- Det er særs viktig for landbruksnæringa i kommunen å oppretthalde den kommunale veterinærtenesta

Like dokumenter
Investeringsbudsjettet for 2018, og for økonomiplan perioden vert godkjent slik det ligg føre.

Utvalet for plan og utvikling, landbruk, næring og teknisk støttar rådmannen si tilråding som gjeld ansvar 600 og 601, med følgjande merknader:

Saksnr. utval Utval Møtedato 040/18 Rådet for eldre og menneske med nedsett

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO:

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl: 12.30

Saksframlegg Valle kommune

GAULAR KOMMUNE. Saksframlegg. Årsbudsjett 2017

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Administrasjonsutvalet /15 Formannskapet /15 Arbeidsmiljøutvalet

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

SELJE KOMMUNE Råd for eldre og funksjonshemma. Møtebok

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

064/15: Økonomiplan

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

MØTEPROTOKOLL FORMANNSKAP/PLAN- OG ØKONOMIUTVALET

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Saksnr. utval Utval Møtedato 18/023 ELDRERÅDET /019 RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2019 og økonomiplan behandling i formannskapet

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Siv Ragnhild Bjerga K /8073

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 12: Møtested: Kommunehuset, 3 etg. Saksnr.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Saksnr. utval Utval Møtedato 17/103 Formannskapet /093 Kommunestyret /022 Rådet for eldre og mennesker med nedsett

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Sak 40/08 vart handsama fyrst i møtet.

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 11/1133 Løpenummer: 11/ Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 14:00 16.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 2. etg Dato: Tid: Kl. 12:00-13:30

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

SELJE KOMMUNE Driftsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 15:00 19:00. Møtested: Kommunehuset, 3 etg. Saksnr.

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 28 / 16. Ge ir Paulsen gjekk frå som ugild, då har er gift med leiar i sjukeheimstenesta kommunen.

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Arne Nordbø MEDL AP

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet. Møteinnkalling

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

Eventuelle forfall / melding om møtande varamedlem må meldast til Sølvi Legård epost SAKSLISTE

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Birgit Johanne Kovajord Nestleder

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Møteprotokoll for Formannskapet

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Grete Marit Veka Maraas Vigdis Røen Leirvik. Leiar Nestleiar

Saksnr. Utval Møtedato 094/19 Formannskapet /19 Råd for eldre og funksjonshemma Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 029/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Alf Olsen jr Arkiv: Arkivsaksnr.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

75/18 Formannskapet /18 Skjåk kommunestyre

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Transkript:

GAULAR KOMMUNE Arkiv: FE - 151 Saksmappe: 17/1681 JournalpostID: 17/8284 Sakshandsamar: Gro Bjørvik Dato: 08.11.2017 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 117/17 Formannskapet 29.11.2017 036/17 Plan og utvikling landbruk næring og teknisk 16.11.2017 052/17 Skule- og kulturutval 15.11.2017 039/17 Helse- og sosialutvalet 21.11.2017 034/17 Rådet for eldre og funksjonshemma 17.11.2017 037/17 Administrasjonsutvalet 29.11.2017 Kommunestyret 004/17 Arbeidsmiljøutval 27.11.2017 Budsjett 2018 Rådmannen si tilråding: Det vert gjort framlegg om å godkjenne budsjettet for 2018. 16.11.2017 Plan og utvikling landbruk næring og teknisk Utvalet vedtok samrøystes følgjande vedtak: Budsjettet for 2018 vert godkjend med følgjande tillegg: - Det er særs viktig for landbruksnæringa i kommunen å oppretthalde den kommunale veterinærtenesta - Vaktmeisterane skal ha oppmøte og arbeidsplass på uteseksjonen - Matrikkelføring er førsteprioritet for administrasjonen innanfor gitt ramme

