Halvtårsplan haust/vinter 2013 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle verdiar og kultur, gi rom for barns egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og meistring i et sosialt og kulturelt fellesskap. RAMMEPLAN FOR BARNEHAGEN INNHALD OG OPPGÅVER Dei sju fagområda ligg til grunn for alt arbeidet vårt. I vår kreativitet har vi valt å gjere om dei sju fagområda til våre bobler. 1
2
Teikn til tale : Evna til å kommunisere er viktig. Utan dette får ein dårlegare føresetnader for å delta og bli inkludert i fellesskapet. Derfor bruker vi teikn til tale med barn som har forsinka språkutvikling. Vi bruker teikn for at barna skal få ein større forståing for språket, og for at dei skal få eit reiskap til å utrykke seg utan tale. Teikna brukast saman med tale. Forsking viser at born med normal språkutvikling får eit større ordforråd og betre språkforståing når dei har brukt teikn, enn born som ikkje har brukt det. Minoritetsspråkleg: Vi har fleire born med minoritetsspråkleg bakgrunn i Leirstaden fleire av desse borna er tospråklege. Definisjonar : Minoritetsspråkleg : Oftast brukt om born som har to foreldre med anna morsmål enn norsk. Men blir også brukt der berre ein av foreldra har anna morsmål enn norsk. Morsmål : Det er det første språket born lærer. Born kan også ha to morsmål, viss dei veks opp med to språk i familien ( simultan tospråkleg). Mange born beherskar etter kvart sitt 2. språk (til døme norsk) betre enn sitt morsmål. Andrespråk : Barnets språk nr. 2. som barnet tilegnar seg gjennom dagleg kontakt med språket. ( For barn med eit anna morsmål enn norsk, busett i Noreg, vil 2. språket vere norsk.) Hausten 2013 startar vi opp med språkgruppe her i bhg. I denne gruppa vil det jobbast spesielt med denne gruppa med born. 3
Fellesfokusområde dette barnehageåret: Barns medverknad Kva er barns medverknad? Barns medverknad I barnehagelovens 3 står det om barns medvirkning: "Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet". Barna skal tas på alvor når dei gir uttrykk for kjensler Barna må få støtte til å undre seg og stille spørsmål Dei må oppmuntrast aktivt til å gi uttrykk for tankar og meiningar - og møte anerkjenning for meingane sine. Personale må lytte og prøve å tolke kroppsspråket... FORELDRES MEDVERKNAD: Foreldre/føresette kan utøve medverknad på drifta av barnehagen gjennom samarbeidsutvalet i barnehagen. Saker kan meldast til samarbeidsutvalet. Foreldre/føresette kan seie kva de meiner om barnehagen gjennom brukarundersøkinga som blir gjennomført anna kvart år. Undersøkinga er anonym og inneheld ei rekkje ulike spørsmål kor dykk skal gje poeng frå 1-6. Signala vi får gjennom undersøkinga forteljar oss kor vi må bli betre og kva dykk er fornøgd med. 4
KONTAKTINFORMASJON: Kontor/Styrar: 55 09 68 20 901 79 621 Avdelinganes tlf.nr: Dovregubben : 46840179/55096823 Tryllefløyten : 46839632/55096823 Flåklypa: 95284042/55096824 Tyrihans: 46865919/55096824 Soria Moria : 95159420/55096819 Barnehagens postadresse: Leirstaden bhg. Austre Skiftedalsveg 23 5353 Straume Email kontor: Monika.sorlie@fjell.kommune.no Tryllefloytenblogg.blogspot.com Avdflaaklypa.blogspot.com Avdsoriamoria.blogspot.no Tyrihansbarna.blogspot.com Avddovregubben.blogspot.no Leirstaden barnehage sin nye heimeside : http://www.fjell.no/leirstadenbarnehage/ 5
VIKTIGE DATOAR: August September 12.august planleggingsdag 26.august Dinoforeldremøte Oktober 11.september foreldremøte 16.september oppstart Dinoskulen November 8.november planleggingsdag Desember Barnehagen har stengt 24-25-26. Desember. 1. januar stengt 2. planleggingsdag Kyrkjebesøk, luciafest, nissefest Tradisjonar som kjem kvart år, og datoar, får dykk informasjon om. 6
DEI UTROLEGE ÅRA Målet ved programmet er å styrke personalets kompetanse i førebygging og handtering av åtferdsproblem i skuler/barnehagar, samt å styrke samarbeidet mellom skule/barnehage og heim. Programmet styrker personalets kompetanse i klasse/gruppeleding, inklusive ulike proaktive læringstilnærmingar. Ut i frå DUÅ si målsetting jobbar vi i Leirstaden Barnehage denne hausten spesielt med: Relasjonsbygging/skape trygghet: ta imot barna i garderoben Vere nær, tilpassa fysisk kontakt, blikkontakt, lære barnet å kjenne, vere roleg, gi tryggleik, spegle barnet. Møt barnet der det er, gi tryggleik! 7
Proaktive strategiar : Gjennomtenkte rutinar og haldepunkt i kvardagen. Tydelege rammer Lage reglar saman med barna på avdelinga. Lære barna om reaksjonsmønsteret/ konsekvensar : Ha realistiske forventningar og bruke alderstilpassa beskjedar og konsekvensar. Gi barna val der det er mogeleg. Vere vennleg, men bestemt Lære barna om kjensler : Bruke bilete, plakatar, kort ol. Av ulike ansikts og kroppsutrykk, som viser ulike kjensler. Lese bøker om kjensler. Viktig å anerkjenne og sette ord på kjenslene til barna i kvardagen! Dinoskulen /førskolebarna Føremålet med prosjektet er å fremja sosiale ferdigheitar hjå barn, styrke samarbeid mellom barn og vaksne og redusera uønska språkbruk og negativ åtferd i barnehagen. Dette er det vi skal læra : Å forstå reglar og kvifor vi har dei. Å forstå og kunne snakke om eigne og andre sine kjensler. Å læra å løyse problem. Å læra sinnemeistring. Å vera ein god ven og kunne samarbeide med andre både i barnehagen og heime. Gjennom heile dette barnehageåret skal vi ha Dinosaursskule i Leirstaden barnehage. Vi har foreldrerettleiaren de utrolige årene disponibelt for utlån. (2 eks.) Der kan foreldra lese om de ulike strategiane heime. Denne er utfyllande i forhold til heimesituasjonen, enkel og forståelig. 8
Bursdag : Når vi feirar bursdag ynskjer vi å ha barnet i fokus. Vi ynskjer at bursdagsfeiringane i Leirstaden bhg. skal innehalde: Bursdagskrone, plakat, flagg, bursdagssong, bursdagskiste og godhjarta/godstol. 9
DOKUMENTASJON: Vi dokumenterer arbeidet i barnehagen gjennom dagleg samtale med foreldra i garderoben. Dagen i dag blir dokumentert på avdelinga si blogg. Alle barna i barnehagen har kvart sitt album/perm kor det blir satt inn bildar av ulike aktivitetar barnet har deltatt i. I månadsskriv/vekeskriv står det litt om kva vi har gjort og litt om kva som skjer framover. Vi bruker også avdelingane og fellesrommet til å syne fram prosess og resultat av forskjellige aktivitetar vi har gjort. 10
11