FRUKT- OG BÆR- BOKA MI

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "FRUKT- OG BÆR- BOKA MI"

Transkript

1 S V E I N S K Ø I E N Frukt- og bærboka mi er laga for barn i alderen 6-10 år. Det finst også ei rettleiing med praktiske tips for lærarar. Både elevheftet og rettleiinga finst på begge målformer. Materiellet kan tingast frå Norges Bondelag Den grøne skulen, telefon eller på FRUKT- OG BÆR- BOKA MI NYNORSK ELEVHEFTE Norges Bondelag Den grøne skulen

2 DET FINST MANGE SLAGS FRUKT OG BÆR Dei fleste planter har frukter, og fruktene inneheld frø. Når dyr og menneske et fruktene, hjelper dei til med å spreie frøa slik at det kan vekse opp nye planter der frøa fell på bakken. Det finst mange slags frukter. Til mat tenkjer vi helst på dei saftige, søte og fargerike fruktene. Små, saftige frukter med mange frø inni, kallar vi gjerne for bær. Jordbær vert kalla falsk frukt fordi dei har frøa utanpå. Ein del bønder dyrkar frukt og bær på jorder eller i store frukthagar. Mange familiar har også frukttre og bærbuskar i sin eigen hage. I Noreg veks det mange ville bærslag, men vi finn ikkje så mange ville frukttre. Dyrka frukt og bær vert større og søtare enn dei ville. Gjennom mange hundre år har forskarar og gartnarar avla fram ei mengd ulike sortar. Fruktslag som vert dyrka i Noreg er eple, pære, plomme, kirsebær, morellar. Bær vi dyrkar i Noreg er jordbær, solbær, bringebær, rips, stikkelsbær. Veit du om fleire? 2

3 VILLE BÆR SUNT OG GODT FRÅ SKOG OG MARK Blåbær og tytebær er dei vanlegaste skogsbæra. Dei veks på små lyngplanter i botnen av gran- og furuskog. Molter og tranebær veks mest på myrar. Molta er i slekt med bringebæret, og liknar litt. Markjordbær og ville bringebær veks i skog- og åkerkantar der det er lyst og varmt. Det finst også andre slags ville bær som vi kan plukke og ete. Rognebær, nyper og krekling kan brukast til syltetøy og saft. 3

4 VI DYRKAR MEST EPLE Eple og pære vert kalla kjernefrukt. Inni frukta er det frø eller steinar som ligg i små rom, kjernehus. Eple er det mest dyrka fruktslaget i Noreg. Eple- og pæretre kan verte nokså store dersom vi ikkje skjer dei. Det finst mange sortar av eple og pære, og alle har sine ulike namn. Nokre eplesortar vert modne om sommaren og er best å ete tidleg på hausten, t.d. Julyred og Quinte. Andre vert modne seinare på hausten og kan lagrast utover vinteren, t.d. Gravenstein og Aroma. Kirsebær, morellar og plommer vert kalla steinfrukter fordi frøet ligg inni ein hard stein. Plommene er oftast eggforma, dei har lekre fargar og saftig fruktkjøt. Visste du forresten at svisker er tørka plommer? Fersken og aprikos er også steinfrukter som vi kan dyrke i hagen, men berre på dei varmaste stadene i landet. Det finst både viltveksande og dyrka kirsebær. Villbæra er små, men trea vert ofte store. Av dyrka kirsebær har vi søtkirsebær og surkirsebær. Søtkirsebær vert ofte kalla morellar, medan surkirsebær gjerne vert kalla kirsebær. Det finst fleire sortar av begge slaga, nokre med lyse og nokre med mørke bær. I Hardanger dyrkar dei mykje morellar. Dei søte morellane vert for det meste ete i frisk tilstand. 4

5 Surkirsebær er som namnet seier, surare og passar difor best til saft og syltetøy. Surkirsebær med lyse bær vert kalla amarellar, og dei med mørke bær og mørk saft vert også kalla morellar. Surkirsebærtre er mindre enn andre kirsebærtre. Jordbær og bringebær er dei vanlegaste av dei dyrka bærslaga. Solbær, rips og stikkelsbær er i nær slekt og veks på buskar. I hagen vår kan vi også plante bjørnebær og hageblåbær. 55

6 I FRUKTHAGEN Frukttre likar varme. Det må ikkje vere for kaldt for dei om vinteren. Om våren når treet blømer, må det vere så varmt at bier og humler kjem og hjelper til med pollineringa (befruktinga). Om sommaren treng frukta sol og varme for å modnast. Ulike fruktslag og fruktsortar har ulike krav til klima. I Noreg kan vi dyrke frukt mange stader, men vi må velje sortar som toler klimaet der vi bur. Aller mest frukt vert det dyrka i fjordområda i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det veks villeple i Noreg, men dei er små og sure. Dyrka frukttre er ganske ulike dei viltveksande. Fruktene er større og søtare, og det vert mange på kvart tre. Trea kan vere små, men likevel kjem det mykje frukt på dei. Nokre epleslag kan få frukt allereie året etter at dei er planta. Eit frukttre er eigentleg samansett av to tre. Sjølve frukttreet (krona) er poda på ein grunnstamme. Grunnstammen er frå ville tre. Det går an å pode to eller fleire eplesortar på det same treet, t.d. Gravenstein og Torstein. Då får vi det vi kallar eit familietre med frukt av ulik smak og med ulik modningstid. Nye tre vert laga ved å pode greiner frå den eple- eller pæresorten vi ønskjer på ein grunnstamme. Dersom vi sår frø frå eit eple eller ei pære, vil det vekse opp tre som er ulike og som liknar lite på mortrea. Frukttre vert forma med skjering kvart år. Vi skjer vekk kvistar og greiner etter eit bestemt mønster slik at trea vert låge og ikkje får for mange greiner. Då får fruktene mykje lys og luft, dei vert store og fine, og trea vert lette å plukke. 6

