SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid"

Transkript

1 Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring /13 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka blir avgjort av: Arkiv: N-504 Arkivsaknr. 13/78 Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid Dokument i saka: Dok.nr. T Dok.dato Namn Tittel 1 U Ard arealplan Stekka hyttefelt - FB29 2 I Ard arealplan Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid - Stekka hyttefelt gnr 32 bnr 176 m.fl - 3 I Statens vegvesen Region vest Uttale til varsel om oppstart. Gbnr 32/176 m fl 4 I Hordaland Fråsegn til oppstart detaljregulering. fylkeskommune 5 I Ard arealplan Innlevering av forslag til detaljreguleringsplan - Stekka hyttefelt Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova Kommuneplan for Jondal kommune, vedteken i Jondal kommunestyre Saksopplysningar: Ard arealplan as har på vegne av tiltakshavar Solvang/Norheim Invest as utarbeidd framlegg til reguleringsplan for gnr 32 bnr 176 mfl, Stekka Hyttefelt. Området ligg om lag 2 km sør for Jondal sentrum, på austsida av fylkesveg F107 Jondal Odda. Planframlegget består av: Reguleringsplankart

2 Planføresegner Planomtale med ROS-analyse Grensene for planområdet samsvarar med område FB29 i kommuneplanen for Jondal. Utsnitt kommunedelplan for Jondal, planområde er merka med raudt. Planoppstart vart varsla ved kunngjering i Hordaland Folkeblad og brev til berørte partar 13. februar Frist for merknader og innspel var 31. mars Det kom inn 4 merknader i samband med varsling av oppstart. Merknadene med tiltakshavar sine kommentarar er: 1. Hordaland fylkeskommune, regionalavdelinga, planseksjonen i brev av : Ber om at det blir særleg blir lagt vekt på plantema landskap, friluftsliv og arkitektur/estetikk. Gjer også merksam på pkt. 2 i dei regionale retningslinene i fylkesdelplan for kulturminne der dokumentasjon av kulturminne og kulturmiljø skal gjerast på eit tidleg stadium i all arealplanlegging. Kulturminneinteressene må i det vidare planarbeidet omtalast særskilt som eige tema, eller som eige vedlegg. Ut frå deira arkiv er det ikkje kjende automatisk freda kulturminne eller SEFRAKregistrerte bygningar innanfor planområdet. Potensial for funn av hittil ikkje kjende

3 automatisk freda kulturminne er lågt og dei vil ikkje krevje arkeologisk registrering for å oppfylle undersøkingsplikta, jf. 9 i kulturminnelova. Merknaden er tatt til etterretning. 2. Fylkesmannen i Hordaland i e-post av : Fylkesmannen legg til grunn at planarbeidet er i samsvar med overordna plan og at det ikkje er i strid med nasjonale føringar for arealpolitikken. Minner om at dei konsekvensane reguleringsplanen har for endra arealbruk skal vurderast i høve til naturmangfaldet. Vil elles gjere merksam på ar ROS-analysen må nytte akseptkriteria som er i tråd med byggteknisk forskrift (TEK10). Merknaden er tatt til etterretning. 3. Statens vegvesen i brev av : Området avsett til framtidig fritidsbustader (FB29) i framlegg til revidert kommuneplan ligg nær opp til Sætveithagen bustadfelt med gangavstand til Jondal sentrum. Statens vegvesen finn at ein her må stille dei same krava når det gjeld gang- og sykkelveg som til bustadfeltet. I samband med parkeringsplassar til fritidseigedomane, burde det også leggjast til rette for parkering/tilkomst til dei eksisterande hyttene i sør. Planområdet ligg eit stykke sør for innkøyrselen til Sætveithagen. I området vidare sør for Sætveithagen ligg det i hovudsak fritidsbustader, noko som tilseier at det ikkje vil vere behov for gang- og sykkelveg lengre enn til Sætveithagen. Det finnast i dag heller ikkje gang- og sykkelveg langs FV107 som ein i tilfelle kunne kopla seg på. Det er difor valt å sjå bort ifrå kravet om gang- og sykkelveg i planområdet. Det er i planforslaget lagt til rette for at dei tilgrensande hyttene i sør kan nytte tilkomstvegen i planområdet, samt fellesparkeringane der. 4. Einar Nondal og Knut Seim i e-post av : Er to av dei næraste naboane til hyttefeltet. Har sidan deira hytter vart bygd hatt tilkomst frå FV 107 der dei også har hatt parkeringsplassar. Frå vegen og opp til hyttene har dei opparbeidd sti og taubane. Ser at det er tenkt å ta eit areal sør for gnr. 32/176. Slik dette er tenkt vil det påverke deira tilkomst til hyttene. Sannsynlegvis må dette då byggjast nytt eller erstattast med noko nytt. Dersom dei får moglegheit til ny tilkomst til deira

