Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014"

Transkript

1 Barn på museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i

2 Valdres feirar Grunnlova 2014 er viktig markeringsår for den norske Grunnlova. Noreg tapte krigen mot Sverige, men sikra ei moderne og radikal grunnlov og ei fri stilling i personalunion med Sverige. Dessutan vann vi freden. Etter hundreår med krig i Norden vart det underteikna ein traktat med mål om varig fred. Valdresmusea er med når Grunnlova skal feirast. Sidan barn og ungdom er deltakarar i eit framtidig norsk demokrati, er dette ei viktig målgruppe under Grunnlovsjubileet. I 2014 tilbyr Valdresmusea omvising i utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» og eit eige undervisingsopplegg med vekt på demokrati og folkestyre. I tillegg kan elevar og lærarar sjå fram til faste undervisingsopplegg som «Smi deg ein dings», «Mat i fortid og framtid» og «Gamle jakt- og fangsreiskapar». Prisar og tidspunkt er nemnt i omtalene av dei einskilde aktivitetsopplegga. Velkomen til eit innhaldsrikt museumsår. Venleg helsing Ole Aastad Bråten Seksjonsleiar, Kulturhistorisk avdeling Valdresmusea AS 2

3 1 Folkemusikk og nasjonalisme I tiåra etter 1814 gjekk ein i gang med å samle og dokumentere den folkelege kulturen i Noreg: song, musikk, språk, eventyr og folkeliv. Kva var grunnen til dette? Kvifor vart den folkelege kulturen så viktig for kultur- og samfunnsbyggarar på denne tida? Utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» er eit viktig bidrag til å forstå vårt kulturelle sjølvbilete. Kven er vi som nordmenn? Kva reknar vi som særskilt norsk? Svaret er ikkje tilfeldig. I utstillinga møter vi politikarar og spelemenn, nasjonale strategar, forfattarar, songarar og krigsherrar. Til felles har dei ein sterk interesse for den norske folkemusikken og eit ynske om at folkemusikken skal ha ein sentral plass i norsk kulturliv. «Folkemusikk og nasjonalisme» seier noko om haldningar til folkemusikk gjennom 200 år. Og den viser kva som kan skje når interessa for folkemusikk og folkedans får plass innafor farlege politiske miljø, til dømes okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Det å gjera unge menneske i stand til å forstå slike trendar er eit viktig mål med utstillinga. Valdresmusea tilbyr omvising i utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» for elevar i heile Valdres. Hovudmålgruppe er elevar i klasse. Omvising kan tingast heile året. 3

4 2 Stem i veg Valdresmusea har utarbeidd eit eige skuletilbod med relevans til 1814 og Grunnlovsjubileet. «Stem i veg» er tittelen på programmet som blir vist i veke 43 og 44. Tilbodet retter fokuset på demokrati og deltaking og byd på musikk og forteljing frå eidsvollsmannen Lauritz Weidemann si notesamling. Presten og eidsvollsmannen Hans Jacob Stabel, bonden Knut og husmannskona Marit er berande stemmer i framsyninga. Elevane får òg vera med, som jordeigande bønder med stemmerett og som kvinner og menn utan stemmerett. Materiell til førebuing vil bli tilsendt skulene før framsyninga. Tid Veke 43 og 44. Påmeldingsfrist 20. juni. Stad Valdresmusea sine avdelingar og skulene i Valdres. Lengde «Stem i veg» varar i 45 minutt. Klassetrinn klasse. Maks 50 elevar per gruppe. Pris Kroner 70 per elev. 4

