Betre tilrettelegging for klinisk kommunikasjon i Helse Førde

Like dokumenter
Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Lønnsundersøkinga for 2014

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Program for pasienttryggleik halvårsrapport

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Med god informasjon i bagasjen

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Helse Førde Kvalitetsforbetringsprosjekt Kirurgisk avdeling

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Til deg som bur i fosterheim år

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

ROS-analyse i kommuneplan

Psykologisk førstehjelp i skulen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Styresak. Dato: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Brukarrettleiing. epolitiker

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport Styresak 14/14 O Styremøte

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Nemninga ASK innbefattar heile innsatsen som trengst for å erstatte eller støtte ein mangelfull tale i kommunikasjon mellom menneske.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

IKT-kompetanse for øvingsskular

Mål og meining med risikoanalysar sett frå

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

STUDENTARBEID. Front-end webklient for Enoro AS. Prosjektbeskriving. Kim René Merkesvik Anders Aalen Andrii Petrychak

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA


MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling

Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Medisinskfagleg vurdering og behandling av pasientar med trong for ø.hj.-tenester på dagtid

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging

Vinje kommune. Sluttrapport

Respekt på Rommetveit skule

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Samarbeid om etisk kompetanseheving. Erfaring frå Vågå, Lom og Skjåk. Edel Kveen, november2010

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Transkript:

Utviklingsprosjekt: Betre tilrettelegging for klinisk kommunikasjon i Helse Førde Arne Eithun Helse Førde

Bakgrunn og organisatorisk forankring for prosjektet Legar si evne til å informere og kommunisere er eit viktig element i korleis pasientar opplever møte med spesialisthelsetenesta. Til liks med andre helseføretak i landet, er kunnskapen om dei faktiske tilhøva rundt denne opplevinga mangelfull i Helse Førde. Materiell- og rapporteringsdata, som gir noko innblikk i omfanget av problemstillinga, kan hentast ut frå klagesaker som kjem direkte til føretaket, eller klager som blir sendt til pasientombodet eller andre instansar. Meir uformelt kan også pasientar si oppfatning av ein lege bli gjenstand for negativ medieomtale, og også desse sakene kan i så måte målast. Sjølv om vi har slike data, er det vanskeleg å peike på klare årsakssamanhengar. Personar er ulike, både blant legar og pasientar, det same er diagnosane og sjukdomsforløp. Sjølv om det ikkje finst fasitsvar på korleis ein til ei kvar tid bør kommunisere, er det likevel ynskjeleg å setje fokus på problemstillinga. Då er det interessant å leggje fram funna som er gjort i ein fersk forskingsstudie frå Ahus (vedlegg 1), som konkluderer med at regelmessig kommunikasjonstrening gir resultat. «Legar som skårar under middels på kommunikasjonsferdigheiter, blir flinkare til å snakke med pasientar etter kommunikasjonstrening» (Fossli Jensen, B., 2011) Helse Førde meiner studien viser så oppsiktsvekkande resultat, at modellen som var brukt i studiet, «Fire gode vaner i klinisk kommunikasjon» bør implementerast som eit kvalitetsprosjekt i organisasjonen. Dette vil bidra til å betre pasientopplevinga og samstundes auke tilliten og omdømet til føretaket. Det blir gjort greie for modellen og forskinga i dette dokumentet.

Problemstilling og målsetting Problemstilling: Korleis sikre kontinuerleg kompetanseheving i klinisk kommunikasjon i Helse Førde, etter modellen «Fire gode vaner for klinisk kommunikasjon»? Effektmål: Med innføring av modulen er det eit klart effektmål å auke pasientopplevinga/behandlinga, redusere talet på klagesaker og samstundes auke omdømet til Helse Førde. Resultatmål: Betre legar si evne til å kommunisere med pasientar Auke legane sin meistringstillit (eiga oppfatning av kommunikasjonsevner) Analyse og argumentasjon rundt problemstilling I kommunehelsetenesta syner statistikk at så mykje som tre av fire klagesaker har utgangspunkt i dårleg kommunikasjon mellom lege og pasient (Slørdahl, S. A., 2011). Klinisk kommunikasjon i spesialisthelsetenesta er derimot eit fagfelt det er gjort lite forsking på, og det er vanskeleg å hente ut tilsvarande statistikk. Helse Førde har gjort eit eige uttrekk av klagesaker som vart sendt direkte til føretaket i 2011, og ut frå desse tala er det om lag 2 av 4 saker som handlar om negative opplevingar knytt til kommunikasjon med lege. Pasientombodet registrerer også fleire saker som handlar om tilsvarande problemstilling. Dømer på uttalar i klagar som handlar om opplevd kommunikasjonssvikt i Helse Førde: «Eg opplevde den samtala med legen som ovanfrå og ned, eg opplevde å bli møtt med ei arrogant haldning.» «Når skal du ut, er spørsmålet som blir stilt før; korleis har du

