HMT-KATALOG
I Hordaland fylkeskommune er vi opptekne av at vi har gode og trivelege arbeidsmiljø på arbeidsplassane våre. Helse, miljø og tryggleiksarbeidet er viktige element for å oppnå dette. Organisasjonsdirektør Gerd Ingunn Opdal Som leiar har eg sett og opplevd, både hjå meg sjølv og andre, at det utløyser positiv energi å bli sett bli høyrt bli tatt med! Det er meir enn eit ordspel dette: Bli sett bli høyrt bli tatt med. Det gjev uttrykk for nokre grunnleggjande verdiar for leiarskap som byggjer fellesskap heller enn individualitet. Dette vil i neste omgang gje seg uttrykk i eit spennande og konstruktivt arbeidsmiljø. Denne katalogen viser kurs- og tenestetilbod som organisasjonsavdelinga v/hmtseksjonen tilbyr arbeidsplassane i Hordaland fylkeskommune. Bruk høvet til å fornye kunnskap kring arbeidsmiljøspørsmål. Ein god arbeidskvardag er til gagn for medarbeidarar, leiarar og ikkje minst dei vi skal tene; innbyggjarane i Hordaland. Gerd Ingunn Opdal Organisasjonsdirektør BLI SETT BLI HØYRT BLI TATT MED Opplag 1/2008 1
Katalogen som du no les, gir HMT- seksjonen ut årleg for å spreie informasjon om tilbodet vårt og stimulere til vidare hmtaktivitet på arbeidsplassane i fylkeskommunen. HMT- sjef Ruth Brudvik I 2008 ønskjer vi å leggje særleg vekt på arbeidet med å få Hmt ut til brukarane. HMT-seksjonen har utarbeidd mange nyttige verktøy og system som skal lette arbeidet med førebygging og helse, miljø og tryggleik i HFK. Vi ønskjer at alle verksemdene gjer seg nytte av desse verktøya og vil difor yte ekstra innsats for å gjere desse kjent og setje hmt-arbeidet på dagsorden. Tenestetilbodet vårt endrar seg ikkje så mykje frå eit år til eit anna. Kurstilbodet vårt har faste element, som Grunnopplæring i arbeidsmiljø, men går kvart år gjennom ei fornying. Nytt av året er kursa Verktøy til bruk i det psykososiale arbeidsmiljøet og Inneklima. Vi tek gjerne på oss informasjons- og kursoppdrag i den einskilde verksemda. Når du tek kontakt med oss, kan du få råd om korleis arbeidsmiljøet kan utviklast og betrast. Vi er fylkeskommunen sin medisinske rådgjevar, og vi har teieplikt. Vi ber deg hjelpe oss med å la flest mogleg få høve til å bli kjende med katalogen. Lykke til med hmt- arbeidet! Ruth Brudvik HMT- sjef Opplag 1/2008 2
Opplag 1/2008 3
Treng du hjelp, støtte, eller råd i Helse-, Miljø- og Tryggleiksarbeid? KONTAKT HMT- SEKSJONEN (info siste side) INNHALD Tenestetilbod Systematisk HMT- arbeid Risikovurdering s. 05 Om du ikkje er tilsett i HFK arrangerer vi gjerne kurs, og tek oppdrag for verksemder utanfor fylkeskommunen Psykosoialt arbeidsmiljø s. 06 Fysisk arbeidsmiljø og arbeidshelse s. 07-08 Kurstilbod Arbeidsmiljødag 2008 s. 10 Meistring Av Truslar og Vald (MATV) Når kroppen seier stopp s. 11 Ergonomi på dataarbeidsplassen Grunnopplæring i arbeidsmiljø s. 12 Risikovurdering Inneklima s. 13 Førstehjelp Verktøy til bruk i det psykososiale arbeidsmiljøet s. 14 KOSTNADER For tilsette i fylkeskommunale verksemder kostar det ikkje noko å bruke HMT- seksjonen, eller delta på kurs. Berre oppdrag som krev at HMT- seksjonen må kjøpe inn, eller leige kompetanse eller utstyr, må bestillaren betale for. Pris og betalingsvilkår blir i slike høve avtalt på førehand. Opplag 1/2008 4
