Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule"

Transkript

1 Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule Bibliotekar Eli Kjos-Wenjum viser fram brev ho har fått frå elevar ved Kaupanger skule. Foto: Sogndal bibliotek Sogn og Fjordane fylkesbibliotek: I dette prosjektet har barnebibliotekaren samarbeidd tett med lærar og fylgt ein klasse i to år. Biblioteket ynskte å utvikle dei faste bokpresentasjonane sine gjennom betre førebuing og oppfølging. Førebuing gjennom å få betre kjennskap til elevane det skulle formidlast til. Oppfølging gjennom å sikre respons/tilbakemelding. Både for biblioteket og skulen var det eit sterkt ynskje om å utvikle samarbeidet gjennom fleire besøk og tettare kontakt, då lang avstand til biblioteket kunne vere ei utfordring. Med hjelp frå biblioteket hadde skulen som mål å etablere ein endå sterkare kultur for lesing i klasserommet. Gjennom brevveksling med elevane kunne bibliotekaren finne ut meir om lesaren og om kva som kunne motivere han eller ho og på den måten finne ei bok som passa til eleven. Tilbakemeldingar på bokvalet, gjorde det enklare for bibliotekaren å finne liknande bøker. I tillegg til brev har tett dialog med lærar vore viktig for å finne bøker som også var tilpassa lesenivået til den enkelte. Breva har òg vore utgangspunkt for bokpraten bibliotekaren har hatt i biblioteket eller i klasserommet. Refleksjon og evaluering av bokval og eiga formidling har vore med på å utvikle bibliotekarens formidlingspraksis.

2 Bibliotekaren og læraren opplevde stor leseglede blant barna og fekk eit gjensidig fagleg utbyte av samarbeidet. Klassen fekk etablert eit lesande miljø som var ei viktig målsetting for læraren. Ny formidling: Bibliotekaren i prosjektet har gjort eit grundig skrivearbeid med å loggføre all brevveksling og evaluere eigen bokprat. Prosjektet har gitt deltakarane tid og rom til denne typen refleksjon og loggføring, det er verdifult, men kanskje noko få formidlarar tek seg tid til. Som resultat har prosjektet fått to typar dokumentasjon: 1. Logg over brevveksling med kvar enkelt elev: bokynske frå elevane og tittel på bøkene bibliotekaren har vurdert eller valt. Materialet har gitt bibliotekaren ei systematisk oversikt med både gjenbruk og overføringsverdi. 2. Refleksjonsnotat etter kvar formidlingsøkt (bokprat). Bibliotekaren har reflektert over eigne formuleringar, presentasjonsmåte, litteraturval m.m. I tillegg til verdifull eigenlæring, viser refleksjonsnotata også ein sjølvinnsikt som er ein viktig del av formidlingsmetodane bibliotekaren har utvikla. Vi ser ein tydelig omtanke for lesaren, gjennom at bibliotekaren er oppteken av at språkbruk og bokval ikkje skal virke ekskluderande. Men òg gjennom at bibliotekar viser ekte engasjement og vågar å vere personleg i formidlinga. For studentar og andre som skal lære om litteraturformidling, er dette viktige perspektiv. Foto: Fylkesbiblioteket Samarbeid mellom skule og bibliotek: Prosjektet har også gitt oss meir kunnskap om korleis bibliotekar og lærar kan samarbeide. Lærar og bibliotekar har m.a. reist på kurs om barnebøker og gjort felles vurderingar av bøker til den enkelte elev. Dei har også hatt gode samtaler om bøker som klassen kan bruke. Det er enklare å gi boktips når bibliotekaren kjenner klassen som gruppe og når lærar kan informere om utviklinga til klassen. Jo lenger en kom i prosjektet, jo meir avanserte bøker kunne dei t.d. bruke til høgtlesing.

