Avisheftet mitt INFORMERE KRITISERE DEBATTERE UNDERHALDE ANNONSERE. Avis - eit massemedium NYNORSK

Like dokumenter
Avisheftet mitt INFORMERE KRITISERE DEBATTERE UNDERHOLDE ANNONSERE. Avis - et massemedium BOKMÅL

Avisheftet mitt. Avis - eit massemedium NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Avisheftet mitt. Avis - eit massemedium NYNORSK


Tips til journalister eller andre avismedarbeidere som skal på klassebesøk. Innhold

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Avisheftet mitt UNYNORSK. Avis - eit massemedium. Pressa si rolle mediekunnskap journalistikk oppgåver aktuelle tema

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Informasjon til elevane

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Brukarrettleiing E-post lesar

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Dokumentarfilm. undervisningsopplegg på ein eller to timar for niande og tiandeklasse

Frå novelle til teikneserie

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

6. trinn. Veke 24 Navn:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Samansette tekster og Sjanger og stil


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Lokalavisa og politikken

Brukarrettleiing. epolitiker

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

AVISSJANGRER. En notis er en kort nyhetsmelding, vanligvis på mellom ti og 20 linjer.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Psykologisk førstehjelp i skulen

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Metodiske verktøy ved kursleiing

Klepp kommune Tu skule

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

mmm...med SMAK på timeplanen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vurderingsrettleiing 2011

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

IKT-kompetanse for øvingsskular

Avisheftet mitt. Avis - et massemedium BOKMÅL

Kva er økologisk matproduksjon?

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

Valdres vidaregåande skule

Vegvisar til vilbli.no

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Å halde ein læresamtale

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

ehandel og lokalt næringsliv

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Engasjement og rekruttering

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

HiST i Sosiale Medier

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Journalisthandbok for elevar

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

AVISHEFTET MITT AVIS EIT MASSEMEDIUM NYNORSK. Pressa si rolle Mediekunnskap Journalistikk Aktuelle tema Oppgåver

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Rådgjevarkonferanse 2009

Vi lærer om respekt og likestilling

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Barnerettane i SKULEN

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Transkript:

Avisheftet mitt Avis - eit massemedium INFORMERE KRITISERE DEBATTERE UNDERHALDE ANNONSERE M NYNORSK

2 Avisheftet mitt Til læraren Dei samansette tekstane med variert stoff i avisene gjer det lett for elevane å ta i bruk ulike lesestrategiar. At stoffet er aktuelt og tek for seg verkelegheita, gjer elevane motiverte og fremmar leselysta deira. Elevheftet er bygd opp rundt dei funksjonane avisene har: informere, kritisere, bringe/skape debatt, underhalde og annonsere. Avisene har ei særskild samfunnsrolle når det gjeld nyheitsinformasjon og debatt. Dette er nedfelt i Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten (sjå presse.no) og viser seg gjennom den årlege pressestøtta dei får frå staten for å oppretthalde ei mangfaldig presse. Arbeidet med heftet krev at det er aviser i klasserommet. Dei fleste lokal- og regionavisene tilbyr gratis klassesett til undervisninga for éin eller fleire periodar. Klassesett kan tingast frå Avis i Skolen lokalt (sjå baksida av heftet) eller ved å ta direkte kontakt med den aktuelle avisa. Mange bruker heftet i samband med AVISVE- KA til Avis i Skolen (veke 44). Dei fleste opplever at dei ikkje rekk å komme igjennom alt i heftet i løpet av ei veke dersom dei følgjer vanleg timeplan. Læraren må da prioritere kva tema dei skal arbeide med. Det er ikkje laga noka lærarrettleiing til sidene. Vi tilrår at du som lærar studerer heftet og legg opp undervisninga i tråd med din eigen plan, slik at du sjølv eig opplegget. Vi vil likevel gi nokre moment, som bakgrunn for sidene: Side 3. Aviser i Noreg. Det er ca. 220 aviser i Noreg. I all hovudsak dreier det seg om lokalaviser, regionaviser og riksaviser. Avisene dekkjer definerte område. Kunnskap om det gir forståing for kva ein kan vente å finne i den enkelte avisa. Omgrepet avis dekkjer meir enn berre papiravisa. Avisene er som oftast mediehus som publiserer redigert journalistisk innhald på ulike plattformer. Side 4 og 5: Bli kjend i avisa. Dersom ein veit korleis avisa sorterer stoffet nokså likt kvar dag, blir det lettare å lese avisa. Det blir lettare å finne det ein er på jakt etter, og ein kan variere aktivt mellom ulike lesestrategiar, som søkjelesing, skumlesing og intensiv lesing. Side 8: Kritikk og side 10 og 11: Debatt er meiningsutveksling. Elevane skal øvast opp til å bli kritiske mediebrukarar. Da må dei ha kunnskap og sjølvtillit. Kunnskap om den kritiske samfunnsrolla pressa har, og om korleis innhaldet i media blir til, gir dei forståing for at det ikkje finst berre éi sanning. Dette gir igjen grunnlag for å respektere ulike meiningar og vinklingar, men også for å vere trygg på at det er lov å stille spørsmål, gjere seg opp eigne meiningar og ytre dei. Side 12 og 13: Underhaldning. Avisa kan innehalde underhaldningsstoff, men avislesing generelt er for dei fleste ein aktivitet for underhaldning. Elevane bør få tid til frilesing, der dei sjølve vel kva dei vil lese. Det kan skape leselyst og motivere til vidare avislesing. Side 14 og 15: Annonsar. Det er eit vesentleg skilje mellom redaksjonelt stoff, som skal informere om ei sak eller presentere ei meining, og annonsar som skal selje (informere og overtale). Stoffområda har ulike siktemål og krev ulik tolking hos ein kritisk lesar. Side 16 og 17: Bilete og illustrasjonar. I samansette tekstar er bilete viktige for forteljinga. Bilete og illustrasjonar fortel meir enn tusen ord og gjer forteljinga lettare å lese. Kunnskap om korleis tekst og bilete spelar saman, kan vere godt for elevane å ha når dei skal velje bilete eller illustrasjonar til sine eigne tekstar. Side 18: Lag di eiga framside. Øving i å gjere journalistiske val. Side 19: Avissjangrar. Eit hovudskilje når det gjeld sjangrar, går mellom journalistiske artiklar, som skal vere nøytrale, og meiningstekstar, som er subjektive. Side 20 og 21: Prøv deg som journalist. Ein journalistisk tekst blir til etter ein arbeidsprosess. Ut frå ein idé må ein først undersøkje (observere, intervjue, lese, notere, ta bilete), så velje ut det ein synest er det viktigaste, og til slutt presentere det slik at nokon har lyst til å lese det. Side 22 og 23: Lag avis! Å lage avis er learning by doing. Arbeidet utviklar både kunnskap og ferdigheiter. Elevane erfarer sjølve korleis mediebodskapar blir til. Dette gir grunnlag for ei sunn og kritisk haldning til medieinnhaldet.

