Bord på vegg. Foredrag Trondheim 17, ved Jon Bojer Godal

Like dokumenter
Tradisjonell materialkunnskap

Kor finn vi god material? Foredrag Trondheim ved Jon Bojer Godal

HANDHØVLING AV GOLVBORD

Handverksnettverket. Seminar praktisk og prosessuell restaurering Ødegårdstuen 2005 Maihaugen

R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua

Skjeltrevegg på grindebygd løe på Skageflå i Geiranger

Tre til kva? Litt om det å velje rett material. God skog er meir enn kjempetre God material er meir enn tre. Foredrag Lien Fjellgard den

Kulturhistoriske registreringar

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

6-åringar på skuleveg

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Alt det lyse og alt det mørke

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Heggemslåven i Rindal. Vurdering av tilstand Kostnad med flytting

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Vågen, skulestad i 140 år

Om å førebu tømmer på å bli til hus Kvifor er det ikkje råteskader i dette huset frå 1776?

Vintervèr i Eksingedalen

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Handverk som Kunnskapsform

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Små og store system. Torstein Helleve

Å løyse kvadratiske likningar

PROSJEKT TUNGT BINDINGSVERK

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Biletbruk på nettet 1 2

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Eksamen matematikk S1 løysing

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

FORNES, gnr i Stjørdal kommune

PLANSKILDRING. REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA GNR.70 BNR.48,49,50 og 51

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Konklusjon for 4 grupper

RESTAURERING AV SNEKKEVIK SKOLE I DØNNA, RAPPORT FOR Østveggen:

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Rapport/notat etter skader i klokketårnet etter angrep av skadedyr

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Design som trøystar. Utsnitt av dekor til Lumina. Design av Scandinavian Surface.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Restaurering av Bykle Kyrkje 2001/2002

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Eidegrend klyngjetun

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

UNIVERSITETET I OSLO

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Refleksjon og skriving

Info til barn og unge

Bilete og figurar i Word

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Rapport - Grønland. Bygningsteknisk Dendrokronologisk arbeid. Helge Paulsen

D/S Stord 1 Månadsrapport oktober - desember 2010

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 5

Notat Kulturminne

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 6

Transkript:

Bord på vegg Foredrag Trondheim 17,01.2018 ved Jon Bojer Godal

Vegg og tile Ordet vegg røter i same rot som vidje noko som er vridd, - og som treslaget vier. Grunnordet for vegg i språket vårt er såleis flettverk. Det er eit flettverk av leirklint vier eller selje. Etter kvart fekk vi veggar i form av skjaldtile. Det er tilhogne fjøler som er sett i spor i ei tømra ramme. Den einskilde fjøla er ei tilje eller ei skjeltre, medan den samla flata av tiljer er eit tile, eit tell eller eit skjelter. Veggtilet står i spor i liggjande så vel som i ståande tømmer. Før vi fekk sager var tiljeveggar meir vanlege enn i dag. Det er typisk norsk at tydingssprang er kopla til skifte av kjønn. Einskild-delen er ei tilje medan den samla flata er eit tile. Med dårleg kjennskap til norsk språk har vi fått nyordet en tile. For ein som sov på eit sengetile og vaks opp på eit golvtile sett saman av golvtiljer og i tun med skjaldtile i burssvala gjer det vondt i øyra å høyre ord som tilevegg om skjaldtile.

Liggjande bord (eller tømmer?) på innsida mot aust. Austveggen på Kvernes stavkyrkje er ein av dei eldste kledningane eg veit om. Når det er bord på gavlveggen i Kvernes stavkyrkje kan det ha å gjera med at det er ein annan slags konstruksjon der enn i resten av bygget. Kledningen er sidesua. Kjerneområde for slik kledning er Sør-Trøndelag og Nordmøre. Det er ein perfekt kledning der regnet kjem vassrett og med vinden frå sida.

Kvernes Nordmøre Vegg mot aust Danielsveita Trondheim Vegg mot nord Leggjemåten er gjerne ulik etter kor regn og vind kjem frå. Det var på sideveggar at det var sidesua bord. Det er perfekt. Mot vêret kunne det vera underlekta kledning eller ståande over- og under. Unna vêret kunne det vera slettvegg, kant i kant. Det kunne vera tre leggjemåtar på same hus.

Oppgangssagene var i gang på 1500-talet og dei gnog seg gjennom ei ufatteleg mengd grovt tømmer. Rasjonering vart innført alt i 1680. Stort sett var det rotstokken som vart til bord. Andrestokken (med større avsmalning og meir kvist kunne då bli til laft. Byggeskikk vart påverka.