- Utvalet for næring og teknisk ønskjer ei sak med oversikt og moglegheiter for festetomter PLU-036/17 Vedtak: Budsjettet for 2018 vert godkjend med følgjande tillegg: - Det er særs viktig for landbruksnæringa i kommunen å oppretthalde den kommunale veterinærtenesta - Vaktmeisterane skal ha oppmøte og arbeidsplass på uteseksjonen - Matrikkelføring er førsteprioritet for administrasjonen innanfor gitt ramme - Utvalet for næring og teknisk ønskjer ei sak med oversikt og moglegheiter for festetomter 17.11.2017 Rådet for eldre og funksjonshemma Kommunalsjef helse og omsorg Kjell Idar Dvergsdal hadde ei kort orientering om budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 og svara på spørsmål. Etter drøftingar var det semje om slikt framlegg til vedtak: Generelt om budsjett 2018, økonomiplan 2018-2021 og investeringsbudsjettet for 2018: Dei to siste åra før kommunesamanslåing må vi arbeide strategisk for å sikre våre bygder og innbyggjarane sitt miljø og tenestestrukturar også i farmtida. Dette må gå fram og vidare påvirke både driftsbudsjettet og investeringsbudsjettet for 2018, også økonomiplanen for 2018-2021. Vi må styrke dei tenestene som det er viktig å ha i vår del av den nye kommunen i framtida. Sjå Førde, Jølster og Naustdal med sine saker som dei f.t. ber fram. Budsjett 2018: Rådet for eldre og funksjonshemma i Gaular kommune går inn for rådmannen si tilråding med følgjande tillegg: Vi har forståing for at budsjettprosessen dette året har vore krevjande. Særleg ser vi at det har vert stilt store krav til innsparingar på helse- og omsorgssektoren, og det skjer igjen etter fleire magre år. Dette går særleg utover pleie- og omsorgstenesta. I framlegg til budsjett 2018 er samla ramme for helse og omsorg 82 129 000 Samla budsjettframlegg helse og omsorg 85 838 694 Avvik i høve ramma som er tildelt helse og omsorg -3 709 694 Ei av hovudårsakene til at budsjett 2018 har så stort avvik er m.a. at ramma til sjukeheimen er sett opp med 30 sjukeheimsplassar, men er budsjettert med 41 plassar i 2018 og avviket her er 2 326 476. Med det overbelegget som har vore på sjukeheimen og er framleis, må ramma til sjukeheimen oppbudsjetterast til 41 plassar i 2018. Det er urealistisk å komme ned på 30 plassar slik som er tilrådd

i rådmannen sitt framlegg. Oppbudsjetteteringa til 41 sjukeheimsplassar vil også gje auka inntekter med 1,5 mill. Budsjettet for 2018 må tilførast midlar for å dekke reelle utgifter som samsvarar med verkelege kostnader som har vore i 2017 og budsjettet må framskrivast på same vise med reell pris- og lønsvekst. Det er urealistisk å redusere antal sjukeheimsplassar på Gaular Bygde- og Sjukeheim, dette syner både overbelegget i 2017 og prognoser for antal eldre på lengre sikt. Rådet tilrår at det heller vert arbeidd med å byggje ut minst 3 ekstra plassar som vert øyremerka for bruk som akuttplassar eller avlastningsplassar og kortidsplassar. Dettte må utgreiast og korleis dette er muleg å løyse bygningsmessig. Alternativt kan vere å nytte 3 av omsorgsbustadane som ligg i 3. etg. i tilknytning til sjukeheimen til føremålet. Styrking av heimetensta, med auke av personalressursane på kveldstid, minst to stillingar for sjukepleiar med samla 200% må fullfinansierast og lysast ut innan 1.12.2017. Syner til kommunalsjef i helse og omsorg sine merknader i budsjett- og økonomiplanframlegget s. 38. Rådet vil støtte opp om og tilrå at følgjande tiltak vert prioriterte i tillegg til tiltaka på sjukeheimen og i heimetenesta: Fastlegestilling i 60%. Auka ressursar tilsynslegeordninga på sjukeheimen. Nye stillingar for fysioterapeut og ergoterapeut. Aktivitetssenter for eldre; Oppretthalde Viksdalen bibliotek og Bygdetunet på Viksdalen. Aktivitetssenter for eldre må etablerast. Dette er viktig som miljøfaktor og som førebyggande tiltak for eldre, sosialt og rehabiliterande, noko som gjer at folk vert positivt stimulerte og har eller opplever betre helse og ut frå dette kan bu lenger heime i eigen bustad. Det er helt feil å avvikle biblioteket på Viksdalen, då Viksdalen Bygdetun, i tillegg til andre funksjonar, fungerar som eit aktivitetssenter i den delen av kommunen. Rådet vil også tilrå at det på investeringsbudsjettet vert sett av midlar til nytt aktivitetssenter/dagsenter i samband med bygging av nye omsorgsbustadar på Sande, jfr. byggjeprosjektet som Gaular Bustadstifting er klar til å realisere. REF-034/17 Vedtak: Generelt om budsjett 2018, økonomiplan 2018-2021 og investeringsbudsjettet for 2018: Dei to siste åra før kommunesamanslåing må vi arbeide strategisk for å sikre våre bygder og innbyggjarane sitt miljø og tenestestrukturar også i farmtida. Dette må gå fram og vidare påvirke både driftsbudsjettet og investeringsbudsjettet for 2018, også økonomiplanen for 2018-2021. Vi må styrke dei tenestene som det er viktig å ha i vår del av den nye kommunen i framtida. Sjå Førde,

