SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 10/776 Arkiv: 223 U Jostedal Bygdelag. Finansiering Rådmannen si tilråding: Jostedal Bygdelag får kr 50.000,- i tilskot til ei forlenging av tilflyttingsprosjektet. Tilskotet vert dekka av post 1.325103.4703.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Søknad frå Jostedal Bygdelag Samandrag: Jostedal Bygdelag har i vel eit år drive eit tilflyttingsprosjekt. Erfaringane er gode. Bygdelaget ynskjer å prøve ut nokre nye tiltak og vidareføre nokre av dei eksisterande. Dei søkjer om kommunal medverknad. Rådmannen tilrår eit tilskot stort kr 50.000. Utval som har vedtaksmynde: Næringsutvalet, jf vedtektene for konsesjons- og næringsfondet. Fakta: Jostedal Bygdelag har no i godt og vel eit år drive tilflyttingsprosjektet i Jostedalen. Prosjektet har arbeidd mot potensielle innflyttarar, dei har arbeidd med å få tak i hus og gardsbruk som kan seljast eller leigast ut og dei har spissa bodskapen sin mot ei gruppe som er meir enn gjennomsnittleg interesserte i friluftsliv og skiliv Prosjektleiar Marit Tennø skriv i søknaden: Det konkrete resultatet så langt er 13 nye tilflyttarar sidan desember i fjor, og fleire potensielle som me er i kontakt med og hjelper med ynskja deira om å flytte til Jostedalen. Det gjeld folk som både ser på aktuelle tomtar for å busetje seg, er ute etter hus å leige, helst kjøpe eit småbruk eller treng jobb/inntektsmulegheiter. Fire hus har vore til sals i Jostedalen sidan desember 2008, og det er ny rekord. Ut frå spørsmål og trafikken på nettsidene veit vi at dei fleste er ute etter å få kjøpe eit småbruk, deretter kan eit eldre hus også vere interessant. Mange av dei aktuelle kjøparane til eigedommar har sjølve gode høve for å skaffe seg inntekter. Dei driv innan frie yrke eller har eige firma. Prosjektet valde å ta som utgangspunkt i det som skil Jostedalen frå andre bygder. Nærleik til naturen, køfritt og gode oppvektvilkår for ungane, kan òg Jostedalen by på. Men kvifor skal folk flytte hit for desse verdiane? Dei vil få nett det same både i Tolga og Børselv. Jostedal Bygdelag vil heller spele på det unike ved Jostedalen: Bygda med Noregs høgste tettleik av tindevegleiarar, godt besøkt pub i helgene at du kan stå på ski kvar dag i 9 månader og ete middag ute kvar kveld. I fyrste perioden har prosjektet vore finansiert slik: Fylkesmannen, Landbruksavdelinga kr. 75.000,- Jostedal Bygdelag kr. 50.000,- Sogn og Fjordane Fylkeskommune kr. 50.000,- Luster Kommune kr. 75.000,- Luster Sparebank kr. 10.000,- Til saman kr. 260.000,- Prosjektet har hatt ei eiga styringsgruppe sett ned av Jostedal Bygdelag. I denne gruppa sit Bjørn Andre Skjæret, Karin Gjerde, Anita Bjørk Ruud. Prosjektleiar Marit Tennø har vore engasjert i ca 6 timar i veka i prosjektperioden.
