SKULEPROGRAM VÅREN Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SKULEPROGRAM VÅREN Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms"

Transkript

1 SKULEPROGRAM VÅREN 2018 Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms

2 Eg har alltid vore glad i forteljinga. Ei av mine favoritthistorier er forteljingane i dei fem bøkene om Sofie og Kathrine av Grete Haagenrud. Desse forteljingane handlar om dei to jentene som blir tvangsevakuert frå Vadsø, via Tana til Lillesand i Gjennom dei fem bøkene følgjer vi liva deira i Vadsø under krigen, flukta frå storbombinga, tvangsevakueringa med lasteskipet «Karl Arp», livet i Lillesand og reisa tilbake igjen. Det er den yngste av dei to jentene, Sofie, som er forteljaren i bøkene. Vi får sjå krigen gjennom auga hennar. Desse bøkene skildrar mange delar av krigen i Finnmark og Noreg, men mykje av det som blir fortalt gjeld òg for menneske som opplever krig i dag eller som har opplevd krig tidlegare. Historia gjentek seg ikkje, men mange mekanismar er like. Dette er noko av det vi ynskjer å formidle på museet. Dette er ein av grunnane til at museet i sidan 2013 har vore involvert i prosjektet «Eyes of Children». Dette prosjektet går i korte trekk ut på at palestinske barn i flyktningleiren Rashedieh, Libanon, får utdelt kamera som gjev dei moglegheit til å ta bilete av kvardagen sin, av livet sitt i ein flyktningleir som for dei aller fleste alltid har vore heimen deira. Desse bileta blir utstilt i leiren, men blir òg utstilt i Noreg. I år kjem dei til museet og på den måten får vi moglegheit til å sjå dagens historie gjennom «Eyes of Children».

3 Å arbeide med historie handlar om å gå i breidda og å grave djupt. Det handlar om å teikne opp det store bilete og å fortelje historia til enkeltmenneske. Å kjenne til historia til menneska i eigen landsdel, og på den måten auke historieforståinga, kan verke identitetsskapande for barn og unge. Vi legg til puslespelbit etter puslespelbit og får stadig fram nye delar av bilete nye nyansar. Vi vil gjerne at elevane òg skal få del i dette puslearbeidet og at dei etter kvart som dei blir eldre og i stand til å lære meir, skal få legge til fleire bitar gjerne saman med oss. Vi håper òg å få formidla historie på mange ulike måtar og innanfor mange ulike fag, anten det er snakk om å teikne gjenreisingshus, lytte til forteljingar frå den gong då eller bygge opp eigne forteljingar ved hjelp av arbeid med kjelder for å nemne noko. Vi har gamle klassikarar som programmet, som ein tur til Fuglenesodden eller oppdagingsferda til Gåtefulle Forsøl for 4. trinn, men vi har òg nye opplegg som vi håper skal bli klassikarar sånn som «Samefolkets veke» og opplegget for småtrinnet, mellomtrinnet og ungdomstrinnet om krigen i Finnmark og Nord-Troms. Ta kontakt for å få eit opplegg som er best mogleg tilpassa dine elevar. Velkommen til Gjenreisningsmuseet! Beste helsing Julia Stangeland, formidlar og museumspedagog, Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms. Telefon: E-postadresse: julia.stangeland@gjenreisningsmuseet.no

4 Praktisk informasjon Alle skuleklassar er velkomne til å nytte dei faste utstillingane våre som eit utvida klasserom utan kostnader (skulane må sjølv dekke transport). Matpakke kan etast i kafeen vår i samband med besøk på museet. Bruk av museet krev påmelding per e-post eller telefon. Dersom skulane kontaktar museet i god tid i forkant er det lettare å tilpasse besøket til den enkelte klassen. Lærarane har ansvaret for å halde elevene i ro under besøket. Gjenreisingsmuseet kan brukast som eit utvida klasserom for fleire fag, mellom anna historie, samfunnsfag, norsk, kunst og handverk og naturfag. Det er eigentleg berre fantasien som set grenser. Dei fleste undervisningsopplegga er fundert i kompetansemål i læreplanar i ulike fag og på den måten òg tilpassa ulike alderstrinn. Følg oss gjerne på facebook, eller bli medlem av vår gruppe «gjenreisningsmuseet-forum for skole». Her vil oppdateringar om aktivitetar, artiklar, foredrag og liknande leggast ut.