Jølster og Naustdal med sine saker som dei f.t. ber fram. Budsjett 2018: Rådet for eldre og funksjonshemma i Gaular kommune går inn for rådmannen si tilråding med følgjande tillegg: Vi har forståing for at budsjettprosessen dette året har vore krevjande. Særleg ser vi at det har vert stilt store krav til innsparingar på helse- og omsorgssektoren, og det skjer igjen etter fleire magre år. Dette går særleg utover pleie- og omsorgstenesta. I framlegg til budsjett 2018 er samla ramme for helse og omsorg 82 129 000 Samla budsjettframlegg helse og omsorg 85 838 694 Avvik i høve ramma som er tildelt helse og omsorg -3 709 694 Ei av hovudårsakene til at budsjett 2018 har så stort avvik er m.a. at ramma til sjukeheimen er sett opp med 30 sjukeheimsplassar, men er budsjettert med 41 plassar i 2018 og avviket her er 2 326 476. Med det overbelegget som har vore på sjukeheimen og er framleis, må ramma til sjukeheimen oppbudsjetterast til 41 plassar i 2018. Det er urealistisk å komme ned på 30 plassar slik som er tilrådd i rådmannen sitt framlegg. Oppbudsjetteteringa til 41 sjukeheimsplassar vil også gje auka inntekter med 1,5 mill. Budsjettet for 2018 må tilførast midlar for å dekke reelle utgifter som samsvarar med verkelege kostnader som har vore i 2017 og budsjettet må framskrivast på same vise med reell pris- og lønsvekst. Det er urealistisk å redusere antal sjukeheimsplassar på Gaular Bygde- og Sjukeheim, dette syner både overbelegget i 2017 og prognoser for antal eldre på lengre sikt. Rådet tilrår at det heller vert arbeidd med å byggje ut minst 3 ekstra plassar som vert øyremerka for bruk som akuttplassar eller avlastningsplassar og kortidsplassar. Dettte må utgreiast og korleis dette er muleg å løyse bygningsmessig. Alternativt kan vere å nytte 3 av omsorgsbustadane som ligg i 3. etg. i tilknytning til sjukeheimen til føremålet. Styrking av heimetensta, med auke av personalressursane på kveldstid, minst to stillingar for sjukepleiar med samla 200% må fullfinansierast og lysast ut innan 1.12.2017. Syner til kommunalsjef i helse og omsorg sine merknader i budsjett- og økonomiplanframlegget s. 38. Rådet vil støtte opp om og tilrå at følgjande tiltak vert prioriterte i tillegg til tiltaka på sjukeheimen og i heimetenesta: Fastlegestilling i 60%. Auka ressursar tilsynslegeordninga på sjukeheimen. Nye stillingar for fysioterapeut og ergoterapeut. Aktivitetssenter for eldre; Oppretthalde Viksdalen bibliotek og Bygdetunet på Viksdalen. Aktivitetssenter for eldre må etablerast. Dette er viktig som miljøfaktor og som førebyggande tiltak for eldre, sosialt og rehabiliterande, noko som gjer at folk vert positivt stimulerte og har eller opplever betre helse og ut frå dette kan bu lenger heime i eigen bustad. Det er helt feil å avvikle biblioteket på Viksdalen, då Viksdalen Bygdetun, i tillegg til andre funksjonar, fungerar som eit aktivitetssenter i den delen av kommunen. Rådet vil også tilrå at det på investeringsbudsjettet vert sett av midlar til nytt

