ÅRSPLAN 2011/2012 HENJAHAUGANE BARNEHAGE



Like dokumenter
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Info om barnehagen. Kontaktinformasjon: LOV OM BARNEHAGAR RAMMEPLAN FOR BARNEHAGAR

Informasjonshefte Tuv barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

INFORMASJON OM BARNEHAGEN KONTAKTINFORMASJON LOV OM BARNEHAGAR RAMMEPLAN FOR BARNEHAGAR

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Årsmelding for Urhei barnehage

INFORMASJON OM BARNEHAGEN KONTAKTINFORMASJON LOV OM BARNEHAGAR RAMMEPLAN FOR BARNEHAGAR

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

ÅRSPLAN 2015/16 HENJAHAUGANE BARNEHAGE

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Sandeid skule SFO Årsplan

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Velkomen til Mork barnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Du må tru det for å sjå det

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Saman om Ørstabarnehagen

Bjørnehiet SFO - informasjon

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst

Kva er nytt i rammeplanen?

Espira Hollund - Ein trafikksikker barnehage

Øystese barneskule April - 08

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Bærekraftig utvikling

Barnehageplan for Vinje kommune

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Osterøy kommune ÅRSPLAN Lonevåg barnehage. Saman får me verda sine viktigaste verdiar til å veksa

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Transkript:

ÅRSPLAN 2011/2012 HENJAHAUGANE BARNEHAGE

VELKOMEN TIL HENJAHAUGANE BARNEHAGE Måndag til fredag 07.30 16.30 Henjahaugane barnehage er ein kommunal barnehage som vert driven etter Lov om barnehage, Rammeplan og kommunale vedtekter. Dette året har barnehagen 60 plassar fordelt på tre avdelingar. Me har i dag 43 barn, 15 av barna er under tre år og 28 barn er over tre år. Me har ein grunnbemanning på 300% stilling pr. avdeling. Alle avdelingar har ein pedagogisk leiar og to andre tilsette som er assistent, fagarbeidar eller førskulelærar. Alle barnehagar skal byggje si verksemd på verdigrunnlaget og innhaldet som er fastsett i barnehagelova og internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til som FN sin barnekonvensjon. LOV OM BARNEHAGAR Staten skal sikre at dei intensjonar og tenester som har ansvar for omsorg av barn, har den standaren som er fastsett, særleg med omsyn til tryggleik, helse, tal personale og kvalifikasjonar samt kvalifisert tilsyn. RAMMEPLAN FOR BARNEHAGAR Forskrift om barnehagens innhald og oppgåver. Ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagen si verksemd. Gjev også informasjon til foreldre, eigar og tilsynsmynde. ÅRSPLAN FOR HENJAHAUGANE BARNEHAGE Lov om barnehagar og rammeplan pålegg barnehagen å utarbeide ein årsplan. Årsplanen skal vise til KVA, KVIFOR og KORLEIS barnehagen vil arbeide. Den skal vise kva tankar og haldningar me står for, og kva me meinar er viktig å leggje vekt på i Henjahaugane barnehage. Årsplanen skal vere eit arbeidsreiskap for personale i barnehagen, dei føresette og andre samarbeidspartar.

