SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER"

Transkript

1 NIBIO OPPDRAGSRAPPORT VOL.: [1] nr.: 3, 2015 SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER Phytophthora rotråte Forfattere Venche Talgø og May Bente Brurberg [Divisjon Plantehelse]

2 FORORD Vi har det siste tiåret funne alarmerande mange, nye sjukdomar på treaktige vekstar i Noreg, ikkje minst har vi oppdaga fleire nye tilfelle av Phytophthora rotråte. Bøk (Fagus sylvatica) og or (Alnus spp.) er dei treartane som er hardast ramma av Phytophthora her i landet. No er det på oppdrag frå Stavanger kommune også fastslege funn på bøk i Vålandsparken. Ås 6. september 2014 Venche Talgø 2

3 FORORD 2 INNHALD Generelt om Phytophthora... 4 Symptom på Phytophthora-skade på bøk... 4 Analyse av prøvar frå bøk og jord i Vålandsparken 7 Konsekvens av Phytophthora-funna.. 10 Tiltak. 10 Referansar 11 SAMANDRAG. 13 3

4 Generelt om Phytophthora Namnet på denne organismeslekta tydar planteøydeleggjar (phyto = plante, phthora = øydeleggjar). Slekta inneheld rundt 120 artar og nye artar oppstår stadig ved at ulike Phytophthora-artar kryssar seg (hybridiserar). Dette siste er hovudsakleg muliggjort gjennom den omfattande plantehandelen som føregår verda over, og som har vist seg å introdusera ulike Phytophthora-artar til stadig nye område (Talgø et al. 2014). Det er fysisk umulig å kontrollere at alle importerte planter, inkludert jordklumpen som fylgjer med, er fri for Phytophthora spp. Nokre gonger har plantene mistenkelige symptom ved import og sal, men skadegjeraren kan liggja latent i tilsynelatande friskt plantevev eller i røter og jord. Det er ei kjent sak at bruk av plantevernmiddel ofte kamuflerer smitten. Når verknaden av dei kjemiske midla etter nokre månadar går ut, kan difor plantene verta sjuke gitt veksttilhøve som tilfredsstillar skadegjeraren sine krav. Kor endar så desse sjuke plantene opp? Urovekkjande ofte ser vi at dei vert dumpa ved elveleier og i skogkanter. Då er risikoen stor for at stadeigne planter som bøk vert smitta. Altså er det ikkje alltid av det gode å bringa jord og planterester tilbake til naturen. Kor vidt det er kasta hageavfall inntil Vålandsparken kjenner vi ikkje til. Phytophthora er ei slekt innan gruppa pseudosopp, og inneheld mange artar som kan opptre som planteskadegjerarar. Pseudosopp har, som ekte sopp, hyfevekst og formeirar seg ved hjelp av sporar, men denne organismegruppa skil seg frå soppane blant anna ved at dei har cellulose i celleveggane i staden for kitin. Phytophthora-artane høyrer til eit ege rike (Stramenopila) på linje med sopp-, plante- og dyreriket. Dei fleste er jordbuande og dannar sporar (svermesporar) som kan forflytta seg i vatn, enten på eiga hand (nokre millimeter) eller passivt over lengre avstandar med drensvatn og overflatevatn. Dei dannar også kvilesporar som kan liggja i jorda i årevis og dermed overleve ugunstige periodar som tørke og frost. Phytophthora spp. er avhengige av fuktige forhold for å infisera planter, noko som kan forklara kvifor angrepa som regel er mest omfattande i våte, dårleg drenerte område. Kvilesporane kan spreia seg med infisert jord. Vålandsparken har mange stiar som er i frekvent bruk. Det kan difor også tenkjast at smitten har kome inn via infisert jord på fottøy, sykkelhjul, hundelabbar eller anna. Symptom på Phytophthora-skade på bøk P. cambivora og andre jordbuande Phytophthora-artar angrip røtene på trea og spreier seg oppover til stammebasis og stamme. Dette fører til at leiingsvevet kollapsar og dermed vert transporten av plantesaftene hindra. Trykket aukar der blokkeringa skjer og pressar væska utover. Det vert då danna såkalla blødande sår ( external bleeding på engelsk). Såra framstår etter kvart som tjærefarga flekkar i barken (Fig. 1 og 2). Under dei tjærefarga flekkene blir vevet raudbrunt (Fig. 3) og trea vert til slutt ringa og daudar. Angrep fører til glisne, gule kroner, fordi bladverk, kvister og greiner ikkje får nok vatn og næring. 4

5 Fig. 1. Bøk med tjærefarga flekkar på stammen etter angrep av Phytophthora cambivora. Bøkeskogen i Larvik Foto: Venche Talgø 5