7 BÆR I HAGE OG ÅKER Jordbær er vårt mest populære bærslag og vert dyrka over heile landet. Jordbærplanta er fleirårig, men det er berre rota som overlever gjennom vinteren. Likevel byter bøndene kvart år ut ein del av plantene med nye, friske planter. Jordbærplanta lagar sine eigne småplanter med utløparar. Det finst mange sortar av jordbær, t.d. Polka, Florence, Korona. Dei fleste kjem frå utlandet. Dei nye småplantene vert planta gjennom hol i svart plast. Plasten hindrar ugrasvekst og held på varme og fukt i jorda. Mellom radene vert det lagt halm for at det ikkje skal kome jord på bæra. Plantene gjev bær året etter at dei er planta. Når det er kaldt og lite snø som vernar plantene, kan det vere naudsynt å dekkje dei med fiberduk. Om sommaren treng jordbærplantene mykje vatn. Kunstig vatning kan vere naudsynt i tørt ver. Det er lett å dyrke jordbær i hagen. Dei kan også dyrkast i veksthus, og då kan vi få bær tidleg om våren. Markjordbær kan vi også plante i hagen. 7

8 HAUSTING Frukt og bær som vi skal ete i frisk tilstand, må vi plukke for hand. Det er lettast å stå på bakken når vi skal plukke frukt, men krakkar og stigar er ofte naudsynt for å kome til i toppen. Fruktene toler lite av trykk, så vi må plukke forsiktig. I frukthagen til bønder som dyrkar frukt for sal, vert det plukka i bøtter eller korger, og når dei er fulle, vert dei tømt forsiktig oppi større kassar som traktoren kan ta med seg til lageret. På fruktlageret vert frukta vaska og sortert. 8

9 Om sommaren er det mange som har arbeid med plukking av bær og hausting av frukt. Mange kjem frå utlandet for å plukke frukt og bær og tene pengar. Kirsebær, jordbær og bringebær vert ofte plukka direkte i små plastkorger. Vi kan kjøpe desse bæra på torget eller på garden. På nokre gardar er det sjølvplukk av bær og frukt. Då kan vi kome til garden og plukke sjølv, og så betale for det vi har plukka. Bær som skal brukast til saft eller syltetøy kan haustast med maskin. Store maskiner køyrer over bærbuskane og rispar med seg bæra. Bær må lagrast kjølig for at dei skal halde seg friske. 9

10 MAT OG DRIKKE AV FRUKT OG BÆR Frukt og bær er sunt og godt, dei inneheld mykje vitaminer, mineralstoff, kostfiber og anna som kroppen treng. Det beste er å ete frukt og bær i frisk tilstand. Fem om dagen er ein god regel. Det vil seie at vi til saman bør ete minst fem porsjonar av frukt/bær og grønsaker. I haustingstida kan vi kjøpe frukt og bær på torget eller direkte på gardane. I butikkane legg dei fram frukt og bær i flotte diskar. Om sommaren og hausten kan vi få mykje som er dyrka i Noreg, men om vinteren kjem det meste av frukt og bær frå andre land. Eple og pærer kan halde seg lenge dersom dei vert lagt mørkt og kjølig, men bær er lite haldbare, så dei må vi konservere. Den enklaste konserveringsmåten er djupfrysing. Vi må då reinske bæra og leggje dei i frysebeger eller -posar, tette godt igjen og fryse dei inn ved 18 grader eller kaldare. Vi kan tørrfryse bæra utan sukker, eller vi kan lage frysetøy, t.d. av jordbær eller bringebær. Då rører vi bæra saman med sukker før vi frys dei. Vi kan også lage syltetøy, saft, gelé og mykje anna godt heime på vårt eige kjøkken. 10

11 Konservesfabrikkar brukar frukt og bær til syltetøy, dessertar, saft, jus, sider og mykje anna. Frukt og bær vert også bruka i mysli, i yoghurt, i kaker og i mange andre matvarer. Eplekake Botn: 5 dl kveitemjøl 2 ts bakepulver 125 g smør/margarin 1 ¼ dl sukker 1 egg Fyll: 2-4 eple 3 ss sukker 1 ts kanel 2 ts potetmjøl Bland mjøl og bakepulver, smuldre i smøret. Pisk saman egg og sukker, ha det i mjølblandinga og arbeid deigen saman. Ha i 1-2 ts kaldt vatn dersom deigen verkar tørr. Sett deigen kaldt. Vask epla, skjer vekk flekkar og del i båtar. Bland sukker, kanel og potetmjøl. Bruk rund form med laus botn, om lag 25 cm i diameter. Legg deigen i smurt form og trykk han utover botnen og om lag 2 cm oppover kanten. Legg tett med eplebåtar over deigen og strø på sukkerblandinga. Steik ved 200 grader på nedste rille i minutt. Avkjøl på rist. Server eplekaka med litt krem eller iskrem til. Frukt og bær med yoghurt 3 ss pinjekjernar frukt og/eller bær etter ønske 1 beger matyoghurt 1-2 ss flytande honning Rist pinjekjernane i tørr steikepanne. Avkjøl. Del opp frukter og store bær i mindre bitar. Fordel yoghurten i 2-3 skåler, legg i frukt og bær og strø over pinjekjernar. Hell over litt honning. 11

