Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015"

Transkript

1 Barn på museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i

2 Valdres feirar langeleiken 2015 er eit viktig musikkår i Valdres. Til sommaren skipar folkemusikkmiljøet til Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken på ei og same tid. I ei heil veke skal vi nyte musikk og dans på høgt nasjonalt nivå og vi skal glede oss over gode, lokale musikk- og dansetradisjonar. Valdresmusea er med når folkemusikk-noreg slår på stortromma. I det høve har vi produsert ei flott utstilling, «Langeleiken heile Noregs instrument». Sidan det er barn og ungdom som skal føre dei lokale musikktradisjonane vidare, er barn og ungdom også ei viktig målgruppe for denne utstillinga. I 2015 tilbyr Valdresmusea konsert, omvising i «Langeleiken heile Noregs instrument» og opplæring i langeleik og dans. I tillegg kan elevar og lærarar sjå fram til faste opplegg som «Smi deg ein dings», «Mat i fortid og framtid» og «Gamle jakt- og fangsreiskapar». Prisar og tidspunkt er nemnt i omtalene av dei einskilde aktivitetsopplegga. Velkomen til eit innhaldsrikt museumsår. Venleg helsing Ole Aastad Bråten Konstituert direktør Valdresmusea AS 2

3 1 Langeleiken heile Noregs instrument Foto: Laila Meyrick/Velour Besøk i utstilling, konsert, spel og dans! I 2014 opna ei flott instrumentutstilling på Valdres Folkemuseum. I sentrum for utstillinga står dei eldste strengeinstrumenta i Noreg og ein 200 år gamal langeleik frå Det kongelege slottet. I skuleprogrammet «Langeleiken heile Noregs instrument» får du sjansen til å bli betre kjent med dei gamle langeleikane, du får lære å spele instrumentet, du får vera med på konsert og du får lære halling og go karstykkje i god Valdres-tradisjon. Kongeleg langeleik Eit viktig bidrag i utstillinga er ein langleik tilhøyrande Det kongelege slottet. Opphavleg var det spelemannen Johannes Halden ( ) frå Åbjør som åtte denne. I 1907 gav han leiken til fire år gamle kronprins Olav. Johannes Halden er kjend for dei kongelege spelferdene sine. I avisa Valdres 18. november 1908 fortel Halden at han «i fjor vinter var oppe på Voksenkollen og lærte kronprins Olav at spille Gubba Noa. Han fikk en eldgammel langeleik av mig, men han var ikke sterk nok i fingrene, saa jeg måtte trykke lidt på dem, mens han spilte». Langeleiken etter Halden er hola ut av eitt trestykke. Instrumentet har fåe dekorelement, med unnatak av eit vakkert lydhol og fine utskorne blomar i stillarhusa. Dessutan har leiken fått namn etter eigaren. «Kronprins Olav» er måla i raude og svarte bokstavar på langsida. 3

4 Program «Langeleiken heile Noregs instrument» består av 1) konsert, 2) opplæring i langeleik, 3) opplæring i dans og 4) omvising i utstillinga. Kvar post varer i cirka 30 minutt. Konsert Konserten blir halde av profesjonelle folkemusikarar og -dansarar. Her får de høyre song og langeleik, og de blir betre kjend med dansedokka Tore. Opplæring på langeleik Ved Valdresmusea jobbar det mange flinke langeleikspelarar. I skuleopplegget får elevane prøve seg på langeleiken og lære låttar som «Gubben Noa», «Dokkemannvalsen» og «Lisa gjekk til skula». Dans og go karstykkje Halling og go karstykkje gjev høve til å byggje laganden, kjenne meistring, og arbeide saman eller på eiga hand. Elevane får òg trene rå styrke og hårfin balanse. Lengde «Langeleiken heile Noregs instrument» varar i 2 tima. I tillegg kjem reise og matpause. Klassetrinn klasse. Maks 60 elevar per gruppe. Pris Kroner 50 per elev. 4