5 3 Mat i fortid og framtid Valdresmusea inviterer 6. og 7.-klassingar i Valdres til «Mat i fortid og framtid» på Valdres Folkemuseum. Samanhengen mellom natur, levesett og kosthald er hovudtemaet for programmet. Garden Kvie på museet er eit godt utgangspunkt for å lære meir om gamle mattradisjonar. I «Mat i fortid og framtid» gjer vi ei tidsreise 100 år tilbake i tid. Her er hus, reiskap, åker og eng om lag som det var den gongen. Elevane blir delt inn i grupper som rullerer mellom seks ulike postar. Måltida i gamledagar Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag. Fyrste måltidet om dagen vart kalla ferebisk. Dette var kaffi, lams eller brødskive med smør, sirup, brim og stundom syltetøy. Bisk var det andre måltidet om dagen. Dette kunne vera vassvelling, mjølkevelling, havrevelling eller graut med brim eller surost. Flatbrød, potet og spekekjøt høyrde alltid med. Tredje måltidet om dagen var dugurd (12.00). Dette var vassgraut med surmjølk eller søtmjølk. Mellommåltidet etter dugurd kunne vera kaffi og biteti (lams). Ved tida var det non. Om sumaren var dette helst spekemat, kokt eller steikt flesk, kurv, søll og kokt potet. I regnvêr og på kalde dagar var det vanleg med majel (suppe av salt kjøt, erter, kål og gryn). Til kvelds (20.00) åt ein gjerne vassgraut med surmjølk eller surbrim, nykokte potetar med sur mjølk eller smør. «Mat i fortid og framtid» blir arrangert desse dagane i 2014 Tysdag 16. september klokka Onsdag 17. september klokka Torsdag 18. september klokka

6 Program Aktivitetar på seks postar, 30 minutt på kvar post. Bisk klokka Då får elevane servert vassvelling, havresuppe med brunost, smør eller sukker, kokte potetar, forskjellige ostar, flatbrød, surmjølk og søtmjølk. Programmet i 2014 er slik: Potetgraving på Kvie Skjering og binding av korn på Frigstadplassen Kornmaling på stølen Kvikakesteiking i hovudbygningen på Kvie Lompebaking i Dalestogo Om urter og nyttevekstar i urtehagen på Kvie Lengde «Mat i fortid og framtid» er eit heildagsopplegg. I tillegg kjem reise og matpause. Klassetrinn 6. og 7. klasse. Maks 30 elevar per gruppe. Ustyr og klede Tilsette ved Valdresmusea stiller i tidsriktige klede. Vi oppmodar elevar og lærarar om å det same. Arbeid før og etter Påmeldte skuleklasser får tilsendt undervisingsheftet «Mat i fortid og framtid». Pris Kroner 100 per elev (inklusiv mat). Påmeldingsfrist Måndag 1. september. 6

7 4 Musikkmagi Har du høyrt om musikkmagi? Folkemusikken i Valdres har fascinert folk i fleire hundre år. Det gjer han framleis. Springar, bonde og halling er artige dansar som gjev liv til kropp og sinn. Kom og lær meir om musikk- og dansetradisjonane i Valdres! Program «Musikkmagi» består av 1) minikonsert, 2) opplæring i song og 3) opplæring i dans (halling og go karstykkje). Kvar post varer i cirka 30 minutt. Konsert Konserten blir halde av profesjonelle folkemusikarar og -dansarar. Her får de høyre song, langeleik og hardingfele, sjå dansedokka Tore og dansane springar og halling. Musikk på boks! På Valdres Folkemusikkarkiv arbeider Elisabeth arkivar. Ho tek hand om opptak med song og musikk. Dette er viktige kjelder for alle med interesse for folkemusikk. Opptaka fortel om menneske og samfunnsformer som ikkje lenger finst. Desse kan gje oss viktige perspektiv til våre liv. I tillegg til å høyre songar frå arkivet, får elevane lære enkle songstubbar. Dans og go karstykkje Halling og go karstykkje gjev høve til å byggje laganden, kjenne meistring, arbeide saman eller på eiga hand. Elevane får trene rå styrke og hårfin balanse. Lengde «Musikkmagi» varar i 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause. 7

