Arbeidsmiljøutvalet REFERAT 01/2006 MØTE I ARBEIDSMILJØUTVALET TYSDAG 7. MARS 2006 Tid: Kl 14.00 15.40 Stad: Møterom 220, Berte Kanutte-huset Til stades frå arbeidsgjevarsida: Til stades frå arbeidstakarsida: Forfall: Ikkje møtt/ikkje meldt forfall: Møteleiar: Referent: Jon-Arild Kvamme Sollid Sverre Tverberg Gonnie Smit Løseth Jens Martin Welle, NTL Kjartan Bjorøy, Utdanningsforbundet (varamedlem) Alfhild Øye, Parat (varamedlem) Hovudverneombod Rune Mo Heidrun Torbjørnson, Parat Bjørn Krøvel. Varamedlem, Anne Helen Sundalsfoll, hadde ikkje høve til å møte. Gerd Sylvi Steinnes, Utdanningsforbundet HMS-Consult Ørsta Volda AS Marie Nedregotten Sørbø, Forskerforbundet Jens Martin Welle Sissel Grete Wahlstrøm Innkalling Ordinær innkalling og saksdokument var sende ut i brev 28. februar 2006. Det var ingen merknader til innkallinga, som vart godkjend. Det vart ikkje meld saker under YMSE. Munnleg orientering: Sverre Tverberg ønskte å orientere om Hjelp24 Bedriftshelseteneste. Denne saklista vart godkjent: AMU-S 01/2006 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 04/2005, 6. DESEMBER 2005 AMU-S 02/2006 AMU-S 03/2006 VAL AV LEIAR (OG EVT. NESTLEIAR) I ARBEIDSMILJØUTVALET RAPPORTAR ETTER GJENNOMFØRDE VERNERUNDAR I FELLESADMINISTRASJONEN OG AVDELING FOR SAMFUNNSFAG DESEMBER 2005 Side 1 av 6
AMU-S 04/2006 DRIFTSBUDSJETT TIL HMS-ARBEID 2006 AMU-S 05/2006 ÅRSKALENDER HMS-AKTIVITETAR 2006 AMU-S 06/2006 AMU-S 07/2006 NY ARBEIDSMILJØLOV FRÅ 1. JANUAR 2006 OPPRETTING AV ARBEIDSGRUPPE FOR Å GÅ IGJENNOM RUTINAR OG RETNINGSLINJER ÅRSRAPPORT FOR HMS-ARBEIDET 2005 OPPRETTING AV ARBEIDSGRUPPE Desse saksdokumenta vart lagde fram i møtet: Til sak AMU-S 05/2006: Justert årskalender HMS-aktivitetar 2006 Utdrag frå Planar for 2006 i Budsjettdokument 2005-2007 for Høgskulen i Volda: Kapitlet Helse, miljø og tryggleik Saksbehandling: AMU-S 01/2006 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 04/2005, 6. DESEMBER 2005 Referatet frå møte 04/2005, 6. desember 2005, blir godkjend. AMU-S 02/2006 VAL AV LEIAR (OG EVT. NESTLEIAR) I ARBEIDSMILJØUTVALET Etter at Kari Hasle bad om å bli friteken frå vervet som leiar i AMU, vart Jens Martin Welle valt som leiar ut året 2005. Rune Mo gjorde framlegg om attval av Jens Martin Welle som leiar for resten av AMU sin funksjonsperiode, dvs. t.o.m. 31. desember 2006. Jens Martin Welle har overfor hovudverneombod og AMU-sekretær signalisert at han kan stille som leiar, men stilte seg open for andre som eventuelt ønskjer å ta på seg vervet. Det vart ikkje fremja andre forslag. Jens Martin Welle vart valt til AMU-leiar t.o.m. 31. desember 2006. AMU meinte at det kan vere nyttig å ha ein nestleiar i AMU, men valde å utsetje dette spørsmålet til neste møte. Side 2 av 6
AMU-S 03/2006 RAPPORTAR ETTER GJENNOMFØRDE VERNERUNDAR I FELLESADMINISTRASJONEN OG AVDELING FOR SAMFUNNSFAG DESEMBER 2005 Vernerundane i verneområde 5 (Hans Strøm-huset, lille Strøm og paviljongane A, B og C) og fellesadministrasjonen (del av verneområde 4) var dei siste som vart gjennomførde i 2005. Rune Mo hadde vore med på verneunden i Strøm-området, og trekte spesielt fram at ein del av rømmingsvegane var dårleg merka. Elles meinte han at det ikkje var dramatiske tilhøve som vart avdekka. Prosedyrene etter ein vernerunde er at Drift v/leif Roar Strand får tilsendt rapport frå vernerunden. Drift formidlar vidare til Statsbygg om tilhøve dei har ansvar for å utbetre. Saker som gjeld branntekniske forhold skal utbetrast så snart som råd etter at dei er avdekka. Arbeidsmiljøutvalet tek rapportane etter gjennomførde vernerundar i Strøm-området/Avdeling