3 Læraren har klart å skape eit miljø i klassen som er i tråd med hennar syn på lesestimulering. Læraren ynskte at elevane skulle «flytte inn i bøkene» og at klasserommet skulle ha «eit landskap av bøker». Vidare har lærar vore tydeleg på at ho ville vere eit lesande forbilde for elevane. Samarbeidet med bibliotekar har forsterka denne rolla overfor elevane. Dei har stått fram som eit team med same agenda dette er noko dei er saman om. Lærar har også tatt ei aktiv rolle i å fylgje opp bokpraten til bibliotekaren. Lærar har snakka om lesing og prosjektet på alle foreldremøte og foreldresamtalar. Elevane har fått 30 minutt til lesing kvar dag og har til ei kvar tid hatt ei bok på skulen og heime. Lærar lèt også bøker og lesing inngå i andre fag enn norsk der det er mogleg. Foto: Fylkesbiblioteket Tilgangen til nye og etterspurde bøker har dessutan vore ein viktig suksessfaktor. Klassen fant fort sin sjanger, sine forfattarar og utan tvil sin favorittbokserie «Amuletten» av Kazu Kibuishi. Effekten denne bokserien hadde på klassen og enkeltelevar er viktig å formidle vidare til andre utanom bibliotekmiljøet, som personar i bokbransjen, foreldre og lærarar. Dette var og eit innspel vi fekk då vi presenterte prosjektet i Oslo hausten Oppslag frå «Steinvokteren», første bok i Amuletten serien av Kazu Kibuishi, Fontini forlag 2015

4 Foto: Kristin Fossnes Resultat av prosjektet: Bibliotekar og lærar har fått meir kunnskap om målgruppa og nyare barnelitteratur. Bibliotekar har fått praktisk erfaring med å formidle andre bøker basert på lånarens favorittbok. Dette er same praksis som Lesarsørvis-metodikken er basert på (formidle «read alikes» / «bøker som liknar på»). Dette er òg ei erfaring som kjem andre lånarar til gode, da biblioteket har fått eit større utval å anbefale frå. Lærar og skulen har lært meir om korleis biblioteket kan nyttast i pedagogisk arbeid. Prosjektet har gitt draghjelp til dei elevane som sleit med lesing. Enkelte bøker som er brukte i prosjektet har vore avgjerande for leseutviklinga til dei som har hatt størst utfordringar. Lesemotivasjonen hjå elevane auka, og lærar melder om at lesefarten til fleire av elevane har auka i løpet av prosjektet.

5 Lærar melder òg om at elevane har blitt betre i skriving, flinkare til å bygge opp forteljingar og er meir fantasifulle. Elevene les med betre flyt og forståing. Elevane opplevde mestringkjensle fordi bøkene var tilpassa deira leseferdigheter. Det er utvikla ein formidlingspraksis som er meir målretta og mindre tilfeldig. Foto: Kristin Fossnes Eli Kjos-Wenjum ved Sogndal bibliotek: Rett bok til rett elev utvikling av ein formidlingspraksis med utgangspunkt i enkelteleven si lesarhistorie Målgruppa i prosjektet var 6./7. trinn ved Kaupanger skule. Klassen vart fylgd over to år, skuleåret 2015/2016 og i 2016/2017. Det var 18 elevar i klassen.

