MØTEBOK Side 1 av 5 Sak nr : 98-/-17 Handlingsprogram og budsjett 2018 I tråd med vedtektene /samarbeidsavtalen 2017-2019 har handlingsprogrammet vore til vedtak i kommunane. Det er regionstyret som fattar endeleg vedtak i saka. har gjeve innspel i prosessen som Regionstyret sitt rådgjevande organ. Partnarane er med i gjennomføringa av dei ulike delane i plan, jf. partnarskapsavtalane. Handlingsprogram 2018 er bygd opp etter mal frå vedtektene/samarbeidsavtala 2017-2019: Merkevara Valdres er den raude tråden i handlingsprogrammet for 2018, alle mål og tiltak innan dei ulike fokus bygger opp om merkevara Valdres. Den raude tråden i merkevarebygginga er eit sterkt fokus på sanseomgrepet som vart vedteke ved opprettinga av VNK Valdres skjerpar sansane! Fokusområda har eigne kapittel: Leve i Valdres Næring i Valdres Kultur i Valdres Frisk i Valdres Kompetanse i Valdres fylkeskommune sin planstrategi og vedtaket om det grøne oppland ligg til grunn for alle prioriteringar som er gjort. Det grøne passar og svært bra saman med natur- og kulturparkkonseptet Valdres har, jf. verdigrunnlag og visjon i langtidsprogrammet til Valdres Natur- og (VNK.). Budsjett I høyringsrunda er det ikkje kome forslag til endringar i budsjettet. Etter at dokumentet vart skrive er det kome i stand eit nytt samarbeid, jf. kulepunkt 3 under friluftsliv s. 15, rydding og merking av stigar. Riksantikvaren og fylkeskommune vil bidra med 100 000,- kvar til ei merka løype i stølsområda i Vestfjella. Arbeidet vil skje i samarbeid med DNT Valdres. Dette er og i tråd med arbeidet under feltet kultur og det styrkar innhaldet i merkevara Valdres. Dette er pengar som ikkje endrar arbeidspengane i VNK, men dei vil gå gjennom vårt system, slik at budsjettballansen vil endrast med kr. 200 000,- Daglig leiar foreslår at budsjettpost skilting og vedlikehald aukast med denne summen og blir då kr. 250 000.-
MØTEBOK Side 2 av 5 Kommunane si handsaming: Regionstyret sende ut saka til kommunane med fyljande vedtak: 1.»Region styret vedtek framlagte handlingsplan med budsjett. 2. Regionstyret legg handlingsplan med budsjett fram for vedtak i kommunane med frist den 25. november 2017 3. Regionstyret ber kommunane om fullmakt til å samordne vedtaka i etterkant». Sør-Aurdal kommunestyre: Som framlegget med fyljande tillegg:» Nytt punkt side 8, under Landbruk VNK skal arbeide for et aktivt skogbruk i hele Valdres, samt å opprettholde og videreutvikle treforedlingsindustri. På side 16 under kompetanse: dele første kulepunkt i to og ha et eget punkt som sier: Må markedsføre kursa på Valdres VGs slik at kursa held fram i samarbeid med skulen og Ungt entreprenørskap. Synliggjøre kvalitetene ved å bo i Valdres. Legge vekt på naturopplevelser, arbeidsmuligheter, bomuligheter og kulturliv» Markedsføring av prosjektet tre-topphytter i Hedalen med fokus på naturoppleveler i Vassfaret. Sør Aurdal kommune ønsker at VNK prioriterer mer arbeid med utvikling av naturbasert næring og annen næring S 7:...hytteeigarar, fagfolk og planmyndighet...» Daglig leiars tilråding: Kulepunkt 1, Punktet takast inn s. 10 under Landbruksforum eksisterande kulepunkt, som eit tillegg, med fyljande formulering: - om å arbeide for eit aktivt skogbruk i heile Valdres, samt å oppretthalde og vidareutvikle treforedlingsindustri. 2, Kursa på vidaregåande skule har til no vore obligatoriske. At dei held fram er avhengige av samarbeidet mellom partane. 3, 4 og 5 er arbeid, dette skal vi søke å ta omsyn til, det vil ikkje vere kapasitet til ei eiga satsing på bulyst i 2018. Når det gjeld tretopphyttene passar dei godt som arena for å bygge innhaldet i Merkevara, dagleg leiar foreslår her eit tillegg s. 19. Elles er marknadsføring av einskildbedrifter ei oppgåve for Visit Valdres 6 Presiseringa takast inn
