Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting"

Transkript

1 Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: Tlf: Vår ref. Sak nr.: 11/ Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr /11 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, Frå: Næringsavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune Til: Kommunane i Sogn og Fjordane Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting 1. INNLEIING OG BAKGRUNN Bakgrunn for at det vert jobba med nye retningsliner Gjennom det treårige prosjektet Kommunal næringsutvikling samarbeider fylkeskommunen, Innovasjon Norge, fylkesmannen og kommunane om å gjere kvarandre endå betre til å jobbe med næringsutvikling. Eit av delprosjekta er å vidareutvikle kommunale næringsfond til å bli eit betre verkty for å støtte opp under kommunal næringsutvikling, mellom anna gjennom nye og betre retningsliner. Kva vi legg fram i dette notatet Vi legg fram nokon tankar om kva problemstillingar vi må sjå på i samband med utarbeiding av nye retningsliner frå Dette gjer vi for å informere kommunane om dei vurderingane som vil bli gjort i samband med utarbeiding av nye retningsliner. Notatet skal vere ei støtte for kommunane når de skal kome med innspel. Prosessen fram mot nye retningsliner Det skal gjerast ei enkel evaluering av næringsfonda. Vi vil sjå litt på bruk av næringsfonda i Sogn og Fjordane og korleis retningslinene har fungert, korleis andre fylke har organisert ordninga med kommunale næringsfond, samt ha ein dialog og erfaringsutveksling med Kommunalog regionaldepartementet som skal gjere ei nasjonal evaluering av kommunale næringsfond. Den nasjonale evalueringa skal vere klar på nyåret. Fylkeshuset Askedalen LEIKANGER Tlf.: Faks: Bankgiro: Org.nr.: NO MVA

2 Side 2 av 5 Arbeidet vil skje i tett dialog med Innovasjon Norge og med kommunane. Kort om ordninga med kommunale næringsfond Å medverke til å gjere kommunane betre rusta til å arbeide med næringsutvikling har blitt ei stadig viktigare satsing for fylkeskommunen. Kommunale næringsfond er ein del av dette. Midlane til kommunale næringsfond kjem som eit skjønnstilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, og dette tilskotet har meir enn dobla seg dei siste fem åra. Auka midlar vil såleis krevje tettare oppfølging, både gjennom regelverk men særleg gjennom kurs og kompetanseheving. Fylkeskommunane forvaltar skjønnstilskotet frå KRD og utarbeider eigne retningsliner for kvart fylke. Kommunane igjen har eigne retningsliner for bruken av midlar i sin kommune. Det er også nasjonale reglar som er overordna føringar for bruken av midlane. I tillegg til å forvalte midlane har også KRD pålagt fylkeskommunane å ha ein tydeleg kontroll og sanksjonsfunksjon overfor kommunane. Vi viser til eksisterande retningsliner i vedlegg. Vi viser elles til vår nettside der de kan gå inn på næring kommunal næringsutvikling - kommunale næringsfond for å få informasjon om ordninga slik den er i dag. Om de har spørsmål utover dette må de gjerne ta kontakt. 2. NOKON SÆRLEGE PROBLEMSTILLINGAR TIL DRØFTING Vi tek utgangspunkt i eksisterande retningsliner, men det er sjølvsagt høve til å kome med andre innspel om de meiner noko manglar i retningslinene eller i dette notatet. Det er lagt opp til ei full rullering av retningslinene. Det vil seie at alle punkt vil bli vurdert. Ta gjerne utgangspunkt i eksisterande retningsliner og trekke fram punkt som bør endrast eller som manglar. Gjennomgangen under er ikkje uttømmande, men er meint å gje eit bilde på kva som vil bli vurdert slik at de lettare kan kome med tilbakemeldingar. Kven som kan få midlar til næringsfond I dag er det slik at alle kommunane i fylket er omfatta av ordninga, men nokon kommunar kan likevel falle utanom tildeling til næringsfond sidan dei har kraftinntekter over gitte grenser. I dag får berre kommunar som har inntekter på konsesjonsavgifter under 1 mill. kr. tilskot til kommunale næringsfond. I tillegg må kommunane oppfylle nokon minstekrav jf. neste punkt. Viktige spørsmål under dette punktet vil vere:

