Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:"

Transkript

1 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: /2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet ( ) gjennomførte Møreforsking på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune to spørjeundersøkingar (i 2007 og 2009) blant avgangselevane på studieførebuande/allmennfagleg studieretning (VG3) og elevane på yrkesfagleg studieretning på VG2-nivå i dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Spørjeundersøkinga vart gjennomført på nytt i februar i år, også denne gong av Møreforsking på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Svara frå undersøkinga vil bli brukt til å tilpasse fylkeskommunen sitt tenestetilbod til ungdom, og vil òg vere eit kunnskapsgrunnlag for arbeidet med ny regional planstrategi. Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område: kva grad av medverknad opplev dei unge å ha i sin kommune/på sin skule kva veit ungdom om arbeidet til ungdomsråda og elevråda kva kjennskap har ungdommane til arbeidslivet i Møre og Romsdal kva framtidsplanar har ungdommane i Møre og Romsdal kva veit dei unge om Møre og Romsdal fylkeskommune sitt arbeid for ungdom I tillegg vart det i årets undersøking lagt til nokre spørsmål omkring: ungdom si oppleving av trivsel i nærmiljø og skule bruk av rusmidlar blant ungdom kjennskap til kommunereforma Studien omfattar alle dei offentlege vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Alle tre undersøkingane (2007, 2009 og 2015) er webbaserte og alle elevar vart kontakta via e-post. I alt vart undersøkinga i 2015 sendt ut til elevar, og av desse svara elevar (26,5 prosent), ein litt høgare svarprosent enn i 2009 (23,2 prosent). Elevane som har svara på undersøkinga skil seg noko frå den faktiske populasjonen med omsyn til kjønn og til ein viss grad med omsyn til kva region dei høyrer til. Gutar er underrepresenterte i undersøkinga i forhold til jenter, og elevar frå Sunnmøre er litt underrepresenterte i forhold til elevar frå Romsdal. Fordelinga mellom studieretningane yrkesfag og studieførebuande/allmenne fag samsvarar bra med populasjonen (sjå tabell nedanfor).

2 Samanlikning mellom elevane som svara på undersøkinga og faktisk populasjon, i prosent. Populasjon Faktiske svar Differanse Kjønn Gut Jente Region Sunnmøre Romsdal Nordmøre Studieretning Studieførebuande Yrkesfag 51,5 48,5 54,6 23,3 22,1 56,1 43,9 41,1 58,9 51,0 26,7 22,3 56,8 43,2-10,4 10,4-3,6 3,4 0,2 0,7-0,7 Her følgjer nokre av hovudfunna frå undersøkinga: Unge har liten kjennskap til dei formelle organa som er etablerte for å sikre deira involvering Ungdomsråda som er etablerte i kommunane er generelt lite kjende blant elevane. Unge veit lite om kva ungdomsrådet i kommunen gjer og kva innverknad rådet har på politiske vedtak i kommunen. Om lag ein tredjedel av ungdommane seier at dei har høyrt om Ungdomspanelet eller Ungdommens fylkesting, men få kjenner til arbeidet som desse organa gjer. Arbeidet til elevråda ved skulane er også lite kjent, og elevråda er ikkje oppfatta å ha særleg innverknad på det som skjer på skulen. Elevråd verkar derimot å vere ein relativt brei arena for medverknad heile 43 prosent av elevane har delteke i elevråd anten på ungdomsskulen eller på vidaregåande skule. Unge har fått betre kjennskap til jobbar og utdanningsmoglegheiter i Møre og Romsdal I 2007 sa 33 prosent av ungdommane at dei kjente svært eller ganske godt til utdanningstilbodet i eiget fylke etter vidaregåande skule. I dag er det 55 prosent av ungdommane som seier det same. Dette er ein auke på heile 22 prosentpoeng. Kjennskapen til jobbmoglegheitene som finst i Møre og Romsdal har også auka. Gutar kjenner betre til jobbmoglegheitene i fylket enn jenter. Om lag halvparten av dei unge meiner det er sannsynleg at dei bur i fylket om år Dette er ein liten nedgang samanlikna med kva ungdom i 2007 og 2009 så for seg om framtida. Fleire elevar enn tidlegare veit ikkje kor sannsynleg det er at dei bur i Møre og Romsdal om år. Elevar som seier dei kjenner godt til jobbmoglegheitene i fylket svarar i større grad at det er svært sannsynleg at dei bur i Møre og Romsdal om år, medan blant dei som kjenner moglegheitene dårleg, er det fleire som svarar at det er svært lite sannsynleg at dei bur i fylket på sikt. Dei som går på yrkesfag har meir tru på at dei bur i fylket om år enn dei som går på studieførebuande/allmenne fag. Dei fleste unge trivst i nærmiljø og på skulen, men ein del har plager knytte til psykisk helse