TENESTETILBOD Systematisk HMT- arbeid HMT- seksjonen støtter verksemdene i arbeidet med å lage eit godt fungerande internkontrollsystem for helse, miljø og tryggleik. Vi gir undervisning, bistand eller råd når det gjeld å: Gjennomføre kartleggingar og risikovurderingar (sjå under) Vidareutvikle det skriftlege HMT- systemet. Gjere det enklare og meir oversiktleg Auke kompetansen om systematisk HMT- arbeid i verksemda Ta i bruk datatekniske løysingar for å lette HMT- dokumentasjon Støtte ved etablering av arbeidsmiljøutval Støtte arbeidet i arbeidsmiljøutval Kontakt: HMT- rådgjevar / yrkeshygienikar Bjørn-Atle Mikkelsen tlf 55 23 94 28 For tilsette i fylkeskommunale verksmeder kostar det ikkje noko å bruke HMT- seksjonen. Risikovurdering Trygge og helsefremjande arbeidsplassar gir trygge og motiverte arbeidstakarar. Eit hjelpemiddel for å skape slike arbeidsplassar er risikovurdering. I arbeidsmiljølova er det derfor krav om at farar og problem skal kartleggjast og risikoforhold på arbeidsplassen vurderast. På bakgrunn av resultata etter risikovurderinga skal så alle verksemder utarbeide planar og setje i verk tiltak for å redusere risikoen og tryggje arbeidsmiljøet. HMT- seksjonen: Kan assistere/ støtte verksemdene ved risikovurdering Har utvikla verktøy som kan gjere riskovurdering enklare Gir tilbod om kurs i risikovurdering (sjå s.14) Kontakt: HMT- rådgjevar / sjukepleiar Øystein Brungot, tlf 55 23 94 21 Opplag 1/2008 5
PSYKOSOSIALT ARBEIDSMILJØ TENESTETILBOD UNDERVISNING RÅDGJEVING VERKTØY HMT- seksjonen kan vere støttespelar for verksemder og avdelingar som ønskjer å arbeide systematisk med utvikling av det psykososiale arbeidsmiljøet. Våre viktigaste arbeidsmetodar er rådgjeving, undervisning og kartleggingsverktøy. Verktøy: Medarbeidarrekneskap er eit nettbasert kartleggingsverktøy. Brukt regelmessig kan det gje nyttig kunnskap om utvikling av mellom-menneskelege og leiarmessige tilhøve på arbeidsplassen over tid. Rådgjeving og undervisning: Konflikthandtering Fokus i konfliktarbeid må vere på framtid og løysingar framfor fortid og problem. HMT- seksjonen kan gje råd, rettleiing og/eller direkte bistand i handtering av konfliktar. Samtale Gode rutinar for å snakke om mellom-menneskelege tilhøve er med på å utvikle godt samarbeid og førebyggje konfliktar på arbeidsplassen. Det fins fleire gode verktøy som kan brukast for å skape gode samtalar. Teamutvikling og samarbeid Samarbeid og god kommunikasjon er avgjerande for å lukkast. HMT- seksjonen er autorisert brukar av Jungs Type Indicator og Teamkompasset, men vi kan og utarbeide og hjelpe til ved gjennomføring av andre opplegg tilpassa verksemda sine behov. Omstilling I samband med omstilling og utvikling av ein organisasjon eller avdeling kan HMTseksjonen gje råd og bistand. Menneskeleg arbeidsmiljø HMT- seksjonen stiller gjerne opp når det er behov for undervisning og rådgjeving om psykososialt arbeidsmiljø. Så sjølv om du ikkje finn det du leiter etter på denne sida kan det hende vi kan hjelpe. Ta kontakt.. Verktøya ligg på HMTseksjonen si nettside www.hordaland.no/hmt I alt utviklingsarbeid er det lettare å få gode resultat om vi fokuserer på ressursar, meistring og løysingar framfor feil, manglar og problem. Dette gjeld både for menneske og organisasjonar. LØFT Løysingsfokusert tilnærming er ein gjennomgåande metodikk i mykje av det arbeidet vi gjer. Kontakt HMT- rådgjevar / organisasjonspsykolog Elisabeth Jebsen Marek, tlf 55 23 94 23 Opplag 1/2008 6
