Side 1 Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2012/1479-17 Dato: 02.06.2014 Til: Frå: Gunn Tove Petterteig Bente Høyland Notat gjeld: Bustad for vankelegstilt Kommunestyret hadde saka føre i møte 22.5.2014 som sak 2014/34. Vedlagt fylgjer utskrift av møteboka der vi syner til vedtaket.
Side 2 Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2012/1479-16 Gunn Tove Petterteig Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for helse, omsorg, miljø 2014/34 Kommunestyret 22.05.2014 Bustad for vanskelegstilt Innstilling frå rådmannen: kjøper 1-2 småhusvære/ leilighetar i eksisterande bustadfelt frå aksen mellom Husnes og Rosendal. Samanlagt 20 bueinigar over 5 år. Eventuelle sal av leilighetane til leigebuar, blir gjort dersom leigetakaren ynskjer det og har økonomi til å finansiera eit kjøp. Salsummen nyttast til vidare oppkjøp av nye bueiningar. Den bustadsosiale handlingsplanen ligg til grunn for vidare bustadsosial utvikling. Saksutgreiing: Den 07.06.2012 vedtok formannskapet at det skulle utarbeidast eit forprosjekt for byggetrin 1. (20 bustadar) på Husnes og 4 nye lavterskelbustadar tilknytt eksisterande. Forprosjektet/ mulighetsstudie med 20 bueiningane vart lagt fram for formannskapet 03.04.14. Det vart drøfta og det kom fram ulike syn på å samla vanskelegstilte i eit buområde. Saka blei så sendt tilbake til rådmannen. Rådmannen har tolka vedtaket slik at fagmiljøet bør få koma fram med sitt syn slik at ei beslutning kunne gjerast på eit breiare grunnlag. Vedtak frå Formannskapet den 03.04.2014 Saka blir sendt tilbake til rådmannen. Før saka blir fremja på nytt skal fylgjande vidare utgreiast: Kva brukargrupper er det hensiktsmessig å busetja i same bustadkompleks? Kva alternative løysingar kan nyttast? Betre utnytting av arealet / fleire etasjar.
Side 3 Kan brukargruppene definerast tydelegare. Fagmiljøa ser positivt på at kommunen vil skaffa fleire kommunale husvære og meinar ut frå erfaring at beste løysinga er ei integrert busetjing i eksisterande bustadfelt i aksen Rosendal Husnes. Det er denne strekninga det er best kommunikasjon mellom Rosendal og Husnes. har etter ynskje frå eigar i Lonabrotet mål om å avslutte leigeforhaldet av 11 bueinigar innan utgangen av 2014. (Kontrakten med Lonabrotet går ut 31.12.14) Dette skapar eit ekstra press på kommunale bustadar for vanskelegstilte. Frå i dag og fram mot dei neste 5 åra vil kommunen ha behov for om lag 18-20 bueiningar for ei differensiert gruppe vanskelegstilte. Det er behov for nokre familiebustadar, men flest bustadar for einslege. Rus- og psykiske helsetenester har meldt at dei vil ha bruk for om lag 2-3 nye bustadar per år framover. Flyktninge tenesta har meldt frå om at dei vil ha bruk for fleire kommunale bustadar for flyktningar. Det er tidlegare gjort vedtak (21.11.2013) om å ta imot 30 flyktningar frå 2014-2016. Familiesameining skulle koma i tilegg, men dette talet må stå i forhold til tal bustadar kommunen har til disposisjon. I møte med fagmiljøa viser dei til at integrering i vanlege bustadfelt gjev mindre ressursbruk frå kommunale tenester. Folk blir meir sjølvhjulpne og tek større initiativ til positiv integrering. Dei meinar og at bustadkompleks med vanskeligstilte fører til at folk blir stigmatiserte. Dette er peika på i den Bustad sosiale handlingsplanen (vedtatt 02.02.12) s.25: at einsarta grupper ofte skapar uheldige opphopingar som igjen kan føra til nye problemstillingar, at det er trong for spredd husvære frå Husnes til Rosendal gjev betre og mindre ressurskrevjande integrering. I vedlegget, utklipp frå rapporten: Saman eller hver for seg? Den tredje og fjerde sida, understrekar viktigheten med spredt busetnad. Definisjon Vanskelegstilt «Å være vanskeligstilt på boligmarkedet er ikke en isolert egenskap ved et hushold. Det er heller et slags misforhold knyttet til interaksjonen mellom husholdets ressurser og det markedet hvor de befinner seg.» Viggo Nordvik Strategier i produksjon av boligsosiale tjenester, NOVA Rapport 23/06, side 16 Formannskapet ønska svar på 4 spørsmål. 1. Kva brukargrupper er det hensiktsmessig å busetja i same bustadkompleks? Svar: Både rus- og psykiske helsetenester og flyktningetenesta ønskjer ei integrert busetting i vanlege bustadområder. Dette ut frå lokale erfaringar og statlege retningslinjer. Vanskeligstilte kan delast inn i tre kategoriar. Personar eller hushald som ikkje sjølv greier å skaffa og / eller oppretthalde ein tilfredstillande busituasjon på eiga hand: Er utan eigen bustad Står i fare for å mista bustaden sin Bur i ueigna bustad eller bumiljø.