5 1.-3. trinn: Kubbe lager museum I boka Kubbe lager museum får vi sjå korleis Kubbe planlegg og gjennomfører arbeidet med å lage og drive eit museum. Vi les boka og elevane får så teikne og fortelje om kva dei ville stilt ut dersom dei skulle lage eit museum. Tid: 2 timar

6 4. trinn: Kva er eit museum Elevane får høve til å bli kjende med korleis vi arbeider på eit museum og kvifor det finst museum. Dei følgjer eit objekt si vandring frå kvardagsgjenstand til museumsartefakt. Elevane får dessutan bli kjent med ulike arbeidsroller i museet. Opplegget vil bli halde i veke 4, januar. Tid: 1,5 time

7 Samefolkets veke Kvart år blir samefolkets dag markert den 6. februar. Museet vil i år markere denne dagen med det vi har kalla «Samefolkets veke» i veke 6. Vi inviterer elevar på 6. trinn til å komme til museet for å lære meir om sjøsamisk historie og sjøsamisk tradisjon og til å lage si eiga sølje i god duodji-and. Alle elevane må ta med eit metallok (til dømes frå ein fiskebolleboks eller maisboks) som utgangspunkt for sølja. Samefolkets veke vil bli arrangert i samarbeid med den samiske kulturorganisasjonen GULA som har hovudvekt på det sjøsamiske. Opplegget vil blir gjennomført februar frå kl. 9 til 12. Påmeldingsfrist 19. januar 2018.

8 5. trinn: Fiskereiskapar i naustet på Fuglenesodden Etter påske ser vi på utviklinga av reiskapsteknologi i fisket og på livet til ein fiskarbondefamilie. Til dette vil vi bruke Melkøya-husa på Fuglenesodden som eignar seg ypparleg som tidsmaskin.

9 Alle trinn: Eyes of Children Eyes of Children er eit prosjekt der palestinske barn tek bilete av eige liv kvardagsliv i flyktningleiren Rashedieh i Libanon. Det gjev oss moglegheit til å sjå livet gjennom «Eyes of Children». Desse bileta blir seinare stilt ut både i flyktningleiren og i Noreg. Gjenreisningsmuseet har ansvar for desse bileta, og i samband med 70-årsmarkeinga av Nakba (15. mai 1948), den fyrste gongen palestinarar blei drivne frå heimane sine, vil vi sette opp ei utstilling der vi vil vise bilete frå fleire av dei åra då prosjektet Eyes of Children har vore aktivt. Utstillinga vil vere klar 14. mai og blir ståande i ca. éin månad. Vi oppmodar skulane til å nytte høve til å få innblikk i ein konfliktsituasjon som har blitt kvardag. Gjenreisningsmuseet vil òg lage til eit undervisningsopplegg knytt til denne utstillinga. Fokuset vil vere krig og kvardagsliv, og samanlikning av flyktningtilveret for finnmarkingane og nordtromsveringane i 1944/45 og palestinarane i dag. Eit anna viktig samanlikningsgrunnlag er liva til barn i Noreg i forhold til liva for barna i flyktningleiren. Kva er likt? Kva er ulikt? Nærmare informasjon kjem seinare.

10 4. trinn: Gåtefulle Forsøl 4. trinn ved skulane i Hammerfest blir nok ein gong invitert til å oppdage steinalder og kulturminner i Forsøl. Dette er eit DKS-opplegg som vil bli arrangert i veke 23, juni.

