Fv 107 Jondalstunnelen.

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Fv 107 Jondalstunnelen."

Transkript

1 Fv 107 Jondalstunnelen. Massedeponi i Nordrepollen. Framlegg til planprogram. Øyresdalen i Nordrepollen, Kvinnherad kommune. November 2009

2 FORORD. I samband med bygging av Jondalstunnelen skal det utarbeidast reguleringsplan for permanent massedeponi i Øyresdalen, Nordrepollen i Kvinnherad kommune. Tiltaket vert behandla etter Plan- og bygningslova. Formålet med deponiet er å ta vare på desse steinressursane. Ved å ikkje deponera massane i Maurangerfjorden, kan ein spara om lag mill. kroner som kan nyttast som delfinansiering av eit betre vegalternativ som tilkomstveg til Jondalstunnelen på Torsnes i Jondal kommune. Kvinnherad kommune er ansvarleg planstyresmakt for planarbeidet. For utgreiingskrava vil ein fylgja 4-1 i Plan- og bygningslova. Området der ein skal etablera dette massedeponiet vart konsekvensutgreidd som del av arbeidet med vegplanen for fv 107 Jondalstunnelprosjektet i 2002/2003. Statens vegvesen meiner at området ikkje treng registrerast på nytt og ut frå dei registreringane som vart gjort i 2002/2003, er det ikkje konflikt med nokon deltema innafor kategorien ikkje prissette konsekvensar. Dei registreringane som vart gjorte i eller i nærleiken av området til foreslått massedeponi er: Sti som går på sørsida av Øyreselva frå fv 51 til stølar aust for planområdet. Stølar aust for planområdet som er nyleg restaurerte. Ny bru over Øyreselva frå desse stølane og som er del av sti mot anleggsveg til fjellet på nordsida av Øyreselva. Hovudfokus for dette deponiet vert: Sikre trygg avrenning frå deponiet mot Øyreselva. Sikre at gamal sti til stølar vert oppretthalde. Sikre god utforming av deponiet slik at det fell best mogeleg inn i landskapet. I tråd med Plan- og bygningslova 4-1 og 12 blir planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 7. desember 2009 til 18. januar Planprogrammet er lagt ut på kommunehuset i Rosendal. Planprogrammet er tilgjengeleg på under offentlege høyringar og på Kvinnherad kommune sine internettsider. Merknader til planprogram og til varsel om planoppstart skal sendast til: Statens vegvesen Region vest Askedalen 4, 6863 Leikanger Frist for å koma med merknader til planprogrammet er sett til 18. januar I høyringsperioden kan spørsmål om planprogrammet rettast til: Statens vegvesen, Roald Sletten, tlf / , 2

3 INNHALD. Forord... side 2 Innleiing... side 4 Bakgrunn for prosjektet. side 4 Framdrift og planprosess. side 6 Rammer og føringar. side 7 Grunnlag, tidlegare planprosess side 7 Kommuneplan for Kvinnherad. side 7 Standard og dimensjoneringsføresetnader. side 7 Planområde side 8 Skildring av problemstillingar side 9 Skildring av planområde side 9 Kulturmiljø.. side 9 Landskap.. side11 Nærmiljø og friluftsliv side12 Landbruk... side13 Naturmiljø side13 Tiltaket side 14 Aktuelle løysingar.. side 14 Planprogram for konsekvensutgreiing. side 16 Skildring av tiltaket.. side 16 Planforslaget side 16 Samfunnsøkonomisk analyse.. side 16 Ikkje prissette konsekvensar.. side 16 Prissette konsekvensar... side 18 Samanstilling av samfunnsøkonomisk analyse.... side 19 Lokal og regional utvikling... side 19 Tilråding. side 19 Miljøoppfølgingsprogram. side 19 3

4 INNLEIING. Bakgrunn for prosjektet. I samband med at Jondalstunnelen skal byggjast har ein sett på ulike måtar å disponera overskotsmassane på Kvinnheradsida. Opphavleg ynskte ein å lagra alle overskotmassane i Øyresdalen. Dette forslaget gjekk Fylkesmannen si Miljøvernavdeling i mot. Via forhandlingar fekk ein løyve til å lagra om lag tam 3 i eit midlertidig deponi i Øyresdalen. Desse m 3 er det masseunderskotet ein har når ein skal byggja ferdig fv 107 mellom Austrepollen og Nordrepollen i eit seinare byggesteg. Resten av masseoverskotet har ein fått løyve å deponera i Maurangerfjorden. Fotoillustrasjon av massedeponi i Øyresdalen. Massedeponiet er tilpassa alternativ S9 og ved val av alternativ S6, må forma på deponiet tilpassas linjeføringa for S6. 4

5 Meirkostnadene med å deponera massane i Maurangerfjorden i staden for i eit landbasert deponi i nærleiken av tunnelpåhogget i Øyresdalen, er prissett til om lag mill. kroner i entreprenør Kruse Smith AS si totalentreprise. Føresetnaden for at ein startar dette arbeidet med eit permanent massedeponi i Øyresdalen, er at denne innsparinga skal vera med på å delfinansiera ei betre løysing for tilkomstvegen til Jondalstunnelen på Torsnes i Jondal kommune. 5

6 FRAMDRIFT OG PLANPROSESS. Det er lagt opp til følgjande planprosess: Aktivitet Ca tidsplan Planprogrammet, saman med varsel om planoppstart, sendt ut på høyring. Desember 2009/januar Ope møte i Nordrepollen Januar 2010 Vurdering av innkomne merknader til planprogrammet. Februar 2010 Vedtak av endeleg planprogram Mars 2010 Utføre planlegging November Mars 2010 Reguleringsplan blir lagt ut på høyring April - mai 2010 Vurdering av innkomne merknader og saksførebuing for planutval Juni 2010 Vedtak av reguleringsplan i Kvinnherad kommune September

