enn i islandsk, og såleis dannar eit brukande, om ikkje fullgodt utgangspunkt. Konsonantsystemet krev derimot litt ekstra innsats, for her må vi vere særleg merksame på teikna þ, ð, f og g (sjå nedanfor). Den beste løysinga er likevel å ta sikte på ein historisk korrekt uttale, så langt denne lèt seg rekonstruere. Vi reknar at den norrøne normalortografien gjev eit svært dekkjande bilete av uttalen då det latinske alfabetet vart innført og i fleire hundre år framover, herunder den klassiske perioden på 1200-talet. Som hovudregel kan ein uttale norrønt i samsvar med skriftbiletet, men med følgjande avvik: á som moderne norsk å (runda uttale av a). ð som opningslyden i engelsk that. ey som moderne norsk øy (jf. den nyare skrivemåten Frøya for gudinna Freyja). f i framlyd (fara) og ved dobbelskriving (offra) som moderne norsk f. i innlyd (sofa) og utlyd (líf) som moderne norsk v. g i framlyd (gera), ved dobbelskriving (liggja) og etter n (langr) som moderne norsk g, dvs. som lukkelyd (plosiv). elles i innlyd og utlyd som g i nyislandsk saga, dvs. som frikativ (prøv å uttale norsk g utan fullt lukke). h som i moderne norsk, bortsett frå føre l, n, r og v, då vi reknar med at han hadde frikativ uttale.
5 Bakgrunn 13 j som moderne norsk j, men med separat uttale også i konsonantsamband (kj, sj, skj, stj, tj). o bør uttalast som ein mellomhøg, bakre vokal, om lag som den kontinentale o i tysk. I moderne norsk har dei fleste dialektar denne uttalen i ord som sopp og voks. Denne uttalen gjeld både o og ó. r som rulle-r. Skarre-r var ukjend i norrøn tid, anna enn kan hende som talefeil (lyden kom truleg inn i norske dialektar frå 1700-talet av). þ som opningslyden i engelsk thing. u bør uttalast som ein høg, bakre vokal, om lag som den kontinentale u i tysk. I moderne norsk har dei fleste dialektar denne uttalen i ord som ung og bukk. Denne uttalen gjeld både u og ú. ǿ som moderne norsk ø. ǫ som ein låg, bakre, runda vokal om lag som moderne norsk å, kan hende ikkje fullt så låg (jf. utviklinga av orda ǫsp > osp og ǫl > øl det første ordet har i dei fleste dialektane fått ein å-lyd, [ɔsp], det andre ein ø-lyd, [ø:]). I norrøn tid skal vi likevel rekne med at vokalen hadde låg uttale. To konsonantsamband blir som oftast noterte med berre eitt teikn: x z svarar til konsonantsambandet ks, t.d. lax = laks m. laks. svarar til konsonantsambanda ts, ds og ðs, t.d. brauzk = brautsk (av brjóta st.vb. bryte ), helzk = heldsk (av halda st.vb. halde ) og kvezk = kveðsk (av kveða sv.vb. kvede, seie ). Utover uttalen av dei enkelte lydane skal ein også vere merksam på stavingsforholda i norrønt. I trykktung stilling kunne stavingane vere korte, normallange og overlange: vera kort vokal + kort konsonant = kort staving bít lang vokal + kort konsonant = normallang staving skinn kort vokal + lang konsonant = normallang staving nátt lang vokal + lang konsonant = overlang staving I dag har dei aller fleste norske dialektar berre lange stavingar i trykktung stilling. For å få til ei kort staving kan vi gjerne jamføre med engelsk uttale, t.d. av city. Dei fleste dialektane har elles overlange stavingar i enkelte innlånte ord, t.d. påske, og dei har også overlange stavingar dersom ein reknar med bøyingsendingar, t.d. leigd, lånt o.l. 7 Lydskrift og fonemskrift. I dette og det neste kapitlet blir IPA-lydskrift brukt for å forklare uttalen av enkelte språklydar. Lydskrift står alltid i hake-
6 14 Kap. 1 parentesar, t.d. [ø:]. IPA-lydskrifta følgjer langt på veg ortografien i dei europeiske språka som brukar det latinske alfabetet, t.d. kan det norske ordet gata attgjevast som [ga:ta] i IPA-lydskrift, der det berre er lagt til eit kolon for å vise at den første vokalen i ordet er lang. Men det er også ein del teikn som treng nærmare forklaring. I denne grammatikken gjeld det desse teikna: ɔ låg, runda vokal, tilsv. å i moderne norsk ɣ frikativ g, dvs. g uttalt utan fullt lukke, framleis brukt i islandsk ɡ plosiv g, dvs. g med fullt lukke, tilsv. g i gate i moderne norsk ç palatal frikativ, tilsv. kj i standard norsk kjenne (før samanfallet med skj-lyden i skjenne, som no skjer i mange norske dialektar; framlyden i skjenne blir notert med teiknet ʃ i IPA-lydskrifta) ʁ uvular frikativ, tilsv. skarre-r i moderne norske dialektar ʋ labial approksimant, tilsv. w i engelsk water ŋ velar nasal, tilsv. ng-lyden i moderne norsk lang r alveolar trill, dvs. ein r-lyd uttalt med rulling, tilsv. dei fleste norske dialektar ɾ alveolar tapp, dvs. ein r-lyd uttalt med berre eitt slag : markering av lengd på føregåande vokal eller konsonant ˈ primærtrykk, plassert føre stavinga, t.d. ˈkaste i moderne norsk ˌ sekundærtrykk, også dette føre