3 Ni av ti elevar trivst på skulen og i nærområdet der dei bur. Dei elevane som deltek i organiserte fritidsaktivitetar trivst betre enn dei som ikkje deltek i slike aktivitetar. Det er relativt mange som gir uttrykk for plager knytte til psykisk helse. Til dømes seier 25 prosent av elevane at dei har følt seg ulykkeleg, trist eller deprimert den siste veka og 20 prosent har følt seg einsam. Jenter rapporterer i sterkare grad om slike plager enn gutar. Få ungdommar har god kjennskap til kommunereforma og få føler seg involvert i prosessen Om lag halvparten av elevane seier dei kjenner svært dårleg eller ganske dårleg til kommunereforma. Ein av fem elevar opplever at eigen kommune ikkje i det heile tatt involverer ungdom i diskusjonar og prosessar rundt kommunereforma, medan berre 3 prosent opplever at eigen kommune involverer ungdom i stor grad. Når det gjeld meir utfyllande informasjon om metode og opplegg for undersøkinga så syner vi til side i rapporten. Vurdering Rapporten Ung i Møre og Romsdal inneheld mykje informasjon, i denne saksutgreinga ser vi på nokre av dei viktigaste og aller mest interessante temaene. 1. Deltaking i elev- og ungdomsdemokrati Tala som gjeld elevdemokrati syner at vi fortsatt har ein veg å gå her (jf oppsummering av hovedfunn først i saksutgreeinga). Kunnskapen rundt arbeida i elevråda er dårlegare enn før og det er færre som har fått opplæring. Det positive er at det som får opplæring oppfattar den som god og at det er relativt sett fleire som deltek, det tyder på at oppgåvane går meir på omgang enn før. Dei elevane som kjenner til arbeidet seier at elevrådet har stor innverknad på det som skjer på skolen. 2. Kjennskap til utdannings- og jobbtilbod Kjennskapen til utdanningstilbodet i eige fylke, utover det som gjeld vidaregåande opplæring, har auka i løpet av åra frå 2007 til Auken er på i overkant av 22 prosentpoeng for dei som svarar svært godt eller ganske godt på spørsmålet om kor godt dei kjenner kva utdanningsvegar dei har i eige fylke når vidaregåande opplæring er avslutta. Til saman utgjer desse to kategoriane 55 % av svara i 2015, medan 30 % av elevane svarar at dei verken kjenner tilbodet godt eller dårleg. Kjennskapen til jobbmoglegheitene i Møre og Romsdal speglar noko av det same bilete. Det har vore ein auke i kjennskapen til tilbodet i løpet av perioden (ein auke på åtte prosentpoeng mellom 2007 og 2015), men fleirtalet av ungdommane har meir variabel eller dårleg kjennskap til kva typar jobbar som finst.