12 Smoothie med jordbær 150 g reinsa jordbær, gjerne frosne 1 ½ dl ananasjus 1 ½ dl jordbæryoghurt Køyr alt i hurtigmiksar til blandinga er jamn. Hell opp i glas med eit par isbitar i. Pynt gjerne med heile jordbær. Denne porsjonen gjev om lag 4 dl ferdig smoothie. Blåbærmuffins (20-25 muffinsformer) 2 egg 1 ½ dl sukker 5 ss smelta smør/margarin 3 dl kveitemjøl 1 ts bakepulver ½ dl mjølk 2 dl blåbær Frå livet i fruktkorga: -Kvifor er det så mørkt her? -Pæra har gått. Teikningar: Bjørn Stangebye Norges Bondelag Den grøne skulen, februar 07 ISBN Sett steikeomnen på 225 grader. Pisk egg og sukker til eggedosis. Tilsett smelta, avkjølt smør/margarin. Bland mjøl og bakepulver og ha halvparten i røra. Rør så inn mjølka og resten av mjølet. Ha i blåbæra og bland forsiktig. Sett muffinsformene på steikeomnsplata og fordel røra i formene. Steik midt i omnen i minutt. Avkjøl kakene på rist. 12

FRUKT- OG BÆR- BOKA MI

FRUKT- OG BÆR- BOKA MI S V E I N S K Ø I E N Frukt- og bærboka mi er laget for barn i alderen 6-10 år. Det finnes også en veiledning med praktiske tips for lærere. Både elevheftet og lærerveiledningen finnes på begge målformer.

Detaljer

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke oppskrifter kornartane Baketips Forkortingar dl = desiliter 1 dl = 100 ml g = gram ts = teskei ms = matskei stk

Detaljer

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich oppskrifter frå jord til bord Innhald baketips Ostesmørbrød Arme riddarar AV grovt brød Sandwich grove horn Baketips Forkortingar dl = desiliter 1 dl = 100 ml g = gram ts = teskei ms = matskei pk = pakke

Detaljer

OST- OG SKINKEMUFFINS

OST- OG SKINKEMUFFINS OST- OG SKINKEMUFFINS Oppskrift henta frå: https://www.tine.no/oppskrifter/bakst/scones-og-muffins/ost-og-skinkemuffins (30.10.18) 5 dl kveitemjøl 2 ts bakepulver ½ ts salt 1 ts paprikapulver 100 g kvitost

Detaljer

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos På veg inn i påskedagane planlegg eg gode ting ein kan kose seg med. Ein god marmelade, "sunt" påskegodteri og to deilige dessertar får du servert av meg i dag. Sjokolade er det klassiske påskesnopet,

Detaljer

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Ute mat Korleis laga god mat UTE Ute mat Korleis laga god mat UTE Sigrid Henjum- 03. desember 2013 1 Taco - ein favoritt også på tur. 4 pers Ingrediensar: 600-800 g kjøtdeig av storfe, hjort, kylling eller svin 1 boks mais 1 paprika i

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke oppskrifter Grove kornprodukt Innhald Baketips havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke Baketips Forkortingar dl = desiliter 1 dl = 100 ml g = gram ts =

Detaljer

Kvar kjem maten vår frå?

Kvar kjem maten vår frå? Kvar kjem maten vår frå? Jobben til den norske bonden er å skaffe alle god mat. I denne boka kan du lære meir om korleis dyr og plantar på garden blir til mat for deg og meg. På garden jobbar bonden. Det

Detaljer

FESTMAT I BARNEHAGEN. Holane 12, 6770 Nordfjordeid tlf 47 39 54 64

FESTMAT I BARNEHAGEN. Holane 12, 6770 Nordfjordeid tlf 47 39 54 64 Sjokoladekake i langpanne og muffins med nonstopp er enkelt å ty til når barn skal feire. Dette kan godt avløysast av nye og meir spennande godbitar og delikatesser som er minst like lette å lage. FESTMAT

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Pepperkaker KAKEMENN. 7 slag TIL JUL. God Jul. Du trenger ikke å bake alt selv - Hos Europris finner du stort utvalg av kaker til jul

Pepperkaker KAKEMENN. 7 slag TIL JUL. God Jul. Du trenger ikke å bake alt selv - Hos Europris finner du stort utvalg av kaker til jul Pepperkaker 150 g 1 dl 2 dl 1 dl 1/2 ts 1/2 ts 1/2 ts 2 ts 1 ts 450 g 1. Bland smør, sirup og sukker i en kjele. Varm opp til sukkeret er helt smeltet. Smør Mørk sirup Kremfløte Malt nellik Malt ingefær

Detaljer

Produktkatalog. Februar 2014

Produktkatalog. Februar 2014 Produktkatalog Februar 2014 Velkommen til Lerum Storhusholdning I denne katalogen finn du ei oversikt over Lerum sine produkt for storhusholdning. Produkta er tilgjengelege gjennom leiande kjeder og grossistar.

Detaljer

Enkle oppskrifter med NutriniKid Multi Fibre

Enkle oppskrifter med NutriniKid Multi Fibre Enkle oppskrifter med NutriniKid Multi Fibre Innledning Innhold I denne kokeboken har vi laget enkle oppskrifter der NutriniKid Multi Fibre nøytral inngår som en viktig ingrediens. Dette er ment som et

Detaljer

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød Fakta Framtidas skulebrød 5. Framtidas skulebrød Fakta/oppgåve/oppskrift Framtidas skulebrød Innhald produktutvikling Framtidas skulebrød grove rundstykke Fakta Framtidas skulebrød Produktutvikling Å lage

Detaljer

NORSK FRUKT OG BÆR til fest

NORSK FRUKT OG BÆR til fest NORSK FRUKT OG BÆR til fest Smaken av norsk frukt og bær Norges Bygdekvinnelag satser i 2014 og 2015 friskt på norsk frukt og bær. Disse er både rike på smak og stappfulle av viktige næringsstoffer, blant

Detaljer

Oppskrifter på fristende julegodteri

Oppskrifter på fristende julegodteri Brownies med karamell Oppskriften passer til ca. 6-8 personer Oppskrifter på fristende julegodteri 100 g mørk sjokolade 2 egg 2 dl sukker 1 dl hvetemel 1 dl kakaopulver 1 knivsodd salt 1/2 ts bakepulver

Detaljer

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim Slik går du frem: 1. Velg deg en ramme. 2. Du skal nå lage et vakkert bilde

Detaljer

Opplysningskontorene i Landbruket Landbruks og Matdepartementet

Opplysningskontorene i Landbruket Landbruks og Matdepartementet Oppskriftshefte for PoppOpp restauranten 1/11 2010 Opplysningskontorene i Landbruket Landbruks og Matdepartementet Aperitiff: Syrlig blå smoothie Oppskriften gir ca 10 glass Ingredienser: 2 dl eple juice

Detaljer

DEILIGE DRIKKER. Friske tørsteslukkere du kan lage selv. Friske fristelser i NORGE. underveis. Du finner alle våre restauranter på:

DEILIGE DRIKKER. Friske tørsteslukkere du kan lage selv. Friske fristelser i NORGE. underveis. Du finner alle våre restauranter på: Friske fristelser i NORGE Du finner alle våre restauranter på: marche-restaurants.com * HVAM DEILIGE DRIKKER Friske tørsteslukkere du kan lage selv LIER SØR*/NORD HOLMESTRAND Si at du liker Marché! facebook.com/marcherestaurantsnorge

Detaljer

MINSTEN. Smoothie for 10. Gode matvaner starter tidlig

MINSTEN. Smoothie for 10. Gode matvaner starter tidlig Smoothie for 10 Rød smoothie 10 dl Yoghurt med vanilje 10 dl Syrnet melk jordbærsmak 10 dl Dypfryst bærblanding jordbær eller bringebær 5 stk Banan Mangosmoothie 6 dl Syrnet melk naturell 6 stk Mango 6

Detaljer

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar, Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre

Detaljer

N Ø K K E L H U L L E T

N Ø K K E L H U L L E T OPPGÅVER 5. 7. ÅRSSTEG 1 (7) NØKKELHULLET Oppgave 1 Kryssord 6 2 5 7 10 3 4 1 11 9 12 8 N Ø K K E L H U L L E T 1 Magert kjøttpålegg 2 Sunt brød i matpakka 3 Grov pasta 4 Kvit blomstergrønsak «cauliflower»

Detaljer

Oppskrift 06. Engelske korsboller Oppskrift 05. Grove påskeharer Oppskrift 01. DekorertE påskebrød Oppskrift 02. Gresk påskebrød Oppskrift 03.

Oppskrift 06. Engelske korsboller Oppskrift 05. Grove påskeharer Oppskrift 01. DekorertE påskebrød Oppskrift 02. Gresk påskebrød Oppskrift 03. Grove påskeharer Oppskrift 01. DekorertE påskebrød Oppskrift 02. Engelske korsboller Oppskrift 05. Påskespeilegg Oppskrift 06. Gresk påskebrød Oppskrift 03. Kypriotisk påskebrød Oppskrift 04. 02. Grove

Detaljer

med flere næringsrike råvarer og lære dem å lage et sunt og godt mellommåltid. Tidsbruk: 60 minutter

med flere næringsrike råvarer og lære dem å lage et sunt og godt mellommåltid. Tidsbruk: 60 minutter SF O T: AK T IV IT E SMUUUDI Med smuuudi -smoothie challenge får barna eksperimentere og utforske ulike fargerike frukter, og lage sin egen smoothie. Målet med aktiviteten er å gjøre barna kjent med flere

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Menyer og oppskrifter Falt rettene vi serverte under konferansen i smak? Vi anbefaler deg å prøver våre spennende og enkle oppskrifter!

Menyer og oppskrifter Falt rettene vi serverte under konferansen i smak? Vi anbefaler deg å prøver våre spennende og enkle oppskrifter! Menyer og oppskrifter Falt rettene vi serverte under konferansen i smak? Vi anbefaler deg å prøver våre spennende og enkle oppskrifter! Kjøleskapsgrøt med mandler & dadler 0,5 l små havregryn 1,75 l mandelmelk

Detaljer

Ja takk, mer kake! Ritz-kake Ta med barna på blåbærtur i skogen, og disk opp med en himmelsk Ritz-kake som belønning til bærplukkerne.

Ja takk, mer kake! Ritz-kake Ta med barna på blåbærtur i skogen, og disk opp med en himmelsk Ritz-kake som belønning til bærplukkerne. Ja takk, mer kake! Etter en årstid med lette salater og småretter er det tid for å ta en skikkelig kakefest. Her er sensommerens beste kaker! Oppskrifter hentet fra boken «Det norske kakebordet» av Hege

Detaljer

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Lærarrettleiing 1. Kornartane Lærarrettleiing 1. Kornartane Om modulen Modulen skal gje elevane oversikt over kva slags kornartar vi dyrkar i Noreg, kva dei blir brukt til, og kva rolle korn har i kosthaldet vårt. Kornartane ris og

Detaljer

Grove og sukkerfrie speltbiscotti

Grove og sukkerfrie speltbiscotti Grove og sukkerfrie speltbiscotti Dere. Det er en tid for alt. En tid for å savne, en tid for å være sammen. En tid for å sove lenge og en for å tvinge seg opp i morgengryet. En tid for solskinn, og en

Detaljer

Oversikt over kakebaking 17.mai 2017

Oversikt over kakebaking 17.mai 2017 Oversikt over kakebaking 17.mai 2017 Alle familier må levere to enheter kake/bakverk hver. (Se oversikt under). Dette levers på skolekjøkkenet 16.mai i forbindelse med at kafé rigges, eller på skolekjøkkenet

Detaljer

Hjemmelaget vin! Mette & Lars 2010

Hjemmelaget vin! Mette & Lars 2010 Hjemmelaget vin! Mette & Lars 2010 Hvordan gjør vi det? Plukk bær/frukt Rens Frys og tin Knus og tilsett gjær Press ut råsaften fra bærmassen Tilsett sukkervann Gjær og stikk om Tapp på flaske og lim på

Detaljer

PP-presentasjon 4. Årstidene. Nivå 2. Illustrasjoner: Ingrid Brennhagen Foto: Bjørn Aalerud

PP-presentasjon 4. Årstidene. Nivå 2. Illustrasjoner: Ingrid Brennhagen Foto: Bjørn Aalerud PP-presentasjon 4 Årstidene. Nivå 2. Illustrasjoner: Ingrid Brennhagen Foto: Bjørn Aalerud Basiskunnskap 2013 1 Vinteren Det er kaldt og mørkt Trær og andre planter vokser ikke Noen dyr sover hele vinteren

Detaljer

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt Fakta Grove kornprodukt Innhald Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt VIKTIGE NÆRINGSTOFF I GROVE BRØD- OG KORNPRODUKT Brødskala n Grove brød- og kornprodukter KVIFOR MÅ VI ETE GROVE BRØD- OG KORNPRODUKT?

Detaljer

Mat til. Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS

Mat til. Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS Mat til Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS Vi serverer Åsen-meny Hjortekarbonade med potetpuré Steikte grønsaker Fjellmat Campsnurrar Grove snurrar med ost og skinke Rødstranda Grillspyd med

Detaljer

AKTIVITET: SFO SMUUUDI

AKTIVITET: SFO SMUUUDI AKTIVITET: SFO SMUUUDI Med smuuudi -smoothie challenge får barna eksperimentere og utforske ulike fargerike frukter, og lage sin egen smoothie. Målet med aktiviteten er å gjøre barna kjent med flere næringsrike

Detaljer

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. KAPITTEL 13 NATUR, MAT OG HELSE 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne i skogen. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne

Detaljer

Kefir. Ranch dressing Porsjoner 8 Tidsbruk 10 minutter. Q-Meieriene har gleden av å presentere Q-Kefir!

Kefir. Ranch dressing Porsjoner 8 Tidsbruk 10 minutter. Q-Meieriene har gleden av å presentere Q-Kefir! Kefir Q-Meieriene har gleden av å presentere Q-Kefir! Kefir er en av de eldste surmelkstypene vi har og har vært brukt i mange tusen år. Selve ordet kefir er av tyrkisk opprinnelse og betyr behagelig eller

Detaljer

Brød med SPC Flakes Ca g SPC Flakes pr. skive ved 20 skiver pr. brød

Brød med SPC Flakes Ca g SPC Flakes pr. skive ved 20 skiver pr. brød Brød med SPC Flakes Ca. 3.75 g SPC Flakes pr. skive ved 20 skiver pr. brød 150 g. SPC Flakes 7 dl. vann 50 g. gjær 2 ts. salt 1 ½ spsk. sukker 1 ½ spsk. olje 2 dl. yoghurt naturell (eller annet surmelksprodukt)

Detaljer

ENKLE OPPSKRIFTER MED FORTINI MULTI FIBRE

ENKLE OPPSKRIFTER MED FORTINI MULTI FIBRE ENKLE OPPSKRIFTER MED FORTINI MULTI FIBRE Innledning Innhold I denne kokeboken har vi laget enkle oppskrifter der Fortini Multi Fibre nøytral inngår som en viktig ingrediens. Dette er ment som et hjelpemiddel

Detaljer

KORN- BOKA MI. Norges Bondelag Den grøne skulen ELEVHEFTE NYNORSK

KORN- BOKA MI. Norges Bondelag Den grøne skulen ELEVHEFTE NYNORSK S V E I N S K Ø I E N Dette arbeidsheftet er laga for barn i alderen 6-10 år. Det finst også ei rettleiing med praktiske tips for lærarar. Både elevheftet og lærarrettleiinga finst på begge målformer.

Detaljer

Oppskrifter. Sunne desserter

Oppskrifter. Sunne desserter Oppskrifter Sunne desserter Dette oppskriftheftet er et tillegg til eboken om betennelsesdempende mat. Oppskriftene er for deg som ønsker å spise dessert av og til med litt bedre samvittighet. Har du konkrete

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Høsting fra naturens spiskammer

Høsting fra naturens spiskammer Høsting fra naturens spiskammer Nærområdene rundt Flå skole er en flott arena for uteskole. Elevene fra årets 3. trinn har vært med på mange av tilbudene fra prosjekt Klima, miljø og livsstil. De har hatt

Detaljer

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving HAGEBLÅBÆR Haugaland landbruksrådgjeving Kva er hageblåbær Ulike kryssingar av artane Vaccinium corymbosum og Vaccinium angsutifolium. Viltveksane på austkysten av USA. Buskform om lag som solbær (1-2

Detaljer

Fokus på kosthold. KROPP, BEVEGELSE OG HELSE er viktige fokusområder

Fokus på kosthold. KROPP, BEVEGELSE OG HELSE er viktige fokusområder Fokus på kosthold KROPP, BEVEGELSE OG HELSE er viktige fokusområder for oss. Vi bidrar til at barna tilegner seg kunnskap om kosthold, aktivitet og hvile. De utvikler gode kostholdsvaner og gode holdninger.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Valentinekake. Lokk/topping: 3 dl kremfløte 400 g marsipan eller ferdig marsipanlokk. Melisglasur (Royal icing): ½ eggehvite 2 dl melis

Valentinekake. Lokk/topping: 3 dl kremfløte 400 g marsipan eller ferdig marsipanlokk. Melisglasur (Royal icing): ½ eggehvite 2 dl melis Valentinekake 5 gelatinplater 1 dl kremfløte 250 g fruktyoghurt (to små beger, fortrinnsvis med røde bær) 1 ½ dl kirsebærkompott 1 sukkerbrødbunn Lokk/topping: 3 dl kremfløte 400 g marsipan eller ferdig

Detaljer

Du får kjøpt ferdigblandet smoohtie-varianter og mikset med vaniljekesam, har du en herlig og frisk proteinrik drikk på under 30 sekunder.