Årsplanen skal ikkje vere meir detaljert enn at den kan tilpassast den enkelte barnegruppa. Pedagogiske leiara lagar månadsplanar og/eller vekeplanar som vert meir detaljerte og tilpassa den enkelte avdeling. Det er pedagogisk leiarar/styrar som har hatt ansvar for å utarbeide denne årsplanen i samarbeid med resten av personalet, foreldre og ved observasjon og evaluering av barnegruppene. Henjahaugane barnehage er eigd og blir dreven av Leikanger kommune og har vore i drift sidan januar 1991. Barnehagen ligg mellom Seberg og Henja/Røysa bustadfelt med tre avdelingar for barn i alderen 0 6 år med inntil 20 plassar i kvar avdeling. Drifta er styrd av Lov om barnehagar, Rammeplanen for barnehagen og kommunale vedtekter for barnehagane i Leikanger. Opningstidene til barnehagen er frå 07.30-16.30 Postadresse: Henjahaugane 1 E- post adresse: mona.himle@leikanger.kommune.no Telefonnummer: 57654330 Blogg adressa vår: henjahauganebarnehage.com Personale 2011/2012 Rosa avdeling Grøn avdeling Blå avdeling Alle avdelingar Mona Himle Oddny Skarsbø Marie Halland Kari Fjøsne Brennset Monika Nondal Siv Njøs Astrid Gåserud Anne-Mette Njøs Storevik Inger Johanne Nord Melås Solveig Norum Lene Slinde Mette Johannessen Linda Mathisen Borgny Steig Styrar Pedagogisk leiar Fagarbeidar Assistent Pedagogisk leiar Fagarbeidar Fagarbeidar Pedagogisk leiar Førskulelærar Assistent Assistent Førskulelærar Fagarbeidar fast vikar Fagarbeidar Paulina Szlosarczyk Per Sveinnung Røysum Gerd Karin Gjøringbø Reinhaldar Vaktmeister Kjøkken

DAGSRYTMEN I BARNEHAGEN Kl 07.30 Kl 08.30 Kl 10.00 Kl 11.15 Kl 11.30 Kl 12.00 Kl 14.30 Kl 16.30 Barnehagen opnar Frukost avslutta Frileik inne Sovebarn uteleik Gruppeaktivitetar inne Frileik inne Samlingstund Felles eller delt gruppe Førmiddagsmat Stell Soving for dei yngste Uteleik for dei eldste Lite måltid Frukt, grønsaker, knekkebrød og drikke Frileik ute eller inne. Barnehagen stenger. Dette er ein grovplan over aktivitetar og innhald. Det kan vere variasjon mellom dagar og mellom avdelingar. Barnehagen er ein læringsarena. Gjennom leik, rutinar, samvær med andre, opplevingar og aktivitetar i kvardagen får barna lærdom og livserfaring. Me ser det som viktig med ei dagsrytme som ei ramme rundt barnehagekvardagen, og at ein er fleksibel og kreativ innanfor den ramma. SATSINGSOMRÅDE FOR BARNEHAGANE 2011/2012 Barnehagane i Leikanger kommune har valt å jobbe med desse fagområda: Språk Mobbing IKT Entrepenørskap Medverknad

MEDVERKNAD Barna skal ha høve til å medverke på eigen kvardag. Barnehagen må leggje til rette for at barn skal få medverke i planlegging, vurdering og utvikling av eige barnehagetilbod. Barna må støttast til å leve seg inn i andre situasjonar og til å ta omsyn til andre. Barnehagen må skape tid for å kunna utvikla ein slik kommunikasjon mellom barna og personalet. Medverknad må trekkjast inn i arbeidet med dei ulike fagområda, og etter kvart vil det verte ein naturleg del av kvardagen. For å få til dette må me vere lyttande ovanfor barna sine ytringar og ynskjer, og leggje til rette for aktivitet utifrå det. Til dømes kan barna vere med å medverke kvar me skal gå på tur, kva me skal ete og kva me skal leike. Det er viktig at alle barna føler at dei har medverknad på eigen barnehagekvardag. Ei utfordring barnehagane har er å utvikla og nytte barnesamtale som eit pedagogisk hjelpemiddel. Gjennom samtale kan barna sjølve få snakke, stille spørsmål og undre seg saman med ein vaksen, samstundes som den vaksne får nyttig informasjon som kan seie noko om barnet sin trivsel, behov, tankar og ynskje. Foreldra spelar også ei viktig rolle innan for dette området. Foreldra kan også bidra som formidlar av barna sine tankar og ynskjer. Å ta barns medverknad på alvor føreset god kommunikasjon mellom barna og personalet, og mellom personalet og foreldra. ENTREPENØRSKAP/SAMARBEID MED LOKALMILJØET Mål: Bruka ressursane i nærmiljøet til gode opplevingar og læring tilpassa barna sine føresetnader og interesser, og la barnehagen aktivt bidra i nærmiljøet. Gje barna høve til meiningsfylte møte med personar, arbeidsplassar og institusjonar i nærmiljøet til barnehagen, og gje barna høve til å bearbeida og utdjupa opplevingane sine. Arbeida etter gjennomgåande kommunale læreplanar frå barnehage til vidaregåande innan område. Den enkelte barnehage har sine tema og aktivitetar knytt opp mot sine nærmiljø. Me fekk på plass ein samarbeidsavtale med Jakt og Fiskelaget hausten 2008. (sjå geoatlas.no) Dette samarbeidet fortsett me med i år også. Avtalen inneber to fellesprosjekt retta mot dei eldste barna. Ein tenkjer seg to aktivitetsdagar om hausten og to om våren. Det må leggjast til rette for arbeidsformer der barna er aktive og har medverknad ved å læra gjennom å gjera. Barna må få presentera resultat av arbeidet og utveksla