7 RAMMER OG FØRINGAR. Grunnlag, tidlegare planprosess. Ved rullering av kommuneplan i 2003 i Kvinnherad vart det sett av areal til eit massedeponi i Øyresdalen i tilknyting til Jondalstunnelprosjektet. Dette vart det varsla motsegn mot og massedeponiet vart tatt ut av kommuneplanen. Som ein del av reguleringsplanarbeidet for fv 107 Jondalstunnelen vart det og tatt med permanent deponi nederst i Øyresdalen. Dette deponiet varsla Fylkesmannen si Miljøvernavdeling motsegn mot. Etter forhandlingar mellom Miljøvernavdelinga, Kvinnherad kommune og Statens vegvesen kom ein fram til eit kompromiss om at deponiet var midlertidig og skulle ikkje romma meir enn m 3. Dette er det masseunderskotet ein har på strekninga mellom Austrepollen og Nordrepollen når ein skal byggja vegen ferdig i eit seinare byggesteg. Resten av masseoverskotet skulle deponerast i Maurangerfjorden. Kommuneplan for Kvinnherad Kommuneplan for Kvinnherad har ikkje føringar som er i konflikt med måla for dette prosjektet. Standard og dimensjoneringsføresetnader. Alle Statens vegvesen sine handbøker som berører dette tiltaket skal leggjast til grunn for arbeidet. 7

8 PLANOMRÅDE. Planområdet ligg i Nordrepollen innerst i Maurangerfjorden i Kvinnherad kommune. 8

9 Skildring av problemstillingar. Avrenning av drensvatn til Øyreselva og verknader for fiskebestand i elva. Inngrepet i landskapet. Verdisetting av landskapet. Natursti gjennom området Eventuelle verknader for tilstøytande område, t.d. tidlegare geitestøl. Restaurert geitestøl Skildring av planområde. Kulturmiljø. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i Potensiale for funn av automatisk freda kulturminne er vist på neste side. 9

10 10

11 Landskap. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i I 2003 var det ikkje planlagt eller utført inngrep i landskapet i Nordrepollen bortsett frå kraftutbygginga av Øyreselva i slutten av 1960-åra.. I 2009 har dette endra seg. Det føreligg reguleringsplan for bygging av Jondalstunnelen med tilkomstvegar, alternativ S6 og tilhøyrande anlegg, slik at området i Nordrepollen vil no bli vekta annarleis og mykje lik verdsettinga i Austrepollen. I tillegg til vedtatt reguleringsplan for veganlegget, er det i 1960-åra gjort store inngrep i vassføringa i Øyreselva. Verdisettinga av landskapet i Austrepollen vart verdsett som liten verdi grunna alle dei inngrepa kraftutbygginga og vegbygginga i området hadde gjort. 11

12 Figur som viser korleis landskapet vart vekta i 2002/2003 Nærmiljø og friluftsliv. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i Dette massedeponiet kjem i konflikt med natursti på sørsida av Øyreselva. Denne stien går vidare opp langs sørsida av elva til stien fell saman med anleggsveg opp til fjellet. Ved geitastølen er det bygd ei ny over Øyreselva. Denne stien vil bli ført gjennom deponiet slik at stien vert oppretthalde. Ny bru over Øyreselva ved geitastølen. 12

13 Landbruk. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i Naturmiljø. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i Vi har tatt med konsekvensutgreiinga for alternativ S6 då dette avsnittet og omtalar området på sørsida av Øyreselva. Traséalternativet S6. Verdisetting: Areala som vert berørte av S6 er prega av ulike typar kulturmark ved garden Køylo. Sjølv om området isolert sett ikkje er spesielt stort, er det her ein stor variasjonsrikdom når det gjeld ulike element i kulturlandskapet. Heilskapen er derfor god og gjev området stor verdi. Gråorskogen er kulturpåverka, men delar har fått vekse seg økologisk moden og ber preg av gamal lauvskog. Kulturlandskapet ved Køylo er og ein del av eit større, samanhengjande kulturlandskap i Nordrepollen, så verdiane knytt til areal påverka av S6 kan ikkje sjåast isolert. Kulturlandskapet ved Køylo har stor verdi, knytt til kriteria kontinuitet, mangfold, særpreg, status inngrep og påverknad. Landskapet vidare, over Øyreselva, har isolert sett ikkje same verdiane, men er og ein del av det store heilskapelege kulturlandskapet. Samla verdi for korridoren knytt til S6 er derfor vurdert til stor verdi (nivå 3). Konsekvensar: Omfanget av dette inngrepet kan setjast til lite til middels ettersom ny veg stort sett vil følgje langs dagens veg. Verdiane i kulturlandskapet ved Køylo er vurdert til å vere store og delområdet høyrer med i det samla kulturlandskapet i Nordrepollen. Omfang og verdsetjing gjev som resultat at framføring av ny riksveg etter S6 forbi Køylo vil ha middels negativ konsekvens (nivå -2).

14 TILTAKET. Aktuelle løysingar. Deponiet bør liggja tettast opp mot tunnelpåhogget. Ei løysing er å plassera deponiet på elvedelta mellom Øyreselva og ny vegtrasé, det vil seia på same området som er regulert til massedeponi og ein har løyve å deponera m 3. Dette området er lite og med ei grunnflate på om lag m 2 (200m x 50 m). Det ville medføra ei høgde på over 40 meter på deponiet og dette området er dermed for lite som deponi. Dessutan er dette området meir eksponert enn område på sørsida av Øyreselva. Dette området er eit område som er foreslått som deponiområde frå innbyggjarane i bygda. Begge områda er eigd av Statskraft. 14

15 Førebels plankart med deponi og tilkomstveg innteikna. Førebels lengdeprofil. 15

16 PLANPROGRAM FOR KONSEKVENSUTGREIING. Statens vegvesen si handbok 0140 Konsekvensanalysar skal nyttast i konsekvensanalysen både for metodikk og presentasjon av konsekvensar. For alle utgreiingsalternativ skal det nyttast ein analyseperiode på 25 år. Statens vegvesen har som målsetting å gje god informasjon om planarbeidet slik at alle partar har god innsikt i prosessen og føreslegne løysingar og konsekvensar av desse. Slik informasjon vil først og fremst bli gitt gjennom folkemøte og andre møte med politikarar og spesielt interesserte. I tillegg er det oppretta ei internettside om prosjektet der viktig informasjon og dokument blir lagt ut. Lokalavisene vert nytta til annonsering. Informasjon om prosjektet finn ein på under offentlege høyringar og vegprosjekt. Det vil bli arrangert opne folkemøte i høyringsperioden. Skildring av tiltaket. Planforslaget. Det skal visast eit permanent massedeponi på inntil tam 3 og anleggsveg fram til deponiet. Deponiet skal visa eventuelle tiltak mot avrenning frå deponiet mot Øyreselva. Samfunnsøkonomisk analyse. Vert ikkje utgreidd. Ikkje prissette konsekvensar. Vert ikkje utreidd. Landskapsbilde. Den visuelle verknaden av tiltaket må utgreiast. Det skal utarbeidast realistiske illustrasjonar som viser tiltaket sin innverknad på området. God formgjeving av massedeponiet er avgjerande for eit godt resultat. 16