6 Fig. 2. Mørke flekkar på stammebasis til ein eldre bøk i Vålandsparken i 2015, eit typisk symptom ved angrep av Phytophthora spp. Foto: Hans Martin Hanslin 6

7 Fig. 3. Ved Phytophthora-infeksjon på bøk vert vevet misfarga under barken. Foto: Venche Talgø Analyse av prøvar frå bøk og jord i Vålandsparken I april 2015 fekk vi tilsendt to vevsprøvar frå sjuk bøk og fire (I-IV) jordprøvar frå Vålandsparken. Jordprøvane vart lagt til «baiting». Det vil seia at jorda først vart rørt ut i destillert vatn og deretter stod prøven over natta slik at jordpartiklane samla seg på botn. Dagen etter vart 6 blad frå testplanter av Rhododendron Cunningham s white lagt oppå overflatehinna av vatnet på alle dei fire prøvane. Blada låg med undersida ned. Denne rododendron sorten har synt seg å vera svært sensitiv for angrep av Phytophthora spp. og vert difor brukt til «baiting» ved mange forskingsinstitutt i Europa, USA og andre stadar. Etter vel ei veke vart blada tatt opp frå vatnet og skylt lett under rennande destillert vatn. Det var tydelege flekkar på rododendronblada frå 3 av 4 jordprøvar (Fig. 4). Frå kanten av vasstrukne og/eller mørke flekkar vart det skore ut små bitar som vart lagt på kunstig vekstmedium (agar) for å dyrka fram eventuelle Phytophthora spp. Denne skadeorganismen vil vera mest aktiv i flekkane i overgangen til det grøne, friske vevet og det er også der han er lettast å isolera. Frå slike overgangar tok vi ein hurtigtest frå 7

8 delprøve III som slo klart ut for Phytophthora (Fig. 5), men testen kan ikkje differensiera mellom Phytophthora-artar. Fig. 4. «Baitblad» frå jordprøve I (toppen) til IV. Dei svarte flekkane tydar på Phytophthora-infeksjon. Foto: Venche Talgø 8

9 Det vart også isolert frå vevsprøvane. For sikkert å identifisera til artsnivå, er det DNA-analyse vanleg. Dette er ein relativt dyr metode, så isolata vart grupperte etter utsjånad (morfologi) og det vart gjort eit utval. Frå flisprøvane vart eit isolat sekvensert frå kvar av dei to prøvane (isolat nr og ). Frå jordprøve III vart to isolat sekvenserte (isolat nr og ). Det vart funne 3 ulike Phytophthora-artar; P. cambivora (Isolat nr og ), P. cactorum (isolat nr ) og P. plurivora (isolat nr ). Fig. 5. Hurtigtest for Phytophthora. Her vart små bitar frå infiserte rododendronblad frå «baiting» av jordprøve III lagt i flaska til høgre og rista godt i ein buffer i eit minutt. Med pipetta vart væske overført til brønnen (blå pil). Væska trekte seg etter kvart frå brønnen ut i feltet med dei to blå strekane (C = kontroll, T=test). Ein blå strek ved C syner at testen verkar. Blå strek ved T syner at det er utslag for Phytophthora. Alle tre artane som vart funne i Vålandsparken er kjente skadegjerarar på bøk i andre land (Jung 2005). P. cambivora og P. plurivora har vi også funne på bøk i Noreg ved fleire lokalitetar (Telfer et al. 2015), men vi har aldri isolert P. cactorum frå bøk. Tidlegare har vi funne P. cambivora på nobeledelgran (Abies procera) (Talgø et al. 2007) og fjelledelgran (Abies lasiocarpa) (Talgø et al. 2010) i Rogaland. P. plurivora har vi også funne i Rogaland, på bøk og lønn (Acer pseudoplatanus) (Talgø et al. 2010). Funna på dei to sistnemnde vertplantene gjorde vi ved 9

