Styremøte i fotballgruppa i Kvernbit 5. juni 2017 REFERAT I.L. Kvernbit Fotball Møtedato: måndag 5. mai 2017 Møtetid: 11:00-14:00 Til stade: Gunhild Heldal, Gina Blomberg, Eirik Sagstad, Ida Hartveit, Tom Eirik Albrechtsen, Jan-Otto Natland og Atle Haugen (ref.). Neste møte: Ikkje fastsett. Saksliste Sak 22/17 Møte med sportsleg utval... 2 22.1 Trenarrettleiing... 2 22.2 Dommarutvikling... 2 22.3 Fair Play... 2 Sak 23/17 Status barnefotball... 2 Sak 24/17 Status ungdomsfotball... 2 Sak 25/17 Status jentesatsing... 2 Sak 26/17 Status Kvalitetsklubb... 3 Sak 27/17 Status samtaler med NHIL... 3 Sak 28/17 Fotografering... 4 Sak 29/17 Vi heier på Norge... 4 Sak 30/17 Voss Cup... 5 Sak 31/17 Eventuelt... 5 1
Sak 22/17 Møte med sportsleg utval Det sportslege utvalet bad i møtet av 12.02.2017 om eit møte med fotballstyret. Styret, på si side, ønskjer å høyre meir om mellom anna: 22.1 Trenarrettleiing Utsetjast til neste møte, då Frank Ove ikkje hadde høve til å møte. 22.2 Dommarutvikling Jan-Otto informerer om dommararbeidet i klubben. Vi har i år fått fire nye rekrutteringsdommarar, den siste tar kurset til helga, 9.-11. juni. Dette er veldig positivt. For å unngå bøter frå NFF Hordaland, er det viktig at vi har minimum éin dommar (rekrutteringsdommar eller autorisert) som dømmer meir enn femten kampar i året per tre lag i ungdoms- og seniorfotballen. I fjor var vi to, og fekk kr 3000 i bot, i år er vi seks stykk, og vil unngå bøter, og til og med få ei belønning på inntil kr 3000. Vi har i år påmeldt 13 lag i ungdoms- og seniorfotballen. 9.-11. juni vert det òg arrangert eit eige dommarkurs for jenter. Her hadde vi tre kandidatar, som av ulike grunner ikkje hadde høve denne gongen, men vi håpar at dei kan ta rekrutteringsdommarkurset i løpet av året. Klubbdommarkurs før Kvernbit Cup er bestilt til måndag 21. august 2017. Informasjon om dette må ut før sommarferien. Ansvar: Jan-Otto. 22.3 Fair Play Utsetjast til neste møte då John Martin ikkje hadde høve til å møte, men styret ønskjer å utfordre Fair Play-utvalet på å legge ein plan for fair play under Kvernbit Cup, inkludert opplegg for cupvertar. Sak 23/17 Status barnefotball Tom Eirik orienterte om arbeidet med barnefotballen. Det leggjast opp til ein kick-off for J10-12 den 19. august, med prominent tidlegare fotballspelar som lokkemiddel (G.E.). Sak 24/17 Status ungdomsfotball Gunhild orienterte om arbeidet med ungdomsfotballen. Sjå Sak 25/17. Mange av dei same momenta går att i ungdomsfotballen. Sjå òg Sak 27/17. Sak 25/17 Status jentesatsing Ida orienterte om arbeidet med jentefotballsatsinga. Styret ønskjer eit tettare samarbeid med NBK og Eikanger, og vi har tidlegare fått signal frå NBK at dei ønskjer dette. Vi vil difor ta initiativ til eit møte med NBK og Eikanger for å betre samarbeidet. Vi 2
