ORGANISASJONSAVDELINGA INFORMASJONSSEKSJONEN Pressemelding 21.11.2013 Hordaland fylkesutval sitt møte 20.-21.11.2013 på Voss: Positiv til reklamefinansiert kollektivtransport Fylkesutvalet i Hordaland går inn for at det vert innført sal av reklameflater i kollektivtrafikken. Det er kalkulert med årlege reklameinntekter på inntil 26 millionar kroner brutto. Innstillinga om å gå inn for å vedta innføring av reklame i kollektivtrafikken vart gjort med 8 (H, Frp, V) mot 7 (Ap, SV, Sp, KrF) røyster. Fylkesutvalet går samrøystes inn for at saka skal sendast på høyring til berørte kommunar og berørte organisasjonar og Statens vegvesen. Mindretalet på 7 (Ap, SV, Sp, KrF) gjekk inn for at fylkestinget skal vedta at reklamefinansiert kollektivtrafikk ikkje er ønskjeleg og vil avgrensa dette i det offentlege rommet. Og at fylkestinget skal ta endeleg stilling til saka når dei berørte partar har gjeve sine fråsegner. Fylkestinget skal handsama saka på møte 10.-11. desember. Fylkesutvalet si innstilling er at fylkestinget skal vedta sal av reklameplassar i kollektivtrafikken. Før vedtak vert sett i verk skal saka på høyring til berørte kommunar, organisasjonar og Statens vegvesen. Reklameflater Planen er å innføra reklame på bussar, Bybanen, dei største terminalane i bergensområdet og leskur i Bergen og omland. I dei historiske delane av Bergen skal det ikkje plasserast reklame på busstopp og terminalar. Nærmare 100 millionar på 10 år Det er rekna ut at bussar og Bybanen har eit potensial for reklameinntekter på 16 millionar kroner årleg. Dette aukar med tre millionar kroner når Bybanen går til Flesland i 2016. Reklamepotensialet aukar til 26 millionar kroner årleg når reklame på terminalar, haldeplassar og leskur vert tekne med. Med bybane til Flesland aukar potensialet til 30 millionar kroner. Dette er brutto reklameinntekter, før provisjon og andre kostnader er trekt frå. Over ein periode på 10 år er det kalkulert at desse reklameflatane kan gje netto inntekter på 90 til 100 millionar kroner. Innstilling Fylkesutvalet si innstilling til fylkestinget: «1. Fylkestinget ber fylkesrådmannen sende over saka om reklamefinansiert kollektivtransport til berørte kommunar og berørte organisasjonar samt Statens vegvesen for uttale til innføring av reklamefinansierte leskur langs kommunale, fylkeskommunale og statlege vegar, samt på dei største terminalane i Bergensområdet. 2. Under føresetnad om tilslutnad i Bergen kommune og Statens vegvesen får fylkesrådmannen fullmakt til å starte planarbeid for plassering av reklame på leskur og byromsmøblar, og deretter sette i verk anbodskonkurranse med formål å inngå kontrakt med reklameoperatør for investering i møblar og drift/vedlikehald av desse. Aktuelle reklameflater er: a. Reklamefinansierte leskur langs vegar i Bergen kommune og omegn
Side 2/7 b. Opsjon reklameplassering på Bybanens haldeplassar på bakvegg i leskur eller frittståande modular. Yting frå reklameoperatøren er vedlikehald av haldeplassane. 3. Under føresetnad om tilslutnad i Bergen kommune får fylkesrådmannen fullmakt til å forhandle fram avtale med reklameoperatør for reklame på rullande kollektivmateriell og kollektivterminalar for fylgjande flater i utandørsmarknaden med organisasjonsform outsourcing: a. Buss innvending o Takbogar o Digitale skjermar der dette er lønsamt i kombinasjon med nyheiter og kommunikasjon frå Skyss, vekeplakatar elles b. Bybanen innvending o Digitale skjermar i kombinasjon med nyheiter og kommunikasjon frå Skyss o Hurtigbåt innvendig o Vekeplakatar (på vegg) og digitale skjermar c. Buss utvendig o Lite bakfelt d. Terminalar som i dag ikkje er ein del av vegvedlikehaldet 4. Fylkesrådmannen får fullmakt til å forhandla med Bergen kommune om fordeling av ytingar frå reklameavtalen til byromsmøblar. 5. Fylkesutvalet får tilbake sak, inkludert forslag til retningsliner, når resultatet av forhandlingane ligg føre. 6. I samband med forslag til retningsliner må ledig annonseplass vurderast å setjast av til kulturføremål. Retninglinene må og presisera kva område som skal vere reklamefrie. I budsjettvedtaket for 2012 var det presisert at dei historiske delane av Bergen sentrum skal haldast frie for reklame på busstopp og terminalar. Dette inneber at bysyklar kan inkluderast og i dei historiske delane. 7. Fylkestinget presiserer at ordninga med reklamefinansiert kollektivtransport også kan omfatte resten av Hordaland fylke der marknaden er til stades.» Treng 150-200 mill. kr meir til rassikring Fylkesutvalet meiner at den statlege løyvinga til rassikring av fylkesvegar i Hordaland må aukast med 150-200 mill. kr for perioden 2014-17. Fylkesutvalet meiner at «Vegdirektoratets forslag til planleggingsrammer for skredsikring på fylkesvegnettet 2014-17», der det er gitt tilsegn om 308 mill 2014-kr til Hordland, ikkje er tilstrekkeleg, heiter det i fylkesutvalet si innstilling til fylkestinget. Fylkestinget skal handsama saka 10.-11. desember. Fylkesutvalet påpeikar athordaland er fylke nummer to i forhold til talet på registrerte ras på riksog fylkesnettet. Dei viktigaste vegane og omkøyringsvegane (Europa-, riks- og fylkesvegar) mellom Norges to største byar går over lange, rasutsette strekningar i Hordaland. Næringsliv og trafikantar har vore sterkt ramma i 2013.