17 Naturressursar. Tema skal ikkje utgreiast ut over dei registreringane som vart gjort i 2002/ Nærmiljø og friluftsliv. Tema skal ikkje utgreiast ut over dei registreringane som vart gjort i 2002/2003. Tursti i området vert sikra gjennom reguleringsføresegner. Natursti på sørsida av Øyreselva 17

18 Naturmiljø. Arbeidet skal basere seg på registreringar av biologisk mangfald. Konsekvensar for Øyreselva, t.d. avrenning må utgreiast. Øyreselva ovanfor ny bru til geitestølane. Eldre nedlagt kraftverk i bakgrunnen. Kulturmiljø. Tema skal ikkje utgreiast ut over dei registreringane som vart gjort i 2002/2003. Prissette konsekvensar. Skal ikkje utgreiast. 18

19 SAMANSTILLING AV SAMFUNNSØKONOMISK ANALYSE Vert ikkje utgreidd. LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING. Tema vert ikkje utgreidd ut over dei registreringane som vart gjort i 2002/ TILRÅDING På grunnlag av det som er kome fram vil Statens vegvesen som tiltakshavar kome med si tilråding for val av alternativ. Tilrådinga skal grunngjevast. Dei krav som vert sett til deponiet og utforminga av dette, vert innarbeidd i reguleringsføresetnadene for reguleringsplanen. MILJØOPPFØLGINGSPROGRAM I gjennomføringsfasen skal det utarbeidast eit miljøoppfølgingsprogram (MOP). Dette skal i detalj gjera greie for registreringar, tiltak og oppfølging som skal gjennomførast i byggefasen og eventuelt ei tid etterpå, for å unngå skade på og ulemper for natur og miljø. 19

Fv 107 Jondalstunnelen.

Fv 107 Jondalstunnelen. Fv 107 Jondalstunnelen. Massedeponi i Nordrepollen. Framlegg til planprogram. Øyresdalen i Nordrepollen, Kvinnherad kommune. November 2009, revidert 22. mars 2010 FORORD. I samband med bygging av Jondalstunnelen

Detaljer

Vår ref. 2009/3267-31. Særutskrift - Dispensasjon - Jondalstunnelen - steindeponi Nordrepollen - Statens vegvesen

Vår ref. 2009/3267-31. Særutskrift - Dispensasjon - Jondalstunnelen - steindeponi Nordrepollen - Statens vegvesen Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no

Detaljer

E39 Bogstunnelen Gaular grense

E39 Bogstunnelen Gaular grense E39 Bogstunnelen Gaular grense Ope møte om planprogram 7. mai 2012 http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/e39bogstunnelengaular Spørsmål eller innspel til planprogrammet: Høyanger kommune v/rådmannen, postboks

Detaljer

Statleg plan E39 Stord-Os Miljøtema Regionalt planforum Hordaland

Statleg plan E39 Stord-Os Miljøtema Regionalt planforum Hordaland Statleg plan E39 Stord-Os Miljøtema Foto: A. Jenssen, Statens vegvesen Oppdrag frå Samferdselsdepartementet Prosessen videre skal: - Legge til rette for å redusere konflikt og uheldige virkninger for natur

Detaljer

E6 Kvithammer - Skatval, gang- og sykkelveg

E6 Kvithammer - Skatval, gang- og sykkelveg E6 Kvithammer - Skatval, gang- og sykkelveg Reguleringsplan - Forslag til planprogran R A P P O R T Ressursavdelinga Region midt 9. juni - 22. juli 2011 Plan- og prosjekteringsseksjonen Dato: 6. juni 2011

Detaljer

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

FORSLAG TIL PLANPROGRAM Reguleringsplan Fv. 7 Lussandberget aust Planprogram FORSLAG TIL PLANPROGRAM Region vest Ressursavdelinga Planseksjonen Dato: 2011-03-19 INNHALD 1 BAKGRUNN... 4 2 FØREMÅL MED PLANEN... 4 3 PLANOMRÅDE...

Detaljer

Vurdering av verknader skal gjerast på grunnlag av løysingar vist i reguleringsplan for tiltaket.

Vurdering av verknader skal gjerast på grunnlag av løysingar vist i reguleringsplan for tiltaket. 4 Planprogram Planprogrammet legg til grunn at planarbeidet og KU vert gjennomført for alternativ IVa. Det skal like vel i planen gjerast greie for andre alternativ som er vurderte og på kva grunnlag dei

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet 09.06.2015 044/15 Kommunestyret 18.06.2015 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 14/709-14 Reguleringsplan masseuttak Torvmo

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde

Detaljer

Rv. 5 Lunde - Fjærlandstunnelen

Rv. 5 Lunde - Fjærlandstunnelen Region vest Ressursavdelinga Planseksjonen Rv. 5 Lunde - Fjærlandstunnelen Forbikøyringsfelt og kjettingplassar Oppsummering av innspel Føreord Etter avtale med Jølster kommune varsla Statens vegvesen

Detaljer

PLANPROGRAM FOR DETALJPLAN FOR RÆSTADHAGEN HYTTEFELT Detaljregulering av ein teig av gnr. 27, bnr. 4 på Ræstad i Midsund kommune.