stavinga, t.d. ˈraudˌvin i moderne norsk Eit fullt oversyn over IPA-alfabetet finst i ei rekkje innføringsbøker, og kan lett lastast ned frå nettet ved å søkje på The International Phonetic Alphabet. Vi brukar ikkje fonemisk notasjon med skråstrekar i denne boka, ettersom den norrøne normalortografien har eit nesten perfekt samsvar med den fonematiske analysen av norrønt. I staden brukar vi kursiv; såleis er Konsonanten /g/ kunne uttalast både [ɡ] og [ɣ] formulert slik her: Konsonanten g kunne uttalast både [ɡ] og [ɣ]. I attgjeving av urnordiske ord blir teiknet ʀ brukt, t.d. i 17.2, *sofiʀ > søfr. Denne lyden er dels tolka som ein r-lyd og dels som ein stemt s, [z]. Under alle omstende fall han saman med den ordinære r mot slutten av urnordisk tid, slik at norrønt berre har lyden r. Vidare er teiknet w brukt i urnordisk; det er ein labial approksimant, [ʋ], som i norrønt er attgjeven med v, jf. 17.1, *wigan > vega.
Norrøn grammatikk i hovuddrag
Norrøn grammatikk i hovuddrag Odd Einar Haugen Norrøn grammatikk i hovuddrag Preliminær utgåve Bergen 2009 Odd Einar Haugen 2008 2009 Preliminær utgåve, 15. september 2008 Revidert utgåve, 16. juni 2009
2 Lydlære. Det samtidige blikket. Vokalsystemet
2 Lydlære Det samtidige blikket 8 Synkroni. Den synkrone fonologien tek sikte på å gje ei samtidig framstilling av lydsystemet i norrønt. Men då den norrøne språkperioden strekkjer seg over mange hundre
TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar
TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7
LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1
LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
Vurderingsrettleiing 2011
Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon
Fonetikk og fonologi Oppgåver
Fonetikk og fonologi Oppgåver Oppgåver til s. 19 Forklar dei viktigaste skilnadene på fonetikk og fonologi. Skilnader på språklydar kan delast i tre typar: lydstyrke, tonehøgd og klangfarge. Forklar kva
INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011
FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.
Tilgangskontroll i arbeidslivet
- Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):
VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar
S1-eksamen hausten 2017
S1-eksamen hausten 017 Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 (6 poeng) Løys likningane a) x x 80, a 1, b, c 8 b b 4ac 4 1 ( 8) 4 6
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving
Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.
Internasjonal vidaregåande skule
Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing
KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE
KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE Veteranfiskebåten M/S Nybakk frå Raudeberg i Vågsøy kommune blir sendebod for Gulatinget Tusenårsstaden for Sogn
Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
Forslag frå fylkesrådmannen
TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr
Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse
Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling
Nynorsk i nordisk perspektiv
1 Nynorsk i nordisk perspektiv Språk i Norden I dei nordiske landa finn vi i dag desse språka: 1. Grønlandsk 2. Islandsk 3. Færøysk 4. Norsk (bokmål og nynorsk) 5. Dansk 6. Svensk 7. Samisk 8. Finsk Av
Morfologioppgåva om klassisk gresk
Morfologioppgåva om klassisk gresk Aronoff & Fudeman: What is Morphology? Ch. 3, oppgåve 1. Merknader skrivne av Rolf Theil 1. Innleiing Vi skal analysere nominativ og genitiv eintal av ni klassisk greske
Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn
Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på
Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :
Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar
Månadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)
Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte
Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32
Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
13. Sendetida på TV aukar
Kulturstatistikk 2004 Radio og TV 3. Sendetida på TV aukar Dei siste fire åra ser det ut til at folk brukte mindre tid på radiolytting og fjernsynssjåing. Samstundes har sendetida i TV auka, medan sendetida
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007
Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken [email protected] 7355927
Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven
Fra: Sandnes Mållag [[email protected]] Sendt: 13. mai 2008 10:05 Til: postmottak; Sandven, Britt I. Emne: Rett skriving av stadnamn Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven Bydelsutvala er høyringsinstans
Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.