10 Byhaugen i Stavanger. Der såg vi også Phytophthora-symptom på bjørk (Betula pubescens), men klarte ikkje isolera skadegjeraren. I nærområdet til Byhaugen fann vi i tillegg P. plurivora i vassprøvar frå ein bekk og Litla Stokkavatnet. P. plurivora har vi dessutan funne på rododendron og andre planteskulevarer (Talgø et al. 2010). P. cactorum kjenner vi godt til frå jordbær- og epleproduksjonen i Noreg. Denne arten er også tidlegare funnen i Noreg på bærlyng (Vaccinium corimbosum) og rododendron (Talgø et al. 2010). Hudler (2013) nemner at P. cactorum, i tillegg til artar innan rosefamilien, er funnen på skogstre innan 30 slekter; lønn (Acer), lerk (Larix), gran (Picea) m. fl. Konsekvens av Phytophthora-funna Det er vanskeleg å seia korleis det vil gå med bøken i Noreg framover. Vanlegvis syner ikkje unge tre symptom. Den minste bøken vi har sett symptom på hadde ein stammeomkrins på 40 cm i brysthøgde. Thomas Jung (pers. kom.) meiner at mykje tydar på at det berre kjem til å vert att unge tre i bøkeskogane i Europa og at eldre, majestetiske tre vil forsvinna. Det som er spesielt urovekkjande med funna i Vålandsparken er at alle tre Phytophthora-artane har eit vidt vertplantespekter. Dei vil altså kunna angripa fleire treartar. Det er også som nemnt kjent at når det er fleire Phytophthora-artar i eit område kan det gi opphav til nye og ofte meir aggressive artar (hybridisering). Det ein kan håpe på er at nokre bøketre tåler angrep av Phytophthora, altså at nokre individ er heilt eller delvis resistente. Tiltak Når det først har kome inn artar av Phytophthora i eit område er dei så og seia umogelege å kvitta seg med dei på grunn av kvilesporane som ligg i jorda. Desse sporane har tjukk vegg og er svært motstandsdyktige. Dei kan overleva i jord i årevis, også utan vertplante. Vi veit framleis lite om kor raskt sjukdom på grunn av Phytophthora spp. utviklar seg på bøk eller kor stort skadeomfanget kan verta. Det vi har observert er at frå det vert oppdaga blødande sår, og etter kvart gulnande krone, kan det gå så lite som 1-2 år før trea daudar, men det varierer. Innan tydlege symptom oppstår har truleg røtene vore infiserte i ei årrekkje. Det er likevel viktig å setja inn tiltak som avgrensar spreiing, introduksjon av fleire artar (hybridiseringsfare) og skadeomfang: Dersom det førekjem deponering av hageavfall i grensa mot bustadfelt må det avviklast. Det bør oppmodast (plakatar eller anna) til at all ferdsel skjer på stiane for å unngå å dra infisert jord utover i skogen (i bøkeskogen i Larvik har dei mellom anna innført bandtvang for hundar heile året og det er slutt på terrengsykling og orienteringsløp utanom stiane). 10

11 Stiane bør vera godt gruslagde slik at infisert jord ikkje vert dradd med fottøy, hjul el. anna til andre grøntanlegg, naturområde eller privathagar. Sidan Phytophthora spp. trives i fuktig jord er god drenering viktig, men Stavangerområdet har så mykje nedbør at Phytophthora truleg uansett vil klara seg godt. I bøkeskogen i Larvik såg vi ein klar tendens til at dei sjuke trea låg inn til stiar med mykje ferdsel, og at det faktisk var fleire infiserte trer langs stiar på toppen av eit høgdedrag, sjølv om dette var eit godt drenert område. Sidan jord, vatn og røter er infiserte vil ikkje fjerning av sjuke tre ta bort smitten frå eit område, men på grunn av fare for greinbrekk og velt, må nokre sjuke/daude trer fellast. All felling bør skje når marka er frossen, helst med snødekke, for å hindra at infisert jord vert spreidd med virke, maskinar og reiskapar. Vi veit at smitten også sit i det sjukt plantevev på stammar, men ikkje kor lett det kan smitta frå dette. Det ein må unngå er å flisa opp sjukt materiale til bruk på stiar, dekke i rabattar eller anna. Flis og bøss frå kapping og kløyving til ved kan i prinsippet innehalda Phytophthora-hyfar, men vi ser på risikoen ved bruk av materialet til ved som minimal. Spesielt dersom ein handterer oppsopet forsvarleg og får stabla veden til tørk på eit fast dekke (ikkje jordkontakt) vinterstid. Vi har funne ut at brunskogsniglar (Arion vulgaris) kan vera potensielle smittespreiarar av Phytophthora spp. Både P. cambivora og P. plurivora var i laboratorieforsøk spiredyktig etter å ha passert gjennom sniglane (Telfer et al. 2015). Kor vidt dette kan ha noko å seia for spreiing av Phytophthora frå bøk til bøk veit vi ikkje, men det kan vera nok ein grunn til å få kontroll på denne framande, invaderande arten. Ikkje flytt jordmassar frå infiserte- til Phytophthora-frie område. Deponi i samband med anleggsarbeid må ikkje leggjast til naturområde eller nær vassdrag, då det utgjer ein stor fare for smittespreiing. Referansar Hudler, G.W., Phytophthora cactorum. Forest Phytophthoras. 3(1). doi: /osu/fp http://journals.oregondigital.org/forestphytophthora/article/view/3396/3166 Jung, T., Hudler, G. W., Jensen-Tracy, S. L., Griffiths, H. M., Fleischmann, F. & Osswald, W. (2005). Involvement of Phytophthora species in the decline of European beech in Europe and the USA. Mycologist, 19: Talgø, V., Herrero, M.L., Brurberg, M.B. & Stensvand, A Phytophthora. Alvorleg trugsmål mot buskar og tre i grøntanlegg og naturområde. Bioforsk Tema 5(20):8 pp. 11