PLANPROGRAM FOR DETALJPLAN FOR RÆSTADHAGEN HYTTEFELT Detaljregulering av ein teig av gnr. 27, bnr. 4 på Ræstad i Midsund kommune. PLANPROGRAM FOR DETALJPLAN FOR RÆSTADHAGEN HYTTEFELT Detaljregulering av ein teig av gnr. 27, bnr. 4 på Ræstad i Midsund kommune. 1 Forord Ha-Plan AS v/ siv.ing. Hallgeir Wuttudal har på vegne av grunneigar

Detaljer

7. Tiltakshavar si tilråding og vidare arbeid

7. Tiltakshavar si tilråding og vidare arbeid 7. Tiltakshavar si tilråding og vidare arbeid 7.1 Tilråding av alternativ Ev 134 Vågsli Røldal - Grostøl Konsekvensgreiing I planprogrammet under pkt. 5, Alternativ som skal utgreiast, står det under pkt.

Detaljer

E6 Kvithammer - Skatval Reguleringsplan gang- og sykkelveg Hp 05 km

E6 Kvithammer - Skatval Reguleringsplan gang- og sykkelveg Hp 05 km PLANPROGRAM Prosjekt: Parsell: E6 Kvithammer - Skatval Reguleringsplan gang- og sykkelveg Hp 05 km 0-2900 Stjørdal kommune TEKNISKE DATA Fra profil: Dimensjoneringsklasse: Fartsgrense: 70 km/t Trafikkgrunnlag

Detaljer

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

FORSLAG TIL PLANPROGRAM DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR. 34, BNR. 379 MFL., I FOSNAVÅG, HERØY KOMMUNE (TILRETTELEGGING FOR ETABLERING AV MASSEDEPONI) Foto: Harald M. Valderhaug FORSLAG TIL PLANPROGRAM 27.5.2016 HERØY KOMMUNE INNHALDSLISTE

Detaljer

SAKSGANG. Utval Møtedato Saksnr. i utval. Saksbehandlar: Arkiv: Arkivsaknr Sigbjørn Haugen 13/170

SAKSGANG. Utval Møtedato Saksnr. i utval. Saksbehandlar: Arkiv: Arkivsaknr Sigbjørn Haugen 13/170 Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for teknisk, næring og kultur Saksbehandlar: Arkiv: Arkivsaknr Sigbjørn Haugen 13/170 1. GONGS UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG

Detaljer

Granvin herad. Planprogram. Detaljreguleringsplan Skielva, PlanID

Granvin herad. Planprogram. Detaljreguleringsplan Skielva, PlanID Granvin herad Planprogram Detaljreguleringsplan Skielva, PlanID 12342014001 Granvin herad, teknisk etat 29.01.2014 Innhold Innleiing... 2 Bakgrunn... 2 Føremål... 2 Planområde... 2 Planprosess... 3 Organisering

Detaljer

Gunhild Austjord,

Gunhild Austjord, Tokke kommune ASPLAN VIAK AS Postboks 24 1301 SANDVIKA Att.: Lars Krugerud MELDING OM VEDTAK Dykkar Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2014/1640-23 Gunhild Austjord,35075241 gunhild.austjord@tokke.kommune.no

Detaljer

Utv.saksnr Utval Møtedato 34/15 Drift og arealutvalet /15 Kommunestyret

Utv.saksnr Utval Møtedato 34/15 Drift og arealutvalet /15 Kommunestyret Aukra kommune Arkivsak: 2015/319-17 Arkiv: L12 Saksbeh: Svein Rune Notøy Dato: 21.07.2015 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 34/15 Drift og arealutvalet 19.08.2015 78/15 Kommunestyret 17.09.2015 Reguleringsplan

Detaljer

INFORMASJON OM SOTRASAMBANDET JANUAR 2008

INFORMASJON OM SOTRASAMBANDET JANUAR 2008 INFORMASJON OM SOTRASAMBANDET JANUAR 2008 HANDSAMING AV PLANPROGRAM PLANARBEID MED KOMMUNEDELPLAN OG KONSEKVENSUTGREIING. ENDRINGAR I TRASÉALTERNATIV SOM DEL AV PLANPROSESSEN DELPROSJEKT 1: FASTLANDSSAMBANDET

Detaljer

Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 16.10.2012 049/12 Bystyret 06.11.2012 139/12

Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 16.10.2012 049/12 Bystyret 06.11.2012 139/12 FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 16.10.2012 049/12 Bystyret 06.11.2012 139/12 Sakshandsamar: Kjell Aage Udberg Arkiv: ARP-20100103, K2-L12Objekt: Arkivsaknr 10/8 PLANID. 20100103.

Detaljer

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og PS 16.05.2017 samfunnsutvalet Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy ARP - 20160109, K2 - L12 16/1824 Offentleg ettersyn av Detaljreguleringsplan

Detaljer

Skodje kommune Teknisk avdeling

Skodje kommune Teknisk avdeling Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 22/15 Arkivsak nr: 15/33 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 22/15 Det faste planutvalet 18.03.2015 REGULERINGSENDRING FOR DEL AV DIGERNES NÆRINGSOMRÅDE

Detaljer

Ungdomsrådet 011/

Ungdomsrådet 011/ Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1090 Journalpostnr: 17/598 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 007/2017 02.02.2017 Kommunestyret 011/2017 16.02.2017 Råd for seniorar

Detaljer

: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND

: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND Notat Til : Harald Offerdal, ordførar Balestrand formannskap Frå Kopi : Arne Abrahamsen, plan og utviklingssjef : Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef Sak : Reguleringsplan for Sæle

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

Forsand kommune Politisk

Forsand kommune Politisk R å d m a n n e n Forsand kommune Politisk Plan- og forvaltning Steinar Haaland arealplanleggar Melding om vedtak Dato: 30.11.2015 Vår ref.: 13/308-25/K2-L12, PlanID-201306, GBNR-48/1//BVG Saksbeh. e-post:

Detaljer

E39 Byrkjelo - Grodås. Ope møte. Oversiktskart som viser dagens transportsystem og ny trasé for E39 mellom Byrkjelo og Grodås.

