HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Fylkesutvalet Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 23. mars 2011 201003148-69/135/HAKJORD Melding til fylkesutvalet på landbruksområdet for 2010 Hordaland fylkeskommune (fylkesutvalssak nr 265/10) vedtok på møte 8. desember 2010 ein strategi for forvaltning av midlar til rekruttering, utdanning og likestilling i landbruket i Hordaland for 2011-2012. Hordaland fylkeskommune fekk tildelt kr 1.200.000 til styrking av rekruttering, kompetanseheving og likestilling i landbruket for 2010. Desse midlane har vore fordelt i samråd med faglaga, Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag, samt landbruksskulane, Innovasjon Noreg og Fylkesmannen si landbruksavdeling. Den endelege fordelinga er delegert frå fylkesutvalet til administrativt nivå i Hordaland fylkeskommune. Arbeid, organisering og samhandling I samband med dei nye oppgåvene knytt til landbruk, har Hordaland fylkeskommune lagt opp til tett samspel med næringsorganisasjonane og andre aktørar på feltet som Innovasjon Norge, Fylkesmannen og jordbruksskulane i fylket. Innspel til jordbruksforhandlingane Hordaland fylkeskommune har levert innspel til jordbruksforhandlingane 2010. Innspela er sendt Landbruks- og matdepartementet. Fylkeskommunen har samla relevante aktørar, og koordinert innspela som har kome i drøftingane før politisk handsaming. Fråsegna har blitt handsama politisk gjennom Fylkesutvalet. Rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket Tilskotsoversikt for 2010 Søkjer Tema Søkt beløp Hjeltnes gartnerskule Oppstart arboristfagutdanning 300 000 FMLA Inn på tunet 60 000 FMLA " Unge, bygda og landbruket" 350 000 Lyngheisenteret Kurs i tørrmuring 10 000 Bioforsk Vest Ullensvang Hageblåbær 34 000 Møre og Romsdal Sau og Geit Geitedagane 2010 10 000 Vossabia Kurs og studietur 18 000 Agro Hordaland 40 000 Unge bønder-kurs 25 000 Brosjyre 17 000 HFK, Opplæringsavdelingen Yrkeslabyrinten og rådgiversamlinger 60 000 Kvinnherad kommune Korte kurs for skogeigarar 6 000 Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 BERGEN - Telefon 55 23 92 82 - Telefaks 55 23 90 01 Direkte telefon: E-postadresse: Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Framtidsbonden i Hordaland, forprosjekt 25 000 Naturbuksskolenes forening, Hordaland Markedsmateriell 15 000 Norsk Landbruksrådgivning Hordaland Ulike kurs 85 000 Midthordland Skogeigarlag Sikkerhetskurs, motorsag 6 000 Naturbruksskulane i Hordaland Opptak 2011 45 000 Stend vidaregåaende skule Utvikling av Stend mot samfunnet 100 000 Sum 1 206 000 Hjeltnes gartnerskule Støtte til oppstart av arboristfagutdanning. Hordaland fylkeskommune v/opplæringsavdelinga har i samarbeid med næringa, Norsk trepleieforum og Hjeltnes Gartnarskule utvikla eit utdanningstilbod innan Arboristfaget, dvs trepleie. Hausten 2009 vart utdanninga godkjend av NOKUT. Formålet med utdanninga er å utvikle fagskuletilbodet og å sikre næringa sine behov. Utdanninga vil vere eit eittårig studium på deltid over to år, basert på vekesamlingar og nettstøtta oppgåveløysing og rettleiing mellom samlingane. Dette fører til at tilbodet er tilgjengeleg for personar som ikkje treng å vere fulltidsstudentar. Sjølve fagutdanninga er det Hjeltnes Gartnarskule, Ulvik, som skal stå for. Tilbodet vil verte marknadsført i heile landet. Oppstart av studiet er hausten 2010, med avslutning juni 2012. FMLA Inn på tunet. Innovasjon Norge og Fylkesmannens landbruksavdeling arrangerar kurs for nye Inn på tunet tilbydarar 17. april pg 29. mai 2010. Målgruppe for kurset er: Dei som ynskjer å starte, eller er nystarta Inn på tunet-tilbydarar.i tillegg vil dei opne opp for at kommunal landbruksforvaltning kan ta del for å følge med Inn på tunet-tilbydarar frå sine kommunar. Mål med kurset: Kompetanseheving, kvalitetssikring, nettverksbygging FMLA " Unge, bygda og landbruket" For å koma i inngrep med samfunnstrendane har Fylkesmannen i Hordaland sett i verk fleire tiltak. Eit av dei er: Unge, bygda og landbruket - eit prosjekt om rekruttering til og verdiskaping i landbruket i Hordaland. Prosjektet hadde oppstart i 2008 og er ledd i ei breiare ungdomssatsing for å motivera og stimulera unge til å overta gardsbruk. Sentralt i satsinga står lokale og regionale tiltak for å betra næringa sitt omdøme, og skapa eit meir positivt og mangfaldig syn på dei moglegheitene som finst i landbruket og på bygda. For å nå denne ambisiøse målsetjinga, har det innanfor prosjektet unge, bygda og landbruket vorte arbeidd systematisk for å skapa møteplassar for unge, både regionalt og lokalt. Møteplassar, berre for unge, dannar grunnmuren for kunnskapsformidling, nettverksbygging, positivitet, identitet og motivasjon til overtaking av familiebruk og verdiskaping. I tillegg er det sett i gang fire pilotprosjekt i fylket. Lyngheisenteret Kurs i tørrmuring. Fleire grunneigarar på Lygra ynskjer saman med Lyngheisenteret og Håkon Aase å arrangere eit kurs i tørrmuring no i vår. Objektet som ein skal arbeide på og få innføring i, er restaurering av eit gamalt kubåtnaust i Lurevågen på Lygra. Kurset vil bli ope for alle interesserte, men med begrensa antall deltakarar, evt. ved stor interesse kan vi arrangere fleire kurs. Det er stor interesse i distriktet for kurs innan tørrmuring. Kurset vil bli arrangert 20-22 mai 2011. Lyngheisenteret vil stå som arrangør av kurset. Bioforsk Vest Ullensvang Hageblåbær. Bioforsk Vest Ullensvang ynskjer å halde eit kurs for interesserte hageblåbærprodusentar, bønder som vurderer å starte opp med hageblåbærproduksjon, rådgjevarar og andre. Kurset er planlagt til å gå over 2
to dagar og vil bli lagt til Østfold. Dette for å samlast ein plass med god kommunikasjon og for å kunne vitje den største produsenten av hageblåbær i Noreg (og den som har halde på lengst), samt vitje eit nyetablert felt i Fredrikstad som vart etablert for to år sidan. Etter introduksjonen på 90-tallet, og med ei feilslått storskalautplanting i Sør-Noreg, vart hageblåbær kort tid etter redusert til ein liten nisjekultur. Grunnen til det store fråfallet var at klimaet i innlandet er for strengt om vinteren, og det er berre langs kysten at klimaet er godt nok til at dei tilgjengelege sortane av hageblåbær kan trivast. Den store reduksjonen av dyrkarar og fragmentering av dyrkingsmiljøa har gjort at lite er blitt gjort for å utvikle og optimalisere produksjonen under norske forhold. Men potensialet for gode avlingar og god økonomi er i høg grad til stades på lokalitetar med godt lokalklima. I Noreg finn ein hageblåbærprodusentar i hovudsak i Hordaland, Rogaland og Agderfylka, samt enkeltprodusentar spreidt omkring i Sør-Noreg. Interessa for blåbær er aukende over heile verda, både til friskkonsum og til industri. I Noreg er betalinga til dyrkar langt høgare enn kva den er for bringebær og jordbær (BAMA ga 95,- pr kilo bær 2009 til dyrkar). Omsetningsledda ønskjer store leveransar av norske hageblåbær av god kvalitet, og det er difor på tide å gjere ei målretta FoU-innsats for å auke produksjonen og lønsemda i hageblåbær. Møre og Romsdal Sau og Geit Geitedagane 2010 er eit nasjonalt arrangement der målet er å bygge kunnskap og nettverk slik at geitehaldarane har eit best mogleg grunnlag for planlegging og gjennomføring av si drift. Geitehaldet er ei lita næring nasjonalt, og arrangørane ser det difor som formålstenleg med ei samling som er open for geitehaldarar frå heile landet. Dette arrangementet betyr mykje for fagleg oppdatering, inspirasjon og motivering for produsentane og for andre fagfolk som er knytt til geitenæringa. Vossabia Kurs og studietur Vossabia tilbyr ulike