5 2 Mat i fortid og framtid Valdresmusea inviterer 6. og 7.-klassingar til «Mat i fortid og framtid» på Valdres Folkemuseum. Samanhengen mellom natur, levesett og kosthald er hovudtemaet for programmet. Garden Kvie på museet er eit godt utgangspunkt for å lære meir om gamle mattradisjonar. I «Mat i fortid og framtid» gjer vi ei tidsreise 100 år tilbake i tid. Her er hus, reiskap, åker og eng om lag som det var den gongen. Elevane blir delt inn i grupper som rullerer mellom seks ulike postar. Måltida i gamledagar Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag. Fyrste måltidet om dagen vart kalla ferebisk. Dette var kaffi, lams eller brødskive med smør, sirup, brim og stundom syltetøy. Bisk var det andre måltidet om dagen. Dette kunne vera vassvelling, mjølkevelling, havrevelling eller graut med brim eller surost. Flatbrød, potet og spekekjøt høyrde alltid med. Tredje måltidet om dagen var dugurd (12.00). Dette var vassgraut med surmjølk eller søtmjølk. Mellommåltidet etter dugurd kunne vera kaffi og biteti (lams). Ved tida var det non. Om sumaren var dette helst spekemat, kokt eller steikt flesk, kurv, søll og kokt potet. I regnvêr og på kalde dagar var det vanleg med majel (suppe av salt kjøt, erter, kål og gryn). Til kvelds (20.00) åt ein gjerne vassgraut med surmjølk eller surbrim, nykokte potetar med sur mjølk eller smør. «Mat i fortid og framtid» blir arrangert desse dagane i 2015 Tysdag 15. september klokka Onsdag 16. september klokka Torsdag 17. september klokka

6 Program Aktivitetar på seks postar, 30 minutt på kvar post. Bisk klokka Då får elevane servert vassvelling, havresuppe med brunost, smør eller sukker, kokte potetar, forskjellige ostar, flatbrød, surmjølk og søtmjølk. Programmet i 2015 er slik: Potetgraving på Kvie Skjering og binding av korn på Frigstadplassen Kornmaling på stølen Kvikakesteiking i hovudbygningen på Kvie Lompebaking i Dalestogo Om urter og nyttevekstar i urtehagen på Kvie Lengde «Mat i fortid og framtid» er eit heildagsopplegg. I tillegg kjem reise og matpause. Klassetrinn 6. og 7. klasse. Maks 30 elevar per gruppe. Ustyr og klede Tilsette ved Valdresmusea stiller i tidsriktige klede. Vi oppmodar elevar og lærarar om å det same. Arbeid før og etter Påmeldte skuleklasser får tilsendt undervisingsheftet «Mat i fortid og framtid». Pris Kroner 100 per elev (inklusiv mat). Påmeldingsfrist Måndag 1. september. 6

7 3 Barnas dag Valdres Folkemuseum er den finaste leikeplassen i heile Valdres. Det er ikkje berre me som jobbar på museet som synest det. Her har ungar leika i over 100 år og kvar sumar kjem dei tilbake. Det er mykje å undre seg over på Valdres Folkemuseum. Vaksne folk tenkjer mykje på korleis dei hadde det, dei som budde i dei gamle husa. Ja, tenk at folk budde her. Ikkje hadde dei vask og ikkje hadde dei do. Sjølv om mykje har endra seg på 100 år, er det ikkje sikkert ungar før i tida var så forskjellige frå oss. Nokre arbeidde meir enn andre, dagar var gode og dagar var mindre gode. Mange svalt, andre fekk mat fleire gonger om dagen. Nokre måtte vera med i hardt arbeid frå dei var ganske småe. Ferie og fritid var ukjend for dei fleste, men ungar leika før òg, gøymsle, til dømes. På Barnas dag får ungane leike og kose seg, og dei får eta nysteikte lappar. Aktivitetar Før-skule i Høyne Hallingdans i festsalen Lappesteiking i Dalestogo og Flatigarden Fôrhopping i låven på Kvie-tunet Pil og boge-verkstad på Slidrehuset Fri-leik på festplassen Alderstrinn Fire- og femåringar. Utstyr og klede Gode klede og sko. Ta med niste. Valdresmusea serverer ferske lappar og saft. Program : Aktivitetar på postane : Matpause på museumsplassen : Aktivitetar på postar : Avslutning på museumsplassen. Påmeldingsfrist og pris Barnas dag blir arrangert tysdag 12. mai i Påmeldingsfrist er 1. mai. Pris kr 50 per unge. 7