Side 4 Husbanken skriv på sine nettsider at planmessig og strategisk arbeid for å integrera det bustadsosiale området inn i det andre kommunale planarbeidet bør vera ein god arbeidsmetode. I alle utreiingane om bustadsosialt arbeid er det peika på at busituasjonen må vera trygg. Spesielt dersom det er barn med i bilete. I eit slik bustadkompleks der mange er samla på ein plass er det eit pusslespel for å finna rette personar som går saman med med dei rette andre personane. Rus- og psykiske helsetenester som hadde hand om tildeling av bustadar tidlegare, brukte lang tid på å få til gode løysingar. Dersom bustadane låg meir spredt ville dette vera klart enklare og mindre ressurskrevjande. 2. Kva alternative løysingar kan nyttast? Svar: kan systematisk kjøpe to og to bustadar spredt i dei ulike byggefelta frå Husnes til Rosendal. Det bør byggjast til saman 12 småhusvære på rundt 40 kvadratmeter og det bør kjøpast 4-6 ulike familiebustadar i ulike byggefelt. Det mest ideelle var om kommunen kjøpte bustaden slik at den vanskeligstilte på sikt kunne få kjøpe bustaden etter endt vedtak om bustad (vanlegvis 3 år). Då ville vi fått ei flott integrering med leigebuar som ønska å bu i miljøet, og gode naboar som ønska vedkommande velkommen. På denne måten ville vi hatt sirkulasjon i bustadane på ein god måte. Dersom husværa vart bygd av private vil det vera vanskelegare for leigebuaren å overta bustaden. Det er viktig at det er bevisst bruk av materialval og fysisk utforming av bustadane. 3. Betre utnytting av arealet / fleire etasjar. Svar: Nei, det ville ikkje vore eit betre alternativ å laga fleire etasjar som kommunen skulle leigt. Vi ville ha bruk for plasser for einslege i omsorgsbustadar, men utforminga her er vesentleg annleis enn det som låg føre i skisseprosjektet som var lagt fram 03.04.14. Husbanken peikar og på at t.d. eldre ikkje skal bu saman med folk som kan gje utrygt bumiljø. Feltet (B2) langs Bogsnesvegen ved sida av brannstasjonen, er eit attraktivt område for kommunen. Dersom området hadde vore annleis fysisk utforma ville kommunen hatt bruk for omsorgsbustadar for lette demente og einslege eldre som treng fellesskap med andre. Dette kunne vi kome attende til i eit anna skisseprosjekt. Som var tenkt til friskare eldre. 4. Kan brukargruppene definerast tydelegare. Svar: I prinsippet kan det vera eg og du. Det er uheldig å kategorisera folk inn i eit spor for alle er individ med eit behov som i periodar er vanskeleg. Jamfør definisjonen. I fylje linkane under er det likevel nokre forhold som peikar seg ut erfaringsmessigt: Det kan vera rusavhengige, flyktningar, personar som kjem ut frå fengsel, pasientar som har hatt opphald i institusjon, nedsatt funksjonsevne og personar med svak økonomi. I tilegg kan det vera enkeltsituasjonar som krev strakstiltak, t.d. vald i familien. Det kan vera einslege forsørgarar med behov av å betra busituasjonen. Personar som bur hos foreldre/ føresette og situasjonen er uønska og blir opplevd som eit problem for minst ein av partane. Det kan vera personar som bur midlertidig hos venner, kjendte eller slektningar. Her er nokre sentrale linkar som kan vera eit godt utgangspunkt for å ta avgjer om bustadar for vanskeligstilte: Bustad for velferd Nasjonal strategi for boligsosialt arbeid (2014-2020) http://www.regjeringen.no/upload/kmd/boby/nasjonal_strategi_boligsosialt_arbeid.pdf
Side 5 NOU 2011:15 Rom For alle en sosial boligpolitikk for framtiden http://www.regjeringen.no/pages/16756780/pdfs/nou201120110015000dddpdfs.pdf er ei politisk utreiing som har gitt tilråing om tiltak for å betra situasjonen til vanskeligstilte. Denne utreiinga på 196 sider gjev svar på mange spørsmål knytt til bustadar for vanskelegstilte. Økonomisk konsekvens: Miljømessig konsekvens: Vedlegg: 1: Notat frå tidlegare TRV til sak om bustadpolitikk i formannskapet 02.12.10 2. Utdrag frå IRIS rapport 2013 3. Uttale frå rådet for dei funksjonshemma 4. Uttale frå flyktninge tenesta 5. Uttale frå Rus- og Psykiske helsetenester Behandling i Kommunestyret den 22.05.2014 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ KJELL YRI (V), HILDE ENSTAD (AP), OLE TORBJØRN HOLMEDAL (FRP), LEIF SVERRE ENES (H), HEGE LÆGREID RØSSLAND (SV), KNUT PRESTNES (UAVH), MARIT ELISEBET TOTLAND (KRF) OG HANS INGE MYRVOLD (SP): 1. kjøper 4-6 småhusvære/leilegheiter årleg, ikkje fleire enn 2 på kvar stad. Kjøp skal vera i samråd med fagpersonell, og samla er målet 20 bu einingar over 5 år. 2. Investeringane må vera itråd med budsjett. Sal av leilegheiter til leigebuar skal gjennomførast dersom leigetakar ynskjer dette. 3. Husbanken sine ordningar må nyttast så godt som mogleg, også langsiktige leigeavtalar kan nyttast. Røysting: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Kommunestyret den 22.05.2014 1. kjøper 4-6 småhusvære/leilegheiter årleg, ikkje fleire enn 2 på kvar stad. Kjøp skal vera i samråd med fagpersonell, og samla er målet 20 bu einingar over 5 år. 2. Investeringane må vera itråd med budsjett. Sal av leilegheiter til leigebuar skal gjennomførast dersom leigetakar ynskjer dette. 3. Husbanken sine ordningar må nyttast så godt som mogleg, også langsiktige leigeavtalar kan nyttast.
Side 6