Avisheftet mitt 3 Aviser i Noreg Vi deler avisene inn i tre grupper: Lokalaviser, regionaviser og riksaviser. Kva heiter avisene som kjem ut i fylket du bur i?............... Finn døme på aviser som høyrer inn under dei tre gruppene. Riksaviser:... Regionaviser:... Lokalaviser:......... Korleis gir avisa ut stoffet sitt? Kvar kan du lese avisa? Undersøk og set kryss i skjemaet. Vel tre aviser. riksavis regionavis lokalavis Skriv namnet på avisa her: papiravis nettavis e-avis radio TV mobil Facebook Twitter... Avisa er eit massemedium. Kva betyr det? KVA Kva kostar det å abonnere på avisa di i eitt år? Kor mykje kostar avisa i laussal? Kor mykje blir det i året dersom du kjøper avisa i laussal kvar dag?

4 Avisheftet mitt Bli kjend i avisa Avisa mi Ta for deg den papiravisa du kjenner best. Klipp ut logoen til avisa, og lim han inn her: KVAR Årgang på førstesida i avisa, fortel oss kor mange år avisa har komme ut. Kor gammal er avisa?... Kva heiter redaktøren?... Kva er hovudoppslaget i avisa di i dag? Skriv tittelen her: Kva er telefonnummeret til avisa?... Kva er e-postadressa til avisa si redaksjon?... Kva område skriv avisa for? (byer, kommuner, fylker...)... Vel ei sak du synest er interessant. Skriv tittelen her:... I AVISA FÅR EG VITE MEIR Fortel ein av dei andre i klassen kva artikkelen handlar om. Kva heiter journalisten som har skrive artikkelen?... Kvifor valde du denne saka?.........

Avisheftet mitt 5 vignettar Avisene bruker ofte vignettar for at vi lett skal finne fram, for eksempel: Bli kjend i papiravisa Under finn du ein del døme på ulike stoffområde. Dei har ofte fast plass i avisa. Alle aviser har ikkje med alle stoffområda. For eksempel finn du sjeldan utanriksnyheiter i ei lokalavis. Namnet på avisa:...... Bli kjend i nettavisa Finn adressa til nettavisa. Korleis er stoffet delt inn i nettavisa? Stoffet blir sortert etter nøkkelord, til dømes nyheiter, lokalt stoff, sport, kultur osv. Kva for nøkkelord har lokalavisa di sortert stoffet sitt under? (Du finn oftast nøkkelorda øvst på opningssida) Finn vignetter og lim inn nedenfor: Leit i di avis og finn: Sport side... Kinoannonsar side... Lesarbrev side... Innanriksnyheiter side... Utanriksnyheiter side... Leierartikkel side... Fødselsdagar side... Teikneseriar side... Radio- og TV-program side... Rubrikkannonsar Småannonsar for kjøp/sal side... Nøkkelord:............ Samanlikne framsida på papiravisa frå i dag med opningssida til nettavisa. Diskuter med ein av dei andre elevane: Kva er likt, og kva er ulikt? Kvifor er ikkje sidene heilt like? Finn stoff som handlar om barn og unge. Skriv titlane her:............... Finn ut kva saka eller sakene handlar om og fortel det til ein av dei andre elevane.