3 Side 3 av 5 - Er det ynskjeleg å utjamne eventuelle forskjellar mellom «kraftkommunar» og kommunar utan kraftinntekter ved å ha ei grense i høve konsesjonsavgifter som no? - Er grensa i dag sett på rett sum? Vi vil vurdere å auke grensa. - Er beste løysinga å nytte NVE sine tal for konsesjonsavgifter, slik det vert gjort i dag? Andre inntekter kommunane får som følgje av kraftproduksjon i kommunen vert då ikkje fanga opp. Er det alternative måtar å vurdere kraftinntekter på? Minstekrav for tildeling Kommunar som får tildelt midlar til kommunale næringsfond etter fastsette kriteria må i dag oppfylle fire krav. Dei må ha: 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet, 2. eit næringsapparat med ein person i minimum 50% stilling (næringsrådgjevar eller tilsvarande), 3. utarbeidd ein strategi for næringsutvikling og 4. årsrapport. Det er naturleg at mykje av dette vert vidareført, men vi vil særleg sjå på om og korleis ein definerer krav til storleik på næringsapparatet. Vi vil også sjå på detaljane under dei andre punkta og vurdere eventuelle nye krav eller føringar. Under dette punktet ber vi særleg kommunane kommentere punktet om storleik på næringsapparatet. Vi ynskjer å skjerpe kravet om nok og rett kapasitet til å arbeide med næringsutvikling i kommunane. Arbeidet som t.d. rådmann og ordførar gjer innan næringsutvikling bør kome i tillegg til dette kravet. - Er det fornuftig å setje eit krav om stillingssats, eller måler ein kapasitet best på ein annan måte? - Kva vil å så fall vere beste måltalet på stillingssats eller kapasitet? - Er det særlege problemstillingar knytt til korleis ein vil tolke eit slikt krav/kva som skal inngå i stilling eller kapasitet? - Skal det stillast krav til særskilt kompetanse i tiltaksapparatet? - Er det andre krav som vil vere viktige for å syne at kommunane prioriterer næringsutvikling? Stimuleringstilskot Det har tidlegare vore uttrykt tydeleg at fylkeskommunen vil leggje til rette for at kommunane skal kunne samarbeide om næringsarbeidet på tvers av kommunegrensene. Det er innført eit stimuleringstilskot for felles tiltaksapparat som i dag er på kr per kommune. I budsjettet til fylkeskommunen er det signalisert ein auke av denne summen, for å stimulere til større miljø og auka kvalitet på bruken av næringsfonda. I arbeidet vidare vil ein vurdere kva som er rett nivå på stimuleringstilskotet, og om det er fleire tiltak som bør føre til ei ekstra løyving.

4 Side 4 av 5 Vi vil mellom anna vurdere: - Kva sum må til for at kommunar går inn i eit formalisert samarbeid om felles tiltaksapparat? - Kva må oppfyllast før kravet til eit felles tiltaksapparat er stetta? - Vi vil vurdere fleire former for stimuleringstilskot. Både felles tiltaksapparat som i dag og ekstra tilskot til felles fond (også over fylkesgrensene). Fordeling mellom kommunane Slik det er no vert stimuleringstilskotet fordelt først, før 70 % av resterande midlar blir fordelt likt mellom dei kommunane som kan få løyvd midlar til kommunale næringsfond (dei som i dag har kraftinntekter under 1 mill. kr.), medan 30 % av resterande midlar vert fordelt på grunnlag av folketal i kommunen. Vi vil også sjå på om dette er ei tenleg løysing for framtida. - Skal vi framleis nytte to fordelingsnøklar som er lik fordeling på ein del av summen og folketal på den andre delen? - Er i så fall desse to faktorane rett vekta mellom kvarandre? - Er det andre parameter som bør inn i fordelingsnøkkelen? Er det t.d. mogleg å gje ekstra til dei som arbeider særleg godt og prioriterer kapasitet og kvalitet? Kapitalgrenser og rolledeling Det er utarbeida eit eige notat for rolledeling i finansieringssaker. Dette omfattar mellom anna rolledeling mellom Innovasjon Norge og kommunane, som er dei to partane som fylkeskommunen nyttar som verkty for den bedriftsretta satsinga. I dette ligg det også nokon grenser for kva søknader som skal handsamast av kommunen og kva som skal handsamst av Innovasjon Norge. Dette går både på type prosjekt og beløp. Notatet og grensene vurderer vi årleg i samarbeid med Innovasjon Norge og det vert sjølvsagt gjort no også. Eksisterande notat for rolledeling finn de på nettsida vår. Sfj.no næringsutvikling kommunal næringsutvikling kommunale næringsfond. Kapitalgrensene er i dag slik: Investeringstilskot til investering i bygg, utstyr og maskiner. Gjeldande grense: søknader med samla kapitalbehov (totalkalkyle) inntil kr vert finansiert gjennom kommunale næringsfond / kraftfond. Bedriftsutviklingstilskot til etablerarstipend, produktutvikling, marknadsundersøkingar, planlegging, konsulenttenester og opplæring. Gjeldande grense: søknader med samla kapitalbehov (totalkalkyle) inntil kr vert finansiert gjennom kommunale næringsfond / kraftfond. Tilskot til tiltaksarbeid og kunnskapsretta infrastruktur. Dette gjeld regionalt

5 Side 5 av 5 samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser/utgreiingar. Fylkesdirektøren vil ikkje føreslå spesielle kapitalgrenser for slike saker. Det er aktuelt med ein auke av desse grensene. Prioriterte målgrupper og satsingar Kvinner, ungdom og innvandrarar er ei prioritert målgruppe ved tildeling av midlar frå kommunale næringsfond. Dette er eit krav som kjem frå KRD. I tillegg er det eit punkt som går på at Sogn og Fjordane må styrkje satsinga på kunnskapsintensiv og kreativ verksemd, uavhengig av bransje. Fylkeskommunen ynskjer difor at kommunane prioriterer satsing på kunnskapsintensiv og kreativ verksemd ved tildelingar frå kommunale næringsfond. Dette punktet var nytt frå Det vert sjølvsagt vurdert igjen, saman med eventuelt andre føringar. Tidlegare har fylkeskommunen vore forsiktig med å legge for mange føringar på kommunane og heller stole på dei prioriteringane kommunane gjer i samband med strategiar og planar. Førebels vurderer fylkeskommunen det slik at vi ikkje bør vere for omfattande med føringane. Utviklingsprosjekt I dag er den bedriftsretta bruken av næringsfonda bra presisert. Det vil bli vurdert om det er trong for å presisere sterkare kva som er ynska bruk av næringsfonda til ulike utviklingsprosjekt. 3. FRIST OG TILBAKEMELDING Vi ynskjer ein tett dialog med kommunane om forvaltninga av kommunale næringsfond. Vi håpar difor de nyttar sjansen til å kome med tilbakemeldingar til oss. Frist for tilbakemelding er 5. januar Tilbakemeldingar kan kome skriftleg, men og munnleg i høyringsmøter eller begge deler. Skriftlege høyringsfråsegner vil følgje sak til hovudutval for plan og næring som vedlegg, munnlege tilbakemeldingar vil kome fram så godt det let seg gjere gjennom møtereferat.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 1.2.2012. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale næringsfond.

Detaljer

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: Side 1 av 8 Saksframlegg Saksbehandlar: Birte Tuxen Bø, Næringsavdelinga Sak nr.: 15/663-2 Kommunale næringsfond - tildeling 2015 Framlegg til vedtak: Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan

Detaljer

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet. VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND Gjeldande frå 1. februar 2012 1 HEIMEL, KAPITAL, STRATEGI, LOVER Næringsfondet i Askvoll kommune er eit kommunalt fond som får årleg tildeling frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Detaljer

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta. VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND Gjeldande frå 1. januar 2013. 1 HEIMEL, KAPITAL, STRATEGI, LOVER Næringsfondet i Hyllestad kommune er eit kommunalt fond som får årleg tildeling frå Sogn og Fjordane

Detaljer

Kommunale næringsfond

Kommunale næringsfond Kommunale næringsfond 3.september 2015 Gloppen Hotell Vi vil gå gjennom Evaluering av kommunale næringsfond Retningsliner for kommunale næringsfond Retningsliner frå fylkeskommunen Rolledeling i finansieringssaker

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 01.01.2016.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 01.01.2016. RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 01.01.2016. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale

Detaljer

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Birte Tuxen Bø, Næringsavdelinga Sak nr.: 15/1049-2 Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval

Detaljer

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane Side 1av 5 Saksbehandlar: Karoline Bjerkeset Avdeling: Næringsavdelinga Sak nr.: 12/8363-3 Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013-2016 Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet

Detaljer

Side 1 av 1 Fylkesrådmannen postmottak@kd.dep.no. Sakshandsamar: Ina Therese Sørfonden E-post: Ina.Sorfonden@sfj.no Tlf.: 41530709 Vår ref. Sak nr.: 15/5202-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt

Detaljer

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201101622-5 Arkivnr. 146 Saksh. Imset, Øystein Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2011 FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 SAMANDRAG

Detaljer

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl MØTEBOK Organ Møtestad Planutvalet Fylkeshuset - møterom Sygna Møtedato 03.06.2015 Kl. 09.00 Faste medlemer til stades: Åshild Kjelsnes, Ap Nils P. Støyva, Ap Jenny Følling, Sp Karen Marie Hjelmeseter,

Detaljer

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Vedteke i K-sak12/39 datert 19.09.2012 Søknad om tilskot skal sendast til: SANDØY KOMMUNE Tiltaksnemnda 6487 HARØY Desse vedtektene er utarbeidde på grunnlag

Detaljer

Dykkar ref Vår ref Dato

Dykkar ref Vår ref Dato Sogndal kommune Postboks 153 6851 SOGNDAL Dykkar ref Vår ref Dato 15/2189-2 10.07.2015 Statsbudsjettet 2015 Kap. 552, post 72 Tilsegn om tilskot på inntil kr 420 000 til utviklingsprosjekt for LLS (Leikanger,

Detaljer

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport Side 1 av 5 Fylkesrådmannen Notat Sakshandsamar: Paal Fosdal E-post: Paal.Fosdal@sfj.no Tlf.: 90639859 Vår ref. Sak nr.: 13/3614-15 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 5435/15 Dykkar ref.

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Forslag til opplegg for å konkretisere vedtaka i kommunestyra knytt til vedlegg til intensjonsavtalen.

Forslag til opplegg for å konkretisere vedtaka i kommunestyra knytt til vedlegg til intensjonsavtalen. Forslag til opplegg for å konkretisere vedtaka i kommunestyra knytt til vedlegg til intensjonsavtalen. Bakgrunn for notatet Som kjent ligg det nokre utfordringar i vedtaka frå kommunestyra i dei fire kommunane

Detaljer

Audit & Advisory November 2009. Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen

Audit & Advisory November 2009. Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen Audit & Advisory November 2009 Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen 1. Innleiing... 2 2. Revisjonskriterium... 3 3. Data... 5 4. Vurderingar og tilrådingar... 8 Vedlegg

Detaljer

Tilskotsbrev prosjekt Taredyrkarnettverket for mat

Tilskotsbrev prosjekt Taredyrkarnettverket for mat Side 1 av 5 Nærings - og kulturavdelinga Det Kongelige Selskap for Norges Vel v/lill - Ann Gundersen Tollbodallmenningen 1 B 5004 BERGEN Sakshandsamar: Lena Merete Søderholm E - post: lena.soderholm@sfj.no

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik: Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Planutvalet, møte 28.01.15 Sakshandsamar: Joar Helgheim E-post: joar.helgheim@sfj.no Tlf.: 415 30 955 Vår ref. Sak nr.: 13/2377-31 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar Saksframlegg Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 15/229-1 Arkiv: G20 Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar * Tilråding: Sogndal kommune dekkar sin del av kostnadene

Detaljer

Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune Saksframlegg Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 054/2016 Formannskapet i Radøy PS 01.06.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Bente Kopperdal Hervik 16/991 16/6821 Nye retningsliner for tildeling

Detaljer

Jølster kommune Saksutgreiing

Jølster kommune Saksutgreiing Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Utval for Plan og Utvikling 13.06.2012 032/12 TOF Kommunestyret 19.06.2012 050/12 TOF Sakshandsamar: Thor Ove

Detaljer

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram Kommuneprosjektet Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram 28/4 2011 Lars Hustveit Fagkoordinator Næringsavdelinga,

Detaljer

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE Sak 47/16. Vedteke formannskapet 06.09.2016 Sak 50/16 Vedteke Kommunestyret 20.09.2016 1 Innhald Innhald... 1 1. Heimel, kapital og avkastning... 2 2. Føremål... 2 3.

Detaljer

20 JAN2012 DET KONGELEGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. i henhold til adresseliste (28

20 JAN2012 DET KONGELEGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. i henhold til adresseliste (28 DET KONGELEGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT i henhold til adresseliste (28 BuskerudfyIkeskommune Sentraladministrasjon Ark.kocle: &anew: 20 JAN2012 Dykkar ref Vår ref Dato 12/107-1KON 9-.01.2012 Bulyst

Detaljer

Gode pengar til gode prosjekt. Førde mai 2011

Gode pengar til gode prosjekt. Førde mai 2011 Gode pengar til gode prosjekt Førde mai 2011 Søknadshandsaming - mål Lage den «komplette» saksinnstilling som et godt beslutningsgrunnlag. Finne ei god løysing for søkaren. «Riktig» i forhold til regelverk

Detaljer

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2014 2017 www.sfj.no 1. Innleiing. Hovudutval for opplæring vedtok i sak 38/09 Utviklingsplan pedagogisk-psykologisk teneste

Detaljer

Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune Saksframlegg Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 062/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.10.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/230 16/12590 Kommunal planstrategi Radøy kommune 2016-2020

Detaljer

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL. REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL. Reglane utfyller vedtektene for bruk av kraftfondet gjevne av kommunalog regionaldepartementet UTFYLLANDE HANDSAMINGSREGLAR TIL VEDTEKTENE FOR KRAFTFONDET

Detaljer

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 17.12.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/16043 331.2 Dykkar referanse Kommunane i Hordaland Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Postboks 13,5902

Detaljer

Sentrale prinsipp for sakshandsaming. Fagdag på Skei den 21. september

Sentrale prinsipp for sakshandsaming. Fagdag på Skei den 21. september Sentrale prinsipp for sakshandsaming Fagdag på Skei den 21. september Søknadshandsaming - mål Lage den «komplette» saksinnstilling som et godt beslutningsgrunnlag. Finne ei god løysing for søkaren. «Riktig»

Detaljer

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for Vassregion Sogn og Fjordane 25. august 2011

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for Vassregion Sogn og Fjordane 25. august 2011 Side 1 av 7 Plan- og samfunnsavdelinga Etter adresseliste Sakshandsamar: Merete Farstad E-post: Merete.Farstad@sfj.no Tlf: 57 65 62 67 Vår ref. Sak nr.: 10/5069-67 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt

Detaljer

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING Org.nr: 841843932 24. driftsår - 2 - ÅRDAL UTVIKLING Selskapet si verksemd Hovudoppgåva til stiftinga Årdal Utvikling er tiltaksarbeid og næringsutvikling i Årdal kommune.

Detaljer

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane

Høyring- revidering av forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane Side 1 av 5 Næringsavdelinga Adresseliste Sakshandsamar: Elisabeth Aune E-post: Elisabeth.Aune@sfj.no Tlf.: 41530695 Vår ref. Sak nr.: 15/10125-6 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 9694/16

Detaljer

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07. Saksprotokoll Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : 29.08.2007 Sak nr.: 07/3032-3 Internt 1.nr. 16625/07 Sak: 39/07 Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale Behandling: Dette gir følgjande endeleg

Detaljer

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1. MØTEINNKALLING Utval: Komite for næring, kultur og idrett Møtestad: Formannskapssalen Herøy rådhus Dato: 18.09.2013 Tid: 16:00 Melding om forfall til tlf. 70081300. Forfall til møter i kommunale organer

Detaljer

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Stordal kommune STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Vedteke i kommunestyret 27.06.2012 Postadresse: Kommunehuset 6250 Stordal Besøksadresse: E-post postmottak@stordal.kommune.no Telefon 70 27 91

Detaljer

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak: Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Atle Reidar Sandnes, Næringsavdelinga Sak nr.: 15/3351-1 INU-FSF- Handlingsplan 2015 og Årsrapport 2014 Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial Opplæringsavdelinga Side 1 av 1 Kunnskapsdepartementet Sakshandsamar: Kenth Rune T. Måren E - post: kenth.rune.maren@sfj.no Tlf. : 41530971 Vår ref. Sak nr.: 16 / 7554-4 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt

Detaljer

I møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:

I møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004: FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE Sakshandsamar, tlf Vår dato Terje Øvrebø - 57 72 32 51 20102008 E-post Dykkar dato tov@fmsfno 15092008 Vår referanse 2008/4004-4220 Dykkar referanse Landbruks- og matdepartementet