MØTEBOK Side 3 av 5 Vang kommunestyre: Som framlegget i saka med slike tilleggssignal:» VNK har mange gode målsettingar. Parken bør legge meir arbeid i å finne fram til konkrete strategiar for å nå måla. VNK bør i større grad sjå på det næringsmessige mangfaldet i Valdres og ikkje ha for einsidig satsing på reiseliv og hytter. Det er mange prosjekt regi av VNK. Det er viktig å informere og orientere også innad i Valdres om innhald i evalueringar og prosjektrapportar.» Daglig leiars tilråding: Innspela blir tekne med i det daglege arbeidet, det å synleggjera arbeidet er ei utfordring. Avisoppslag, valdres.no med oppslag samt rapportar til og Regionstyret dei kanalane me har brukt til no. Innhaldet i dette punktet takst med i vedtaket, nytt punkt 4: VNK arbeider vidare med kommunikasjon rundt arbeidet som blir gjort og ytterligare konkretisering av arbeidet. Vestre Slidre kommunestyre: Som framlegget. Etnedal kommunestyre: Som framlegget med følgende tillegg «at det synliggjøres et fokus på volumproduksjon i landbruket.» Daglig leiars tilråding Punktet takast inn s. 10 under Landbruksforum eksisterande kulepunkt, som eit tillegg med fyljande formulering om arbeide for og synleggjera det tradisjonelle landbruket. (Grunngjeving, det tradisjonelle landbruket femner alle omset produkta sin gjennom dei etablerte salskanalane. Nord- Aurdal kommune: «styret tar framlagte handlingsplan 2018 for Valdres natur- og kulturpark til
MØTEBOK Side 4 av 5 orientering.» Øystre Slidre kommune: Som framlegget. Elles er det å merke seg at mange av høyringsinnspela er rosande både til formen dokumentet no har og til at arbeidet er vorte målretta og konkret. I tillegg er det kome eit innspel frå Nord Aurdal Venstre ved Knut Aastad Braaten, der dei etterlyser meir fokus på klima og miljø. Det grøne perspektivet er gjennomgåande i dokumentet og stadfesta allereie i innleiinga. Innsatsområda våre og strategiane har sitt opphav i langtidsprogrammet. Der er berekraft nedfelt i verdigrunnlaget til VNK. Innspelet blir teke med vidare i arbeidet. Forslag til vedtak: Regionstyret vedtek handlingsplan og budsjett for 2018 med fyljande endringar i handlingsplan og budsjett: 1. Budsjettposten under friluftsliv, skilting og vedlikehald aukast med kr. 200 000,-, dette er pengar det er gjeve tilsagn på kr. 100 000,- frå fylkeskommune og kr. 100 000,- frå Riksantikvaren. 2. s. 10 under Landbruksforum tillegg til eksisterande kulepunkt,: - om å arbeide for eit aktivt skogbruk i heile Valdres, samt å oppretthalde og vidareutvikle treforedlingsindustri. - om å arbeide for og synleggjera det tradisjonelle landbruket. 3. Fyrste kulepunkt. Under tiltak s 7 endrast slik:...hytteeigarar, fagfolk og planmyndigheit...» 4. Nytt punkt s. 19 under marknadsføring og kommunikasjon: Søke å inngå samarbeid med Tretopphyttene i Hedalen for samarbeid om å bruke dei aktivt i å bygge innhald i merkevara Valdres, Valdres skjerper sansane
MØTEBOK Side 5 av 5 5. VNK arbeider vidare med kommunikasjon rundt arbeidet som blir gjort og ytterligare konkretisering av arbeidet. Vedtak: Vedlegg: Vedtaka frå kommunane: Sør- Aurdal, Vang, Vestre-Slidre, Etnedal, Nord Aurdal og Øystre Slidre. I tillegg leggast innspelet frå Nord Aurdal Venstre ved.