HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 200802471-18 Arkivnr. 712 Saksh. Matre, Arnold, Bjørgo, Tore Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 23.08.2011 REGIONAL PLAN FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG SETESDAL AUSTHEI, HEIPLANEN UTSENDING TIL HØYRING. SAMANDRAG Miljøverndepartementet gav i 2007 Hordaland, Rogaland, Vest- og Aust- Agder og Telemark fylkeskommunar i oppdrag å utarbeida ein regional plan for Hardangervidda villreinområde. Hovudføremålet med planen har vore å koma fram til ein langsiktig og heilskapleg strategi for bruk av areal som anten er viktige leveområde for villreinen, eller påverkar desse. Hovudfokuset i planarbeidet har etter kvart vorte å få avklara villreinen sine interesser i høve til andre samfunnsinteresser, og la dette koma til uttrykk i eit plandokument med mål, retningslinjer og eit plankart. Planprogrammet vart vedteke likelydande i alle fem fylkeskommunar våren 2010. Dei fem fylkeskommunane har no utarbeidd utkast til regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei kalla Heiplanen. Styringsgruppa har gått gjennom høyringsframlegget og ber no fylkesutvala om å senda planen på høyring. Fylkestinget vil seinare få planen til vedtak. I Hordaland fylke er det berre Odda kommune som har areal innanfor planområdet. Odda kommune har i mindre grad engasjert seg i planarbeidet, noko som også har påverka tidsbruken Hordaland fylkeskommune har lagt ned i planarbeidet Planen dekkjer eit stort areal. I planarbeidet har det vore naudsynt å sjå heilskapleg på planområdet og tilpassa planen til dei mål han skal fremja. Relevante konfliktområde er teken opp og handsama. Fylkesrådmannen meiner planframlegget er grundig og dekkjande for måla. På denne bakgrunn rår fylkesrådmannen til at Fylkesutvalet sender planframlegget på høyring slik det no ligg føre.
FORSLAG TIL VEDTAK 1. Fylkesutvalget legg ut høyringsforslaget til regional plan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei, datert juni 2011, på høyring 2. Høyringsfristen settes til 15.11.2011. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Alle høyringsdokumenta samt styredokument, rapporter, kart m.m. er tilgjengelege på prosjektet sin heimeside www.heiplanen.no. Vedlegg: 1. Høyringsutgåve plankart. Vedlegg uprenta: 2. Høyringsutgåve plandokument m/retningslinjer, verknad og konsekvensar. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 06.07.2011: 1. Bakgrunn Fylkestinga i Hordaland, Rogaland, Vest- og Aust-Agder og Telemark vedtok i 2008 at det skulle lagast ein regional plan for heiområda Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei - vidare omtala som Heiplanen. Vedtaket er grunngjeve i skriftleg tinging frå Miljøverndepartementet 12.04.07. Med grunnlag i vedtaket vart det utarbeida eit planprogram som vart vedteken våren 2010 i fylkestinga. Høyringsforslaget som no er til handsaming, vart vedteken av styre i Heiplanen 23.5.2011. Styret, som er samansett av i ordførarar frå 18 kommunar og fylkesordførarar frå 4 av 5 fylkeskommunar, har samrøystes vedteke dette framlegget, og rår til at det vert lagt ut til høyring. For Hordaland fylkeskommune har Einar Lutro vore med i styringsgruppa for planprogrammet Planen omfattar areal i kommunane: Odda i Hordaland fylke. Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand og Gjesdal i Rogaland fylke. Sirdal, Kvinesdal, Hægbostad og Åseral i Vest-Agder fylke. Bykle, Valle, Bygland og Åmli i Aust-Agder fylke. Vinje, Tokke og Fyresdal i Telemark. Odda kommune er den einaste kommunen i Hordaland som har areal innan for planområdet. Dei har valt å ikkje vera aktive deltakarar i styringsgruppa. Fylkesutvalet står for det formelle vedtaket om utlegging til offentlig ettersyn. 2. Prosess Det har vore ein omfattande planprosess. Planarbeidet er organisert som eit prosjekt med ein politisk styringsgruppe. Arbeidet er finansiert med statlege midlar frå Miljøverndepartementet og som eit likeverdig spleiselag mellom dei fem fylkeskommunane. Det er tilsett eigen prosjektleiar for planarbeidet. Det har vore ein god dialog med kommunane i planprosessen gjennom ei rekkje møtar over ein toårs periode. Det har og vore ein god dialog med miljøvernavdelingane hjå fylkesmennene for å avklara villreinen sin arealbruk og vurderingar oppimot lokale samfunnsinteresser. Det er i sluttfasen gjennomført fylkesvise møter mellom kommunane, fylkesmannen og fylkeskommunane i alle fylka. Hordaland vart invitert til møtet i Rogaland. Hovudtema i møta var å diskutera arealbruksavgrensingar for å koma fram til ein balansert arealbruk mellom kommunane sine ønskjer om samfunnsutvikling samtidig som villreinen sine leveområder skulle ivaretakast. Alle styredokument, rapporter, kart mm er tilgjengelege på prosjektet sin heimeside www.heiplanen.no - som har fungert som ein informasjonskanal i heile prosessen 3. Innhald Plandokumenta inneheld: eit plandokument som gjev opp mål, prinsipp og retningslinjer for forvaltninga av området, og planen sin verknad/konsekvensar, samt ein handlingsdel for gjennomføring av planen sine intensjonar. eit plankart med grense for Nasjonalt villreinområde og andre omsynssonar, med tilhøyrande retningslinjer for arealbruk. Problemstilling Planframlegget er i samsvar med planprogrammet på sentrale punkt, men det er valt å utsetja fleire tema og avklaringar til andre prosessar. Planprogrammet la opp til at det skulle gjennomførast ein prosess der både sikring av villreinen sine leveområder og fokus på mogelegheiter og verdiskaping i 3
bygdene skulle verta vektlagt og avklara. Siste del er det jobba noko mindre med enn intensjonen var i planprogrammet. Hovudårsaka til denne endringa kom raskt på bordet etter at planarbeidet tok til. Det var skepsis i kommunane om verknadane av ein regional plan, som er ein lite nytta reiskap i mange fylker. Det har dermed vore ein stor trong for informasjon og diskusjon. I tillegg var det lokal usemje knytt til et fagkart utarbeida av Norsk villreinsenter som skulle utgjera eit viltfagleg grunnlag for arealavgrensingar i det komande plankartet. Styret valte å fokusera på å få avklara villreinen sine interesser i høve til andre samfunnsinteresser, og la dette koma til uttrykk i eit plandokument med mål og retningslinjer og eit plankart. Styret har også valt å organisera arbeidet på ein litt annan måte enn det var skildra i planprogrammet. Det var lagt opp til ei organisering av arbeidet med ei prosjektgruppe, ei referansegruppe og arbeidsgrupper for kvart tema med prosjektleiar som sekretær. Det vart gjennomført ei meir desentralisert organisering, med mange møter på kommunalt nivå, og direkte med organisasjonar og grunneigarinteresser. Fylkestinget skal ta stilling til om planframlegget er klart til å verta sendt på høyring i samsvar med styret sin innstilling. Saksfakta Eit kort samandrag på ei side er å finna på s. 5 i høyringsframlegget. 1. Heiplanen erstatter Fylkesdelplan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene (2005) og utvider planområdet med Setesdal Austhei. 2. Vedtatte reguleringsplaner, kommunedelplaner, kommuneplaner og andre fylkesdel(regional)planer gjelder. 3. Heiplanen gir mål og retningslinjer for framtidig forvaltning av planområdet. Retningslinjene og tilpassede arealformål skal innarbeides i kommuneplanene. Heiplanen gir også rammer for saksbehandling av eventuelle dispensasjonssøknader. 4. Hensynssoner brukes på plankartet som virkemiddel etter plan- og bygningsloven. Det etableres følgende hensynssoner: Nasjonalt villreinområde (NVO) Villrein Bygdeutvikling Trekkområder 5. Det er i første rekke hensynet til villreinen som er avklart i denne planen. Det innebærer at øvrige arealhensyn (natur, kulturminner/-miljøer, friluftsliv, landskap mm) ikke er avklart. Nevnte hensyn må ivaretas gjennom ordinær kommuneplanlegging. Denne planen gir følgende avklaringer: I Nasjonalt villreinområde (NVO) skal villreinen ha fortrinn I hensynssone villrein skal en gjennom konsekvensutredning avklare forholdet til villreinen I hensynssone trekkområder skal villreinens interesser ang. trekk prioriteres. I hensynssone bygdeutvikling er hensynet til villreininteressene avklart. 6. Ved revidering av kommuneplan skal det - i samarbeid med regionale myndigheter - vurderes utarbeiding av kommunale sti- og løypeplaner med rekkefølgekrav til nye og eksisterende hytte- og reiselivsområder under utvikling. 7. Det skal vurderes å lage kommunal plan for motorferdsel, gjerne i samarbeid med nabokommuner. Kommunene må i behandling av enkeltsaker etter lov om motorferdsel i utmark ta sikte på å styrke næringsgrunnlaget til lokale aktører gjennom å gi løyver til næringskjøring. 8. Den formelle forvaltningen av verneområdene endres ikke gjennom Heiplanen. Hensynet 4
til villrein i og utenfor verneområdene blir forsterket ved oppretting av hensynssone Nasjonalt villreinområde mm. 9. Nasjonalt villreinområde og hensynssone villrein utgjør ikke grenser for jaktforvaltning, dvs. tellende areal og valdgrenser. Slike grenser settes av Villreinnemnda i samarbeid med Villreinlagene, etter kriterier gitt i nasjonale forskrifter. 10. Nasjonalt villreinområde skal inngå i en Europeisk villreinregion, sammen med Hardangervidda og Norefjella. Hovudintensjonen med planen er å sikra tilstrekkelege og varige leveområder for villreinen. Dette er eit klart uttrykt nasjonalt mål, jf Stortingsmelding nr. 26 (2006-7). Plangrepet for å fylla målet er å nytta plan- og bygningslova i ein regional planprosess og fastsetja eit nasjonalt villreinområde der villreinen sine interesser skal ha prioritet, samt områdar der villreinen sine interesser skal vera avklart. Planen inneheld retningslinjer som skal sikre ei heilskapleg arealforvaltning og eit bruk og vern perspektiv på bruken av arealressursane, både i og utanfor det nasjonale villreinområdet. Planframlegget Planen følgjer plan- og bygningslova sine intensjonar om planmessig styring av arealutviklinga. Det er tatt i bruk eit verkemiddel - omsynssoner - for å avgrensa sonar i plankartet. Det vert operert med fire omsynssoner - nasjonalt villreinområde, villrein, trekkområda og bygdeutvikling. Til desse fire sonene er det utarbeida retningslinjer for vidare utvikling. Retningslinjene skal verta følgt opp i vidare kommunal planlegging. Gjennom dette plangrepet oppnår me bla. følgjande: - Villreinen sine interesser er avklart - Tilstrekkeleg areal er sikra for at stammen skal overleve på lang sikt - Tradisjonelt landbruk og Landbruk pluss kan utvikla seg som før - Kommunane vil gjennom utarbeiding av planar for ferdsle, både for stiar, løyper og motorferdsle, gjera sitt til å minske slitasjen på sårbare fjellområde - I bygdeutviklingssona er tilhøvet til villrein avklart Fylkesrådmannen sine vurderingar Planframlegget er eit resultat av ein omfattande prosess med stor grad av medverknad og dialog og mange kompromiss for å koma fram til eit omforeina framlegg. Styret har rådd til at Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (Heiplanen) vert sendt på høyring. I Hordaland fylke er det berre Odda kommune som har areal innanfor planområdet. Odda kommune har i mindre grad engasjert seg i planarbeidet, noko som også har påverka tidsbruken Hordaland fylkeskommune har lagt ned i planarbeidet. Me har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen og leveområda til villreinen. Planen er heimla i plan- og bygningslova, som gjer at ein må ha eit breitt samfunnsperspektiv og eit bruk og vern perspektiv i avklaringane av framtidig arealbruk på kommunalt nivå. Planen legg til rette for nærings- og bygdeutvikling dersom kommunane vil gripa desse mogelegheitene. Kommunane kan ha kommuneplanprosessar med fokus på korleis utmarka kan nyttast til nærings- og bygdeutvikling. Planen gjer det meir pårekneleg for kommunane frå statleg og regional planmynde kva gjeld handsaming av plan- og einskildsaker i kommunane, der villreinen er eit tema. Planen medverkar til å sikra varige leveområde for villreinen, og dempar det fragmenterte utbyggingspresset mot fjellområda. Planen gjev klårare grenser for kvar villreinen kan og skal kunne nyttast som argument i arealvurderingar. Det er brei semje om at villreinen sine interesser skal sikrast, men det er også stor semje om at bygdene si mogelegheit til utvikling skal sikrast. Denne planen er etter fylkesrådmannen sin vurdering eit viktig skritt i retning av å ivareta båe disse interessene. Planforslaget kan no sendast ut på ein brei høyringsrunde. Fylkestinget vil få planen tilbake til endeleg vedtak etter høyringsrunden og påfølgjande handsaming og innstilling frå Heiplanen sitt styre. 5
Fylkesrådmannen rår til at fylkesutvalet gjer vedtak om høyring og offentleg ettersyn av regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei slik den ligg føre i utgåve dagsett juni 2011. Dersom fylkesutvalet er usamd i planframlegget eller framlegg til vedtak, rår fylkesrådmannen til at fylkesutvalet sender saka attende med framlegg til endring. Styringsgruppa bør vurdera endringsframlegget og deretter fremja eit nytt framlegg. Dette fordi det er heilt naudsynt at dei tre fylka sender identiske planframlegg på høyring. Fylkesrådmannen rår til at framlegg til Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei, dagsett juni 2011, vert sendt på høyring med høyringsfrist 15.11.2011. 6