OPPVEKSTUTVALET MØTEBOK Møtedato: 13.10.2015 Møtetid: Kl. 09:00 10:50 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 019/15-022/15 Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn Parti Sp Sp Sp Krf Krf Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Hege Lothe SV Øyvind Indrebø SV Gunnvor Sunde SD Kjellrun Hjeltnes SD Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Bernt Reed Frå adm. møtte: Oppvekstsjef Olav Fure Utlevert i møtet: KS folkevaldprogram 2015-2019 Orientering: Sjå sak 20/15! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Sak 22/15 vart teken opp i møtet Jeffrey Thomas gjekk frå møtet kl 10:00 Bernt Reed
SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 019/15 Godkjenning av innkalling og sakliste 020/15 Referat og orienteringssaker 021/15 Val av kommunen sine representantar til samarbeidsutvala for perioden 2015-2019 022/15 Mattilbod til elevane på Gloppen opplæringssenter frå asylmottaket på Skei
Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Oppvekstutvalet 13.10.2015 019/15 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Godkjenning av innkalling og sakliste Arkiv: 033 15/1295-1 Utvalsleiaren ber om godkjenning av innkallinga og saklista til møtet. UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING: Oppvekstutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 13. oktober 2015. 019/15 VEDTAK: Oppvekstutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 13. oktober 2015. Vedtaket var samrøystes.
Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Oppvekstutvalet 13.10.2015 020/15 Saksbehandlar: Olav Fure Referat og orienteringssaker Arkiv: 033 15/1294 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 15/11039 X 28.09.2015 Møte i Samarbeidsutvalet 23.09.15 - Breim barnehage 2 15/10423 I 10.09.2015 Kunnskapsdepartement Realfagstrategien - Tett på realfag Orienteringar: Presentasjon av det nye oppvekstutvalet. Om oppvekstsektoren. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 020/15 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka.
Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 13.10.2015 021/15 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: A00 15/1279-1 Val av kommunen sine representantar til samarbeidsutvala for perioden 2015-2019 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Etter 11-1 i opplæringslova skal det vere eit samarbeidsutval ved kvar skule, samansett av to representantar for undervisningspersonalet ein for dei andre tilsette to for foreldrerådet to for elevane to for kommunen, der den eine er rektor. Det er oppvekstutvalet som vel den andre kommunale representanten. Etter 11-1, 2. ledd i lova har samarbeidsutvalet rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen. Tilsvarande skal det etter 4 i barnehagelova vere eit samarbeidsutval ved kvar barnehage. Samarbeidsutvalet skal etter lova vere samansett av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehageeigar kan delta, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei to andre gruppene. Kommunestyret har i 2-2 i barnehagevedtektene for Gloppen kommune sagt at samarbeidsutvala ved dei kommunale barnehagane skal settast saman slik: to representantar med vara frå foreldra/dei føresette to representantar med vara frå dei tilsette to representantar med vara frå kommunen o ein valt av oppvekstutvalet o ein utpeika av rådmannen (dette er styraren i barnehagen). Saksutgreiing: Det er eige samarbeidsutval ved alle skulane og dei kommunale barnehagane, unnateke i Hyen, der skulen og barnehagen har felles samarbeidsutval. Slikt fellesutval er heimla i 11-1, 4. ledd i opplæringslova og 5 i barnehagelova. Det kommunevalde representantane blir valde for heile valperioden.
Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen direkte. Rådmannen si vurdering: Det har vore praksis at oppvekstutvalet har fordelt verva seg imellom. Viss utvalet ikkje vil vidareføre denne praksisen, bør eventuelle andre kandidatar spørjast før dei blir valde. Rådmannen kjem ikkje med framlegg til kandidatar. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Oppvekstutvalet vel desse kommunale representantane til samarbeidsutvala ved skulane og dei kommunale barnehagane for perioden 2015-2019: Skule/barnehage Medlem Varamedlem Breim skule Gloppen ungdomsskule Hyen skule og barnehage Nordstranda skule Sandane skule Breim barnehage Mona barnehage 021/15 VEDTAK: Oppvekstutvalet vel desse kommunale representantane til samarbeidsutvala ved skulane og dei kommunale barnehagane for perioden 2015-2019: Skule/barnehage Medlem Varamedlem Breim skule Venke Kollbotn Svein-Ottar Sandal Gloppen ungdomsskule Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Hyen skule og barnehage Jostein Arne Røyrvik Jeffrey Thomas Nordstranda skule Jeffrey Thomas Hege Lothe Sandane skule Bernt Reed Jostein Arne Røyrvik Breim barnehage Gunnvor Sunde Bernt Reed Mona barnehage Hege Lothe Gunnvor Sunde Vedtaket var samrøystes.
Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 13.10.2015 022/15 Saksbehandlar: Olav Fure Arkiv: B02 15/400-12 Mattilbod til elevane på Gloppen opplæringssenter frå asylmottaket på Skei Ingen vedlegg. Saka vart teken opp i møtet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING:.. Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Oppvekstutvalet ber rådmannen ta kontakt med Jølster kommune for å drøfte ei løysing på utfordringane knytt til mattilbodet for elevane frå asylmottaket på Skei som har undervisning ved Gloppen opplæringssenter. Framlegget vart samrøystes vedteke. 022/15 VEDTAK: Oppvekstutvalet ber rådmannen ta kontakt med Jølster kommune for å drøfte ei løysing på utfordringane knytt til mattilbodet for elegvane frå asylmottaket på Skei som har undervisning ved Gloppen opplæringssenter. Vedtaket var samrøystes.