for samfunnsfag og i fellesadministrasjonen, Berte Kanutte-huset, 3. etasje i desember 2005 til vitande. AMU-S 04/2006 DRIFTSBUDSJETT TIL HMS-ARBEID 2006 Det er sett av kr 235 700 til HMS-arbeid for 2006. Dette er ein auke på kr 29 390 i høve til 2005-budsjettet. Arbeidsmiljøutvalet seier seg godt nøgd med løyvinga til HMS-arbeid for 2006. AMU-S 05/2006 ÅRSKALENDER HMS-AKTIVITETAR 2006 Eit justert framlegg til HMS-kalender for 2006 vart lagt fram i møtet. I Planar for 2006, som er ein del av Budsjettdokument 2005-2007 for Høgskulen i Volda er det ført opp følgjande resultatmål under kapitlet Helse, miljø og tryggleik: Høgskulen i Volda skal i løpet av 2006 ha hatt ein samla gjennomgang av rutinar og retningslinjer på HMS-området for å sikre at desse er i samsvar med den nye arbeidsmiljølova og eventuelle nye forskrifter til lova. Høgskulen i Volda skal arrangere ein HMS-dag hausten 2006. Gjennomføre HMS-revisjon i løpet av 2006. I eit formøte til dette AMU-møtet hadde AMU-leiar, hovudverneombod og sekretær drøfta desse spørsmåla, og kom fram til at det er naturleg at den revisjonsgruppa som høgskuledirektøren nemnde opp i april 2005 tek opp Side 3 av 6
at arbeidet. Av ulike grunnar stoppa revisjonsarbeidet opp før sommarferien 2005. AMU støtta forslaget, og ønskte at revisjonsarbeidet kjem i gang snarast råd. Revisjonsgruppa har slik samansetjing: Jon-Arild Kvamme Sollid, revisjonsleiar Sissel Grete Wahlstrøm, systemrevisor Inge Dyrhol, fagrevisor Rune Mo, observatør (hovudverneombod) Gonnie Smit Løseth ønskte at revisjonsgruppa ser på spørsmålet om korvidt HMS er inkorporert i studiekvalitetssystemet. Rune Mo spurde om det er nødvendig å oppnemne ei eiga gruppe til å planleggje årets HMS-dag, onsdag 1. november. Det var semje i AMU om at ein no bør utfordre fagpersonalet til å delta i planlegginga. Jon-Arild Kvamme Sollid foreslo å spele saka inn i dekan-gruppa. Sverre Tverberg meinte at eit alternativ for å auke oppslutninga om HMS-dagen kan vere å leggje arrangementet til ein fast dato kvart år. Da vil det kanskje bli lettare for alle å planleggje aktivitetar. Jon-Arild Kvamme Sollid meinte at verksemda som HMS-Consult Ørsta Volda AS driv ved høgskulen bør gå fram av HMS-kalenderen. Sollid opplyste at områdegjennomgangen for Avdeling for humanistiske fag ikkje er fullført enno. Det har vore eit halvt års pause i arbeidskartlegginga ved AHF. 1 Arbeidsmiljøutvalet vedtek kalenderen over HMS-aktivitetar for 2006 i samsvar med det justerte framlegget og dei merknadene som kom fram i møtet. 2 Sekretæren sender ein førespurnad til dekangruppa, med kopi til tenestemannsorganisasjonane, for å få nemnt opp to fagtilsette til arbeidsgruppe som får ansvar for å planleggje HMS-dagen 1. november 2006. AMU-S 06/2006 NY ARBEIDSMILJØLOV FRÅ 1. JANUAR 2006 OPPRETTING AV ARBEIDSGRUPPE FOR Å GÅ IGJENNOM RUTINAR OG RETNINGSLINJER Den nye arbeidsmiljølova gjer det nødvendig å ha ein teknisk gjennomgang av interne rutinar og retningslinjer innafor HMS-området. Det vil vere behov for opplæring i den nye arbeidsmiljølova for AMU-medlemmer, verneombod, arbeidsgjevarsida/hms-ansvarlege, tillitsvalde m.fl. Side 4 av 6