4 hytter gjennom den planlagde vegen i hyttefeltet, vil det vere mindre behov for dagens tilkomst. Uttalar også at dei kan være interessert i å kople seg på vatn og kloakk. Om planforslaget skulle kome i konflikt med tilkomsten til deira hytter vil det verte lagt til rette for at dei kan nytte tilkomstvegen, samt fellesparkeringane i planforslaget. Planområdet er i dag ubygd og ligg i ei bratt skogkledd skråning. Det vert lagt opp til å utnytte området til fritidsbustader. Det vert lagt opp til 8 tomter på området med ein tilhøyrande tilkomstveg. Ved FV107 og i enden av tilkomstvegen til fritidsbustadene vert det felles parkering. 2 av parkeringsplassane på parkeringa ved enden av tilkomstvegen kan også nyttast av dei eksisterande fritidsbustadene sør for planområdet. Det vert elles lagt opp til ein parkering på kvar tomt. Plankart. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt.

5 Planomtale med ROS-analyse ROS-analysen viser potensiell risiko for liv og helse pga høgspent, trafikkstøy frå Fv107 og trafikkulykke på Fv107. Risikoen er vurdert å vera akseptabel. Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne i området. Når det gjeld naturmangfald er det ikkje registret sårbare artar i naturbase eller i samband med kommuneplanarbeidet. Planområdet er heller ikkje utsett for ras, skred eller flaum For detaljar vert det vist til vedlagte planomtale med ROS-analyse Vurdering: Arealdisponeringa og planføresegnene er i samsvar med gjeldande kommunedelplan vedtatt Planomtalen med ROS-analyse inneheld informasjon og opplysningar i samsvar med plan- og bygningslova og TEK10. Statens vegvesen viser til at det er stilt rekkjefylgjekrav til gang- og sykkelveg på strekninga Jondal Sætveithagen før vidare utbygging av bustadområdet i Sætveithagen. Dei ber om at dette også vert innarbeidd i reguleringsføresegnene for Stekka Hyttefelt. Rekkjefylgjekravet gjeld bustadområde B20. Utbygging av fritidsbustader var ikkje meint å verte råka av dette kravet, sjølv om FV107 til Jondal er trekt fram som eit risikomoment i ROS-analysen for området i kommuneplanen. Hordaland fylkeskommune har trekt framlegg til reguleringsplan for gang- og sykkelveg på strekninga Jondal Sætveithagen grunna manglande finansiering. Det er uvisst kva tid dette prosjektet vert prioritert og finansiert, men det vil verte gjennomført fartsreduserande tiltak på strekninga i Jondal kommune vil ikkje stille krav om at det må etablerast ny gang- og sykkelveg frå Jondal sentrum til Sætveithagen før etablering av Stekka hyttefelt. TILRÅDING FRÅ RÅDMANN: 1. Hovudutvalet for Teknisk og næring vedtek med heimel i PBL at privat forslag til detaljregulering for del av gnr 32 bnr 176 mfl, Stekka Hyttefelt i Jondal, PlanID , dagsett vert lagt ut til offentleg ettersyn. 2. Utlegging av planframlegget skal kunngjerast i Hordaland folkeblad og kommunen si heimeside. Berørte partar og instansar skal varslast.

6 Hovudutval for Teknisk og Næring Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. HTN-066/13 VEDTAK: 1. Hovudutvalet for Teknisk og næring vedtek med heimel i PBL at privat forslag til detaljregulering for del av gnr 32 bnr 176 mfl, Stekka Hyttefelt i Jondal, PlanID , dagsett vert lagt ut til offentleg ettersyn. 2. Utlegging av planframlegget skal kunngjerast i Hordaland folkeblad og kommunen si heimeside. Berørte partar og instansar skal varslast. Siv Helle Prestegard - rådmann