FYSISK ARBEIDSMILJØ OG ARBEIDSHELSE TENESTETILBOD Aktivitetar og tiltak som skal leggje til rette for eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø for kvar einskild arbeidstakar i Hordaland fylkeskommune. Undervisning, rådgjeving eller anna støtte vert utforma i samråd med, og etter dei behova den einskilde verksemda har når det gjeld: Ergonomi Hjelp for å kartleggje og betre dei ergonomiske tilhøva på arbeidsplassen. Til dømes: Arbeidsteknikkar Utnytting av eksisterande utstyr Innkjøp av nytt utstyr Tilrettelegging av arbeidsplassar Meistring Av Truslar og Vald (MATV) Informasjon om, og opplæring i førebygging og meistring av truslar og vald frå kundar/elevar/kollegaer ved hjelp av: Kurs og informasjon tilpassa etter behov Individuell oppfølging Inkluderande arbeidsliv Fysisk aktivitet og friskvern (t.d. AktivKvarDag-prosjektet) Dialogmøte Råd og støtte ved individuell oppfølging og ivaretaking av sjukemelde Informasjon om lovverk og fylkeskommunalt regelverk Kontakt: HMT- rådgjevar / fysioterapeut Rikke Richardsen, tlf 55 23 94 27 Har du idèer til fellesaktivitetar, gruppetrening eller anna som fremjar trivnad og rørsle på arbeidsplassen? Meir informasjon www.hordaland.no/hmt Opplag 1/2008 7
TENESTETILBOD FYSISK ARBEIDSMILJØ OG ARBEIDSHELSE Aktivitetar og tiltak som skal leggje til rette for eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø for kvar einskild arbeidstakar i Hordaland fylkeskommune. Undervisning, rådgjeving eller anna støtte vert utforma i samråd med, og etter dei behova den einskilde verksemda har når det gjeld: Kjemisk og fysisk helsefare Risikovurdering av arbeidsmiljø Inneklimamålingar til dømes lys, fukt, temperatur og CO2 Støysonekartlegging Oppbygging av stoffkartotek Kartlegging / soppskader Kontakt: HMT- rådgjevar / yrkeshygienikar Bjørn-Atle Mikkelsen tlf 55 23 94 28 Individuell helseoppfølging Oppfølging av arbeidstakarar som er utsett for spesiell helserisiko i arbeidssituasjonen, til dømes: Vaksinasjon (hepatitt, stivkrampe, og influensa) Sjenerande støy (hørselkontroll) Asbest Nattarbeid Løysemiddel AKAN / Rusførebygging Informasjon om og støtte i individuelt AKAN- arbeid Rusmiddelarbeid i HFK Etiske og juridiske problemstillingar i høve rus og arbeidsliv Kontakt: HMT- rådgjevar/sjukepleiar Øystein Brungot, tlf 55 23 94 24 Opplag 1/2008 8
ARBEIDSMILJØDAG 2008 s. 10 MATV (Meistring Av Truslar og Vald) s. 11 NÅR KROPPEN SEIER STOPP s. 11 GRUNNOPPLÆRING I ARBEIDSMILJØ s. 12 ERGONOMI PÅ DATAARBEIDSPLASSEN s. 12 RISIKOVURDERING s. 13 INNEKLIMA s. 13 FØRSTEHJELP s. 14 VERKTØY TIL BRUK I DET PSYKOSOSIALE ARBEIDSMILJØET s. 14 KURSPÅMELDING For meir informasjon om kursa og påmelding www.hordaland.no/hmt kurstilbod eller tlf 55 23 94 30 KURS Vi arrangerer og særskild tilpassa kurs Kontakt oss på tlf 55 23 94 30 Opplag 1/2008 9
