Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?"

Transkript

1 93 Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran? Venche Talgø, Arne Stensvand / venche.talgo@planteforsk.no Planteforsk Plantevernet Innleiing På landsbasis kjem berre % av alle tre som vert planta til juletre, ut på marknaden. Noko av svinnet skuldast bruk av planteartar eller proveniensar som ikkje er tilpassa klimaet på veksestaden, men hovudårsaka til utgang/utsortering har synt seg å vera ulike soppsjukdomar. Nokre soppar er så aggressive at dei kan infisera plantene på eiga hand. Andre soppar kan berre koma inn gjennom vev som er skadd av til dømes vind, frost, insekt og midd. I denne artikkelen er det fyrst eit avsnitt om soppsjukdomar som angrip nåler og skot. Deretter vert sjukdomar som går på rothals og røter, omtala. Under omtalen av kvar skadegjerar er det vist til artiklar/faktaark som er utarbeidde ved Plantevernet og publiserte i Grønn kunnskap e ( Her vil ein finna symptombilete og meir utfyllande tekst om vertplanter, biologi og tiltak. Før konklusjonen er det med eit avsnitt om generelle tiltak for å få høgast mogleg avkasting frå felta. Edelgran (Abies spp.) utgjer i dag 80 % av alle trea som vert planta til juletre. Denne artikkelen fokuserar difor mest på soppsjukdomar som er funne på ulike edelgranartar, men der desse soppane også angrip ulike granartar (Picea spp.), vil det vera nemnt. Soppsjukdomar på nåler og skot luftborne sjukdomar I motsetnad til ved skogsdrift, vert det ikkje tolerert skada eller misfarga nåler på juletre. Soppar som angrip bark og bar, har luftborne sporar som spreier seg når det er fuktig. Fleire av soppane kan angripa gjennom heile vekstsesongen, men generelt er det nye nåler og unge skot (før lignifisering) som er mest utsette. Rhizosphaera kalkoffii R. kalkoffii kan gi alvorleg nålefall på ulike edelgran- og granartar (Talgø & Stensvand 2003h). Også skot og greiner kan dauda. Spesielt store skadar har ein sett i juletrefelt på nordmannsedelgran (A. nordmanniana). Soppen er også funnen på småplanter direkte frå planteskular. Dersom det gjennom flei-

2 94 V. Talgø og A. Stensvand / Grønn kunnskap 9 (2) re vekstsesongar på rad er store angrep av soppen, kan unge tre gå ut. Nålefallet startar som regel på dei nedste greinkransane. Det er særleg dei nye, mjuke nålene som får angrep, men også eldre nåler er utsette når treet er svekka. Thysanophora penicillioides Denne soppen vert ofte funnen på ulike edelgran- og granartar der grøne nåler dryss av både før og like etter hogst. Sporeberarane til soppen dekkar spalteopningane på nålene og hindrar dermed truleg fotosyntesen (gassvekslinga). I litteraturen er soppen berre omtala som saprofytt (bryt ned daude nåler som ligg på bakken), men det stemmer ikkje med det vi har observert (Talgø & Stensvand 2003j). Det skal arbeidast vidare ved Plantevernet for å freista avklara kva rolle denne soppen spelar når det gjeld nålefall. Sclerophoma spp. Sclerophoma vert i litteraturen omtala som ein svak parasitt som kjem inn etter til dømes skade av frost, tørke, insekt, midd eller andre soppar. Infeksjon gir daude nåler og årsskot. Det vert danna kreftsår, og skota vert ringa. Skadar på nordmannsedelgran og vanleg gran i juletrefelt, både i Noreg og Austerrike, tilseier at denne soppen er meir patogen enn det ein tidlegare har trudd (Talgø & Stensvand 2003i). Phaeocryptopus nudus Her i landet er denne soppen funnen på korkedelgran (A. lasiocarpa var. arizonica) på Vestlandet og fjelledelgran (A. lasiocarpa) på Austlandet (Talgø & Stensvand 2003d). Fjorårsnålene heng stort sett på, men er brune. Sjølv om årsskota kan vera smitta, ser dei friske ut, fordi det kan ta over eit år frå infeksjonsstart til symptomutvikling. Kabatina spp. Ulike artar av Kabatina er velkjende skadegjerarar på einer (Juniperus spp.) og tuja (Thuja spp.) her i landet (Talgø & Stensvand 2003b). Nyleg vart Kabatina funnen på nåler av nobeledelgran (A. procera). Nobeledelgran vert lite planta til juletre her i landet, men er mykje brukt til barproduksjon. Etter angrep vert det utvikla raudbrune flekkar på nålene. Ved sterke angrep flyt flekkane saman, og heile nåler eller berre ytre halvdel av nålene vert brune. Phomopsis spp. Phomopsis er fyrst og fremst eit problem på småplanter. I 2001 gjekk tusenvis av relativt nyplanta fjelledelgran og vanleg gran ut på grunn av at barken vart ringa av Phomopsis. På større tre ser ein til tider at nåler, topp- og sideskot vert brune på grunn av Phomopsis-angrep (Talgø & Stensvand 2003e).

