1 BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Breheimen nasjonalpark Mørkridsdalen landskapsvernområde Vigdalen landskapsvernområde Strynefjellet landskapsvernområde Mysubytta landskapsvernområde Høydalen landskapsvernområde Høyrokampen naturreservat Breheimen nasjonalparkstyre protokoll frå styremøte 5/2011 Tid: Onsdag 14.september kl.1200 Stad: Telefonmøte Representatar til stades : Rolv Kristen Øygard (leiar) Rannveig Brennhaug Jorunn Kirketeig Anne Marie Bagstad Jøranli Representantar som var fråverande: Torodd Urnes, vararepresentant Bergljot Buskaker var innkalla, men stilte ikkje. Simen Bjørgen vararepresentant Mai Bakken var innkalla, men stilte ikkje. Elles var desse til stades: Magnus Snøtun og Bjørn Dalen Sakliste Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 60-2011 Godkjenning av innkalling og sakliste 61-2011-62-2011 Særskilde styresaker 63-2011 Orienteringssak omdisponering av midler frå Bestillingsdialogen Underskrift Eg stadfestar med mi underskrift at det som er ført i protokollen er i samsvar med det som vart vedteke i møtet. 14.09.2011 Rolv Kristen Øygard leiar (Sign.)
2 Sak nr. 60-2011 Godkjenning av innkalling og sakliste Innstilling: Innkalling og sakliste vart godkjent. Vedtak: Innkalling og sakliste vart godkjent. Samrøystes.
3 Sak 61-2011 Høyrokampen naturreservat klage på avslag om transport av ved med traktor til hytte ved Bøvertjønnen hyttegrend - Rolf Y. Berg (arkivsak 2011/4743) Dokument i saka: 1. Søknad frå Rolf Y.Berg dagsett 28.juni 2011. 2. Vedtak i Breheimen nasjonalparkstyre v/arbeidsutvalet, sak 34/2011, den 26.07.2011. 3. Brev til Rolf Y.Berg, med vedtak, dagsett 27.07.2011. 4. Klage på avslag frå Rolf Y. Berg, dagsett 10.august 2011. 5. Brev, med foreløpig svar til Rolf.Y. Berg, frå leiar i Breheimen nasjonalparkstyre Rolv Kristen Øygard. Klagene vurderes iht.: 1. Forskrift for Høyrokampen naturreservat dagsett 7. august 2009. 2. Naturmangfoldloven av 19. juni 2009 nr. 100. Saksframlegg Generelt Vi viser til klageskriv på Breheimen nasjonalparkstyret v/ arbeidsutvalet sitt vedtak dagsett 10.08.2011. Klaga er fremja av Rolf Y. Berg, Eddaveien 32B, 0772 Oslo. Klagaren har rettsleg klageinteresse i saka, klaga er komen inn til rett tid og vilkåra for handsaming er oppfyllt. Breheimen nasjonalparkstyre vart konstituert i møte 19. januar 2011. Miljøverndepartementet har i brev av 01.02.2011 delegert myndet for verneområda i Breheimen til Breheimen nasjonalparkstyre. Bakgrunn Rolf Y.Berg søkte i brev dagsett 28.06.2011 om å få køyre ved med traktor på barmark gjennom Høyrokampen naturreservat til hytta si ved Bøvertjønnen i Leir- og Bøverdalen statsallmenning. Breheimen nasjonalparkstyre v/arbeidsutvalet avslo i sak dagsett 26.07.2011 Rolf Y. Berg sin søknad. Vedtaket lydde: Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre avslår, med heimel i verneforskrift for Høyrokampen naturreservat, 5 bokstav b, søknad frå Rolf. Y. Berg Eddaveien 32B, 0772 Oslo, om å få bruke traktor for inntransport av ved gjennom Høyrokampen naturreservat til hytte ved Bøvertjønnen. Nasjonalparkstyret la vekt på reglane for ferdsel i verneforskrifta for Høyrokampen naturreservat, dagsett 7.august 2009, der det heiter: 5. Regulering av ferdsel For naturreservatet gjeld føljande reglar om ferdsel: b) Motorferdsel til lands og på vatn, mellom anna start og landing med luftfartøy, er forbode. I saksutgreiinga vart og det vist til verneforskriftas 7 punkt i) som heimlar køyring av ved på vinterføre med snøscooter gjennom reservatet, etter søknad. Her følgjer ei skisse over den aktuelle lokaliteten:
4 Kartutsnitt over den aktuelle lokaliteten med reservatgrenser i grøn strek, endepunkt for veg (Pplass) og den aktuelle hytta, avmerka med Berg s namn. Klageskrivet I klageskrivet argumenterer Rolf Y. Berg for omgjering av vedtak ut ifrå følgjande punkt: Punkt 1. Justering av reservatgrensa. Her blir det argumentert for flytting av reservatgrensa ved å ta ut dei 2 utbuktingane ned mot Bøvertjønn, som er lokalitetar for i hovedsak Aursjøløvetann, og heller frede ein lokalitet med Lapprose som ein reservatutpost lenger vest. Kommentar: Verneplanprosessar er tunge planprosessar som involverer mange instansar. Det er gjort grundige vurderingar, gjennom fagrapportar og konsekvensutgreiingar på fleire område som til saman dannar grunnlaget for dei grensene som er trekte for reservatet. Blant anna som omtala i vurderinga i sak 34-2011 til arbeidsutvalget. Her vart det vist til under kunnskapsgrunnlaget, jfr. NML 8, der det er vist til Miljøfagleg utredning AS sin rapport 10/2007. Området verna som reservat har eit strengt vern og terskelen for endringar av grensene skal liggje høgt. Nasjonalparkforvaltaren ser det derfor som uaktuelt å arbeide for å endre grensene berre 3 år etter at vernevedtaket trådte i kraft, 7.august 2009. Punkt 2.Tillatelse til nødvendig sommertransport av ved og annen tung last på eksisterende traktorvei gjennom reservatets vestlige utbuktning ved Bøvertjønnen. Her argumenterer Berg ut ifrå 3 forhold: a) Her argumenterer Berg, med bakgrunn i si fagkompetanse som botaniker for at eit løyve til køyring gjennom reservatet ikkje vil skape presedens for andre liknande stader fordi saka er så spesiell. b) Her seier Berg seg lei for å ha påført sine hyttenaboar problem gjennom måten verneområdegrensa er trekt, bl.a. med bakgrunn i hans kompetanse som botaniker.
5 Samtidig meiner han at saka, som nemnt i punkt a, vil skape presedens for hyttenaboane hans (3 stk.). c) Her blir det argumentert med at Aursjøløvetann er ei svært robust plante som spreier seg i området. Med bakgrunn i dette meiner han at kryssing av dei 2 utgreiningane av verneområdet med traktor ikkje vil representere nokon trussel for at veksestadane i det lange løp blir redusert. Kommentar: Området er verna som reservat som er strengaste verneforma etter naturmangfaldlova det skal sikre sjeldan eller sårbar natur. Generelt vil motorferdsle med traktor på barmark i reservat er svært kontroversielt. I kongeleg resolusjon dagsett 7.august 2009 er det i punkt 7.7.2.4 Motorferdsel, vart det teke omsyn til transport til hytter i området på vinterføre. Det var Lom hytteservice og Lom fjellstyre som i høyringa kom med innspel på dette og det førte til at 7 punkt i) vart tilført verneforskrifta for Høyrokampen naturreservat i verneplanprosessen. Dette gjer det mogleg å frakte inn til hyttene ved Bøvertjønn varer og utstyr som trengst på vinterføre utan at det oppstår slitasje og skade. Konklusjon Nasjonalparkforvaltaren ser ikkje at det er framført moment i klageskrivet som gje grunnlag for å endre vedtaket i arbeidsutvalssak 34/2011 (arkivsak 2011/4743). Hytteeigarane må for framtida innrette seg på å nytte snøscooter for transport inn til hyttene, på vinterføre. Som vist til i saka er det heimel for slik køyring etter søknad til forvaltningsmyndet, jf. Verneforskrifta for Høyrokampen naturreservat 7 punkt i). Dette er ei skånsam form for transport som ikkje vil ha nemneverdige påverknad på vernekvalitetane i området. Framlegg til vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å avslå klagen frå Rolf Y. Berg Eddaveien 32B, 0772 Oslo. Klaga gjeld avslag på løyve til å køyre ved med traktor gjennom Høyrokampen naturreservat, til hytte ved Bøvertjønn, gjeve av Breheimen nasjonalparkstyre v/arbeidsutvalssak 34/2011 (arkivsak 2011/4743). Saka blir oversendt Miljøverndepartementet for avgjerd, med kopi til Direktoratet for naturforvaltning. Vedtak: Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å avslå klagen frå Rolf Y. Berg Eddaveien 32B, 0772 Oslo. Klaga gjeld avslag på løyve til å køyre ved med traktor gjennom Høyrokampen naturreservat, til hytte ved Bøvertjønn, gjeve av Breheimen nasjonalparkstyre v/arbeidsutvalssak 34/2011 (arkivsak 2011/4743). Saka blir oversendt Miljøverndepartementet for avgjerd, med kopi til Direktoratet for naturforvaltning. Samrøystes. Utskrift sendt pr. e-post til : Det Kgl. Miljøverndepartement, Oslo Direktoratet for naturforvaltning, Trondheim Fylkesmannen i Oppland, Lillehammer Lom fjellstyre, Lom Lom Kommune, Lom Utskrift sendt pr. brev til: Rolf Y. Berg, Eddaveien 32B, 0772 OSLO
6 Sak 62-2011 Breheimen nasjonalpark omlegging av vassveg/marsteingrove Lomseggen Sameie (arkivsak 2011/5677) Dokument i saka: 1. E-post dagsett 16.august 2011 frå Lomseggen Sameie v/ole Magnar Hoft. Søknad om stikking-og graving av grøft innanfor/nordfor Smittbua innpå høa nord for Marsteingardane i Lom. 2. E-post dagsett 19.august frå Ole Magnar Hoft. Diverse tillegginformasjon i saka. 3. Bilde frå kartlegging og oppmåling av brukarane. 4. E-post frå Lom kommune v/avd. for Plan og miljø. Saksframlegg Søknaden Lomseggen Sameie søkjer om å få leggje om ca. 20 meter av vassvegen Marsteinsgrove. Bakgrunnen for omleggingsforslaget er at delar av eksisterande vassveg ligg slik til at eindel vatn drikk ned i grunnen rett ovanfor Smithbua ei steinbu nedan for vassvegen. Dette fører til at det blir svært fuktig i bua og om vinteren frys vatnet og øydelegg murveggane i bua. Det er derfor også behov for å restaurere bua. I fyrste omgang søkjer Lomseggen Sameie om å få leggje om vassvegenover ei strekning på 20 meter. Heimel Verneforskrift og hjemmel 1) Etter verneforskrifta, 3 punkt 1.1 for Breheimen nasjonalpark, er det forbod mot inngrep av alle salg bl.a. vassdragsregulering, graving, utfylling og lagring av masse, sprenging og boring og bryting av stein og masse m.m. 2) Etter verneforskrifta, 3 punkt 1.2 bokstav c) for Breheimen nasjonalpark, er ikkje 3, punkt 1.1. til hinder for - vedlikehald av eksisterande vatningsanlegg i samsvar med retningsliner fastsette i forvaltningsplanen, jf. 5. 3) Etter verneforskrifta 4, kan det gjerast unnatak for verneforskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunninteresser gjer det naudsynt, jf. Naturmangfaldlova 48. Oppsummering: Ut ifrå tiltaket vurderer ein det slik at omleggjing av vassvegen er av så stort omfang og ei slik beskaffenheit at saka må handsamast etter verneforskrifta 4, jf. Naturmangfaldlova 48. Vurdering Området der vassvegen går er bratt. Der omleggjinga er tenkt gjennomført går den på ei flate, ut mot ein kant og nedanunder er det eit berg og grov urd. Vi viser til bilde frå lokaliteten her:
7 Oversiktbilde teke frå helikopter under reinsteljinga 2011, foto SNO-oppsyn Øyvind Angard. Situasjonsbilde frå oppmåling der eksisterande vassveig ligg til høgre og målebandet ligg der ny trase er tenkt, Bøverdalen ned til venstre, foto frå gardbrukar Ståle Bergheim. Vurdering etter naturmangfaldlova: 8 kunnskapsgrunnlaget: Vi meiner at kunnskapen om verknadane av tiltaket er godt. Det gjeld her å sikre at ein kunstig vassveg så den ikkje gjer meir skade på naturen i området ved ei mindre omlegging. Artsmangfaldet i området blir vurdert som lite. 9 føre-var-prinsippet: Sidan kunnskapsgrunnlaget, etter vårt skjøn er godt nok i denne saka, meiner forvaltaren at det ikkje er særskilde store farar med prosjektet. Vi meiner det likevel er viktig at SNO følgjer opp med inspeksjon etter at tiltaket er gjennomført og blir sett i drift neste
8 år (2012). 10 økosystemtilnærming og samla belasting: Omlegging av vassvegen er viktig både av tryggleiksgrunnar og for å ta vare på verdiane knytt til slike tradisjonelle anlegg. Vi meiner at den samla belastinga er akseptabel. 11 kostnadane ved miljøforringing skal berast av tiltakshavar: Det er ikkje venta at tiltaket vil forringe miljøet. 12 miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar: Ulike metodar for vedlikehald er vurdert, men tiltakshavarane har bestemt seg for å grav ny grøft manuelt med hakke og spade. Det vil føre til liten eller ingen påverknad på området rundt. Konklusjon Med bakgrunn i behovet for å sikre Smithbua som kulturminne mot øydelegging og hindre skade frå eventuell utrasing av vassvegen, samt at inngrepet er forholdvis meiner ein at tiltaket kan gjennomførast på visse vilkår. FRAMLEGG TIL VEDTAK Nasjonalparkstyret for Breheimen gjev, med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark 4, jf. 48 i naturmangfaldlova, løyve til omlegging og utbetring av vassvegen Marsteinssgrove i Bøverdalen, Lom som omsøkt. Det blir sett følgjnade vilkår: Vilkår - Tiltaket skal vere avslutta innan 15. oktober - Vassvegen kan leggjast om over ei strekning på 20-30meter - Tiltaket skal gjennomførast som manuelt arbeid - Den gamle greina av vassvegen må tettast forsvarleg slik at ikkje vatn ved storvassføring tek det gamle faret - Nasjonalparkstyret ved forvaltar/sno skal godkjenne arbeidet inkludert tilstelling etter at arbeidet er gjort Klage Det kan klagast på vedtaket i medhald av forvaltningslova 28. Frist for å klage er tre veker frå vedtaket er motteke.. Ei ev. klage skal stillast til Miljøverndepartementet, men sendast Breheimen nasjonalparkstyre. Vedtak Nasjonalparkstyret for Breheimen gjev, med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark 4, jf. 48 i naturmangfaldlova, løyve til omlegging og utbetring av vassvegen Marsteinssgrove i Bøverdalen, Lom som omsøkt. Det blir sett følgjnade vilkår: Vilkår - Tiltaket skal vere avslutta innan 15. oktober - Vassvegen kan leggjast om over ei strekning på 20-30meter - Tiltaket skal gjennomførast som manuelt arbeid - Den gamle greina av vassvegen må tettast forsvarleg slik at ikkje vatn ved storvassføring tek det gamle faret - Nasjonalparkstyret ved forvaltar/sno skal godkjenne arbeidet inkludert tilstelling etter at arbeidet er gjort
9 Klage Det kan klagast på vedtaket i medhald av forvaltningslova 28. Frist for å klage er tre veker frå vedtaket er motteke. Ei ev. klage skal stillast til Miljøverndepartementet, men sendast Breheimen nasjonalparkstyre. Utskrift sendt pr. e-post til: Lomseggen Sameie v/ leiar Ola Magnar Hoft, 2687 Bøverdalen Lom Kommune v/ Sander Sælthun
10 Sak 63-2011 Orienteringssak Omdisponering av midler frå Bestillingsdialogen (arkivsak 2011/1112) Saksframlegg Magnus Snøtun orienterte om prosjekt i Luster som hadde blitt dyrare enn fyrst forutsett. Spørsmålet som melder seg er om det er midler andre stader som kan omdisponerast for å vere med å delfinansiere prosjekta. Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek at forvaltarane lagar sak til neste møte der ein får oversikt over den økonomiske stoda i prosjekta og korleis meirkostnaden kan dekkast opp.