KURSTILBOD Korleis vi kan vidareutvikle arbeidsmiljøet i Hordaland fylkeskommune står i sentrum denne dagen. Fylkesrådmannen skal for andre gong dele ut Arbeidsmiljøprisen til ei fylkeskommunal verksemd / ildsjel. Program: Opning ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Arbeidsgjevarrollen i politisk styrte organisasjonar Frank Aarebrot, professor ved Institutt for samanliknande politikk, UiB Samtale om arbeidsgjevarrollen i HFK v/ fylkesrådmann Paul M. Nilsen og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, leia av journalist Gunnar Wiederstrøm, B.T. Arbeidsmiljøprisen 2008 v/ organisasjonsdirektør Gerd Ingunn Opdal Kulturinnslag v/elever frå Fyllingsdalen vgs. Prisutdeling v/fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen Arbeidsmiljø i mangfaldsåret Målgruppe: Alle tilsette i Hordaland fylkeskommune Varigheit: Kl. 09.00-15.30 Dato: Torsdag 3. april 2008 Stad: Magnus Barfot (kino), Neumannsgate Anna: Maks. 150 deltakarar Pris: Gratis for tilsette i Hordaland fylkeskommune. Referansenr: 200800025 Kursansvarleg: HMT- sjef Ruth Brudvik, tlf 55 23 94 25 Opplag 1/2008 10
KURSTILBOD MATV (Meistring Av Truslar og Vald) Innhald: Teoretisk og praktisk innføring i førebygging av valdsepisodar, meistringsstrategiar og teknikkar, lover og forskrifter, skaderegistrering og oppfølging. Målgruppe: Alle med direkte kontakt med klientar og/eller elevar med utagerande åtferd. Varighet: 2 dagar Dato: Kurs 1: 24.-25. april 2008 Kurs 2: 20.-21. november 2008 Hovudførelesar: Bjørn Petter Hanssen Anna: Maks. 20 deltakarar Pris: Gratis for tilsette i Hordaland fylkeskommune, kr 2200,- for andre. Referansenr: 200800032 Kursansvarleg: HMT- rådgjevar /fysioterapeut Rikke Richardsen, tlf 55 23 94 27 NÅR KROPPEN SEIER STOPP Korleis førebyggje muskel- og skjelettplager? Innhald: Innføring i fysiske og psykiske prosessar som ligg bak utvikling av slitasje, muskel- og skjelettplagar. Førebyggingsstrategiar med praktiske råd for individ og organisasjon. Gje kursdeltakar kunnskap og idear til å arbeide førebyggande på eigen arbeidsplass. Målgruppe: Alle som ynskjer å lære meir om problematikken. Varighet: 1 dag Dato: 17. september 2008 Pris: Gratis for tilsette i Hordaland fylkeskommune, kr 1100,- for andre. Referansenr: 200800033 Kursansvarleg: HMT- rådgjevar/sjukepleiar Øystein Brungot, tlf 55 23 94 21 HMT- rådgjevar/fysioterapeut Rikke Richardsen tlf 55 23 94 27 Opplag 1/2008 11
KURSTILBOD GRUNNOPPLÆRING I ARBEIDSMILJØ Innhald: Kurset vil i størst mogleg grad knytast til kvardagen og det praktiske arbeidet. Undervisninga varierer mellom førelesning, arbeid med konkrete problemstillingar og gruppe- / plenumsdiskusjonar. Internett vert brukt som arbeidsreiskap når lover, regelverk og informasjon, til dømes arbeidsmiljølova, HMT- system i HFK, arbeidsmetode i arbeidsmiljøarbeid, skal hentast fram. Målgruppe: Leiarar, verneombod og medlemmer i Arbeidsmiljøutval Varighet: 3 felles kursdagar + 15 t. dokumentert valfri aktivitet Dato: Kurs 1: 05.02, 06.02 og 26.02.08 Kurs 2: 21.10, 22.10 og 04.11.08 Pris: Gratis for tilsette i Hordaland fylkeskommune, kr 3300,- for andre (3 dager) Referansenr: 200800034 Kursansvarleg: HMT- rådgjevar Bjørn-Atle Mikkelsen, tlf 55 23 94 28 ERGONOMI PÅ DATA-ARBEIDSPLASSEN Innhald: Informasjon om korleis databrukarar kan førebyggje belastningsplagar ved hjelp av god ergonomisk tilrettelegging og avlastande arbeidsteknikkar. Målgruppe: Alle som arbeider med dataskjerm Varighet: Dato: 5 timar 6. mars 2008 Pris: Gratis for tilsette i Hordaland fylkeskommune, kr 600,- for andre. Referansenr: 2008000040 Kursansvarleg: HMT- rådgjevar / fysioterapeut Rikke Richardsen, tlf 55 23 94 27 Opplag 1/2008 12
RISIKOVURDERING KURSTILBOD Innhald: For å skape trygge og gode arbeidsplassar pålegg arbeidsmiljølova kapittel 3, verksemdene å kartlegge farar og problem og på bakgrunn av kartleggingsresultata vurdere risiko, samt utarbeide planar og tiltak for å redusere risikotilhøva. Kurset har som mål å gjere deltakarane i stand til å utføre dette på eigen arbeidsplass. Undervisninga vekslar mellom førelesningar og praktisk gruppearbeid. Målgruppe: Varighet: Alle 1 dag Dato: Kurs 1: 27. februar 2008 Kurs 2: 05. november 2008 Pris: Gratis for tilsette i Hordaland fylkeskommune, kr 1100,- for andre. Referansenr: 200800035 Kursansvarleg: HMT- rådgjevar/sjukepleiar Øystein Brungot, tlf 55 23 94 21 INNEKLIMA Innhald: Informasjon om ulike faktorar som påverkar innemiljøet, inneklimamålingar samt lover, krav og forskrifter. Målgruppe: Alle Varighet: 3 timar Dato: Pris: 08. april 2008 Gratis for tilsette i Hordaland fylkeskommune, kr 600,- for andre Referansenr: 200800039 Kursansvarleg: HMT- rådgjevar Bjørn-Atle Mikkelsen tlf. 55 23 94 28 Opplag 1/2008 13
FØRSTEHJELP KURSTILBOD Innhald: Grunnleggjande teknikkar for livreddande førstehjelp. Til dømes undersøking og overvaking av ein skadd person, sikring av luftvegar, hjarte-/lungeredning. Demonstrasjon av hjertestartar. Praktisk trening på dokker. Målgruppe: Alle Varighet: 3 timar Dato: Etter avtale Hovudførelesar: Georg Ordemann, Aktos Pris: Ta kontakt med kursansvarleg Referansenr: 200800038 Kursansvarleg: HMT- rådgjevar/sjukepleiar Øystein Brungot, tlf 55 23 94 21 VERKTØY TIL BRUK I DET PSYKOSOSIALE ARBEIDSMILJØ Innhald: Kurset gir innføring i bruk av konkrete verktøy, som er utarbeidd til hjelp ved utvikling av det psykososiale arbeidsmiljøet. Målgruppe: Alle Varighet: 1 dag Dato: 29. oktober 2008 Pris: Gratis for tilsette i Hordaland fylkeskommune, kr 1100,- for andre. Referansenr: 200800036 Kursansvarleg: HMT- rådgjevar /Org.psyk. Elisabeth Jebsen Marek tlf. 55 23 94 23 Opplag 1/2008 14
INFORMASJON OM HMT-SEKSJONEN Vi i HMT-Seksjonen veit at GODT ARBEIDSMILJØ GIR BETRE RESULTAT Når kan du bruke HMT- Seksjonen? Når du treng vurdering av tilhøve i arbeids-miljøet. Når du ønskjer råd om moglege arbeidsmiljøforbetringar Når du har problem med eiga helse eller trivsel og du meiner årsaka til problemet ligg i arbeidsmiljøet Alle tilsette i fylkeskommunen kan kontakte HMTseksjonen. Medarbeidarar i HMT- Seksjonen Ruth Brudvik 55 23 94 25 HMT- sjef 415 70 867 Koordinerer arbeidet i HMT- Seksjonen. Leiar tverrgåande prosjekt Øystein Brungot 55 23 94 21 HMT- rådgjevar/sjukepleiar Medisinsk rådgjevar, vaksinering, rusføre-bygging og AKAN- arbeid Elisabeth Jebsen Marek 55 23 94 23 HMT- rådgjevar/organisasjonspsykolog Rådgjevar innan psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø Rikke Richardsen 55 23 94 27 HMT- rådgjevar/fysioterapeut, nestsjef Rådgjevar på ergonomi og arbeidsmiljø Bjørn-Atle Mikkelsen 55 23 94 28 HMT- rådgjevar/yrkeshygienikar Rådgjevar innan HMT- system og yrkeshygiene Linda Moen Olsen 55 23 94 30 Førstekunsulent Ekspedisjon, timebestilling til vaksinasjon, kurspåmeldingar, layout HMT- nytt og nettsida. Vi er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Medarbeidarane i HMT-seksjonen har teieplikt HMT- Seksjonen Agnes Mowincles gt. 5, 10 etg pb 7900, 5020 BERGEN tlf: 55 23 94 30, faks: 55 23 94 29 e-post: postmottak.hmt@post.hfk.no www.hordaland.no