12 Talgø, V., Herrero, M.L. Toppe, B., Klemsdal, S. & Stensvand, A First report of root rot and stem canker caused by Phytophthora cambivora on noble fir (Abies procera) for bough production in Norway. Plant Disease 90(5):682. Talgø, V., Magnusson, C., Blystad, D. R., Brurberg, M. B., Perminow, J. I. S., Herrero, M.-L. & Strømeng, G. M Global og nasjonal handel med prydplanter - effektiv spredningsvei for planteødeleggende mikroorganismer og nematoder. Bioforsk TEMA 9 Telfer, K. H., Brurberg, M. B., Haukeland, S., Stensvand, A & Talgø, V Phytophthora survives the digestive system of the invasive slug Arion vulgaris. Eur J Plant Pathol.DOI /s Telfer, K., Brurberg, M. B., Herrero, M-L., Stensvand, A.& Talgø, V Phytophthora cambivora found on beech in Norway. For. Path., doi: /efp p. 12

13 SAMANDRAG Dei siste åra har det vorte funne skade på bøk mange stadar i Sør-Noreg på grunn av pseudosoppar i slekta Phytophthora, mellom anna i bøkeskogen i Larvik, den største vi har her i landet. No er det også fastslege på bøk og i jord i Vålandsparken i Stavanger. Heile tre artar vart funne der; P. cactorum, P. plurivora og P. cambivora. Alle tre er kjente skadegjerarar på bøk elles i Europa. Vi har tidlegare funne både P. plurivora og P. cactorum på bøk i Noreg, men dette er første funn av P. cactorum på bøk her i landet. Nøkkelord: Bøk, Phytophthora 13

14 TITTEL Skade på bøk i Vålandsparken i Stavanger - Phytophthora rotråte VENCHE TALGØ OG MAY BENTE BRURBERG DATO: TILGJENGELIGHET: PROSJEKT NR.: SAKSNR.: Åpen/Lukket (til)/ konfidensiell Arkivnr RAPPORT NR.: ISBN-NR. ANTALL SIDER: ANTALL VEDLEGG Nr ISBN hvis åpen rapport 15 Ingen OPPDRAGSGIVER: Stavanger kommune KONTAKTPERSON: Felicitas Heimann STIKKORD Phytophthora, bøk, Vålandsparken FAGOMRÅDE Plantehelse SAMMENDRAG: Sammendrag (på norsk obligatorisk hvis åpen rapport på engelsk) SUMMARY: Summary (obligatory if open report in English) LAND/COUNTRY: FYLKE/COUNTY: KOMMUNE/MUNICIPALITY: STED/LOKALITET: Noreg Rogaland Stavanger Vålandsparken 14

15 GODKJENT / APPROVED PROSJEKTLEDER / PROJECT LEADER Venche Talgø NAVN/NAME NAVN/NAME 15

TEMA Nr. 1 - Januar 2012

TEMA Nr. 1 - Januar 2012 TEMA Nr. 1 - Januar 2012 Alvorleg sjukdom funnen på bøk Venche Talgø, Maria Luz Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse venche.talgo@bioforsk.no I Bergen, Haugesund, Stavanger

Detaljer

Bi~rSk. Sluttrapport for prosjektet «Phytophthora trugar norsk bøk (Fagus sylvatica)>> Bioforsk Rapport Bioforsk Report Vol. 8 Nr.

Bi~rSk. Sluttrapport for prosjektet «Phytophthora trugar norsk bøk (Fagus sylvatica)>> Bioforsk Rapport Bioforsk Report Vol. 8 Nr. Bi~rSk Bioforsk Rapport Bioforsk Report Vol. 8 Nr. 28 2013 Sluttrapport for prosjektet «Phytophthora trugar norsk bøk (Fagus sylvatica)>> Venche Talgøl, Kari Telfer l,2, Maria Luz Herrerol, May Bente Bmrberg

Detaljer

TEMA Nr. 20 - oktober 2010

TEMA Nr. 20 - oktober 2010 TEMA Nr. 20 - oktober 2010 Bøk (Fagus sylvatica) og lønn (Acer platanoides) i denne bynære lauvskogen i Stavanger er smitta av Phytophthora plurivora. Truleg har smitten kome frå infiserte hageplanter

Detaljer

Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar

Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar Venche Talgø (Brita Toppe) GRØN GALLA 2009 Trendar Nye sjukdomar dukkar stadig opp eks. Phytophthora plurivora Vårt relativt kjølege klima ser ikkje

