Å VANDRE MED HÅP 2011

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Å VANDRE MED HÅP 2011"

Transkript

1 Å VANDRE MED HÅP 2011 Måtte vegen stige opp For å møte deg Måtte vinden alltid vera deg i ryggen Måtte sola skine varmt På ditt andlet La regnet falle mjukt på Dine åkrar og til me møtast att Må Gud halde deg i si hand. (Keltisk velsigning) PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGE KYRKJE TIL RØLDAL. Bakgrunnen for vandringane til Røldal, er historia om det sveittande krusifikset. Fekk ein denne sveitten på seg kunne ein bli frisk, seier soga. Heilt frisk vart eg ikkje, sa ein etter pilegrimsvandringa, men jammen er det lenge sidan eg har kjent meg så bra.! Måndag 28. august 2011: Grunge kyrkje- Velemoen Camping, Edland Stille, stille er det noe som sier til meg i det jeg reiser opp for å delta på årets pilegrimstur. Mange tanker slår meg men mest av alt gleder jeg meg til selve turen, jeg er klar på alle måter. Så er jeg deg ved grunge kirke å jeg går smilende inn for å se hvem som var med i år, det som møter meg er ganske forvirrende nemlig nesten helt nye mennesker. oi, det var da ikke dette jeg forventet meg, nei jeg forventet meg gjensyn med de som jeg forlot i fjor ja ja men det er da en vandring allikevel. ja jeg må si jeg gruet meg nok litt der jeg sto nesten som en hestehov blandt liljer. I kirken var det dog den samme stillheten men ikke den samme å ordene ja de var anderledes de og mulig var jeg også anderledes enn i fjor. (Vandringsnotat frå ein deltakar.) For fjerde gong har dei psykisk-helse avdelingane i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid, Fyresdal og Seljord, VI-TO Kompetanse på Dalen og DPS (Distriktspsykiatrisk Senter) i Seljord og Prostidiakonen i Vest- Telemark samarbeidd om ei pilegrimsvandring til Røldal. Ved starten var me 19 pilegrimar. Vel framme i Røldal var me blitt over femti. Åtte gjekk heile vegen. Somme halve. Nokre berre tre rundar kring kyrkja i Røldal. Ved starten var det tre vandrar frå Seljord med Magnus Rinde i spiss. Frå Tokke kom Mona S. Skafså og Anne Hommo med fire. Sissel S. Fundli leia Vinje-gruppa på tre. Dessutan kom ein pilegrim frå Tinn. I Grunge kyrkje var det kaffi og bollar, og lystenning for ei god vandring. Vidare deltok samhandlingskoordinator for Vest-Telemark Sissel J. Bitustøyl denne fyrste kvelden, og leiar for Pilegrimsvegen til Røldal Ragnvald Christenson møtte opp for å ønskje oss god tur. Takka vera pengar frå Folkehelseprogrammet, stor dugnadsinnsats, støtte frå fylket, ein viss eigendel, billig overnatting og bruk av privatbilar, let vandringa seg gjennomføre utan alt for store kostnader for samarbeidspartane. Nytt av året var sponsing av buffer frå Seljord Sparebank. ( Sidan dei kom heilt frå Kina, vart dei fyrste delt ut etter vandringa.)grei og god innlosjering på Velemoen Camping. Her overraska Diakoniutvalet i Grungedal oss med pizza (Lisbeth Christenson og Kirsten