3 95 Edelgranrust (Pucciniastrum epilobii) Denne rustsoppen gjer omfattande skade i nokre område her i landet (Talgø & Stensvand 2003g). Ein vil kunna sjå tett i tett med kvite utvekstar (aecidium) under nålene på sommaren. Nålene vert etter kvart brune, krøllar seg og fell av. Ved sterke angrep kan skot dauda. Denne rustsoppen har vertskifte med geitrams (Epilobium angustifolium) og mjølke (Epilobium spp.). Dersom ein kan halda desse ugrasa nede i felta ved hjelp av herbicid, mekanisk fjerning eller beiting, vil ikkje edelgranrust vera noko problem. Pestalotiopsis spp. Denne soppen er vanleg på mange bartre i grøntanlegg (Talgø & Stensvand 2003c). Den fins ofte i store mengder på daude nåler og skot på ulike artar av edelgran. Det er uvisst om soppen er ein primær eller sekundær skadegjerar på juletre. Vi vil gjennomføra smitteforsøk for å fastslå dette. Cytospora spp. Cytospora vert ofte funnen på brune nåler av både gran- og edelgran. Dessutan er det observert at Cytospora dannar kreftsår og ringar greiner og toppar på fjelledelgran (Talgø & Stensvand 2003a). Gråskimmel (Botrytis cinerea) I einskilde område der det er relativt kaldt og fuktig i skytingsfasen, ser ein år om anna at gråskimmel drep nye skot på gran og edelgran. Symptoma kan minna om frostskade (Talgø et al. 2003a). Soppsjukdomar i rot og rothals jordbuande sjukdomar Når planterøter vert øydelagde på grunn av sopp, vert opptaksapparatet for vatn og næring redusert. Plantene kan få tørkeskadar, næringsmangel, redusert vekst eller i verste fall dauda heilt ned. Phytophthora spp. Phytophthora spp. går til vanleg under namnet algesoppar, men eigentleg er dei korkje algar eller soppar. I systematikken høyrer dei heime i eit eige rike (Chromista) på linje med soppriket, planteriket, dyreriket, etc. Som namnet algesoppar indikerar, trivest desse organismane best i eit fuktig miljø. I område med mykje nedbør, tung jord og/eller dårleg drenering vil Phytophthora kunna gjera stor skade (Talgø & Stensvand 2003f). Inntil våren 2004 var det ikkje rapportert om Phytophthora-skade i juletrefelt her i landet, men det har lenge vore eit velkjent problem i juletreproduksjonen i mange andre land. I Noreg er det no funne omfatande skade i felt med både nordmanns-, fjell- (Fig. 1) og nobeledelgran (Talgø et al. 2004). Heile trea får ein blass grønfarge før dei vert brune. I rothalsen og på stamma vert det ein brunraud misfarge med skarpt skilje mellom friskt og sjukt vev.