6 Avisheftet mitt Informasjon Avisa har ulike typar informasjon: nyheiter og reportasjar, meiningsytringar og annonsar. Nyheitsartikkel Nyheitsartikkelen gir oss siste nytt. Dei gode hjelparane Når journalisten samlar inn stoff og skriv ut nyheitsartikkelen, har han nokre gode hjelparar. Det er dei seks spørjeorda. Han prøver alltid å få svar på: Kva skjer? Kven skjer det med? Kvar skjer det? Når skjer det? Kvifor skjer det? Korleis skjer det? Spørjeorda er ikkje like på alle dialektar: Tittel - skal fange merksemda og fortelje noko viktig om saka. Brødtekst fortel meir om saka. Ofte kjem det viktigaste først. Ingress - fortel det viktigaste om saka. Foto - fangar merksemda, samtidig som det fortel meir om nyheita. I Tinn i Telemark seier dei: Hotte (= kva) Hokken (= kven) Horre (= kvar) Hottfe (= kvifor) Hosslein (= korleis) Kva seier dei der du bur? Kva:... Kven:... Kvar:... Når:... Kvifor:... Mellomtittel deler opp artikkelen så han blir lettare å lese. Bilettekst fortel meir om kva og kven du ser på biletet. Byline fortel kven som har skrive artikkelen og teke biletet. Korleis:...

Avisheftet mitt 7 Blei Knut lurt då han kjøpte sykkel? Gjer politikarane det dei har lova? Har Kari for farleg skuleveg? Finn ein nyheitsartikkel i avisa, og bruk dei seks gode hjelparane til å svare på desse spørsmåla: Namn på avisa:... Tittel på artikkelen:... Kva skjedde?... Kven skjedde det med?... Kvar skjedde det?... Når skjedde det?... Kvifor skjedde det?... Korleis skjedde det?... Kva følgjer får det som skjedde?... Dei mest interessante nyheitene ei bestemt veke Følg med i avisa di ei veke. Kvar avisdag skal du finne den nyheita du synest er mest interessant. Heng nyheita opp på veggavisa. Fyll ut skjemaet. Samanlikn vala dine med vala til dei andre i klassen. Dato: Stad: Sak: avis: KVA ER EI NYHEIT? Det skal sjølvsagt helst vere noko som nettopp har skjedd, eller som vi nettopp har fått vite om. Jo nærmare lesaren det har skjedd, desto større er sjansen for at det kjem på trykk i den lokale avisa. Dramatiske hendingar får lett plass i avisa. Det gjer også uvanlege eller sensasjonelle hendingar. NYHEITSBYRÅ Få aviser har journalistar eller korrespondentar i alle land eller verdsdelar. Det ville bli for dyrt. Derfor får dei nyheiter frå nyheitsbyrå. Dei norske avisene får ofte nyheiter frå NTB (Norsk Telegrambyrå) og ANB (Avisenes Nyhetsbyrå). NTB samarbeider med byrå i andre land. Reuters, AP og IPS er eksempel på utanlandske nyheitsbyrå. Deadline Siste frist for å få med stoff og annonsar til neste utgåve av papiravisa.

8 Avisheftet mitt Kritikk Avisa skal vere kritisk, og det skal du òg vere. Kritiske aviser AVISA ER EIN VAKTHUND Avisene har rett til å avdekkje kritikkverdige tilhøve. Dei skal snuse opp urettferd og maktmisbruk i samfunnet og fortelje om det. Ver Varsam-plakaten Samfunnsrolla til pressa kan du lese om i Ver Varsam-plakaten, som du finn på presse.no. Avisene skal ikkje berre informere om det som skjer, men òg avdekkje urettferd og det som er gale. Jobben deira er å vere vakthund på vegner av oss alle. Avisene skal gi oss kunnskap om saker. Dei skal fortelje oss om ulike sider av saka og om ulike synspunkt. Slik får vi eit grunnlag for å tenkje sjølve og gjere oss opp vår eiga meining om saka. Kritiske lesarar Du kan også vere kritisk til det som står i avisa. Når du skal gjere deg opp ei meining om saka du les om, kan du sjekke om journalisten gir deg svar på det dei gode hjelparane spør om (sjå side 6). Du kan også samanlikne med korleis andre medium fortel om den same saka. Da er du ein kritisk lesar! Oppgåve Finn ei sak i avisa som har ein konflikt i seg. Skriv inn tittel og lim inn ingressen her: Les heile saka, og finn svar på desse spørsmåla. Arbeid gjerne to og to: Kva handlar saka om?... Kva er problemet eller konflikten?... Still spørsmål! Får du svar på spørsmåla frå alle dei gode hjelparane?... Kven kjem til orde (blir sitert)?... Er det andre journalisten burde ha snakka med?... Ville du hatt ein annan tittel? Skriv den her:...

Avisheftet mitt 9 Avisteikninga Mange aviser har teikningar som kan vere kritiske, ironiske eller morosame kommentarar til ei aktuell sak. Lim inn ei avisteikning. (Du må kanskje leite nokre dagar i ulike aviser for å finne ei du liker). Diskuter med ein venn kva teikninga fortel oss. pressestøtte Kvart år gir staten mange millionar kroner i støtte til norske aviser. Mange aviser ville ikkje overlevd utan statsstøtte. Kan du teikne ei sak på ein humoristisk måte? Lag di eiga avisteikning. Vel ei sak frå avisa, eller teikn noko frå kvardagen din. Bruk teikneark. Pressestøtte er grunngitt med at det er viktig å ha mange ulike aviser som sikrar at pressa kan gjere jobben sin som vaktbikkje, og som sikrar eit samfunn med ytringsfridom. Demokratiet er berre til pynt dersom ingen dokumenterer urettferda. Gunter Wallraff, tysk journalist

10 Avisheftet mitt Debatt er meiningsutveksling Å lese avisartiklar og debattinnlegg gir deg bakgrunn for å meine noko sjølv. Kvifor skrive innlegg i avisa? Du kan gjere folk merksame på noko du synest er viktig. Du kan påverke avgjerdene til politikarar og andre som bestemmer. debatt Ordet debattere kjem frå det franske ordet débattre, som betyr å kjempe om. Vi finn det att i det norske batalje og det engelske battle. Få med dette når du skriv: 1. Kva handlar det om? 2. Kva er problemet? 3. Korleis kan det løysast? Eller: Kva er konklusjonen din? Vel eit lesarinnlegg eller ei meiningsytring frå avisa som du har lyst til å lese. Klipp det ut, og lim det inn her: Alle kan delta i ein debatt, men avisredaksjonen bestemmer kva som kjem på trykk i papiravisa. Redaktøren har ansvar for at debatten blir så nyansert som mogleg. At enkeltmennesket har høve til å gjere sine eigne sjølvstendige val ut frå den kunnskapen dei har, er grunnleggjande i eit demokrati. "11 millionar No har Ullensvang herad nettopp feira at dei har gått 11 millionar i overskot! Klassen vår har nemnt i nokre innlegg før i vinter at heradet har fjerna fruktordninga på skulen vår, men dei har enno ikkje gjort noko med saka. No når dei har gått så mykje i overskot, er det dumt av dei å ikkje skaffe ordninga tilbake. Dei har fått pengar av staten som skal gå til skulefrukt, dei kan dei ikkje bruke på andre ting! Jente, 14 år Les innlegget nøye. Finn du svar på dei tre spørsmåla over? Skriv stikkord: 1.... 2:... 3:... Gå saman to og to: Fortel partnaren din om lesarbrevet. Bruk stikkorda dine til hjelp.

Det SYnest eg! Avisheftet mitt 11 eg er heilt ueinig! Diskuter kva de meiner om dette. Skriv debattinnlegg til avisa! Skriv på PC. Send gjerne innlegget på e-post til avisa. Sei meininga di i nettavisa. Nettutgåvene har ulike løysingar for korleis ein kan uttrykkje meiningane sine og få dei publisert: Vanlege lesarbrev: Lesarane sender inn via e-post eller skriv i eigne felt som nettavisa har oppretta. Kommentarar til enkeltsaker: I mange nettaviser er det kommentarfelt etter kvar sak der lesarane kan kommentere saka direkte. Undersøk korleis du kan publisere meininga di på nettet i lokalavisa og i ei region- eller riksavis. Noter her: Namn på lokalavis:... Slik kan eg publisere meininga mi:... Navn på regionavis (eller riksavis):... Slik kan eg publisere meininga mi:... IDÉ Korleis få ein idé om kva du skal skrive om? Gå saman i ei lita gruppe. Snakk saman om: - Kva ville de ha endra dersom de kunne bestemme? Aktuelle saker frå nyheitene Eigen kvardag Saker i elevrådet Helse og kropp Sport Fritid Undervisninga Andre tema Diskusjon og samtalar gir deg nye tankar og idear. Dårlige vikarer De to siste ukene før påske hadde vi forskjellige vikarer nesten hver dag. Disse kunne ikke fagene i det hele tatt! Hver dag sa de enten «Vi kjører A-plan denne timen», eller så fikk vi se film i 2 3 timer. Vi får dermed ikke undervisning i de fagene vi har den dagen. Dette burde det settes en stopper for! Vi må få en bedre dekning på lærerfronten i alle fag ellers så får vi ikke lært noe når en lærer er vekke for eksempel i fremmedspråk. Aleksander, 14 år Lisa, 14 år

12 Avisheftet mitt Underhaldning Vi les for å hyggje oss For dei fleste er avislesing også underhaldning. Vi les aviser for å hyggje oss utan at lesinga har eit bestemt formål. Vi les det vi liker. For somme er det underhaldning å lese nyheiter, somme koser seg med sportssidene, medan andre igjen elskar å lese sladder om kjendisar. Mange synest det er spennande å studere annonsar for varer og tenester dei er spesielt interesserte i. Noko av det mest populære er å lese om kven som har fødselsdag, giftar seg, osv. Kva liker du å lese? Lag ein collage under som fortel om kva du liker å lese i avisa. Du kan både lime inn utklipp og teikne eller skrive. Hehehe! AVISEN Dette skjedde! De vant overlegent

Avisheftet mitt 13 Teikneseriar Klipp ut ein teikneserie frå avisa di, og lim han inn her: Lag ein nyheitsnotis om det som skjer i teikneserien: Tittel: Tittel:... Tekst:... Lag din eigen teikneserie! Overdriving I avisa mi er det teikneseriar på side: Tekstane i teikneserieboblene er korte. Ein skal fortelje med så få ord som mogleg. Det er vanleg å overdrive for at poenga skal bli tydelege. TIPS Teikn stort på eit ark, og forminsk det i kopimaskina etterpå. Lim inn kopien her i heftet.

14 Avisheftet mitt Annonsar Avisa er ein marknadsplass Avisene har ulike typar annonsar: informasjonsannonsar (kunngjeringar), reklameannonsar og små private annonsar. Annonsar som er samla etter innhald under faste vignettar (for eksempel Kjøp og sal, Hus osv.), kallar vi rubrikkannonsar. Reklameannonse Rubrikkannonser Jobbannonse INNTEKTSKJELDE Annonsane er den viktigaste inntektskjelda avisene har. Utan desse pengane hadde avisene vore svært dyre å kjøpe. Kor mykje kostar det å setje inn ein privat rubrikkannonse i avisa di? Kunngjering I papiravisa:... I nettavisa:... I begge utgåvene:... I avisa mi finn eg rubrikkannonsar på side:... Finn dei små rubrikkannonsane i avisa di. Finn du noko av interesse? Klipp ut éin eller fleire annonsar, og lim dei inn her: Finn ein annonse for noko du absolutt IKKJE vil kjøpe. Lim han inn her: Rubrikkannonsane er sorterte under desse vignettane:........................... Kjøpar og seljar. Rollespel for to: 1. Vel ein rubrikkannonse kvar som de kan tenkje dykk å svare på. Bruk dei i rolleleiken. 2. Spel kjøpar og seljar. Lat som om de snakkar i telefonen. Byt på rollene. Kjøparen: Kva er viktig å få vite meir om før du bestemmer deg for å kjøpe? Seljaren: Gode salsargument?...

Avisheftet mitt 15 papir & Nett Samanlikne annonsar i papiravisa med annonsar i nettavisa. Kva er forskjellig? Noter stikkord:...... AIDA - ein vellykka reklameannonse! Gjennom ord, bilete, teikningar og fargar vil annonsøren påverke oss med reklamen sin. Ein god reklame kan lagast ut frå fire stikkord: A: Attention: Skape merksemd, slik at vi stoppar og les annonsen. I: Interest: Få oss til å bli interesserte i vara. D: Desire: Få oss til å ønskje oss vara. A: Action: Få oss til å handle. Studer reklameannonsar, og vel ein reklameannonse du synest er godt laga. Lim han inn her. Kvifor valde du denne annonsen?......... Lag ein reklameannonse Lag ein stor reklameannonse, og heng han opp på oppslagstavla. Tenk deg at du skal få klassekameratane dine til å kjøpe vara. Vel sjølv kva du vil reklamere for. Handletur Finn ein annonse for ei daglegvareforretning. Du har 400 kroner å kjøpe for. Lag ei handleliste med varene du vil kjøpe for dei 400 kronene. Analyser ein annonse, og presenter analysen for klassen (arbeid to eller tre saman). Husk: Hugs: AIDA Mål: Fortelje kvifor de synest han er godt eller dårleg laga med tanke på AIDA (sjå øvst på sida). Arbeid: Vel ein annonse frå papiravisa eller nettavisa: Analyser og diskuter først i gruppa. Noter ned det de blir einige om. Førebu ein presentasjon. Presenter analysen for klassen.

16 Avisheftet mitt Bilete og illustrasjonar Bilete og illustrasjonar er viktige for å formidle nyheitene på ein god og fyldig måte. Lim inn eit bilete frå avisa. Kvar er biletet teke?... BILETE Dokumentarisk bilete Teke medan den omtalte hendinga skjer. Fotografen er til stades der det skjer, og når det skjer. Viser ein bit av sanninga, ein rapport frå ein augneblink. Illustrasjonsbilete Kan vere eit arkivbilete eller eit bilete som er arrangert for å illustrere saka. Skal utdjupe innhaldet i artikkelen eller skape interesse for han. Kan vise personar, miljø eller ting som er knytte til saka. Kva er formålet med biletet?... Er biletet arrangert (oppstilt), eller viser det ein naturleg situasjon?... Kva fortel biletet? Skriv nøkkelord....

Avisheftet mitt 17 smil! Grafikk Avisene bruker ofte grafikk for å forklare. Grafikk kan bestå av teikning, diagram, foto og tekst. Dei fleste avisene har ei grafisk framstilling av vêrmeldinga. MEIR OM BILETE Å manipulere bilete er å forandre innhaldet i biletet. Det er lett å gjere i eit biletbehandlingsprogram. Det er ikkje lov å endre eit dokumentarisk bilete. Det ville vere å lyge om verkelegheita. Dersom eit bilete er manipulert, for eksempel i ein reportasje der ein vil illustrere korleis skuleplassen ser ut om ti år, skal det stå i biletteksten at biletet er manipulert. Kven tek avisbileta? Finn ei grafisk framstilling i ei avis. Lim den inn. Gå saman to og to: Finn ut kva grafikken fortel, og hald eit miniforedrag i klassen om det. I dei fleste avisene må journalistane både ta bileta og skrive. Dei største avisene har eigne fotojournalistar. Avisene kan også få bilete frå nyheitsbyrå. Reklamebilete Bilete i annonsar er ikkje tekne av fotografane i avisa, men av fotografar som jobbar for reklamebyrå eller for annonsøren. Bileta i reklamen har eit anna formål enn dei andre bileta i avisa: Dei skal selje, ikkje skildre, verkelegheita. Reklamebilete er nesten alltid arrangerte og ofte manipulerte.

18 Avisheftet mitt Lag di eiga framside! Lag di eiga framside. Du kan velje om du vil skrive eller teikne alt sjølv, eller om du vil montere ei side med avisutklipp frå avisa di. Hugs namn på avisa! VEGVISAR Førstesida er vegvisar til resten av avisa. Ho fortel oss kva vi kan vente å finne inne i avisa. Hovudoppslag Redaksjonen vel alltid eit hovudoppslag. Dei kan velje den saka dei meiner er den viktigaste, eller den saka dei meiner er mest interessant. Hovudoppslaget i avisa mi i dag er:............... Eg trur redaksjonen har valt dette hovudoppslaget fordi det er: Set kryss: q Den viktigaste saka. q Den mest interessante saka. q Den artigaste saka. q... Anna forslag

Avisheftet mitt 19 Avissjangrar Korleis skriv journalisten? Journalistiske sjangrar I avisa blir det kvar dag skrive om mange ulike saker. Journalisten må velje korleis ho vil skrive om saka. Ho må velje sjanger. Ofte kan ho blande fleire sjangrar. Dei vanlegaste sjangrane i avisa er: Nyheitsartikkelen Nyheitsartikkelen fortel om ei aktuell hending og består av tittel, ingress og brødtekst. Han skal gi svar på kva, kven, kvar, når, korleis og kvifor, ofte allereie i ingressen. Notis Kort nyheitsmelding, vanlegvis på mellom ti og 20 linjer. Reportasje Ein større artikkel frå eit miljø eller ei hending. Reportasjen kan innehalde fleire andre sjangrar, for eksempel intervju, nyheitsartikkel og referat. Melding Presentasjon og vurdering av bøker, film, konsertar, utstillingar osv. Intervju Intervju er både ein sjanger og ein måte å arbeide på. For å skaffe opplysningar om ei sak må journalisten ofte intervjue personar (saksintervju). Men han kan også la oss bli nærmare kjende med ein person i eit eige intervju i avisa (portrettintervju). Leiar Leiarartikkelen gir uttrykk for kva avisa meiner om ei sak. Lesarbrev Lesarar kan skrive brev til avisa om saker dei er opptekne av. SMS Lesarar kan skrive korte meldingar til avisa via SMS. Redaksjonen Journalistane høyrer til den avdelinga i avisa som vi kallar redaksjonen. Det journalistane skriv, kallar vi redaksjonelt stoff. Desken er ein del av redaksjonen. Der arbeider dei som bestemmer kva nyheiter som skal med i avisa, og kvar dei skal plasserast. Leit i avisa di, og finn eksempel på ulike sjangrar. Namnet på avisa:... Eg fann (sjanger) på side Enquête (Fransk, utt.: angke t) Rundspørjing med same, helst aktuelle, spørsmål til fleire. Gjerne med bilete, for eksempel «Fem på gata». Feature Ein avisartikkel som både skal informere og underhalde. Vi finn ofte feature i laurdagsog søndagsavisene. Kjenneteikn: Lettlesen, litterære verkemiddel, gir bakgrunn, god presentasjon. SEKS GODE HJELPARAR!