6 Bakgrunn: Som ledd i litteraturformidlinga til barn og unge inviterer Sogndal bibliotek 6.klassingane i kommunen til bokprat på biblioteket kvart år. Vi ser at dette fører til at mange av elevane i ein klasse blir motiverte til å lesa bøkene som blir formidla, men at det òg er elevar som ikkje vel med seg bøker frå bokformidlinga. Sidan bibliotekar ikkje har hatt nokon kjennskap til elevane før bokpraten, veit ein ikkje om bøkene ein vel ut og presenterer vil «treffa» ein elev i forhold til innhald eller lesenivå. Det har heller ikkje vore nokon tilbakemelding eller oppfølging etter ein bokprat, og bibliotekar veit lite om elevane likte bøkene dei las, eller om formidlinga førte til at elevane vart motiverte til å lesa meir. Målsetting: Målet med prosjektet var difor å vidareutvikla biblioteket sine klassebesøk, med vektlegging av ei meir individuell formidling. Gjennom prosjektet fekk bibliotekar vita litt om elevane i klassen og lesarhistoriene deira før bokprat, og kunne med utgangspunkt i denne informasjonen finna bøker som kunne passa til dei enkelte elevane. Klassen vart fylgd over tid, slik at bibliotekar kunne få tilbakemeldingar på bøker elevane las og dermed vurdera om andre bøker passa betre. Innhald og aktivitetar: 1. Brev til elevane Bibliotekar skreiv brev til elevane i klassen. Bibliotekar fortalte litt om eiga lesarhistorie, og gav dei tips til kva dei kunne skriva om i sine brev til bibliotekaren. I brevet stod det òg at bibliotekar ville koma på besøk til dei, og ville då ha med ei bok til kvar elev på bakgrunn av breva dei skreiv. 2. Brev til bibliotekar Alle elevane i klassen skreiv kvart sitt brev til bibliotekar. Der skreiv dei om bøker dei hadde lese, om dei hadde ei favorittbok, interessene sine på fritida, og om dei hadde nokon favorittfilmar eller seriar på tv. Utifrå opplysningane i breva, plukka bibliotekar ut ei bok til kvar av elevane. Etter at elevane hadde fått utdelt kvar si bok, gav dei tilbakemelding på korleis dei likte boka gjennom nye brev. Elevane skreiv totalt fire brev i prosjektperioden. 3. Samtale mellom lærar og bibliotekar I tillegg til breva frå elevane hadde bibliotekar ein samtale med læraren i klassen om den enkelte elev sitt lesenivå. Dette var nyttig informasjon for at bibliotekar skulle kunne velja bøker som passa den enkelte eleven sine leseferdigheiter.

7 Formidlingsøkter i klassen og på biblioteket Bibliotekar presenterte alle bøkene som var valde ut til dei ulike elevane i klassen. Deretter fekk elevane utdelt den boka som var tiltenkt dei. Når elevane hadde lese bøkene dei fekk utdelt, skreiv dei nye brev til bibliotekar om kva dei tykte om bøkene dei fekk. På bakgrunn av desse breva, valde bibliotekar ut nye bøker til elevane. Desse vart formidla og utdelte i klassen. Deretter skreiv elevane nye brev, med påfølgjande ny formidlingsøkt (bokprat). 4. Lesetid på skulen Skulen sette av tid til lesing gjennom heile prosjektperioden. Dei hadde faste leseøkter, og hadde eit godt utval av bøker tilgjengeleg og utstilt i klasserommet. Dei hadde òg ei «lesebok» i skulesekken som dei skulle lesa i heime, samt ei «hyllebok» som låg i hylla deira på skulen. Denne var tilgjengeleg i skuletimane. Resultat og måloppnåing: Breva frå elevane vart viktige for å treffa med bokvalet. Bibliotekar fekk nyttig informasjon gjennom breva, som vart brukt til å velja bøker til elevane. Gjennom denne brevvekslinga med elevane vart formidlinga meir målretta og mindre tilfeldig enn i ein vanleg bokprat. Gjennom prosjektet såg vi at lesemotivasjonen hjå elevane auka. Utifrå tilbakemeldingane til elevane såg vi at fleire av elevane i prosjektet vart glade i å lesa, lesarhistoriene deira endra seg undervegs i prosjektet. Elevane las mykje, og lærar melde òg om at lesefarten til fleire av elevane auka i løpet av prosjektet. Det viktigaste målet med prosjektet var at elevane som deltok skulle lesa bøker fordi dei hadde lyst til det og ikkje fordi det var noko dei «måtte gjera». Gjennom å lesa bøker som passa dei i forhold til interesser, auka lesemotivasjonen deira og dei fekk gode opplevingar med lesing. Vi såg at elevane vart ivrige lesarar, noko dei gav uttrykk for både i breva dei skreiv, og munnleg til lærar og bibliotekar. Det var òg verdifullt å samarbeida med lærar, for å sikra seg at bøkene som blei valde ut til elevane også passa dei i forhold til leseferdigheiter. Ved at kvar elev fekk ei bok som passa han/ho også på dette området, sikra ein seg at eleven fekk styrka sjølvkjensle ved at han/ho las ei bok som passa lesenivået deira. I tillegg har ein vorten meir bevisst breidda i ein klasse: ei bok kan ha innverknad på sosial status i klassen viktig å vera bevisst når ei bok blir valt til ein elev. Vi har sett at denne måten å formidla bøker på i klassesamanheng aukar sjansen for å finna rett bok til elevane, og dermed aukar lesemotivasjonen i stor grad. Det var òg eit viktig mål i prosjektet å utvikla ein formidlingspraksis som tek utgangspunkt i elevane si lesarhistorie og som også etter at prosjektperioden var over skal kunne brukast i samband med skulebesøk. Justeringar i samband med kor mange brev ein skal leggja opp til