13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile
Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015
Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 TID KOMPETANSEMÅL Elevane skal kunne INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med ARBEIDSMÅTAR Aktuelle arbeidsmåtar i faget VURDERING Veke 34-52 Munnleg kommunikasjon
ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering
ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett
Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009
1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at
Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418
Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner
Last ned Grunnbok i norrønt språk - Odd Einar Haugen. Last ned
Last ned Grunnbok i norrønt språk - Odd Einar Haugen Last ned Forfatter: Odd Einar Haugen ISBN: 9788205281097 Antall sider: 320 Format: PDF Filstørrelse: 27.13 Mb Boka gjev ei innføring i norrønt språk,
AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen
Arbeidsutvalet Utvalg: Møtested: Telefon Dato: 22.03.2013 Tid: 10:00 11:30 Del 2 1 Saksliste Saksnr Innhold Lukket PS 9/13 Arild Fallingen. Søknad om bruk av snøskuter - retur av utstyrskasser. 2 Saksutredning
KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk
Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 3, 4, 7 og 8 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett
STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.
Norsk Bremuseum sine klimanøtter
Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren
FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A
FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,
Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål
Eksamen 23.05.2014 MAT1013 Matematikk 1T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: Andre opplysningar:
Eksamen 29.11.2011. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål
Eksamen 29.11.2011 REA3028 Matematikk S2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar. Del 2 skal
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt
[email protected] / www.efremforlag.no
tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student
Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016
ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar
Brukarrettleiing. epolitiker
Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
Matematisk samtale og undersøkingslandskap
Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland
Informasjon og brukarrettleiing
Informasjon og brukarrettleiing Om kartløysinga Kartløysinga er tenarbasert. Alle operasjonar blir utførde av ein sentralt plassert tenar (server). Dette inneber at du som brukar berre treng å ha ein pc
Månadsbrev for ROSA mars 2015
Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og
Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret 2016-2017
til videregående opplæring skoleåret 2016-2017 Søkere med annet morsmål enn norsk og samisk, defineres som minoritetsspråklige søkere De aller fleste av søkerne med annet morsmål enn norsk, er som alle
Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane
Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev
Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule
Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, 1 2010 Innhald Innleiing s. 3 I barnehagane s. 4 I grunnskulane s. 9 I dei vidaregåande skulane
Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.
Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast
Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym
GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk
GSI'09 Voksenopplæring (Vo) rettleiing nynorsk Datert 01.10.2009 Side 1 av 11 Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) GSI09, Vo-eining Generelt A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Alle
Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3
Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.
JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min
DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko
Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning
Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning
Å løyse kvadratiske likningar
Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit
8. Museum og samlingar
Kulturstatistikk Liv Taule 8. I var det 34 millionar sgjenstandar og fotografi, 9 millionar besøk, 2 660 utstillingar og 4 765 kulturhistoriske bygningar i dei 88 seiningane som er inkluderte i sstatistikken.
STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 06.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Høyring - Stønad til helsetenester mottatt i eit anna EØS-land- Gjennomføring av pasientrettighetsdirektivet
Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»
Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar
Plan for selskapskontroll 2012-2016
Forsand Kommune Plan for selskapskontroll 2012-2016 Vedteke av kommunestyret 28. november 2012 Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS Innhaldsliste 1 Innleiing... 3 1.1 Avgrensing organisasjonsformer som
KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.
KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over
Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9
Eksamen 29.05.2015 NOR1049 Norsk som andrespråk for språklige minoriteter NOR1049 Norsk som andrespråk for språklege minoritetar Overgangsordning Vg3, elever og privatister/elevar og privatistar Oppgaver
Eit språkhistorisk prosjekt på 2. og 3. trinn på Våland skole i Stavanger 2009/2011
FRÅ NORRØNT TIL NYNORSK. MED 4 FAMILIAR GJENNOM SPRÅKHISTORIA. Eit språkhistorisk prosjekt på 2. og 3. trinn på Våland skole i Stavanger 2009/2011 Eit prosjekt med tidleg start av nynorsk som sidemål,
Teknikk og konsentrasjon viktigast
Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane
HORDALANDD. Utarbeidd av
HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune
Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene
Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar
RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2
RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til
Frå novelle til teikneserie
Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).
Notat om historie og kulturlandskap
Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal
Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015
Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hugs samtaletimen! Torsdag, 19.oktober, skal vi på utedag. Det ser ut til at det vert betre vèr enn vi har hatt. Vi må byggje på hyttene våre!
Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar
Ole Røsholdt Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar ei fagbok om Gulatinget Nynorsk Mangschou Bergen 2009 INNLEIING Dette heftet er laga for å gi læraren nokre praktiske tips om korleis boka om Gulatinget
Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken. Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap
Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap Bakgrunn Doktoravhandling om språkbruken i spontan tale
NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE.
Vår ref. Vår dato NVE 9800452-5 02 09 98 MM/AVE/912-653.4 Dykkar ref. Dykkar dato Tussa Nett AS Dragsund 6080 GURSKØY Sakshandsamar: Arne Venjum, MM 22 95 92 58 Tariffering av kundar med lang brukstid
Kompetansearbeidsplassar i Hordaland
Kompetansearbeidsplassar i Hordaland AUD-rapport nr. 8 11 September 211 1 Tal kompetansearbeidsplassar i Hordaland har vekse med 21 % i perioden 22 29, mot 17 % i landet som heile. Alle regionane i Hordaland