erfaringar. Gjennom slike arbeidsformer vil barnehagen ta vare på og utvikla barna sin kreativitet, øva opp evna til samarbeid og sjå ressursane som finst i lokalsamfunnet. MOBBING Mål: Barnehagen skal medverke til at ingen barn eller vaksne skal bli utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, vold, rasisme, diskriminering eller utestenging. I rammeplanen for barnehagen står det at barnehagen har ansvar for barna sin omsorg og læringsmiljø og for å fremje positive handlingar som motverkar avvising, mobbing og vold. Mobbing er det når ein person gjentekne gonger over ei viss tid, blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar. Den vanlegaste forma for mobbing er fysisk plaging, utestenging og erting. Barnehagane jobbar og har gjennom mange år jobba med sosial kompetense som eit vesentleg område for å motverke utvikling av problemåtferd. Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre. Barnehagen vil: Ha mobbing på dagsordenen. Ha planar og rutinar for konflikthandtering og arbeid mot mobbing. Markere tydelege grenser ved uakseptabel åtferd. Vere merksam på stader der mobbing skjer. Gripe raskt inn og følgje opp mobbe- episodar Samarbeide tett med heimen. Ta opp temaet på møter og samtalar. Utvikle dei tilsette sin kompetanse for å kunne førebyggja og gripa inn når mobbing skjer. IKT I BARNEHAGEN MÅL: Skape grunnleggjande digital kompetanse hjå dei vaksne til nytte for det pedagogiske arbeidet med barna i barnehagen. Saman har me skapt ei felles forståing for korleis me ynskjer at barn og personale skal bruke IKT verktøyet i barnehagen. Vi vil fortsette å vidareutvikle vår kompetanse i personalgruppa. «Barna i barnehagen bør få oppleve at digitalt verktøy kan vere ei

