Protokoll Årsmøte IL Jotun 17.02.2011 kl. 19.00 i Jotunhuset Tilstades: 41 Sakliste / innkalling. Det var ingen merknader til innkalling eller sakliste. Innkalling og sakliste godkjent Sak 1: Konstituering Møteleiar: valt Terje Moe Skrivar: valt Inger Marie Beheim Underskrive protokollen: valt Stig Laberg Øvstetun og Morten Brandsdal Vert æresteiknutval etter at årsmøtet er formelt ferdig..sak 2: Årsoppgjer 2010 Årsmeldingar: Møteleiar gjekk gjennom årsmeldinga til hovedstyret. Årsmøtet gav godkjenning til at møteleiar ikkje gjekk igjennom årsmeldinga ord for ord då årsmeldinga har vore tilgjengeleg på nett i ei veke. Gruppeleiarar orienterte frå aktivitet i gruppene. Årsmeldingen vart samrøystes godkjent slik den vart presentert og førelåg. Rekneskap revisjonsmelding årsmelding kontrollkomitèen Økonomileiar gjekk gjennom rekneskapet for 2010 Årsmøtet vedtok rekneskapet samrøystes Møteleiar las revisjonsmeldinga for årsmøtet denne hadde ingen merknader til rekneskapet. Møteleiar las årsmelding frå kontrollkomitèen denne hadde ingen merknader til regnskapet. Ingen merknader revisjonsmelding og kontrollkomitèrapport godkjent. Sak 3: Budsjett
Økonomileiar gjekk gjennom budsjett for 2011. Budsjettet er laga på grunnlag av gruppene sine budsjett. Budsjett 2011 samrøystes vedteke. Sak 4: Innkomne saker 4.1 Endring av medlemskontigent (frå hovedstyre) Medlemskontigenten i IL Jotun vert endra til kr. 150,- for alle 4.2 Organisasjonsendring (frå hovedstyret) 4.2.1 Opphøyr av inaktive grupper Leiar orienterte om saka. Hovedstyret si innstilling Gruppene aerobic og treningssenter vert lagt ned og vert ikkje representert i hovedstyret. Symjegruppa vert lagt inn under allidrett og vert representert i hovedstyret gjennom allidretten sin representant. Volleyballgruppa vert inaktiv inntil det vert aktivitet i gruppa og misser hovestyrerepresentant til evt. nytt årsmøtevedtak. 4.2.2 Ny organisasjonsplan for handballgruppa Møteleiar orienterte om saka, vedtak i handballstyret av 13.12.2010 er lagt ved årsmøteinnkallinga. Hovedstyret si innstilling Hovedstyret tilrår vedtak i handballstyret av 13.12.2010, delinga skjer frå årsmøtet 2011. Den økonomiske delinga skjer frå 01.07.2011 og budsjetta skal leggast fram for hovedstyret for godkjenning. 4.2.3 Erstatta ekstern revisor med valt revisor, Lovendring av 12 7. ledd c og d Leiar gjekk gjennom årsak til endring. Meir info er lagt ved årsmøteinnkalling. Hovedstyret si innstilling Lovendring Lov IL Jotun- 12 7. ledd c og d: For punkt c erstatte tilsette revisor med 2 valde revisorar Punkt d går ut
Innstillinga vart einstemming vedteke av årsmøtet 4.3 Orientering / fordeling av grasrotmidlar (frå fotballgruppa) Hovedstyret tilrår at årsmøtet ikkje tek saka opp til røysting. Hovedstyret tek forslaget til IL Jotun fotballgruppa opp til handsaming og vurderer om å endra praksis for fordeling av grasrotmidlar med verknad frå 2012. Fotballgruppa poengterte at grasrotmidlar bør gå til aldersfastlagt, og at ein evt. Bør endra plakat ang. Grasrotmidlar. 4.4 Evaluering anleggsgruppe (frå fotballgruppa) Hovedstyret tilrår at årsmøtet ikkje tek saka opp til røysting. Det vert gjennomført ei evaluering av anleggsutvalet sitt arbeid. Samtidig skal det i neste årsmøteperiode gjennomførast ei kartlegging av kva behovet IL Jotun har for utvikling av eksisterande og nye anlegg. Med grunnlag i dette arbeidet skal det etablerast ein plan for oppgradering/opprusting av eksisterande og realisering av nye anlegg. 4.5 Klubbutvikling og toppsatsing (frå fotballgruppa) Fotballgruppa ynskjer at hovedstyret set ned ein ressurs som vert ansvarleg for dette. Hovedstyret tilrår at årsmøtet ikkje tek saka opp til røysing. Det arbeidet som er påbegynt vert vidareført. Ny klubbhandbok, der det vert gjeve svar på korleis IL Jotun skal handsama lagsutvikling og toppsatsing fram mot 2020, skal vera ferdig og utarbeidd i komande årsmøteperiode. Sak 5: Val
Valkomiteen har vore samansett av: Therese Lægreid - medlem Vibeke Fusche Moe - medlem Tove Sandvoll Vee - leiar Therese Lægreid orienterte og begrunna om valkomiteen sitt forslag. Valkomiteen sitt forslag: Leiar: Jo Ragnar Sønstlien periode: 2011-2012 på val/ny Miljø & trivsel: Mona Nytun periode: 2011-2012 på val/ny Økonomileiar: Henny Brun Larsen periode: 2011-2012 på val/ny Nestleiar: Odd Øvregard periode: 2011 på val/ny Kurt Jevnaker går inn som gruppekontakt 2011. Varamedlem: Audun Hellebø periode 2011-2012 på val/ny Årsmøtet vedtek å gje fullmakt til hovedstyret og velga ny vara i samarbeid med ny valkomitè. Jo Ragnar Sønstlien vart valt til ny leiar, samrøystes. Mona Nytun vart valt til ny koordinator for miljø og trivsel, samrøystes. Henny Brun Larsen vart valt som økonomileiar, samrøystes. Odd Øvregard vart valt som ny nestleiar, samrøystes. Audun Hellebø og vart valt som varamedlem samrøystes. Æresteiknutval: Valkomiteen sitt forslag (leiar sit òg her): Medlem: Johannes Børtnes periode: 2011-2013 på val Samrøystes vedteke. Valt revisor: Valkomiteen sitt forslag: Leif Åberge periode: 2011 på val/ny Terje Moe periode: 2011 på val/ny Begge vart valt samrøystes. Valkomite: Vibeke Fusche Moe periode: 2011 (fortset) Nina Jevnaker periode: 2011-2012 på val/ny Kristin Bukve Strand periode: 2011-2012 på val/ny
Begge vart valt samsøystes. Æresutdeling: Bragdstaup: Rebecca Steinheim - handball Æresteikn: Fylgjande personar fekk heiderstekn i sølv for stor innsats for IL Jotun: Ruth Laberg turn / fleire grupper Siv Bakken handball Æresmedlem Edvin Moen friidrett Rolv Breisnes - friidrett Møteleiar takka til slutt for møte og ynskja alle vel heim. Møteslutt kl. 20.20. Inger Marie Beheim Skrivar Morten Brandsdal Stig Laberg Øvstetun