aktivitetssenter/dagsenter i samband med bygging av nye omsorgsbustadar på Sande, jfr. byggjeprosjektet som Gaular Bustadstifting er klar til å realisere. Vedtaket vart samrøystes godkjend. 21.11.2017 Helse- og sosialutvalet Kommunalsjef helse og omsorg Kjell Idar Dvergsdal orienterte om budsjett 2018 og svara på spørsmål. Einingsleiar sjukeheim Anita Eide Kvamme og einingsleiar heimetensta Therese Brakestad var invitert av utvalsleiar/utvalet og møtte under deler av drøftinga i denne saka og svara på spørsmål. Etter drøftingar kom det følgjande framlegg: Framlegg til vedtak frå Margunn Nistad H: Tillegg til rådmannen sitt framlegg: 1. Det må jobbast med å etablere eit aktivitetssenter for eldre på dagtid. 2. Så lenge det er overbelegg på sjukeheimen kan ein ikkje ta ned antal sjukeheimsplassar. Budsjettet må oppjusterast tilsvarande. Framlegg til vedtak frå Laila Oppedal DNA: Rådmannen si tilråding for helse og omsorg med følgjande tillegg: I framtidig oppstilling av budsjett og økonomiplan må budsjettet for inneverande år også vere med i oppsettet. Det må budsjetterast med minimum 41 plassar på sjukeheimen. Heimesjukepleien må styrkast ved at det vert lyst ut 2 nye stillingar for sjukepleiarar strakst. Ramma for helse og omsorg må aukast med 3.1 mill. Det må komme sjukeheimen og heimetenesta til gode. SYS-IKL og KAD-sengene sine framskriving av drift og kostnader må søkjast å vere på linje med anna kommunal drift. Barnevernet må sjå på måtar å løyse saker på som kan få ned kostnader. Det må tilsetjast ny fastlege i 60% stilling. Tilsynslegeordninga på sjukeheimen må styrkast. Det må arbeidast for å etablere aktivitetssenter for eldre på dagtid. Det vart gjennomført ei prøverøysting der ein stemte alternativt. Frammlegget til Margunn Nistad H fekk 2 røyster og framlegget til Laila Oppedal DNA fekk 4 røyster. Deretter vart det gjennomført avrøysting. Det vart stemt alternativt over framlegget til Margunn Nistad H og Laila Oppedal DNA. Framlegget til Margunn Nistad H fekk 2 røyster og framlegget til Laila Oppedal DNA fekk 4 røyster.

Framlegget til Laila Oppedal DNA vart vedteke. HSU-039/17 Vedtak: Rådmannen si tilråding for helse og omsorg med følgjande tillegg: I framtidig oppstilling av budsjett og økonomiplan må budsjettet for inneverande år også vere med i oppsettet. Det må budsjetterast med minimum 41 plassar på sjukeheimen. Heimesjukepleien må styrkast ved at det vert lyst ut 2 nye stillingar for sjukepleiarar strakst. Ramma for helse og omsorg må aukast med 3.1 mill. Det må komme sjukeheimen og heimetenesta til gode. SYS-IKL og KAD-sengene sine framskriving av drift og kostnader må søkjast å vere på linje med anna kommunal drift. Barnevernet må sjå på måtar å løyse saker på som kan få ned kostnader. Det må tilsetjast ny fastlege i 60% stilling. Tilsynslegeordninga på sjukeheimen må styrkast. Det må arbeidast for å etablere aktivitetssenter for eldre på dagtid. Vedteke med 4 mot 2 røyster. 27.11.2017 Arbeidsmiljøutval Rådmannen orienterer om budsjettet og svara på spørsmål. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. AMU-004/17 Vedtak: Budsjettet for 2018 vart godkjent slik det låg føre.