4 Dei elevane som meiner det er sannsynlig at dei bur i fylket om år kjenner godt til jobbmoglegheitene i Møre og Romsdal. Motsett svarar dei elevane som finn det usannsynlig at dei bur i fylket om år at dei kjenner jobbmoglegheitene svært dårleg. Samanhengen mellom det å ha delteke på karriererettleiingsdagen og kjennskapen til jobbmoglegheitene i fylket er tydeleg. Dei elevane som har delteke på denne dagen svarar at dei kjenner jobbmoglegheitene godt, medan dei som ikkje har delteke kjenner moglegheitene dårleg. Karrieredagane blir arrangert i september / oktober regionvis. Utdanningsavdelinga har saman med Ungt Entreprenørskap utarbeida eit eige arbeidshefte for bruk før og etter sjølve karrieredagen. Gutar kjenner betre til jobbmoglegheitene i eige fylke enn jenter. Nærare ein av to gutar kjenner jobbmoglegheitene i eige fylke ganske eller svært godt. Til samanlikning meiner berre ei av tre jenter det same. Ei mogleg forklaring på dette er at mange av dei store næringane i fylket tradisjonelt har vore «maskuline». Trefjerdedelar av dei som er lærlingar er og gutar, medan totredjedelar av dei som tek studieførebuande er jenter, og mange av dei fortsett utdanninga si utanfor fylket. 3. Om framtida Fleire enn tidlegare har i 2015 bestemt seg for kva dei skal gjere etter vidaregåande skule. Av dei som meiner det er svært sannsynleg at dei bur i fylket om år går ein større del på yrkesfag, medan fleire av dei som meiner det er lite sannsynleg går på studieførebuande/allmenne fag. Sidan det er flest gutar innan yrkesfaga og jenter i studieførebuande så er dette med og forsterkar kvinneunderskotet i fylket vårt, eit underskot som allereie er mellom dei største i landet. Dei elevane som ser føre seg å gå vidare studiar på høgskule svarar i større grad at det er lite sannsynleg at dei bur i fylket om år, medan dei som ikkje har planar om å studere vidare på høgskule meiner det er svært sannsynleg at dei bur i fylket om år. Dette er i samsvar med ei undersøking Høgskulen i Volda gjennomført for nokre få år sidan. Spesielt gjeld dette dei som vel å studere på høgskule eller universitet utanfor Møre og Romsdal, der få kjem tilbake til fylket. Elevar som kjenner godt til jobbmoglegheitene i fylket svarar i større grad at dei vil bli buande på heimplassen eller flytte til ein annen stad i Møre og Romsdal når dei er ferdige med vidaregåande skule enn dei som kjenner jobbmoglegheitene dårleg. Dei som kjenner jobbmoglegheitene i eige fylke dårleg svarar i større grad at dei vil flytte til ein annen stad i Noreg. Dette er eit godt argument for å fortsette arbeidet med ei rekke av dei tiltaka vi har i dag. Arbeidet med Ungt Entreprenørskap blir stadig meir kjent (sjå punkt fire), karrieredagane meir brukt og rådgjevartenesta har større fokus på det lokale næringslivet. 4. Kunnskap om Møre og Romsdal Fylkeskommune

5 Karriererettleiing, Kultursekken, Ungt entreprenørskap og Elev- og lærlingombodet er ordningar som fleire elevar kjenner til i dag samanlikna med kulla i 2007 og Karriererettleiing har ei voldsom auke frå 12 % i 2007 til 41 % i UE aukar frå 23 % i 2007, til 30 % i 2009 og 36 % i Kjennskapen til Elev- og lærlingeombudet har i perioden auka frå 23 til 34 %. 5. Karriererettleiing og vidare utdanning Tidlegare såg vi at tiltaka til fylkeskommunen med karriererettleiing har vorte betre kjende over tid. Karrieredagen er viktig her. Det er også interessant å merke seg at delen av elevane som er usikre på kva utdanning dei skal ta vidare gradvis er redusert frå 2007 til Andelen elevar som ikkje veit kva dei skal gjere etter vidaregåande skule, er redusert frå 20 % i 2007, 18 % i 2009, og til 16 % i Trivsel og levevanar Det er relativt mange som gir uttrykk for plager knytt til psykisk helse. To av ti elevar er plaga med einsemd (ganske mykje plaga eller veldig mykje plaga). På spørsmålet om ein har følt seg ulykkeleg, trist eller deprimert så har 34 % av jentene vore plaga med dette, mot 14 % av gutane. Dette er i tråd med nasjonale tal som syner at utfordringar rundt psykisk helse no er den største enkeltårsaken til fråfall i vidaregåande opplæring. Utdanningsutvalet har vedtatt ei vidareføring/videreutvikling av «Ellenoreprosjektet» som eit tiltak for å styrkje skolanes arbeid med utsette elevar. Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tar rapporten «Ung i Møre og Romsdal» til vitande. Vedlegg 1 Ung i Møre og Romsdal - rapport Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Sverre Hollen fylkesutdanningssjef