11 Krig I Finnmark og Nord-Troms Vi har eit mål på museet om at alle ungar i Hammerfest kommune og gjerne òg utanfor kommunen skal lære om korleis andre verdskrig prega Finnmark og Nord- Troms. Vi vil at ungane allereie frå dei går på småtrinnet skal få lære om distriktet si dramatiske fortid. Samtidig er det eit ynskje for oss at dei skal kunne besøke museet fleire gonger og med litt nytt utbytte kvar gong. Vi vil at dei skal lære om krigen på nye måtar og på fleire måtar, tilpassa nivå og utviklingstrinn. Vi vil at dei etter kvart skal bli i stand til å samanlikne ulik former for historier om krigen, kunne sjå parallellar mellom krig då og krig nå. Allereie frå dei er små, men særleg når dei blir eldre, vil vi gjerne at dei skal få ei forståing for at det finst mange ulike typar forteljingar om den same historia, og få kunnskap om korleis forskarar og andre arbeider med krigshistoria vår.

12 Småtrinnet: Forteljingar om krig Gjennom opplesing av ulike barneforteljingar får elevane innsikt i korleis krig påverkar kvardagen. Forteljingane vil vere henta frå krigen i Finnmark og særleg frå 1944 og 1945, men forteljingane kan òg overførast til krig og konflikt generelt. Etter lesestunda får elevane lage teikningar som kan illustrere det dei har høyrt om. Tid: 1,5 time

13 Mellomtrinnet: Flyktningar frå krig Sjå deg rundt heime. Viss dette kanskje var den siste gongen du var der, kva ville du ha teke med? Viss huset ditt snart ville gå opp i flammar. Kva ville du ha redda ut? Tenk deg at du måtte flykte, men du visste ikkje kvar du ville ende opp. Kva ville det vore lurt å ta med? Med utgangspunkt i ein koffert vil elevane få kunnskap om krigen i Finnmark og Nord-Troms, livet som flyktning då og livet som flyktning nå. Vi ber elevane finne ut kva deira koffert er lasta med. Tid: 1,5 time

14 9. trinn: Andre verdskrig med fokus på Finnmark si historie I dette opplegget er målet at elevane skal bli kjent med eiga krigshistorie, samtidig som dei øver opp historiefaglege ferdigheiter som arbeid med kjelder og historieframstilling. Opplegget er tredelet med foredrag + verkstad + omvising. Opplegget varer i 2,5 time og vil bli arrangert i veke 9 og 10.

15 Historie på vgs.: Ulike innfalsvinklar til kjeldearbeid Avisene var under andre verdskrig delt i nazifiserte aviser og illegale aviser. Dei fortalte to ulike historier om tvangsevakueringa og nedbrenninga. Gjenstandar kan fortelje mykje både om menneska som eigde dei og om perioden då dei var i bruk. Fotografiet fortel meir enn 1000 ord, blir det sagt. Dei kan samtidig vere både gode og dårlege tidsvitne. Kvart av opplegga tar 1,5 time. Dei kan gjennomførast både på museet og i klasserommet.

16 Alle trinn: Foto som historieforteljar Med utgangspunkt i utvalte bilete frå krigen og evakueringa, får elevane skape sine eigne historier. Her får elevane kombinert arbeid med kjelder og utvikling av historisk medvit, utan at det krev lesing av tekst. Tid: 1,5 time

17 Ungdomsskulen og vidaregåande: Det står i avisa Media er eit viktig våpen i krigstid. Gjennom arbeid med aviser frå 1944 og 1945 kan elevane få eit innblikk i korleis media blir brukt som våpen og få ei innsikt i kvifor dette er nyttig. Media under andre verdskrig var delt i to og det er tydeleg blant dei to partane at den same hendinga hadde to framstillingar. Arbeid med avisene kan vere nyttig i fleire fag, både i norsk, historie og i ulike samfunnsfag. Opplegga blir tilpassa nivå, fag og kompetansemål. Tid: 1,5 time