8 Klassetrinn klasse. Maks 30 personar per gruppe. Pris Kroner 50 per elev. 8

9 5 Barnas dag Valdres Folkemuseum er den finaste leikeplassen i heile Valdres. Det er ikkje berre me som jobbar på museet som synest det. Her har ungar leika i over 100 år og kvar sumar kjem dei tilbake. Det er mykje å undre seg over på Valdres Folkemuseum. Vaksne folk tenkjer mykje på korleis dei hadde det, dei som budde i dei gamle husa. Tenk at det budde folk her. Ikkje hadde dei vask og ikkje hadde dei do. Sjølv om mykje har endra seg på 100 år, er det ikkje sikkert ungar før i tida var så forskjellige frå oss. Nokre arbeidde meir enn andre, dagar var gode og dagar var mindre gode. Mange svalt, andre fekk mat fleire gonger om dagen. Nokre måtte vera med i hardt arbeid frå dei var ganske småe. Ferie og fritid var ukjend for dei fleste, men ungar leika før òg, gøymsle, til dømes. På Barnas dag får ungane leike og kose seg, og dei får eta nysteikte lappar. Aktivitetar Før-skule i Høyne Hallingdans i festsalen Lappesteiking i Dalestogo og Flatigarden Fôrhopping i låven på Kvie-tunet Pil og boge-verkstad på Slidrehuset Fri-leik på festplassen Alderstrinn Fire- og femåringar. Utstyr og klede Gode klede og sko. Ta med niste. Valdresmusea serverer ferske lappar og saft. Program : Aktivitetar på postane : Matpause på museumsplassen : Aktivitetar på postar : Avslutning på museumsplassen. Påmeldingsfrist og pris Barnas dag blir arrangert tysdag 13. mai i Påmeldingsfrist er 1. mai. Pris kr 50 per unge. 9

10 6 Smi deg ein dings! Menneska i Valdres tok til med utvinning av myrjern for over 1500 år sidan. Jernet frå Valdres var kjent over heile landet. I bytte mot jern fekk valdrisane fisk og salt. Jernutvinninga var særlig stor i mellomalderen. Mange stader held ein på med jernutvinning til tidleg 1800-talet. Kva er jern? Kven var den fyrste smeden? Kva vart jernet brukt til og kva har utvinninga av jern hatt å seie for støling og kulturlandskap i Valdres? «Smi deg ein dings» inviterer skuleelevar til møte med ein ekte smed. Elevane får sjølve prøve hammaren og dei får lære korleis jern blir til. Aktivitetar på Valdres Folkemuseum, 4. og 7. klasse På stølsområdet ser vi etter spor av jern og jernutvinning, i landskapet I Kvie-tunet går vi på leit etter jern på dører, reiskap, skåp og kjøretøy I Lome-smia formar vi enkle gjenstandar som hekter og spiker «Smi deg ein dings» blir arrangert desse dagane i 2014 Tysdag 23. september klokka Onsdag 24. september klokka Torsdag 25. september klokka Påmeldingsfrist Påmeldingsfristen er måndag 1. september. Lengde «Smi deg ein dings» varar i 3 timar. I tillegg kjem reise og matpause. 10

11 Klassetrinn 4. og 7. Klasse. Maks 30 personar per gruppe. Utstyr og klede Gode klede og sko. Pris Kroner 80 per elev. 11

12 7 Gamle jakt- og fangstreiskapar Jakt og fangst var viktig for folk i eldre tid. På Bagn Bygdesamling har vi ei stor samling med gamle fangstreiskap. Elevane får høyre korleis reiskapane vart brukte og kva slags dyr ein jakta på. Praktiske oppgåver Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar: Film frå Buvassfaret om bjørn og bjørnehi. Omvising ved flaum-muren: Elevane får høyre om Tressflaumen i 1760 og Storofsen i 1789 Naturstig langs Islandselva: Elevane får høyre og sjå (utstoppa dyr) om ville dyr og sjå fangstreiskapane som vart brukte i jakta. Lengde Skuleprogrammet varar i to timar (inklusiv matpause). I tillegg kjem reise. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i klasse, men kan òg tilpassast elevar i klasse og elevar i ungdomsskulen. Pris Kroner 30 per elev. 12

