Utenriksdepartementet Postboks 8129 Dep, Oslo, 15 august 2014 0032 Oslo Innspel til stortingsmelding om globalisering og handel Handelskampanjen takkar for høvet til å kome med innspel til Stortingsmeldinga om globalisering og handel. Internasjonal handelspolitikk påverkar i stor grad målet om ei berekraftig utvikling og Handelskampanjen ynskjer derfor velkommen den debatten regjeringa vil lyfte med meldinga. Handelskampanjen er ein nettverksorganisasjon beståande av fagforbund, bondeorganisasjonar, utviklings- og miljøorganisasjonar. Det er brei politisk semje om at handelspolitikken skal vere samstemt med norsk utviklingspolitikk og regjeringa ynskjer å bruke handel som verkemiddel for utvikling. Sidan 1990 har det vore retta stor merksemd om forholdet mellom handel og utvikling og mange verkemiddel har blitt utprøvde. 25 år etter er det tid for å evaluere den politikken og dei tiltaka som har blitt prøva. Trass for stor merksemd har det vore stort sprik mellom dei politiske målsetjingane artikulert i Doha og tusenårsmål åtte om globalt partnarskap for utvikling på den eine sida og realpolitikken på den andre sida. Doha utviklingsrunde kom aldri i hamn og dei skeivheitar ein sette seg mål å rette opp er fortsatt graverande. Det internasjonale handelsregelverket forsterkar snarare enn løyser opp i gapet mellom rike og fattige. Utviklingsland eksporterer fortsatt råvarer og landbruksvarer medan rike land eksporterer tenester og industrivarer. Matvarer produsert i rike land vert fortsatt dumpa i fattige land og dei minst utvikla landa (MUL) eksporterer ikkje betydeleg meir trass i at dei har null toll til mange rike land. Multilateralisme for demokrati og solidaritet Internasjonal handel må forståast i kontekst med den politiske og økonomiske situasjonen. Skal politikk og verkemiddel verke til fordel for utvikling i det globale Sør, er det naudsynt å leggje ein maktanalyse til grunn. Ulike land har ulik makt grunna ulik økonomisk og politisk situasjon. Derfor er eit multilateralt fora bygd på demokratiske prinsipp heilt essensielt for å lage rettvise handelsreglar. Handelskampanjen delar regjeringa sitt syn på at dei multilaterale forhandlingane der alle land har lik stemmerett må prioriterast. Som så mange utviklingsland uttrykte under WTO ministermøte i 2011, er plurilaterale forhandlingar ei svært uheldig utvikling. Plurilaterale forhandlingar, som avtala om offentleg innkjøp signert i 2011 og dei pågåande tenestehandelforhandlingane, svekkjer tilliten mellom medlemslanda i WTO. Gruppevise forhandlingar med mål om at avtale skal gjelde alle andre
partar i etterkant, er nett den type forhandlingar utviklingsland så mange gonger har kjempa imot i WTO. Sett frå dei utviklingslanda som ikkje deltek i slike forhandlingar, står altså plurilaterale avtaler i konflikt med multilaterale forhandlingar. Her er det eit grunnleggande skilje mellom Noreg og utviklingsland som må anerkjennast dersom ein skal kome i hamn med dei utviklingspolitiske måla som ein sette seg med Doha. Same utfordring ligg openbart i forhandlingane mellom Efta og tredjepartsland. Det er eit skeivt maktforhold i forhandlingar mellom dei fire rike Efta landa og enkeltvise utviklingsland. I WTO har utviklingsland stått sterkt saman og slik hatt forhandlingsmakt. Når Efta inngår avtaler står kvart utviklingsland aleine. Noreg må støtte opp om multilaterale forhandlingar der alle land deltek i forhandlingane med lik stemme. Noreg bør derfor avstå frå plurilaterale avtaler under WTO og Efta. Forhandlingane må vere opne, demokratiske og inkluderande. Målretta handelspreferansar Sidan 2002 har dei minst utvikla landa kunne eksportert varer til Noreg tollfritt. I 2008 vart ordninga utvida til å gjelde14 låginntektsland med mindre enn 75 millionar innbyggjarar. Dermed gjeld ordninga no for 64 land Dette var eit målretta tiltak for å opna meir handel med dei fattigaste landa, basert på den rådande økonomisk teorien om at tollbarrierar hindrar utvikling. Statistikken viser likevel at nulltollordninga har hatt liten effekt. Handelskampanjen meiner at det er to årsaker til at tiltaket ikkje har verka: For det fyrste hjelper det ikkje å gje ei gruppe land tollpreferansar dersom andre land også får gode tollpreferansar. I det alle får gode handelsbetingelsar så verkar det ikkje lenger som ein preferanse. 65 prosent av importen til Noreg kjem frå våre rike naboar i EU. Ser me på dei varene som MUL-landa i utgangspunktet kan eksportere landbruksvarer så kjem nesten 70 prosent frå EU. EØS kan ikkje sjåast uavhengig av øvrig handelspolitikk. Dess betre handelsbetingelsar EU land får, dess vanskelegare vert det for fattige land å eksportere til Noreg. Noreg må vri importen frå EU til utviklingsland. Den same forståinga må ligge til grunn når Noreg gjennom Efta forhandlar med tredjepartsland. Dess fleire Efta avtaler me inngår dess mindre gunstig blir nulltoll-avtala for MUL. Den feilslåtte nulltoll-politikken viser også at tollkutt aleine ikkje løyser handelsproblematikken. Gjeldande handelsegelverk slik det er uttrykt i WTO avtalene og det store talet regionale, plurilaterale og bilaterale frihandelsavtaler, er alle forhandla på grunnlag av nyklassiske økonomiske teoriar. Hovudpoenget i desse økonomiske teoriane er at dersom aktørar får operer fritt på den internasjonale marknaden, utan regulering frå statleg hald, vil varer og tenester produserast der det er mest kostnadseffektivt og alle vil spesialisere seg der dei er konkurransedyktige. Ei slik ordning vil føre til arbeidplassar og tilgang til varer og tenester verda over. Svaret på fattigdomsproblematikk er ut frå dei nyklassiske teoriane privatisering, redusering av offentlege utgifter, liberalisere finansøkonomi og kutte alle tollbarrierer mellom land. Det internasjonale handelsregelverket handlar såleis om å redusere tollsatsar, gje utanlandske selskap tilgang til nasjonale marknadar, kutte subsidier og så bort etter. Har dette avtaleverket fått dei tiltenkte konsekvensane?
Korvidt mange år med liberalisering og tollkutt har fått dei tiltenkte konsekvensane bør utgreiast i meldinga. Tollreduksjon mellom enkelte land har ført til billigare varer for forbrukarane og stimulert produksjon enkelte stader. Dette er positivt. Men tollreduksjon har også hatt negative følgjer for utviklingsland. For det fyrste har lokalt næringsliv blitt utkonkurrert av utanlandsk næringsliv. Slik har arbeidsplassar og skatteinntekter blitt tapt. For det andre har utviklingsland mista ei viktig inntektskjelde når dei har redusert tollsatsane. Land må kunne verne om sårbare sektorar med tollvern. Det gjev høve til å byggje opp lokalt næringsliv, skape statlege inntekter og arbeidsplassar Støtte til næringsliv og subsidier Eksportsubsidier gjer varer frå rike land billigare enn varer frå utviklingsland og verkar slik mot produksjon i det globale Sør. Målsetjinga om å kutte eksportsubsidier i jordbrukssektoren har imidlertid aldri blitt fylgt opp i praksis. Døme illustrerar ei utfordring ved systemet: nemmeleg at rike land har nok makt til å bryte forplitelsar. Ei anna utfordring er korleis ein definerar eksportsubsidier. Såkalla grønboks subsidier, som er lov i WTO, kan til dømes verke som eksportsubsidier i det vara passerar landegrensa. Debatten omeksportsubsidier har i stor grad konsentrert seg primærnæringane. Ei rekkje indirekte eksportsubsidier dominerar også industri og tenestesektorane, men her har ein kome til kort både med politikken og oppfølginga. Alle land må innføre skilje mellom støtte til landbruksprodukt til eige forbruk og støtte som går til eksport. Alle formar for indirekte og direkte støtte til eksport av landbruksvarer til utviklingsland må stansast umiddelbart og all eksportstøtte må avviklast. Statleg støtte kan i mange tilfelle vere avgjerande for etablering av lokalt næringsliv, både i primær-, sekundær- og tertiærnæringane. Utviklingsland misunner ofte rike land for høvet til å kunne støtte opp om lokalt næringsliv og lokal matproduksjon. Subsidier er imidlertid lite bruka i utviklingsland då dei ikkje har råd. Internasjonal handelsregelverk anerkjenner nytta utvikingsland kan ha av subsidier og gjev derfor utviklingsland høve til å subsidiere landbruksvarer med inntil 10 prosent. Men denne prosenten blir utrekna i forhold til marknadsprisar i 1986 nivå, noko som i praksis vil sei at utviklingsland i dag ikkje kan nytte seg av subsidier. India sitt ynskje om å gje utviklingsland fleksibilitet til å subsidiere lokale matprodusentar for å brødfø fattig befolkning, uttrykt på ministermøtet i WTO 2013, illustrerar dette problemet. Støtte til lokal produksjon for lokalt konsum må må vere lov. Etablering av lokalt næringsliv krev også gjerne spesielle ordningar slik som fritak for avgifter og statleg infrastrukturhjelp. Ulike insentiv for å sørgje for ein differensiert næringsstruktur. Rike land
har bruka dette i stor skala. Slik hjelp strir med prinsippet i handelsregelverket om nasjonal likebehandling. Det er vanskeleg å utvikle lokalt næringsliv i utviklingsland dersom dei skal gje like betingelsar til lokale grunderar som dei gjev storselskap som tidlegare fekk slik støtte frå sitt rike moderland. Særordningar for lokale bedrifter må vere lov. Utanlandske investeringar Innenfor et politisk rammeverk kan utenlandske investeringer og kapital skape positive ringvirkninger for utviklingsland. Et slikt politisk rammeverk må gi rom for krav om lokalt innhold, joint ventures, lokal foredling og utvikling, samt hjemfallsrett. Utviklingslands mulighet til å stille slike krav er imidlertid begrenset av handels- og investeringsavtaler inngått med rike land. Dette gjelder også norske frihandelsavtaler gjennom EFTA. Konsesjonskrav til utenlandsk kapital med mål om nasjonal økonomisk utvikling og sysselsetting, så vel som sosial utvikling med miljømessig standard var grunnleggende i oppbyggingen av den norske velferdsstaten. Norge må sørge for at utviklingsland i dag skal kunne ta i bruk de samme politiske virkemidlene i møte med norsk kapital. Norge må ikke inngå handelsavtaler som fratar utviklingsland muligheter til å stille krav til utenlandske investeringer Investeringer i jordbruksland i utviklingsland har vokst enormt siden matvarekrisen i 2008. Svært ofte innebærer disse investeringene at lokalbefolkningen mister tilgang til jord uten å ha gitt samtykke eller mottatt tilstrekkelig kompensasjon. Slike investeringer kalles landran og er en kilde til redusert matsikkerhet i utviklingsland. Norske investorer er aktive landinvestorer i Afrika og Norge er ifølge noen studier den fjerde største landinvestoren i Afrika. Den norske stat investerer også gjennom Oljefondet og Norfund i jordbruksland i utviklingsland. Flere av disse investeringene har fratatt lokalbefolkningen jord uten deres samtykke. Norske private og statlige jordbruksinvesteringer må bare finne sted dersom de gjennomføres med lokalbefolkningens reelle deltakelse og respekterer prinsippet om frivillig og informert forhåndssamtykke. Norske jordbruksinvesteringer bør rette seg mot bondeeide kooperativer som styrker bondens mulighet til å bestemme pris på egne råvarer. Framveksten av investeringsbeskyttelse i frihandelsavtaler og bilaterale avtaler (BITs) har skapt store utfordringer for det demokratiske handlingsrommet. Avtaler som inneholder investor-stat tvisteløsningsmekanismer er særlig bekymringsfullt. Investeringsbeskyttelsesavtalene gir investorer mulighet til å bli kompensert for «ekspropriasjonslignende tiltak», noe som i praksis har vist seg å inkludere legitime reguleringer som reduserer investorens forventede profitt. Tobakkselskapet Philip Morris har gjennom BITs-avtaler saksøkt australske og uruguayanske myndigheter for landenes røykelov. I Egypt har det franske selskapet Veolia saksøkt egyptiske myndigheter for å ha økt minstelønnen, og i Tyskland har det svenske kraftselskapet Vattenfall saksøkt tyske myndigheter for å
ha innført miljøreguleringer i kullindustrien. Vattenfall har også gått til søksmål mot Tysklands planlagte nedfasing av atomkraft. Slike utvidede rettigheter for investorer reduserer staters reelle muligheter til å innføre nødvendige tiltak for å beskytte arbeidstakere, folkehelsen og miljø. Samtidig som de alvorlige negative konsekvensene av investeringsbeskyttelsesavtaler blir stadig mer tydelige, arbeider regjeringen med en ny modellavtale for BITs. Handelskampanjen mener dette er et skritt i feil retning. Norge bør ikke inngå nye bilaterale investeringsavtaler eller inkludere investeringsbeskyttelse i frihandelsavtaler Norge bør si opp gamle BITs Alternative modeller for handel og utvikling Mange av dei politiske målsetjingane i dagens handelsregelverk verkar altså mot utviklingspolitiske mål om næringsutvikling, arbeidsplassar og matproduksjon. Etter 25 år er det på tid å diskutere dei økonomiske teoriane som ligg til grunn for det internasjonale handelsregelverket. 25 år med frihandel har ikkje tetta gapet mellom fattige og rike land. Det er på tid å diskutere andre verkemiddel enn tollreduksjon, nasjonal likebehandling og kutt av subsidier. Latinamerikanske land har starta denne diskusjonen og i handelssamarbeidet ALBA ser me døme på tiltak som byggjer på andre økonomiske teoriar. Komplementaritet og produksjon står i fokus. Handel mellom landa handlar fyrst og fremst om varer andre land ikkje har lokal produksjon av. Vidare legg handelssamarbeidet opp til å vri import frå rike til fattige land. Medlemslanda importerer heller varer frå andre latinamerikanske land enn frå USA og EU som lenge har stått for storparten av eksporten til desse landa. Avtala er asymmetrisk i form av at dei fattigaste landa ikkje inngår like store forpliktelsar som mellominntektslanda. Vidare legg avtala opp til samarbeid om utdanning og produksjon. Landa har til dømes utvekslingsavtaler på dei høgare utdanningsområda der dei er best og delar risiko og kapitalkostnader ved etablering av nye industriar. Med meldinga bør regjeringa sjå til handelsavtaler rundt omkring i verda og hente inspirasjon i verkemiddel som betre kan ivareta målet om utvikling enn frihandelsavtalene gjer Støtte utviklingsland Tanken om å regulere enkelte sektorar har også vore diskutert i internasjonale fora siste åra. Etter finanskrisa i 2008 krevde ei rekkje utviklingsland reforhandling av GATS, i fjor bad ei rekkje utviklingsland om reforhandling av TRIPS og så bort etter. Noreg bør aktivt støtte utviklingsland sine forslag i WTO. Noreg må støtte opp om utviklingsland i deira krav i WTO Handelskampanjen ber regjeringa lytte til det store mangfaldet av organisasjonar i utviklingsland og internasjonale organisasjonar som arbeider med handelsspørsmål. Spesielt vil me tilråde at
regjeringa ber om innspel frå den mellomstatlege organisasjonen South Centre, den internasjonale organisasjonen Third World Network (TWN), den internasjonale miljøvernorganisasjonen Friends of the Earth, den afrikanske organisasjonen Southern and Eastern African Trade, Information and Negotation Instititute og den latinamerikanske bondeorganisasjonen CLOC. Handelskampanjen bistår gjerne med kontaktinformasjon dersom ynskjeleg. Regjeringa bør invitere internasjonale og regionale organisasjonar som arbeider med handelsspørsmål til å kome med innspel til meldinga Viser også til innspel frå våre medlemsorganisasjonar Utviklingsfondet, Norges Bondelag, Spire og Attac, samt vedlagt pamflett. Vennleg helsing Handelskampanjen ved Heidi Lundeberg, Leder