8 at elevane skal skriva er naudsynt og må tilpassast den enkelte klasse og det enkelte bibliotek. Foto: Fylkesbiblioteket Erfaringar andre kan ha nytte av: Noko av det vi la vekt på i prosjektet, var at alle skulle oppleva at boka dei fekk valt ut til seg, skulle vera like attraktiv som bøkene dei andre fekk. Alle såg kva for bøker dei andre fekk, og ingen av bøkene skulle framstå som meir lettlesne eller «barnslege» enn andre. Formidlinga av bøkene skulle vera på same måte, slik at boka verka attraktiv for dei andre elevane òg. Nokre av elevane i prosjektet hadde aldri lese ei heil bok før, og difor var dette «første møtet» med boka særs viktig. Elevane var spente på kva for ei av bøkene som vart fortalt om i formidlinga dei skulle få. Læraren si interesse for bøker hadde svært mykje å seia i prosjektet. Ho er glødande interessert i bøker og lesing, og var difor ein viktig ressurs. Ved å setja av tid i skuletida ser elevane at lærar prioriterer lesing. Det gjer òg at elevane får høve til å byrja på ei bok og bli oppslukt i timen. Dette aukar sjansen for at eleven vil forsetja med boka heime.

9 Samarbeidet mellom lærar og bibliotekar var viktig gjennom heile prosjektperioden. Særleg med tanke på enkeltelevane sine leseferdigheiter, men òg i forhold til observasjonar lærar gjorde i klassen undervegs. Prosjektet var òg utviklande for eigen formidlingspraksis. Gjennom breva frå elevane og tilbakemeldingar på bøker dei las, vart det eit oppriktig ønskje for bibliotekar å finna «den rette boka» for eleven. Dette vart ein inspirerande og givande måte å jobba med formidling på. Prosjektet gjorde òg at bibliotekar vart meir bevisst på å bruka eiga lesarhistorie i formidlinga. Sidan innkjøp av bøker vart høgt prioritert i prosjektet, hadde elevane tilgang til eit godt og variert utval av bøker, utan ventelister. Med små bokbudsjett er det vanlegvis ei utfordring for bibliotekar å sikra at bøkene alltid er tilgjengelege for elevane. Difor er det er nok naudsynt å laga ei lokal tilpassing dersom ein skal gjennomføra eit liknande leseprosjekt og vurdera kor mykje ein har høve til å gjera. Sogndal bibliotek har eit ønskje om å forsetja ei formidling med utgangspunkt i brev frå elevane for å bli kjend med lesarhistoriene deira i samband med bokval. Målet er å få til å ha det som eit fast opplegg med eit bestemt klassetrinn eller ein klasse på ein av skulane i kommunen. Det å følgja ein klasse så tett over tid er både tid- og ressurskrevjande. Det gjekk mange timar til lesing og førebuing. Når ein ser kva det å få tilgang til rett bok gjer for lesemotivasjonen til ein elev, blir det verdt arbeidet. Sogndal, januar 2018

10 Eksempel på brev: Eks 1: Dette er det fjerde og siste brevet frå eleven. Eit brev som utstråler leselyst, motivasjon og glede. Det viser også at det har oppstått eit tillitsforhold mellom elev/lånar og bibliotekar. For ein bibliotekar kan det vel knapt tenkast å få ei betre julehelsing?

11 Eks. 2: Her er to brev fra same elev som viser at det kan vere vanskeleg for ein 11-åring å utrykke seg om kva slags bøker ein liker og desto vanskelegare for bibliotekaren å finne rett type bok. I brev nummer 1 utrykker eleven at han liker bøker med humor: Eleven fekk humorboka Kaptein Supertruse, og ga følgande tilbakemelding i neste brev:

12 Brev nummer 2 viser at det likevel ikkje var humor-bøker som var favoritten. Det er ikkje alltid like lett for barn i denne alderen å vite kva dei liker eller å uttrykke det. Oppfølginga dette delprosjektet legg opp til, gjer at både lånar og bibliotekar klarer å finne rett sjanger og gode bøker som treff. På den måten har dei lykkast i å finne rett bok til rett elev til rett tid.

Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Sogndal bibliotek og Kaupanger skule Sogndal bibliotek og Kaupanger skule Foto: Sogndal bibliotek Foto: Kaupanger skule Kva gjorde vi: Biblioteket Brev til bibliotekar (interesser, favorittfilmar, bøker dei har lese ) Samtale med lærar (store

Detaljer

Lesarhistoria ny veg til lesaren Presentasjonar av delprosjekta

Lesarhistoria ny veg til lesaren Presentasjonar av delprosjekta Lesarhistoria ny veg til lesaren 2015-2018 Presentasjonar av delprosjekta Utfyllande rapportar med biletmateriale vil bli lagde ut på heimesida til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek: http://fylkesbiblioteket.sfj.no/lesarhistoria

Detaljer

Brevskriving og dømmekraft: Flora folkebibliotek og Krokane skule

Brevskriving og dømmekraft: Flora folkebibliotek og Krokane skule Brevskriving og dømmekraft: Flora folkebibliotek og Krokane skule Sogn og Fjordane fylkesbibliotek: Delprosjektet er integrert i Flora kommune sin årlege leseaksjon med mål om å vekkje leselyst. Skulebibliotekar/lærar

Detaljer

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Lesarhistoria -ny veg til lesaren Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Kven er vi? Lesarhistoria Kverndokken den enkelte si historie som lesar ligg til grunn for vidare lesing. -interesser,

Detaljer

Utviklingsmiddel Sluttrapport Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #d4acbf19)

Utviklingsmiddel Sluttrapport Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #d4acbf19) Tildelt beløp: 1 350 000 Prosjektlengde: Treårig Kategori: Innsatsområder Biblioteket som møteplass Biblioteket som læringsarena Nye formidlingsmetodar Opplysningar om søkr Organisasjonsnamn / nr Sogn

Detaljer

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers Alle foto: Elisabeth Tønnessen Kjære føresette Barnet ditt skal byrje i første klasse på ein skule som har takka ja til å vere med

Detaljer

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv

Detaljer

Barnehagen som bibliotek: Bremanger folkebibliotek og Davik barnehage

Barnehagen som bibliotek: Bremanger folkebibliotek og Davik barnehage Barnehagen som bibliotek: Bremanger folkebibliotek og Davik barnehage Alle foto: Davik barnehage Sogn og Fjordane fylkesbibliotek: Barnehagen ville utvikle seg til å bli ein barnehage med lesande og bokglade

Detaljer

Fear in a librarian s heart

Fear in a librarian s heart Fear in a librarian s heart Om formidlingssamtala i norske folkebibliotek Oppgåve Litteraturformidling HiO, 2011 Litteraturformidling Masteremne 15 stp HiO Kommunikasjon og formidling Kvalitet og vurdering

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Sjangerkunnskap og myndiggjering

Sjangerkunnskap og myndiggjering Sjangerkunnskap og myndiggjering Gloppen folkebibliotek og Nordstranda skule Alle foto: Ann-Kristin Hovstad og Reidun Sandøy Os Sogn og Fjordane fylkesbibliotek om prosjektet Gloppen folkebibliotek ville

Detaljer

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Me satsar på lesing! Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Anne-Cath Vestly 1 Lesing for livet

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318)

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318) Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318) Søknadssum: 180 000 Varighet: Ettårig Kategori: Forprosjekt Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Sogn og Fjordane fylkesbibliotek / 974570971

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Lese snakke skrive OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Som tittel på sitt ressursprosjekt har Os barneskule i Hordaland valt Lese snakke skrive, der den sentrale tanken er at elevane må

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #d4acbf19)

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #d4acbf19) Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #d4acbf19) Søknadssum: 540 000 Varighet: Treårig Kategori: Innsatsområder Biblioteket som møteplass og arena for offentlig samtale og debatt Biblioteket som læringsarena