18 2. trinn: Arkeologi på timeplanen Her kan elevane besøke museet og steinalderrommet. Vi snakkar om kva ein arkeolog gjer og korleis han arbeider. Tid: 45 minutt

19 Alle trinn: Det fleirkulturelle folket Gjenreisningsmuseet har heilt sidan det var nytt hatt ein utstillingsdel kalla for «Det flerkulturelle folket». Denne utstillingsdelen kan saman med samestova og steinalderrommet vere ei fin ramme for å fortelje om samisk og etter kvart norrøn og kvensk busetting heilt frå steinalder og fram til vår tid. Det vil vidare vere naturleg å snakke om korleis samspelet mellom dei ulike folkegruppene har arta seg både i positiv og negativ forstand. Stikkord vil vere identitet fornorsking, nasjonsbygging, rasisme, diskriminering, assimilasjon, naturressursar, tradisjon, teknologisk utvikling, kultur, språk og rettigheiter for minoritetar. Samane og kvenane si rolle i gjenreisingsperioden, kan òg trekkast fram. Utstillingsdelane kan brukast både med og utan formidlar frå museet. Museet kan tilby ulike undervisningsopplegg tilpassa fleire trinn og fleire fag. Ta kontakt for tilpassa opplegg.

20 1. trinn: Besøk i samestova I samestova sakkar vi om livsgrunnlag, og om det å ta vare på tradisjonar. Elevane får designe si eiga kufte. Tid: 1,5 time

21 Faget: Sosiologi og sosialantropologi: Fleirkultur på godt og vondt Ein konsekvens av å skape eit «vi» er at vi skaper eit «dei». I norsk historie har det ofte vore eit mål at «dei» skal bli meir som «oss»/«vi». Ved hjelp av ulike kjelder og bilete får elevane høve til å «oppdage» desse mindre fordelaktige sidene ved norsk historie, sjå på korleis fornorskingspolitikken har fått konsekvensar for samane og andre norske minoritetar, sjå kva som fører til endringar i ein kultur og elles lære meir om det fleirkulturelle Noreg på godt og vondt. Opplegget legg både opp til gruppearbeid, elevpresentasjonar og samtalar i plenum. Opplegget kan òg tilpassast andre fag, til dømes historiefaget. Tid: 1,5 time

22 5. trinn: Arkitektur på timeplanen Vi skildrar særtrekk ved bygningar i nærmiljøet og samanliknar med norske og internasjonale stilretningar. Vi lagar enkle skisser av bygningane sitt særpreg. Tid: 1,5 time

23 9. trinn: Arkitektur på timeplanen Elevane får ei innføring i arkitektur generelt og i gjenreisingsarkitektur spesielt, samt ei kort innføring i topunktsperspektiv. Etterpå får elevane gå ut i museet sitt nabolag og teikne skisser av gjenreisingshus ved hjelp av den teknikken dei akkurat har lært. Tid: 1,5 time

24 Alle trinn: Besøk Telemuseet Historikk om telekommunikasjon frå morse til mobil. Telemuseet er eit godt utgangspunkt for å sjå korleis livet til menneska har endra seg i takt med teknologien. Telemuseet kan brukast til undervisning både for dei minste og for dei som går på vidaregåande skule. Ta kontakt for å tilpasse undervisninga. NB! På grunn av ombygging vil telemuseet vere stengt frå og ein periode inn i 2018.

25 Vi kan tilby museet sine hovudutstillingar med eller utan guide Omvising tar om lag 45 minutt. Ta kontakt i forkant så kan vi avtale nærare kva de ynskjer at vi skal fokusere på i omvisinga. Hovudutstilling: Krig, evakuering og gjenreising. Utstillinga kan brukast som ramme til skulen sitt eige undervisningsopplegg. Telemuseet er ei fin ramme for å sjå på den teknologiske utviklinga i norsk historie, og for elevane til å sjå korleis teknologien har påverka menneskeleg åtferd og levemåte. NB! Redusert tilgang! Fuglenesodden friluftsmuseum: Gjenreisingshus, naust og fyr, Melkøya-familien sitt liv, Meridianstøtta, Skansen forsvarsanlegg og heksebrenning. Dette er fine rammer rundt eige opplegg for skulen. Ta kontakt med museet for utlån av nøklar eller for å avtale omvising.