2 Romtveit). Statistikk: 19 pilegrimar og fem km. Frå Grunge kyrkje kl Framme på Velemoen Camping kl Tysdag Velemoen Camping Fjellstad, vandringen var begynt å beina fikk det de hadde lyst på mens hodet ja det var nok som det var. sammen, sammen men uten for det var kanskje slik det skulle være dette året, men hva var det jeg skulle få med meg av lærdom i år og hva var det som lå foran meg det visste jeg jo ikke. det eneste jeg visste var veien, den veien jeg skulle gå jo var en godt å vite det men også ganske skremmende da jeg nå visste hva jeg skulle igjennom. fjellet sto der å ventet på meg med sine fineste farger og sin storslåtte storhet og fred. ( Vandringsnotat frå ein deltakar) Etter litt logistikk med plassering av bilar her og der, gjekk dei 25 minutta bort til Edland Skule( Starta kl.8.30 frå Velemoen) der 5/6 klasse med lærarane Oddbjørn Hyttedalen og Kjersti F. Kili tok imot oss til frukost. Dagens kjentmann var Tjøstolv Kvålen( Bildet). Skuleungane vart med nesten til toppen av bygda.(starta frå skulen kl.9.55) Medan pilegrimane tok seg vidare opp grusvegen mot Haukelihei. Dugurd heldt me ved Dammen. Psykiatrisk sjukepleiar frå Vinje Astri B. Ramberg møtte oss med bil ved Raftarmoen, og ein deltakar berga beina sine med å få bli køyrt til Fjellstad. Medan andre fann det enklast å følgje E-134 frå Raftarmoen til Botn. Her fekk me ein fantastisk middag gjort i stand av Arne Bye og Ursula Lang frå VI-TO. ( For ikkje å gløyme ungguten frå VI-TO som kutta opp åtte kilo grønsaker.) På kvelden kom Rand Momrak og Gudny Lauvrak med fire nye pilegrimar frå Fyresdal, og ein ekstra frå Seljord. Statistikk: 18 pilegrimar og 18 kilometer. Start kl Framme på Fjellstad kl Onsdag Prestegårdshytta- Ulevå så gikk jeg opp og opp og atter mere opp, kroppen var i form å jeg følte en lykke over at det hadde funket, at kroppen min ikke hadde tatt kvelden men blitt bedre rent kroppslig. vi trasket så opp til ulevå skaret, endelig hjemme. fjell luften slo meg i nesen å en sang begynte å ta form "when i am walking in your land, i am free" frihet fra meg selv, frihet fra alt som tynger mitt hjertet, frihet til å være meg. jeg kikket opp å sendte opp noen tanker i håp om at vinden brakte de videre dit de skulle. jeg hadde også tatt med meg en stein fra som jeg bar hele den tunge veien til målet. steinen var tung og vond på en måte men ikke så tung at den plaget meg fysisk tvert i mot var den relativ liten men betydningen var dog stor. den skulle frem det hadde jeg bestemt meg for. jeg koste meg der oppe i fjellheimen men lyden av vann og bekker ble filtrert igjennom mine ører. ( Vandringsnotat frå ein deltakar.) Starta ved Prestegardshytta ved Men før det var det utplassering av biler. Nye folk slutta seg til. Frå Nissedal kom Karin Kåsa og ein til. Frå Tokke kom Elin R. Erikstein og Birgit Stordrange med to dagsvandrar. Åsmund Myrstad, leiar på VI- To kom også med ein ny kar. Frå DPS og Dagposten kom Svein Ivar Forberg, Bjørn Terje Bjugn og