Detaljer

TEMA Nr. 6 - April 2011

TEMA Nr. 6 - April 2011 TEMA Nr. 6 - April 2011 Phytophthora ramorum angrip skogen på vestkysten av England Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse venche.talgo@bioforsk.no I 2009 vart det oppdaga at Phytophthora ramorum er årsak

Detaljer

Registrering av Phytophthora i anleggsområdet til E18 ved Larvik

Registrering av Phytophthora i anleggsområdet til E18 ved Larvik Bioforsk Rapport Vol. 7 Nr. 120 (oppdatert versjon) Registrering av Phytophthora i anleggsområdet til E18 ved Larvik Venche Talgø, Kari Telfer, Maria L. Herrero og May Bente Brurberg Bioforsk Plantehelse

Detaljer

Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene 2011. Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene 2011. Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse 2..01 1{32Z - 10 62.1.5 Bi~rSk Bioforsk Rapport Vol. 7 Nr. 34 2012 Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene 2011 Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Detaljer

Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?

Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran? 93 Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran? Venche Talgø, Arne Stensvand / venche.talgo@planteforsk.no Planteforsk Plantevernet Innleiing På landsbasis kjem berre 50-60 % av

Detaljer

KARTLEGGING AV PHYTOPHTHORA-ARTER I ÅKERSVIKA NATURRESERVAT

KARTLEGGING AV PHYTOPHTHORA-ARTER I ÅKERSVIKA NATURRESERVAT NIBIO OPPDRAGSRAPPORT NIBIO COMMISSIONED REPORT VOL.: 1 nr. 4, 2015 KARTLEGGING AV PHYTOPHTHORA-ARTER I ÅKERSVIKA NATURRESERVAT Gunn Mari Strømeng, May Bente Brurberg, Kari Ørstad og Venche Talgø Divisjon

Detaljer

SJUKDOMMER I JORD; eksempler, spredningsveier, utfordringer. Gunn Mari Strømeng, Kari Ørstad og Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse

SJUKDOMMER I JORD; eksempler, spredningsveier, utfordringer. Gunn Mari Strømeng, Kari Ørstad og Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse SJUKDOMMER I JORD; eksempler, spredningsveier, utfordringer Gunn Mari Strømeng, Kari Ørstad og Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse FAGUS Vinterkonferanse 12. februar 2015 God jord = jord fri for farlige

Detaljer

Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006

Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006 Bioforsk Rapport Vol. 2 Nr. 5 2007 Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006 Kartlegging og innleiande undersøkingar Brita Toppe, Venche Talgø, Maria L. Herrero, Halvor B. Gjærum og Arne Stensvand Bioforsk

Detaljer

Phytophthora-arter gjør alvorlig skade på planter i grøntanlegg og naturområder i Norge

Phytophthora-arter gjør alvorlig skade på planter i grøntanlegg og naturområder i Norge VOL 2 - NR. 23 - JUNI 2016 Foto: Erling Fløistad Phytophthora-arter gjør alvorlig skade på planter i grøntanlegg og naturområder i Norge De siste ti årene er det i Norge, som i mange andre land, observert

Detaljer

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Konsekvensar for plantehelse ved opnare import Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Årsaka til at importforbod vart innført på kjernefrukt og jordbærplanter (og nokre nære slektningar i rosefamilien) er

Detaljer

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren Plommedyrking og plantehelse i plomme Gaute Myren Lier 2006-12 Mars Mai Juli Oktober 26.10.2012 Gaute Myren 2 Klima i 2012 Oversikt over temperatur og nedbør 1.mai til 1.september i ulike fruktdistrikt.

Detaljer

Tørrflekksjuke forårsaket av sopper?

Tørrflekksjuke forårsaket av sopper? 326 R. Nærstad & A. Hermansen / Grønn kunnskap 8 (2) Tørrflekksjuke forårsaket av sopper? Ragnhild Nærstad / ragnhild.naerstad@planteforsk.no Arne Hermansen / arne.hermansen@planteforsk.no Planteforsk

Detaljer

TEMA Nr. 12 - November 2012

TEMA Nr. 12 - November 2012 TEMA Nr. 12 - November 2012 Phytophthora alni forårsaker sjukdom på or (Alnus spp.) i Norge Gunn Mari Strømeng 1, May Bente Brurberg 1, Maria-Luz Herrero 1, Willy Couanon 1, Arne Stensvand 1, Isabella

Detaljer

Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg

Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg Figur 1: Visnesymptomer i krona på søyleeik (venstre og midten) og sommereik (høyre) i grøntanlegg i Oslo, juni 2013. Foto: V. Talgø Arter

Detaljer

Rødråte et problem i 2009

Rødråte et problem i 2009 Rødråte et problem i 2009 Arne Hermansen, Maria-Luz Herrero, Elisa Gauslå og Ragnhild Nærstad Bioforsk Plantehelse Bioforsk-konferansen 2010 Innhold Symptomer Er rødråte noe nytt? Hvilke organsimer kan

Detaljer

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær?