Du får kjøpt ferdigblandet smoohtie-varianter og mikset med vaniljekesam, har du en herlig og frisk proteinrik drikk på under 30 sekunder. Frokostsmoothie 1 dl yoghurt naturell 1 dl lettmelk 20 g mandler 3 ss eplesyltetøy (ca 50 g) 2 ss (10 g) havregryn Ev. sukker og kaneldryss Stavmikses godt (ev. kan du finmale/stavmikse mandlene på forhånd)

Detaljer

MARSIPAN. FRISTELSER med tips, konfekt og lekre oppskrifter. www.odense-marcipan.com

MARSIPAN. FRISTELSER med tips, konfekt og lekre oppskrifter. www.odense-marcipan.com MARSIPAN FRISTELSER med tips, konfekt og lekre oppskrifter www.odense-marcipan.com ODENSE Ekte inneholder hele 50 % mandler og er perfekt til baking, desserter og konfekt. Forholdet mellom mandler og sukker

Detaljer

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ Oppskrift 17-24 150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ 17. OVNSBAKT PASTA MED VEGETARFARSE, GRESSKAR OG CHÈVRE 175 g farse fra Hälsans Kök 750 g gresskar, i terninger Olivenolje salt, pepper 300 g rigatoni eller penne-pasta

Detaljer

Introduksjon til undervisningsmateriellet

Introduksjon til undervisningsmateriellet Introduksjon til undervisningsmateriellet Undervisningsmateriellet har fem modular: Kornartane, frå jord til bord, grove kornprodukt. Måltida og framtidas skulebrød. Kvar modul inneheld fakta, oppgåver

Detaljer

Smoothies. Enkle og smakfulle oppskrifter

Smoothies. Enkle og smakfulle oppskrifter Smoothies Enkle og smakfulle oppskrifter Antioksidanter Vi vet alle at frukt, bær og grønnsaker er sunt, men hvorfor? De inneholder en rekke stoffer som påvirker kroppen vår positivt. Noen av de viktigste

Detaljer

oppskrifter fra jord til bord Innhold baketips Ostesmørbrød Arme riddere AV grovt brød grove horn

oppskrifter fra jord til bord Innhold baketips Ostesmørbrød Arme riddere AV grovt brød grove horn oppskrifter fra jord til bord Innhold baketips Ostesmørbrød Arme riddere AV grovt brød Sandwich grove horn Baketips Forkortelser dl = desiliter 1 dl = 100 ml g = gram ts = teskje ss = spiseskje pk = pakke

Detaljer

DESSERTER FOR ENHVER SMAK KLARE TIL Å NYTES

DESSERTER FOR ENHVER SMAK KLARE TIL Å NYTES DESSERTER FOR ENHVER SMAK KLARE TIL Å NYTES DESSERTER FOR ENHVER SMAK KLARE TIL Å NYTES Piano er en serie desserter klare til å nytes og som passer for enhver smak. I denne brosjyren gir vi deg tips om

Detaljer

Et godt måltid. Temahefte : Januar Mars.

Et godt måltid. Temahefte : Januar Mars. Et godt måltid Plan for 2017 MÅNED Januar februar mars April mai juni August september oktober November desember TEMA Korn og bakst Mat og friluft Frukt og grønt Høytid og tradisjoner Se eget hefte! Temahefte

Detaljer

Oppskrift på sjokoladekake KAKE. 3 egg + 4,5 dl sukker piskes. 225 g smeltet smør/melange. 6 dl hvetemel. 3 ts bakepulver. 3 ts vaniljesukker

Oppskrift på sjokoladekake KAKE. 3 egg + 4,5 dl sukker piskes. 225 g smeltet smør/melange. 6 dl hvetemel. 3 ts bakepulver. 3 ts vaniljesukker Oppskrift på sjokoladekake KAKE 3 egg + 4,5 dl sukker piskes 225 g smeltet smør/melange 6 dl hvetemel 3 ts bakepulver 3 ts vaniljesukker 3 ss kakao 1 / 11 3 dl melk Stekes midt i ovnen i 30 minutter. 175

Detaljer

Fokus på kosthold. KROPP, BEVEGELSE OG HELSE er viktige fokusområder

Fokus på kosthold. KROPP, BEVEGELSE OG HELSE er viktige fokusområder Fokus på kosthold KROPP, BEVEGELSE OG HELSE er viktige fokusområder for oss. Vi bidrar til at barna tilegner seg kunnskap om kosthold, aktivitet og hvile. De utvikler gode kostholdsvaner og gode holdninger.

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Stek i ovnen i ca 10 minutter, så er de ferdige! Det er også fint å pynte litt med salat eller tomater på tallerken før du serverer

Stek i ovnen i ca 10 minutter, så er de ferdige! Det er også fint å pynte litt med salat eller tomater på tallerken før du serverer INGREDIENSER: (4 porsjoner) 4 pitabrød 8 ss piazzasaus Noen pepperoni skiver/ kokt skinke (kan droppes) Ca 16 skiver gulost ½ paprika i tynne skiver Oregano FREMGANGSMÅTE: Sett ovnen på 220 C (over og

Detaljer

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ Oppskrift 49-56 150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ 1 TROPISK COTTAGECHEESE MED FITNESS Ingredienser ½ beger cottagecheese ½ mango 2 pasjonsfrukt Ca. 50g FITNESS 1 ss hakkede pistasjenøtter Ha cottagecheese i en

Detaljer

Møt vinteren med noe varmt i koppen marche-restaurants.com

Møt vinteren med noe varmt i koppen marche-restaurants.com HOT DRINKS Møt vinteren med noe varmt i koppen marche-restaurants.com Ta med & lag selv Aromatisk te Te med appelsin og mynte Ingredienser til 1 tekopp: V appelsin 1 kvist frisk mynte 250 ml vann 1 ss

