Osterøy kommune ÅRSPLAN 2014-2015. Lonevåg barnehage. Saman får me verda sine viktigaste verdiar til å veksa



Like dokumenter
Osterøy kommune ÅRSPLAN Lonevåg barnehage. Rom for alle blikk for den enkelte. Saman får me verda sine viktigaste verdiar til å veksa

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Informasjonshefte Tuv barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Sandeid skule SFO Årsplan

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

FELLES VIRKSOMHETSPLAN FOR BARNEHAGENE I SALTDAL KOMMUNE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Månadsbrev for Rosa september 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Månadsbrev for ROSA mars 2015

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Årsmelding for Urhei barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Plan for overgangar. for barn og unge

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Øystese barneskule April - 08

KOMMUNAL ÅRSPLAN

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Bærekraftig utvikling

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Månadsplan for Hare November

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

SAMARBEID HEIM OG SKULE

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Leikande, glade barn og natur hand i hand

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

ÅRSPLAN Haus barnehage. Osterøy kommune

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Vi lærer om respekt og likestilling

Velkomen til Mork barnehage

Psykologisk førstehjelp i skulen

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD


Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Foreldre ved Ål ungdomsskule

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kvalitetsplan mot mobbing

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Transkript:

ÅRSPLAN 2014-2015 Osterøy kommune Lonevåg barnehage Saman får me verda sine viktigaste verdiar til å veksa

Innhald INNLEIING, VISJON OG VERDIAR....2 1 SATSINGSOMRÅDE.....3 - barn sin trivsel vaksne sitt ansvar 3 - tidleg innsats... 3 2 DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING...4 - Danning. 4 - omsorg 4 - leik. 5 - læring.. 6 3 MEDVERKNAD...7 4 DEI 7 FAGOMRÅDA 7 - kommunikasjon, språk og tekst..8 - kropp, rørsle og helse...8 - kunst, kultur og kreativitet..8 - Natur, miljø og teknikk...8 - Etikk, religion og filosofi 8 - Nærmiljø og samfunn.8 - tall, rom og form 8 5 KULTUR OG TRADISJONAR I BARNEHAGEN....9 6 SAMARBEID MED HEIMEN... 10 7 - OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE... 11 8- PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING 12 1

INNLEIING Lonevåg barnehage er ein kommunal 5 avdelings barnehage. Barnehagen har 3 avdelingar med barn frå 3-6 år og 2 avdelingar med barn frå 1-3 år Denne årsplanen er Lonevåg barnehage sin arbeidsreiskap. Den skal visa kva me legg vekt på og ynskjer å jobba etter. Den er todelt med ein felles del for heile barnehagen og ein del som er særmerkt for kvar avdeling. Årsplanen skal fastsetjast av samarbeidsutvalet og den skal reviderast kvart år. Det vil på kvar avdeling koma ut månadsplanar med plan for kommande månad og eit månadsbrev som fortel om kva som har skjedd i månaden som har gått. Her vil innhaldet vera meir konkret. VISJON OG VERDIAR Osterøybarnehagane sin visjon er: Saman får me verda sine viktigaste verdiar til å veksa I Lonevåg barnehage legg me vekt på anerkjennande kommunikasjon. I anerkjennande kommunikasjon er mellom anna desse verdiane viktige: Omsorg - Me vil alltid møta barn, foreldre og kollegaer med omsorg Respekt - Me skal visa respekt for kvarandre og vera gode førebilete for barna Tydeleg - Me skal vera tydelege i vår kommunikasjon for å hindra misforståingar og utryggleik Ærleg - Me skal vera ærlege mot kvarandre og alltid ha vår neste sitt beste i tankane. Å ha det me kallar vanleg folkeskikk og å vera høflege er viktige verdiar i Lonevåg barnehage 2

SATSINGSOMRÅDE BARN SIN TRIVSEL VAKSNE SITT ANSVAR For at barn skal trivast er leiken svært viktig. Me vaksne i barnehagen har eit ansvar for at barna kan utvikle seg til gode leikarar og at alle får delta i leiken. Då må vaksne opptre som det Jerome Bruner kallar «støttande stillas». Eit støttande stillas set den som vert støtta i stand til å utføre oppgåver dei ikkje klarar utan stillaset (Greenfield, sitert i Lyngsnes og Rismark, s. 65). Å fungere som et støttende stillas, handler om å gi barna den hjelpen de trenger uten å overta (Hundeide 1989). Målet er at stillaset skal kunna takast vekk og barnet skal kunna klara seg sjølv. På kvart personalmøte skal me dette året ha fagleg oppdatering om vaksenrolla. I tillegg skal kvar avdeling arbeida med venskapsbygging og gjera det dei kan for å nå målet om at alle skal ha ein ven i barnehagen. Me vaksne som arbeider i Lonevåg barnehage vil alltid vera rollemodellar for borna. Det gjeld korleis me er mot kvarandre og det gjeld korleis me behandlar gutar/jenter, store/små. Dette må me vera medvitne om og snakka om slik at me ikkje diskriminerer nokon. TIDLEG INNSATS Lonevåg barnehage ynskjer å gjera alle barn gode ut frå deira føresetnadar. Me ynskjer å sjå kvart enkelt barn, kvar dei er i utviklinga, kva dei er opptekne av og kva dei har trong for. Me vil byggje vidare på sterke sider og hjelpe dei som treng ekstra støtte. God språkutvikling er viktig i både sosiale og faglege samanhengar og vil vera noko me satsar ekstra på hjå oss. Lonevåg barnehage har ein handlingsplan for å fremje gode psykososiale tilhøve. Den seier noko om korleis me kan førebyggje mobbing, plaging og utestenging. Korleis me kan avdekke om det skjer mobbing, plaging eller utestenging, og tiltak me skal setje i verk dersom me oppdagar plaging, mobbing eller utestenging. 3

1 DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING DANNING: Danning skjer gjennom refleksjon og samhandling. Born og vaksne tileignar seg og erfarer verdiar, normer og reglar gjennom erfaring med å vera ein del av eit fellesskap og eit samfunn. Danninga skjer gjennom refleksjon rundt dette saman med andre menneske. Lonevåg barnehage vil inkludere alle i fellesskapen og leggje til rette for refleksjon i formelle og uformelle møte i løpet av ein dag. Foreldra kom mellom anna med desse innspela på foreldremøtet som me hadde våren 2014: Det er viktig at borna lærer å hjelpe kvarandre, er høflege og oppfører seg fint saman med andre born og vaksne. At dei ser at me alle er ulike men har lik verdi, at grenser er tydelege og at forventningane til borna kjem klart fram. Borna må lære å takle utfordringar og motstand, ikkje gi opp. Dei må vera hjelpsame mot kvarandre. OMSORG Det er viktig for oss at borna opplever barnehagen som ein stad der dei rundt dei er glade for å sjå dei og at personalet er fleksible og legg til rette for at borna får så mykje vaksentid som mogeleg. Me må ha gode rutinar slik at tryggleiken vert ivaretatt og leiken skjerma. Alle borna skal verta sett og forstått kvar dag. Dei skal møtast med eit smil og få ein god velkomst slik at starten på dagen vert god. Tydelege vaksne som set grenser på ein god måte har mykje å sei for at borna skal kjenne seg trygge. Legg di hand i mi hand, så er vi sterke saman. Så er vi svake saman. Så er vi saman. 4

LEIK I Lonevåg barnehage verdset me høgt den frie leiken som borna får styre sjølv. For at leiken skal få gode vilkår er det viktig at det er sett av nok tid til leik. Det er også viktig at dei vaksne er tilstades og kan støtte borna i leiken når det er trong for det. Dei vaksne kan vera deltakande eller meir passive. Det er viktig at dei vaksne i barnehagen har evne til å setje i gang gode leikeaktivitetar og gi borna nye innspel i leiken dersom det er naudsynt, vera støttande stilas. Gjennom leik kan borna få sosial kompetanse, dei lærer å respektere andre sine grenser og meiningar og akseptere at det er ulikskapar. Den gode leiken skjer både inne og ute. 5

LÆRING Vårt læringssyn er at førskuleborn lærer best gjennom leik. Difor vil me gje tid og rom til leiken samstundes som me skal støtte born som er nyfikne og ynskjer å lære meir. Det er viktig at borna opplever mestring og støttande vaksne som gir dei nye erfaringar. Gjennom forteljingar, bøker og ulike eksperiment kan me skape undring og kunnskap om korleis få ny kunnskap. Born som er rike på positive erfaringar er betre rusta for læring, born som får vere i aktivitet og bruke kroppen sin ute lærer betre, born som kan byggje venskap lærer betre. Alt jeg egentlig trenger å vite lærte jeg i barnehagen Dele med andre. Opptre realt. Ikke slå. Legg tingene tilbake der du fant dem. Rydd opp i ditt eget rot. Ikke ta noe som ikke er ditt. Be om unnskyldning når du sårer noen. Vask hendene før du spiser Skyll ned etter deg på toalettet. Du har godt av varme småkaker og kald melk. Lev et balansert liv - lær litt og tenk litt og tegn og mal og syng og dans og lek og arbeid litt mer hver dag. Ta en liten lur hver ettermiddag. Når du går ut i verden, så se opp for trafikken, hold hverandre i hendene og hold sammen Vær oppmerksom på under. Husk det lille frøet som plantes: Røttene vokser nedover og planten vokser oppover, og egentlig er det ingen som vet hvordan, eller hvorfor, men slik er vi alle sammen. Gullfisk og hamstere og hvite mus og til og med det lille frøet i boksen med skumplast - alle dør. Det gjør vi også Og husk de første barnebøkene og det første ordet du lærte - det største av alle ord - SE. ~Robert Fuglhum~ 6

3. MEDVERKNAD Personalet i Lonevåg barnehage vil gjennom å ta born på alvor og vere nærverande og lyttande vaksne gi borna medverknad på kvardagen sin. Då må me sjå kvart einskild barn og tolke det dei gjev uttrykk for på rett måte. Gjennom samtalar om det som skal skje, det som skjer og det som har skjedd vil borna få oversikt og kontroll over dagen. Dette skaper trivsel og tryggleik. Alle vaksne som arbeider i Lonevåg barnehage må vere interesserte i borna og kva dei formidlar til oss. Me må snakke med borna, ikkje berre til dei. Kor omfattande medverknaden skal vera er avhengig av alder og modning. Alle 5 åringane vert inviterte til barnesamtalar, det er naturleg at dei eldste påverkar innhaldet i barnehagen meir enn dei aller yngste. 4. DEI 7 FAGOMRÅDA Lonevåg barnehage ynskjer å ta det borna er opptekne av på alvor. Me vil difor ikkje lage ein detaljert temaplan, men ta utgangspunkt i borna sine interesser og initiativ. Me vil heile tida ha med oss fagområda som står omtalt i Rammeplanen og den kommunale årsplanen. Desse vil liggja som eit fundament for det me jobbar med. Rammeplanen deler barnehagens innhald i sju fagområde for å letta planlegging av eit variert og allsidig pedagogisk tilbod. Dei ulike fagområda skal dekka eit vidt læringsfelt, og fleire fagområde vil også vere representert samtidig i barnehagens daglege aktivitet. Me tilrettelegg lærestoff, arbeidsmåtar, utstyr og organisering med tanke på borna sine ulike behov, alder, interesser, barnegruppa si samansetnad og andre føresetnader. Me jobbar med fagområda i både formelle og uformelle læresituasjonar og gjennom prosjektarbeid. Me skal ha progresjon i arbeid med fagområda. Det som er viktig for 1-2 åringen, kan vera mindre viktig for 5-6 åringen, og omvendt. Ein eigen progresjonsplan for fagområda er utarbeida. 7

DEI 7 FAGOMRÅDA ER: Kommunikasjon, språk og tekst Lonevåg barnehage vil ha eit sterkt fokus på språk, tekst og kommunikasjon gjennom at me dagleg les for born, syng for og saman med dei, at me fabulerer og diktar og leikar med språket. Me har fleire minoritetsspråklege born som gjer at me må ha ei medvite forhold til begrepsutvikling og språklæring. Kropp, rørsle og helse Lonevåg barnehage vil leggja opp til ein dagsrytme som tar omsyn til borna sine behov for veksling mellom aktivitet og kvile. Me legg vekt på eit sunt kosthald med så lite sukker som mogeleg og me er ute kvar dag. Kunst, kultur og kreativitet Lonevåg barnehage lar borna utforska og utfalda seg med ulike materiale slik at dei kan bruka sin kreativitet. Me tar borna med på ulike arrangement på biblioteket og på Osterøy museum, og me samarbeider med kulturskulen. Natur, miljø og teknikk Lonevåg barnehage brukar nærmiljøet til turar fleire dagar for veka. Borna får oppleva skiftande årstider og all slags vær. Undring over det dei ser, luktar, høyrer og opplever er viktige delar av både turar og livet i barnehagen elles. Personalet skal også ta initiativ til og fylgja initiativ frå borna til ulike eksperiment, inne og ute. Etikk, religion og filosofi Lonevåg barnehage legg vekt på at borna skal læra seg det som vert kalla grunnleggjande folkeskikk og vite kva som vert forventa av dei. Me vil leggje opp til refleksjon over reglar og normer er i samfunnet og korleis me skal vere mot kvarandre for at alle i samfunnet skal trivast og ha det godt. Me markerer dei vanlege høgtidene og merkedagane som samfunnet rundt oss markerer. Nærmiljø og samfunn Me brukar nærmiljøet vårt til turar, når me deltek på arrangement i regi av bibliotek, musikkskule, museum eller andre og ved at me besøkjer t.d rådhuset og vaksenopplæringa. Me har kvart år elevar frå ungdomsskule og vidaregåande skule som er her i kortare eller lengre periodar. Tall, rom og form I Lonevåg barnehage skal personalet nytta matematiske omgrep som sirkel, kvadrat, rektangel m.m. Personalet skal gi borna leikeprega opplevingar med mengde, teljing, måling og romkjensle. Personalet skal nytta både planlagde og spontane situasjonar inne og ute. 8

5 KULTUR OG TRADISJONAR I BARNEHAGEN September Brannvernveke: Me høyrer på brannalarmen, øver på brannrutinar og har fokus på å gjera borna trygge i desse situasjonane. Veka vert avslutta med besøk frå brannbilen. Alt dette kjem det meir detaljar om i månadsplanen. Foreldremøte på kvar avdeling tysdag 23.9. kl 18.00-19.30 Oktober Forutaksjon. Me set fokus på born i andre delar av verda der me nyttar eit opplegg frå Forut om «Gode venner i Nepal» November Juleverkstad: Me samlast i Brakastova og byrjar på julepresangane Desember Advent: Kvar avdeling markerer advent tilpassa aldersgruppa. Felles bakedagar på huset Lucia-markering: Kvar avdeling markerer luciadagen tilpassa aldersgruppa Fellessamling: Me samlast i Brakastova til lystenning, julesongar, dramatisering av juleevangeliet, og kanskje kjem nissen. Julegraut på avdelingane. Mars Temafest: I år feirar Lonevåg barnehage 10 årsjubileum. Dette vil verte markert med ein fest for born og personale. Påskeforming: Me samlast i Brakastova og lagar påskepynt, veke 12 Foreldremøte: Felles for alle foreldre i Brakastova Påskefrukost: For foreldre og born fredag før palmesøndag, 27.04.15 Mai 13 Mai øver me på 17. Mai-tog rundt barnehagen Aktivitetsdag for alle borna på uteområdet i barnehagen. Juni Avslutningsfest for 5 åringane der foreldra vert invitert. Sumarfest for foreldre, søsken og borna i barnehagen. Det er foreldrerådet som arrangerer dette på ettermiddagen. Gebursdagsfeiring: Borna sin bursdag vert markert i barnehagen. Dei får gebursdagskrune og gebursdagssongar. Kvar avdeling har si eiga måte å markere dagen på. Det er stor stas å vera bursdagsbarn i Lonevåg barnehage! Foreldre treng ikkje å ta med noko til gebursdagsfeiringa i barnehagen Me ynskjer ikkje at de legg invitasjonar til gebursdagsbesøk heime i hyllene i barnehagen. I tillegg til dette vil dei fleste avdelingar invitere til foreldrekaffi og / eller besteforeldredag i løpet av året. 9