E39 Byrkjelo - Grodås. Ope møte. Oversiktskart som viser dagens transportsystem og ny trasé for E39 mellom Byrkjelo og Grodås. Ope møte Oversiktskart som viser dagens transportsystem og ny trasé for E39 mellom Byrkjelo og Grodås. Innspel til planprogrammet Statens vegvesen Region vest Askedalen 4 6863 Leikanger eller til firmapost-vest@vegvesen.no

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Planutvalet 12.12.2013 021/13 SH Saksansvarleg: Ståle Hatlelid Arkiv: L12 Objekt: Arkivsaknr.: 13/134-16 i grenseområdet

Detaljer

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28 Arkivref: 2013/2896-18066/2013 Saksh.: Anne-Lise Næs Olsen Saksnr Utval Møtedato 43/13 Forvaltningsstyret 03.10.2013 HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN

Detaljer

REGULERINGSPLAN FOR SANDTAK VIE, GBNR 43/1, 43/3 M.FL. FØRDE KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR SANDTAK VIE, GBNR 43/1, 43/3 M.FL. FØRDE KOMMUNE GRUNNEIGARAR AV GBNR 43/1 OG 43/3 REGULERINGSPLAN FOR SANDTAK VIE, GBNR 43/1, 43/3 M.FL. FØRDE KOMMUNE FORSLAG TIL PLANPROGRAM DATO: 10.06.2009 2 Innhald 1 Innleiing... 3 1.1 Forord... 3 1.2 Bakgrunn og

Detaljer

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje 1) Kort presentasjon av tiltaket/planområdet Det har blitt levert inn eit planforslag tidlegare for området, planid: 20100005, men dette arbeidet har

Detaljer

NESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1

NESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1 NESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1 Dykkar ref.: Vår ref.:ard015014 Bergen: 21.07.2015 VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID: REGULERINGSPLAN MED PLANPROGRAM OG KONSEKVENSUTGREIING FOR NESFOSSEN

Detaljer

E16 Oppheim - Humlabrekke Voss kommune

E16 Oppheim - Humlabrekke Voss kommune E16 Oppheim - Humlabrekke Voss kommune Planprogram for reguleringsplanarbeid Region vest Høyringsutkast Planseksjonen Dato: 6. oktober 2011 E16 Oppheim Humlabrekke, Voss kommune Planprogram til reguleringsplanarbeid

Detaljer

Reguleringsplan for Rindarøy (1547201404) - 1. offentlege ettersyn

Reguleringsplan for Rindarøy (1547201404) - 1. offentlege ettersyn Aukra kommune Arkivsak: 2014/820-13 Arkiv: L12 Saksbeh: Svein Rune Notøy Dato: 22.08.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 58/14 Drift og arealutvalet 03.12.2014 Reguleringsplan for Rindarøy (1547201404)

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68

Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68 Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet 12.10.2016 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68 Områdereguleringsplan for Håbakken del I og del II Kort samandrag:

Detaljer

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde Nordfjordeid Ålesund Førde Vågå Til: Naboar, heimelshavarar og aktuelle offentlege instansar. Dato: 12.06.2014 Vår ref: May-Britt Drage Bakke Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot

Detaljer

Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon.

Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon. Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1096 Journalpostnr: 16/14573 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 070/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 039/2016 26.09.2016 Råd for seniorar

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 100/2017 Formannskapet PS Samarbeidsavtale om utarbeiding av områdeplan for Dalstø/Mjåtveitstø

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 100/2017 Formannskapet PS Samarbeidsavtale om utarbeiding av områdeplan for Dalstø/Mjåtveitstø Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingrid Raniseth PlanID - 125620170002, Plannavn - Områderegulering Dalstø-Mjåtveitstø, Komnr - 1256, Gbnr - 19/67 17/1318 Saksnr Utvalg Type Dato 100/2017 Formannskapet

Detaljer

Områdereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn

Områdereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn 19.12.2017 Vår ref Dykkar ref Arkiv Løpenummer AGN 2016000314-35 FA - L12 17/7143 Områdereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn Utval for Plan og Utvikling - 101/17: Det er gjort følgjande

Detaljer

Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune Saksframlegg Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 013/2017 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 29.03.2017 012/2017 Kommunestyret i Radøy PS 30.03.2017 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf

Detaljer

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 09.06.2016 055/16 Etne kommunestyre 21.06.2016 055/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201406, GNR - 032/143, N -

Detaljer

Kommunedelplan for naturmangfald. Etnedal kommune. Planprogram

Kommunedelplan for naturmangfald. Etnedal kommune. Planprogram Etna- varig verna vassdrag Foto: Privat Kommunedelplan for naturmangfald Etnedal kommune Planprogram 10.10.2017 Etnedal kommune PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR NATURMANGFALD Godkjent av Kommunestyret 12.10.2017

Detaljer

Plankontoret Hallvard Homme AS. Per Kåre Kvålen [PLANPROGRAM] Planprogram for detaljreguleringsplanarbeid på Vadnuten

Plankontoret Hallvard Homme AS. Per Kåre Kvålen [PLANPROGRAM] Planprogram for detaljreguleringsplanarbeid på Vadnuten 20140011 Plankontoret Hallvard Homme AS Per Kåre Kvålen [PLANPROGRAM] Planprogram for detaljreguleringsplanarbeid på Vadnuten Innhald INNHALD 1 1 BAKGRUNN 2 1.1 LOKALISERING AV OMRÅDET 2 1.2 FØREARBEIDET

Detaljer

DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR.38 BNR.8 MFL., EGGESBØNES I HERØY KOMMUNE (TILRETTELEGGING FOR ETABLERING AV NYTT NÆRINGSAREAL OG KAIANLEGG)

DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR.38 BNR.8 MFL., EGGESBØNES I HERØY KOMMUNE (TILRETTELEGGING FOR ETABLERING AV NYTT NÆRINGSAREAL OG KAIANLEGG) DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR.38 BNR.8 MFL., EGGESBØNES I HERØY KOMMUNE (TILRETTELEGGING FOR ETABLERING AV NYTT NÆRINGSAREAL OG KAIANLEGG) FORSLAG TIL PLANPROGRAM 2017 Revidert 14.07.2017 HERØY KOMMUNE

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Planleggar Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/24 1872/2014 / 141 SER / AARRAN 31.03.2014 MELDING OM VEDTAK Kommuneplan til 2020 - Arealdelen. Vurdering

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS 16.03.2016 Saksbehandlar ArkivsakID Christian H. Reinshol 14/6423 Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde Vedlegg:

Detaljer

Rv. 5 Skredsikring Kjøsnesfjorden

Rv. 5 Skredsikring Kjøsnesfjorden Region vest Ressursavdelinga Planseksjonen september 2014 Rv. 5 Skredsikring Kjøsnesfjorden Oppsummering av innspel til planprogram Føreord Etter avtale med Jølster kommune varsla Statens vegvesen 27.