Detaljer

Det grønne julebordet

Det grønne julebordet Det grønne julebordet Torskefilet m/ertestuing og sprøbakt bacon Sett ovnen på 160 C Legg torskebitene i lave bakker og varm opp til anbefalt kjernetemperatur på 62 C i kombiovn/konveksjonsovn. Ertepure:

Detaljer

Det grønne julebordet

Det grønne julebordet Det grønne julebordet Rødbet- terte 1.Ta butterdeigsplater ut av fryseren og legg dem til tining. 2. Varm olje i en stekepanne og stek løk til den er myk og blank. 3. Smak til med salt og pepper. 4. Forvarm

Detaljer

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ Oppskrift 65-71 150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ 1 FITNESS GRANOLA- OG NØTTEBARS 2,4 dl stenløse dadler 2,4 dl FITNESS 2,4 dl hasselnøtter, grovt hakket 1 dl saltede macadamianøtter, grovt hakket 1 dl rosiner

Detaljer

Oldemors. hus. Eggende desserter fra. Delikate desserter. frem av nylagte egg, minner oss om en svunnen tid.

Oldemors. hus. Eggende desserter fra. Delikate desserter. frem av nylagte egg, minner oss om en svunnen tid. Delikate desserter tryllet frem av nylagte egg, minner oss om en svunnen tid. På Nesheimstunet holdes tradisjonene i hevd, og vi har latt oss friste av Dronning Maud fromasj, karamellpudding og mange,

Detaljer

FESTMAT I BARNEHAGEN. Vi har latt oss inspirere av: www.melk.no www.frukt.no Bilde på framsida er henta frå: www.kakerogkos.blogspot.

FESTMAT I BARNEHAGEN. Vi har latt oss inspirere av: www.melk.no www.frukt.no Bilde på framsida er henta frå: www.kakerogkos.blogspot. Sjokoladekake i langpanne og muffins med nonstopp er enkelt å ty til når barn skal feire. Dette kan godt avløsest av nye og mer spennende godbiter og delikatesser som er minst like lette å lage. FESTMAT

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Fakta Grove kornprodukt. 3. Grove kornprodukt

Fakta Grove kornprodukt. 3. Grove kornprodukt Fakta Grove kornprodukt 3. Grove kornprodukt Fakta Grove kornprodukt Innhald Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt VIKTIGE NÆRINGSTOFF I GROVE BRØD- OG KORNPRODUKT Brødskala n Fakta Grove kornprodukt

Detaljer

Brownies cookies! Hallo mandag!

Brownies cookies! Hallo mandag! Brownies cookies! Hallo mandag! Hallo raknede strømpebukser og grinete barn! Hallo slitne mammaer og sure pappaer! Hallo våte votter, skitne dresser og sko som ikke tørket fra dagen før! Hallo bilnøkler

Detaljer

Oppskrifter fra "Barnas kjøkken"

Oppskrifter fra Barnas kjøkken Oppskrifter fra "Barnas kjøkken" Mandag 10. oktober 2016 Vi har fått maten på Høstidyll 2016 sponset av God Fisk. Det er mange fine matoppskrifter på www.godfisk.no. Lakseburger i brød Lakseburger 400

Detaljer

Opplysningskontoret for frukt og grønt ønsker å inspirere og motivere til økt forbruk av frukt og grønt. Myndighetenes kostholdsanbefalinger lyder

Opplysningskontoret for frukt og grønt ønsker å inspirere og motivere til økt forbruk av frukt og grønt. Myndighetenes kostholdsanbefalinger lyder Opplysningskontoret for frukt og grønt ønsker å inspirere og motivere til økt forbruk av frukt og grønt. Myndighetenes kostholdsanbefalinger lyder Spis minst fem porsjoner grønnsaker, frukt og bær hver

Detaljer

Geitmyra juniorkokk Frittata og kryddereple

Geitmyra juniorkokk Frittata og kryddereple Geitmyra juniorkokk Frittata og kryddereple Et kurs ved Geitmyra matkultursenter med Hans Edvard Reppen Høsten 2015 Kursrekken er gjennomført med støtte av Eckbos Legater Eggepanne med potet og spinat

Detaljer

Mat fra naturen. Bruk små blader uten grov stilk. Dampkok først brennesla under lokk i ca 10 minutter i ca 3 dl vann. Slå ut kokevannet.

Mat fra naturen. Bruk små blader uten grov stilk. Dampkok først brennesla under lokk i ca 10 minutter i ca 3 dl vann. Slå ut kokevannet. Brenneslesuppe Bruk små blader uten grov stilk. Dampkok først brennesla under lokk i ca 10 minutter i ca 3 dl vann. Slå ut kokevannet. Kok opp 1 liter vann tilsatt buljong/kraft. Lag jevning av 1 dl melk

Detaljer

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger

Detaljer

MAT- BOKA MI. Norges Bondelag Den grøne skulen SOLVEIG LINGE STAKKESTAD NYNORSK

MAT- BOKA MI. Norges Bondelag Den grøne skulen SOLVEIG LINGE STAKKESTAD NYNORSK SOLVEIG LINGE STAKKESTAD Matboka mi er laga for barn i alderen 8-12 år og finst på begge målformer. Tips til arbeid med norsk mat frå jord til bord finst på bondelaget.no. Matboka mi kan tingast i Nettbutikken

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2 Forsøk

Detaljer

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ Oppskrift 1-8 150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ 1. BOLLAR MED PESTOFLØTE RIGATONI Ingredienser 1 pakke Hälsans Kök Bollar 300 g rigatoni Pestofløte 100 g grønn pesto 2 dl matlagningsfløte Salt og pepper Kok pastaen

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt Legge til brukar Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt 2. Skriv inn Fornamn, Etternamn og Klasse. Dersom programmet