4 96 V. Talgø og A. Stensvand / Grønn kunnskap 9 (2) Figur 1. Angrep av Phytophthora i eit fjelledelgran-felt i Buskerud. Foto: V. Talgø Honningsopp (Armillaria spp.) Honningsopp er eit stort problem i juletreplantingar i USA. Her i landet vart det hausten 2004 for fyrste gong rapportert til Plantevernet om skade på grunn av honningsopp i juletrefelt. Fig. 2 syner fjelledelgran frå eit felt på Austlandet der rothalsen er gjennomvoven av kvitt mycel. Soppen dannar også tjukkvegga sopptrådar (rhizomorfar) som er viktige spreiingsorgan i jorda. Rhizomorfane (Fig. 3) kan forvekslast med røter. Dei er fyrst lyse, men vert etter kvart brunraude og så svarte. Honningsopp dannar sporar i sopphattar rundt gamle infiserte stubbar (Talgø et al. 2003b). Figur 2. Rothals av fjelledelgran med omfattande angrep av honningsopp. Foto: V. Talgø Figur 3. Rhizomorfar av honningsopp. Foto: V. Talgø

5 97 Rotkjuke (Heterobasidium annosum) Rotkjukeròte gjer stor skade i juletrefelt i USA (Talgø 2004). Spesielt ille kan det vera dersom ein har fleire omløp med juletre utan vekstskifte. Sjukdomen opptrer i runde flekkar/roser i felta og breier seg utover år for år, først og fremst ved hjelp av rotkontakt mellom sjuke og friske tre. Dei fyrste symptoma er dårleg toppskotvekst. Seinare vert nålene gule. Det vert utvikla ein karakteristisk mørk ròte inni stammen, og trea vil etter kvart dauda. I Noreg gjer denne soppen skade i skogsbestand (særleg barskog) og kan difor verta eit problem i juletrefelt. Tiltak Plant berre tre som har friske, velutvikla røter og friskt bar. Sørg for god lufting i feltet ved å fjerna ugras og skjera av dei nedste greinene ( stamma opp trea). Det bør heller ikkje plantast for tett. Unngå planting i skuggefulle område der ein veit det vert dårleg opptørking etter nedbør og doggfall og der fuktig, kald luft vert ståande. Det skal vera god drenering i jorda. Eventuell spreiarvatning bør gjerast om morgonen eller midt på dagen, slik at baret tørkar opp før kvelden. Då vil tida med fuktig bar vera så kort at soppsporane ikkje rekk å infisera. Ikkje set att greiner på stubben etter hausting av tre og fjern eldre, infiserte tre i god tid før eventuell gjenplanting. Sidan sporar kan bli dregne over på friske tre, bør ein unngå formskjering i periodar med sporespreiing, det vil seia i fuktig vær gjennom vekstsesongen. Eventuelt kan formskjering føregå om vinteren når temperaturen er for låg til sporedanning og infeksjon. Skjer alltid dei trea som ser friske ut fyrst. Eventuelt kan saksa desinfiserast mellom kvart tre (med til dømes raudsprit eller klorin). Dersom det er stadfesta ein alvorleg soppsjukdom på bar eller greiner, bør ein skjera av 5-10 cm nedanfor infeksjonspunktet og brenna sjuke greiner eller heile tre. Dette vil redusera smittepresset. Dersom det er stadfesta Phytophthora, må ein vera svært nøye med reingjering av maskinar, reiskap og fottøy for å unngå og dra infisert jord med seg til nye felt på garden eller til andre dyrkarar. Kvilesporar av Phytophthora kan overleva uten vertplante i mange år i jorda. Juletrefelt på nyrydda skogsmark er svært utsett for honningsopp. Det er difor viktig at det vert gjort eit grundig ryddearbeid før planting. Infiserte stubbar og røter som til dømes vert lagde som fyllmasse i søkk i terrenget, utgjer ein stor smittefare. Ved angrep bør den sjuke planta og mest mogleg av røtene og rhizomorfane gravast opp og fjernast. Planter som er tørkestressa, eller svekka av andre grunnar, er mest mottakelege for honning-