kjelde til leik, kommunikasjon og kunnskapsinnhenting» (Rammeplanen) Barnehagen har fotoapparat og digitale verktøyet tilgjengeleg ute på alle avdelingar. Det digitale verktøyet nyttar me t.d til å ta og skriva ut bilete, nytta enkle skrive og teikne program og som oppslagsverk på ulike tema. Me nyttar IKT som reiskap for pedagogisk dokumentasjon som oppslag av bilete og produkt på veggen. IKT vil me og nytte inn mot fagområda i rammeplanen. Me jobbar med å bli meir aktive med informasjon ut mot foreldra via nettet. I haust har Mette Johannessen laga blogg, adressa er Henjahauganebarnehage.com Me prøver å leggje inn litt av kvardagslivet vårt der og nytta bloggen som ein plass å dokumentere arbeidet vårt ut til foreldra og tilsynsmyndigheiter. Me har utarbeidd felles retningslinjer for bruk av bilete og film i barnehagen. Alle foreldra må skrive under på eit samtykkeskjema. SPRÅKSTIMULERING Barnehagen jobbar mykje med språk og språkstimulering. Pedagogane i kommunen arbeider saman om eit språkprosjekt. Dette for å få fokus på språkutviklinga til barnehagebarna. Målet er at barna skal oppleva glede ved å bruka språket og utvikla god språkforståing. I dette arbeidet nyttar me Tras, Språksprell, Snakkepakken og den daglege samtalen. Tras: «Tidleg registrering av språkutvikling». Tras er eit observasjonsmateriale for å kartleggje språkutviklinga hjå kvart einskild barn. Alle barnehagane nyttar dette materialet. Språksprell og Snakkepakken er eit leikemetodisk opplegg. LEIK Den vaksne si rolle i leiken; me skal tilrettelegge for leik. Me skal vera bevisst på å sjå korleis kvart einskild barn leikar, slik at barnet kan bli styrka gjennom leiken. Me må gje næring og stimulering til leiken og passe på at ingen vert haldne utanfor. Ved å delta i leiken kan me formidle kunnskap. Me skal gjennom leiken læra barna om samspel og sosiale normer. Me kan gjerne delta i leiken, men då på barnas premissar og ta den rolla som er naturleg i situasjonen. Me må gi tid for leik og organisere kvardagen slik at det vert høve til leik. Me ynskjer først og fremst og vere tilgjengeleg i den frie leiken når det er behov for oss. Leiken er med på å styrkja barnas sjølvkjensle og sjølvstende. Den som er med på leik innordnar seg eller dominerar leiken, og vil på den måten få erfaring om seg sjølv i eit sosialt fellesskap. Leiken er fin for å bearbeide inntrykk frå opplevingar. Leiken er den viktigaste form for aktivitet i barnehagen og i eit barns liv. Gjennom leik lærer barna samspel med andre. Dei lærer å kommunisere og å innordne seg fellesskapet og dei lærer sosiale spelereglar. Leiken er indremotivert og lystbetont,

barnet vel sjølv si rolle i leiken og gjev andre roller, den er ikkje styrt utanfrå. Barn leikar fordi det er kjekt. Å læra gjennom leik er ein måte å utvikla kunnskap på. Å leika i lag er eit samspel som overfører kunnskap, haldningar, normer og reglar direkte frå barn til barn. Forskning har vist at leiken har stor verdi for den einskilde si forståing og oppfattningsevne seinare i livet. TILVENNING/ OPPSTART Me tek i mot barna og ynskjer å gi dei og deira foreldre ein god start på barnehagetida. Me legg vekt på : Tilrettelegga gode tilhøve for dei nye barna og imøtekomma deira vanar og behov. Laga gode rutinar og skape tryggleik. Bli kjend med barna og dei vaksne. Få i gang god leik både ute og inne. Få gode grupper der alle få ta del og medverknad. FORELDRESAMARBEID Saman med barna er foreldre/føresette vår viktigaste samarbeidspartnar. Barnehagen skal bistå heimen i deira omsorg- og oppdragaroppgåve. Det er difor naudsynt med eit godt og nært samarbeid med heimen. Den daglege og uformelle kontakten legg grunnlag for dette samarbeidet. God informasjon skapar tryggleik, viktig informasjon må difor bli gjeve både av foreldre/føresette og personalet, slik at barnet kan få det trygt og godt i barnehagen. Hente- og bringesituasjonane er døme på dagleg uformelt samarbeid. Ta deg difor litt tid til samtale i desse situasjonane. AU, er foreldra sitt arbeidsutval, består av to/tre valde representantar frå kvar avdeling. I tilegg til AU har me SU som er barnehagen sitt samarbeidsutval. Utvalet består av ein foreldrerep. Frå AU, ein representant frå dei tilsette i kvar barnehage, og to representantar frå eigar. Styrar har møte- og talerett og er skrivar. Hovudoppgåva til SU er å sikra samarbeidet mellom foreldre/føresette, barnehagen og kommunen. Rammeplanen legg vekt på foreldra sin rett til medverknad på barnehagens innhald. For å sikra medverknad har barnehagen blant anna desse samarbeidsformene:

Foreldresamtalar Foreldremøte haust og vår Foreldre er deltakande på evaluering av barnehagen Brukarundersøking Foreldra skal godkjenne årsplanen Uformelt samarbeid ved bringe-hentesituasjonar og ulike samankomstar som foreldrekaffi, dugnad m.m FAGOMRÅDA I RAMMEPLANEN I mai i år kom revidert rammeplan. Rammeplanen legg klare føringar for korleis innhaldet i barnehagen skal vere. I tillegg til sosial og språkleg kompetanse er det sju fagområde som er sentrale for oppleving, utforsing og læring. Dei sju fagområda vil vere representert i vaksenstyrte temaarbeid, men dei vil å vere tilstades i kvardagslivet og i barna sin leik og samspel. Innhaldet i barnehagen skal byggje på eit heilskapleg læringssyn, der omsorg, leik læring og danning er sentrale delar. Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanetisk arv og tradisjon. Me ynskjer at barna skal møte verdiar, norsk kultur og tradisjonar, men og eit mangfald med respekt for menneskeverd og retten til å vere forskjellig. Dei sju fagområda er: Kommunikasjon, språk og tekst Kropp, rørsle og helse Natur, miljø og teknikk Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn Tal, rom og form Kunst, kultur og kreativitet TRAFIKK Barnehagane i Leikanger er med i eit utviklingsarbeid i regi av Trygg Trafikk; «Lokalt trafikktryggingsarbeid mot 2011», som går i fem fylke. Dette skal avsluttast i haust 2011. Tilsette har delteke på kurs der me fekk gode idear på korleis me kan jobbe med førebyggjande arbeid og pedagogisk opplegg i barnehagen. Barnehagane i Leikanger har

utarbeidd ein foldar som skal vere tilgjengeleg for alle barnehagar i landet som ynskjer å bli Trafikksikker barnehage. Målet er at barnehagane i Leikanger skal stå fram som trafikksikker. For å nå målet må det til ei kvar tid jobbast etter foldaren og punkta retta mot barn, foreldre og personale. Me legg særleg vekt på bruk av refleks, bruk av sykkelhjelm, korleis me skal gå i trafikken og kva reglar som gjeld for sikring i bil. Mål for barna: Skal lære enkle trafikkreglar for fotgjengarar. Skal vere merksam, nytte sansar og lære omgrep som mjuke trafikkantar. Bli kjend med og lære av bilbeltedyret Tarkus. Skal bruke tryggleiksutstyr som refleks, bilsete og hjelm. Skal alltid ha refleks utanfor barnehagen sitt område. På heimesida til Trygg Trafikk Sogn og Fjordane og Barnas Trafikklubb kan ein finna nyttig informasjon. SOSIAL KOMPETANSE Barnehagen jobbar kontinuerleg med sosial kompetanse. Målet er at barna skal lære sosiale ferdigheiter gjennom konkrete hendingar i dagleglivet. Dei skal lære å kjenne glede i leik, lære å vente på tur, lære å løyse konfliktar, meistre positivt samspel med andre, utvikle å styrkje eigen identitet og sjølvkjensla noko som igjen kan vere med på å førebyggje mobbing/utestenging. FYSISK AKTIVITET, KOSTHALD OG HELSE Mål: Gi barna kunnskap om menneskekroppen og forståing for kva gode vanar og sunt kosthald betyr. Barnehagen må medverke til at barna får godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile. Barna må få forståing for korleis dei kan utvikla ein sunn kropp. Barnehagen har opparbeidd mykje kunnskap og erfaring innan området ved å satsa på uteliv gjennom fleire år. Barna må få tilgang til natur og nærmiljø og nytta muligheitene som finst til fysisk utfalding og bruk av naturressursar. I det daglege må det leggjast til rette for eit allsidig kosthald der barna blir presentert for ulike smakar og får ta del i tillaging og

servering av variert kost. I haust har me vore heldige og hatt Gerd Karin Gjøringbø på kjøkkenet. Ho har laga ein del middagsmåltid, brød, knekkebrød m.m. dette har vore flott for barnehagen. Me nyttar ein del frukt og grønt til alle måltid. I kjøkkenhagen dyrkar me ulike grønsaker som me nyttar i matlaginga. Barnehagen er oppteken av at barna skal ha eit kosthald som inneheld lite sukker. Ved å ha fokus på kva pålegg og drikke me tilbyr barna, korleis me feirar gebursdagar samt formidle kunnskap og jobbe med haldningar hjå personalet. Gebursdagsfeiringa i barnehagen er eit godt eksempel på korleis me bevisst kan leggje til rette for ein sunnare livsstil. Barnehagen har samarbeid med Jakt og Fiskelaget. Dette er eit felles samarbeid med alle barnehagane i kommunen. Dei eldste barna i barnehagen jobbar med fysisk aktivitet og fiske i nærmiljøet. Barnehagen vil fortsette å jobbe for å auke konsumet av sjømat hjå barn og unge. Barnehagane har kjøpt inn fire fiskegarn og to ruser. Desse kan lånast ut til foreldra. Ta kontakt med styrarane. OVERGANG BARNEHAGE SKULE Mål: Me ynskjer at barna skal få ei god avslutning på barnehagetida og at overgangen til skulen skal bli god og trygg. Samarbeid og samanheng mellom barnehagen og skule. Overgangsplan: Infomasjonskriv til foreldra i mars. Innskriving i veke 13. Foreldremøte i veke 16. Førskuledagar 23.mai og 6.juni. Overføringsmøte 13.juni. Samarbeid på tvers av barnehagane om våren. Evaluering av overgang i september/oktober. Ped-leiarane våre besøkjer skulen og har møte med lærarane. Kommunen jobbar hausten 2011 med ein strategisk plan for oppvekstsektoren i Leikanger der ein skal felle ned målsetjingar for barnehage og skule i Leikanger. Skulen og barnehagane har språk, entrepenørskap og overgang barnehage- skule som felles satsingsområde.

I tillegg møtes dei eldste på tvers av barnehagane ein dag i månaden for felles leik og sosialt samvær for å bli kjend før skulestart. UTELIV Me ynskjer å gje barna positive opplevingar i naturen. Barna skal få kunnskap om, vere nær og bli glad i naturen og miljøet som omgjev dei. Ved å gje barna positivt forhold til og kunnskap om naturen meiner me å leggja grunnlaget for at dei seinare i livet skal kunna verna om naturen. Turar i skogen og elles i nærområdet til barnehagen gjev barna samansette sanseopplevingar som blir grunnlag for bearbeiding og fordjuping. Me har som mål at barn og vaksne skal bruka naturen mest mogeleg og trivast i å vera ute. Alle avdelingar har ein fast utedag i veka der me vekslar mellom å gå tur i nærområdet eller å vere på naturleikeplassen i skogen. Det er tilrettelagt for ein samlingsplass i skogen, slik at me kan ha samlingar kring tema der og ein fin stad og nyta måltid ute. Barnehagen har eit flott uteområde og me vaksne er opptekne av å tilføra området fleire element som stimulerar barn og vaksne til aktiv og variert bruk. På dugnad har foreldra bygd ein flott lavo på uteområdet me har kjøpt inn ei flyttbar grue, og utanfor lavoen har personalet bygd ein sjusteinsovn som me nyttar på utedagar. Elles har me dei siste åra laga vår eigen kjøkkenhage som tilrettelegg for bindingar mellom utedagar, matlaging og produksjon av eigne grønnsaker. Tilbereding av utemåltid er ein naturleg del av innhaldet på dei fleste utedagane. Mat som vert laga ute smakar godt for store og små. Uteaktivitet og kosthald har vore satsingsområde til barnehagen gjennom fleire år. Me er opptekne av at barna skal vere medverkande i ulikt arbeid som vert gjort i barnehagen. Barna er aktivt med på arbeidet med å klargjere, plante, hauste og tilberede grønsaker og vekstar frå kjøkkenhagen. Me er opptekne av at barna skal medverke til kva som vert laga av mat til på utedagane. Elles er det mykje læring i å få vere med å koste, rake, sage ved og liknande på uteområdet. MASSASJE Barnehagen har gjennom fleire år hatt massasje som eit verkemiddel for å dempa stress i ein travel kvardag. Alle avdelingane har ein fast dag i veka der dei barna som har lyst får tilbod om massasje. Me masserer føter, hender, rygg og skuldrar med eller utan olje.. Personalet var på kurs i Bergen for nokre år sidan. Der lærte me ulike

massasjeteknikkar og kjøpte inn ulike oljar. I ettertid har me og fått meir oppfrisking på massasje frå «Toppen av Velvære». Barnehagen ser at barna har ein travel kvardag, og me erfarer at massasje og sansestimulering er metodar som viser seg å ha god effekt som motpol mot stress. Det er viktig at barn lærer seg at det er godt å bli tekne på, godt og roe ned og å lære seg å slappe av. I tillegg til at me masserer barna, får barna sjølve også høve til å massere kvarandre eller dokker. Tryggleik og opparbeiding av tillit er svært viktig når ein skal massere eller bli massert. Det er barna sjølve som bestemmer om dei vil bli massert, me pressar dei aldri. Me legg stor vekt på å visa respekt for barna, og me akseptera at nokon ikkje vil. Foreldra blir spurd om dei ynskjer at barnet deira skal få tilbod om massasje. VURDERING Mål for vurderingsarbeidet: Leggja grunnlag for barnehagen som lærande organisasjon, vidare kvalitetsvurdering og fornying av verksemda. Gjera vurderinga tilgjengeleg for andre og bidra til open debatt om barnehagen sine mål, innhald, oppgåver og kvalitet. Leggja vurdering til grunn for neste årsplan. Dokumentera som grunnlag for refleksjon når det gjeld barn si læring, trivsel og utvikling. Og personalet sitt arbeid. Gjennom beskriving, analyse og fortolkning av barnehagearbeidet i forhold til kriteria i Lover, Rammeplan, og vedtekter. Vurderingsmåtar: Fortløpande vurdering av enkeltbarn sin trivsel og utvikling. Vurdering av barnegrupper og samspel barn- barn, barn-vaksen og vaksen-vaksen. Fanga opp barna sine innspel og uttrykk og erfaringar. Fortløpande vurdering av foreldrearbeid. Avdelingane gjer ei vurdering før dei felles halvårlege vurderingsmøta. Foreldra frå AU tek del på det halvårlege vurderingsmøta med personalet. Arbeidsmiljøkartleggjingar og Brukarundersøkingar

VERDIDOKUMENTET TIL LEIKANGER KOMMUNE VISJON Leikanger -kommunen der det gror Og alle trivst VERDIAR Me skal vere opne, ærlege og rause Me vil skape ei god lagånd Me helsar på kvarandre og Viser omsorg og respekt Hjå oss er det stor takhøgde og lov til å gjere feil Me tek felles ansvar for godt og gale Me vil møta kvarandre med godt humør Og gje direkte og gode tilbakemeldingar LEIARKRAV Leiaren skal vere synleg Og gje aktiv oppfølgjing av den enkelte Alle skal ha meiningsfulle arbeidsoppgåver Der det er rom for kreativitet Og personleg utvikling