3 Mona Skarpeteig og to pilegrimar. Langt innpå fjellet small det i ein legg muskel. Fysioterapeut Svein Ivar diagnostisera lett brest, men vedkomande gav seg ikkje, og gjekk seg friskare mot Røldal. To andre som skulle ha gått heile vegen måtte heim att. Kjentmann for dagen var Tjøstolv Kvålen. Trygt å gå med ein slik fjellmann. Ein rullestolbrukar frå Seljord slutta seg til gruppa denne dagen. Med visse tilempingar kom ho seg heilt til Røldal godt støtta av Magnus Rinde og Asbjørn Klingan. Til middag var med 36 stykk. Middagen var laga av Svein Bakkan og Arne Bye frå VI-TO. Frå Brusfabrikken i Fyresdal fekk me sponsa vatn. Statistikk: 14 kilometer og 37 pilegrimar. Start kl Framme ved Ulevå kl Torsdag Ulevå - Midtlæger Ein fantastisk dag langs Ulevåvatnet. Stille vatn. Gro Ingunn Solli kom med to nye frå Tokke. Elles to nye frå Vinje og Anna L. Ansteinsen og tre til kom frå Kviteseid. Fleire gode rastar før me kom til Dyrskar ved halv tre tida. Dei fleste gjekk til Midtlæger. Torsdag kveld kom Anne Kari S. Østerberg (avdelingsleiar i psykisk helse i Seljord) opp. Hennar reaksjon er det god grunn til å sitere: Her kjente eg meg inkludera med ein gong. Romegraut frå Vinje Kjøkken til middag. Ein pilegrim fekk brest i eit ribbein, men etter eit legevaktsbesøk heldt ho heilt fram til Røldal. Statstikk:33 pilegrimar og 15 km. Start Ulevå kl.10. Framme Midtlæger kl Fredag Svandalsflona- Røldal vel fremme ved røldal la jeg min stein ved kirken men merket ikke noe forskjell kanskje pågrunn av noe jeg tenkte var det kanskje ikke i år det skulle fungere men at det skulle lære meg når jeg faktisk måtte si stopp selv hvor vondt det gjorde. kanskje det var nettopp dette jeg skulle lære denne gangen at jeg er fatisk godtatt selv om jeg ikke gjør kanksje det finnes mennesker som synes om meg selv om jeg går rett på trynet å ikke funker.ja det må være den lærdommen som jeg fikk som pilegrim dette året selv en knekt løvetann har sin verdi.så jeg angrer ikke selv det som skjedde for jeg vet jeg hadde klart det men ikke i år. tusen takk til dere som gjorde turen til nok et vakkert minne jeg kommer til å gjemme i mitt hjerte- veien. ( Vandringsnotat frå ein deltakar) Utvasking og rydding på Fjellstad før me starta frå Svandalsflona kl Her vart gruppa mingla med 18 diakonar frå Agder/Telemark med biskop Olav Skjevesland i spissen. Diakonane hadde fagsamling på Haukeliseter, og fekk med seg ei pilegrimsvandring på tampen. Elles nye folk frå Seljord, Tokke og

4 Vinje. Biskopen fekk gul vest og oppgåva med å vera bakarste mann. Det var tydeleg at han var ein røynd hyrding! Ved Bruhølen Camping hadde me ein god rast. Frå Krossmannali gjekk me i Stille vandring ned til houvdvegen. I kyrkja vart me godt tekne imot av pilegrimsprest Arne Natås. Her var det òg stempling av pilegrimspass. Etter ei enkel avslutning i kyrkja der biskopen lyste velsigninga, gjekk me til Skysstasjonen. Femtisju pilegrimar fekk her ein god kjøtkakemiddag. Biskopen fekk takk for god medvandring. Det same galdt Lars gjorde ein utruleg flott jobb som bakmann over fjellet. Ein viktig sikringsjobb. Avreise frå Røldal kl Statistikk: 60 pilegrimar. 13 kilometer. Avgang Svandalsflona kl Framme i Røldal kl Konklusjonar: 1. Å vandre med håp er eit stort eksponeringsterapiprosjekt. Under vandringa skjer det stadig nye og uventa ting. Nye menneske dukkar opp kvar dag. Andre grupper kjem til. (Sytten-atten diakonar og ein biskop).bak-uppløysingar og gode folk med stor kompetanse i akuttsituasjonar skaper trygge rammer. Sosial trening ein viktig bit. 2. Å vandre med håp er eit stort dialogprosjekt. Bakgrunnen for å gå er ulik. Mange går med psykiske plager, andre med ei sorg, somme for livsavklaring. Her er ulik tru. Kristne, muslimar og ikkje-truande. Ein kjem som einskildpersonar men opplever å få høyre til ei gruppe. På vandring, i dugnad eller i samtaler opplever mange augneblikk av likeverd 3. Viktig førebuingsarbeid. Planlegging av turen. Innkjøp av utstyr. Må sjå på Økonomi. Somme må spare til fjellsko. Må ut og trene. Vandringa nyttast som motivasjonsfaktor i terapien. 4. Verknad i ettertid. Kan dele opplevingar frå turen. ( Ei kjøpte album etter vandringa. Ho hadde bilete å sette inn. Ho som ikkje hadde limt inn bilete på mange år.) gjev status å ha vore ei veke på fjellet. 5. Kan lære noko om å takle nederlag. Når ting ikkje vert som ein tenkte, korleis møte det? 6. Samhandlingsreforma. Nyttig og viktig samarbeid mellom1. og 2. line psykiatritenest, mellom arbeidsmarknadsbedrift, kyrkja og friviljuge. Fem dagar saman på vandring og i dugnad, gjev betra relasjonar mellom kommunar og tenester. Ein vert godt kjent med samarbeidspartane. Ein viktig sekundærgevinst.