det.» «Min opplevelse av visitten var å ikkje bli teken på alvor for mitt problem.» Årsakene til at pasientar opplever ein eller annan form for kommunikasjonssvikt, kan vere mange og samansette. Men ulike ferdigheiter og kunnskapar hjå legar i spesialisthelsetenesta er ein av dei, noko som kan henge saman med stor grad av variasjon i utdanningsløpet (Baerheim A, 2007). Det vil likevel vere feil å leite etter dei legane som skårar dårlegast i høve kommunikasjonsferdigheiter (Guldbrandsen, Finset, Fossli, 2009). Ein må heller erkjenne ulikskapane som eksisterer blant legar, og i staden fokusere på kvar einskild lege og deira eigen meistringstillit. Det vil seie den tilliten ein lege har til eigen meistring av spesifikke kommunikasjonsferdigheiter. Desse ferdigheitene i kommunikasjon kan kartleggast, trenast og utviklast. Og det er her kurset «Fire gode vaner i klinisk kommunikasjon» kjem inn. Hovudmåla er å skape ein trygg atmosfære, vise interesse for pasienten sitt perspektiv, vise medkjensle og gje informasjon på ein effektiv måte. Nyleg vart om lag 70 sjukehuslegar ved Akershus universitetssjukehus kursa i dette. Dei vart filma før og etter trening, totalt åtte gonger i løpet av eitt år. Før kurset svarte legane på ei spørjeundersøking, der dei vurderte si eiga oppfatning av meistringstillit (kommunikasjonsevne). Resultatet var då at den samla skåren låg under midten på skalaen. Etter kurset, som går over 20 timar, var skåren signifikant betre. Forskaren som stod bak denne studien er sjølv lege. Han var skeptiske til at kommunikasjonstrening ville betre evna til å kommunisere med pasient. Det grunnsynet har han no gått vekk i frå, og oppmodar norske sjukehus å halde regelmessig trening for legane. På bakgrunn av dette omfattande forskingsstudiet, og med dei resultat som ligg til grunn, ynskjer Helse Førde gjennom dette prosjektet å utdanne to legar i kurset «Fire gode vaner i klinisk kommunikasjon». Det er eit ynskje å få dei fremste kurshaldarane i denne modellen, Pål Guldbrandsen, Bård Fossli Jensen og Alf Finseth til å skreddersy eit utvida program, som går utover dei normalt 20 timane som er vanleg i dette kurset. Etter endt utdanning, vil Helse Førde ha eigne og kvalifiserte fagfolk (internkandidatar)

som har ansvar for kontinuerleg oppfølging i klinisk kommunikasjonstrening i føretaket. Det vil også vere i tråd med konklusjonane i forskingsrapporten «Hospital doctors communication skills. A randomized controlled trial investigating the effect of a short course and the usefulness of a patient questionnaire» (Fossli Jensen B, 2011). Framdriftsplan med milepælar Prosjektplanlegginga blir gjennomført i tidsperioden frå 21. mai til 15. september 2012. Prosjektet vil gå inn i ein ny fase (2) når utdanning av internkandidatar er gjennomført, og Helse Førde sitt eige kurstilbod skal planleggast. Men første fase har følgjande framdriftsplan og milepælar. Milep. Kva Hovudaktivitet Startdato Sluttdato M1 Planlegging og førebuing -Prosjektplan klar (m/framdriftsplan) 01.03.2012 08.05.12 M2 Forankring i leiargruppa Vedtak av prosjektplan 21.05.2012 21.05.2012 M3 Etablering av prosjektgruppe Legeforening Andre tillitsvalde/verneteneste 11.06.2012 11.06.2012 Brukarutval rep. Klinikk dir / komm sjef M4 Første møte i prosjektgruppe -Gjennomgang av problemstilling/prosjekt 15.06.2012 15.06.2012 -Val av prosjektleiar M6 Møte i prosjektgruppa -Val av internkandidatar 25.06.2012 25.06.2012

M7 Opplæring startar -Interne kursleiarar startar si opplæring M8 FASE2 Eigen prosjektplan og budsjett 01.09.2012 01.10.2012 01.01.13 (NB! Framdriftsplan må oppdaterast, skjer oktober 2012) Budsjett - nøkkeltall Det blir ikkje sett av ekstra midlar til utarbeiding av prosjektplanen, men utgifter blir dekka av det eksisterande budsjett. Til sjølve opplæring av interne kandidatar er det likevel å pårekne ein eingangssum på 60.000 kroner. Desse kostnadane vil bli fordelte på Medisinsk og Kirurgisk klinikk. Til fase 2 av prosjektet må det utarbeidast eige prosjekt- og budsjettplan. Ein legg difor opp til at denne fasen startar opp i budsjettåret 2013. Risikoanalyse Risikoanalysen er gjort for å klargjere usikre tilhøve som kan påverke utfallet av prosjektet. Dei er identifiserte og rangerte etter sannsynlegheit og konsekvens. Som det framgår av vurderinga (under) er det knytt ei uvisse til graden av deltakarlyst blant legane, noko som vil vere avgjerande for prosjektet. Sidan tiltenkte kurshaldara ikkje tidlegare har skreddarsydd eit internt opplæringsprogram for andre sjukehuslegar, kan det oppstå ulike usikkerheitsmoment i dette faktum.

Risikovurdering Konsekvens Sannsynlegheit Usannsynleg Lite sannsynleg Mindre sannsynleg Sannsynleg Svært sannsynleg 5. Svært alvorleg 2 4. Alvorleg 1 3 3. Betydeleg 4 2. Mindre alvorleg 1. Ubetydleg Forklaring: 1. Ikkje forankring i leiing 2. Ikkje ynskt av legeforening 3. Problem knytt til å få spesialundervisning frå kurshaldarar 4. Kostnader Konklusjon og tilråding Kurset «Fire gode vaner i klinisk kommunikasjon» betrar legar si evne til å kommunisere med pasientar. Det er dokumentert gjennom eit større forskingsprosjekt ved Akershus universitetssjukehus, «Hospital doctors communication skills. A randomized controlled trial investigating the effect of a short course and the usefulness of a patient questionnaire». Som eit ledd i kvalitetsarbeidet med å betre pasientbehandlinga i Helse Førde, og i tråd med tilrådingane i forskingsrapporten, er det difor eit ynskje å etablere prosjektet «Betre tilrettelegging for klinisk kommunikasjon» i føretaket. Det skal skje ved opplæring og innføring av kursmodulen til «Fire gode vaner». Første fase av prosjektet skal vere avslutta innan utgangen av oktober 2012.

Referanse Fossli Jensen, Bård (2011) «Hospital doctors communication skills. A randomized controlled trial investigating the effect of a short course and the usefulness of a patient questionnaire». Tilgjengeleg frå: http://www.ahus.no/aktuelt/nyheter/documents/b%c3%a5rd_fossli_jensen_phd.pdf [Nedlasta 21. januar 2012] Baerheim A, Hjortdahl P, Holen A, Anvik T, 2007. Curriculum factors influencing knowledge of communication skills among medical students. Tilgjengeleg frå: http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/pmc2089059/?tool=pubmed [Nedlasta 25. februar 2012] Guldbrandsen P, Finset A, Fossli Jensen B, 2009. Endring i mestringstillit hos sykehusleger etter kurs i klinisk kommunikasjon. Tidsskrift for den norske legeforening. Tilgjengeleg frå: http://tidsskriftet.no/article/1914043 [Nedlasta 25. februar 2012] Slørdahl, S. A., 2011, Kan de snakke med pasientene? Tilgjengeleg frå: http://www.forskning.no/blog/stigslordahl/278109. [Nedlasta 4. mars 2012]