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ Oppskrift 25-32 150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ 25. FRUKTIGE GRANOLAMUFFINS MED FITNESS 2,4 dl siktet hvetemel 1,7 dl fullkornsmel 2 ts bakepulver ½ ts salt ½ ts kanel 2 store egg 1,7 dl brunt sukker 1,2 dl

Detaljer

LAG DIN EIGEN ISKREM NATURFAG trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Faseovergang, kjemi, molekyl, atom, fast stoff, væske, gass

LAG DIN EIGEN ISKREM NATURFAG trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Faseovergang, kjemi, molekyl, atom, fast stoff, væske, gass 1 av 5 sider Oppgåve LAG DIN EIGEN ISKREM 5. 7. trinn 90 min. ca. 2 undervisningsøkter på 45 min SENTRALE OMGREP: Faseovergang, kjemi, molekyl, atom, fast stoff, væske, gass ANBEFALT FØREHANDSKUNNSKAP:

Detaljer

SMOOTHIES. Enklere blir det ikke

SMOOTHIES. Enklere blir det ikke BlåBokstaver Foto: Lisa Westergaard varenr. 2011 11/30 000 Revidert 2011. 6.opplag SMOOTHIES Enklere blir det ikke Tips og råd på www.melk.tv Nå kan du få mange gode tips og råd til matlaging og ernæring

Detaljer

NAAF oppskrifthefte jul 04 04.11.04 14:46 Side 1. Våre beste julekaker for matallergikere

NAAF oppskrifthefte jul 04 04.11.04 14:46 Side 1. Våre beste julekaker for matallergikere NAAF oppskrifthefte jul 04 04.11.04 14:46 Side 1 Våre beste julekaker for matallergikere NAAF oppskrifthefte jul 04 04.11.04 14:46 Side 2 NAAF oppskrifthefte jul 04 04.11.04 14:46 Side 3 Julen er en tid

Detaljer

MAT- BOKA MIELEVHEFTE

MAT- BOKA MIELEVHEFTE SOLVEIG LINGE STAKKESTAD Matboka mi er laga for barn i alderen 8-12 år og finst på begge målformer. Tips til arbeid med norsk mat frå jord til bord finst på bondelaget.no. Matboka mi kan tingast i Nettbutikken

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Fruktdyrking i Rissa? Mette Feten Graneng Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag

Fruktdyrking i Rissa? Mette Feten Graneng Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag Fruktdyrking i Rissa? Mette Feten Graneng Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag Produksjonsomfang av frukt og bær Landet: 43563 dekar, 1723 produsenter (2010) Sør-Trøndelag: 552 dekar, 36 produsenter

Detaljer

Copyright 2014 - Hilde Kyllo Du kan lovlig lagre en (1) kopi av den kjøpte eboken på disk til eget forbruk. Det er imidlertid ulovlig å distribuere

Copyright 2014 - Hilde Kyllo Du kan lovlig lagre en (1) kopi av den kjøpte eboken på disk til eget forbruk. Det er imidlertid ulovlig å distribuere Copyright 2014 - Hilde Kyllo Du kan lovlig lagre en (1) kopi av den kjøpte eboken på disk til eget forbruk. Det er imidlertid ulovlig å distribuere boken til andre som ikke har betalt for den. 1 KOKOSMAKRONER

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Bløtkake til fest. Sukkerbrød: 4 egg 100 g sukker 100 g hvetemel 1 ts bakepulver

Bløtkake til fest. Sukkerbrød: 4 egg 100 g sukker 100 g hvetemel 1 ts bakepulver Bløtkake til fest Sukkerbrød: 4 egg 100 g sukker 100 g hvetemel 1 ts bakepulver Nøttebunn: 4 eggehviter 100 g sukker 200 g hasselnøtter malte 2 ss hvetemel Fyll: 3 dl kremfløte 3 dl vaniljekesam 200 g

Detaljer

Månedens kake Mars 2009 kos til kalde kvelder

Månedens kake Mars 2009 kos til kalde kvelder Månedens kake Mars 2009 kos til kalde kvelder Sjokoladetulipan med Appelsintrøffel Består av flere komponenter: Sjokoladetulipan 1533728 Mandelbunn Arabeschi Appelsin 2212202s Appelsintrøffel Pynt 25631050425

Detaljer

OBS! Spør alltid en voksen før du lager mat. Ha en voksen i nærheten mens du lager mat.

OBS! Spør alltid en voksen før du lager mat. Ha en voksen i nærheten mens du lager mat. OBS! Spør alltid en voksen før du lager mat. Ha en voksen i nærheten mens du lager mat. Tor og Mia elsker Superpizzaer. Superpizzaene er veldig gode og sunne. Hvis du ikke liker eller tåler noe av det

Detaljer

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt Om modulen Modulen har fokus på grove brød- og kornprodukt. Skilnaden mellom grove og fine produkt blir forklart, og fordelen ved å ete grovt blir vektlagt. Brødskala

Detaljer

Innhald. frå jord til bord quiz. bondesjakk

Innhald. frå jord til bord quiz. bondesjakk oppgåver frå jord til bord Innhald frå jord til bord quiz KOR stor oppskrift? frå Jord til bord nøtter kva trur du? bondesjakk oppgåver frå jord til bord Frå jord til bord quiz Sett ring rundt det svaralternativet

Detaljer

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG Avlingsregistrering økologiske eplefelt Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Marianne Bøthun Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Liv Lyngstad Norsk Landbruksrådgiving Viken, Gaute Myren 1 BAKGRUNN

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ Oppskrift 80-87 150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ 1 LAURAS BANANPANNEKAKER MED GLUTENFRIE CORNFLAKES OG BLÅBÆR Antall porsjoner: 6 3 bananer 6 egg 40 g knuste, glutenfrie cornflakes 200 g blåbær 1 ts vaniljepulver

Detaljer