8 4 Smi deg ein dings! Menneska i Valdres tok til med utvinning av myrjern for over 1500 år sidan. Jernet frå Valdres var kjent over heile landet. I bytte mot jern fekk valdrisane fisk og salt. Jernutvinninga var særlig stor i mellomalderen. Mange stader held ein på med jernutvinning til tidleg 1800-talet. Kva er jern? Kven var den fyrste smeden? Kva vart jernet brukt til og kva har utvinninga av jern hatt å seie for støling og kulturlandskap i Valdres? «Smi deg ein dings» inviterer skuleelevar til møte med ein ekte smed. Elevane får sjølve prøve hammaren og dei får lære korleis jern blir til. Aktivitetar på Valdres Folkemuseum, 4. og 7. klasse På stølsområdet ser vi etter spor av jern og jernutvinning, i landskapet I Kvie-tunet går vi på leit etter jern på dører, reiskap, skåp og kjøretøy I Lome-smia formar vi enkle gjenstandar som hekter og spiker «Smi deg ein dings» blir arrangert desse dagane i 2015 Tysdag 22. september klokka Onsdag 23. september klokka Torsdag 24. september klokka Påmeldingsfrist Påmeldingsfristen er måndag 1. september. Lengde «Smi deg ein dings» varar i 3 timar. I tillegg kjem reise og matpause. 8

9 Klassetrinn 4. og 7. Klasse. Maks 30 personar per gruppe. Utstyr og klede Gode klede og sko. Pris Kroner 80 per elev. 9

10 5 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen. Her er meir enn 900 funn frå romersk jernalder (cirka 300 e.kr.) og vikingtid (cirka 900 e.kr.). Om lag 600 gravrøyser er registrerte i feltet. Her er også ein skålgropstein med 70 skålgroper, kanskje frå bronsealderen. Einangsteinen frå cirka 300 e.kr. er den eldste runesteinen i Nord-Europa, som enno står på sin opphavlege plass. På runesteinen står det: Ek Godagastir runo faihido, som tyder Eg Gudgjest rita runene. Omvisinga startar i felt A med Einangsteinen, gravrøyser og kolgrop i jernalderlandskap. Omvisinga held fram i felt B. Her er gravrøyser, hustuft frå 1600-talet og ein skålgropstein. Praktiske oppgåver 1. Elevane får innføring i runealfabetet og får risse eigne runer. 2. Ofring ved skålgropsteinen. 3. Utgraving saman med omvisar. Tid på året og lengde på programmet Valdresmusea tilbyr skuleopplegget i Gardbergfeltet så lenge det er bart og fritt for snø, frå mai til oktober. Rundturen tek cirka 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause. Klassetrinn klasse. Utstyr og klede Varme klede og gode sko Hugs at vi skal vere ute heile dagen. Etter omvisinga blir det tid til nistemat. Pris Kroner 50 per elev. Maks 50 personar per gruppe. 10

11 6 Byggjeskikk og arkitektur Vern for vær og vind Hus er viktige rammer i liva til folk. Dei er solide vern for vær og vind og dei gjev rom for personlege og kollektive smaksoppfattingar. Dette er viktige dimensjonar ved husbygging i fortid så vel som i vår eiga tid. Likevel har husa endra både stil og form gjennom tidene. Kvifor er det slik? Hus er ikkje berre ein praktisk innretning som menneska kan organisere liva sine i og omkring. Korleis eit hus ser ut, kan fortelja om huseigaren sine smakskjensler og haldningar til samfunnet ikring. Vandring i Fagernes og på Valdres Folkemuseum Valdresmusea tek elevane med på ei vandring gjennom Fagernes og på Valdres Folkemuseum. Vi syner korleis hus vart konstruerte før i tida og korleis dei blir til i vår tid. Vi studerer ulike stilartar og me lærer skilnaden mellom arkitektur og byggjeskikk. Husa i Fagernes og på Valdres Folkemuseum er gode døme på korleis arkitekturen og byggjeskikken har endra seg gjennom tusen år. Høveloftet på museet er frå 1200-talet og er eit av dei eldste husa i Valdres. Arkitekturen i Fagernes og Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum er døme på arkitektur i vår tid. Klassetrinn klasse og elevar i den vidaregåande skulen. Undervisingshefte Påmeldte skuleklasser får tilsendt eit lærehefte om byggjeskikk og arkitektur. Det finst også fleire lokale bøker med innføring i emnet: 11