5 7. For mange klientar er eksistensielle spørsmål ein del av sjukdomsbiletet. Mange strever med tru, skuld, straff, forsoning og tilgjeving. På pilegrimsvandringane vert det gjeve tid og rom for desse tinga. Gjennom samtaler og elles i dei rammer og symbolikk som er knytt til pilegrimsvandringane. Somme gonger har ein òg stille vandring. Det eksistensielle rommet med plass til grunnleggande spørsmål, er ei tilbod og ikkje noko krav. VEDLEGG: DIAKONALE VANDRINGSTANKAR Dag 1. Det største spørsmålet handler om hvordan vi kan bli større mennesker. Og hvordan vi kan unngå å krympe. Det er trist og skummelt å se hvor lett mennesker krymper. De velger livsvei, kjæreste eller yrke som gjør dem mindre, og de blir ikke den de kunne ha blitt. Derfor: Bli større! ( Tomas Espedal) Utan for kyrkja trippar pilegrimane for å kome av garde vestover. Temperaturen er grei. Men frosten er i meg. Han kom tidleg i år. Men det er varme i fellesskap og folk. Viktigare enn nokon gong synest det å vera å gå saman. Ei lita beite er eg attende i Panebaq, Gutatemala. Eit stor jordskred hadde teke skulen, og fleire hundre born var gravlagt i leira. Me var på studietur med Kirkens Nødhjelp, og var invitert på ei eittårsmarking for katastrofen. Hit går me med håp, sa ein kar. Sorg har me alt for mykje av. Sorg kan nok delast, men innerst inne er kvar og ein av aleine med henne. På kyrkjegarden her ligg Olav Midtveit. Ein ung kar ( 27 år) som døydde under Tokke-utbygginga. Vinje-presten den gongen måtte gå med dødsbod. For å arbeide seg gjennom hendinga malte han eit bilete. Venen Tarjei Vesaas fekk sjå måleriet, og sette seg ned og skreiv diktet Berget gret som sluttar slik. Alltid græt berget Tusenårs gråt ber dei merke av Når ein kjenner dei Berga og gråten Har ein med seg sjølv Dag 2 Så hiv eg etter pusten i bakkane opp frå Edland. I dei grøne liene med gule flekkar får eg ein assosiasjon til boka Kimen. Tarjei Vesaas skreiv boka i Bakgrunnen er krigen, men den ytre historia handlar om mord og ufred på ei lita øya. Men ei held vona levande. Når heile øya er samla ropar ho ut: Men øya er då enno grøn, og så fortel ho at ho er med born. Midt i det vonde, lyser håpet. Det er den draumen me ber på

