Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner for tildeling av kulturmidlar/tilskot Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Reviderte retningsliner for tildeling av kulturmidlar/tilskot vert godkjent. Ordninga med underskotsgaranti vert avvikla. Ramma for tilskot vert fastsett årleg i samband med handsaming av budsjett/økonomplan med lik fordeling til kultur- og idrettsføremål: Faste tilskot idrett: 50 % Faste tilskot song og musikklag: 25 % Faste tilskot til barne- og ungdomsarbeid: 10 000 kr Kulturstipend: 10 000 kr Kulturpris: 22 000 kr Tilskot til ålment kulturarbeid: Resterende del av totalramma Retningslinene vert sendt på høyring før endeleg godkjenning i kommunestyre. Høyringsfrist vert 10.10.2014. Ramma for 2015 vert fastsett i samband med handsaming av budsjett/økonomiplan. Saksopplysningar: Bakgrunn Tilskotsordningar for kulturarbeid vart vedteken i kommunestyret i 1996, saksnr 0122/96. Retningslinene er ikkje revidert sidan den gong. Retningslinene frå 1996 er vedlagt denne saka. I 2000 vedtok Hovudutval for oppvekst og kultur, saksnr 0006/00, reglar for underskotsgaranti i Vaksdal kommune. Kommunestyret vedtok i 2009, saksnummer 028/09 å opprette eit instrumentfond med vedtekter for dette. Samla sett så representerer desse tre sakane gjeldande tilskotsordningar i Vaksdal kommune. Ordningane er uoversiktleg, ein del av tilskota er ikkje lengre aktuelle og tilskotsordningane er ikkje
tilpassa organisasjon- og kulturlivet i 2014. Det er difor trong for å revidere retningslinene og samle desse til eitt dokument. Vaksdal kommune si støtte til kultur og idrett kan i hovudsak delast i tre: 1. direkte økonomisk støtte, 2. indirekte økonomisk støtte, til dømes personressursar og støtte frå kommunalteknisk drift, 3. underskotsgaranti I tillegg til dette har kommunen dei siste åra mottatt kring 150 000 kr /år i tilskot frå Hordaland fylkeskommune, «den kulturelle spaserstokken» og den kulturelle skulesekken». Desse midlane vert ikkje vidare kommentert her. Rådmannen ønskjer no ein gjennomgang av tilskotsordningane for å sikre ein open og rettferdig praksis innanfor dei økonomiske rammene ein til ein kvar tid har til disposisjon. Vurdering 1 Direkte økonomisk støtte For å illustrere utviklinga når det gjeld tildeling av tilskot til lagsarbeid i Vaksdal kommune kan det vere nyttig å sjå utviklinga over tid. Som ein ser av tabellen under har tilskota fordelt seg noko ulikt mellom kultur- og idrettsføremål oppigjennom dei siste tiår. Justert for lønns- og prisstigning representerte det samla tilskotet til kultur- og idrettsføremål i 1986 867.138 i 2013 kroner. Vi gjer merksam på at samanlikninga ikkje vert heilt riktig då den indirekte støtta har endra seg over åra, det finst ikkje tilgjengelige tal for den indirekte støtta. Tilskot til kultur- og idrettsføremål i perioden 1986 2013. Årstal Kulturføremål Idrettsføremål Tilskot Del Tilskot Del Totalt 1986 256 400 60 % 171 800 40 % 428 200 1996 212 000 48 % 226 000 52 % 438 000 2010 351 000 60 % 230 000 40 % 581 000 2013 230 000 50 % 230 000 50 % 460 000 Direkte økonomisk støtte i 2010. Type Tilskot Del Faste tilskot idrett kr 230 000 40 % Faste tilskot song og musikklag kr 180 000 31 % Andre faste tilskot kr 81 000 14 % Tilskot etter søknad kr 90 000 15 % Sum tilskot kr 581 000 100 % Fordeling faste tilskot i 2010.
Tilskot til kultur og idrett Tilskot 2010 Del Faste tilskot: Faste tilskot til idrettslag 230 000 40 % Faste tilskot 17. Mai 15 000 3 % Faste tilskot til born/unge 10 000 2 % Sum faste tilskot barn/unge 35 000 6 % Faste tilskot til song og musikklag 80 000 14 % Instrumentfond 100 000 17 % Sum faste tilskot til song og musikklag 180 000 31 % Faste tilskot til ålment kulturarbeid 15 000 3 % Faste tilskot 1. Mai 9 000 2 % Kulturpris 22 000 4 % Sum faste tilskot ålment 46 000 8 % I 2009 vedtok kommunestyret at det skulle opprettast eit instrumentfond på 100 000 kr som ein årviss sum. Korps/kor knytt til Vaksdal Musikkråd (VMR) skulle kunne søke tilskot til instrumentar/ utstyr frå fondet. Kommunen skulle administrere fondet i høve til å ta i mot søknadene, men VMR skulle bestemme fordelinga ut frå innkomne søknader. Skulekorps/barnekor skulle for eksempel få dekket større prosentdel enn vaksne, og ingen fekk fullfinansiering av instrument. Tilskot etter søknad har vore tildelt ulike arrangement, til dømes Daledagane, Vintertreffet på Vaksdal, Bergsdalsdagane, Kulturdagar på Stamnes og Eksingedalsmarknad. I tillegg har det vore ein disponibel pott etter søknad. Det har ikkje vore nokon fast søknadsfrist for tilskot etter søknad, så det er prinsippet «fyrste mann til mølla» som har vore praktisert. Dette har ført til at ein i 2014 brukte opp tilskotsmidlane allereie i mai. Dette kan opplevast som uheldig for dei som har arrangement i 2. halvår og som då får avslag på søknad om støtte. 2 Indirekte økonomisk støtte Indirekte økonomisk støtte er støtte i form av personressursar, drift av kommunale kultur/idrettsanlegg samt driftstøtte frå kommunen til gjennomføring av arrangement. Lag og organisasjonar får støtte gjennom at kommunale bygg og anlegg vert stilt kostnadsfritt til disposisjon, i prinsippet betalar brukarane berre for vask. Idrettsføremål mottar i 2014 kring 1,4 millionar i indirekte støtte gjennom drift av kommunale idrettsanlegg medrekna drift av Turbinen. Kulturføremål får kring 0,3 millionar i indirekte støtte gjennom drift av Dalehallen og andre kommunale bygg med sterkt subsidiert husleige.
Kommunen har i 2014 budsjettert med 3,4 millionar kroner til drift av Vaksdal kulturskule. Vaksdal kommune er blant dei kommunane i landet som bruker mest midlar per innbyggjar på kulturskulen. Når det gjeld arrangement har Daledagane vore i ein særstilling, her har kommunen i dei seinare år stilt med leiar i Daledagsnemnda. Arrangementet er stort og kommunen brukar kring 0,2 årsverk til dette arrangement. Det er med andre ord ein betydelig støtte som vert gjeven. Daledagane er eit viktig arrangement i kommunesenteret som profilerer Vaksdal kommune på ein god måte. Det er naturleg at kommunen som samfunnsaktør speler ei aktiv rolle også i framtida. Av andre arrangement vert vintertreffet støtta i noko grad med støtte frå driftsavdelinga i kommunen. 3 Underskotsgaranti I 2000 vedtok Hovudutval for oppvekst og kultur at Vaksdal kommune skulle gje underskotsgaranti for tilskipingar/konsertar i Vaksdal kommune tilsvarande 10 % av totalbudsjettet med ei nedre grense på kr 500 og ei øvre grense på 5000 kr. Det har vore liten søknad til garantiordninga. Garantiordninga gjeld alle lag eller einskildpersonar som kan søke om tilskot for inntil to tilskipingar per år. Slik vedtaket er utforma er det vanskeleg å handtere ordninga på ein god måte. Ein slik universell garantiordning kan gå ut over dei andre tilskota, då utbetaling av garanti vert tatt av den samla ramma for tilskot. Det vert anbefalt å avvikle garantiordninga i Vaksdal kommune. 4 Fordeling av tilskot Rådmannen foreslår at den årlege ramma for tilskot vert fastsett som del av den årlege handsaminga av budsjett/økonomiplan. Fordelinga bør liggje fast frå år til år, men slik at ein tar denne opp til vurdering til dømes kvart 5. år. Vi har satt opp 3 ulike alternative modellar for fordeling mellom dei ulike hovudføremål. I modellane har vi nytta 450 000 som døme på ramme for å konkretisere korleis dei ulike fordelingane vil slå ut i kroner. Alternativ 0 faste tilskot uendra, garantifond opprettheldt. Døme med Type 450' i ramme Faste tilskot idrett 230 000 51 % Faste tilskot song og musikklag 140 000 31 % Tilskot til barne- og ungdomsarbeid 10 000 2 % Tilskot til ålment kulturarbeid 28 000 6 % Avsett til underskotsgaranti 10 000 2 % Kulturpris 22 000 5 % Sum 450 000 100 % Alternativ 0 inneber i praksis at tilskot til ålment kulturarbeid til arrangement i praksis vert avvikla, tilskota vil i hovudsak gå til 17. mai og 1. mai arrangement. Instrumentfondet er inkludert i faste Del
tilskot til song og musikklag. Det vil seie at instrumentfondet vert redusert til 60 000 kroner i eksemplet over. Over-/underskot for underskotsgaranti vert balansert mot dei faste tilskota. Alternativ 1 lik fordeling mellom kultur- og idrettsføremål, garantifond avvikla. Døme med Type Del 450' i ramme Tilskot til idrettslag 225 000 50 % Tilskot song og musikklag 112 500 25 % Tilskot til barne- og ungdomsarbeid 10 000 2 % Tilskot til ålment kulturarbeid 70 500 16 % Kulturpris 22 000 5 % Sum 450 000 100 % Instrumentfond er inkludert i ramma for tilskot til song- og musikklag, men tilskotsdelen til song- og musikklag vert redusert til 25 %. Det vil seie 32 500 kroner til instrumentfond i eksemplet over. Alternativ 2 faste tilskot idrett redusert til 46 %, instrument og garantifond avvikla. Døme med Type Del 450' i ramme Faste tilskot idrett 205 000 46 % Faste tilskot song og musikklag 80 000 18 % Tilskot til barne- og ungdomsarbeid 10 000 2 % Tilskot til ålment kulturarbeid 123 000 27 % Kulturpris 22 000 5 % Sum 450 000 100 % Alternativ 2 inneber at instrument- og garantifond vert avvikla. Tilskot til idrettsføremål vert redusert til 46 %, i eksempelet over til 205 000 kroner. Tilskot til ålment kulturarbeid vert auka til 27 %, 123 000 kroner i eksempelet over. 5 Framlegg til nye retningsliner: I utkast til nye retningsliner for tilskot til kultur- og idrettsføremål er det gjort følgjande endringar: 1. Tilskot til skyttarlag er fjerna. Sportsskyttarklubbar som er tilslutta Noregs idrettsforbund får støtte gjennom Vaksdal idrettsråd, medan skyttarlag kan søke om støtte gjennom posten for ålment kulturarbeid. 2. Tilskot til drift og vedlikehald av lagshus er fjerna, her må ein søkja under posten for ålment kulturarbeid. 3. Tilskot til leiarutvikling er fjerna, her må ein nytta tildeling gjennom musikk/idrettsråd eller søke om tilskot frå posten for ålment kulturarbeid. Dei reviderte retningslinene er sendt til Vaksdal musikkråd og Vaksdal idrettsråd for uttale. Dei vert og lagt ut til offentleg høyring på kommunen si nettside. Eventuelle uttaler vert vedlagt saka til handsaming i kommunestyret.
Konklusjon Rådmannen anbefaler at ein vedtar dei nye retningslinene for tilskot til kultur- og idrettsføremål slik dei ligg føre. Før kommunestyre si behandling bør retningslinene høyrast. Rådmannen foreslår at ein legg til grunn lik fordeling av tilskot mellom kultur- og idrettsføremål. Ramma vert fastsett årleg i samband med handsaming av budsjett/økonomiplan. Vedlagte saksdokument: Retningsliner for tildeling av kulturmidlartilskot i Vaksdal kommune Retningsliner_kulturstilskot_1996