Detaljer

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste. SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: DET FASTE PLANUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.06.2011 Tid: 17.00 Desse møtte: Kjell Haukeberg, leiar Torunn Mølsæter Stefan Grindvik Elise Stette melde forfall,

Detaljer

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as PLANOMTALE Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID 1421-2010003 1 Bakgrunn og føremål Nordbohus Sogn AS har utarbeida framlegg om endring for del av reguleringsplan for Smiebakken,

Detaljer

SAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr. 81/08 Arkivsaksnr.: 06/1296 Arkivkode:PLAN 26

SAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr. 81/08 Arkivsaksnr.: 06/1296 Arkivkode:PLAN 26 Side 1 av 6 SAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr. 81/08 Arkivsaksnr.: 06/1296 Arkivkode:PLAN 26 Sakshandsamar: Ivar Bergstøl Saksnummer Utval Møtedato 37/07 Hovudutval Plan og Ressurs 22.03.2007 59/08

Detaljer

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram Hareid kommune 21.11.2017 Kommunedelplan for vatn og avløp 2018-2030 Forslag til planprogram INNHALDSLISTE 1 Kort om planprogrammet... 3 2 Formål med planarbeidet... 3 3 Rammer og føringar... 3 4 Planområde...

Detaljer

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen: TELENOR KABELNETT Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen: 30.03.17 VARSEL OM MINDRE ENDRING ELLER REGULERINGSENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR SOLNES GNR. 15 BNR. 4, 8, 18 OG 22, SOLUND KOMMUNE (PLANID 1412-201203,

Detaljer

Konsekvensvurdering. av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen

Konsekvensvurdering. av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen Konsekvensvurdering av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen Tilleggsvurderingar til 2. gongs høyring Balestrand den 19.11.2009 Innhald Konsekvensutgreiing for utbyggingsområde..

Detaljer

31/15 Formannskapet Reguleringsplan for hytteområde Bjønnskardet - høyring og offentleg ettersyn

31/15 Formannskapet Reguleringsplan for hytteområde Bjønnskardet - høyring og offentleg ettersyn Vågå kommune Arkivsak: 2007/1300-37 Arkiv: L12 Saksbehandlar: Ingunn Moen Helland Utv.saksnr Utval Møtedato 31/15 Formannskapet 19.05.2015 Reguleringsplan for hytteområde Bjønnskardet - høyring og offentleg

Detaljer

Kommunedelplan fjordkryssing Ytre Nordfjord Vågsøy kommune og Bremanger kommune

Kommunedelplan fjordkryssing Ytre Nordfjord Vågsøy kommune og Bremanger kommune Kommunedelplan fjordkryssing Ytre Nordfjord Vågsøy kommune og Bremanger kommune Presentasjon av status oktober 2015 Tilhøvet til Kystvegen Ålesund-Bergen Rovdefjordbrua Kystvegen Ålesund - Bergen E39 Grov

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2017/3067-8 Hilde Kjelstrup Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør Fjell kommune Arkiv: 504 Saksmappe: 01/03051-14 Sakshandsamar: Einar Lunde Dato: 15.11.01 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 313/01 Hovudutval for teknikk, natur og miljø 04.12.01 106/01 Kommunestyret

Detaljer

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201204244-14 Arkivnr. 714 Saksh. Nordmark, Per, Slinning, Tore, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 05.03.2013

Detaljer

FLORA KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - HØYRING - OMRÅDEREGULERINGSPLAN FLORELANDET NORD - MOTSEGN

FLORA KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - HØYRING - OMRÅDEREGULERINGSPLAN FLORELANDET NORD - MOTSEGN Flora Kommune Sakshandsamar: Hanne Marie Utvær Postboks 13 Telefon: 95401203 Seksjon: Region Vest forvaltningsseksjon 6901 FLORØ Vår referanse: 11/8220 Dykkar referanse: Vår dato: 14.06.2013 Dykkar dato:

Detaljer

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997 Hovden del2 reguleringsplan frå 1997 Kvifor Utgangspunktet var behovet for revisjon av Hovden del 2 (1997) Målsetting for planarbeidet. Føremålet med planen er å disponere areal og ressursar på Hovden

Detaljer

Informasjonsmøte i Fosnavåg 9. juni 2016 Fv. 20 Nerlandsøybrua. v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre

Informasjonsmøte i Fosnavåg 9. juni 2016 Fv. 20 Nerlandsøybrua. v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre Informasjonsmøte i Fosnavåg 9. juni 2016 Fv. 20 Nerlandsøybrua v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre 10.06.2016 Fakta om Nerlandsøybrua Byggeår:1967 Seglingshøgde spring høgvatn: 20 meter Brubreidde: 3,5

Detaljer

Detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming

Detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1076 Journalpostnr: 16/11116 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 073/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 045/2016 26.09.2016 Råd for seniorar

Detaljer

Vedtak om oppstart av reguleringsplanarbeid og høyring av planprogram for Johan Sverdrup oljerøyrleidning, Bergsvikhamn til Mongstad

Vedtak om oppstart av reguleringsplanarbeid og høyring av planprogram for Johan Sverdrup oljerøyrleidning, Bergsvikhamn til Mongstad Arealplan Postboks 53 5203 OS Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Christian H. Reinshol 04.09.2014 Vår: 14/5428-14/20047 Christian.Reinshol@lindas.kommune.no Vedtak om oppstart av reguleringsplanarbeid

Detaljer

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Forvaltning 07.02.2013 019/13 FRH Kommunestyre 26.02.2013 005/13 OIV Sakshandsamar: Frida Halland Arkiv: N-504, gbn- 014/001 Arkivsaknr: 2013000206