Side 3/7 Fylkesutvalet meiner Hordaland sin del må aukast med 150-200 mill. kr for perioden 2014-17. Det er viktig at midlane kjem tidleg i perioden for å unngå ytterlegare utsetjing av Lussandberget. Fylkesutvalet ser at det ut frå dagens rammer ikkje er tilstrekkelege midlar til å fullføra heile prosjektet Fv 7 Lussandberget i perioden. Ein må avventa endelege rammer og koma tilbake til oppstartstidspunkt. Innan dagens rammer er det heller ikkje midlar til å fullføra prosjektet Fv 344 Oddaneset/Merkeneset i Vaksdal i perioden 2014-17. Fylkesutvalet vurderer desse prosjekta som viktigast etter Haukenesberget og Lussandberget: Fv 551 Furuberget bru (Kvinnherad), Fv 49 Vangdalsberget (Kvam) og Fv 7 Tokagjelet (Kvam). Staten si samla ramme for rassikringsmidlar til fylkesvegar 2014-17 er på 2 626 mill. kr. Planleggingsramma på 308 mill. kr til Hordaland utgjer 11,7 %av den samla ramma. I perioden 2010-13 fekk Hordaland 13,8 % av samla ramme. For den komande fireårsperioden er ramma for Hordaland redusert med vel 15 %. For perioden 2014-17 er det tre fylke som får meir midlar enn Hordaland (Sogn og Fjordane får 487 mill. kr, Nordland får 423 mill. kr, Møre og Romsdal får 348 mill. kr). Desse fylka har, som Hordaland, mange rasutsette strekningar. Det er likevel to forhold som gjer at Hordaland burde få ein høgare del av potten, heiter deti saksutgreiinga: Hordaland er fylke nr 2 i tal registrerte ras på riks- og fylkesvegar samla (etter Sogn og Fjordane som ligg øvst) (jamfør vedlegg 2). Dei viktigaste vegane, både Europa-, riks- og fylkesvegar, mellom Norges to størst byar går over store rasutsette strekningar i Hordaland. Både E 16, Fv 7, Rv 7 og Rv 13, og fylkesvegane som fører til E134, har til dels svært dårleg standard. Desse er lite eigna til omkøyringsvegar for eit stort omfang av store køyretøy. I 2013 har Hordaland hatt langvarige stengingar av E 16 (april, opp mot to veker) og Fv 7 (opp mot to månader) på grunn av ras. Desse stengingane har påført trafikantar og næringsliv store ekstrakostnader og tidstap. Krev nye vogner og konkret plan for Vossebana Ein konkret plan for utvikling av Vossebana. Nytt vognmateriell til Vossabanen og Arna-Bergen. Start på planlegginga av Ringeriksbanen i 2014. Dette er viktige jernbanetiltak for Hordaland, påpeikar fylkesutvalet i innstillinga til fråsegn til Jernbaneverket sitt handlingsproram for Nasjonal transportplan 2014-23. Fylkestinget skal handsama saka 10.-11. desember. Fylkesutvalet i Hordaland er nøgd med at handlingsprogrammet 2014-2023 for Jernbaneverket legg opp til oppstart og ferdigstilling av dobbeltsporet mellom Arna og Bergen tidleg i
Side 4/7 planperioden. Vidare ser fylkesutvalet positivt på at programmet legg opp til omfattande fornying og opprusting av den eksisterande Bergensbanen. Fylkesutvalet etterlyser ein konkret plan for utvikling av Vossebana. Kryssingsspor og spor for å parkera og snu nytt vognmateriell er viktige tiltak. Midlane som er sette av til desse føremåla må prioriterast i første del av planperioden. Handlingsprogrammet må vidare ha ein omtale av planframdrifta for ein ny Vossebane som oppfølgjing av den pågåande KVU-arbeidet for Vossebanen og E16. Ved handsaminga av Nasjonal transportplan i juni i år stod Stortinget samla om å krevja ei effektiv planlegging av Ringeriksbanen med sikte på byggjestart tidleg i siste seksårsperiode 2018-2023. Fylkesutvalet i Hordaland viser til dette og føreset at planlegginga av Ringeriksbanen vert starta opp snarast mogeleg og seinast tidleg på året i 2014. I det endelege handlingsprogrammet må det avsetjast tilstrekkeleg med planleggingsmidlar til Ringeriksbanen i første del av planperioden slik at prosjektet er organisert og i full planframdrift tidleg i 2014. Det er stort bebov for nytt vognmateriell på strekninga Arna-Bergen og Vossebanen, og fylkesutvalet legg til grunn at det kjem på plass i løpet av planperioden 2014-2023. Fylkesutvalet føreset at det vert teke høgde for dette i handlingsprogrammet og avsett nødvendige midlar til infrastruktur som utbetring av stasjonar, straumforsyning og auka sporkapasitet. Prioriterer kollektivtrafikk og opprusting E16 og E39 Hordaland fylkesutval ynskjer at staten skal prioritera utbygging av kollektivinfrastruktur og opprusting av E16, E134 og E39 i perioden 2014-17. Dette går fram av fylkesutvalet si innstilling til fråsegn til hnadlingsprogrammet til Nasjonal transportplan for perioden 2014-2017 (23). Fylkestinget skal handsama saka 10.