13 8 Andre verdskrigen i Valdres Krigshandlingane i Valdres i er ein viktig del av historia vår. På Bagn Bygdesamling er det ei utstilling om kampane i Bagn og på garden Bagnsbergatn, som er eit nasjonalt krigsminnesmerke. Museet disponerer garden, som står slik han gjorde i Elevane kan velje mellom to undervisingsopplegg 1) Omvising i krigsminneutstillinga på Bagn Bygdesamling. Her får elevane sjå sivile og militære effektar frå krigen. Framsyning av filmen «Bagn 1940» i administrasjonsbygget. Filmen fortel om dei dramatiske hendingane på Bagnsbergatn i april Elevane får òg sjå kvar i nærområdet til museet kampane gjekk føre seg. 2) Besøk på Bagnsbergatn med omvising i husa. Elevane får høyre kva som skjedde her under krigen. Garden ligg 5 km opp for Bagn sentrum. Hit kjem du med buss eller ved gå opp frå Gråbeinhølet nord for Bagn sentrum. Turen tek frå Bagn sentrum tek cirka ein halv time. Opplegget varar cirka 3 timar. Med buss noko kortare tid, cirka 2, 5 time. Lengde Cirka 1,5 timar, inklusiv matpause. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i klasse. Pris Kroner 30 per elev. 13

14 9 Ein skuledag for 60 år sidan I 1966 overtok Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule. I fyrste etasjen er det samla skulemateriell frå omgangsskuletida og fram til sentraliseringa av skulen i Gjenstandane kjem frå fleire skular i Sør-Aurdal og gjev eit godt bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom hundre år. I andre høgda står lærarbustaden slik som då den siste læraren, Ingvar Koppervik, flytte frå skulen. Døtrene hans gav alle eignelutar etter far sin til museet, mot at alt skulle takast vare på for ettertida. Leikeplassen ligg der som før og utedoane står der dei alltid har gjort. Alt dette skapar eit levande bilete av korleis skuletida var før i tida. Praktiske oppgåver Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar, 30 minutt på kvar post: Elevane får delta i ein skuletime der undervisinga går føre seg slik den gjorde for 60 år sidan. Elevane får omvising i lærarbustaden i andre høgda. Elevane leikar gamle barneleikar på skuleplassen. Lengde Cirka 2,5 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise. Klassetrinn Opplegget passar best for elevar i klasse. Pris Kroner 30 per elev. 14

15 Søkjer du ein musikar? Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark forvaltar ei støtteordning for folkemusikarar og folkedansarar frå Valdres. Målet med ordninga er å auke rekrutteringa til folkemusikken og folkedansen gjennom konsert og opplæring. Produksjonane er i hovudsak retta mot barn og unge. Valdresmusea leverer innstilling til Valdres Natur- og Kulturpark, som deler ut tilskott ein gong i året. Informasjon om speleklare produksjonar, kontakt: Elisabeth Kværne Folkemusikkarkivar Tlf.: E-post: elisabeth.kvaerne@valdres.museum.no 15

16 Kontaktinfo Ole Aastad Bråten Tlf.: E-post: Hanne Rime Tlf.: E-post: 16

Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015

Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015 Barn på museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015 1 Valdres feirar langeleiken 2015 er eit viktig musikkår i Valdres. Til sommaren skipar folkemusikkmiljøet til Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken

Detaljer

På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018

På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018 På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018 1 Ein tidstjuv? Stadig oftare høyrer vi at kunstnarar og kulturutøvarar er tidstjuvar i skulekvardagen. Kulturen stel undervisingstid, blir det sagt.

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2012 2013. Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2012 2013

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2012 2013. Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2012 2013 Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2012 2013 Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2012 2013 1 1 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2011 2012

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2011 2012 Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2011 2012 Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2011 2012 1 1 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen.