Detaljer

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane Førde kommune Arkiv: FA - L12 JournalpostID: 16/679 Sakshandsamar: Holme, Berit Dato: 13.01.2016 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet 21.01.2016 001/16 Bystyret 28.01.2016 Fastsetjing

Detaljer

Statens vegvesen. Referat. E134 Espelandssvingane gong- og sykkelveg - Oppsummering frå gjennomført ope møte i Bygdahuset Ølensvåg

Statens vegvesen. Referat. E134 Espelandssvingane gong- og sykkelveg - Oppsummering frå gjennomført ope møte i Bygdahuset Ølensvåg Statens vegvesen Referat Dato: 04.05.2017 Tid: 18.00-19.30 Referent: Linda Skare Pryde Sakshandsamar/telefon: Linda Skare Pryde/ tlf.:51911533 Vår dato: 09.05.2017 Vår referanse: 16/73509 E134 Espelandssvingane

Detaljer

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

FORSLAG TIL PLANPROGRAM DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR. 35, BNR. 31 MFL., I FOSNAVÅG, HERØY KOMMUNE (TILRETTELEGGING FOR ETABLERING AV MASSEDEPONI) Foto: Harald M. Valderhaug FORSLAG TIL PLANPROGRAM 2.2.2016 HERØY KOMMUNE INNHALDSLISTE

Detaljer

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179 Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS 08.09.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE - 142 15/179 Oppstartsløyve til planarbeidet og planprogram Kommunestyre - 098/15

Detaljer

Statens vegvesen. Uttale frå Vegdirektoratet - Motsegn til kommunedelplan for E39 Heiane- Ådland/Nordre Tveita, Stord kommune

Statens vegvesen. Uttale frå Vegdirektoratet - Motsegn til kommunedelplan for E39 Heiane- Ådland/Nordre Tveita, Stord kommune Statens vegvesen Samferdselsdepartementet Postboks 8010 Dep 0030 OSLO Behandlande eining: Sakshandsamar/telefon: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Vegdirektoratet Ola Omenås / 91778477 15/204205-84

Detaljer

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015 FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR Merknad

Detaljer

Tittel: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Askvoll, Førdeog Naustdal kommunar, Sunnfjordpakken

Tittel: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Askvoll, Førdeog Naustdal kommunar, Sunnfjordpakken Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 25.02.2015 Sak nr.: 14/5094-20 Internt l.nr. 7776/15 Sak: 14/15 Tittel: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Askvoll, Førdeog

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 05/1508-9606/08 Saksbeh.: Berit Marie Galaaen Arkivkode: PLAN 301/1 Saksnr.: Utval Møtedato 82/08 Formannskap/ plan og økonomi 05.06.2008 43/08 Kommunestyret 19.06.2008

Detaljer

Statens vegvesen. Varsel om oppstart av arbeid med reguleringsplan for fv. 715 ved Skarvåsen i Osen kommune

Statens vegvesen. Varsel om oppstart av arbeid med reguleringsplan for fv. 715 ved Skarvåsen i Osen kommune Statens vegvesen Osen kommune Rådhusveien 13 7740 STEINSDALEN Behandlende enhet: Saksbehandler/telefon: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato: Region midt Tone Hammer / 73582640 15/241331-28 26.09.2016

Detaljer

PLANSKILDRING. REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA GNR.70 BNR.48,49,50 og 51

PLANSKILDRING. REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA GNR.70 BNR.48,49,50 og 51 1 PLANSKILDRING REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA GNR.70 BNR.48,49,50 og 51 Illustrasjon/montasje av planlagd bustadfelt med tilkomst - Vombevika - Ulvik herad Arkivsaksnr: 08/360-2 572-008-01-Reg-planskildring

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN

Detaljer

HARDANGERBRUA MED TILFØRSELSVEGAR, RIKSVEG 7 OG 13 REGULERINGSFØRESEGNER FOR ULLENSVANG HERAD

HARDANGERBRUA MED TILFØRSELSVEGAR, RIKSVEG 7 OG 13 REGULERINGSFØRESEGNER FOR ULLENSVANG HERAD HARDANGERBRUA MED TILFØRSELSVEGAR, RIKSVEG 7 OG 13 REGULERINGSFØRESEGNER FOR ULLENSVANG HERAD 1. GENERELT Desse reguleringsføresegnene gjeld for det området som på plankartet er markert med plangrense.

Detaljer

Melding om vedtak. HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks HOVDEN I SETESDAL. 2017/369-3 Ingunn Hellerdal

Melding om vedtak. HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks HOVDEN I SETESDAL. 2017/369-3 Ingunn Hellerdal HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks 73 4756 HOVDEN I SETESDAL 2017/369-3 Ingunn Hellerdal ingunn.hellerdal@bykle.kommune.no 23.06.2017 Melding om vedtak Hovden Fjellstoge - 2. gongs handsaming og endeleg vedtak

Detaljer

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING Til berørte parter Bergen, 2017-09-13 Vår ref: 612519-01, 10042-904855482-134-1 VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING Med heimel i 12-8 i plan- og bygningslova blir det med dette varsla oppstart

Detaljer

Arealdelen til kommuneplan - erfaringar. Førde, november 2012

Arealdelen til kommuneplan - erfaringar. Førde, november 2012 Arealdelen til kommuneplan - erfaringar Førde, 14. - 16. november 2012 Den vanskelege oppstarten! Planutfordringar: "Prinsipielle" spørsmål - utviklingsretningar? Kan arbeidet avgrensast geografisk eller

Detaljer

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021. Sund kommune

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021. Sund kommune Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021 Sund kommune Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 4 1.2.1 Nasjonale føringar... 4 1.2.2 Regional plan... 5 2. Formål...

Detaljer

Varsel om oppstart av arbeid med reguleringsplan for fv. 715 Krummen - Hestmoen/Åsegg i Osen kommune

Varsel om oppstart av arbeid med reguleringsplan for fv. 715 Krummen - Hestmoen/Åsegg i Osen kommune Osen kommune Rådhusveien 13 7740 STEINSDALEN Behandlende enhet: Saksbehandler/telefon: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato: Region midt Tone Hammer / 73582640 15/241331-102 19.05.2017 Varsel om oppstart

Detaljer

3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ

3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ 15 3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ Alternativ 0 (Bømlopakken) Ekornsæter Vegutbetringar spesifisert i Bømlopakken: Utbetring av dagens vegar på strekningar med dårleg standard på : - 3,0 km - Ekornsæter

Detaljer

Presentasjon av forslag til kommunedelplan og konsekvensutredning

Presentasjon av forslag til kommunedelplan og konsekvensutredning Åpent informasjonsmøte i Vindafjord 13. april 2015 E134 Bakka Solheim Presentasjon av forslag til kommunedelplan og konsekvensutredning Statens vegvesen Ivar Thorkildsen Henry Damman Bjørn Åmdal Hensikt

Detaljer

Reguleringsføresegner pbl 12-7

Reguleringsføresegner pbl 12-7 Side 1 av 5 Fusa kommune Detaljreguleringsplan for: Del av fv 550 Fusa-Eikelandsosen. Parsell Lammaneset - Eikeland Reguleringsføresegner pbl 12-7 Sakshandsaming i samsvar med plan- og bygningslov av 14.

Detaljer

Anbefaling E39 Volda-Furene. Siv K. Sundgot 10. oktober 2011

Anbefaling E39 Volda-Furene. Siv K. Sundgot 10. oktober 2011 Anbefaling E39 Volda-Furene Siv K. Sundgot 10. oktober 2011 Utgreidde alternativ 0: Dagens veg utan endringar eller tiltak. 0+: Utbedringsalternativet. Dagens veg vert utbetra på delar av strekninga der

Detaljer

Me som skal flytta fjedl

Me som skal flytta fjedl Me som skal flytta fjedl E134: NTP, status og veien fram til målet Åge Hillestad - prosjektleiar Historie Frå uminnelig tid har det vore ferdsel over Røldalsfjellet Frå 1200-talet har det vore kløvveger

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE 2013-2016 PLANPROGRAM Planprogram, sist revidert 24.5.2012 1. Planprogram I samsvar med plan- og bygningslova 5-1 skal dette planprogrammet vere eit verkty

Detaljer

Reguleringsføresegner pbl 12-7

Reguleringsføresegner pbl 12-7 Side 1 av 5 Fusa kommune Detaljreguleringsplan for: Del av fv 550 Fusa-Eikelandsosen. Parsell Gjerdevik. Reguleringsføresegner pbl 12-7 Sakshandsaming i samsvar med plan- og bygningslov av 14. juni 1985

Detaljer

Detaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram

Detaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram Detaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram Fagkyndig er Sivilingeniør Edvin Helle AS på vegne av: Sissel Gjesdal Sægrov. Sivilingeniør

Detaljer

Planprogram for Detaljreguleringsplan Kjøsnes. PlanID Framlegg til planprogram

Planprogram for Detaljreguleringsplan Kjøsnes. PlanID Framlegg til planprogram Planprogram for Detaljreguleringsplan Kjøsnes PlanID 1431-2017001 Framlegg til planprogram FORORD Det skal utarbeidast reguleringsplan med konsekvensutgreiing (KU) for Kjøsnesbrua og område rundt. Planprogrammet

Detaljer

Rv. 80 gang- og sykkelveg Stranda Røvik Reguleringsplan for balansefylling ved Klungset Fauske kommune Januar 2012

Rv. 80 gang- og sykkelveg Stranda Røvik Reguleringsplan for balansefylling ved Klungset Fauske kommune Januar 2012 Forslag til planprogram Rv. 80 gang- og sykkelveg Stranda Røvik Reguleringsplan for balansefylling ved Klungset Fauske kommune Januar 2012 2 Innhold 1. INNLEDNING... 4 2. PLANPROGRAM... 5 2.1 Hva er et

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 006/15 Plan og utvikling

Saksnr. Utval Møtedato 006/15 Plan og utvikling AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 006/15 Plan og utvikling 26.01.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/629-15/217 K2 - L12, K3 - &86 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63 29 73 14.01.2014

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 32/2014 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2014 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 32/2014 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2014 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 32/2014 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 02.06.2014 40/2014 Kommunestyret PS 16.06.2014 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Kåre Ulveseth FA - L12, HistSak

Detaljer

Reguleringsplan for gang- og sykkelveg. Mastrevik Kilstraumen med friområde på Ulvøy. Folkemøte

Reguleringsplan for gang- og sykkelveg. Mastrevik Kilstraumen med friområde på Ulvøy. Folkemøte Reguleringsplan for gang- og sykkelveg Mastrevik Kilstraumen med friområde på Ulvøy Folkemøte 17.11.2015 Bakgrunn Planarbeidet har som føremål å legge til rette for gang- og sykkelveg på strekninga frå

Detaljer

Varsel om oppstart av planarbeid - Fv. 14 Berfjorden - Skredsikring i Roan kommune

Varsel om oppstart av planarbeid - Fv. 14 Berfjorden - Skredsikring i Roan kommune Osen kommune 7740 STEINSDALEN Behandlende enhet: Saksbehandler/telefon: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato: Region midt Tone Hammer / 73582640 17/124677-19 08.12.2017 Varsel om oppstart av planarbeid

Detaljer

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER 1. GENERELT 1.1 Desse reguleringsføresegnene gjeld for det området som på plankartet er markert med plangrense (Sjå

Detaljer

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet 28.10.2009 Mål og avgrensing Innhald Aktuelle problemstillingar Innspel og spørsmål (joar.helgheim@sfj.no el. Idar.sagen@sfj.no)

Detaljer

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden Kraftverk eksisterande, planar og potensial Biologisk mangfald Sårbart høgfjell Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk

Detaljer

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200407511-17 Arkivnr. 714 Saksh. Rødseth, Marit, Ekerhovd, Per Morten, Gåsemyr, Inger Lena Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 01.06.2010

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad. Sakspapir Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Nærings-, plan- og bygningsutvalet 07.03.2017 013/17 Kvam Ungdomsråd 06.03.2017 006/17 Avgjerd av: Arkiv: N - 504 Arkivsaknr Saksh.: Kaale, Leiv Ingmar

Detaljer