UNG I MØRE OG ROMSDAL

UNG I MØRE OG ROMSDAL RAPPORT NR. MA 15-08 Bjørn Tore Nystrand og Finn Ove Båtevik UNG I MØRE OG ROMSDAL Samanstilling av resultat frå tre undersøkingar blant ungdommar i vidaregåande opplæring 2 TITTEL Ung i Møre og Romsdal

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga Skei 1.juni 2017 Ung i Sogn og Fjordane 2017 Erik Iversen og Randi Vartdal Knoff Deltaking Ungdomsskular 2097 elevar, svarprosent 86 Vidaregåande skular

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkinga Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema som omfattar

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 03.07.2013 45416/2013 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Eit kjønnsdelt utdannings- og arbeidsmarked Bakgrunn I fylkesplanen

Detaljer

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/1090-106 Saksbehandlar: Tor Ivar Sagen Sandvik, Stig Aasland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.11.2015 Opplærings- og helseutvalet 03.12.2015

Detaljer

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Kapittel 4: Nye krav til kunnskap Tiltak 4.1 Utvikle etter- og vidareutdanningstilbod og nye utdanningar Fremje ordningar for å identifisere kompetansebehov

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 1 2 Metode Undersøkinga er utført av Analyse, utgreiing og dokumentasjon

Detaljer

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2013 32077/2013 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Ud-18/13 Utdanningsutvalet 06.06.2013 Fylkesutvalet 01.07.2013 Søknad om godkjenning av

Detaljer

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008 Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon 71 25 80 00 Telefaks: 71 25 87 21 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008 Av Heidi-Iren

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2015-2019

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2015-2019 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.04.2015 27706/2015 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 30.04.2015 Yrkesopplæringsnemnda 28.05.2015 Fylkesutvalet 27.05.2015 Fylkestinget

Detaljer

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet

Detaljer

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur Gjennomført i 2011 og februar 2015 Nordhordland ein kommune

Detaljer

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval 1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval skal ungdom i Hordaland ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement.

Detaljer

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % - Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer

Kopi til: Arkivnr.: 5

Kopi til: Arkivnr.: 5 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Analyse, utgreiing og dokumentasjon NOTAT Til: Fylkesutvalet/Opplæringsutvalet Dato: 12. november 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 20120934-1/KKJA Kopi til:

Detaljer

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Februar 2007 Om undersøkinga Undersøkinga er gjennomført av arbeidslaget AUD (Analyse, utgreiing og dokumentasjon) på oppdrag frå Europakontoret. Datainnsamlinga

Detaljer

Dobbelt så mange moglegheiter

Dobbelt så mange moglegheiter Til: Skolefagleg ansvarleg i kommunane i Møre og Romsdal Skolar med elevar på 10. trinn i Møre og Romsdal (til rektor, kontaktlærarar på 10. trinn og rådgivarar) Invitasjon og påmelding til karrieredagane

Detaljer

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte

Detaljer

Ungdata-undersøkinga i Volda 2013

Ungdata-undersøkinga i Volda 2013 Ungdata-undersøkinga i 2013 FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidspunkt: Veke 39 40 Klassetrinn: 8. 10. klasse + VG1 Svar: 321 (US) / 158 (VGS) Svarprosent: 93 (US) / 85 (VGS) Nøkkeltal (vidaregåande skule) UNGDATA

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.03.2016 18413/2016 Geir Løkhaug Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 12.05.2016 YSK-tilbodet i Møre og Romsdal Bakgrunn Bruken av omgrepa TAF, SAF

Detaljer

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100% Q Eg er : Besvart: Hoppet over: 0 Gut Jente valg Gut Jente,8% 8,8% 0 Totalt / Q Kor gamal er du? Besvart: Hoppet over: 0 år år år år år 7 år 8 år 9 år valg år år år år år 7 år 8 år 9 år 0,00% 0 9,09% 9,09%

Detaljer

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå. Møteinnkalling Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: 13.10.2014 Tid: 12.00 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ingeborg Forseth, tlf 71 25 85 99/900 99 422 eller ingeborg.forseth@mrfylke.no,

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001.

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001. Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001. 1. Innleiing. Evalueringa er eit ledd i utviklinga av programmet, og er såleis ikkje ei ekstern evaluering. Arbeidet blei gjort av Stiftelsen Bergensklinikkene

Detaljer

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200804110-4 Arkivnr. 522 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 27.01.2009 18.02.2009-19.02.2009 ETABLERING

Detaljer

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: Reglement 7 Utarbeidd av: Godkjend dato: Revidert dato: Arkivsak: Ungdommens fylkesutval 1

Detaljer

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell? Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell? 1 Gjennomføring i forskjellige løp 1 Ei oversikt og gjennomgang over fullføring i forskjellige løpstypar i Hordaland fylkeskommune basert

Detaljer

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal Medie og informasjonsplan Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal Medie og informasjonsplan, mal og struktur Medie- og informasjonsplan Dette notatet inneheld

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015 Rapport om målbruk i offentleg teneste 21 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 4 Nettsider... 4 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.02.2016 9256/2016 Lillian Sæther Sørheim Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.03.2016 Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,

Detaljer

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013 Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Unge arbeidssøkjarar (16-24 år) Kven er dei som står utanfor arbeidsmarknaden og er registrert hos NAV? Kjelde: Arbeid

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen Notat Dato: 17.02.2016 Arkivsak: 2014/12154-13 Saksbehandlar: fromann Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesrådmannen Sjukefråvær

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Ole Aasaaren Regionsjef

Ole Aasaaren Regionsjef Arbeidsutvalget Leder rådmannsutvalget Møte i Arbeidsutvalget Dato: 02.05.2016 Tidspunkt: kl 09.00 11.00 Møtested: Regionkontoret Saker: Sak 05/16: NTP 2018 2029. Innspill til Oppland fylkeskommune. Sak

Detaljer

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. 5 2016 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: 22.05.2014 Tid: 10:30

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: 22.05.2014 Tid: 10:30 Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: 22.05.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik, tlf 71 25 88 56 eller politikk@mrfylke.no,

Detaljer

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Spørjeundersøking om sentrumsområde Spørjeundersøking om sentrumsområde Befolkningsundersøking i Hordaland 2013 AUD-rapport nr. 1 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med Planseksjonen i Hordaland

Detaljer

Ung i Møre og Romsdal

Ung i Møre og Romsdal Arbeidsrapport nr. 220 Johan Barstad Ung i Møre og Romsdal Rapport frå ei spørjegransking blant elevar ved vidaregåande skular i Møre og Romsdal, hausten 2007 HØGSKULEN I VOLDA MØREFORSKING VOLDA ii Johan

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Fagsamling for barnehage og skole

Fagsamling for barnehage og skole Fagsamling for barnehage og skole Quality hotel Alexandra, Molde, 30.- 31. oktober 2013 1 Fylkeskonferanse i Molde, Alexandra hotell - Bankettsalen, onsdag 30. oktober 2013 kl. 10.00 16.00 2 Fagsamling

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.01.2014 1731/2014 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 28.01.2014 Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri 2013 Akvakulturforvalting:

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

Spørsmåla i Foreldreundersøkinga

Spørsmåla i Foreldreundersøkinga Spørsmåla i Foreldreundersøkinga 1. Kryss av for det årstrinnet barnet går på: 1. trinn 2. trinn 3. trinn 4. trinn 5. trinn 6. trinn 7. trinn 8. trinn 9. trinn 10. trinn Vg1 2. Kven av foreldra/ dei føresette

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret VOLDA KOMMUNE Servicekontoret MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE Fylkeshuset 6404 MOLDE Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2016/1474 11109/2016 A40 SVK/ SONHAV 22.09.2016 MELDING OM POLITISK

Detaljer

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet) saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 20.12.2005 MR 21236/2005 Eivind Hasle Saksnr. Utval Møtedato Ud-1/06 Utdanningsutvalet 09.02.06 Fylkesutvalet 27.02.05 A. Forskrift til opplæringsloven

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Ungdata-undersøkinga i Seljord 2013. FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: 8. 10. klasse Antall: 89

Ungdata-undersøkinga i Seljord 2013. FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: 8. 10. klasse Antall: 89 Ungdata-undersøkinga i Seljord 2013 FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: 8. 10. klasse Antall: 89 Litt om bakgrunn Rusmiddelpolitisk handlingsplan er under rullering. Større fokus på «friskfaktorar»

Detaljer

RAPPORTERING FYLKESPLAN 2014 SATSINGSOMRÅDE KOMPETANSE

RAPPORTERING FYLKESPLAN 2014 SATSINGSOMRÅDE KOMPETANSE RAPPORTERING FYLKESPLAN 2014 SATSINGSOMRÅDE KOMPETANSE Resultatmål 1: I samarbeid med kommunar, partane i arbeidslivet og offentleg sektor skal ein gjennom tidleg innsats og tettare oppfølging av elevane

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps- og innovasjonslinje i Hordaland

Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps- og innovasjonslinje i Hordaland OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/4796-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saksnr Møtedato Opplærings- og helseutvalet 02.06.2015 Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps-

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11 Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) 2011 1 2 Metode Undersøkinga er gjennomført av AUD på oppdrag frå, og i samarbeid med Opplæringsavdelinga. Gjennomføringsperiode:

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 05.08.2015 51527/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per juli 2015 Akvakulturforvalting

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

BARN OG UNGE I PLANSAKER

BARN OG UNGE I PLANSAKER BARN OG UNGE I PLANSAKER Plan- og bygningslova 5-4 gir generelt fylkeskommunen mynde til å reise motsegn i saker med vesentlege nasjonale eller regionale interesser, eller i saker som av andre grunnar

Detaljer

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Anne Gerd Strand, prosjektleiar Om oppfølgingstjenesten (OT) Utfordringar for OT Samarbeidsavtalen Førmålet med avtalen er å legge til rette for eit styrka og systematisert

Detaljer

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning navn på profil/kortversjon NORSKE ARBEIDSTAKARAR MED BERRE GRUNNSKOLE BØR TA MEIR UTDANNING 1 Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning Årets Vox-barometer syner at tilsette med

Detaljer

Søknader til Omstillingsprogrammet for petroleumsrelatert leverandørindustri, andre utlysning

Søknader til Omstillingsprogrammet for petroleumsrelatert leverandørindustri, andre utlysning saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.08.2016 70601/2016 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 06.09.2016 Søknader til Omstillingsprogrammet for petroleumsrelatert

Detaljer

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013 // Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte

Detaljer

2014/

2014/ Notat Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesdirektør organisasjon Referanse 2014/12154-1 17.02.2014 Dato Sjukefråvær i Hordaland fylkeskommune 2013 Samandrag Samla sjukefråvær

Detaljer

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201307419-2 Arkivnr. 545 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.08.2015 54435/2015 Rose Mari Skarset Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 03.09.2015 Rådgivingsundersøkinga resultat og vegen vidare Bakgrunn «Den

Detaljer

SULA KOMMUNE Kommunestyret

SULA KOMMUNE Kommunestyret SULA KOMMUNE Kommunestyret TILLEGGSINNKALLING Møtedato: 22.06.2016 Møtestad: Sula ungdomsskule Møtetid: Kl. 18:00 Interpellasjon vedlagt kom inn i rett tid og skulle vore sendt ut saman med dei øvrige

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar -Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar PROGRAM 10.00-1030: Registrering 10.30-10.40: Velkommen 10.40-12.00: Fylkesmannen: Nytt om regelverket/

Detaljer

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat Møre og Romsdal fylkeskommune Att. Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Fylkeshuset 6404 MOLDE Saksnr Løpenr Dato 2014/409 9233/2014 26.09.2014 MELDING OM VEDTAK UTVIKLINGSPLANAR

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?» «Brød av sirkus?» Bakgrunn Om lag halvparten av dei arbeidsplassane vi har om ti år, er enno ikkje skapt. Å la gode idear vekse fram er ei sikker investering for verdiskaping i framtida Innovasjon og omstilling

Detaljer

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 11 2011

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 11 2011 Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland 2011 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 11 2011 1 2 Metode Undersøkinga er utført av Analyse, utgreiing og dokumentasjon

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800581-42 Arkivnr. 027 Saksh. Fredheim, Ingeborg Lie, Gjerdevik, Turid Dykesteen, Bjørgo, Vigdis, Hollen, Sverre Saksgang Møtedato Vestlandsrådet 02.12.2008-03.12.2008

Detaljer

Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp.

Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp. Behandling i Fylkestinget - 15.10.2013 Fylkesrådmannen fremma følgjande forslag til uttale: Møre og Romsdal fylkeskommune har ved fleire høve peika på at manglande rammeoverføringar til drift av fylkesvegferjer

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800 Sogndal kommune Utval: Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800 Pkt 1 OPNING A. Konstituering av møte Felles møte med Leikanger ungdomsråd kl. 1500-1630,

Detaljer

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA Fylkesrådmannen rår Vestlandsrådet til å gjere slikt vedtak: 1. Vestlandsrådet peiker ut ein delegasjon som reiser til Shanghai i 2010 i samband med EXPO 2010.

Detaljer

2Vaksne i vidaregåande opplæring

2Vaksne i vidaregåande opplæring VOX-SPEGELEN 2014 VAKSNE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1 kap 2 2Vaksne i vidaregåande opplæring Nesten 22 000 vaksne som er 25 år eller eldre, deltok i vidaregåande opplæring i 2013. Hovudfunn Talet på vaksne

Detaljer

MATEMATIKK 1 for 1R, 4MX130SR09-E

MATEMATIKK 1 for 1R, 4MX130SR09-E Skriftlig eksamen i MATEMATIKK 1 for 1R, 4MX130SR09-E 20 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 7. juni 2010. Sensur faller innen 28.juni. BOKMÅL Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag etter sensurfrist,

Detaljer

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa Verktøykassa Møre og Romsdal fylkeskommune, plan og analyseavdelinga, november 2015 Plantypane Planstrategi svært overordna, skal avdekke behov for planlegging kvart fjerde år (skal ikkje vere ein plan

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK Møtedato: 24.11.2016 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 21. november 2016 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand Oppvekstsjef

Detaljer

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE Samandrag av prosjektrapport FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE Ei kvantitativ kartlegging av flyttegrunnar blant folk som har flytta til og frå kommunen dei siste fem åra Spørjeskjema er utforma av Bykle og Hovden

Detaljer

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 200903324-42 Arkivnr. 520 Saksh. Langaas, Eva Melvær Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.08.2011 RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR SAMANDRAG

Detaljer

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane 2012 2015 Fagopplæringsnemnda er fagopplæringa sitt utøvande faglege organ i fylket. Paragrafane 12-3 og 12-4 i opplæringslova omhandlar kva

Detaljer

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak. Vi takkar for mulegheita til å vere til stades og kommentere nye og spennande tal. For oss som interesseorganisasjon er det naturleg å gå rett på operasjonalisering av ny kunnskap. Bør funna vi har fått

Detaljer

Kva, kven og kvifor FRI? Ein informasjonsbrosjyre om FRI

Kva, kven og kvifor FRI? Ein informasjonsbrosjyre om FRI Ein informasjonsbrosjyre om FRI 01 Kva, kven og kvifor FRI? FRI er eit undervisningsprogram for ungdomsskulen med fokus på tobakk. Programmet har dokumentert effekt. Kva er FRI? Siktemålet med undervisningsprogrammet

Detaljer