6 98 V. Talgø og A. Stensvand / Grønn kunnskap 9 (2) sopp. Det er difor viktig å halda plantene i jamn, god vekst. I juletrefelt i USA er det vanleg å grava inntil 1 meter djupe grøfter rundt infiserte tre/område for å hindra smittespreiing. Grøftene gjer at korkje røter eller rhizomorfar får kontakt med nabotrea. Dersom det ikkje er ynskjeleg med opne grøfter, set dei ned ein skiljevegg av plast og fyller attende jorda. Den same metoden vert nytta mot rotkjuke i juletrefelt i USA, men då er det berre for å hindra rotkontakt (rotkjuke har ingen rhizomorfar som spreiar soppen i jorda). Soppmiddel er det mest aktuelt å nytta i planteskular, men det kan til dømes vera aktuelt å sprøyta med koparpreparat i juletrefelt ved sterke angrep av nålefallsoppen Rhizosphaera. Konklusjon Mange problem kan avgrensast ved å ha sjukdomsfrie utplantingsplanter. I 2005 startar eit nytt prosjekt på planterskulehygiene (samarbeid mellom Norsk Pyntegrønt Forsøksring, Norsk Gartnerforbund og Planteforsk). Vi vonar at dette prosjektet vil vera med og heva kvaliteten på småplanter som går til juletreplanting. Spesielt viktig er det å unngå Phytophthora-infiserte småplanter, fordi det nærast er uråd å verta kvitt denne organismen dersom eit felt har vorte nedsmitta. Erfaringar frå USA tilseier at ein bør unngå og planta juletre på tidlegare skogsjord der ein har observert symptom på honningsopp og/eller rotkjuke. Då må i tilfelle stubbar og røter fjernast fyrst. Dei jordbuande sjukdomane fører som regel til at trea daudar heilt ned. Dersom angrep av desse sjukdomane aukar i omfang, vil dei verta ein alvorleg trussel for juletreproduksjonen. Slik stoda er i dag er det mest luftborne sjukdomar som forringar kvaliteten. Referansar Talgø, V Skadegjerarar under oppal og produksjon av bartre i USA. Norsk Pyntegrønt 11(1): Talgø, V. & Stensvand, A. 2003a. Cytospora sp. Grønn kunnskap e 7(101P). 3 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003b. Kabatina spp. Grønn kunnskap e 7(101Q). 2 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003c. Pestalotiopsis spp. Grønn kunnskap e 7(101J). 3 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003d. Phaeocryptopus nudus. Grønn kunnskap e 7(101C). 3 s.

7 99 Talgø, V. & Stensvand, A. 2003e. Phomopsis spp. Grønn kunnskap e 7(101A). 4 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003f. Phytophthora spp. Grønn kunnskap e 7(101G). 4 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003g. Pucciniastrum epilobii (edelgranrust). Grønn kunnskap e 7(101U). 2 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003h. Rhizosphaera spp. Grønn kunnskap e 7(101H). 3 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003i. Sclerophoma sp. Grønn kunnskap e 7(101V). 2 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003j. Thysanophora penicillioides. Grønn kunnskap e 7(101L). 2 s. Talgø, V., Andersen, M. & Stensvand, A. 2003a. Botrytis cinerea (gråskimmel). Grønn kunnskap e 7(101I). 3 s. Talgø, V., Singh, H. M. & Stensvand, A. 2003b. Armillaria spp. (honningsopp). Grønn kunnskap e 7(101Å). 3 s. Talgø, V., Stensvand, A., Herrero, M. & Pundsnes, T Omfattande skade av algesoppen Phytophthora i edelgranfelt. Norsk Pyntegrønt 11(2):11-13.

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 20. januar 2015 KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren Plommedyrking og plantehelse i plomme Gaute Myren Lier 2006-12 Mars Mai Juli Oktober 26.10.2012 Gaute Myren 2 Klima i 2012 Oversikt over temperatur og nedbør 1.mai til 1.september i ulike fruktdistrikt.

