Mellom tanke og tru //]]]]> // ]]>

Like dokumenter
Å løyse kvadratiske likningar

Paul Ricoeur //]]]]> // ]]>

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Refleksjon og skriving

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

S1-eksamen hausten 2017

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Læreplan i klima- og miljøfag

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Elevundersøkinga 2016

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Til deg som bur i fosterheim år

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing


Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

1T eksamen hausten 2017 Løysing

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Oppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Konklusjon for 4 grupper

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Biletbruk på nettet 1 2

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

2. Vi prøver å få oversikt over kven som er involverte i konflikta.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Rike investerer grønt når dei tener på det

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Frå plan til handling

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

felles fag på 6. og 7. årssteget

Av en født forbryters dagbok

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Frå dikt til teikneserie

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Bestått Tilfredstillande måloppnåing i faget

6-åringar på skuleveg

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Jon Fosse. For seint. Libretto

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Møtet blei halde som fjernmøte over telefon / som fjernmøte med videooverføring / i retten sine lokale.

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

mmm...med SMAK på timeplanen

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Årsplan KRLE 9. trinn

FORSLAG TIL INTERVJUMAL. Tilskuddsamling 12.januar 2016

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Journalføring av epostrekkjer

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

8.trinn. Formål med faget:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Transkript:

Mellom tanke og tru // //]]]]> // ]]> BOKOMTALE: I si nye bok avdekkjer Kathrin Messner samanhengar mellom Paul Ricoeur sitt liv og verk, i søken etter trua sin plass i tenkinga hans. Resultatet er ei bok kor dei strukturelle vendingane er vel så viktige som materien. Av Alexander Myklebust Oppgåva Messner har teke på seg med boka Paul Ricæurs biblische und philosophische Hermeneutik des Selbst er å undersøke korleis dei religiøse og filosofiske tankebanane til Ricoeur står i høve til kvarandre. Messner viser korleis sjølvet står i ei stadig spenning mellom tanke og tru i Ricoeur sine bibelske og hermeneutiske utleggingar. Dette kan ikkje berre forståast som ei filosofisk innsikt, men blir også reflektert i den «schizofreni» han opplevde som rasjonell filosof på den eine sida, og personleg kristen på den andre. 1 / 6

Boka har ei kort innleiing og 5 kapittel. Det første kapitlet, «Der Philosoph als Theologe», gjev eit overblikk over Ricoeur sitt liv og arbeide i samanheng med kvarandre. Etter dette tar drøftingane utgangspunkt i konkrete tekstar Ricoeur skreiv i perioden 1986-1995. I femte og siste kapittel, «Parfaitement raisonnable?!» («Fullstendig fornuftig?!»), blir det trekt ein boge tilbake til det første kapitlet. Med det blir tematikken om korleis livet (det etiske i mennesket) og tanken (det fornuftige i mennesket) hos Ricoeur står i høve til kvarandre konstruktivt framstilt i lys av både personen og filosofen Paul Ricoeur. Ei slik strukturering fungerer godt i dette tilfellet fordi det opnar for å drøfte de meir tekniske sidene ved hermeneutikken i hovuddelane av teksten utan stadig å trekke inn biografiske detaljar, på same tid som det blir klårt kva det var som stod på spel for Ricoeur. Messner si utlegging har ein nokså særeigen struktur på fleire måtar, som ser ut til å spegle visse sider ved Ricoeur sin dialektiske tenkjemåte. I tillegg har ho valt å gjere dei tekstlege drøftingane sine i ein omvendt kronologisk rekkjefølgje. Framfor å forsøke å finne eit rettlinja resonnement bør boka altså sjølv lesast som ein form for dialektisk hermeneutikk, kor strukturen og tenkinga sine vendingar er vel så viktige som materien. Bi-bli-ografi Det første og mest påfallande grepet Messner har gjort er altså å trekke inn biografiske moment inn i lesingane sine, eit grep ho omtalar som «bi-bli-ografi». Med tanke på at Ricoeur sjølv såg livet og arbeidet sitt som eitt synast dette ved første augekast å vere eit potensielt fruktbart grep frå Messner si side. Messner peiker på at då Ricoeur sin fjerde son, Olivier, tok sitt eige liv i 1986 fekk det djuptgripande innverknad som tvang fram ein nærare kontakt mellom tanke og tru, som filosofen tidlegare hadde heldt åtskilt. Denne hendinga fall saman med at Ricoeur allereie var i ferd med å gjere ei vending mot sjølvet i filosofien. Messner legg altså opp til, med støtte i Ricoeur sin intellektuelle sjølvbiografi, å vise at det på denne tida skjedde ei viktig endring i kva Ricoeur ville med det hermeneutiske prosjektet sitt, som han fram til då hadde vore prega av polemikk med ulike 2 / 6

filosofiske posisjonar. No vart det viktigare å finne løysingar i form av samtykke og samforståing. Etter den nemnde sjølvbiografien er dei andre tekstane Messner drøftar Amour et justice/liebe und Gerechtigkeit (som vart publisert i ei fransk og tysk parallellutgåve) og dei såkalla Giffordførelesingane som danna grunnlaget for boka Oneself as Another. Eit særtrekk som gjer Amour et justice til eit høveleg utgangspunkt er at dette er den staden kor Ricoeur verkeleg let filosofen og trua kome i tale med kvarandre. Messner set fram tesen at i Amour et justice står rettferd til kjærleik slik filosofien står til teologien i Ricoeur si tenking. Det tredje tekstgrunnlaget Messner nyttar er også henta frå «Gifford-førelesingane», men då dei delane som er meir retta mot teologi, enn filosofi, og som vart utelatne då Ricoeur omarbeidde førelesingane til Soi-même comme un autre i 1990 (den engelske utgåva Oneself as Another kom ut 1992). Dialektikk og poetikk Messner byggjer lesinga si i stor grad på å undersøke dialektikken i Ricoeur si hermeneutiske tenking. Faktisk kan det virke som ho tar dette så på alvor at ho sjølv nyttar den same dialektikken i sine eigen drøftingar om Ricoeur. Det vil seie at den dialektiske strukturen som finnast «internt» i Ricoeur sine skrifter, også blir grunnlaget for tolkinga av Ricoeur si utvikling som filosof og korleis ulike, elles uavhengige, tekstar blir lest i lys av kvarandre. Det at drøftingane av dei ulike enkelttekstane er lagt opp i ein omvendt kronologisk form, kor den nyaste teksten, Ricoeur sin sjølvbiografi frå 1995, set grunntonen gjer at prosjektet i stor grad står og fell på Ricoeur sin eigen oppfatning av utviklinga filosofien hans gjekk gjennom i den aktuelle perioden. Det er mykje som tyder på at dette utgangspunktet har vore med på å forme både måten Messner har strukturert utleggingane av bestemte tekstar og biografiske hendingar, og kva slags tyngde dei har fått. Sjølv om denne taktikken i det store og heile har ført fram til interessante resultat i Messner sitt prosjekt, betyr det ikkje at det er dette tolkingsgrunnlaget som bør ligge til grunn for ei 3 / 6

kvar Ricoeur-eksegese. Det er jo ikkje utenkeleg at det finnast sider ved Ricoeur sine tekstar som han sjølv er for nær til å få skikkeleg auge på, eller at han tillegg tekstane sine ein felles indre logikk eller koherens som kan ved nærare ettersyn kan vise seg å vere mangelfullt. Her kan ein altså lure på kor teneleg det er at sjølvbiografien har fått ein såpass autoritativ status i Messner si utlegging. Når dette likevel er gjort er det verdt å merke seg nettopp kva sider ved tolkinga hennar dette har mest å seie for. Det mest avgjerande synast å vere fokuset på å tolke hermeneutikken først og fremst ut frå ein dialektikk som Ricoeur i retrospekt påpeikte var der. Noko av det som kjenneteikner Ricoeur sin dialektikk er at han ikkje går mot noko «Absolutt», slik som dei tyske idealistane sin dialektiske tenking gjer. Mennesket når aldri opp til eit stadium kor sjølvmotseiingane og konfliktane blir forløyste. I tillegg ligg det hos Ricoeur stadig til grunn eit problem eller spørsmål av aporetisk art som ikkjevil forsvinne verken ved hjelp av tanke eller handling. Messner innfører eit generelt skjema som ho etter kvart brukar for å klargjere korleis dei ulike elementa i tenkinga er dialektisk strukturert i høve til kvarande på ulike stader i Ricoeur si tenking: 4 / 6