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1 Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta 2009 357 elevar rein ungdomsskule 14 klasser aukande elevtal Neste haust 380 elevar, 15

Detaljer

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn Regionalt fagnettverk Den første lese- og skriveopplæringa Norsk 1.-2. trinn 23.01.2018 Dagsorden Oppstart og presentasjon Gjennomgang av mellomliggjande arbeid Høgtlesing og bruk av småbøker Oppsummering

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal

Detaljer

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Leseglede saman for betre lesing i alle fag Leseglede saman for betre lesing i alle fag Brandsøy skule (1 7 + barnehage) og Krokane skule (1 7), Flora, Sogn og Fjordane Av Mari-Anne Mørk Flora kommune ønskjer å nytte skulebiblioteka meir systematisk

Detaljer

Frå dikt til teikneserie

Frå dikt til teikneserie Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Utviklingsplan skuleåret 2016-2017 Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 3 Prioriterte utviklingsområder for skulen s.

Detaljer

Handlingsplan for biblioteket ved Tornes skule, perioden 2009-2010. Skulebiblioteket - eit pedagogisk verkty

Handlingsplan for biblioteket ved Tornes skule, perioden 2009-2010. Skulebiblioteket - eit pedagogisk verkty Handlingsplan for biblioteket ved Tornes skule, perioden 2009-2010 Skulebiblioteket - eit pedagogisk verkty Biblioteket vårt skal vere eit rom for læring, for informasjon, ein sosial møteplass inspirasjon

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI) Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan 2015 Meling skule. Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare. Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid

Detaljer

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage 2016-2017 Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage HØGTLESING SOM FOKUSOMRÅDE Bakgrunn for val av metoder: Lesing og samtalar rundt bøker har stor verdi for språkutviklinga til barn. For å lukkast

Detaljer

Lesarhistoria. Tidleg start. Om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid

Lesarhistoria. Tidleg start. Om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid Lesarhistoria Tidleg start. Om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid Eit prosjektsamarbeid mellom HiOA, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Bremanger folkebibliotek og Davik barnehage Astrid Olsbø, Davik

Detaljer

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.» Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.» Undheim skule med oppsummering av læringsresultat og læringsmiljø: Undheim skule har i skuleåret

Detaljer

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane. LESER SØKER BOK I BIBLIOTEKA SAMABEIDSAVTALAR OM: BØKER FOR ALLE LESEVANSKAR KUNNSKAP (RETT BOK TIL RETT MÅLGRUPPE) LESEOMBOD (750) NETTVERK FOR KUNNSKAPSDELING AKTIV KONTAKT MED ALLE MÅLGRUPPER Meldinga

Detaljer

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. Handlingsplan for biblioteket ved Sylte skule, perioden 2009-2010 Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. 1. Biblioteket skal vere ein viktig aktør når det gjeld å stimulere elevane til leselyst, og vere

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 3 Kartlegging 1.-3.trinn s. 4 Prioriterte utviklingsområder

Detaljer

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO Dette heftet er i utgangspunket utarbeida for dei tilsette i Suldalsskulen, men me ønskjer og å auka forståinga til foreldre og føresette, slik at dei og kan vera

Detaljer

HANDLINGSPLAN 2014-15

HANDLINGSPLAN 2014-15 KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE HANDLINGSPLAN 2014-15 Læring og trivsel hånd i hånd. Samarbeid og glede gir kreativ ånd I:\blb-Felles\Infoperm 2014\InfoP-Pedagogisk arbeid-prinsipp-planar\kvalitetsutviklingsplan

Detaljer

Norli Junior lesekonkurranse informasjon til lærarar

Norli Junior lesekonkurranse informasjon til lærarar Norli Junior lesekonkurranse informasjon til lærarar Kjære lærar! Velkomen med i Norli Junior lesekonkurranse for 3.-7. klasse! Lesekonkurransen er eit verktøy for å motivere barna til å lese, og erfaring

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL

PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL SKULEBIBLIOTEK OG KUNNSKAPSLØFTET Alle barn og unge er sikra tilgjenge til bibliotek gjennom skulebiblioteka. Velfungerande skulebibliotek er

Detaljer

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE Tidlegdanning. - Å skape trygge bibliotekbrukarar Lesarhistorie - Nordstranda skule Korleis jobbe med Lesarhistorier i denne klassa? Ferske lesarar: - Lytte til elevane -

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Veiledning til læreplanen i samfunnsfag 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Oppdraget vårt Veiledningen skulle lages over fire kapitler Kapittel 1: Innledning Kapittel 2: Fagets egenart Skulle

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

Vi lever av kunnskapen

Vi lever av kunnskapen Vi lever av kunnskapen Bergsøy skule, Herøy, Møre og Romsdal (1 7) Av Mari-Anne Mørk Med prosjektet Vi lever av kunnskapen har Bergsøy skule valt å knyte undervisning i informasjonskompetanse til dei lokale

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Handlingsplan ved urovekkande fråvær 13.09.2017 Handlingsplan ved urovekkande fråvær Definisjonar og prosedyrar GRANVIN BARNE- OG UNGDOMSSKULE Innhald Handlingsplan ved urovekkande fråvær ved Granvin barne- og ungdomsskule... 3 Føremål...

Detaljer

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring Nasjonal dugnad Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring -gjennomføring i vidaregåande skule Overgangsprosjektet Oppfølgingsprosjektet

Detaljer

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon Kort rapport 2014-2017 Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon 2014-17 Anders Aune Ingrid Møgedal Ingvild Nesheim Helga Hellesø Linda Risdal Martin Svebestad Juni 2017 Effekt av tiltak hos deltakarane

Detaljer

«Mestringsforventningar»

«Mestringsforventningar» Presentasjon av korleis lærararar og leiar på Førde barneskule har opplevd gjennomføringa av forskingsprosjektet: «Mestringsforventningar» Therese Helland- rektor Førde barneskule Mestringsforventningar

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal sikre progresjon, heilskap

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn Framleis rom for lesing heime Leseutviklinga held fram Dei første skuleåra lærte barnet ditt å lese. Men lesedugleik er ikkje noko som blir utvikla

Detaljer

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014 ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014 PRINSIPP 1 Barna/elevane får eit variert, aktivt og stimulerande tilbod med fokus på læring 1. Opplæringa er allsidig og legg vekt på a. Høgt fagleg nivå b. Utvikling

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

Nytte og hygge (Ref #1075)

Nytte og hygge (Ref #1075) Nytte og hygge (Ref #1075) Søknadssum: 160000 Varighet: Ettårig Kategori: Innsatsområder Den kulturelle nistepakka Leseløftet 2010-2014 Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Lindås bibliotek / 935084733

Detaljer

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune. Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune. Bakgrunn Denne samarbeidsavtala er meint å leggje grunnlag for eit godt samarbeid mellom skulane og folkebiblioteket i Vinje kommune.

Detaljer

Foreldregruppe i barnehagen

Foreldregruppe i barnehagen Foreldregruppe i barnehagen Barnehagen - ein naturleg stad å ha fokus på læring og mestring. Janett Lillås Mathiassen Brukarrepresentant FOUSAM Foto: colourbox Anita Weltzien Dalaker Styrar Aksdal barnehage

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle. Retningslinjer for saker vedkomande opplæringslova 9a Rundskriv Udir-2-2010 Formål: Retningslinjene skal sikre god sakshandsaming i saker som vedkjem retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø etter

Detaljer

Verksemdsplan for Flatdal skule

Verksemdsplan for Flatdal skule Verksemdsplan for Flatdal skule 2015-2016 1. Overordna mål/pedagogisk plattform Tanken om det meiningssøkande, skapande, arbeidande, allmenndannande, samarbeidande, miljømedvitne og integrerte menneske

Detaljer

1) Samanlikne bok og film Vel ei bok som er filmatisert og les/sjå begge delar. Skriv om likskapar og ulikskapar i bok og film.

1) Samanlikne bok og film Vel ei bok som er filmatisert og les/sjå begge delar. Skriv om likskapar og ulikskapar i bok og film. Fordjupingsoppgåve i norsk 9. klasse Litterært emne Namn: Mål Du skal kunna presentera resultatet av fordjuping i tre sjølvvalte emne: (8. klasse: Eit forfattarskap, 9. klasse: Eit litterært emne og 10.