ser at for mange sluttar i overgangen til ENK. Vi ønskjer òg å vurdere eit ENK-samarbeid for J17. Gina tar kontakt med Erlend, Arild og Tine i NBK for å få i stand eit slikt møte. Ida og Gunhild planlegg eit arrangement/føredrag om kosthald for jentene i klubben (J13-ENK), i haust. Dei skal finne ein dato for dette føredraget, og sende ut invitasjon over sommaren. Fokus på rekruttering. Ida ønskjer å gjennomføre ei spørjeundersøking der ho vil nå ut til både dei som spelar og dei som ikkje spelar fotball i dag. Vi vil òg vurdere ei «ta-med-ei-veninne»-kveld. Vi ønskjer òg å sjå på moglegheitene for å ha eit B-lag på kvinnesida, slik vi har hatt stor suksess med på herresida denne sesongen, der dei no tel 38 spelarar. Dette har vore prøvd ut tidlegare, seinast for eit par år sidan, utan så alt for stor lukke. Det krev stor og iherdig innsats frå einskildpersonar for å få dette opp og gå. Sak 26/17 Status Kvalitetsklubb Jan-Otto informerte styret på den vidare framdrifta. Årleg møte blir i september. Det skal lagast rolleskildring på to nye roller: kvalitetsklubbansvarleg og fair play-ansvarleg (dette er roller som er i funksjon, så det er berre å få dette ned på papiret). Dette jobbar Jan-Otto og John Martin vidare med. John Martin (via e-post i førekant då han ikkje kunne møte) utfordra styret til å setje seg inn styringsdokumenta (klubbhandbok, sportsplan m.m.) i løpet av sommaren, og kome med forslag til endringar. Det er viktig føre det årlege møtet at vi har arbeidd vidare med dokumenta og kan syne til framgang. Det vil bli planlagt eit eige styremøte til å handsame desse dokumenta, visjonar, verdiar og strategiar. Det var òg føreslått å lage eigne årshjul for einskildlag, og tydelege årshjul i samband med rolleskildringane, til dømes at påmelding og planlegging for den og den sommarcupen skjer på det og det tidspunktet osb. Kanskje kan vi òg få inn noko om team building for trenarar og lagleiarar på einskildlag? Sak 27/17 Status samtaler med NHIL Bakgrunn: Nordre Holsnøy og Kvernbit har teke initiativ til å sjå på samanslåing av idrettslaga. Tidlegare i vår skreiv vi ein avtale om samarbeid i fotballen. Forslag frå NHIL om å setje ned ei arbeidsgruppe som arbeider vidare om følgjande to punkt: 1. samanslåing av ungdoms- og seniorfotballen i løpet av 2017, oppstart i 2018 2. Samanslåing av heile idrettslaga i 2019. Denne arbeidsgruppa hadde møte 31. mai. Frå Kvernbit møtte John Martin Jacobsen, Rune Brakstad, Eirik Sagstad, Gina Blomberg og Atle Haugen. Det var stort sett semje om at vi har eit problem i ungdomsfotballen, der vi i dag og dei seinaste åra ikkje har vore i stand til å tilby eit tilfredsstillande og føreseieleg tilbod i ungdomsfotballen på gutesida, på eige hand. På jentesida har ENK-samarbeidet vore føreseieleg. Nordre Holsnøy slit med det same. Samarbeidsavtala som vart signert før sesongen i år, der vi er samde om å samarbeide på alle laga frå G14-G19, løyser ikkje problemet full ut under det gjeldande regelverket til NFF, der ein 3
berre tillèt eitt samarbeidslag. I somme klassar er vi for få til å stille kvar våre lag, men for mange til å berre ha eitt lag saman. Styret ønskjer at vi går i dialog med NFF Hordaland for å spele ballen over til dei til å føreslå ulike løysingar på dette problemet. Vi trur per i dag at det ikkje er ein god idé å haste inn i ei samanslåing, men heller arbeide for andre moglegheiter på kort sikt og eventuelt ei full samanslåing på lengre sikt. Skal ein full samanslåing lukkast, er vi avhengige av å bruke tid, slik at vi får gjennomført dei prosessane. Det vart òg peikt på at vi har stor tilvekst i vår krins av kommunen, og Kvernbit burde kunne klare å halde på fleire spelarar. Faktum er at vi ikkje har klart det over tid, og det er derfor denne diskusjonen har kome opp. Vi ser at vi er svært avhengige av engasjerte einskildpersonar som evner å følgje laga og ungane opp. I nokre årskull ser vi resultata av dette, medan andre årsklassar forsvinner. Det vart diskutert tiltak som team building både for trenarar og spelarar, for å halde både på trenarar og spelarar. Medan vi avventar noko på avklaring med NFF, planlegg vi i mellomtida den sportslege biten på den ideelle måten, som om Kvernbit og Nordre Holsnøy var éin klubb, og så får vi løyse den administrative biten på eitt eller anna vis. Sak 28/17 Fotografering Først interne kommunikasjonsproblem i Kvernbit gjorde at vi avlyste første veka med fotografering, og så hadde Foto-Expressen interne kommunikasjonsproblem hos seg, som gjorde at vi måtte avlyse neste veke med fotografering. Vi har no fått nye datoar: Tysdag 13. juni Torsdag 15. juni Måndag 19. juni Onsdag 21. juni Ida lager nytt oppsett (kan i stor grad byggje på det eksisterande), inklusiv oversikt over ansvarleg frå styret, og sender ut til dei laga det gjeld. Gina tar kontakt med NBK og koordinerer for å få til eit bilete med ENK. Jan-Otto får til å samle alle dommarane til eit bilete. Sak 29/17 Vi heier på Norge Prosjekt for Kvalitetsklubbar i regi av NFF. Kort fortalt: Vi får støtte kr 100 per person som stiller på Ullevål under landskamp, eventuelt kan vi samle klubben sine medlemmar føre ein storskjerm, og sende inn bilete og få kr 100 per person. Krev ein eller fleire ambassadørar. Dette må vi melde inn til NFF. I styremøtet 3. mai vedtok styret å invitere til pølsefest i Meland Aktiv 10. juni, i samband med landskampen mot Tsjekkia. Invitasjon er sendt ut per e-post til alle medlem og ei facebook-hending oppretta. Organisasjonskomiteen beståande av Eirik, Gunhild og Gina skal stå for gjennomføringa av arrangementet. Styret vedtok òg at det laget med størst oppmøteprosent får ein pizzakveld før eller rett over sommaren. 4
Sak 30/17 Voss Cup Grethe ønskjer seg hjelp til organiseringa av grillinga under Voss Cup. Dei av styremedlemmane som skal til Voss Cup, organiserer innkjøp til og gjennomføring av grillinga under Voss Cup. Desse sørgjer òg for å ta med flagg, seil og banner til Voss. Tom Eirik koordinerer med Grethe. Atle finn fram til tidlegare sendt e-post om retningslinjer vedr. grilling og arrangement på sommarcupar. Vi oppfordrar òg til å ta bilete, og sende til Eirik som kan legge ut på nett. Sak 31/17 Eventuelt TINE Fotballskole. TES har kontroll. Ida hjelper gjerne med lister. Fotballstyret må òg sørgje for å rydde etter sommarfesten laurdagen før fotballskolen. Juletresal. Planlegginga bør setjast i gang. Atle snakkar med TES om dette. Oppstart for 2011. Vi bør starte på planlegginga her, og ha det i mente. Kvernbit Cup. Også her bør vi få til eit møte før sommarferien. Ida sender ut mal med dugnadslister, og satsar på å få tilbakemelding, ferdig utfylt før ferien. Gina sender ut påminning til laga. Per i dag 56 påmeldte lag. Tom Eirik tar ansvar for kiosken, og koordinerer med Grethe ang. Bestillingar før ferien. Vi bør få til eit møte innan eit par vekers tid. Atle Haugen, 3. juni 2017 5