OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 25.10.2005 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Forfall: Terje Hermansen (A) Vara som møter: Nils-Olav Nøss (A) Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 151/05 05/2083 FAMILIESAMEINING FLYKTNINGAR 1125 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 19.10.2005 Terje Søviknes Ordførar Lars Atle Skorpen Rådmann
FAMILIESAMEINING FLYKTNINGAR MØTEBOK Saksbehandler: Åse Østensjø Arkiv: F32 Arkivsaksnr.: 05/2083 Saksnr.: Utval Møtedato 151/05 Os Formannskap 25.10.2005 Framlegg til vedtak: 1. Kommunestyret tek til orientering at kommunen i tida framover vil få omfattande oppgåver og utgifter knytt til familiegjenforeningssaker. Dette i ei tid der mottaket av flyktningar skal reduserast og innsparing er eit overordna mål. 2. a) På grunnlag av dei gitte opplysningane i saka, med tanke på innsparing og tilpassing av flyktningtenesta i relasjon til redusert mottak av flyktningar, skal det ikkje gjevast eit introduksjonsprogram med tilhøyrande introduksjonsstønad til familiegjenforente som ikkje utløyser integreringstilskot frå staten. b) Familiegjenforente som i følgje introduksjonslova ikkje har rett og plikt til eit introduksjonsprogram og som ikkje utløyser integreringstilskot frå staten, skal i Os kommune ha tilbod om eit introduksjonsprogram med tilhøyrande introduksjonsstønad. Utgifter knytt til dette må dekkjast innafor kommunen sitt ordinære budsjett. Os, 13.10.2005 Lars Atle Skorpen Rådmann
Vedlegg: Saksopplysningar: Bakgrunn Ein flyktning som bur i Os ventar familien sin laurdag den 17. oktober 2005. Familien består av kone og seks born mellom 5 og 15 år. UDI sitt vedtak som gjeld innvilga familiegjenforening vart motteke av denne flyktningen i midten av september 2005. Familiegjenforeninga vart gjeven på det grunnlaget at vedk. flyktning oppfyller dei vilkåra som har blitt stilt til underhaldskrav og evne til å forsørgja søkjaren (ca kr 170 000 dette inkluderer introduksjonsstønad tilsvarande kr 120 000). Denne flyktningen er busett på humanitært grunnlag og vart busett i kommunen i 2004. At vedkomande er busett på humanitært grunnlag vil i høve introduksjonslova 2.1.1 føra med seg at Os kommune ikkje vil kunna ta imot integreringstilskot for medlemane i familien. Ei heller er Os kommune i følgje lova pålagt å gje tilbod om å delta i eit introduksjonsprogram med tilhøyrande introduksjonsstønad. Lova opnar derimot opp for at kommunen sjølv kan velja å tilby familiegjenforente eit introduksjonsprogram. Rett og plikt til norskopplæring I følgje Introduksjonsloven 17.1.1 vil familiegjenforente med herbuande som har opphald på humanitært grunnlag etter søknad om asyl omfattast av rett og plikt til gratis norskopplæring. Dette vil innebære 250 timar norskopplæring, samt 50 timar samfunnskunnskap på eit språk som personen forstår. Dette er opplysningar som må registrerast i NIR (nasjonalt introduksjonsregister), data som igjen dannar grunnlaget for busetting og norsk statsborgarskap. Introduksjonsprogram 1. september 2004 blei introduksjonsordninga innført i Os kommune som obligatorisk ordning. Dette vil seie at nyankomne flyktningar som blir busatt i Os kommune har rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram. Introduksjonsprogrammet er eit tilrettelagt program tilsvarande 37 ½ time pr veke med ein varighet på 2 år (i nokon tilfelle 3 år). Programmet skal følgje arbeidslivets gjeldande regler. Det blir utbetalt introduksjonsstønad for dei personane som deltek i eit program. Ordninga har som formål å styrke nyankomne innvandrarar sin moglegheit for deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og deres økonomiske sjølvstende. Erfaringar så langt i prosessen (1 år) viser at introduksjonsordninga er eit svært godt og effektivt verktøy når ein skal arbeide med flyktningar, men for å lykkast må det satsast ressursar som blant anna sikrar god og hyppig oppfølgjing i heile programperioden (2 år i nokon tilfell 3 år). Ein må også sikra seg ressursar som gjer at det er mogeleg å tilretteleggja eit godt program utover dei timane som utgjer norskopplæring. Dvs ca 17 timar gjenståande timeantall som skal ivaretakast av flyktningtenesta. Familiegjenforente - introduksjonsprogram? Som tidligare nevnt gir Introduksjonslova kommunen adgang til etter eiga skjønn å tilby deltaking i introduksjonsprogram til dei familiemedlemane til andre personar enn dei som har rett og plikt etter lova. Kva veljar så Os kommune å gjere i ein situasjon der herbuande Side 3 av 5
flyktningar venter sin familie på 7? Dette er personar som kommer direkte til eit framand land til Os. Dei kjenner ikke den norske kulturen. Dei kjenner ikkje det norske språket og livet i Os vil naturligvis fortone seg anneleis og framand. I likskap med herbuande flyktning treng også den familiegjenforente å delta i ein kvalifiseringsprosess/eit introduksjonsprogram for å styrkje sin moglegheit for deltaking i yrkes- og samfunnslivet. Os kommune må stimulere til aktivitet framfor passivitet og jobba målretta for at desse personane ikkje fell inn i ein passiv mottakarrolle. Dette er argumentar som talar for at den familiegjenforente bør få tilbod om å delta i eit introduksjonsprogram eller det bør stillast krav til at den familiegjenforente skal delta i eit introduksjonsprogram. Deltaking fører igjen til utbetaling av introduksjonsstønad tilsvarande kr 120 000 pr år. Dette vil med andre ord seie at deltaking i eit program også vil bringe med seg ein kostnadsside for Os kommune. Økonomi Som tidligare nevnt vil dei familiegjenforente ikkje utløyse integreringstilskot frå staten (satsane: kr 412 000 pr born og kr 432 000 for vaksne fordelt over ein periode på 5). Det å tilby den familiegjenforente eit program vil derfor innebære ein kostnad for kommunen som ikkje vil bli kompansert frå statleg hold i form av tilskot. Det vil heller ikkje bli overført eit skuletilskot frå staten for dei familiegjenforente borna (Skuletilskotet: kr 8 750 pr barn - grunnskule). Dette er eit tilskot som tilfaller kommunen for flyktningborn som er å finna i integreringsfasen (5 år). Som hovudregel må den som søkjer familiegjenforening kunne forsørgjast av den han/hun søkjer gjenforening med dette i henhold til Rundskriv 15/95, men i denne saken synes dette å være ein regel som vanskeleg lar seg gjennomføre i praksis. Det er vanskeleg å forutsi hvor mykje støtte familien vil ha behov for etter busetting, men man kan danne seg nokon tanker omkring dei økonomiske utfordringande som herbuande flyktning blir stilt overfor når ein person skal forsørgje ein familie på 8. Intektsgrunnlag: fars inntekt (usikker variabel), barnetrygd: ca kr 6000, samt bustøtte. Ein manglande evne til å forsørgje sin familie vil høgst sannsynleg medføre behov for økonomisk bistand frå sosialtenesta. Sia far deltek i eit introduksjonsprogram og er i delvis lønna arbeid vil ein evt sosialstønad blir berekna på grunnlag av herbuande sin oppgitte inntekt dvs. supplerande sosialhjelp. Born i barnehage: kr 2750 pr månad (1 born i tida fram til sommaren 2006 då skulen). Satser livsopphald: kr 4 140 pr månad dersom verken far eller mor har nokon form for inntekt, noe som ikkje er situasjonen i denne ekeltståande saken. Tillegg for born 0-5 år: kr 1580. 6-12 år: kr 2090. 11-17 år: kr 2640. Foruten dette blir dei skulane (i dag er det fortsatt usikkert ved hvilke skoler elevene skal gå ved dette fordi det ikke har blitt gitt noen fast bosettingsadresse) som borna begynner som elev ved satt overfor monge ressurskrevande og omfattande oppgåver. I ei tid og med eit vedak om innsparing og tilpassing av flykningtenesta i relasjon til busettingsstopp, kan ein vanskeleg argumentere for at flyktningtenesta i ei tid med nedbemanning og forestående nedbemanning skal kunne påta seg dei oppgåvene som er knytt til det å tilretteleggje eit introduksjonsprogram for vaksen part og dei monge oppgåver som er knytt til det å følgje opp ein så stor familie i sin heiskap. Kordan denne saken og framtidige saker av same karakter skal håndterast, er eit valg som kommunen må ta stilling til. Vil kommunen satse på eit fullverdig introduksjonsprogram for vedkomande og dermed fokusere på kvalifisering og integrering? Dette vil innebære at vedkomande får utbetalt Side 4 av 5
introduksjonsstønad uten at kommunen mottar integreringstilskot. Uten integreringstilskudd vil dette bil ein utgiftspost for kommunen, som igjen må dekkjast via det ordinære budsjettet. Når dette er sagt må det deretter sikrast at det finns kompetente personar i flyktningtjenesta som kan ivareta desse oppgåvene på ein forsvarleg måte. Eller; Skal dei familiegjenforente kanalyseres inn i eit system som fremmar passivitet framfor aktivitet, der personane inntar ein mottakerrolle? Dette vil også medføre ein utgift for kommuen, men der utgiften ikkje vil bringe med seg dei krava som ligg forankra i Intoduksjonslova. Herbuande sitt framtidige inntektsgrunnlag vil i tida framover verte utslagsgivande for den økonomiske bistand som familien vil trenge frå kommunen, dette er dog ein usikker variabel. Ein avsluttande bemerkning I tida framover kan Os kommune forvente å ta imot 2 familiegjenforeninger. Den eine familien skal gjenforenast med herbuande flyktning som er busatt på humanitært grunnlag. Dette vil seie at kommunen heller ikkje her vil motta integreringstilskot for familiemedlemane. Dette gjelder en kone med ett barn. Når denne busettinga vil finne sted er fortsatt usikkert. Det har blitt fremmet søknad om familiegjenforening, men herboende flyktning må vise til en stabil inntekt og evnen til å forsørgje søkjaren. Når det gjeld den andre familien har herbuande flyktning (blir busatt i løpet av november) asylstatus som igjen utløyser integreringstilskudd for søkjaren. Dette vil si at Os kommune for den sistnevte familien vil motta integreringstilskudd for 1 voksen og 4 barn. Den vaksne parten vil i denne situasjonen ha rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram. Det vil ikkje bli stil forsørgjelseskrav/underholdskrav. Når denne busettinga vil finne stad er fortsatt usikkert muligens 2006. Antall programdeltakere vil då auke til 20 (eller 21). Det har blitt sagt og skrevet at den nye regjeringen skal føre et målretta arbeid og utvide integreringsarbeidet overfor flertallet av nyankomne innvandrere som ikke får ta del i eit introduksjonsprogram (viser til påtråppande regjerings regjeringserklæring). Dette vil også få konsekvensar for Os kommune, som på sin side må sikre dei kompetente personane som alleeie finnes i systemet, personer som igjen kan tilretteleggje, gjennomføre og drive oppfølgjing av deltakarane i programmet. Os, 13.10.2005 Åse Østensjø Einingsleiar Side 5 av 5