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske

Detaljer

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Rettleiar for gjennomføring av vennegrupper på HBUS. «Jo mere vi er sammen» Utarbeida av Arbeidsgruppe 1 ved HBUS 1. Innføring av vennegrupper som strategisk

Detaljer

Skjema for eigenvurdering

Skjema for eigenvurdering Skjema for eigenvurdering arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen I denne delen skal du vurdere påstandar om noverande praksis i barnehagen opp mot slik du meiner det bør vere. Du skal altså ikkje

Detaljer

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14 Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14 1 Innhold 1. Forord..3 2. Plan for overgang mellom barnehage og skule årshjul....4

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

OsloMet storbyuniversitet Kjell Ivar Skjerdingstad og Silje Hernæs Linhart

OsloMet storbyuniversitet Kjell Ivar Skjerdingstad og Silje Hernæs Linhart OsloMet storbyuniversitet Kjell Ivar Skjerdingstad og Silje Hernæs Linhart Lesarhistoria ny veg til lesaren Prosjektet Lesarhistoria ny veg til lesaren tok til med eit forprosjekt i 2014 og vert avslutta

Detaljer

Trollnytt for januar og februar

Trollnytt for januar og februar He Trollnytt for januar og februar. Henry-førstehjelp for barnehagebarn er eit pedagogisk læringsopplegg utviklet for barn mellom 3-6 år. Målet er å lera dei eldste barna i barnehagen om førstehjelp. Henryførstehjelp

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg Lytting C1 Eg kan følgje eit munnleg innlegg eller ein samtale av noka lengd, sjølv når innhaldet er ustrukturert og det ikkje finst nokon tydeleg raud tråd. Eg kan forstå eit stort spekter av idiomatiske

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 19.01.2015 Tid : 09:00 MØTEINNKALLING Tysnes kommune SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 1/15 15/37 LUNDE BARNEHAGE - UNDERVISNING I STORASTOVA

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008 Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008 V/Eli Moe, UiB, april 2009 I rapporten har vi prøvd å gi opplysningar om dei nasjonale prøvane i engelsk lesing 2008, både for

Detaljer

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR MAL FOR HANDLINGSPLAN FOR GRUNNSKULANE I STORD 2011 Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR Teikn på om me har lukkast Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Detaljer

Lesarhistoria ny veg til lesaren

Lesarhistoria ny veg til lesaren Lesarhistoria ny veg til lesaren Samarbeidsprosjekt mellom folkebibliotek, skule og barnehage 2014-2018 Begrepet leserhistorie brukes for å karakterisere mer enn en lesers kodekompetanse, leseflyt, leseforståelse

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for. Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 11.06.2019 43/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ann Kristin Bolstad FA-B57

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015

Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 TID KOMPETANSEMÅL Elevane skal kunne INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med ARBEIDSMÅTAR Aktuelle arbeidsmåtar i faget VURDERING Veke 34-52 Munnleg kommunikasjon

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 BRUKARAR -Utviklingssamtalar, og framovermeldingar Lærarane og assistentane Resultat: 3.2 eller betre i elevundersøkinga Elevane opplever fagleg rettleiing

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på vandring til Sør-Odal (Kommentarane i nokre felt vert litt forkorta i dei tilfella mine notat fell saman med kommentarane frå fylkesbibliotekarane

Detaljer

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar.

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar. NORSKPLAN FOR 2.KLASSE Veke Mål Metode Læremiddel Tips Vurdering 34 40 Leike, improvisere og eksperimentere med, - vite kva ei setning er - kunne ta bort første lyd og seie kva resten av ordet er - kunne

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

Debattgledarar (Ref #b9f95e39)

Debattgledarar (Ref #b9f95e39) Debattgledarar (Ref #b9f95e39) Søknadssum: 247 500 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Utvikling av nye bibliotektjenester Nye samarbeidsformer og partnerskap Opplysninger om søker Organisasjonsnavn

Detaljer

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. Å laga forbindelser mellom teksten og eleven sjølv Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. ARTIKKEL SIST ENDRET: 10.09.2015 Innanfor

Detaljer