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær? Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær? Arne Stensvand, Håvard Eikemo og Andrew Dobson, Bioforsk Plantehelse John-Erik Haugen og Frank Lundby, Nofima Divisjon Mat Trong for jordbær til norsk

Detaljer

INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD

INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD Ugradert - Til kommunane i Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder Deres ref: Vår ref: 2012/267983 Dato: 14.12.2012 Org.nr: 985 399 077 INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD For tida er det stor

Detaljer

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Tingvoll, 29. april 2016 Møre og Romsdal fylke RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Naturvernforbundet har blitt merksame på at det

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

BEKJEMPELSE AV KJEMPESPRINGFRØ

BEKJEMPELSE AV KJEMPESPRINGFRØ BEKJEMPELSE AV KJEMPESPRINGFRØ Av Inger Sundheim Fløistad, Bård Bredesen og Tore Felin. Kjempespringfrø Impatiens glandulifera er i rask spredning og representerer et miljøproblem fordi den kan danne tette

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Sharkavirus på Plomme - en farlig virussjukdom

Sharkavirus på Plomme - en farlig virussjukdom Sharkavirus på Plomme - en farlig virussjukdom Dag Ragnar Blystad, Planteforsk Plantevernet E-post: dag-ragnar.blystad@planteforsk.no Sammendrag Sharkavirus på plomme (eng.: plum pox potyvirus) er et av

Detaljer

Phytophthora i jordbær og bringebær. Arne Stensvand, Maria Luz Herrero, Håvard Eikemo, Venche Talgø

Phytophthora i jordbær og bringebær. Arne Stensvand, Maria Luz Herrero, Håvard Eikemo, Venche Talgø Phytophthora i jordbær og bringebær Arne Stensvand, Maria Luz Herrero, Håvard Eikemo, Venche Talgø Black root rot Rhizoctonia fragariae + Pythium spp. Siderøtene tørkar inn Mørke flekkar på røtene, røtene

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018 Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Praktisk om nydyrking. Lars Kjetil Flesland, NLR Rogaland

Praktisk om nydyrking. Lars Kjetil Flesland, NLR Rogaland Praktisk om nydyrking Lars Kjetil Flesland, NLR Rogaland Rollefordeling Vanlegvis er dyrkingsarealet ferdig godkjent når vi kjem inn. Vi har i sjeldne tilfelle vore med å lage til søknad om få godkjent

Detaljer

TEMA Nr. 2 - Januar 2014

TEMA Nr. 2 - Januar 2014 TEMA Nr. 2 - Januar 2014 Global og nasjonal handel med prydplanter - effektiv spredningsvei for planteødeleggende mikroorganismer og nematoder Venche Talgø, Christer Magnusson, Dag Ragnar Blystad, May

Detaljer

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014. Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 1. Analysar av blod viser tydeleg utslag for selen og jod med bruk av mineralkapslar til dyr på utmarksbeite. Me registrerer også høgre innhald

Detaljer

FØREBYGGE SPREIING AV VRE REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR SMITTEVERN

FØREBYGGE SPREIING AV VRE REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR SMITTEVERN FØREBYGGE SPREIING AV VRE REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR SMITTEVERN 1 REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR SMITTEVERN I HELSE VEST Regionalt kompetansesenter for smittevern (tidlegare Regionalt kompetansesenter

Detaljer

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort Lærdal bestandsplanområde for hjort sitt årsmøte gjorde 10. mai samrøystes vedtak om å auka tal fellingsløyver på

Detaljer

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017 RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017 OPPDRAGET Vi vil takke Faun AS v/ Tor Gunnar Austjord for oppdraget. Oppdraget var å gjennomføre beitetaksering av eit område på Momrak/Stavdalen på 5 dekar (daa).

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C nynorsk fakta om hepatitt A, B og C Kva er hepatitt? Hepatitt betyr betennelse i levra. Mange virus kan gi leverbetennelse, og dei viktigaste er hepatitt A-viruset, hepatitt B-viruset og hepatitt C-viruset.

Detaljer

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008

Detaljer

Kartlegging av Neonectria

Kartlegging av Neonectria Kartlegging av Neonectria på edelgran på vestkysten av USA Neonectria neomacrospora gjer stor skade på edelgran (Abies spp.) i Skandinavia. Dette gjeld ikkje minst fjelledelgran (A. lasiocarpa), ein art

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2 Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere

Detaljer

Vestskog og snutebiller. Skogsamling Rogaland

Vestskog og snutebiller. Skogsamling Rogaland Vestskog og snutebiller Skogsamling Rogaland 27.02.2018 Agenda Vestskog sitt arbeid med skogkultur status Mål for vårt arbeid med skogkultur Snutebiller kva planlegg me av undersøkingar? Planting etter

Detaljer

Risingskurs Luster 2012

Risingskurs Luster 2012 Risingskurs Luster 2012 16.03.2012 Dette dokumentet er ein grov rekonstruksjon av føredraga og diskusjonane som gjekk under kurset i Marifjøra i mars. Illustrasjonar og fakta er henta frå dei ulike presentasjonane.

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

MILJØNOTAT NR

MILJØNOTAT NR MILJØ-NOTAT FYLKESMANNEN I ROGALAND MILJØVERNAVDELINGEN Postadresse: Kontoradresse: Postboks 0059 Statens Hus 4001 STAVANGER Lagårdsveien 78 Tlf. 51 56 87 00 4010 STAVANGER Forfattar(e): Espen Enge og

Detaljer

Borghild Glorvigen Norsk Landbruksrådgiving Potet /1/2017

Borghild Glorvigen Norsk Landbruksrådgiving Potet /1/2017 Stengelråte er ikke hva det var Borghild Glorvigen Norsk Landbruksrådgiving 19/1/2017 Problemet stengelråte Dårlig vekst Svarte, bløte, illeluktende stengler Redusert avling - små knoller Redusert kvalitet

Detaljer

Løyve til planting av utanlandske treslag til juletreproduksjon

Løyve til planting av utanlandske treslag til juletreproduksjon Dykkar ref.: Vår dato: 06.02.2013 Vår ref.: 2013/1398 Arkivnr.: 433.0 Lars Aalstad Jansen Johan Larsensveg 33 4250 KOPERVIK Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

Gropflekk - hvorfor i 2006?

Gropflekk - hvorfor i 2006? Gropflekk - hvorfor i 2006? Arne Hermansen Bioforsk Plantehelse Hedmark forsøksring 19.01.07 Gropflekk (Pythium spp.) Disposisjon Hvilke Pythium- arter skyldes gropflekk? Litt om biologien til gropflekk-soppene

Detaljer

TEMA Nr. 2 - Februar 2009

TEMA Nr. 2 - Februar 2009 TEMA Nr. 2 - Februar 2009 Store skadar på poppel Venche Talgø, Arild Sletten, Halvor B. Gjærum og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund E-post: venche.talgo@bioforsk.no

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Bekjempelse av burot Av Benedikte Watne Oliver, Inger Sundheim Fløistad og Kirsten Semb Tørresen

Bekjempelse av burot Av Benedikte Watne Oliver, Inger Sundheim Fløistad og Kirsten Semb Tørresen Bekjempelse av burot Av Benedikte Watne Oliver, Inger Sundheim Fløistad og Kirsten Semb Tørresen Burot Artemisia vulgaris er en plante i spredning, den utgjør et allergiproblem for mange pollenallergikere,

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift. TOKKE KOMMUNE. Reglar om tilskot til bygging av bustadhus i spreidd område, (utanfor kommunalt bustadfelt), kjøp, utbetring/restaurering av eldre bustad, til private vass- og kloakkanlegg. Endring av reglane

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

Smartare regelverk tryggare mat Revisjon av EU lovgivinga om dyr, planter og matproduksjonskjeden

Smartare regelverk tryggare mat Revisjon av EU lovgivinga om dyr, planter og matproduksjonskjeden Smartare regelverk tryggare mat Revisjon av EU lovgivinga om dyr, planter og matproduksjonskjeden 20. september 2013, EU delegasjonen, Oslo Advokat Sigrid Andersen Cabot Advokatfirmaet Responsa AS www.responsa.no

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015 Rapport om målbruk i offentleg teneste 21 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 4 Nettsider... 4 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær

Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær Arne Stensvand, Belachew Asalf (), Aruppillai Suthaparan (NMBU), David Gadoury (Cornell University), Natalia Peres (University of Florida 18.03.2016

Detaljer

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune 29.05.2016 Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune RØYRVIK KRAFT SUS NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dykkar ref.:

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: 09.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

Fakta om hiv og aids. Nynorsk

Fakta om hiv og aids. Nynorsk Fakta om hiv og aids Nynorsk Hiv og aids Aids er ein alvorleg sjukdom som sidan byrjinga av 1980-talet har spreidd seg over heile verda. Aids kjem av eit virus, hiv, som blir overført frå person til person

Detaljer

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 22.01.2015 Møtetid: Kl. 13:00 14:15 Møtestad: Kommuenstyresalen Saksnr.: 001/15-005/15 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte

Detaljer

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 20. januar 2015 KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND

Detaljer

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar Reale nøtter oppgåver Oppgåve 1: Levealder Forventa levealder er eit mål som ofte blir brukt for å seie noko om kor godt ein har det i eit land. I rike land lever ein lenger enn i fattige land. Grunnane

Detaljer

TEMA Nr. 23 - November 2010

TEMA Nr. 23 - November 2010 TEMA Nr. 23 - November 2010 Bakteriekreft funnet på hestekastanje i Norge Juliana Irina Spies Perminow, May Bente Brurberg, Arild Sletten & Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse juliana.perminow@bioforsk.no

Detaljer

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå? Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 42 REIP OG TAU TAU 1. Har det i Dykkar bygd vore vanleg å laga tau av bast, og kva tre var det i tilfelle ein tok bast frå (lind, alm, barlind, furu e.a.)?

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Produksjon av delikatessepotet

Produksjon av delikatessepotet Produksjon av delikatessepotet v. Mette Feten Graneng, Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag Gourmetpotet, minipotet, småpotet eller delikatessepotet? Kva ein enn kallar dei minste potetene, så har i

Detaljer

Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon

Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon B I O F O R S K EMA www.bioforsk.no Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon Fungal diseases, insects, mites and disorders in Norwegian fir plantations for bough-

Detaljer

Brunskogsnegl. Arion vulgaris. Opprinnelse, bekjempelse og tiltak

Brunskogsnegl. Arion vulgaris. Opprinnelse, bekjempelse og tiltak Brunskogsnegl Arion vulgaris Opprinnelse, bekjempelse og tiltak Brunskogsnegl (Arion vulgaris) Brunskogsnegl er en innført og uønsket art som er vurdert med svært høy økologisk risiko i Artsdatabankens

Detaljer

FRISKSALAT. Feltforsøk med utprøving av Perlka og Contans. Håvard Eikemo, NIBIO. Håvard Eikemo Prosjektmøte FriskSalat

FRISKSALAT. Feltforsøk med utprøving av Perlka og Contans. Håvard Eikemo, NIBIO. Håvard Eikemo Prosjektmøte FriskSalat FRISKSALAT Feltforsøk med utprøving av Perlka og Contans Håvard Eikemo, NIBIO FELTFORSØK - ROGALAND Teste effekt av to biologiske preparat i storskala * feltforsøk Effekt over lengre tid (skulle vore starta

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON 2009-2012 Vedtatt av kommunestyret i Hjelmeland 17.12.2008 0 INNHALDSLISTE 1. BAKGRUNN 2 2. LOVHEIMEL

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune. Dykkar ref.: «REF» Vår dato: 06.02.2014 Vår ref.: 2014/1051 Arkivnr.: 432.4 Oddmund Hognestad 4346 Bryne Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 09.06.2016 055/16 Etne kommunestyre 21.06.2016 055/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201406, GNR - 032/143, N -

Detaljer

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Innhold Oversikt over lag og organisasjonar... 2 Registrer ditt lag... 3 Dashbordet... 5 Legge til arrangement / hendingar... 6 Treng du hjelp?... 7 Adressa til

Detaljer

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving HAGEBLÅBÆR Haugaland landbruksrådgjeving Kva er hageblåbær Ulike kryssingar av artane Vaccinium corymbosum og Vaccinium angsutifolium. Viltveksane på austkysten av USA. Buskform om lag som solbær (1-2

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG Stikkord for innhald Retningsliner for behandling av anleggsbidrag og botnfrådrag er eit dokument som skal vere underlaget for likebehandling

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking Arne Stensvand Livssyklus til epleskurv-soppen (Venturia inaequalis) Overvintrar i gamle blad på bakken eller som greinskurv Askosporar spreidde over lange

Detaljer

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 19. februar 2015 Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Vi viser til vedtak

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197 Sogn og Fjordane revisjon IKS - endring av selskapsavtalen. Rådmannen si tilråding: Kommunestyre vedtek endring av 4 i selskapsavtalen

Detaljer

VOLLASETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA I SUNNDAL VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012

Detaljer

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Turi Ottersland Tjøstheim K2 - K40 15/5

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Turi Ottersland Tjøstheim K2 - K40 15/5 Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Turi Ottersland Tjøstheim K2 - K40 15/5 Saksnr Utval Type Dato 053/17 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMTutvalet) Forskrift om bandtvang på hund - Suldal

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge

Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge 132 A. Sletten et al.. / Grønn kunnskap 9 (4) Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge Arild Sletten, Venche Talgø, Bodil Andreassen, Arne Stensvand / arild.sletten@planteforsk.no

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av

Detaljer