Dei viktigaste aktivitetane som er gjennomførde er i fylgje prosjektsøknaden: - Utvikling og drift av jostedal.no: Hjartet i prosjektet har vore nettsida vår www.jostedal.no. Me har fått mykje skryt for sida vår og ho har rundt 100 treff for dag. Mellom 20 og 25 prosent av dei som besøker sida kvar dag har aldri vore på sida før. Det betyr at stadig fleire personar får vite om sida og om Jostedalen. Sida er utvikla av eit firma med tilknyting lokalt, dette var viktig for oss. Og me ser at det heilt klart var ein fordel med ein utviklar og designar som kjenner dalen og miljøet. - Kommunisere mot målgruppa og skaffe strategiske kontaktar: I kampanjen valde me å satse på å marknadsføre Jostedalen som staden der fritid er skitid, og me valde medvete å prøve å knyte kontaktar til fjellsportmiljøa i Noreg. Detter har me lukkast med. Me har mellom anna fått mykje fin og verdifull omtale i UTE-magasinet og hadde ein kronikk på trykk om tilflytting i siste nummer. Me har samarbeidd med Highcamp på Turtagrø og med Fjellsportfestivalen i Sogndal. Om ei stund kjem òg toppturguiden for Sogn, gjeven ut av Fri Flyt forlag, som vil vere med å setje Jostedalen på kartet som skiplass, og då er det viktig for bygda å ha eit tilflyttingsprosjekt i ryggen som kan prøve å få til ny busetjing frå ei slik merksemd. - Kommunikasjon mot sesongarbeidarar: Sesongarbeiderane i Jostedalen er friluftsinteresserte unge menneske. Svært mange av desse er godt integrerte i bygdelivet og kjem attende til bygda sommar etter sommar, og fleire har då òg slege seg ned i bygda på heilårsbasis. Mange andre av dei uttrykkjer ynskje om å bu her, men ofte strandar det på mangel på hus og tomtar. Me har hatt fellesmøte for alle sesongarbeidarar i sumar med informasjon om kampanjen og har hjelpt dei som ynkjer å få tilsendt potensielle jobbar eller husvære. - Fest/test-helg: April 2009 hadde me ei fest/testhelg, denne vart ein kjempesuksess. Me hadde quiz på fredagskvelden, Opp og nedatt skikonkurranse på Geisdalsstølen på laurdag med grilling for heile familen, informasjonsmøte for potensielle tilflyttarar laurdags ettermiddag, fest og konsert laurdag kveld. Søndag var det gratis toppturføring. Både quiz, skikonkurransen med familiemoro og festen laurdag hadde over 100 besøkande. Helga fekk god presseomtale, ikkje minst gjennom ei dobbelside i BT. Denne helga fekk me synt fram det beste Jostedalen har å tilby av både sosialt liv og skimogelegheiter og me fekk snakka med ein del potensielle tilflyttarar. - Registrere hus/eigedommar/tomtar for sal og leige påverke til at fleire vil selje eigedommar: Til no har det blitt lagt ut 4 hus til sals i Jostedalen sidan prosjektet vart lansert. Det er ny rekord. Me ser òg at i to av husa er det kome heilt nye
folk. I sumar har det òg vore nokre synfaringar på dei tomtene me kartla før me lanserte prosjektet. - Drive oppfylgjingsarbeid av både ny tilflyttarar og potensielle tilflyttarar: Me driv kontinuerleg oppfølging av potensielle tilflyttarar og hjelper dei med å finne jobbar og tipsar dei om ledige husvære. Me opplever at det er ei veldig styrke at ein har nokon å vende seg til om ein er interessert i å flytte til Jostedalen. Me har mellom anna kunne skaffe husvære, jobb og flyttehjelp til ein familie som ville flytte hit frå Danmark og nett no er me i kontakt med eit nederlandsk par som ynskjer å flytte hit. - Vere synleg i media: Me arbeider heile tida med å vere synleg i media. Me har til no hatt fleire oppslag i Sogn Avis, vore intervjua på NRK Sogn og Fjordane, vore omtala og hatt kronikk i UTE-magasinet, omtala i Bondebladet og fått midtsideoppslag i BT. Me har dessutan fått fin redaksjonell omtale både på nettsidene til Distriktssenteret og Framtidsfylket. Og i haust har me òg vore i kontakt med større publikasjonar som vil skrive om oss. Prosjektet ynskjer no å gå vidare og har då fylgjande oppgåver dei vil prioritere: Næringsutvikling naturbasert aktivitetsturisme eller nasjonalparkturisme No i august vart Breheimen nasjonalpark opna. Bygda Jostedalen er då omringa av nasjonalparkar, med Jostedalsbreen i vest og nord og Breheimen i aust. Dette gjev nokre avgrensingar i bruk av naturen, men Jostedal Bygdelag vel å sjå mulegheitene knytt til vernet av desse områda. Jostedalen erb i dag ein av dei viktigaste destinasjonane når det gjeld naturbasert aktivitetsturisme i Noreg. Ny nasjonalpark gjer det muleg å utvikle denne næringa ytterlegare. Dette vil det bli arbeidd meir med i året som kjem. Eit viktig fokus i dette arbeidet vert å forlenge sesongen, slik at denne næringa kan gje sysselsetjing til folk som er heilårsbuande i endå større grad enn i dag. Truleg vil dette etter kvart også bli eit eige utviklingsprosjekt med finansiering vonleg frå miljøvernstyresmaktene. Miljøvernstyresmaktene både regionalt og nasjonalt oppmodar no om satsing på naturbasert reiseliv i områda inn til og inne i nasjonalparkane. Tilflyttingsprosjektet i Jostedalen har til ei viss grad rekruttert og appellert til folk som alt driv eller potensielt kan drive denne type næringar. Det har skjedd mykje i Jostedalen dei siste åra, men med nye folk kan me få til endå meir. Me må få fleire til sjå mogelegheiter i å starte eigne verksemder. Me håper å kunne kople næringsutvikling enno sterkare med tilflytting. Me har allereie no kontakt med folk som vil kunne tenkje seg å starte eigne verksemder. Me planlegg ein større idedugnad/tilflyttingsdag i juni, med særskilt fokus m.a på nasjonalparkutnytting.