29.11.2017 Administrasjonsutvalet Ordføraren orienterte om hovudutvala og AMU sine vedtak. Ordføraren tilrådde vidare at administrasjonsutvalet og formannskapet handsamar sakene felles men røystar einskildsvis. Formannskapet/ administrasjonsutvalet slutta seg til dette. Kommunalsjefane og økonomikonsulent møtte i saka og svara på spørsmål. Anita Eide Kvamme fremja følgjande av helse- og sosialutvalet sitt vedtak: I framtidig oppstilling av budsjett og økonomiplan må budsjettet for inneverande år også vere med i oppsettet. Det må budsjetterast med minimum 41 plassar på sjukeheimen. Heimesjukepleien må styrkast ved at det vert lyst ut 2 nye stillingar for sjukepleiarar strakst. Ramma for helse og omsorg må aukast med 3.1 mill. Det må komme sjukeheimen og heimetenesta til gode. SYS-IKL og KAD-sengene sine framskriving av drift og kostnader må søkjast å vere på linje med anna kommunal drift. Barnevernet må sjå på måtar å løyse saker på som kan få ned kostnader. Tilsynslegeordninga på sjukeheimen må styrkast. Det må arbeidast for å etablere aktivitetssenter for eldre på dagtid. Kari Birkeland fremja følgjande endringsframlegg: Viksdalen bibliotek vert oppretthalden ved bruk av allerede budsjetterte midlar som ligg inne i budsjettet - løn 624 000. Løn biblioteksjef 65% (5% til filial) og assistent som idag med totalt 426 000,-. Itillegg utgifter til straum 10 000,- og andre utg 15000. Resterande sum som vert overskytande på budsjetterte løn/sosiale utgifter kan nyttast til andre føremål - auke av rammetimetalet ved sande skule med bakgrunn i fleire klassar. Etter sams drøfting trekte Anita Eide Kvamme sitt endringsframlegg. Ordføraren tilrådde at ein røysta fyrst over rådmanne si tilråding, deretter over endringsframlegget frå Kari Birkeland. Til slutt røysta ein over rådmannen sitt framlegg med eventuelle endringar. Formannskapet slutta seg til dette. Røysting: Rådmannen si tilråding fekk 2 røyster medan 4 røysta i mot. Endringsframlegg frå Kari Birkeland fekk 4 røyster medan 2 røysta i mot. Rådmannen si tilråding med vedtekne endringar: Samrøystes vedteke. ADM-037/17 Vedtak: Det vert gjort framlegg om å godkjenne budsjettet for 2018. Viksdalen bibliotek vert oppretthalden ved bruk av allerede budsjetterte midlar som ligg inne i budsjettet - løn 624 000. Løn biblioteksjef 65% (5% til filial) og assistent som idag med totalt 426 000,-. Itillegg utgifter til straum 10 000,- og andre utg 15000.

Resterande sum som vert overskytande på budsjetterte løn/sosiale utgifter kan nyttast til andre føremål - auke av rammetimetalet ved sande skule med bakgrunn i fleire klassar. 29.11.2017 Formannskapet Ordføraren orienterte om hovudutvala og AMU sine vedtak. Ordføraren tilrådde vidare at administrasjonsutvalet og formannskapet handsamar sakene felles men røystar einskildsvis. Formannskapet/ administrasjonsutvalet slutta seg til dette. Kommunalsjefane og økonomikonsulent møtte i saka og svara på spørsmål. Anita Eide Kvamme fremja følgjande av helse- og sosialutvalet sitt vedtak: I framtidig oppstilling av budsjett og økonomiplan må budsjettet for inneverande år også vere med i oppsettet. Det må budsjetterast med minimum 41 plassar på sjukeheimen. Heimesjukepleien må styrkast ved at det vert lyst ut 2 nye stillingar for sjukepleiarar strakst. Ramma for helse og omsorg må aukast med 3.1 mill. Det må komme sjukeheimen og heimetenesta til gode. SYS-IKL og KAD-sengene sine framskriving av drift og kostnader må søkjast å vere på linje med anna kommunal drift. Barnevernet må sjå på måtar å løyse saker på som kan få ned kostnader. Tilsynslegeordninga på sjukeheimen må styrkast. Det må arbeidast for å etablere aktivitetssenter for eldre på dagtid. Kari Birkeland fremja følgjande endringsframlegg: Viksdalen bibliotek vert oppretthalden ved bruk av allerede budsjetterte midlar som ligg inne i budsjettet - løn 624 000. Løn biblioteksjef 65% (5% til filial) og assistent som idag med totalt 426 000,-. Itillegg utgifter til straum 10 000,- og andre utg 15000. Resterande sum som vert overskytande på budsjetterte løn/sosiale utgifter kan nyttast til andre føremål - auke av rammetimetalet ved sande skule med bakgrunn i fleire klassar. Etter sams drøfting trekte Anita Eide Kvamme sitt endringsframlegg. Ordføraren tilrådde at ein røysta fyrst over rådmanne si tilråding, deretter over endringsframlegget frå Kari Birkeland. Til slutt røysta ein over rådmannen sitt framlegg med eventuelle endringar. Formannskapet slutta seg til dette. Røysting: Rådmannen si tilråding fekk 2 røyster medan 3 røysta i mot. Endringsframlegg frå Kari Birkeland fekk 3 røyster medan 2 røysta i mot. Rådmannen si tilråding med vedtekne endringar: Samrøystes vedteke. FS-117/17 Vedtak:

Det vert gjort framlegg om å godkjenne budsjettet for 2018. Viksdalen bibliotek vert oppretthalden ved bruk av allerede budsjetterte midlar som ligg inne i budsjettet - løn 624 000. Løn biblioteksjef 65% (5% til filial) og assistent som idag med totalt 426 000,-. Itillegg utgifter til straum 10 000,- og andre utg 15000. Resterande sum som vert overskytande på budsjetterte løn/sosiale utgifter kan nyttast til andre føremål - auke av rammetimetalet ved sande skule med bakgrunn i fleire klassar. Vedlegg i saka: 30.11.2017 GAULAR KOMMUNE Årsbudsjett 2018 - økonomiplan 146457 2018-2021 offentleg 25.09.2017 Biblioteket i Viksdalen - merknader 143186 26.09.2017 Vedlegg 143286 28.09.2017 SYSIKT budsjett 2018 143435 09.11.2017 Budsjett framlegg SYS IKT 2018_ver1 143436 24.10.2017 KSE-posten nr. 6/2017 - forslagene om endringer i 144532 eiendomsskatteloven 24.10.2017 KSEposten6-2017 144534 24.10.2017 AnslaattInntektstap-VerkBruk 144535 31.10.2017 Minste avdrag 2018 Budsjett 144830 31.10.2017 Bibliotektilbodet på Viksdalen 144832 02.11.2017 bibliotek-budsjett 2018.docx 144897 02.11.2017 Revisjonshonorar 2018 for Gaular kommune 144935 10.11.2017 Prisliste kommunale tenester 2018 - Gaular 144543 kommune_revidert for ansvar 600 og 601 17.11.2017 Uttale budsjett 2018 mm 145745 22.11.2017 Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 - tilleggsskriv 146005 frå fysikalsk avdeling 22.11.2017 Kommentar til budsjett 2018 146006 23.11.2017 Innspel til budsjett og økonomiplan - NITO bedriftsgruppe 146055 Saksutgreiing: Gaular kommune kom ut av Robeklista i 2017. Rådmannen vil takke tilsette på alle nivå og politikarane for godt arbeid og samarbeid for at vi skulle kome oss ut av Robek og igjen bli ein «fri» kommune. Rådmannen ynskjer likeeins å takke tilsette på alle nivå for god budsjettdisiplin gjennom heile 2017. Organisasjonskartet i Gaular og oppgåver for leiarar har vorte noko endra gjennom 2017. I den sammanheng finn rådmannen det på sin plass og takke leiarar og økonomikonsulent for god samhandling og godt utført arbeid med økonomirapportering gjennom 2017. Dette blir minst like viktig i åra om kjem. Arbeid og prosess budsjett 2018 har vore krevjande. Gaular kommune er ute av Robeklista og det er ei utfordring å få kommunen til aldri meir kome på den lista. Budsjett for 2018 vil vere stramt. Både leiarar og tilsette må rekne med at vi står framom eit krevjande år. Vi skal drifte Gaular kommune på ein god måte og levere gode teneester også i 2018, men vi må heile tida sjå på organisering, ressursbruk og korleis vi kan levere best mogeleg tenester