Detaljer

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar, Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon

Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon B I O F O R S K EMA www.bioforsk.no Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon Fungal diseases, insects, mites and disorders in Norwegian fir plantations for bough-

Detaljer

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving HAGEBLÅBÆR Haugaland landbruksrådgjeving Kva er hageblåbær Ulike kryssingar av artane Vaccinium corymbosum og Vaccinium angsutifolium. Viltveksane på austkysten av USA. Buskform om lag som solbær (1-2

Detaljer

Kartlegging av Neonectria

Kartlegging av Neonectria Kartlegging av Neonectria på edelgran på vestkysten av USA Neonectria neomacrospora gjer stor skade på edelgran (Abies spp.) i Skandinavia. Dette gjeld ikkje minst fjelledelgran (A. lasiocarpa), ein art

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

TEMA Nr. 6 - April 2011

TEMA Nr. 6 - April 2011 TEMA Nr. 6 - April 2011 Phytophthora ramorum angrip skogen på vestkysten av England Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse venche.talgo@bioforsk.no I 2009 vart det oppdaga at Phytophthora ramorum er årsak

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Kneartroskopi Denne faldaren inneheld informasjon for pasientar som skal få utført artoskopisk kirurgi i kne. Sjå i tillegg faldar med generell informasjon om innlegging eller

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune. Dykkar ref.: «REF» Vår dato: 06.02.2014 Vår ref.: 2014/1051 Arkivnr.: 432.4 Oddmund Hognestad 4346 Bryne Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 05.08.2015 51527/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per juli 2015 Akvakulturforvalting

Detaljer

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

SJUKE BARN I BARNEHAGEN SJUKE BARN I BARNEHAGEN INFORMASJON TIL FORELDRE SOM HAR BORN I SEIM BARNEHAGE BA SJUKE BARN I BARNEHAGEN Du kjem sikkert mange gonger til å stille deg sjølv spørsmålet: Er barnet mitt friskt nok til å

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Den nye seksjon for applikasjonar

Den nye seksjon for applikasjonar Nye IT-avdelinga Den nye seksjon for applikasjonar Ei kort innleiing om prosessar basert på ITIL som eg brukar litt i presentasjonen Seksjonen sine ansvarsområde 3 av mange områder som seksjonen skal handtera

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Måndag 4 november 2013 kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Meldt forfall: Dorthe Huitfeldt Andre til stades

Detaljer

16. april 2015. Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

16. april 2015. Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver 16. april 2015 Kurs i matrikkelføring Adresseoppgåver Innhold Oppgåve A1 Opprett ny veg... 3 Oppgåve A2 Etablering av ny vegadresse... 4 Oppgåve A3 Omadressering av adresse... 7 Oppgåve A4 Endre vegadressedata...

Detaljer

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012 Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 22.01.2015 Møtetid: Kl. 13:00 14:15 Møtestad: Kommuenstyresalen Saksnr.: 001/15-005/15 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte

Detaljer

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG Avlingsregistrering økologiske eplefelt Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Marianne Bøthun Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Liv Lyngstad Norsk Landbruksrådgiving Viken, Gaute Myren 1 BAKGRUNN

Detaljer

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune. Intervju med hamnemynde i Stord kommune. 1. Kva er dykkar arbeid hos hamnemynde i Stord kommune, og korleis er dykkar rolle på Eldøyane? Mitt namn er Inge Espenes og eg er Hamnesjef i Stord Hamnestell.

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Risingskurs Luster 2012

Risingskurs Luster 2012 Risingskurs Luster 2012 16.03.2012 Dette dokumentet er ein grov rekonstruksjon av føredraga og diskusjonane som gjekk under kurset i Marifjøra i mars. Illustrasjonar og fakta er henta frå dei ulike presentasjonane.