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2010 2011. Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret 2010 2011

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2010 2011. Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret 2010 2011 Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2010 2011 Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret 2010 2011 1 1 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen,

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar Årsplan i samfunnsfag for 8.årssteg Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar Drøfte idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Klepp kommune Tu skule

Klepp kommune Tu skule Veke Tema Kompetansemål Læringsmål: Eg skal kunne 34 Familien om variasjonar i Eg skal veta om ulike typar familieformer og om familiar. 35 relasjonar og oppgåver i familien 36 37 38 39 40 42 Haust Bruk

Detaljer

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing, og er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest Landbruk Nordvest Hovsvegen 25, 6600 Sunndaløra Vedlegg 1 E-post rådgiving: nordvest@lr.no Org.nr:NO984 468 822MVA E-post tenester: tenester@lr.no Telefax 935 77 019 Bankgiro nr: 4202.20.16347 Sunndalsøra

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Ute mat Korleis laga god mat UTE Ute mat Korleis laga god mat UTE Sigrid Henjum- 03. desember 2013 1 Taco - ein favoritt også på tur. 4 pers Ingrediensar: 600-800 g kjøtdeig av storfe, hjort, kylling eller svin 1 boks mais 1 paprika i

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

OPPLEVELSER UTSTILLINGER BESØK OSS SAMLINGENE FORSKNING TJENESTER

OPPLEVELSER UTSTILLINGER BESØK OSS SAMLINGENE FORSKNING TJENESTER Søk SKRIV UT SKRIV UT PDF IN ENGLISH OPPLEVELSER UTSTILLINGER BESØK OSS SAMLINGENE FORSKNING TJENESTER HJEM OM MUSEET FOR BARN OG UNGE FOR GRUPPER REISELIVET FOR MEDIA Norsk Folkemuseum /... / Aktuelle

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM VEGEN TIL EIT BETRE LIV For deg som opplever akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp

Detaljer

INFORMASJON om førestellinga:

INFORMASJON om førestellinga: BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane

Detaljer

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.

Detaljer

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE - 2014. Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE - 2014. Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk. KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE - 014 Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk. Kompetansemål Kompetansenivå Kjenneteikn på måloppnåing Karakter

Detaljer

april 2016 *****************************************************************

april 2016 ***************************************************************** BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE april 2016 ***************************************************************** Tema i april: Kreativ leik uteleikeplassen Kvar avdeling vil fortseta å jobbe med sine ulike prosjekt.

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen Hordabø Skule Nordbøvegen 1 5937 Bøvågen Tlf. 56346270. Vekeplan for 3.trinn Veke 20 11. - 15. mai Ein kan ikkje alltid få det slik som ein vil. FAG Norsk Matematikk LÆRINGSMÅL Kunna bruka punktum og stor

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Austevoll kommune MØTEINNKALLING Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 03.06.2013 Kl. 15.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN. PEDAGOGISK UTVIKLINGSARBEID. RAPPORT. SOGNDAL FOLKEHØGSKULE 2003. NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN. Bakgrunn. Sogndal kommune har i de seinare åra teke i mot mange flyktningar

Detaljer

I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl. 19.00 i klasserommet.

I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl. 19.00 i klasserommet. Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 8-2015 I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl. 19.00 i klasserommet. Vi hadde ein kjempefin utedag sjølv om det etter ein stund regna

Detaljer

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Skolespørjeskjema 4. klasse Rettleiing Skolen din har sagt seg villig til å vere med i TIMSS 2003, ein stor internasjonal

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya? Velkomen til blåtur. Under køyreturen nå og litt utover kvelden skal de få ein Quiz å kose dykk med. De som er i denne bilen er ei gruppe. Gi gruppa eit namn og set igong. QUIZ GRUPPENAMN:. 1. Kva verdsdel

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2009 2010. Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret 2009 2010

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2009 2010. Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret 2009 2010 Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2009 2010 Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret 2009 2010 1 1 Gardbergfeltet Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen,

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer