OS KOMMUNE Avdeling for Tenestestyring Utval: OS KOMMUNESTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 19.05.2009 Tid: 17.00 MØTEINNKALLING Forfall: Nils-Olav Nøss Vara som møter: Nils Gunnar Drange Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 38/09 09/163 INTERKOMMUNALT LEGEVAKTSAMARBEID MELLOM OS OG SAMNANGER 3 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 14.05.2009 Terje Søviknes Ordførar Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
MØTEBOK INTERKOMMUNALT LEGEVAKTSAMARBEID MELLOM OS OG SAMNANGER Saksbehandlar: Nils Petter Borge Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 09/163 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 7/09 Os Formannskap PS 27.01.2009 4/09 Tenesteutvalet PS 04.02.2009 13/09 Os kommunestyre PS 10.02.2009 38/09 Os kommunestyre PS 19.05.2009 Framlegg til vedtak: Kommunestyret tek orienteringa om interkommunalt legevaktsamarbeid mellom Os og Samnanger som melding. Os, 13.05.09 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Behandling i Os kommunestyre i møte 10.02.2009 Behandling i utvalet: Hedevig Holst (H) fremja same tillegg som i Tenesteutvalet: Tenesteutvalet forventer at legedekninga i Os kommune vert betre ved eit samarbeid. Behovet for Hjelp 24 skal vurderast samstundes. Resultatet av tingingane skal leggjast fram for Tenesteutvalet. Holst sine merknader vert oversendt rådmannen slik at han kan ta det med i forhandlingane. Innstillinga vart samrøystes vedteke. Vedtak: Behandling i Tenesteutvalet i møte 04.02.2009 Behandling i utvalet: Kommunalsjef Nil Petter Borge orienterte. Tilleggsframlegg frå Hedevig Holst (H): Tenesteutvalet forventar at legedekninga i Os kommune vert betre ved eit samarbeid. Leiv Gunnar Heggland (FrP) kom med tilleggsframlegg: Behovet for Hjelp 24 skal vurderast samstundes. Resultatet av tingingane skal leggjast fram for Tenesteutvalet. Framlegget og begge tilleggsframlegga vart samrøystes vedteke. Vedtak: Tenesteutvalet forventer at legedekninga i Os kommune vert betre ved eit samarbeid. Behovet for Hjelp 24 skal vurderast samstundes. Resultatet av tingingane skal leggjast fram for Tenesteutvalet. Behandling i Os Formannskap i møte 27.01.2009 Behandling i utvalet: Samrøystes vedtak som innstillinga. Vedtak: Side 3 av 7
Vedlegg: 1. Saksopplysningar i sak 13/09 kommunestyre 10.02.09 Saksutgreiing: Etter den politiske handsaminga i januar og februar har vi hatt tingingar med Samnanger kommune. Samnanger kommunestyre vedtok den 23.04.09 samrøystes å gå inn for administrasjonen sitt forslag om interkommunal legevakt. Forslaget som vart vedteke inneber at Os og Samnanger kommunar frå hausten 09 etablerer ei interkommunal legevakt i dei eksisterande lokala på Kolskogen. Dei auka driftsutgiftene Os kommune vil få ved denne ordninga vert finansiert gjennom Samnanger kommune sitt bidrag til den interkommunale legevakta. All erfaring viser at det påløper ekstra kostnader i slike saker. Vi har i samband med dette søkt Staten om midlar til oppstart av interkommunal legevakt, og fått innvilga kr 500.000,- til formålet. Administrasjonane i Samnanger og Os vil i løpet av dei næraste månadane jobba med å få på plass alle detaljane slik at vi kan koma tilbake til kommunestyret med ei endeleg avtale med kostnadsoversyn i løpet av september 2009. Os, den 13. mai 2009 Nils-Petter Borge Kommunalsjef Side 4 av 7
Saksopplysningar i sak 13/09 kommunestyre 10.02.09 Innleiing Rådmannen oppsummerer i denne saka erfaringar etter 1 års drift av Os legevakt og kjem med framlegg om utviding av legevaktsentralen gjennom at Samnanger kommune kjøper legevaktstenester frå Os legevakt. Rådmannen ber om at det i første omgang vert teke ei prinsipiell avgjerd om det skal etablerast eit interkommunalt legevaktsamarbeid mellom Os og Samnanger. Føresetnaden er at samarbeidet ikkje skal medføra auka kostnader for Os kommune. Dersom dette let seg gjennomføra vert samarbeidet integrert i noverande legevaktstasjon. Kvifor interkommunal legevaktsentral? I lov om helseteneste i kommunen av 19. desember 1982 fekk kommunane ansvar for å sørga for allmennlegeteneste og legevaktsordningar. Før denne lovendringa hadde legevaktarbeidet vore basert på frivillige ordningar mellom legane. Kommunane har etter kommunelegeavtalen mellom KS og legeforeninga ansvar for å planlegga, organisera legevaktsteneste, under dette ansvar for lokalar, utstyr, hjelpepersonell og beredskapsgodtgjersle til legar. Hovudmålsettinga ved etableringa av interkommunal legevaktordning er, jmfr. vegleiar frå Sosial og helsedirektoratet IS-13/2003, side 7: Sikre befolkningens rett til øyeblikkelig hjelp Gi befolkningen visshet om at tjenestene er tilstrekkelige Stabilisere legedekningen i regionen Styrke rekrutteringen av nye leger ved en bedre organisering av vakttjenesten Bedre kvalitet på de akuttmedisinske tjenestene Bakgrunn for saka Samnanger kommune har handsama politisk sak 02.10.2008 om behov for interkommunal legevaktordning og venda seg deretter til Os kommune med førespurnad om kjøp av legevakttenester. Sitat frå vedtak fatta av Kommunestyre i Samnanger Sak 08/00192: Det vert inngått drøftingar med Os kommune om ein samarbeidsavtale om felles legevakt stasjonert i Os. Legevakt stasjonert i Os vert å sjå som ei løysing til Samnanger og evt. fleire omlandskommunar kan verta innlemma i Bergen Legevakt som ei interkommunal legevaktordning innanfor akseptable kostnader Samnanger kommune har berre 3 legestillingar, kommunelege 1 og 2, samt turnuslege. På grunn av kapasitetsproblem og ein ustabil legedekking har Samnanger behov for å styrkja legevaktsordninga. Samnanger nyttar som Os Hjelp 24 i Trondheim til betjening av legevakttelefonen på ettermiddagstid frå kl 16, samt helg og natt. Interkommunale vaktstasjonar er omfatta av sentrale avtalar mellom KS og legeforeninga. Dette inneber mellom anna at vaktstasjonen skal vera bemanna med hjelpepersonell, fortrinnsvis sjukepleiar. Om natta (kl 23-08) skal vaktlegen ha fast løn etter framforhandla satsar, eigendelar og trygderefusjonar går i dette tidsrommet som inntekt til kommunen. Den felles legevakta skal vera open frå kl 16 til 08 på kvardagar og heile døgnet i helger/høgtider. Erfaringar etter 1 års drift av Os legevakt Frå november 2007 har Os kommune hatt ein fast legevaktsstasjon i Os Røde Kors sitt nybygg i Kolskogen. Dette har vore eit stort framsteg for legevakttenesta i kommunen. Legevakta er her samlokalisert med ambulansetenesta, noko som har styrka samarbeidet mellom legane og ambulansepersonellet. Vaktstasjonen på Os legevakt er i tillegg til vakthavande lege bemanna med sjukepleiar kl 16 23 på kvardagar og kl 9 17 i helgene. Sjukepleiarbemanninga utgjer Side 5 av 7
til saman 1,5 årsverk. Resten av døgnet vert legevakttelefonen betent av Hjelp24 i Trondheim, dei formidlar ved behov kontakt med vaktlege i Os. Avtalen med Hjelp 24 skal også i løpet av 2009 leggjast ut på anbod i tråd med gjeldande anbodsreglement. Driftsmodell for interkommunalt samarbeid Etter som Os allereie har etablert ein legevaktstasjon vil det for Os og Samnanger den enklaste løysinga vera at Samnanger kjøper legevaktteneste frå Os. Fordelar for Os ved eit interkommunalt vaktsamarbeid: Fleire legar i vaktordninga Auka kvalitet på tenesta Deling av utgifter Os kommune før eller seinare må ta Auka tryggleik for vaktlegar med kontinuerleg sjukepleiarbemanning Høve for oppdeling av vaktdøgnet Fast stasjonert lege på legevakta Samnanger skal også framover få stasjonert ambulansebil ( First Responder ) i kommunen, noko som vil medføra at både Os og Samnanger har god beredskap sjølv om legen er oppteken i anna akuttoppdrag. Ulemper for Os ved eit interkommunalt vaktsamarbeid: I sjeldne tilfelle vil det vera naudsynt for lege med utrykking til akuttoppdrag i Samnanger. Os kommune vil då vera utan vaktlege. Dette er ein situasjon som også førekjem i dag når vaktlegen til dømes må følgja ein dårleg pasient til sjukehuset. Driftsutgifter ved utviding til interkommunal legevaktsentral Rådmannen legg som premiss i denne saka at etablering av interkommunalt samarbeid ikkje skal medføra auka driftsutgifter for Os kommune. Vår eiga legevaktsordning, som til no har hatt avgrensa opningstider, har i 2008 kosta om lag 3.000.000 kr i netto driftsutgifter. I budsjettet for 2008 vart det avsett 2.780.000 kr netto til legevaktordninga. Overskridinga på vel 200.00o kr ser administrasjonen i samanheng med eingongskostnader i første driftsår og nokre faste utgifter til t.d. husleige og reinhald som skulle ha vore budsjettregulert i 2008. I tillegg er legevakta rekneskapsført saman med anna kommunal teneste, slik at det må takast atterhald om at dette er eit førebels overslag. For 2009 vil legevakta bli rekneskapsført som eiga teneste for å få betre oversyn over kostnadene. Eit førebels estimat syner at utviding til døgnope legevakt bemanna med både lege og sjukepleier 24 timar, vil auka driftsutgiftene med om lag 1.800.000 kr pr. år. Rådmannen kan ikkje av omsyn til kommunen sin vanskelege økonomi rå til ei slik utgiftsauke utan at det vert dekt inn ved sal av legevakttenester eller gjennom omlegging av dei faste kostnadene. Ei 24 timers lokalt bemanna legevaktsordning, med både lege og sjukepleier, vil ta bort behovet for kjøp av tenester frå Hjelp 24. Alternativ til Hjelp 24 kan vera å tilføra desse pengane til anna kommunal teneste, mot at tenesta overtek ansvaret for legevakttelefonen på dagtid. Side 6 av 7
Rådmannen har vurdert denne løysinga og ser også fordeler med ei slik ordning. Den mest aktuelle tenesta som ligg til rette for å overta ansvaret for legevaktstelefonen er pleie og omsorg. Denne tenesta er døgnbemanna frå før og har alltid sjukepleiar på vakt. Gjennom å tilføra midlane som i dag vert brukt til Hjelp 24 vil tenesta kunna få styrka bemanninga si med ekstra helsepersonell. Dersom det vert fatta ei prinsipiell avgjerd om etablering av interkommunalt samarbeid kring legevakta vil administrasjonen oppnemne ei arbeidsgruppe som får i oppgåve å greie ut evt. konsekvensar av integrering av legevakttelefon i anna kommunal teneste. Vidare vil administrasjonen ta initiativ til å etablere ei prosjektgruppe med representantar frå begge kommunar for å utarbeida ei bindande avtale som regulerer både dei økonomiske, organisatoriske og faglege aspekta ved samarbeidet. Oppsummering Eit legevaktsamarbeid med Samnanger vil auka kvaliteten på legevakttenesta i Os og vaktlegane vil få betre arbeidsvilkår utan vesentleg auke i nettoutgiftene for tenesta. Det er gjort eit overslag som syner at brutto meirkostnad for Os ved ei naudsynt styrking av legevakta i samband med interkommunalt samarbeid vil liggja på omkring 1,8 millionar kroner i året. Rådmannen legg til grunn at denne meirkostnaden skal kunna dekkjast inn gjennom sal av tenester til, i denne omgang, Samnanger kommune. Framlegg til vedtak: Nils Petter Borge Kommunalsjef Eva-Mari Solberg Einingsleiar Side 7 av 7