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag utan org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer For å få tak i skjemaet «Partifinansiering

Detaljer

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER Reglement for Sandøy kulturskule. 1 Samarbeid mellom skule og heim Kulturskulen freistar til ei kvar tid å utvikle samarbeidet/kontakten mellom skule og heim. I revideringa

Detaljer

TEMA Nr. 20 - oktober 2010

TEMA Nr. 20 - oktober 2010 TEMA Nr. 20 - oktober 2010 Bøk (Fagus sylvatica) og lønn (Acer platanoides) i denne bynære lauvskogen i Stavanger er smitta av Phytophthora plurivora. Truleg har smitten kome frå infiserte hageplanter

Detaljer

TEMA Nr. 3 - Februar 2008 Vol.3 Nr.3 2008

TEMA Nr. 3 - Februar 2008 Vol.3 Nr.3 2008 TEMA Nr. 3 - Februar 2008 Vol.3 Nr.3 2008 Planteskulehygiene Venche Talgø, Brita Toppe og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse Terje Pundsnes og Steinar Haugse, Norsk Pyntegrønt forsøksring Inger Hilmersen,

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda Fisken som gjorde Noreg kjent i verda Frå gammalt av er tørrfisk og klippfisk Noregs viktigaste bidrag på den globale sjømatmarknaden. Desse fiskeprodukta var ein effektiv og rimeleg måte å konservere

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015 Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015 Innhald: Oppsynsorganisering/miljøovervaking. Statistikk. Kommentarar frå jakta 2015. 1.0 Oppsynsorganisering Villreinjaktoppsynet

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Rettleiing - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Reknearket for refusjon er å finne på: www.hisf.no For praksisfeltet (øvst i skjermbildet). Klikk vidare til Grunnskulelærarutdanning 1-7/5-10.

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.03.2014 14659/2014 Henny Margrethe Haug Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 Ny pensjonsordning for folkevalde frå

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

TEMA Nr. 1 - Januar 2012

TEMA Nr. 1 - Januar 2012 TEMA Nr. 1 - Januar 2012 Alvorleg sjukdom funnen på bøk Venche Talgø, Maria Luz Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse venche.talgo@bioforsk.no I Bergen, Haugesund, Stavanger

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: 09.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200703590-60 Arkivnr. 8 Saksh. Raddum, Gunhild Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.01.2010 21.01.2010 SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL

Detaljer

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368)

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Søknadssum: 299000 Kategori: Leseløftet Varighet: Treårig Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Osterøy bibliotek / 974774682 senter 5282 http://osteroy.bibliotekivest.no/

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 24.04.2015. Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 24.04.2015. Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort Vågå kommune Arkivsak: 2012/162-39 Arkiv: Saksbehandlar: Laila Nersveen Utv.saksnr Utval Møtedato 20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 24.04.2015 Forslag til forskriftsendring - heving

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Detaljer

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet Nynorsk 2016 Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft tilbod til jenter i 7. klasse Informasjon til barn og foreldre Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet 1 Vaksine mot humant papillomvirus (HPV)

Detaljer

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 07.10.2015 64580/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 20.10.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Konsekvensar for plantehelse ved opnare import Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Årsaka til at importforbod vart innført på kjernefrukt og jordbærplanter (og nokre nære slektningar i rosefamilien) er

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Storåna, Sandnes kommune

Storåna, Sandnes kommune Storåna, Sandnes kommune Storåna er eit låglandsvassdrag i Sandnes kommune. Vasskvaliteten er ein del påverka av jordbruk, men er god med omsyn til forsuring. Det er truleg ikkje naturleg laksebestand

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2 NOTAT nr 1 Gjelder: Volda Prosj.nr. : 2011117-1 Revisjon : Dato : 16.11.2011 Utført av: Kontrollert av: Godkjent av: Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland INNHALD Side 1. BAKGRUNN OG SYNFARING...

Detaljer

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh) 1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i

Detaljer

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Bakgrunn Frå ulikt hald har vi fått signal om at det er ønskjeleg med ei omstrukturering av HMSdokumentasjonen

Detaljer

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning Av: Jorunn Furuberg Samandrag Dersom framtidige generasjonar vel utdanning og tilpassing på arbeidsmarknaden slik tilsvarande personar gjorde

Detaljer