26 Tips: Kulturminner i nærmiljøet Natur- og kulturminner kan brukast i samband med tema som elevane arbeider med innanfor ulike fag. I tillegg kan elevane vere ute og bli kjent med kulturminner i nærmiljøet. På heimesidene våre finst det temahefte til fri bruk for dei ulike turane. Gammelveien: Restane av skyttargravene, staden for torvhenting, Middagsstanga, Klinkastupet, Jansvannet, Jansvannskogen og Trelleborgsveien. Sikk-sakkveien/parken: Musikkpaviljongen, fontena og Ole Olsen. Fuglenesodden: Meridianstøtta, kolkrana, Skansen, fyret, gjenreisingshus. Kirkegårdsbukt: Kultursti, hustufter, steinalder og jernalder.

Skuleprogram Hausten 2017

Skuleprogram Hausten 2017 Skuleprogram Hausten 2017 1 Hei, Etter mi meining er det ikkje slik at historia gjentek seg, men ulike mekanismar kan vi sjå igjen. Å leve med krig eller vere på flukt inneber mange av dei same elementa

Detaljer

Vi håper programmet vil falle i smak og at vi sees i hvert fall en gang i løpet av skoleåret!

Vi håper programmet vil falle i smak og at vi sees i hvert fall en gang i løpet av skoleåret! Skoleprogram 2018/2019 Noen skoledager husker man bedre enn andre. For meg er det gjerne de dagene vi tilbrakte utenfor klasserommet, på andre steder, med andre mennesker og der jeg ble utfordret til å

Detaljer

Skoleprogram. Våren 2017

Skoleprogram. Våren 2017 MÅL! uset er gjenreist! Et lass materialer har drevet inn med tidevannet. erialet er vått. må vente en omgang. Skoleprogram Det er uvær og arbeidet må stoppes. Finnmarkskatten har finansiert 100 nye brakker.

Detaljer

Skoleprogram 2016 / 2017

Skoleprogram 2016 / 2017 Skoleprogram 2016 / 2017 Hei og velkommen til Gjenreisningsmuseet i skoleåret 2016/2017! Vi er klare for et nytt og hektisk år her på museet, med en ny utstilling på trappene som fokuserer på gjenreisningen

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker )

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker ) ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker ) Arbeidsform (Læringsstrategiar) Anna 33-40 Ut i verda Samle opplysningar frå globus, kart

Detaljer

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Lese snakke skrive OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Som tittel på sitt ressursprosjekt har Os barneskule i Hordaland valt Lese snakke skrive, der den sentrale tanken er at elevane må

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40 Årsplan i samfunnsfag for 6. årssteg 2011/2012 Læreverk: Midgard 6, Tone Aarre, Bjørg Åsta Flatby, Per Martin Grønland, Håvard Lunnan, Aschehoug 1998 og 2007 Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40 Årsplan i samfunnsfag for 6. årssteg 2010/2011 Læreverk: Midgard 6 Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40 Norden - forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad

Detaljer

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015 Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015 Utforskaren Hovudområdet grip over i og inn i dei andre hovudområda i faget, og difor skal ein arbeide med kompetansemåla i utforskaren samtidig med at ein arbeider

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Steget skal ha 1t samfunnsfag pr. Veke. Noko av denne tida har vorte lagt til «Det er mitt val» og til matøkta.

Steget skal ha 1t samfunnsfag pr. Veke. Noko av denne tida har vorte lagt til «Det er mitt val» og til matøkta. Årsplan i samfunnsfag 1.årssteg Steget skal ha 1t samfunnsfag pr.. Noko av denne tida har vorte lagt til «Det er mitt val» og til matøkta. 34 35/36 37-40 41 42-47 Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for. Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse Årsplan i samfunnsfag 9.klasse 2016-17 Veke Veke 37-43 Kompetansemål I opplæringa skal elevane: -bruke samfunnsfaglege omgrep i (..) presentasjonar med ulike digitale verktøy (..) - vise korleis hendingar

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016 Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016 Torsdag 17 mars inviterer vi til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Vi inviterer entreprenørskapsungdom til å vise fram sine elevbedrifter, og

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016 Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016 Læreverk: Midgard 6, Aarre, Flatby, Grønland & Lunnan, 2006 Veke Tema Kompetansemål Delmål Arbeidsmåtar Vurdering 34 35 36 37 Bestemme saman (s. 154-175)

Detaljer

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE 1 Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR INFORMASJONSHEFTE 2 forord Informasjonsheftet omhandlar 10 spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga

Detaljer

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse Årsplan i samfunnsfag 9.klasse 2016-17 Veke Veke 37-43 Kompetansemål I opplæringa skal elevane: -bruke samfunnsfaglege omgrep i (..) presentasjonar med ulike digitale verktøy (..) - vise korleis hendingar

Detaljer

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN Skolens navn: Adresse: 9593 Breivikbotn Telefon: 78 45 27 25 / 26 ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 3.-4. TRINN BREIVIKBOTN SKOLE 2011 2012 LÆRER: June Brattfjord Kompetansemålene som vektlegges for skoleåret

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

8.trinn. Formål med faget:

8.trinn. Formål med faget: 8.trinn Periode: 10 veker Tema: Reisen und Ferien Formål med faget: Faget er delt i hovudområde, og dei ulike kompetansemåla er fordelt under desse. Hovudområda utfyller kvarandre og må derfor sjåast i

Detaljer

Årsplan for Samfunnsfag 9 trinn 2018/2019

Årsplan for Samfunnsfag 9 trinn 2018/2019 Årsplan for Samfunnsfag 9 trinn 2018/2019 Tenkt plan i samfunnsfag for 9. klasse 2018/2019 Lærar: Morten Haaland Læreverk: Makt og menneske 9 Nettstad; https://nyemaktogmenneske9.cappelendamm.no/ I løpet

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG

ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG 2017-2018 2 timer pr. uke Læreverk: Cumulus Periode Tema Kompetansemål Delmål fra Cumulus Arbeidsmåte Vurdering 34 Personvern Bruke grunnleggjande nettvett i Lære hva vi mener Samtale

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Trollnytt for januar og februar

Trollnytt for januar og februar He Trollnytt for januar og februar. Henry-førstehjelp for barnehagebarn er eit pedagogisk læringsopplegg utviklet for barn mellom 3-6 år. Målet er å lera dei eldste barna i barnehagen om førstehjelp. Henryførstehjelp

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde Eit oppdrag for heile organisasjonen Innhald Det er viktig å rekruttere ATV-ar 3 Arbeidsoppgåver på alle nivå 4 5 Konkrete tips i arbeidet 5 6 10 gode grunnar til

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

felles fag på 6. og 7. årssteget

felles fag på 6. og 7. årssteget Forsøk med framandspråk som felles fag på 6. og 7. årssteget til foreldre og elevar 2010 2012 Vi reiser meir og møter stadig fleire språk og kulturar. Kontakt med omverda blir viktigare. Barn opplever

Detaljer

ÅRSPLAN. Fag: Samfunnsfag. Klasse: 4. Planen vert fortløpande revidert etter kvart som året skrid fram

ÅRSPLAN. Fag: Samfunnsfag. Klasse: 4. Planen vert fortløpande revidert etter kvart som året skrid fram ÅRSPLAN Fag: Samfunnsfag Klasse: 4 Planen vert fortløpande revidert etter kvart som året skrid fram Periode Tema Kompetansemål Delmål fra Cumulus Arbeidsmåte Vurdering 34 Personvern Bruke grunnleggjande

Detaljer

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Innhold Oversikt over lag og organisasjonar... 2 Registrer ditt lag... 3 Dashbordet... 5 Legge til arrangement / hendingar... 6 Treng du hjelp?... 7 Adressa til

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Digitale ferdigheiter med "Søk og finn"

Digitale ferdigheiter med Søk og finn Digitale ferdigheiter med "Søk og finn" Volda ungdomsskule, Volda, Møre og Romsdal (8 10) Av Mari-Anne Mørk Etter at dei fekk plass i Program for skulebibliotekutvikling, har Volda ungdomsskule på Sunnmøre

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon

Detaljer

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. Å laga forbindelser mellom teksten og eleven sjølv Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. ARTIKKEL SIST ENDRET: 10.09.2015 Innanfor

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

Skule og barnehagetilbod 2015/2016

Skule og barnehagetilbod 2015/2016 Skule og barnehagetilbod 2015/2016 1 Kontaktinformasjon: Setesdalsmuseet Postboks 24 N-4748 Rysstad Tlf.: (+47) 37 93 63 03 post@setesdalsmuseet.no Museumspedagog Johanne Cecilie Fiane Hortemo jfh@setesdalsmuseet.no

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.

Detaljer

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Design og redesign. Trinn: 8. Skoleåret:

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Design og redesign. Trinn: 8. Skoleåret: ÅRSPLAN Bryne ungdomsskule FAG: Design og redesign Trinn: 8. Skoleåret: 2018-2019 Periode: veke 34-36 Tema:Om faget. Pynteglass Me lager lokk til syltetøyglas av gamle leiker Lesing: Kunna lesa seg fram

Detaljer

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen Høgskolen i Sør-Trøndelag Avdeling for lærer- og tolkeutdanning Skriftlig eksamen i MATEMATIKK, MX30SKR-C 0 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN FOR R 03.06.09. BOKMÅL Sensur faller innen 4.06.09. Resultatet blir

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Kafédialog Ungdommens kommunestyre Kafédialog Ungdommens kommunestyre Problemstilling A1: Psykisk helse I UngData svarte elevane på spørsmål om psykisk helse. Særskilt spørsmåla om bekymring, og «føler at alt er eit slit» får høge tal.

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 9 Klasse/steg: 9A Skuleår: Lærar: Anne Ølnes Hestethun, Øystein Jarle Wangen

Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 9 Klasse/steg: 9A Skuleår: Lærar: Anne Ølnes Hestethun, Øystein Jarle Wangen Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 9 Klasse/steg: 9A Skuleår: 2017 2018 Lærar: Anne Ølnes Hestethun, Øystein Jarle Wangen Veke Heile Året Kompetansemål I opplæringa skal elevane: -formulere

Detaljer

Frå dikt til teikneserie

Frå dikt til teikneserie Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er

Detaljer

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område: saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet

Detaljer

VELKOMNE PÅ MUSEET TIL HAUSTEN!

VELKOMNE PÅ MUSEET TIL HAUSTEN! Til skulane i Sogn Kaupanger, juli 2019 VELKOMNE PÅ MUSEET TIL HAUSTEN! I vår avvikla me mange innhaldsrike skuledagar her på museet, og me er svært glade for at så mange av dykk valde å bruka ein dag

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Lærerstemmer. Hvordan bruker du materiell som du bestiller fra subjectaid.no?

Lærerstemmer. Hvordan bruker du materiell som du bestiller fra subjectaid.no? Hvordan bruker du materiell som du bestiller fra subjectaid.no? Bruker det jeg bestiller aktivt i undervisningen. Både til lekser, og som et solid supplement til temaene vi holder på med. Lærebøker kan

Detaljer

Samfunnsfag. 5. trinn 2016/2017. Revidert av: Dato, sist revidering: Fagbøker: Midgard 5. Nettressurser: Tverrfaglighet: Naturfag Norsk Musikk

Samfunnsfag. 5. trinn 2016/2017. Revidert av: Dato, sist revidering: Fagbøker: Midgard 5. Nettressurser: Tverrfaglighet: Naturfag Norsk Musikk Samfunnsfag 5. trinn 2016/2017 Revidert av: Dato, sist revidering: Fagbøker: Midgard 5 Nettressurser: Tverrfaglighet: Naturfag Norsk Musikk Hovedområde: UTFORSKEREN "Hovudområdet grip over i og inn i dei

Detaljer

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN Skolens navn: Breivikbotn skole Adresse: 9593 Breivikbotn Telefon: 78 45 27 25 / 26 ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 1.-2. TRINN BREIVIKBOTN SKOLE 2011 2012 LÆRER: June Brattfjord LÆREVERK: CUMULUS 2 av Stig

Detaljer

INFORMASJON OM VALFAG VED ØRSTA UNGDOMSSKULE SKULEÅRET

INFORMASJON OM VALFAG VED ØRSTA UNGDOMSSKULE SKULEÅRET INFORMASJON OM VALFAG VED ØRSTA UNGDOMSSKULE SKULEÅRET 2013 2014 Vi presenterer 6 valfag dette skuleåret. Valfaga vil ha eit omfang på 2 timar kvar veke, i tillegg vil det kanskje vere 1-2 heile skuledagar

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn Regionalt fagnettverk Den første lese- og skriveopplæringa Norsk 1.-2. trinn 23.01.2018 Dagsorden Oppstart og presentasjon Gjennomgang av mellomliggjande arbeid Høgtlesing og bruk av småbøker Oppsummering

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten Instruks for munnleg eksamen for lærar Frå forskrift til opplæringslova 3-18. Lokalt gitt eksamen Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar.

Detaljer

Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014

Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014 Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter 2014 Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014 Torsdag 6. mars 2014 vert entreprenørskapsungdom frå heile Sogn og Fjordane invitert til

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra. Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

«kultur vern det å ta vare på kulturelle verdier»

«kultur vern det å ta vare på kulturelle verdier» «kultur vern det å ta vare på kulturelle verdier» program 10. september 18.september 2016 Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms Hammerfest Husflidslag GULA MeronČivga Gamle Mårøys venner Hammerfest

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Retningslinjer for gjennomføring

Retningslinjer for gjennomføring Retningslinjer for gjennomføring 2012 Kartleggingsprøver i grunnskolen Versjon desember 2012 nynorsk 1 Innhald 1. Føremålet med kartleggingsprøver... 3 2. Praktiske opplysningar... 3 2.1. Tidspunkt for

Detaljer

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel

Detaljer

Rekrutteringsplan FBK Voss

Rekrutteringsplan FBK Voss FBK Voss Rekruttering- og oppstartsplan for nye årskull i FBK Voss. Målsettinga til FBK Voss er at alle jenter og gutar som startar med fotball skal få oppleve ein trygg og start på sin fotballkarriere.

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! 2018 14-15 Den norske kyrkja i Vanylven Kyrkjekontoret tlf. 70022160 E-post: vanylven.kyrkjekontor@vanylven.kyrkja.no Har du nokon gong lurt på eit eller

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018 Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2017 2018 Nr 3 - Januar Så tar me hoppet over til 2018 Enno eit år er lagt bak oss og me skal ta til på eit nytt halvår i skulen. Me ønskjer alle eit godt

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG

ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG 2019-2020 2 timer pr. uke Læreverk: Cumulus, Nye Gaia og Salaby Lærere: Kenneth Salte og Maria F. Sivertsen Periode Tema Kompetansemål Delmål fra Cumulus Arbeidsmåte Vurdering 34 Personvern

Detaljer