20 Avisheftet mitt Prøv deg som journalist YESS, NO HAR EG PLANEN KLAR! Journalistikk er å finne ein idé om kva ein vil fortelje. Undersøkje og setje seg godt inn i stoffet, intervjue folk som veit noko meir, velje det mest interessante eller viktigaste, og fortelje med tekst og bilete, slik at folk får lyst til å lese det. Korleis få idear til skriving? Å lage tankekart er ein god metode for å arbeide fram idear til skriving. Her er eit eksempel der temaet er aktivitetsdagen. Når du lagar tankekartet, kan du ta med alt du kjem på. Målscorarar Dårleg dommar Fotballkamp Deltok mest Vinnarar Intervjue Knut Intervjue lærar Kari Idrettsøvingar Vanskelege oppgåver Intervjue... Juks Naturstigen AKTIVITETSDAGEN Spisepausen Ole datt i bekken Intervjue Ole Grilling Det blir for mykje å skrive om alt på ein gong. Det er lurt å velje eitt område, for eksempel Naturstigen, og lage ei historie om det som skjedde der. No skal du prøve deg som journalist! Du kan skrive om kva du vil, noko som har skjedd i fritida eller på skolen, eller kanskje noko du har lært i det siste. Dette skal eg gjere. Sett kryss når du er ferdig med kvart punkt. 1. Vel eit tema. 2. Lag tankekart. 3. Kva vil du fortelje om. 4. Undersøk/intervju. 5. Vel det mest interessante eller morosame du har funne ut. 6. Lag tittel. 7. Fortel med tekst og foto eller teikning.

Avisheftet mitt 21 Mitt tankekart: Gode idear! Tema: Intervjuet Kven? Kva? Kvar? Når? Korleis? Kvifor? Når du intervjuar nokon, er svaret avhengig av korleis du spør. Derfor er det viktig at du førebur deg godt til intervjuet. Du må vite kva du skal snakke med personen om. Det er lurt å skrive ned spørsmål. Hugs å bruke dei seks spørjeorda! Eg vil intervjue:... Spørsmål eg vil ha svar på:......... Etter intervjuet: Bestem tittel. Skriv ein kort artikkel. Bruk kladdeark eller PC. Skriv inn den ferdige artikkelen her, eller lim inn ark med utskrift frå PC-en. Tittel... Ingress......... Det finst ikkje dumme spørsmål Spør om igjen dersom du ikkje forstår. Det som er dumt, er å sitje att med uklare svar. Når du skal intervjue Ver høfleg. Sei kven du er, og kva du skal bruke opplysningane til. Førebu deg! Bruk gjerne litt tid på å snakke med intervjuobjektet før intervjuet startar. Del på oppgåvene Skal de intervjue nokon, for eksempel til skoleavisa, kan éin stille spørsmål, éin notere og éin lytte og stille ekstraspørsmål om nødvendig. Tekst........................

22 Avisheftet mitt Lag avis! No har du lært mykje om journalistikk og om aviser og kva dei inneheld. No er det på tide å lage avis sjølv! Her er ei oppskrift som hjelper dykk med å lage avis utan å bruke for lang tid. Redaksjonsmøte Redaksjonsmøter gir oversikt over arbeidet Første redaksjonsmøte: Planleggje innhaldet saman: Teikne av sideplanen på store ark, og heng dei på veggen. Gå igjennom sidene, slik at alle veit kva typar stoff som skal vere med. Tilset avismedarbeidarar på dei ulike ansvarsområda. Avtal tid og stad for neste redaksjons møte og kva som skal gjerast til da. Sideplan På same måte som i avishusa har vi teikna ein sideplan for avisa de skal lage. Det er bestemt kor mange sider og kva typar stoff de skal ha, og kvar i avisa stoffet skal stå. De må sjølve lage innhaldet og tilpasse og plassere det på sidene. De kan lage sidene på to måtar: 1. Lage sida direkte på PC. 2. Skrive ut tekst og bilete på papir og lime det opp på eit ark som eit puslespel. Avisa trykkjer de på kopimaskina: Lag dei fire avissidene (kopioriginalane) på A4-ark. Kopier til eit A3-ark som de brettar på midten, slik at de får ei firesiders avis. Bestem kven de skal dele ut / selje avisa til. Det er greitt å ha i bakhovudet når de skal lage innhaldet. Kven fortel de til? Dei neste redaksjonsmøta Innhald: Kva er gjort så langt? Kva gjer vi vidare? Avtale tid for neste møte. Redaktøren leier møtet. Alle må gjere det dei har avtalt, til rett tid. Søk hjelp om det blir problem. Avisa på nettet? De kan velje å leggje avisstoffet ut på nettsida til skolen etter kvart som det er ferdig. Når papiravisa er ferdig, kan de gjere sidene om til PDF og leggje dei ut på nettsida til skolen. Dato/år Oversikt over hva som står i avisen - med sidehenvisning Avisnavn / logo 1 Hovedoppslag: - Tittel - Bilde med bildetekst - Kort tekst + sidehenvisning NB! Førstesiden lages til slutt. Når innholdet i avisen er klart. Annonse(r)