12 Ragnhild Dietrichson 1996: Gamal byggjeskikk i Nord-Aurdal. Rapport frå registreringa av hus bygde før Bøker i same serien finst også for kommunane Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Sør-Aurdal og Etnedal. Pris Kroner 50 per elev. Maks 40 personar per gruppe. Lengde Skuleprogrammet varar i to timar. Tidspunkt for oppstart blir bestemt i dialog med den enkelte klasse. Reise og matpause kjem i tillegg. 12

13 7 Gamle jakt- og fangstreiskapar Jakt og fangst var viktig for folk i eldre tid. På Bagn Bygdesamling har vi ei stor samling med gamle fangstreiskap. Elevane får høyre korleis reiskapane vart brukte og kva slags dyr ein jakta på. Praktiske oppgåver Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar: Film frå Buvassfaret om bjørn og bjørnehi. Omvising ved flaum-muren: Elevane får høyre om Tressflaumen i 1760 og Storofsen i 1789 Naturstig langs Islandselva: Elevane får høyre og sjå (utstoppa dyr) om ville dyr og sjå fangstreiskapane som vart brukte i jakta. Lengde Skuleprogrammet varar i to timar (inklusiv matpause). I tillegg kjem reise. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i klasse, men kan òg tilpassast elevar i klasse og elevar i ungdomsskulen. Pris Kroner 30 per elev. 13

14 8 Andre verdskrigen i Valdres (aktuelt i 2015) Krigshandlingane i Valdres i er ein viktig del av historia vår. På Bagn Bygdesamling er det ei utstilling om kampane i Bagn og på garden Bagnsbergatn, som er eit nasjonalt krigsminnesmerke. Museet disponerer garden, som står slik han gjorde i Elevane kan velje mellom to undervisingsopplegg 1) Omvising i krigsminneutstillinga på Bagn Bygdesamling. Her får elevane sjå sivile og militære effektar frå krigen. Framsyning av filmen «Bagn 1940» i administrasjonsbygget. Filmen fortel om dei dramatiske hendingane på Bagnsbergatn i april Elevane får òg sjå kvar i nærområdet til museet kampane gjekk føre seg. 2) Besøk på Bagnsbergatn med omvising i husa. Elevane får høyre kva som skjedde her under krigen. Garden ligg 5 km opp for Bagn sentrum. Hit kjem du med buss eller ved gå opp frå Gråbeinhølet nord for Bagn sentrum. Turen tek frå Bagn sentrum tek cirka ein halv time. Opplegget varar cirka 3 timar. Med buss noko kortare tid, cirka 2, 5 time. Lengde Cirka 1,5 timar, inklusiv matpause. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i klasse. Pris Kroner 30 per elev. 14

15 9 Ein skuledag for 60 år sidan I 1966 overtok Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule. I fyrste etasjen er det samla skulemateriell frå omgangsskuletida og fram til sentraliseringa av skulen i Gjenstandane kjem frå fleire skular i Sør-Aurdal og gjev eit godt bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom hundre år. I andre høgda står lærarbustaden slik som då den siste læraren, Ingvar Koppervik, flytte frå skulen. Døtrene hans gav alle eignelutar etter far sin til museet, mot at alt skulle takast vare på for ettertida. Leikeplassen ligg der som før og utedoane står der dei alltid har gjort. Alt dette skapar eit levande bilete av korleis skuletida var før i tida. Praktiske oppgåver Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar, 30 minutt på kvar post: Elevane får delta i ein skuletime der undervisinga går føre seg slik den gjorde for 60 år sidan. Elevane får omvising i lærarbustaden i andre høgda. Elevane leikar gamle barneleikar på skuleplassen. Lengde Cirka 2,5 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i klasse. Pris Kroner 30 per elev. 15

16 Søkjer du ein musikar? Valdres Natur- og Kulturpark forvaltar ei støtteordning for produksjon av folkemusikkframsyningar. Målet med ordninga er å auke rekrutteringa til folkemusikken og folkedansen gjennom konsert og opplæring. Produksjonane er i hovudsak retta mot barn og unge. Valdresmusea leverer innstilling til Valdres Natur- og Kulturpark, som deler ut tilskott ein gong i året. Informasjon om speleklare produksjonar, kontakt: Elisabeth Kværne Folkemusikkarkivar Tlf.: E-post: elisabeth.kvaerne@valdres.museum.no 16

17 Kontaktinfo Hanne Rime Tlf.: E-post: Ole Aastad Bråten Tlf.: E-post: 17

Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014

Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014 Barn på museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014 1 Valdres feirar Grunnlova 2014 er viktig markeringsår for den norske Grunnlova. Noreg tapte krigen mot Sverige, men sikra ei moderne og radikal

Detaljer

På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018

På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018 På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018 1 Ein tidstjuv? Stadig oftare høyrer vi at kunstnarar og kulturutøvarar er tidstjuvar i skulekvardagen. Kulturen stel undervisingstid, blir det sagt.