AMU-leiar, hovudverneombod og AMU-sekretær deltok på eit dagseminar i Ålesund om den nye arbeidsmiljølova 12. januar 2006. Arbeidsmiljøsenteret var arrangør. Rune Mo foreslo at ein tek kontakt med vedkomande representant frå Arbeidsmiljøsenteret for å få gjennomført eit kurs internt ved HVO så snart som råd. 1 I tråd med fastsett årskalender for HMS-aktivitetar, blir det det sett ned ei arbeidsgruppe for å gjennomføre dokumenrevisjon. Arbeidet må sjåast i samanheng med den generelle HMS-revisjonen. 2 Arbeidsutvalet for AMU sender eit framlegg til samansetjing av gruppa over til høgskuledirektøren. 3 Det bør gjennomførast intern opplæring i den nye arbeidsmiljølova. AMU-sekretær vart beden om å ta kontakt med Arbeidsmiljøsenteret for å gjere avtale om eit dagskurs. AMU-S 07/2006 ÅRSRAPPORT FOR HMS-ARBEIDET 2005 OPPRETTING AV ARBEIDSGRUPPE Det er ikkje lenger krav om at årsrapport over verne- og miljøarbeidet skal sendast til Arbeidstilsynet, men det skal framleis utarbeidast årsrapport. Denne skal oppbevarast i institusjonen. Arbeidsutvalet for AMU (AMU-leiar, hovudverneomvod og sekretær) utarbeider eit forslag til årsrapport for HMS-arbeidet i 2005. Framlegget blir behandla av AMU i neste møte. ORIENTERINGSSAKER 01/2006 Omstillingsavtale for Høgskulen i Volda 02/2006 Tilsyn etter brannlova 2005 Ivar Aasen bygget gbnr. 19/2 f.102. Kopi av brev frå Volda kommune, Brannavdelinga 16. desember 2005 03/2006 Kvartalsvis oversyn over sjukefråværet, 4. kvartal 2005 04/2006 Årsrapport 2005 frå HMS-Consult Ørsta Volda AS Til orienteringssak 03/2006: Rune Mo ønskte ei orientering om status for sjukefråværet pr. dato. Sverre Tverberg kunne melde at sjukefråværet ved HVO er på veg ned. Personalkontoret har fått tilbakemelding frå trygdekontoret om at Høgskulen i Volda ligg under det nivået som er vanleg for offentlege institusjonar. Trygdekontoret er svært nøgd med utviklinga. Gjennomsnittleg sjukefråvær ved HVO var 4,5 % i 4. kvartal 2005. Side 5 av 6
Før HVO får innført det nye lønns- og personalsystemet (SAP) er det ikkje mogleg å få tatt ut meir spesifiserte data kring sjukefråværet, t.d. er det pr. i dag ikkje mogleg å ta ut data som viser forskjellar mellom administrativt og fagleg personale, mellom dei ulike avdelingane osv. Personalkontoret kan få oversendt statistikkar over legemeldt sjukefråvær via trygdeetaten. MUNNLEGE ORIENTERINGAR 1 Planleggingsmøte med HMS-Consult Ørsta Volda AS Sverre Tverberg opplyste at han vil ta kontakt med HMS-Consult Ørsta Volda AS for eit planleggingsmøte så snart som råd. Tverberg har fått signal frå tilsette om at HMS-Consult kanskje ikkje er så synleg i institusjonen som ein kunne ønskje. Burde HMS-Consult integrere seg meir i organisasjonen? Medlemmer i AMU gjorde framlegg om å invitere HMS-Consult til å orientere om verksemda si ved HVO på informasjonsmøte ved avdelingane og fellesadministrasjonen. Slike orienteringar bør haldast minst ein gong i semesteret. Dekanane bør invitere HMS-Consult til informasjonsmøte. Sekretæren for AMU vart beden om å formidle forslaget til dekanane på e-post. 2 Hjelp24 Bedriftshelseteneste Personalsjefen har hatt besøk av ein representant for Hjelp 24 Bedriftshelseteneste. Selskapet vart etablert i 2004. Gjennom oppkjøpet av Omnia Bedriftshelse, Volvat BHT, HMS Norge og fleire mindre ordningar har selskapet blitt den klart leiande bedriftshelsetenesta i Noreg. Kjeda har om lag 25 avdelingskontor og er inne i ei sterk vekstfase. Hjelp 24 er lokalisert i fleire kommunar i Møre og Romsdal: Ålesund (Moa), Stranda, Stordal, Brattvåg og Ulsteinvik. Hjelp24 er tilgjengeleg heile døgeret; det er etablert ein døgnopen krisetelefon. Dei har kompetanse innafor dei fleste område som ei bedriftshelseteneste skal dekke. Medlemsprisane ligg litt høgare pr. tilsett enn tilsvarande for HMS-Consult Ørsta Volda AS: om lag kr 1 300 pr. person pr. år. Arbeidsmiljøutvalet tok dei oppsette orienteringssakene og dei munnlege orienteringane til vitande. Høgskulen i Volda, 8. mars 2006 Sissel Grete Wahlstrøm referent Side 6 av 6