Stanghelle- Dale Skisserte løysingar for veg og jernbane Bakgrunn Forprosjekt med siling for E16 og Vossebanen Arna Stanghelle vil på lengre sikt få ei vidareføring mot Dale og Voss. KVU og bestillinga knytt til pågåande arbeid avgrensar prosjektet til strekningen Arna-Stanghelle. For å finne gode og framtidsretta løysingar på Stanghelle var det naudsynt å vurdere korleis løysingane kunne vidareførast mot Dale og Voss. Det vil vera naturleg at trafikk mellom Dale og Voss primært vil ynskja ei påkopling mot E16 aust for Dale, og motsvarande vest for Dale for trafikk til og frå Bergen. Studieområdet vart difor utvida til Dalseid. Ingen dagsoner er lange nok til at eit fullt kryss kan lokaliserast på ein stad. Samspel mellom to halve kryss er difor også naudsynt ut frå topografien, og det halve krysset mot Bergen er tilrådd plassert ved Helle. Det er berre studieområdet som er utvida. Planområdet er fortsatt avgrensa til Stanghelle/Helle. I dette notatet presenterer vi difor berre overordna kva løysingar som er vurdert mellom Stanghelle og Dalseid, og kva samanheng det vil vere mellom desse løysingane og alternativa ved Stanghelle. Alternativa presentert nedanfor vert ikkje evaluert eller samanlikna opp mot kvarandre, men er meint som hjelp til seinare arbeid med vidareføring av prosjektet mot Voss. Dale stasjon er tiltenkt som stopp for regiontog. Plattformlengda må difor dimensjonerast for tog på opp til 350 meter lengd, mot 250 meter der bere lokaltoga skal stogga. Vurderte alternativ for jernbane Det er i framtidig situasjon ikkje mogleg å oppretthalda dagens stasjon på Dale. Kurvaturen på begge sider av denne står i dag ikkje i høve til krava om kurvatur for 200 km/t. Dagens stasjon ligg dessutan i eit område utsett for skred, og oppfyller difor ikkje dei krava som i dag gjeld for sikring av eit nytt stasjonsområde. Det må difor vurderast nye stasjonslokaliseringar som er tilpassa kurvatur og vidareføring av ny jernbanetrasé. Handlingsrommet for kva som vil vere mogelege framtidige løysingar for stasjonsplassering på Dale vart ikkje vurdert som stort i silingsfasen. Alle løysingar må kunne tilpassast planlagt traseføring og stasjonslokalisering ved Stanghelle, samstundes som jernbanelinja på ein skredsikker måte skal kunna vidareførast mot Voss utan for store konfliktar med eksisterande arealbruk. n:\516\38\5163899\5 arbeidsdokumenter\56 silingsrapport\notat stanghelle-dale. skisserte løysingar for veg og jernbane.docx Side 1 av 7
Figur 1: Vurderte alternative trasear Stanghelle-Dale Ei tidleg påtenkt løysing med å legga stasjonen på tvers av dalen like ved Dale barneskule, er ikkje lenger vurdert som mogleg. Her vert dagsona for kort for fulle plattformlengder, og den vestlege fjellsida har stor skredfare. Ei lokalisering som er vurdert å gje god tilknyting til Dale sentrum er å leggja en stasjon i Fabrikkvegen på Dale. Denne vil få ein sentral plassering i tettstaden, men vil samstundes ha større konfliktar med eksisterande arealbruk. Dette grunna stiv kurvatur. Anten gir dette konflikt med det relativt nye bu og omsorgsenteret, eller den nyare delen av industribygga langs vegen. Figur 2: Eksempel på plassering av ny stasjon i Fabrikkvegen i konflikt med bu og omsorgsenteret i kvartalet mot Stasjonsvegen. Figur 3: Eksempel på plassering av ny stasjon i Fabrikkvegen i konflikt med delar av dei nyare industribygga. Andre alternativ som har vore vurdert er ny stasjon lokalisert nærast mogleg dagens stasjon på Dale, men likevel eit stykke sørvest for denne. Her er sporet rettare, og skredfaren låg, men ein er då avhengig av å finna ei god ny linjeføring vidare forbi Dale mot Voss. Samanlikna med dagens stasjon vil ein ny stasjon her få ei mindre sentral plassering. n:\516\38\5163899\5 arbeidsdokumenter\56 silingsrapport\notat stanghelle-dale. skisserte løysingar for veg og jernbane.docx Side 2 av 7