6 SAMARBEID MED HEIMEN Lov om barnehagar 1 seier at barnehagen skal: i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Samarbeid mellom foreldre/føresette og personalet er ein viktig del av arbeidet i barnehagen. Det er ein føresetnad for at barnehagen skal kunna byggja si verksemd på borns individuelle erfaring og utvikling. God kontakt og gjensidig informasjon er ein føresetnad for å skapa tryggleik for born og foreldre. DAGLEG KONTAKT Den daglege kontakten når borna kjem i barnehagen og vert henta er den viktigaste kontaktforma. Her utvekslar me beskjeder, idear, og anna viktig informasjon. Når barnet vert henta er målet å fortelja litt om korleis dagen har vore. Det kan nokon gongar vere informasjon som me ikkje ynskjer skal verta delt i nærvær av barnet, då er det høve til å gå i eit anna rom, ringe seinare eller be om eit møte. FORELDRESAMTALAR For born/foreldre som er heilt nye i barnehagen har me oppstartssamtale. Her utvekslar me gjensidig informasjon som kan vere viktig for at barnet skal få ein best mulig start i barnehagen. Elles vert det i løpet av året to foreldresamtalar der me utvekslar informasjon og diskuterer korleis me best kan samarbeida om barnets trivsel og utvikling. Er det trong for møte utanom dette er det berre å gje beskjed så ordnar me det. FORELDREMØTE Det vert eit haust- og eit vår foreldremøte. Foreldremøte om hausten vert eit informasjonsmøte på kvar avdeling. Det skal også veljast foreldrerepresentantar til barnehagen sitt samarbeidsutval. Foreldremøtet om våren vil vera felles for heile barnehagen og ha eit tema. I juni er det foreldremøte for dei foreldra som har barn som skal byrja i barnehagen til hausten. FORELDRERÅD Foreldrerådet er alle foreldra / føresette i barnehagen. Foreldra vel to representantar frå kvar avdeling som skal sitja i foreldrerådet sitt arbeidsutval. Av desse 10 vert det valt to representantar som sit i samarbeidsutvalet. SAMARBEIDSUTVAL Består av to foreldre/føresette, to tilsette i barnehagen og ein representant frå kommunen. styrar kallar inn og skriv referat frå møta. Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ som skal fastsetja årsplanen og ta opp saker som er viktige for barnehagen. PLANLEGGINGSDAGAR Barnehagen har 5 planleggingsdagar i løpet av året. Desse dagane brukar personalet til å planleggje og vurdere arbeidet i barnehagen i tillegg til fagleg oppdatering. Desse dagane er: 11. og 12. august 2014, 2. januar, 6. februar og 15. mai 2015 10

7 OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE I rammeplanen for barnehagar (s. 53) står det: Barnehagen og skulen er begge institusjonar for omsorg, oppseding, leik og læring. Borna kjem til å møte både likskapar og ulikskapar mellom institusjonane. Barnehagen og skulen bør gje kvarandre gjensidig informasjon om dei respektive verksemdene. Barnehagen og skulen har eit felles ansvar for at borna kan møte ulikskapane med interesse og tillit til eigne føresetnader. Det må leggjast til rette for at borna kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte, gle seg til å begynne på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehage og skulen. Me vil fyrst og fremst samarbeida med Lonevåg skule sidan det er den skulen dei fleste borna skal byrje på. Men me opprettar også kontakt med dei andre skulane som er aktuelle. Skulane vil få informasjon om kva borna har jobba med i barnehagen og særleg kva Rognebærgruppa har jobba med. Dei siste åra har me vore invitert til å vera ilag med 1. klasse nokre dagar i april / mai. Me går vegen frå barnehagen til skulen ein del, sidan dette for mange er ein del av skulevegen, og me nyttar leikeplassen til skulen i feriar og på fridagar slik at borna vert litt kjende og trygge med uteområdet der. Lærar(ar) vitjar barnehagen for å verta kjend med gruppa, og er med borna i leik og aktivitetar. Dersom foreldra ynskjer det, kan me utveksla informasjon om enkeltbarn til skulen/lærar. I mai/juni vil born og foreldre verta inviterte på førskuledagar på skulen. Dette er i skulen sin regi. Alt det me gjer håpar me kan vere med på å leggje til rette for at borna kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte og at me samtidig skaper glede og forventning til å starta på skulen. 11

8 PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING Lonevåg Barnehage er ei pedagogisk verksemd som skal planleggja, dokumentera og vurdera det arbeidet som vert gjort. Me ynskjer å vera ein lærande organisasjon som heile tida er i utvikling. PLANLEGGING Personalet i samarbeid med foreldra utarbeidar kvart år ein årsplan som legg grunnlaget for arbeidet som vert gjort i barnehagen. Årsplanen skal fastsetjast av samarbeidsutvalet. Årsplanen tar utgangspunkt i det me ser borna i barnehagen har behov for, og er opptekne av, det foreldra ynskjer me skal arbeide med og det som er nedfelt i lover og forskrifter. Årsplanen vert så utgangspunktet for at kvar avdeling lagar ein månadsplan som viser meir detaljert kva som skal skje på dei ulike avdelingane den månaden. DOKUMENTASJON Me dokumenterer arbeidet og aktivitetane våre gjennom Bilde og tekst, på ein medviten og gjennomtenkt måte Praksisforteljingar, med bakgrunn i etisk refleksjon Månadsbrev Dagleg kontakt med foreldre Det borna lagar VURDERING Arbeidet vårt skal vurderast av personalet kvar månad på avdelinga. Dersom me jobbar med prosjekt over lengre tid skal dette vurderast når prosjektet er avslutta. Me vil også i fellesskap på personalmøte / planleggingsdag vurdera kvart halvår. Det er utarbeida eit eige vurderingsskjema som skal brukast. 12