-11. desember. Fylkesutvalet si innstilling: «1. Fylkestinget viser til hovudprioriteringane og dei økonomiske rammene som er vedtekne for Nasjonal transportplan 2014 2023. Det er store behov for midlar til tiltak på alle riksvegane i fylket. Tiltak som er ferdigregulerte og som gjev god trafikktryggleik, miljøvenleg transport og god framkome må prioriterast tidlegare i handlingsprogramperioden. 2. Fylkestinget ber om at Statens vegvesen primært prioriterer utbygging av kollektivinfrastruktur og opprusting av E16, E134 og E39. 3. For å sikra kollektivtrafikken si konkurransekraft må staten i langt større grad bidra med midlar til kollektivinfrastruktur, også for terminalar og haldeplassar som ikkje ligg direkte ved riksvegane, men som funksjonelt er knytta til riksveg slik som Osøyro, Flatøy, Knarvik og Leirvik. 4. Fylkestinget ber om at det vert prioritert midlar til kollektivfelt Straume - Knarrevik på Rv 555 og til opprusting av haldeplassar langs Rv 555 i Bergen. Ein føresetnad for etableringa av kollektivfeltet må vera at det gjev ei god og varig kollektivtrafikkløysing i høve til det nye Sotrasambandet.
Side 5/7 5. Arbeidet med å trafikksikra og skredsikra E16 mellom Arna og Vaksdal må forserast. Fylkestinget ber om det vert løyvd midlar til skredsikring/ /utbetring frå post 30.4.2 allereie i 2014 og at heile den naudsynte løyvinga vert løyvd i perioden 2014 2017. 6. Voss knutepunkt ved E16 er ferdig regulert og siktemålet er byggjestart hausten 2014. Fylkestinget ber om at Statens vegvesen i handlingsprogrammet set av 10 mill. kr. i 2014 til Voss knutepunkt. 7. Fylkestinget ser det som aktuelt å driva utbygginga av E16 Oppheim - Skulestadmo samstundes med at E16 i Nærøydalen vert skredsikra. Fylkestinget ber om dette arbeidet får høg prioritet og startar opp i 2018. 8. Fylkestinget forventar rask avgjerdsle om traseval for ferjefri E39 på strekninga Os-Stord innafor strekninga Aksdal-Bergen. I påvente av Hordfast må strekningane på E39 mellom fjordkryssingane utbetrast. Det er planlagt ny vegtrase for E39 forbi Leirvik på Stord. Prosjektet vil eventuelt kunna delfinansierast med bompengar gjennom ein Stordpakke, men det er likevel store behov for å sikra statlege løyvingar til dette prosjektet. 9. Fylkestinget er nøgd med at det i handlingsprogrammet er prioritert midlar til skredsikring på Rv13 Deildo i perioden 2014 2017 med oppstart seinast i 2015. Fylkestinget ber og om at strekninga Odda - Tyssedal vert prioritert i perioden 2014 2017 og starta opp i 2015. 10. Knutepunkt Seljestad er eit viktig korrespondansepunkt i høve til Rv13 og E134. Fylkestinget ønskjer at dagens korrespondansepunkt vert flytta frå Seljestad vektstasjon til Kløvet (kryss Rv13 E134) og blir oppgraderet med venterom. 11. Fylkestinget vil be om at forskottering av Rv7 Buplatået vert refundert i 2014-2017. 12. Prosjektet E134 Haukelitunellane (miljøtunellen) på planleggjast i 2015 og ferdigstillast i løpet av planperioden.» Legg ned Austrheim tannklinikk Fylkesutvalet har vedteke at Austrheim tannklinikk vert lagt ned frå 31.12.2013. Pasientar busett i Austrheim kommune vil få sitt tannhelsetilbod på Lindås tannklinikk eller eventuelt Manger tannklinikk. Tannpleiar vil undersøkje innlagde pasientar på Austrheim sjukeheim. Vedtaket var gjort med 8 (H, Frp, V) mot 7 (Ap, Sp, SV, KrF) røyster. Sveinung Valle (Ap) førslo at saka skulle utsetjast til seinare møte. Forslaget vart avvist med 8 mot 7 røyster.
Side 6/7 Ja til Jordalen kraftverk i Voss Fylkesutvalet i Hordaland rår til at det vert gjeve løyve til bygging av Jordalen kraftverk, i Voss kommune, med vilkår om minstevassføring som sikrar at det fuktkrevjande biologiske mangfaldet i og ved Jordalselvi vert ivareteke. Tiltakshavar har plikt til å visa aktsemd og til straks å melda frå til om ein i samband med tiltaket skulle støyta på automatisk freda kulturminne, jf Kulturminneloven 8, 2. ledd. På vegne av grunneigarar i Jordalen har Tinfos AS søkt om bygging av Jordalen kraftverk i Jordalselvi i Voss. Utbygginga vil gje 16,2 GWh ny kraft og er planlagd som eit elvekraftverk. Utbygginga er planlagd mellom eksisterande Jordalen I kraftverk og Holmen kraftverk som nyleg har fått konsesjon. Krav til kraftutbygging i Mauranger Før Statkraft si omsøkte overføring av Middagsvatn i Maurangerfjorden kan setjast i verk, krev Hordaland fylkesutval at undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven vert oppfylt. I høyringsfråsegna si til konsesjonssøknaden stiller fylkesutvalet som krav at detaljplan med alle planlagde inngrep av varige og mellombels karakter må sendast på høyring til Hordaland fylkeskommune som regional styremakt innan kulturminnevern. Dersom det vert avdekka konflikt med automatisk freda kulturminne, må tiltaka justerast eller eventuelt leggjast fram for Riksantikvaren som rette dispensasjonsmynde. Fylkesutvalet meiner det må stillast krav i konsesjonen til minstevassføring i elva frå Middagsvatn som opprettheld landskapskarakteren og opplevingsverdien. Kamuflering av tersklar og tildekking av utløpsrøyr må gjennomførast med best mogleg landskapstilpassing. Statkraft har søkt om å overføra Middagsvatn, med eit nedbørfelt på 0,45 km², som drenerer naturleg til Maurangerfjorden i dag, til Øvre Trombetjørn og Mauranger kraftverk. Utbygginga vil gje ein produksjonsgevinst på 2,2 GWh/år.
Side 7/7 Konsesjon til Lygre kraftverk Hordaland fylkesutval har gjeve konsesjon for bygging av Lygre kraftverk i Fusa kommune. Lygre kraftverk AS har søkt om konsesjon til å nytta fallet i Lygreelva i Fusa til kraftproduksjon. Dette vil gje ein produksjon på om lag 2,7 GWh årleg. Då installert effekt er på 730 kw, fell kraftverket innafor kategorien mikrokraftverk, som er saker fylkeskommunen frå og med 01.01.2010 har fått delegert myndigheit frå Olje- og energidepartementet til å fatta vedtak i. Det er noko aure og laks i elva og det er også observert ål. Yddal naturreservat grensar mot tiltaksområdet, men etter at søkjar har gjort endringar i søknaden og planane slik at naturreservatet og det biologiske mangfaldet ikkje vert råka. Kravet til minstevassføring i elva er sett til at det heile året skal sleppast 30 l/s. Dersom tilsiget i delar av året er mindre, skal heile tilsiget sleppast forbi. Dette er eitt av ei lang rekkje krav som er sett i konsesjonsvilkåra.