// //]]]]> // ]]> Messner tar med seg skjemaet vidare og brukar det som eit verktøy for å vise korleis denne strukturen gjennomsyrer heile Ricoeur sin hermeneutikk om sjølvet. Dette har mellom anna den fordelen at det blir lett å henge med i ein nokså teknisk komplisert tekst, men på den andre sida kan ein spørje seg om kor mykje vekt ein skal legge på denne forma, utan at det heile rett og slett blir for skjematisk. Det kan nemleg sjå ut som om at det Messner kan presentere ut frå dei «dialektiske» skjema som ho teiknar opp utover i boka ender opp med å nettopp ikkje føre fram til noko anna enn ein enkel og lite forklarande kombinasjon av dei to sidene som i utgangspunktet står i konflikt med kvarandre. Det mest påfallande eksempelet i så måte er skjemaet vi finn på side 238 kor vi kan lese at på det første nivået står Sjølvet og Gud mot kvarandre, medan det på det andre nivået er ein dialektikk mellom Sjølvet og Gud. Dette kan rett nok vere greitt nok som reint deskriptivt når det kjem til å skildre akkurat kva som er tema for den dialektiske tenkinga på ulike stadar i Ricoeur sine tekstar, men det seier oss lite om kva denne dialektikken fører til, og kva særeigne innsikter den fører Ricoeur fram til. I Messner si utlegging står Ricoeur si tenking fram som bygd opp av stadig mindre fraktalar; jo nærare ein går tekstane hans i saumane vil det vise seg at den treledda overordna strukturen går igjen, også i detaljane. Med Ricoeur sin påstand om at han oppdaga ein treledda struktur i sine tidlegare verk, går Messner Amour et justice, Gifford-førelesingane og Oneself as Another etter i saumane for å avdekke korleis denne strukturen gjennomsyrar heile verket. Faren ved å tolke eit verk på denne måten, er at ein kan ende opp med å presse på tekstane ein struktur som ikkje eigentleg finnast der. Samtidig som det kan vere gode grunnar for å tolke den generelle oppbygginga av Oneself as Another i den treledda strukturen, blir eg stadig meir usikker på kor godt motivert dei stadige forsøka å finne den same strukturen inne i eit kvart tekststykke og elles overalt i argumenta og drøftingane Ricoeur legg fram. Som Messner også er inne går Ricoeur si tenking ofte innom omvegar for å kome frå til noko som ein ikkje kan nå umiddelbart. Ikkje minst er dette tilfelle i Oneself as Another kor Ricoeur tillet seg å gå i dialog med svært mange ulike filosofar og filosofiske posisjonar for å finne ulike måtar å tenkje om sjølvet på. Å systematisere tenkinga som går føre seg der er risikabelt med tanke på at studiane hans ikkje siktar mot å vere fullstendig uttømmande eller tilstrekkelege for å kome fram til eit endeleg svar, noko vi har sett Messner sjølv trekke fram med orienteringa vekk frå den polemiske hermeneutikken, og at det som først og fremst sameiner dei er ein generell tematisk slektskap, meir enn ei systematisk oppbygnad som fører fram til ein klår konklusjon. Som regel i dialektisk tenking er jo ikkje målet å addere saman to sider av ei sak og av det få summen av delane, men heller å finne spenningar, og korleis desse fører fram til noko som er kvalitativt forskjellig frå delane. Gud som for- og sluttstadie 5 / 6

Powered by TCPDF (www.tcpdf.org) Salongen I det siste kapitlet utvidar Messner den dialektiske tankefiguren. Dette skjer ved innføringa av eit «forstadie», kor Gud er representert. Hos Ricoeur er Gud og heile den religiøse/teologiske dimensjonen uutgrundeleg frå eit filosofisk standpunkt, men fordrar eit eige språk ved sidan av dei vitskaplege og filosofiske språkspela. Der filosofen søker å finne svar på eit spørsmål vil teologen ha eit svar på eit rop til Gud. Gud står utanfor det som let seg forstå og forklare, og av den grunn er både den filosofiske og bibelske hermeneutikken til Ricoeur ikkje av teologisk art, men fullstendig fornuftige, påpeiker Messner. Like fullt er det for Ricoeur slik at det menneskelege sjølvet ikkje berre er fornuftig, men har også etiske og religiøse og sosiale dimensjonar ved seg som filosofien ikkje åleine kan uttømme. Den utvida tenkefiguren som blir innført med det teologiske ropet pakkar inn den treledda strukturen vi har sett tidlegare. No finnast det også eit nivå for det som berre er mogleg for Gud, altså for det vi berre kan overlate til tru og håp. Såleis endar Messner opp med ei framstilling av religion og tenking i Ricoeur si tenking kor filosofien og teologien ikkje blir plassert inn i den same typen dialektikk som tenkinga sjølv, men kor det fornuftige blir plassert inn i ein større menneskeleg og religiøs og aporetisk samanheng. 6 / 6