Det vert og arbeidd no med at Jostedalen skal få status som Noregs fyrste nasjonalparkbygd Utvida bruk av sosiale medium og vidareutvikle nettsida for det. Hjartet i prosjektet har vore nettsida vår www.jostedal.no. Og me brukar sida aktivt i arbeidet vårt på sosiale medium. Me er både på twitter og på Facebook, og me ser at det genererer ein god del treff på sida vår. Siste månad ser me at 12 prosent av tilvisningane våre kjem frå twitter, 23 prosent frå Facebook og heile 66 prosent frå dei tre mest populære bloggane i dalen. Den siste tida har me og kome i direkte kontakt med potensielle tilflyttarar gjennon sosiale medium. Minst like viktig er det å skape blest om Jostedalen i friluftsmiljøet rundt omkring, for å synleggjere at det er fullt mogeleg å bu slik at ein kan ha ein aktiv livsstil kvar dag rett utanfor stoveglaset. Twitter er ein svært fin kanal for dette. Me sender ut lenkjer til Jostedal.no for å få folk til å sjå kva som skjer i bygda eller korleis skiføret. Me ser òg at dagar der me har vore særskild aktive på twitter så aukar andelen heilt nye opp mot 30 prosent. Bruken av sosiale medium vert berre viktigare og viktigare framover, og å få andre til å snakke om oss og å vidareformidle informasjon om oss til sine vener att har ein enorm verdi for oss. Sjølve nettsida treng òg nokre enkle modifikasjonar for at det skal bli lettare å dele innhaldet på sida med andre via sosiale media. Kontorfelleskapet vidare utvikling Eit av dei konkrete resultata av prosjektet er at det er etablert eit kontorfelleskap på Gjerde i Jostedal Industrier sine lokale. I kontorfelleskapet får dei tilgang til arbeidsplass, svært god datakraft, felles utstyr elles, felles matrom med dei som arbeider i Jostedal Industirer og Bionordic. Kontorfellesskapet på Gjerde i Jostedalen er i ferd med å bli for lite. Kontoret har nett fått breiband via fiber rett inn på kontoret. Me er i dag 5 personar som deler på tre kontorplassar. Her finn me ein arkitekt, ein phd-stipendiat, ein bonde som driv med bio-varme, ein konsulent og ein dagleg leiar i eit fjellføringsfirma Me ser at ei styrking av denne fellesskapen er viktig, og kan vere med å gjere bygda endå meir attraktiv for potensielle tilflyttarar. Ein bonus er at ein slik fellesskap og fungerer som eit kreativt fellesskap for gode idear for bygda. Me må utvide plassen og marknadsføre tilbodet betre, ikkje minst er overfor dei som pendlar ut av bygda i relativt frie jobbar, eit skrivebord i eit slikt fellesskap vil kunne dra ned nokon av pendlebyrden. Bulyst og tilflyttingsdag I mai/juni 2010 vil bygdefolk og potensielle tilflyttarar bli invitert til ein bulyst og tilflyttingsdag. Vi vil ha nokre innleiarar frå andre miljø som kan komme med gode døme på nokon som har fått ting til. Det kan vere både bygdeutviklingsprosjekt, kulturprosjekt og næringsprosjekt. Vi har eit par postar omlag klare innafor m.a vidareforedling og sal av lokale råvarer og korleis utvikle naturbasert reiseliv med tilnærma heilårs sysselsetjing i og ved nasjonalparkar På denne dagen vil vi og nytte ei såkalla SWOT-analyse i tilnærminga. Vi vil få deltakarane til å vurdere bygda Jostedalen når dei sit saman i
grupper. Dei skal då prioritere fem område som Jostedalen er STERK på, fem område Jostedalen er SVAK på, fem område som er ein TRUSSEL og fem område som representerer MULEGHEITER for bygda. Resultatet av denne dagen må vere grunnlag for arbeidet vidare i prosjektet og bygdelaget sitt arbeid. Fest/testhelg Etter kjempesuksessen med fest/testhelg, aktar me å skipe til ei ny slik helg. Me planlegg å få til att ei liknande helg, ikkje berre var det mykje moro, men me fekk og verdifull kontakt med potensielle tilflyttarar og fekk vite litt om kva som var deira utfordringar, slik at me lettare kan hjelpe dei. Husprosjekt Me ser at mangel på hus kan vere der det strandar for mange. Me hadde håpt i eit utvida prosjekt å kunne vere med å utvikle ein spesiell type hus for folk med aktiv livsstil som ynskjer å bu lite, billeg og miljøvenleg midt i naturen. Me samarbeider med ein arkitekt for å få teikna eit signalhus, som me både håper vil stimulere til nybygging av hus i Jostedalen og blest av Jostedalen som friluftsmekka ein bu i. Det må vere eit hus med god plass til ski, kajakk, klatreutstyr og anna liknande utstyr, tilpassa den aktive i naturen I fyrste omgang er det tenkt eit forprosjekt, som vil ha med ein potensiell byggar på laget. Slik kan ein sitje på eit slags Jostedaltypehus, der den store teikne- og planleggingsjobben er gjort for å kunne halde prisen nede for ein evt. neste byggar. Det er fylgjande budsjett for denne avsluttande prosjektperioden: Utloger Arbeid, eitt år 400 timar x 300 kr Kr. 120.000,- Oppdatering nettside Kr. 20.000,- Idedugnad Kr. 10.000,- Fest/test helg Kr. 10.000,- TIL SAMAN Kr. 160.000,- Innkomer Fylkesmannen, Landbruksavdelinga Kr. 50.000,- Luster kommune Kr. 50.000,- Jostedal Bygdelag Kr. 50.000,- Sponsor Kr. 10.000,- TIL SAMAN Kr. 160.000,- Det vert og søkt midlar frå miljøvernstyresmaktene. Vurdering: Jostedal Bygdelag har arbeidd systematisk med tilflyttingsprosjektet i vel eitt år. Erfaringane er så langt positive. Bygdelaget ynskjer no å forlenge prosjektperioden for å teste ut ein del nye tiltak.
Luster kommune har vore med å delfinansiert fleire utviklingsprosjekt drive av bygdelag, velorganisasjonar og liknande organisasjonar, for å få til utvikling i bygdene våre. Nett no er kommunen inne med tilskot på kr 55.000 kr å finansiere bygdemedarbeidar i tre år på Sørsida og kr 150.000 til næringsparkprosjekt på Skjolden. Luster kommune har hatt svært positiv folketalsutvikling siste året. Vi kjenner ikkje enno korleis utviklinga har vore på krinsnivå i 2009, men folketalsveksten har dei siste åra komme i bygdene Hafslo og Gaupne. Dei bygdene som ligg i ytterkanten av den regionale arbeidsmarknaden har problem med å halde folketalet oppe. For desse bygdene, både i vår eigen kommune og i bygdene i mange av kommunane i Sogn og Fjordane, vil lokalt mobiliseringsarbeid vere eit av få handlingsalternativ for å snu negativ utvikling. Ei av erfaringane til Jostedal Bygdelag er at det går an å få tak i innflyttarar med særskilde interesser, det er viktig å ha med seg vidare i dette arbeidet. Ei anna erfaring er at det er stor interesse for å kjøpe gardsbruk, småbruk, eldre hus, men det er diverre ikkje er så mange slike eigedommar som kjem på fritt sal. Arbeidsmarknaden for tilflyttarar er ikkje det mest kritiske punktet, mange har delvis jobb dei kan ta med eller har eigne firma. Rådmannen vil tilrå at Luster kommune går inn med kr 50.000 i tilskot til ei vidareføring av prosjektet. Fylkesmannen har løyvd kr 50.000 til prosjektet, og sett som føresetnad at Luster kommune deltek vidare. Dato: 3.mars 2010 Tore Eriksen Olav Grov rådmann næringssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til: