Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVAL Møtestad: MØTEROM (2. ETASJE V/KOMMUNESTYRESALEN) Møtedato: 04.03.2014 Kl. Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen. Møte er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagde ut til offentleg gjennomsyn på Offentleg servicekontor. SAKLISTE Sak nr. Saktittel 007/14 Gnr. 50 bnr. 0019 Ny brannstasjon i Porsdalen Storebø, 26. februar 2014 Helge Skugstad Rådmann Side 1 av1
SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 007/14 ARBEIDSMILJØUTVAL 04.03.2014 John Levi Weløy Arkivsaknr. 12/436 Arkiv: FE-612 Gnr. 50 bnr. 0019 Ny brannstasjon i Porsdalen Tilråding frå rådmannen: Arbeidsmiljøutvalet har ingen merknader til saka. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 18.02.2014 plan 1 etg_rev7_alternativ_2_25.09.13.pdf 18.02.2014 plan 2 etg_rev7_alternativ_3_25.09.13.pdf 18.02.2014 Fasade_rev5_ALTERNATIV_3_25.09.13.pdf 18.02.2014 perspektiv_rev2_alternativ_3_25.09.13.pdf Bakgrunn for saka: Austevoll kommune har handsama sak om ny brannstasjon i Porsdalen og det vart gjort følgjande vedtak: Austevoll kommunestyre har handsama sak om brannstasjon og lager for avdeling for utbygging, drift og vedlikehald (UDV) og vedtek følgjande: 1. Oppføring av ny brannstasjon og lager for avdeling for UDV, samt kontoravdeling i 2. høgda på eksisterande tomt i Porsdalen, gnr. 50 og bnr. 19. 2. Prosjektet vert finansiert innanfor ei kostnadsramme på kr 11 621 900,-.
3. Innanfor totalramma ligg meirkostnader til garderobe, bad og verkstad til feiartenesta som vert dekka av fondsmidlar frå kapittel 25102051 i feiarbudsjettet med kr 470 600,-. Vurdering: Brann- og redningstenesta treng ny brannstasjon då eksisterande bygg, det tidligare forbrenningsanlegget i Porsdalen, (gnr. 50/19), er for liten og ikkje er lenger er eigna. Gjeldande forskrift om dimmensjonering av brannvesen skal sikre at kvar kommune har eit brannvesen som er organisert, utrustet og bemannet, slik at oppgåver pålagt i lov og forskrifter vert utført tilfredsstillende samt at den er organisert og dimensjonert på bakgrunn av den risiko og sårbarhet som ligg føre. Ein ny og tenleg brannstasjon vil gjere brann- og redningstenesta betre i stand til å løyse sine oppgåver, hindre at mannskap slutter i tenesta og auke fremtidig rekruttering av brannpersonell. Materiell og utstyr vert betre tatt vare på og oppbevart på ein stad. Austevoll kommunestyre handsama sak om investerings- og finansieringsbudsjett for 2012 2015 der det mellom anna vart gjort vedtak om kr 200 000,- til brannstasjon planleggingsmidlar i 2012 og kr 1 500 000 til ny brannstasjon i 2013, jf sak 159/11 I møte den 13.02.2012 vart det oppretta ei arbeidsgruppa av rådmann. Arbeidsgruppa fekk ei slik samansetting:! Lars Bu, feiar- brannmeister! Øystein Kartveit, vaktmeister og brannbefal! John Levi Weløy, brannsjef! Eivind Suphammar, ingeniør Arbeidsgruppa fekk følgjande mandat:! Rådmann minner om at gruppa held seg til budsjettvedtaket brannstasjon,! Rådmannen minner vidare om at brannstasjonen på eit seinare tidspunkt kan få sitt tilbygg med tanke på uteseksjonen, veg- og bygningsvedlikehald. Det er viktig at brannstasjonen si utforming/ innreiing kan utformast på ein måte slik at ein ved seinare høve (tilbygg) kan få ei samnytte av einskilte rom som til dømes eterom, wc, garderobar og anna. Gruppa har hatt jevnlege møter sidan gruppa vart oppretta 13.02.2012 og det er gjort synfaring på brannstasjonane på Stord og Bømlo. Brannsjefen har også vært i kontakt med kommunar, som har bygd eller er i ferd med å bygge ny brannstasjon og har fått tilsendt planteikningar. Det er også gjort synfaring på bygg i Austevoll som har liknande storleik. På bakgrunn av synfaringar og tilsendte teikningar av brannstasjonar er det utarbeida, teikningsgrunnlag, uteområde og kostnadsoverslag. Arbeidsgruppa har teke utgangspunkt i bygging av brannstasjon på eksitserande tomt. Omfang av brannstasjon og tilleggsbygg: Ein moderne brannstasjon er noko meir enn garasje for brannbilar. Mannskapar skal ha tilfredsstillande høve for garderobefasilitetar og dusjmoglegheiter. Utstyr og bilar skal kunne reingjerast og lager skal kunne være temperert i høve til oppbevaring av utstyr, klede etc. Det er og behov for møterom til briefing, gjennomgangar og generelt ein samlingsplass for mannskapane. Dette er særdeles viktig ved eventuelt store hendingar. Tilbodet som omfattar berre brannstasjon (alt 1), samt opsjonar tilhøyrande alternativ 1, har ein kostnadsramme på om lag kr 7,5 millionar. Dersom ein skal bygge ein brannstasjon for framtida, kjem ein ikkje under dette beløpet.