Avisheftet mitt 23 egen avis! Jobbar i avisa: Ansvarleg redaktør: Rektor. Sjefredaktør: Lærar. Formulere mål (grunnlag for evaluering) for arbeidet i samarbeid med redaksjonen. Tilsetje avismedarbeidarar. Ha overordna ansvar for at arbeidet går greitt. Bestemme deadline for trykking. Redaktør (1) Leie arbeidet. Innkalle til redaksjonsmøte. Ha kontroll på at oppgåvene er fordelte og forstått. Ansvar for leiaren på side 2. Ansvar for førstesida. Ansvar for at stoffet blir plassert rett på sidene. Redaksjonssekretær (1) Samarbeide med og hjelpe redaktøren. Lage namn og logo til avisa. Vere fotograf. Ansvar for trykking. Nyheitsjournalistar (3) Skal produsere aktuelle saker (nyheiter) til side 2. Debattansvarlege (2) Skal få inn lesarbrev eller skrive sjølve + lage enquête Fem på gata på side 3. Ansvarlege for underhaldningsstoffet (2) Lage underhaldningsstoffet på side 4. Annonsegruppe (2) Skaffe/lage annonsar til side 1 og 3 + småannonsar på side 4. Min jobb:......... Hovudansvar:......... Marker med farge ditt område i sideplanen. Når avisa er ferdig, evaluer resultatet: Kva er bra? Kva kunne vore betre? No har de erfaring og kan planleggje ny avis! Aktuelle saker Debatt Underholdning Leder: Avisens mening om en aktuell sak En eller to småsaker: Tittel + kort tekst til hver sak 2 3 4 Aktuell sak: Aktuell sak: Tittel Bilde med bildetekst Tekst Tittel Lite bilde med bilde-tekst Leserbrev /meninger Annonse(r) Fem på gaten Kjøp Og Salg Småannonser (Rubrikkannonser) Quiz Kryssord Tegneserie Novelle...

24 Avisheftet mitt Avisuttrykk kjenner du dei? Løys kryssordet ved å setje inn avisord. Dei fleste av dei finn du i heftet. Kva blir nøkkelorda nedover i det blå feltet? 1 Massemedium 2 Noregs største laussalsavis 3 Spørsmål og svar i form av samtale 4 Innleiing i ein avisartikkel 5 Overskrift 6 Bestilt og betalt tekst i avisa 7 Ansvarleg for innhaldet i avisa 8 Tek bilete 9 Tidsfrist 10 Betaler avisa på forskot for ein bestemt periode 11 Skriv i avisa Avis i Skolen (AiS) er skoletenesta til medlemsbedrifter knytte til Mediebedriftenes Landsforening (Mediebedriftenes Landsforening inklusive regionale foreiningar). Avis i Skolen skal fremje avis som læremiddel for å aktualisere undervisninga. Avis i Skolen skal også formidle mediekunnskap til barn og unge slik at dei kan få eit bevisst og kritisk forhold til media. AiS tilbyr undervisningsmateriell for grunnskolen og den vidaregåande skolen og kurs for lærarar i metodikk og avis- og nettrelaterte emne. Skolar, kommunar og andre interesserte kan bestille kursemne ut ifrå behov på bestill.avisiskolen.no. MBL: Veslemøy Rysstad vr@mediebedriftene.no Skolekonsulentar: Følgjande område er dekte / delvis dekte av skolekonsulentar: Oslo og Akershus: Sigurd Ø. Sæthre, ss@mediebedriftene.no Vestfold/Telemark Buskerud: Kjell Bakken, kjell-b@sandefjordnett.no Hedmark/Oppland: Anita Vestli, avisiskolen@h-a.no Hordaland: Johannes Bøyum, johannes.boyum@bt.no Agder: Sven Fjeldal, sfj@live.no Trøndelag: Steinar Husbyn, steinar.husbyn@levanger.kommune.no Ved spørsmål om andre område: kontakt MBL. Ansvarleg utgivar: Mediebedriftenes Landsforening (MBL) Revidert utgåve i 2010 av Johannes Bøyum, Line Nygard og Lorang Carlson Schistad. Design: Frøken Bøk Design og Svenner reklamebyrå Leverandør: Svenner Reklamebyrå Trykk: 07 Media AS ISBN: 978-82-7817-086-1