produkt med utgangspunkt i ressursane som er tilgjengeleg på Vethe gard på Voss. Vossabia planlegg konseptbaserte opplevingspakker av ulik art som tek i bruk natur, kultur og menneske - der også samarbeid med lokale krefter er heilt sentralt. Blant anna er det tenkt ulike verkstadkurs over 3-4 dagar, pakka med opplevingar og kunnskap basert på sesong, med avgangar heile året for å sikre haldbar og bærekraftig næringsdrift. For å realisere dei tenkte reiselivs- og opplevingsprodukta trengs meir spissa kunnskap om blant anna spelereglar for opplevingsturisme, korleis tilpassa seg den internasjonale marknaden og dei ulike målgruppene der, korleis kome i kontakt med dei rette agentane og få dei betalingsvillige gjestene til gards. Dette er noko av den kompetanse som den svenske ecoturismforeningen tilbyr ei lita gruppe bedrifter i Aurland i haust. Agro Hordaland er eit samarbeid mellom TINE, Nortura, Felleskjøpet Agri og. Dei har invitert med seg mellom anna Hordaland Sau og Geit, Norsvin og aktørar innan fjørfenæringa for å få til eit arrangement som ei mest mogleg samla landbruksnæring i området skal stå bak. Arrangørane føl opp ønsket frå i fjor om å skape ein fast felles møteplass. Dei har sett saman eit tidsaktuelt, rikhaldig og spanande program. Her blir det både organisasjonsmøter, felles debattmøte, fagkurs, festmiddag med meir. Samlinga gjev høve til å kome saman, få fagleg påfyll og ta del i diskusjonane. Hovudtemaet er: "Matmakt - er det vinnarar og taparar i denne kampen?" Unge bønder-kurs. ynskjer å ta eit initiativ for utvikling, gjennomføring og langsiktig arbeid i Hordalandsjordbruket med bakgrunn i dagens situasjon der landbruket slit med rekrutteringa. Dette kurset for unge bønder var haldt i forbindelse med Agro Hordaland og er eit tiltak for å stimulere til at yngre mennesker vel å satse på ei framtid i landbruket. Kurset gjekk over to dager i Bergen 29. og 30. oktober 2010. Av temaene som vart behandla var mellom anna juridiske og økonomiske sider ved eigedomsoverdraging. I tillegg til det faglege var dette også ein viktig sosial møteplass for å kunne utveksle erfaringar med andre kollegaer innanfor næringa. 3
Brosjyre. Bakgrunnen er den låge rekrutteringa til naturbruksutdanninga i fylket. ser på utdanninga som eit viktig grunnlag for landbruksnæringa - både i høve til yrkesretta og høgare utdanning. Fylkeslaget ønskjer såleis å medverke til at breidda, mangfaldet og mogelegheitene innafor naturbruksstudiet vert godt kjent i næringa. Vi har difor innleia eit samarbeid med dei vidaregåande skulane på Voss, Stend og Ulvik om å formidle dette gjennom en brosjyre. Det skal lagast ei brosjyre på 5000 eksemplarar. Intensjonen er at brosjyren skal vere eit naturleg grunnlag for samtalen rundt kjøkenbordet når "utdanningsløpet" for ungdommen vert diskutert. Brosjyren skal fungere som supplement til det vanlege informasjonsmateriellet frå skulane og Naturbrukskolenes Forening. Målet er at brosjyren skal være med å aktualisere studietilbodet i Hordaland ytterlegare. Brosjyren skal hovudsakleg rettast til "bondefamilien". Valet av målgruppe tek utgangspunkt i bondelaget som faglag, og den direkte kontakten fylkeslaget har med mange næringsutøvarar i fylket (om lag 3400 medlemmar). Dette gir mogelegheit til god formidling og distribusjon. Sjølv om naturbruksutdanninga bør være kjent hos "gardsungdomen", er tilbodet og konkurransen mellom ulike fagretningar så stor at tydeleggjering er naudsynt. Samstundes er det behov for å synleggjere nytten av naturbruksstudiet - også ovafor dei som ønskjer å velje eit yrke utafor landbruket. HFK, Opplæringsavdelinga Yrkeslabyrinten og rådgjevarsamlingar. Dei tre skulane som tilbyr utdanning innan grønt naturbruk gjekk saman om ein felles stand på yrkesmessa Yrkeslabyrinten i Åsanehallen hausten 2010. I samanheng med dette ble det utarbeidt materiell med tanke på rekruttering til skulane. I tillegg har det vært gjort ein offensiv mot å informera rådgjevarar i dei vidaregåande skulane i fylket. Kvinnherad kommune Korte kurs for skogeigarar. Kvinnherad kommune skal i lag med Skogeigarlaget arrangere ein fagkveld for skogeigarar, skogsarbeidarar og andre som er interessert i skogbruk. Formålet er å auke kompetansen innanfor skogbruksnæringen. Tema i år vil vere hjort og forvaltning av denne med særleg søkelys på skogskader og kva vi kan gjere for å redusere desse. I tillegg vil det bli orientering om lærlingeordninga innanfor skogbruket, om avsetning på tømmer med gjennomgang av pristabeller og kvalitetskrav. Det vert ein sekvens kring ulike tilskotsordningar innan skogbruk og kva ein må gjere for å kvalifisere til dette. Framtidsbonden i Hordaland, forprosjekt. ynskjer å ta eit initiativ for utvikling, gjennomføring og langsiktig arbeid i Hordalandsjordbruket med bakgrunn i dagen sistuasjon der landbruket slit med rekrutteringa. har om lag 3 570 medlemmar og direktekontakt med næringsutøvarane. Fylkeslaget vil bruke kompetansen, ressursane og organisasjonsapparatet for å fremje god utvikling i tråd med nasjonale og fylkesvise mål, på ein måte som rustar for framtida. Det er sett i gong fleire gode utviklingsprosjekt i regi av fylkesmannen og fylkeskommunen. Dette arbeidet ønskjer å byggje vidare på, supplere og utvikle, gjennom Prosjektet Framtidsbonden i Hordaland. Dei legg opp til nært samarbeid og god koordinering, samt kontakt med nye aktørar. For å sikre at ein kjem raskt i gang med prosjektet, ynskjer Hordaland Bondelag å dra i gang eit forprosjekt. Dei vil her særleg ta tak i ungdomssatsinga og følgje opp arbeidet med å få dradd i gang sosiale og faglege møteplassar. Dei vil og starte arbeidet med å organisere tettare kontakt mellom utøvande bønder og lærar/rådgivarar på ungdomsskule nivå. Naturbuksskolenes forening, Hordaland Markedsmateriell Naturbruksskulane i Hordaland samarbeider om å rekruttere. Dei søkjer derfor om eit bidrag til å utforme materiell til ulike arrangement. 4
Norsk Landbruksrådgivning Hordaland Ulike kurs - Kurs i innmarksbeite for småfe og storfe - Dyrkingskurs økologisk grovfordyrking - Potetkurs på Fitjar Naturbruksskulene i Hordaland Naturbruksskulane i Hordaland fornyar sitt eige informasjonsmateriell kontinuerlig. Det er arbeid med brosjyrar, film, bilete og anna informasjonsmateriell. Dette er materiell som vert nytta til messer, opne dagar og skulebesøk. Midthordland Skogeigarlag Sikkerhetskurs, motorsag Landbruket, og særskilt skogbruket har kvart år mange stygge ulykke mellom anna knytt til bruk av motorsag. Fylkeskommunen tykjar det er positivt at dette blir tatt tak i, i særskild at dette blir retta mot dei yngre brukarane. Midthordland Skogeigarlag arrangerer årleg 1-2 tryggleikskurs i bruk av motorsag. Skogeiarlaget har arrangert 2 kurs i Fusa, med tilsaman 13 deltakarar. Aktivt Skogbruk, Skogbrukets Kursinstitutt står for den faglege delen av kursa. Stend vidaregåande skule Utvikling av Stend mot samfunnet. Stend videregående skole har som overordna målsetning å være open og tilgjengelig for elever og lokalsamfunn. Skolen forvaltar ei lang historie som utdanningsinstitusjon for landbruket og besitt ein svært sentral og viktig landbrukseigedom. Samfunnsutvikling gjerat jordbruket blir stadig fjernare og meir usynleg for befolkninga. Stend ser det som en viktig oppgave å bidra til å vise fram dyr og landbruksaktivitet til publikum. Som element i denne filosofien ønskjer skulen å lage innhegningar med ulike produksjonsdyr på gårdstunet og sette inn store vindauge ved melkeroboten og i kalvefjøset slik at publikum kan få innsyn i aktiviteten. Jan Per Styve Regionaldirektør Mette Nora Sætre Næringssjef 5