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 16.02.2011 Tid: 08.30

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 16.02.2011 Tid: 08.30 Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen : 16.02.2011 Tid: 08.30 MØTEINNKALLING Event. forfall må meldast til tlf. 57 65 56 00. Varamedlemer møter etter nærare varsel. Saksdokumenta er utlagde

Detaljer

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 06-00 . Innleiing Regjeringa la fram dei nasjonale forventningane til regional og

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport Opplæringsavdelinga Side 1 av 1 Det Kongelige Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep. 0032 OSLO Sakshandsamar: Kenth Rune T. Måren E - post: kenth.rune.maren@sfj.no Tlf. : 41530971 Vår ref. Sak nr.:

Detaljer

Dykkar ref Vår ref Dato

Dykkar ref Vår ref Dato Innovasjon Noreg, hovudkontoret Dykkar ref Vår ref Dato 08.01.2016 1. Økonomisk ramme stilt til disposisjon for 2016 Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gir i dette oppdragsbrevet rammene til

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

REGIONALE IDRETTSANLEGG

REGIONALE IDRETTSANLEGG SAK 53/13 REGIONALE IDRETTSANLEGG Saksopplysning I sak 49/13, eventuelt var eit punkt regionale idrettsanlegg, der det vart gjort slikt vedtak: Til neste møte i Regionrådet skal dagleg leiar har førebudd

Detaljer

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval

Detaljer

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet: Saksutredning: REISELIVSSTRATEGI FOR VESTLANDET 2013-2020 Trykte vedlegg: Utrykte vedlegg: 1. Bakgrunn: Vestlandsrådet har utarbeidd og vedteke ein felles reiselivsstrategi for Vestlandet. Bakgrunnen var

Detaljer

Frå plan til handling

Frå plan til handling Frå plan til handling Fylkeshuset 27. august 2014 Dagsorden Innleiing status for verdiskapingsplanen Målformuleringar RUP.no Om utsendt «dummy» for satsinga kunnskap Fylkestinget gjorde 11/6 slikt vedtak:

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

Sakshandsaming. Gloppen hotell 3. september

Sakshandsaming. Gloppen hotell 3. september Sakshandsaming Gloppen hotell 3. september 2015 www.innovasjonnorge.no Søknadshandsaming - mål Lage den «komplette» saksinnstilling som et godt beslutningsgrunnlag. Finne ei god løysing for søkaren. «Riktig»

Detaljer

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling Arnt Sommerlund Daglig leder i Aukra Næringsforum E-post: arnt@aukra-naeringsforum.no Mobil: 900

Detaljer

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 06-00 Vedteke i sak /6 i Fylkestinget.06.6 . Innleiing Regjeringa la fram dei nasjonale

Detaljer

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1 Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan 2013-2016 Pilotfylke Møre og Romsdal 1. Innleiing Møre og Romsdal fylkeskommune fekk i 2013 eit tilskot på kroner 100 000

Detaljer

Planutvalet, 27. november 2013

Planutvalet, 27. november 2013 Side 1 av 8 Plan- og samfunnsavdelinga Planutvalet, 27. november 2013 Sakshandsamar: Doris Lene Rutledal E-post: doris.lene.rutledal@sfj.no Tlf: 96013766 Vår ref. Sak nr.: 13/2377-3 Gje alltid opp vår

Detaljer

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200809360-112 Arkivnr. 656 Saksh. Bjørsvik, Elisabeth, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen Næringsforum 5.september 2017 Kva vi tek føre oss Arbeidet med nyskaping i verdiskapingsplanen eit overblikk ved Endre Etableraropplæring, kompetanseheving og koordinering

Detaljer

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311 Sak 30/10 MØTEBOK PORTEFØLJESTATUS PR FEBRUAR 2010 Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 20/10 Os Formannskap PS 16.03.2010 / Os kommunestyre

Detaljer

R E T N I N G S L I N E R

R E T N I N G S L I N E R R E T N I N G S L I N E R NÆRINGSRETTA MIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING, KOMPENSASJON FOR AUKA ARBEIDSGJEVARAVGIFT Statsbudsjettet kap. 551, post 61. Vedtekne i Nærings- og miljøutvalet 03.06.08, og i Fylkesutvalet