6 at noko vedunderleg skal skje, at det må skje -- at tidi skal åpna seg at hjarta skal åpna seg at dører skal åpna seg at berget skal åpna seg at kjelder skal springa -- at draumen skal åpna seg, at me ei morgon stund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst om. (Olav H. Hauge) Dag 3 I det øyeblikket livet blir mindre, lukker en seg, og man ser ikke verden som den er. Verden er stor. Og kompleks. Skal man åpne seg opp for det, må man velge det som krever noe. Da blir livet rikere. ( Tomas Espedal) Ved Havradalsvegen går det rett vest, og eg tek til å glede meg over å møte min gode kamerat Store Nup. Aldri har eg vore opp på den 1661 meter høge venen. Men eg likar han. Kva store Nup tenker om meg veit eg ikkje. Det gode med fjellet, seier forfattar Georg Johannessen, er at de ikke bryr seg om mennesker. Likevel er kanskje difor, er dei heilt sentrale i mange liv. Filosofen Arne Næss sa ein gong, at han var glad han vaks opp utan ein nærverande far. Slik fekk han Hallingskarven som far i staden. Og nokre strofer frå Bibelen når meg. Eg lyfter augo mine til fjell. Kvar skal mi hjelp kome frå? Mi hjelp kjem frå Herren. Så ber eg for alle dei mange som ikkje opplever noko hjelpa. Dei som kjenner at Gud er fjernare enn alt. Som synest at Gud vart borte i Auswich eller andre terrorplassar. I fortvilinga og trass nynnar eg på ei gamal salme. Nærmere deg, min Gud Nærmere deg, Om det et kors enn er som løfter meg Synes dog meg veien trang Er det dog all min sang Nærmer deg min Gud Nærmere deg Dag 4: Så er det som om Gud kjem nær meg på ein spesiell måte her i fjellheimen. Som om det berre er ei tynne hinne mellom oss og Gud. Det er strålande å gå lang Ulveåvatnet. Fint å følgje dei svakt stigane vegane opp mot Dyrskar. Som godt kan tenkast å ikkje handle om dyr, men heller om dør. Det likar eg. Dyrskar som den stor døra mot Vestlandet. Folk på pilegrimsvegen vert gode vener for nokre dagar. Kameratar på vegen. Eg veit mest ikkje noko betre bilde på slike venskap, enn glade og lyslugga Emil og drengen Alfred. Du og eg, Alfred. Ja, du og eg. Emil. Meir trengs ikkje

7 seiast. Emil er forresten kan eit av dei sterkast utrykk for solidaritet og diakoni. Emil oppdaga at styrarinna på gamleheimen held unna julemat til seg sjølv, så han tek dei gamle heim til seg og trakterar. I glede over endeleg å kunne ete seg mett, bryt fattigmannen i lovsong: Berre sæle og lys heile vegen, seie Gale Jocke. Emil kom ikkje med smular, men raus og god, dreiv han og bygd ei meir rettferdig verd. Det handlar om å ta Gud ned på jorda. Så vert den gode Emil ein gudstenar, for ikkje å seie diakon. Slik me alle skulle vera. Velg det som utfordrer og gir vanskeligheter! Alltid! I valget mellom lette og vanskelige løsninger, må jeg velge de vanskeligste. Alltid! Derfor havner jeg andre steder enn der jeg trodde jeg skulle ende opp. Alt blir større. Jeg blir større.( Tomas Espedal) Dag 5 Eg har lite røynsle med bordellar. Men i dei grøne liene ned mot Røldal stikk tankane på bordellbesøk. Ein rein studietur vil mange seie. Sant var det òg. Staden var den fantastiske byen Salvador på Austkysten av Brasil. Me var med ein lokal organisasjon for å dele ut kondomar. Roma var små og skitne. Ei dør vart opna av eit vindpust. Innafor var det full aktivitet, eg ville no helst ikkje sjå og lyfta blikket. Høgt på veggen hang eit Kristus-krusifiks. Så var han også der tenkte? Gav han støtte til dei krenkte der inn? Såg dei opp på Han og kjende seg elska trass alt? I takksemd for god vandring bøyger eg hovudet under krusifikset i Røldal-kyrkja. Teiknar meg med krossmerket Hit har mange vandra med god von. Somme fekk livet endre. Andre måtte tusle like kleine attende. Så er det vel slik at ein somtid må reise bort før ein kan kome heim. Og Tomas Espedal si utfordring om å bli større som menneske, tek eg meg vidare. Gjennom å velje det som krev noko ekstra av oss. Slik utvidar me liva for oss sjølve og andre. Eilev Erikstein Prostidiakon i Vest-Telemark og prosjektleiar for Å vandre med håp 2011 Mobil e-post: eilever@online.no

8

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Sakliste til rådsmøte 20. september 2011

Sakliste til rådsmøte 20. september 2011 Vest-Telemarkrådet Møte 20. september 2011 Sakliste til rådsmøte 20. september 2011 Sak 51/2011 Referat frå rådsmøte 9. august 2011 Sak 52/2011 Strategisk Næringsplan - finansiering Sak 53/2011 Pilegrimsvegen