Typisk skurdmønster etter oppgangssag. Tvers på veden og jamt framtrekk på ca 5 / 8 tomme. Saga har ikkje hoppa på kvisten. Det ville ei handsag ha gjort.

Kvernes ca 1630 Handdrivne rammesager har vore i bruk sidan mellomalderen, men vi ser svært lite att av dei her i landet. Borda i bildet er trobord under koparmantelen i Værnes kyrkje. Bord med slikt skurdmønster har eg sett berre ein annan stad her i landet. Det var på båtbord frå kring år 1600 og i Oslo. Desse borda er med andre ord ufatteleg sjeldne og såleis svært verneverdige. Dei er av gran og truleg frå tidleg på 1700-talet.

Spora etter handsagskurd med kransag står ofte litt skrå. Framtrekket er jamnare og litt lengre enn der det er saga med ramme- eller grindsag. Vi ser ofte at det hoppar der det er grov eller hard kvist. Der det har vore vel innarbeidde bordsagskjerarar kan det med eit raskt blikk vera vanskeleg å sjå om det er handsag eller oppgangssag som har vore på ferde.

Valsestål Det var valsestålet som gjorde dei breie handsagklingene mogleg. Såleis ser vi at desse sagene kjem på banen ein gong midt på 1700- talet. I 1780 heiter det at bøndene i Trøndelag fornærma dei privilegerte sagene med handsagene sine. Kring 1800 kjem Åfjordsbåten til. Han er eit eintydig resultat av at det hadde kome effektive handsager til bordskurd. Den båten er bygd opp av to bordstokkar, kvar med 8 bord. Johan Hårstad loar stokken slik at han skjer bord av heilstokk. Kua syner rett tjukn som er bordtjukn + sagspor. I hus ser vi at dei handsagskorne, ofte ned i ¾ tom tjukke borda, blir vanlege i laupet av dei første to-tre 10-åra av 1800-talet. Etter kvart som sirkelsagene tok over kom handsaginga bort. Kring 1900 var det nesten slutt, men ho heldt fram der det var tungvindt å få tømmer til sag. Såleis hadde vi på slutten av 1900-talet ein bukett av eldre tømmermenner som kunne rettleie oss i bordskurd med kransag. Både Arild Bjarkø (i Røros) og Roald Renmælmo (i Målselv) gjorde banebrytande arbeid i denne samanhengen. Også båtbyggjarane heldt lenge ut med bruk av kransag og sagstilling. Det var først og fremst åreemne som vart saga med handsaga lenge etter at sirkelsagene hadde teke over den ordinære bordskurden. Jamvel båtbyggjarane laut lære seg til å saga på sirkelsag.

Sirkelsag Dei første sirkelsagene tok til å kvine her i landet midt i 1850-åra. Etter at sagbruksprivilegiene vart oppheva i 1860 kom det ei nærast eksplosjonsarta utvikling. Det sto svært mykje småfallent vyrke i skogane som no kunne sagast. Langt inn i skogane rulla det lokomobilar, små dampmaskiner, som drog sager. Bord vart mykje billegare og meir tilgjengelege. Det revolusjonerte byggjeskikken. Vi fekk ei enorm utbygginga av samanbygde uthus. Vi fekk jamvel sveitserstilen som knytte status til dei smale borda og til krims-krams på utsida av huset.

Småfallent vyrke og stripynt vart ikkje berre akseptert. Det vart mote med stort gjennomslag. Utkropen marknadsføring er visst ikkje ei oppfinning frå i går.

Dei store samanbygde uthusa vart eit dominerande drag i landskapet. Vi talar gjerne om raude låvar si tid, men dei store uthusa var mykje meir enn låvar. Dei vart fellesbygg for mange funksjonar: fjøs, stall, saugarde, grisehus, hønehus, løerom for kjerv og høy, låve med lostål og halmstål, vedaskjul, vognskjul, møkkakjellar, landkum og dass. Løa kunne ha både fire og fem rom. Hest, sau og ku fekk gjerne kvar sitt slag høy. Til desse husa gjekk det store mengder bord. Vi kan vanskeleg sjå for oss at denne utviklinga av byggjeskikken på bygdene hadde kome, om det ikkje var for sirkelsaga, dampmaskina og eit stort lager av småfallent vyrke i skogane.

Før sirkelsaga Før sirkelsaga og dei jambreia borda hadde vi reguleringar av motsett karakter. Det var stilt krav om minstemål på sagtømmer. Bygdesagene fekk ikkje lov til å saga anna enn ukanta bord. Borda fekk dimed avsmalning. Denne regelen har vore med på å utvikle det vi kallar kilskurd og mønsterlegging. Bord med avsmalning stel eller forsterkar perspektiv. Dette gjev grunnlag for ganske avansert manipulering med visuelle effektar. Her er to døme frå vår anonyme byggjeskikk. Å kle desse husa med jambreie bord blir ei sterilisering.

Både det å manipulere med avsmalning og det å utnytte fallande breidder har vore høgt utvikla idrottar hos tømmermenner før oss. Her har vi ei jamt rullande bølgje i veggen. Det er då også i kystbyen Flekkefjord

Det dreiar seg om enkle prinsipp, men med raffinerte resultat

Her er det spenning.

Den restaurerte baksida. Det blir eit heilt anna hus.

Å stela perspektiv Prinsippet å stela perspektiv er slett ikkje nytt. Holtålen stavkyrkje er frå 1100 talet. Hjørnestavane i denne kyrkja er tjukkare opp enn ned, men rotenden på stokken er ned. Det dreiar seg om ¾ tomme i tverrmål på stavlengda. Det er akkurat nok til at det opphevar inntrykket av avsmalning som vi ville ha fått dersom staven var jamtjukk. Ein flaggstonghoggar eg var i kontakt med hevda at inntrykket av avsmalning svara til 1 tomme på 7 meter. I praksis vil det seia at påbord på vegg skal vera litt over ½ tomme breiare opp enn ned for at dei skal sjå jambreie ut. Det finst døme på at spitande bord er skifte ut av di dei ikkje smalna meir enn litt over centimeteren på vegghøgda. Om veggen er 4 ½ neter blir perspektivet etter flaggstongregelen kring 4 / 7 tomme = 1,5 cm. Det kan med andre ord dreie seg om finstilte nyansar. Ver varsam og mål nøyaktig før du skifter ut original bordkledning med parallellskorne bord!!

Bittelitt spitande bord og rotenden opp på påbordet. Breiare bord der dei er lange og smalare på kortare stubbar. Hjørna er markert med eit ekstra breitt bord. Tømraren har tenkt, og tenkt godt.

Tre er ikkje lik tre Det kan vera tor forskjell på eigenskapar frå tre til tre. Viktig eigenskap er kvistkarakter, kroneform og alder. Gamle smalkrona tre er best til ytre kledning Kvistkarakter og kroneform ser vi når trea står på rot. Bygningsvernaren som skal ha kvalitetsbord lyt til skogs. Han bør betale dobbelt pris for tømmer han får plukke, og han lyt vera med på saga. Det løner seg godt. Tømrar og huseigar især vil ha dette igjen fleire gonger.

Rotstokk, ofte også kalla bordstokk Lite avsmalning Lite og små kvist Frisk kvist og stor avsmalning. Laftetømmer og stav i reisverk. Finkvista tre kan også gi indre panel. Stort sett ved. Haus, Splintringssterk Større avsmalning, meir kvist. På furu oftast svartkvist. Då er det laftestokk eller reisverk. Spikarslag og strevarar (som står på trykk) når ikkje kvisten er for grov.

Her kan vi ta totom, eller 5 / 4 trobord og ½ tom stubbloft. Til vêrvegg nyttar vi berre dei fire borda som er nærast mergen og som er feilfrie. Dei er slitesterke og vasstette. Bord til sidevegg og unnavêr tek vi lenger ut i stokken og dertil bord frå lenger inn som ikkje er tette.

Med vanleg utetørr material og lagt med retta ut ligg kledningen ganske roleg på veggen. Stripsa material, kunstig tørka som plank til 10% og så saga til bord slår seg rangvegen. Kledningen blir uroleg, jamvel med retta ut. Rå material som tørkar på veggen slår seg rettvegen. Når dei er lagt etter boka kan dei sprekke. Veggen er utett når det er vått og tett når det er tørt. Vanleg trådspikar vandrar ut av takbord og jamvel av veggbord som får regn frå sida. Difor lyt vi spikre med smidd eller klypt spikar,.

Med retta ut og rota ned kan dette andrebordet vera eit underbord Opp i treet Opp i treet Det er kvisten som lek, - også etter at huset er måla kan kvisten vera lek. Difor skal retta ut og rota ned på alle borda i slettveggen. Med retta ut og rota opp lyt dette førstebordet vera eit påbord. Med over og under legg vi oftast andrebordet under. Der er det ikkje kantkvist. Førstebordet kjem som påbord.