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet 26.01.2017 002/17 Kommunestyret 09.02.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 16/155-17 Kommunal planstrategi 2016-2020,

Detaljer

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING SAK 32/12 LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING Saksopplysning (i grove trekk brev dat. 13.8.2012) I vedlagt brev dat. 13.8.2012 (vedlegg 1) frå prosjektgruppa for Prosjekt lokalmedisinske

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom

Detaljer

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar SAKSOPPLYSNINGAR Kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde har etablert fleire felles prosjekt og ordningar for å utvikle samhandlinga

Detaljer

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009 Hovudutval for plan og næring Side 1 av 7 Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009 Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring

Detaljer

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt Sakshandsamar, direktetelefon Kristin B. Vindvad, 35 58 61 31 Vår dato 11.07.2016 Dykkar dato 13.06.2016 Vår ref. 2016/3152 Dykkar ref. Vinje kommune Vinjevegen 192 3890 VINJE Planstrategi for Vinje kommune

Detaljer

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND 2016-2028 Vedteke: Saks nr: Dato: 04.06.2015 Innhold 1 Innleiing... 2 2 Bakgrunn for planarbeidet... 2 2.1 Krav til planlegging av tenesteområdet... 2 3 Mål

Detaljer

Planstrategi for Balestrand kommune

Planstrategi for Balestrand kommune Planstrategi for Balestrand kommune 02.05.2017 Planstrategi Etter plan og bygningslova skal ein gjennom arbeidet med ein kommunal planstrategi drøfte kommunens strategiske val knytt til samfunnsutvikling.

Detaljer

Interkommunalt byggjetilsyn

Interkommunalt byggjetilsyn Interkommunalt byggjetilsyn i Sogn Brann og Redning IKS 20 november 2010 Innhaldsliste: side 1.0 Innleiing 3 2.0 Gjeldande lovverk 3 3.0 Dimensjonerande grunnlag for byggetilsynstenesta 4 4.0 Byggetilsyn

Detaljer

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 03.05.2012 2012/732-610 E-post: fmsfboc@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032

Detaljer

Framlegg til Handlingsprogram

Framlegg til Handlingsprogram Høyringsutgåve Framlegg til Handlingsprogram 2016-2018 Regional plan for vassforvaltning i Sogn og Fjordane vassregion (2016-2021) Høyringsperiode: 1. september 15. oktober 2015 www.vannportalen.no/sognogfjordane

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/1164-10350/2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 27.04.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 50/16 Komité for drift og forvaltning 10.05.2016 Høyringsuttale

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7 Kommunal medfinansiering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar innan helseområdet. TILRÅDING: Leikanger kommune vedtek

Detaljer

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE Mars 2013 1. Formål med og målgruppe for ordninga Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver

Detaljer

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988) Opplæringsavdelinga Side 1 av 1 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 DEP 0032 OSLO Sakshandsamar: Kenth Rune T. Måren E - post: kenth.rune.maren@sfj.no Tlf. : 41530971 Vår ref. Sak nr.: 17 / 6799-5 Gje

Detaljer

Gode pengar til gode prosjekt. Førde januar 2014

Gode pengar til gode prosjekt. Førde januar 2014 Gode pengar til gode prosjekt Førde januar 2014 Søknadshandsaming - mål Lage den «komplette» saksinnstilling som et godt beslutningsgrunnlag. Finne ei god løysing for søkaren. «Riktig» i forhold til regelverk

Detaljer

Tilskotsbrev prosjekt for oppfølging av melding om kystskogbruket

Tilskotsbrev prosjekt for oppfølging av melding om kystskogbruket Side 1 av 5 Nærings - og kulturavdelinga Nord - Trøndelag fylkeskommune Kystskogbruket Seilmakergata 2 7735 STEIN KJER Sakshandsamar: Kristin Arnestad E - post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf. : 90616843

Detaljer

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad

Detaljer

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/34309-1 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget 13.12.2016

Detaljer

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00 MØTEBOK Organ Møtestad Hovudutval for plan og næring Sygna, Fylkeshuset Møtedato 25.02.2014 Kl. Kl 10:30 14:00 Faste medlemer til stades: Hilmar Høl Ap Jorunn Eide Kirketeig Ap Arve Helle Ap Karen Marie

