REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 07.09.2007 Stad: Vesterveien 15 b, Kristiansand Desse møtte: Olav K. Mosdøl 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Ole P. Bruun 4755 HOVDEN Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Anne Ellen Senum Randi Steinsholt 4755 HOVDEN 4755 HOVDEN Referat frå: Kjell Pedersen-Rise. Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 12.09.07 Agenda: 1. Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 2. Referatsaker/orientering 3. Drøfting av utviklingstankar 4. Søknad om erstatning 5. Prosjektplan for forprosjekt Heimte 6. Overtaking av eigedom 7. Stadfesting av vedtak BykleMat + søknad om garanti for kassekreditt 8. Søknad om lokalisering av elgpark 9. Søknad om tilskott- utviding av produktsegment 10. Søknad om støtte til husleige 11. Justering av krav til garantiar for husleige i Hovdetun 12. Drift av Hovdetun og parkeringsanlegg 13. Organisering av dotterselskap 14. Garantiar for husleige i Hovdetun 15. Statusrapport økonomi 16. Søknad om fri til deltidsstudium 17. Stadfesting av vedtak 18. Eventuelle andre saker 1
SAK 01. GODKJENNING AV REFERAT Det hadde ikkje kome forslag til endringar av siste utkast. : Styret godkjende referatet frå møte 12.06.07, og underskreiv dette. SAK 02. REFERATSAKER/ORIENTERING A. HovdenFerie - orientering Det er halde generalforsamlingar i selskapet, og vala av BHV sine representantar er gjennomført i samsvar med tidlegare vedtak. Frå reiselivslaget er Tom Kvinlog og Jan Dalen valde. Frå BHV er Odd Grønberg, Inger Cathrine Bryne og Kjell Pedersen-Rise valde. Kommunestyret har løyvd midlar til Hovden Løypekøyring AS til innkjøp av ei ny løypemaskin. Endeleg organisering av løypekjøring og vertskap må vedtakast i samband med gjennomgangen til Hans Otto Andersen. Danmarkskampanjen er i gang. Mesteparten av samordninga skjer mot Colorline i Danmark. Styret har også bedt DL om å aktivisere samarbeidet mot Colorline i Kr.sand, m.a. med felles tiltak i samband med ny ferge i januar 2008. B. Bykle2020 kommuneplan Kommuneplanen blei eigengodkjent i kommunestyret 30.08.07. Det gjenstår no endelig utforming og trykking av planen. C. DDA Avtalen med dei 30 kommunane og fylkeskommunane skal vere klar 10.09.07. Det blir nå etablert ein eigen organisasjon for utbygging, oppfølging og kontroll. BHV sitt engasjement blir gradvis trappa ned. På forespørsel frå fylkeskommunane har vi laga ein eigen prosjektplan for eit eige mobildekningsprosjekt på Agder. D. Prosjekt VA - Hovden Sør Prosjektet er no inne i sluttfasa av kontrahering av første entreprenøranbud. Det blir vurdert å samlokalisere Hovden reinseanlegg og det planlagte reinseanlegget i Hovden Sør til eitt nytt renseanlegg ved sørenden av Hartevatn. Anlegget er planlagt driftsklart i juli 2010. E. Reiseliv/Helse/Idrett BHV har utarbeidd ein eigen prosjektplan for eit forprosjekt innanfor dette temaet. Den er oversendt Innovativ Fjellturisme, med søknad om kr 200.000 i støtte til forprosjekt. Vi har fått positiv respons, men ikkje motteke endeleg tilbakemelding. 2
F. Hovden Booking Dagleg leiar Anita Vik har sagt opp stillinga si i selskapet. Ho skal inn i stilling som reiselivssjef i Sirdal. Det blir eit stort tap for Hovden Booking, der ho har gjort ein flott innsats. Selskapet ser med uro på grunnlaget for bookingverksemda. Dersom vi skal tene pengar, må vi nok ha eigne einingar å booke. Vi er i dialog med ulike partar som er interesserte i ein avtale med HB. G. Kommunedelplan tur- og skiløyper Det blir arbeidd med denne planen saman med administrasjonen i kommunen. Referansegruppa skal ha møte 4. oktober. H. Tildeling av etableringstilskott Styret hadde ikkje merknader til administrativt vedtak om å gi Hovden Hud og Velvære ved Linda Haugen etableringstilskott på kr 25 000,- og inntil kr 5 000,- til marknadsføring. I. Bjåen Fjellstoge Det blei orientert om at Ragnhild Bjåen har gjort ein del utbetringar og oppussing av Fjellstova i løpet av sommaren. Ho har fått godkjenning frå Brannvesenet for drift av Fjellstova, og Mattilsynet har også godkjent drifta. Ho får utbetalt tilskott i samsvar med tidlegare vedtak. J. Vågåseminaret BHV deltok på distriktspolitisk seminar i Vågå 27- - 29. august. Hovudtema var næring og kultur, med fokus på å oppretthalde/ auke folketal. Seminaret var nyttig med tanke på det komande arbeidet med Heimteprosjektet. K. Vinmonopol på Hovden Vi har vore i ny kontakt med Vinmonopolet med tanke på etablering på Hovden. Det er avgjort at det i 2007/08 skal settast i drift 9 nye forsøkspol. Hovden er ikkje blant desse. Nye etableringar vil truleg ikkje skje før i 2009. SAK 03. DRØFTING AV UTVIKLINGSTANKAR Styret bruka starten av møtet til å drøfte tankar om utviklingstiltak. Nokre av sakene som blei drøfta er førte som vedtak under eventuelle andre saker Det er viktig å arbeide vidare med å få etablert eit arrangementselskap. Seinare i haust bør strategiplanen reviderast. Styret skal legge fram sine tankar gjennom strategiplanen, og markere selskapet si plattform og kursen vidare. For å bygge opp kompetanse og hjelpe til med rekruttering, kan BHV prøve å rekruttere nyutdanna til BHV, der dei kan arbeide med ulike analyseoppgaver m.m. for ein gitt periode. Det er også viktig å bygge opp eit godt og vedlikehalde faktaunderlag gjennom masteroppgaver m.m. 3
SAK 04. SØKNAD OM ERSTATNING Saka er under vidare handsaming. SAK 05. PROSJEKTPLAN FORPROSJEKT HEIMTE Det er utarbeidd prosjektplan for eit forprosjekt som skal vidareutvikle Heimteprosjektet. Fokus i forprosjektet er ei kartlegging av flyttemønster inn og ut av kommunen, og årsakar. Etter kartlegginga skal aktuelle bulyst-tiltak vurderast. Styret godkjende framlagte prosjektplan. Ein finn det tilstrekkeleg med styringsgruppe på tre personar og oppnemner ikkje fleire representantar frå BHV. I første omgang er det ønskjeleg å knyte prosjektet opp mot Bykle, men på sikt kan BHV vere interessert i å utvide nedslagsfeltet for prosjektet. SAK 06. OVERTAKING AV EIGEDOM Avslag. SAK 07. STADFESTING AV VEDTAK OG GARANTI FOR KASSAKREDITT Kjerneverksemda til BykleMat vil vere foredling og sal av lammekjøt, og dei har som mål å bygge ei merkevare for høgkvalitetsmat frå Øvre Setesdal. Denne hausten skal dei ha ein produksjon med 400 lam frå Bykle og Valle, som skal foredlast til pinnekjøt og fenalår. Då det ikkje er eigna foredlingslokaler i Bykle har dei inngått avtale om foredling hos Nyyyt i Bjerkreim. På lengre sikt er målet å bygge eit eige produksjonslokale i Bykle, og dei ser for seg at andre produsentar av lokal mat kan marknadsføre og distribuere produkta sine gjennom merkevaren BykleMat. Ein sentral del av marknadsføringa for BykleMat blir innpakking og å fortelje den gode historia rundt produkta dei tilbyr. Kundane nåast gjennom direkte sal i Bykle, på messer/ marknader i landsdelen og med sal over internett. Indirekte sal skjer gjennom hotell og restaurantar i landsdelen. Styret i Bykle og Hovden Vekst AS gir eit tilskott på kr 82 891,- til BykleMat AS. Dagleg leiar får fullmakt til å auke tilskottet dersom tilskott frå Innovasjon Norge blir lågare enn omsøkt. Bykle og Hovden Vekst AS stiller garanti for kassekreditt på kr 200 000,- for BykleMat AS hos Sparebanken Sør. 4
SAK 08. SØKNAD OM LOKALISERING AV ELGPARK Styret drøfta søknad om lokalisering av elgpark. Bykle & Hovden Vekst AS avslår søknaden, men vil hjelpe til med å kartlegge alternartiv plassering av elgpark. Dersom BHV skal ha noko økonomisk engasjement i prosjektet, må det gjennomførast eigne økonomiske analyser, knytta til mogleg lokalisering. SAK 09. SØKNAD OM TILSKOTT UTVIDING AV PRODUKTSEGMENT Avslag. SAK 10. SØKNAD OM STØTTE TIL HUSLEIGE Avslag. SAK 11. JUSTERING AV KRAV TIL GARANTIAR FOR HUSLEIGE I HOVDETUN Styret drøfta krav i leigekontrakter med leigetakarar i Hovdetun. Hovdetun AS gir søkarane dispensasjon frå leigeavtalen slik at leige blir betalt forskuddsvis pr mnd, og utan at det blir stilt krav til øvrig sikkerheit. et gjeld i eitt år frå 1.september 2007. Det vil etter eitt år bli foretatt ny vurdering av dette. SAK 12. DRIFT AV HOVDETUN OG PARKERINGSANLEGG Styret drøfta løysingar for drift av Hovdetun og parkeringsanlegg. Drifta av Hovdetun og parkeringanlegget blir lyst ut på anbud. SAK 13. ORGANISERING AV DOTTERSELSKAP Styret drøfta organisering av dotterselskap i Bykle og Hovden Vekst AS. Styret i Bykle & Hovden Vekst AS gir administrasjonen fullmakt til å fusjonere Fjellparkering AS, Hovden Parkering AS og Hovdetun saman med Bykle- Nærings- og 5
Utviklingsselskap AS. Styret ønskjer at kommunen eller Hovden Skigymnas AS overtek hybelbygga. SAK 14. GARANTIAR FOR HUSLEIGE HOVDEN BOOKING OG HOVDEN FERIE Hovden Ferie AS og Hovden Booking AS får fritak frå kravet om å stille garanti i forbindelse med leigeavtalen med Hovdetun AS. Fritaket gjeld så lenge Bykle & Hovden Vekst AS er majoritetseigar i selskapa og/eller inntil det eventuelt blir nye eigarar av Hovdetun. SAK 15. STATUSRAPPORT ØKONOMI Administrasjonen orienterte om rekneskap for BHV 1. halvår 2007. Styret tok økonomirapportane til etteretning. SAK 16. SØKNAD OM FRI TIL DELTIDSSTUDIUM Jostein Moe har søkt om fri med løn for å gjennomføre deltidsstudie. Jostein Moe får fri med løn for å gjennomføre samlingane i samband med deltidsstudiet Executive MBA i økonomisk styring og leiing. Det blir i tillegg gitt fri til eksamensdagar og lesedagar i samsvar med offentlege avtalar. Jostein Moe får ei bindigstid på 2 år i BHV, etter fullført utdanning. SAK 17. STADFESTING AV VEDTAK - HOVDENFERIE AS Det blir i september sett i gong ein stor marknadskampanje for å ta att tapte marknadsandelar på Jylland. Kampanjen er eit samarbeid med ColorLine, og totalt budsjett er på 1,2 millionar. Kampanjen inneber mellom anna bussreklame, billboards og trykksak til 405 000 husstander. Bykle og Hovden Vekst AS stadfestar tidlegare vedtak om tilsagn på inntil kr 657.000 i støtte til Danmarkskampanje, men stiller krav om at det skal arbeidast for å få større støtteandel frå Colorline og arbeidast med god lokal forankring. 6
SAK 18. EVENTUELLE ANDRE SAKER Analyse av konsekvensar av reduksjon i andel av varme senger Reidar Fuglestad kom med forslag om at BHV skal bestille ei analyse av konsekvensane av reduksjon av andel av varme senger på Hovden. Styret slutta seg til dette. 7