Detaljer

ÅRSRAPPORT FOR 2011 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011

ÅRSRAPPORT FOR 2011 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011 ÅRSRAPPORT FOR 2011 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011 Mangt kan ein kan rapportera frå i eitt årsoppgjer for diakoniarbeidet

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Eit friminutt frå sorga

Eit friminutt frå sorga Lokalavisa for Seljord - Kviteseid - Nissedal - Fyresdal - Tokke - Vinje Telemarks største lokalavis Nr. 61 42. årgang Laurdag 7. juni 2014 www.vtb.no Kr 20,- Totaks strender: Det har blitt mange og lange

Detaljer

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar Godøya 23.02.2014 Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror Brotne relasjonar Vi kan gjere det verre Ignorere Angripe person i staden for sak Manipulere Involvere feil menneske Snakke

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Å VANDRE MED HÅP 23-27.08.10

Å VANDRE MED HÅP 23-27.08.10 Å VANDRE MED HÅP 23-27.08.10 Måtte vegen stige opp For å møte deg Måtte vinden alltid vera deg i ryggen Måtte sola skine varmt På ditt andlet La regnet falle mjukt på Dine åkraog til me møtast att Må Gud

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGEDAL TIL RØLDAL 25.08-29.08.08. Måndag 25. august 2008

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGEDAL TIL RØLDAL 25.08-29.08.08. Måndag 25. august 2008 PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGEDAL TIL RØLDAL 25.08-29.08.08 Måtte vegen stiga opp For å møta deg Måtte vinden alltid vera deg i ryggen Måtte sola skina varmt På ditt andlet La regnet falle mjukt på Dine

Detaljer

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGE KYRKJE TIL RØLDAL 24-28.08.09

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGE KYRKJE TIL RØLDAL 24-28.08.09 PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGE KYRKJE TIL RØLDAL 24-28.08.09 Måtte vegen stige opp For å møte deg Måtte vinden alltid vera deg i ryggen Måtte sola skine varmt På ditt andlet La regnet falle mjukt på Dine

Detaljer

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B ORDNING FOR Vigsel Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Pilegrimen går ikkje gjennom verda for å oppleve noko nytt. Men for sjølv å bli ny. (Augustin 354-430) 430)

Pilegrimen går ikkje gjennom verda for å oppleve noko nytt. Men for sjølv å bli ny. (Augustin 354-430) 430) Pilegrimen går ikkje gjennom verda for å oppleve noko nytt. Men for sjølv å bli ny. (Augustin 354-430) 430) FREDAG 28 august 2015 var ein ruskete dag i fjellet, regnet sila ned medan deltakarane på Vandring

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Hallo i nedslagsfeltet!

Hallo i nedslagsfeltet! Hallo i nedslagsfeltet! Her i Valdres flyg tida av stad, og eg har det supert! Kvar dag skjer det nye og spanande ting, og eg har storkosa meg dei siste vekene, sjølv med ribbeinsbrudd. Logisk nok har

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. ORDNING FOR Gravferd frå kyrkje eller krematorium 1 Klokkeringing Medan det vert ringt saman, tek liturgen plass i koret. 2 Preludium Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). A: Så seier Herren: Det folk som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos. Over dei som bur i skuggelandet skal ljoset stråla

Detaljer

Mitt liv Da jeg var liten, følte jeg meg som den lille driten. På grunn av mobbing og plaging, jeg syk jeg ble, og jeg følte at jeg bare skled.

Mitt liv Da jeg var liten, følte jeg meg som den lille driten. På grunn av mobbing og plaging, jeg syk jeg ble, og jeg følte at jeg bare skled. Mitt liv Da jeg var liten, følte jeg meg som den lille driten. På grunn av mobbing og plaging, jeg syk jeg ble, og jeg følte at jeg bare skled. Av: Betty Cathrine Schweigaard Selmer Jeg 1 år var og var

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 Vi kan tilby: * Frå 13 oktober: Ope kvar tysdag, onsdag og torsdag, frå Kl 10 14. * Fri leik * Formingsaktivitetar * Lunsj med kaffi, te, mjølk og frukt. * Spleiselunsj

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer