Osen kommune 7740 STEINSDALEN Behandlende enhet: Saksbehandler/telefon: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato: Region midt Tone Hammer / 73582640 17/124677-19 08.12.2017 Varsel om oppstart av planarbeid - Fv. 14 Berfjorden - Skredsikring i Roan kommune I medhald av plan- og bygningslova 12-1 og 12-8 blir det med dette varsla om at det er starta arbeid med å utarbeide reguleringsplan for delar av ny fylkesveg 14 i Roan kommune. Planområdet Planområdet er avgrensa som vist på vedlagte kart. Skredutsatte områder sør for Måvika har utløyst prosjektet, samtidig som framkommelegheit sør for Berfjorden er dårleg. Sør- Trøndelag fylkeskommune og Roan kommune har derfor bedt Statens vegvesen om å lage reguleringsplan for, og å bygge, to nye tunnelar forbi desse områda. Det vil også vere behov for utbedring av eksisterande veg på kortare strekningar i forbindelse med tunnelane. Planområdet som er vist på vedlagt kart er stort fordi det enno ikkje er funne fram til endeleg linjeføring på vegen. Langs veglinja blir det satt av eit anleggsbelte for så sikre gjennomføringa av anlegget. Det er også behov for å finne plass til permanent lagring av tunnelmassane og riggområder innanfor planområdet. Terrenget er utfordrande og det må tenkes både økonomi og sikkerhet når områda skal velgast ut. Planavgrensninga er av desse årsakene satt litt romsleg. Det er viktig å få fram at alt areal innanfor planavgrensninga vil ikkje bli tatt i bruk og at avgrensinga skal vise eit handlingsrom. Det vil bli lagt vekt på at minst mogleg dyrkajord og naturverdiar skal bli berørte. Formålet Målet er at vegen skal bli både meir trafikksikker og at framkomelegheit skal bli vesentleg betre enn langs dagens fv. 14 på denne strekninga. Aller først skal området sikrast mot framtidige skredhendelser. Postadresse Telefon: 22 07 30 00 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Prinsensgate 1 Statens vegvesen Region midt firmapost-midt@vegvesen.no 7013 TRONDHEIM Regnskap Postboks 2525 Postboks 702 6404 MOLDE Org.nr: 971032081 9815 Vadsø
2 Planen er vurdert i forhold til forskrift om konsekvensutredning og Roan kommune har i vedtak i kommunestyret den 30.11.2017 avgjort at tiltaket fell utanfor. Tema som skal vere med planlegginga er mellom anna: Nærmiljø, friluftsliv og rekreasjon Barn og unge Trafikkforhold og trafikksikkerhet Geoteknikk og geologi Flom og skredfare Naturressurser, inkl. landbruk og driftsforhold Kulturminner og kulturmiljø Støyvurdering Landskapsbildet og tilpassing Naturmiljø iht. Naturmangfoldloven Anleggs- og riggområder Lokale forhold (grunnvannsbrønner, private ledninger osv.) Forslagsstiller og vegeigar Det foreslåtte tiltaket på fv. 14 skal finansierast med Sør-Trøndelag fylkeskommune sine tildelte skredsikringsmidlar og med eit betydeleg bidrag frå Roan kommune. Organisasjonen «Fosenvegen» i Statens vegvesen er bestilt for å gjennomføre planlegginga og bygginga. Informasjon og medverknad Alle berørte grunneigarar og naboar blir varsla om arbeidet per brev datert 8. 12. 2017. Berørte sektormyndigheter etc. blir med dette brevet varsla om planoppstarten. Det blir kunngjort varsel om oppstart av planarbeidet i avisa Fosna Folket veke 50. Hensikten med varselet er å informere om planarbeidet og å ta imot innspel inn i arbeidet vidare. Informasjon blir lagt på www.vegvesen.no og på Roan kommune si internettside. På vegvesenet sine sider ligger informasjonen under vegprosjektet på Fosen. Merknader/innspel til oppstartsmeldinga Alle merknader og innspel skal rettast til Statens vegvesen, helst skriftleg. Alle mottatte dokumenter, merknader og liknande blir lagt ved planforslaget. Det er viktig at dere gir oss informasjon om planområdet og forhold som vi må ta hensyn til i arbeidet vidare. Kontaktperson i Statens vegvesen er: Tone Hammer, tlf. 94144683 / 73582640, epost: tone.hammer@vegvesen.no eller Brev skal sendast til: Statens vegvesen Region midt, Postboks 2525, 6404 Molde eller til firmapostmidt@vegvesen.no
3 Frist for å komme med innspill til planarbeidet er satt til 10. januar -18. Vi vil gjerne at innspilla blir sendt oss så tidleg som mogleg. Ressursavdelinga plan og prosjekteringsseksjonen Med hilsen Tone Hammer planprosjektleder Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ingen håndskrevne signaturer. Kartutsnitt med planområde Likelydende brev sendt til Direktoratet for mineralforvaltning, Postboks 3021 Lade, 7441 TRONDHEIM Fosen Naturvernforening, 7100 RISSA Fosen Reinbeitedistrikt, v/ Terje Haugen Sjøåsen, 7750 NAMDALSEID Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Postboks 4710 Torgarden, 7468 TRONDHEIM Midtre Namdal Avfallsselskap IKS, Barlia 45, 7863 OVERHALLA Naturvernforbundet, NVE - Region midt, Vestre Rosten 81, 7075 TILLER Osen kommune, 7740 STEINSDALEN Roan Bondelag, v/ Rune Granrud Roan kommune, Julie Næss vei 10, 7180 ROAN Roan Næringsforening, v/ Bjørn Nordaune Sametinget, Avjovargeaidnu 50, 9730 Karasjok Sør-Trøndelag fylkeskommune, Postboks 2350 Torgarden, 7004 TRONDHEIM Trønderbilene, TrønderEnergi Nett AS, Postboks 9480 Sluppen, 7496 TRONDHEIM Åfjord kommune, Øvre Årnes 7, 7170 ÅFJORD 45210 Plan- og trafikkseksjonen Sør-Trøndelag
08.12.2017
Trondheim