innanfor rammene våre. I budsjettprosessen i år har politisk nivå og kommunal leiing hatt eit budsjettseminar. På eit slikt seminar skal skal rådmann og stab leggje fram tankar om budsjettet, og politikarane kunne kome med frie innspel. Røynsler syner at ei slik ordning fører til ein meir kreativ og konstruktiv budsjett prosess, alle partar får auka eigarforhold til budsjettet samt at gode innspel og tankar kjem fram tidleg i prosessen. Mange kommunar har ein slik prosess og rådmannen føresler ei slik ordning i Gaular også i 2018. Kommunen har ikkje nådd målet om å redusere antal plassar på Gaular Bygde og Sjukeheim i 2017. Dette heng saman med ulike rammefaktorar, men rådmannen vil likevel leggje inn ein forventa reduksjon av plassar med 5 7 i 2018. Det vert ikkje fremja forslag om auke i ressurs til flyktningekonsulent i 2018. Oppvekst og kultur vil og i 2018 ha stramme rammer. I framlegget legg rådmannen vekt på tidleg innsats, 1. 4. trinn, skal vidareførast. Rådmannen gjev og eit klar signal om at skulane må redusere antal enkeltvedtak til spesialundervisning og dreie ressursbruk og innsats meir mot tilrettelegging for alle. Dette er ei klar nasjonal føring og tal syner at Gaular skulen brukar meir på spesialundervisning enn samanliknbare kommunar gjer. Næring og tekniske tenester har, som alle tenestene i Gaular, knappe ressursar. Rådmannen har auke ramma i 2018 med kr 700 000,-. Det vert gjeve signal om at handsaming av enkelt saker må prioriterast, oppfølging matrikkel føring og prosjekt med å få vegnavn / husnummer i heile kommunen har høg prioritet. Innanfor fleire av våre tenesteområder samhandlar vi tettare og tettare med dei tre andre kommunane i den nye storkommunen. Dette gjeld kulturskule, norskopplæring for framandspråklege, barnevern, legevakt, tekniske tenester osb. På desse områda budsjetterer vi med forventa kostnader. Rådmannen vil nytte høve til å peike på at slikt samarbeid gjev kommunen både faglege og økonomiske gevinstar. Budsjettet ber nok preg av å vere eit budsjett retta mot drift meir enn utvikling. Gaular kommune er inne i ein omfattande prosess der vi skal bli ein del av ein ny storkommune. I den samanheng meiner rådmannen det er rett at vi prioriterar dagleg drift, lokale investeringar og så langt som mogeleg samhandlar med dei tre andre kommunane om ulike utviklingsprosjekt. Rådmannen freistar å lage budsjett og økonomiplan dokumenta så forståelege og oversiktlege som mogeleg. Rådmannen legg vekt på at råd frå Fylkesmannen vedrørande budsjettprosess, innhald og rapportering vert etterkomne. Atle Fasteland rådmann