Figur 4: Eksempel på ny stasjon sørvest for dagens stasjon på Dale, og ny framtidig jernbanetrasé gjennom dei nyare delane av industribygga. Figur 5: Eksempel på ny stasjon sørvest for dagens stasjon, og ny trasé i tunnel og dels open byggegrop gjennom Dale. Stasjon ved Dalegarden har òg vore vurdert, men nærleik til stasjonen på Stanghelle, og avstanden til befolkningskonsentrasjonen i Dale, gjer denne lite gunstig. Skulle vidare planarbeid likevel tilrå ei samordning av Stanghelle og Dale stasjonar, peikar Dalegarden seg betre ut som ei god plassering. Figur 6: Eksempel på plassering av ny stasjon ved Dalegarden. Best eigna i kombinasjon med jernbanetunnel direkte frå Vaksdal (ikkje stasjon på Stanghelle). Vurdert som lite aktuell grunna avstand til Dale og nærleik til Stanghelle. Vidare utgreiing av løysingar for traseen frå Stanghelle mot Dale og vidare mot Voss høyrer naturleg til i neste fase av planlegginga for E16 og Vossebanen. n:\516\38\5163899\5 arbeidsdokumenter\56 silingsrapport\notat stanghelle-dale. skisserte løysingar for veg og jernbane.docx Side 3 av 7
Vurderte alternativ veg I prosjekt Arna Stangehelle ligg det berre inne kopling til dagens veg ved Helle. Halvt kryss med ramper til og frå Bergen vert likevel utgreidd for dette området, slik at planlagt og midlertidig løysing vert koordinert på ein god måte. Motsvarande halvdel av krysset for full utbygging av E16 vidare mot Voss er berre grovt skissert, og løysingane er ikkje veid mot kvarandre eller silt. Dagens veg mellom Stangehelle og Dale har relativt god standard. Denne vegen vil difor greitt kunne inngå som delstrekning i eit nytt vegkryss for området. Dagstrekningar i området er ikkje lange nok til at eit fullt kryss kan plasserast i same område, så uansett løysing må dagens veg nyttast mellom to halve kryss. Ideelt sett bør kryss mot vest leggast vest for hovudtyngda av busetnaden, og kryss mot aust tilsvarande aust for busetnaden. Dette tilseier at kryss retning Voss fortrinnsvis bør lokaliserast aust for Dale sentrum. Dette området er anten prega av tett busetnad og trong dal, der veg og jernbane allereie tek mykje av plassen, eller eit opent jorde med dårlege grunntilhøve og bratt rasfarleg fjellside (Dalseid). Vi har difor også sett på løysingar ved Dalegarden. Nedanfor er dei ulike løysingane omtala. Alternativ Dalegarden 1: Nyttar i stor grad dagens trase for E16 over Dalegarden langs vestsida av den store industrihallen til bedrifta Arnpro. Dagens bru over Daleelva vert brukt som rampe av frå nord. Lokalveg (gamle E16) vert lagt om inn under den nye vegen, og både denne og ny E16 kryssar Daleelva på nye bruer. Påhogg for ny E16 mot Dale er tenkt like aust for dagens påhogg. Krysset krev ikkje fråvik frå vegnormalkrav, men må optimaliserast opp mot krava akseptkriteria for skredsikker veg. Lokalveg mot bratt og skredutsett bergvegg kan gi store utfordringar med tanke på sikkerheit i byggeperiode, og tilkomst til dette området må difor kanskje løysast på annan måte. Figur 7: Alternativ med ny E16 langs vestsida av Arnpro. n:\516\38\5163899\5 arbeidsdokumenter\56 silingsrapport\notat stanghelle-dale. skisserte løysingar for veg og jernbane.docx Side 4 av 7
Alternativ Dalegarden 2: Her er ny E16 lagt midt gjennom Dalagarden på søraustsida av industribedrifta Arnpro. Ny E16 nyttar dagens påhogg mot Dale. Påhogg for gamlevegen mot Dale må då leggast om. Krysset krev ikkje fråvik frå vegnormalkrav. Ei finjustert linje for hovudvegen vil kunne ivareta både risiko for byggemannskap og gi eit skredsikkert resultat, men inneber ei større konflikt med eksisterande arealbruk enn alternativ 1. Figur 8: Ny E16 på Dalegarden på austsida av Arnpro Nordvendte kryss ved Dalegarden vil gje Dale ein omveg på nokre kilometer for å koma på trygg veg mot Voss. Difor er det også vurdert løysingar aust for Dale. Alternativ Dale nord: I denne løysinga kjem ny E16 frå Dalegarden ut av tunnel under dagens E16 like nord for Dale. Traseen føl dagens jernbanelinje nordover til denne går inn att i tunnel litt lenger nord, om lag der jernbanelinja i dag går inn i tunnel mot aust. Rampe frå nord (Voss) dreg av og inn under dagens E16 i dagsona og går i sving i tunnel mot ei ny rundkøyring på dagens veg. Rampe frå Dale tek av frå ei anna rundkøyring litt nærare Dale og legg seg ned i den gamle jernbanetraseen før den legg seg inn mot ny E16 som kjem ut frå Dalagarden. Kor store fråvik for sikt mot tunnelportalar som må gjevast avheng av vidare detaljutforming. Løysinga set som føresetnad at jernbanen er lagt om i ny trase før krysset kan byggast. Plasseringa av krysset er god i høve til Dale som målpunkt, men det kan verte utfordrande å oppnå ei tilstrekkeleg skredsikker løysing. Påhoggsområda vert liggjande i skredutsett terreng, der dagens E16 ligg. Det vil og by på utfordringar å oppnå skredsikre løysingar for veg i dagen. Løysinga har likevel ei så god trafikal lokalisering, at den ikkje bør skrinleggast før det er arbeidd meir med detaljering. n:\516\38\5163899\5 arbeidsdokumenter\56 silingsrapport\notat stanghelle-dale. skisserte løysingar for veg og jernbane.docx Side 5 av 7
Figur 9 Skisse av mogleg kryssløysing mellom ny og gammal E16 like nord for Dale Figur 10 Illustrasjon av skisse til kryssløysing vist i figur 9. n:\516\38\5163899\5 arbeidsdokumenter\56 silingsrapport\notat stanghelle-dale. skisserte løysingar for veg og jernbane.docx Side 6 av 7
Alternativ Dalseid: Kryssløysing i dagen på jordet ned mot Dalseid, har store utfordringar med skredfare i høge fjellsider. Vist påhoggsområde kan ikkje tilrådast på grunn av skredfare i byggefasen, men detaljering på utforming med lågare dimensjonerande fart kan opna for løysingar. Ustabil leire i grunnen gir også utfordringar med omsyn til fundamentering. Krysset ligg her i eit område med færre bustader, men vidare detaljering må avdekke om løysinga er mogleg. Krysset krev ikkje fråvik frå vegnormalkrav. Figur 11: Illustrasjon av skissert nordvendt kryss ved Dalseid Felles kommentar: Alle kryssalternativa omtala ovanfor er teikna med utgangspunkt i dimensjonerande fart 110 km/t, før standard for vegen var fastlagt. Undervegs i planprosessen vart det definert frå vegdirektoratet at 90 km/t skulle vera dimensjonerande fart. Det er ikkje arbeidd vidare med kryssutforming etter at standardkravet vart fastlagt. I vidare arbeid må difor alle skisserte løysingar for vegkryss optimaliserast for dimensjonerande fart 90 km/t, noko som kan gjere det lettare å innpasse kryssa betre til omgjevnadene og skredsikring. Norconsult AS 19.05.2017 n:\516\38\5163899\5 arbeidsdokumenter\56 silingsrapport\notat stanghelle-dale. skisserte løysingar for veg og jernbane.docx Side 7 av 7