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197 Sogn og Fjordane revisjon IKS - endring av selskapsavtalen. Rådmannen si tilråding: Kommunestyre vedtek endring av 4 i selskapsavtalen

Detaljer

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule Side 1 av 5 Opplæringsavdelinga Kunnskapsdepartementet Postboks 8119, dep 0032 OSLO Sakshandsamar: Reidun Liljedahl Fimreite E-post: reidun.liljedahl.fimreite@sfj.no Tlf.: 57 65 62 19 Vår ref. Sak nr.:

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647 Arkiv: Luster kommune sin næringspolitikk Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek at vedlagde næringsnotat, med dei endringar og

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/1944-23816/2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: 03.10.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 99/16 Komité for drift og forvaltning 18.10.2016 Uttale

Detaljer

Dykkar ref. Vår ref. Dato. Tabell 1. Midlar som blir stilte til disposisjon for verksemda til Innovasjon Noreg i 2017

Dykkar ref. Vår ref. Dato. Tabell 1. Midlar som blir stilte til disposisjon for verksemda til Innovasjon Noreg i 2017 Innovasjon Noreg, hovudkontoret Dykkar ref. Vår ref. Dato 17/51-1 13.01.2017 Statsbudsjettet 2017 oppdragsbrev til Innovasjon Noreg 1 Økonomisk ramme stilt til disposisjon for 2017 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Detaljer

DESTINASJONSUTVIKLING

DESTINASJONSUTVIKLING FYLKESPLANEN I SOGN OG FJORDANE 2005 2008 SATSINGSOMRÅDE NYE NÆRINGAR OG TENESTER Foto: Terje Eggum REISELIV DESTINASJONSUTVIKLING Innspel frå Sogn og Fjordane Reiselivsråd Destinasjonsselskapa i Sogn

Detaljer

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane Førde kommune Arkiv: FA - L12 JournalpostID: 16/679 Sakshandsamar: Holme, Berit Dato: 13.01.2016 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet 21.01.2016 001/16 Bystyret 28.01.2016 Fastsetjing

Detaljer

Sogn og Fjordane Bondelag

Sogn og Fjordane Bondelag Utarbeidet av Merete Støfring Til Anja Fyksen Lillehaug, Næringspolitisk Fråsegn Kopi til Lausdriftskravet 2024 svar på intern høyring Styret i Sogn og Fjordane Bondelag ser på denne saka som den viktigaste

Detaljer

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt » EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-026, K2- Arkivsak ID: 14/429-2 Journalpost ID: 14/2861 Saksh.: Aud Opheim Lygre Dato: 03.06.2014 SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksh. Eidfjord formannskap

Detaljer

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte Musea i Sogn og Fjordane Styremøte Dato: Tysdag 23.04.2013 Tid: Kl. 11:00 Stad: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kaupanger MØTEBOK Frå styret møtte: Frå adm. møtte: Referent:, Laura Kvamme,

Detaljer

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi? Kontrollutval rådmann - revisor Korleis samarbeider vi? Innleiing SEKOM-sekretariat yter tenester for 15 kommunale kontrollutval. Det er sjølvsagt ein del ulikskapar i korleis ein jobbar i alle desse kommunane.

Detaljer

36/12 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK - RAPPORT ETTER SELSKAPSKONTROLL

36/12 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK - RAPPORT ETTER SELSKAPSKONTROLL Bømlo kommune Sekretariat for kontrollutvalet SAKSFRAMLEGG Til: Kontrollutvalet Dato: 19. sep. 2012 Sakshandsamar: Molven, Elin Kopi til: Sak: 36/12 36/12 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK - RAPPORT

Detaljer

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/12025-2 Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for n 2016 2017 Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring

Detaljer

Oppfølging etter forvaltningsrevisjon - Innkjøp og oppfølging av kollektivtransport

Oppfølging etter forvaltningsrevisjon - Innkjøp og oppfølging av kollektivtransport Side 1 av 5 Fylkesrådmannen Kontrollutvalet Sakshandsamar: Trine Lise Sagmo E - post: Trine. Lise. Sagmo@sfj.no Tlf. : 41530950 Vår ref. Sak nr.: 15 / 12917-3 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.10.2014 60985/2014 Maria Bolstad Dale Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 22.10.2014 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 18.11.2014 Fylkestinget

Detaljer

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune

Detaljer