Detaljer

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2012 2013. Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2012 2013

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2012 2013. Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2012 2013 Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2012 2013 Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2012 2013 1 1 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen.

Detaljer

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2011 2012

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2011 2012 Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2011 2012 Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2011 2012 1 1 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen.

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2010 2011. Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret 2010 2011

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2010 2011. Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret 2010 2011 Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2010 2011 Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret 2010 2011 1 1 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen,

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.

Detaljer

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2009 2010. Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret 2009 2010

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2009 2010. Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret 2009 2010 Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2009 2010 Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret 2009 2010 1 1 Gardbergfeltet Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen,

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hugs samtaletimen! Torsdag, 19.oktober, skal vi på utedag. Det ser ut til at det vert betre vèr enn vi har hatt. Vi må byggje på hyttene våre!

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 24 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 24 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 24 2015 No er det vel to veke til sommarferien. Vi skal på overnatting og by-tur. Men vèret er ikkje heilt med oss. Det er planlagt at overnattinga skjer

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Runde kystleirskule Stupbratte klipper med yrande liv. Grøne bakkar mot djupblått hav. Eit samfunn omkransa av skumsprøyt. Idyllisk busetnad, men også ei dramatisk

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Norsk: Lag setningar med øveorda i Heimeboka di. Skriv så fint du kan, sjå sjekkliste!

Norsk: Lag setningar med øveorda i Heimeboka di. Skriv så fint du kan, sjå sjekkliste! VEKEPLAN FOR 6. TRINN VEKE 36 RESPEKT - mål: Alle skal kjenne seg inkludert. Rommetveit skule Vekelekser: Matematikk: A) Gjer oppgåve 1.42, 1.46 i Multi s. 15. Skriv av oppgåvene og vis utrekning i H-boka

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: SETNINGSLEDD 1 Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: Leo som budde på Cuba før, snakkar godt norsk. Subjekt: Leo som budde på Cuba før Verbal: snakkar

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing, og er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Klepp kommune Tu skule

Klepp kommune Tu skule Veke Tema Kompetansemål Læringsmål: Eg skal kunne 34 Familien om variasjonar i Eg skal veta om ulike typar familieformer og om familiar. 35 relasjonar og oppgåver i familien 36 37 38 39 40 42 Haust Bruk

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

MEDLEMSINFO. august 2009

MEDLEMSINFO. august 2009 MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 Vi kan tilby: * Frå 13 oktober: Ope kvar tysdag, onsdag og torsdag, frå Kl 10 14. * Fri leik * Formingsaktivitetar * Lunsj med kaffi, te, mjølk og frukt. * Spleiselunsj

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte No ser det endeleg ut til at våren og kanskje sommaren er her, og folk kan løysa sveitten både på byggjedugnader oppå Pustut (sjå baki avisa), og på Bygdelagsdagen/Bygdøystemna

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl. 19.00 i klasserommet.

I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl. 19.00 i klasserommet. Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 8-2015 I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl. 19.00 i klasserommet. Vi hadde ein kjempefin utedag sjølv om det etter ein stund regna

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar...

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... 16 1 HEILSETNINGAR Ordstilling I ei norsk setning kjem orda i ei bestemt

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Vekeplan for 5.klasse Veke 48 Vekeplan for 5.klasse Veke 48 INFORMASJON: REFLEKSVESTKONKURRANSEN. Ha på refleksvest kvar morgon! Det blei ein fin tur til Vitengarden på fredag. Elevane var med på «musikkverkstad» og lærte å lage ulike

Detaljer

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09

Detaljer

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Kommunar, institusjonar, personar innan psykisk helsevern i Hordaland Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 02. mars 2012 200800612-62/626/HANESPE

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld

Detaljer

INFORMASJON om førestellinga:

INFORMASJON om førestellinga: BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane

Detaljer

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar: Norsk etnologisk gransking November 1947 Emne nr. 6 FOLKELIGE MUSIKKINSTRUMENT Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar: A. Vanlege musikkinstrument,

Detaljer