I anbodsgrunnlaget var det og beden om pris på eventuell utviding av brannstasjon med lager og garasje for avdeling for utbygging, drift og vedlikehald (UDV) og kontorplassar for alle innan UDV og beredskap. Dette har ein samla kostnadsramme på om lag kr 2.9 millionar (alt.2 og alt.3). Austevoll kommune er inne i ein god utvikling der omorganisering og profesjonalisering av ulike tenesteområde har vore sentralt den siste tida. Drift og vedlikehald er styrka med fleire stillingar, vaktmeistertenesta er sentralisert og vedlikehald er eit prioritert område i åra som kjem. Dette krevjar heilt andre fasilitetar for tenesteområde enn det dei har i dag. Ingen lagerplass, utstyr er spreidd ut på ulike stadar, ingen naturleg samlingsplass for vaktmeistarane og dårlege høve for å kunne drive ein effektiv og målretta drifts- og vedlikehaldsteneste. Ved ein samlokalisering av brann- og redningstenesta og UDV oppnår ein også klare fordelar i form ved at personell og utstyr innan brann- og redningstenesta og UDV er samla. Dei arbeidar i fleire tilfelle tett saman, utstyr brukast på tvers og ein oppnår profesjonalisering og stordriftsfordelar. Derfor er også kontorlokale i same bygg ein vesentleg føresetnad for ein god og effektiv drift av tenestene. Dette vil i tillegg fungere som driftssenter for kommunen si kriseleiing og vil framstå som eit moderne beredskapssenter med alle fasilitetar. Ekstrakostnaden er avgrensa og det er kostnadseffektivt å gjere denne utvidinga i tilknyting til bygging av brannstasjon. Det vil sannsynlegvis bli mykje dyrare å gjere denne investeringa seinare, uavhengig av om den samlokaliserast med eventuelle andre kommunale nybygg i framtida. I tillegg frigjer eit slikt bygg kontorplassar på kommunehuset. Rådmannen meinar at når det skal byggast nybygg i kommunen, skal det byggast og dimensjonerast for framtida. Ved for kort horisont er det fare for at slike investeringar må takast på ny fordi dimensjoneringa har vore feil. Det er ikkje rasjonelt, av både økonomiske og driftsmessige omsyn. I dette tilfelle er investeringa avgrensa og den er framtidsretta. Tilleggskostnadene for å oppnå ein samling av personell og utstyr er og låg. Rådmannen vil i tillegg trekke fram at bygging av brannstasjon har vore ute på anbod for relativt lang tid sida. Leverandørar har lagt ned mykje arbeid i sine tilbod og forhandlingar har vore gjennomført. Vik & Hovland AS vant konkurransen og ein avgjersle på saka bør finne sted snarleg. Det er likeeins uheldig dersom det ikkje blir vedteken å bygge ny brannstasjon nå etter at heile prosessen er gjennomført og leverandør er klar til å starte opp. Byggetida er berekna til om lag 5 månader, det betyr at bygget kan stå ferdig til hausten. Etter ei samla vurdering vil rådmannen rå til at det byggast fullverdig brannstasjon, lager for UDV og kontor for begge tenestene.