KVAM HERAD NOTAT Til Leif Skår, Vatn - Avløp - Veg Dato: 01.12.2014 Skredhending: 28.10.2014 Synfaring 29.10.2014 mfl. Frå Tore Dolvik, kommunegeolog Vår ref: 14/1304-3/N-860//TORDOL Kopi til: Lars Ese Ur Nils Eivind Stranden Bjørn Vik Teknisk sjef Leiar for byggesak og geodata KV Klyvevegen Skredhending 28. okt. 2014 stengt veg og evakuering I perioden 24. okt. til 28. okt. 2014 kom det fleire lågtrykk inn mot vestlandet med mykje nedbør. Verst var det i perioden 26. til 28. oktober. Det var allereie gått fleire skred i heradet då beskjeden om skredhendinga i Klyvevegen kom inn til Kvam herad. Klokka var då ca. kl. 17. Flaumskredet stengde den kommunale vegen og gjekk heilt til sjøen gjennom eit tun. To bustadar vart frivillig evakuert. Figur 2. Kvam herad. Svart sirkel viser lokalisering av Fykse, og Klyvevegen. Geolog frå Multiconsult var på synfaring 29. okt. og oppryddinga i vegen starta opp måndag 3. nov. Oppryddinga vart forsinka pga. ein mindre skredhending i bekkeløpet den 5. nov. Kvam herad tok kontakt med NVE, og geolog frå Multiconsult og NVE sjekka ut begge hendingane og har vore på fleire synfaringar i etterkant. NVE kjem til å sikre bekkeløpet som eit hastetiltak. Dette notatet skriv om tre skredhendingar som har gått i Kambabekken i år og i 2005. Tore Dolvik Kommunegeolog Figur 2. Fykse og Klyvevegen. Svart sirkel viser kor skredet stengde Klyvevegen. Raudt markert område er skredhendinga.
Figur 3. Kartutsnitt som viser skredhendinga (raud omkrets). Raud sirkel viser losneområde og svart sirkel kor Klyvevegen vart stengt av skredmassane. Lilla sirkel viser omtrent kor skredet gjekk den 5. nov. Skredhendinga 28. okt. 2014 Flaumskredet har starta som eit jordskred, ved ein traktorveg, ca. 400 m.o.h. (fig. 5 og 6). Skredet har starta langs kanten, i eller ved skredgropa, til eit liknande skred den 10. jan. 2005 (fig. 12 og 13). Jordskredet har så gått ned i Kambabekken, kor skredet moglegvis har demma elva (fig. 6) før det har gått vidare nedover bekkeløpet. Flaumskredet har avsett ein del massar i Klyvevegen, men har fortsett ned i tunet i Ørrevika og først stoppa i sjøen (fig. 3 og 8). Figur 4. Klyvevegen dagen etter skredhendinga. Side 2 av 6
FAKTA OM SKREDHENDINGA Stad: KV Klyvevegen, Kvam (gbnr. 69/22 mfl.) Skredtype: Jordskred Flaumskred Skredtidspunkt: 28.10.2014 ca. kl. 17 Losnehøgde: ca. 400 m.o.h. Fallhøgde: 400 m Breidd: ca. 20 m Volum: ca. 150-300 m 3 Skade: Veg stengt i lang tid, 2 bustadar evakuert i lang tid, skade på hageanlegg med meir Figur 5. Losneområde, langs ein traktorsti ca. 400 m.o.h. Figur 6. Jordskredet har gått ned i Kambabekken (kvit bekk ca. midt i bilde), og så rast vidare ned dette bekkeløpet Figur 7. Flaumskredet har sperra den kommunale Klyvevegen og fortsatt gjennom tunet i Ørrevika og først stoppa då det kom ned i sjøen (29. okt. 2014). Figur 8. Slik såg det ut i frå Klyvevegen og oppover Kambabekken den 29. okt. Side 3 av 6
Ny skredhending 5. nov. 2014 Natt til 5. nov. 2014 losna eit nytt skred i Kambabekken. Det vart oppdaga av entreprenør som jobba med å rydde Klyvevegen etter flaumskredet den 28. okt. Vatnet i bekkeløpet var blitt brunt i løpet av natta og Kvam herad vart informert, og det vart ordna med synfaring med geolog seinare same dag. Synfaringa viste at det ligg store tre og steinblokker i bekkeløpet (sjå. fig. 9 og 10). Skredet har gjort heile bekkeløpet meir ustabil, slik at oppryddingsarbeidet vart forsinka. FAKTA OM SKREDHENDINGA Stad: KV Klyvevegen, Kvam (gbnr. 69/22 mfl.) Skredtype: Stein- og jordskred Skredtidspunkt: 05.11.2014 Losnehøgde: ca. 260 m.o.h. Fallhøgde: 5 10 m Breidd: ca. 10 m Volum: ca. 25 50 m 3 (?) Skade: Forsinka opprydding etter flaumskredet 28. okt. 14 Figur 9. Jord og stokkar ligg i bekkeløpet (nedstrøms fig. 10). Kan moglegvis skimte ein sprekk i jorda på andre sida av bekkeløpet. Figur 10. Steinblokk som truleg har losna natt til 5. nov. Skredet har truleg gjort at jordmassar og trestokkar har hamna i bekkeløpet. Side 4 av 6
Skredhending 10. jan. 2005 Det har gått skred i Kambabekken før. Den 7. januar 2005 gjekk det ein flaumskred som sperra den kommunale Klyvevegen (fig. 11). Skredet hadde losna frå ein traktorveg, ca. 400 m.o.h., same stad kor flaumskredet den 28. okt. 2014 losna frå (fig. 5 og 6). Skredet i 2005 var mindre enn skredet den 28. okt. 2014. Skredet stoppa opp i Klyvevegen og gjekk den gangen ikkje ned i tunet i Ørrevika. Det var heller ikkje like mykje massar som sperra vegen, men vegen vart stengt i fleire dagar. FAKTA OM TIDLEGARE SKREDHENDING Stad: KV Klyvevegen, Kvam (gbnr. 69/22 mfl.) Skredtype: Jordskred Flaumskred Skredtidspunkt: 10.01.2005 Losnehøgde: ca. 400 m.o.h. Fallhøgde: 360 m Breidd: ca. 20 m Volum: ca. 100 m 3 (?) Skade: Veg stengt i fleire dagar Figur 11. Slik så det ut i den kommunale Klyvevegen dagen etter flaumskredet, som gjekk den 7. jan. 2005. (FOTO: Multiconsult) Side 5 av 6
Figur 12. Losneområde for jord- og flaumskredet som gjekk den 7. januar 2005. Det var i same område at skredet som gjekk den 28. okt. 2014 òg losna (sjå fig. 5 og 6). (FOTO: Multiconsult) Figur 13. Losneområde sett frå nedsida. (FOTO: Multiconsult) Figur 14. Klyvevegen såg slik ut den 12. jan. 2005, 5 dagar etter skredhendinga. (FOTO: Multiconsult) Side 6 av 6