PROSJEKTPLAN. Prosjekttittel: Digital språkbank for nordområda (DIGINORD) Mål med prosjektet



Like dokumenter
Vitskaplege samlingar. Åse Wetås, Norsk Ordbok 2014 Ope seminar om Språkbanken,

8. Museum og samlingar

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Privatarkivarbeidet Sett frå Møre og Romsdal ( og i lys av arkivmeldinga)

«Han (eller ho) kunne fare. Slektsforskardagen Ålesund Arnfinn Kjelland

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Vestlandet ein stor matprodusent

Nynorsk i nordisk perspektiv

Årsrapport for Divvun 2013

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.


Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Årsplan A. Rammevilkår 1. Organisering og finansiering

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Brukarrettleiing E-post lesar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

12. Færre besøk ved norske kinoar

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Last ned 1000 ord i nord - Eli Johanne Ellingsve. Last ned. Last ned e-bok ny norsk 1000 ord i nord Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Forslag frå fylkesrådmannen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Last ned Norsk ordbok. Bd. 12. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Norsk ordbok. Bd. 12 Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

13. Sendetida på TV aukar

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn


10. Arkiv. Riksarkivet og statsarkiva lesesalbesøk ved dei statlege arkiva. Utlån til arkivinstitusjonar og andre institusjonar

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Eksamen (6 timar) 29. november 2010, kl

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Vurderingsrettleiing 2011

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Med god informasjon i bagasjen

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Altas bosetningshistorie

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Til deg som bur i fosterheim år

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Lønnsundersøkinga for 2014

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Høgskulen i Sogndal i media (råd til den som vil ut i verda) Hilde Sandvik Kultur- og debattredaktør i BT

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Transkript:

PROSJEKTPLAN Prosjekttittel: Digital språkbank for nordområda (DIGINORD) Mål med prosjektet Målet med prosjektet er å etablere ein digital språkbank for nordområda (DIGINORD) til bruk for forsking og undervisning. Når ein slik språkbank er etablert, må han vedlikehaldast, for digitale data forvitrar lett sidan datateknologien heile tida er i utvikling. Nye språklege data må heile tida kunne leggjast til i databanken. Bakgrunn for søknaden Ved Universitetet i Tromsø finst det i dag språkmateriale (både originalmateriale og kopiar) av ulikt slag frå norske, samiske og kvenske dialektar. Materialet er lokalisert ved det som har blitt kalla Nordnorsk talemåls- og stadnamnarkiv. I tillegg finst materiale hos ulike forskarar på karelsk, russisk og fransk. Materialet finst som lydbandopptak og i ulike skriftlege data, og materialet er dokumentert til ulike tider. Det eldste lydbandmaterialet er av samiske dialektar og ligg føre som spoleband frå 1950- talet. Ein del av lydbandmaterialet er kopiert (tryggingskopiar), mens andre delar ikkje er kopierte. Slik dataa ligg føre i dag, er dei lite tilgjengelege for utforsking. Når det gjeld norsk, er det framleis slik at av norske talemål er det dei nordnorske talemåla som er minst utforska. Det er nok fleire forhold som ligg til grunn for dette tilhøvet, både faghistoriske og andre forhold. Dei felta av nordnorske talemål, tilliks med norske talemål elles, som har vore mest undersøkte, er fonologi og bøyingsmorfologi, men framleis er det mykje som det ikkje er forska på. Dialektsyntaks har vore lite undersøkt, men her har det etter kvart komme til ein del forskingsarbeid, men svært lite undersøkt er leksikalske og ordgeografiske forhold. Innafor kvensk og samisk språkforsking er mykje ugjort, og enklare tilgang til språklege data vil kunne få fram nye forskingsarbeid. Bruk av digitale språkdata Om arkivmaterialet blir tilgjengeleg i digitalisert form, opnar det seg mange høve for å utnytte det, både til forsking innafor humaniora og til undervisning, både på universitetsnivå og elles i utdanningssystemet. Data som er tilgjengelege i digital form, vil også kunne vere til nytte for andre enn språkforskarar, t.d. for forsking innafor etnologi, sosiologi og antropologi.

Det er særs viktig som eit ledd i dagens revitaliseringsarbeid med kvensk språk og samiske dialektar at digitale ressursar blir etablerte. Eit korpus over kvensk språk vil vere viktig for arbeidet som pågår med standardisering av eit kvensk språk. Lydbandopptak av kvenske og samiske dialektar som no er utdøydde, er det svært viktig å ta vare på og gjere tilgjengelege. Det er sjølvsagt også viktig å ta vare på dokumentasjon som finst av norske dialektar, for også her gjer språkdød seg gjeldande ved at dialektar døyr ut og blir erstatta av andre former for norsk, jf. dølamålet i Indre Troms som kan vere i ferd med å bli utradert. Eitkvart dokumentert og strukturert språkmateriale vil vere ei kjelde til språkbeskriving og utforsking både semantiske, fonologiske, morfologiske og syntaktiske tilnærmingar. Grammatikkar over ulike varietetar vil kunne utviklast, og dei språklege dataa vil kunne inngå i utvikling av undervisningsmateriell. Framskaffe nye språklege data Det vil også vere eit mål for prosjektet å skaffe til veges nytt materiale om språk og dialektar i nordområda, t.d. i form av innsamling til phd- og mastergradsprosjekt. Nærmare om nordnorsk ordtilfang Nordnorsk ordtilfang er også mangelfullt dokumentert og representert i nasjonale norske ordbøker. Hoel (1994:155) har undersøkt delar av Ivar Aasens Norsk Ordbog [1873] og funne at 8 % av orda som er heimfesta til eit bestemt geografisk område, er frå Nord-Noreg (46 % av heimestingane er frå Austlandet, 31 % frå Vestlandet). 1 Utveljingsprinsippet for ord til Nynorskordboka har vore at eit ord må vere registrert i minst tre fylke for å få komme med i ordboka. 2 Geografisk sett er det nordnorske området svært stort jamført med resten av landet, og sidan det berre er tre fylke i dette området, fører utvalskriteriet til at mange nordnorske ord ikkje kan få innpass i ei slik nasjonal ordbok. Situasjonen er likevel ikkje slik at nordnorsk ordtilfang ikkje er dokumentert. Språkforskaren Hallfrid Christiansen har gjort ein stor innsats for å skaffe til veges kunnskap om nordnorsk talemål. Ho hadde planar om å lage ei nordnorsk ordbok og har samla inn eit stort leksikalsk tilfang. Dette tilfanget, eller i alle fall delar av det, er skrive ut på setlar, i alt om lag 60 000 setlar. På setlane er normert ordform ført opp, uttale i norvegialydskrift, tyding, heimfesting og 1 Hoel, Oddmund L. 1994: Ordbøkene til Ivar Aasen. Maal og Minne, hefte 3-4, 147-166. 2 Nynorskordboka, s. VII.

tidfesting. Materialet er særleg frå Nordland og Troms nordover til og med Helgøy herad. Nord-Troms og Finnmark besøkte ho ikkje, men materialet etter Christiansen inneheld også litt tilfang frå desse områda. Også fleire andre personar har samla inn mykje nordnorsk leksikalsk tilfang som ikkje er publisert. Dette arkivmaterialet er i dag utilgjengeleg for andre enn forskarar og spesielt interesserte. Av publisert materiale må nemnast ei av dei første regionale norske ordbøkene, Håløygsk ordsamling av Johan Hveding (1968). Det finst i tillegg fleire lokale ordbøker av varierande omfang og kvalitet. Alle desse bøkene er i dag ofte svært vanskelege å få tak i. Eit rikhaldig materiale ligg altså føre, men i ei form som gjør at det er svært vanskeleg for folk flest å få innsyn i eller tilgang til materialet. Originalmaterialet etter Hallfrid Christiansen finst i dag ved Målførearkivet ved Universitetet i Oslo. Rapporten "Evaluering av Norsk Målførearkiv" av 5.3.2001 går inn for at alt originalmateriale etter Hallfrid Christiansen frå Nord- Noreg blir overført til Universitetet i Tromsø, og styret ved Institutt for Nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo har i styresak 16/01 også gått inn for slik overføring, men dette har av ukjente årsaker likevel ikkje blitt gjort. Det er klart at ei overføring av originalmaterialet etter Hallfrid Christiansen til Nordnorsk talemåls- og stadnamnarkiv ved Humanistisk fakultet, Universitetet i Tromsø, er ei stor utfordring for institusjonen. Det store leksikalske materialet må tilretteleggast slik at materialet kan nyttast både til forsking og til formidling til ålmenta t.d. i form av ein database tilgjengeleg på nettet. Dei rikhaldige samlingane utgjør eit svært godt grunnlag for å lage ei regional ordbok, ei nordnorsk ordbok. Som tidlegare nemnt, er det rikhaldige nordnorske leksikalske materialet mangelfullt representert i nasjonale ordbøker. Det er inga tvil om at ei slik ordbok vil bli møtt med stor interesse av publikum. (Som ein illustrasjon på denne interessa kan nemnast at ei lita ordsamling frå 1998 med ord frå tromsødialekten har selt i over 6000 eksemplar.) Som nemnt har norsk dialektologi særleg vore konsentrert om å utforske fonologiske og morfologiske utbreiingsmønster, mens leksikalske og dialektsyntaktiske mønster har vore lite utforska, trass i at dei sistnemnde studiane viser til dels andre spreiingsmønster enn dei førstnemnde. Frå historiske kjelder veit vi at Nord-Noreg meir enn andre delar av landet har hatt stor tilflytting av folk frå andre landsdelar og andre land. Vi veit at ein stor grad av dialektkontakt og språkkontakt resulterer i forenklingar og utjamingar i

morfologien og fonologien til varietetar som blir utvika i svært heterogene språkmiljø, men kva som skjer med ordtilfanget under slike forhold, veit vi mindre om. Når det eksisterande leksikalske tilfanget blir lagt inn i ein database, vil ein kunne nytte materialet til ordgeografiske undersøkingar. Gjennom studium av ordtilfanget vil ein kunne identifisere språklege utbreiingsmønster som vil kunne gje ny kunnskap om språk-, dialekt- og kulturkontakt i og utafor Nord- Noreg. Vi veit ut frå mindre undersøkingar (studentarbeid) at det skjer store endringsprosessar i ordtilfanget. Eit ferskt døme på dette frå dølamålet i Indre Troms er at ingen av ti spurde personar under 20 år kjende tydinga til ordet /''sklæta/ `sludd, men alle ti over 60 år kjende til tydinga av ordet. Derimot kjende sju av ti personar under 20 år til tydingane av orda /''gryn3e/ `gå i djup snø og /''stævle/ `danne issvull. Alle over 60 år kjende tydinga av desse orda Ingen av orda inngjekk i kontekst ved utspørjinga. Orda her kan ein seie høyrer til eit semantisk felt som kunne kallast "ver- og føreforhold". Ei nærmare undersøking ville kunne få fram kunnskap om kva som ligg til grunn for at orda blir traderte så ulikt. Finansieringskjelder Norges Forskningsråd Sveriges forskningsråd Suomen akatemia Norplus Nordisk kulturråd Nordisk råd Sametinget Nordområdemidler/Barentsmidler ABM-utvikling Fylkeskommunane i Finnmark, Troms og Nordland Kultur- og Kommunaldepartemenet Studentrekruttering Bruk i undervisningsopplegg, studenter som arkivassistenter som ledd i mastersutdanninga. Stillinger Datateknikar/arkivar i full stilling. Engasjement eller frikjøp av forskar med allmenn språkteoretisk kvalifikasjon.

Frikjøp av fagleg tilsette med språkspesifikke kvalifikasjonar etter ein viss stillingsprosent. Tre phd-studentar (stipend), samisk. kvensk, norsk. Mastergradsstipend til feltarbeid/konferansar/kurs. Utoverretta aktivitet Konferanse/work shop ein gong per år med inviterte og andre forelesarar. Budsjett Datateknikar/arkivar:? Engasjement/frikjøp? 3 Phd-stipend:? 10? Mastergradsstipend á kr 15 000? Work shop-middel: ca 80 000 per år Samarbeidspartnarar Høgskolen i Alta, Kvensk institutt, Kvensk språkråd, Sámi allasguovlu/samisk høgskole, Finska institutionen ved Universitetet i Stockholm, Umeå, CLARIN (EU 7. Rammeprosjekt), Nasjonalt Digitalt Dialektkkorpus, Phonologie du français contemporain (Paris, Toulouse, Oslo), Norsk Ordbok 2014, Uppsala SOFI, Kotimaisten kielten tutkimuskeskus/inhemska språkcentralen (Finland), etc. Tidsplan Oppstartperiode 5 år